Viser innlegg med etiketten krim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten krim. Vis alle innlegg

tirsdag 29. oktober 2013

Bok: Utrygg havn av Tana French

VG gav ein femmar på terningen, og eg kan ikkje anna enn åt tru at den terningen har blitt trilla feil. Utrygg havn (Originaltittel: Broken Harbour) skulle vere ein spennande kriminalroman rost opp i skyene av alle og einkvar, og for all del, det var ein kriminalroman, men det var ein dryg kriminalroman som kunne vore langt meir spennande om French hadde kutta ned på eit par hundre sider, lagt til fleire mistenkte og ikkje hatt endelause monlogar og dialogar.

Ein familie på fire blir funne knvistukne i eit nesten aude nabolag, og berre mora er endå i live, hardt skada. Mick Kennedy får oppgåva om å løyse krimgåta saman med assistenten Richie Curran. Først kan det sjå ut til at heile saka er slik som alle andre familietragedier: Familiefaren har myrda resten av familien og til slutt seg sjølv, men så kjem det prov som peiker i ein annan retning.

Typisk kriminalroman, typisk plott, typisk bok som krimelskarar ville synes høyrtes interessant ut. No er det ein gong slik, at det finst dårlege kriminalforfattar der ute. Eg var inne og snakka med Astrid Terese på biblioteket, medan eg endå helt på med boka, og ho fortalte om eit litt kjipt møte med forfattaren gjennom ei lydbok. Eg tenkte at den gode byrjinga som boka hadde - og sjølvsagt dei par hundre sidene eg hadde lese til då - tyda på noko heilt anna enn dårleg litteratur, og eg tenkte med meg at alle forfattarar har kanskje nokre bøker som ikkje er veldig gode, og det er litt "smak og behag". Problemet var at då eg kom lenger ut i boka, var den langt frå god lenger. Den vart langdryg, heile plottet vart øydelagt og det var ikkje spennande lenger. Boka hadde verkeleg ei god byrjing. For det første vart eg veldig glad, då eg såg at boka er fortalt i første person, og i tillegg vart boka opna med tankar og refleksjonar frå ein etterforksar eg tenkte at eg kom til å like. Eg trur eg hadde tenkt akkurat det same om igjen. Hovudkarakteren er ein karakter eg kunne ha laga sjølv: Kynisk og praktisk anlagt. Mick Kennedy vil alltid velje den lettaste løysninga, og rår makkaren sin Richie Curran til å gjere det same. Kva er den enklaste forklaringa?
Boka utviklar seg på ein heller negativ måte. Det blir færre tankar og refleksjon og mest synsing, dialog og monolog. Eg trur eg vil påstå at vel hundre til to hundre sider av boka går med på å diskutere om det var noko dyr i huset til familien som vart myrda, om mannen vart gal på grunn av dyret, om kvifor ingen andre høyrte dyret og kva dyret var. Det kunne likså godt vore ei bok om eit monster under senga!

Vår alles kjære Agatha Christie skreiv kiminalromanar kor det berre var eit visst antal mistenkte, fordi det skjedde på eit avgrensa område, avgrensa tid eller det er få som har hatt moglegheit. Akkurat som Chrstie har French avgrensa det veldig, men i motsetning til Christie får det ikkje denne effekten. Snarare tvert i mot blir det kjedeleg av at det er så få mistenkte, og utanom familien er det berre nokre få andre som blir avhøyrt. Den første arresterte personen blir avhøyrt i det uendelege, og det er ektremt keisamt med spørsmål om det var denne personen eller den andre personen.
Oppi alt dette kjem òg Kennedys familiære problem inn, og dei er skildra veldig bra, og eg skulle ønske at French hadde prøvd seg på ein annan sjanger. Søstera slit veldig psykisk og meistrar ikkje livet, og Kennedy går stadig tilbake til minner frå sommrane på feriestaden Broken Harbour, som òg er der offerfamilien bur.

Eg vart òg skuffa over alt det hovudpersonen føretok seg etter som sidene vart lesne. Eg liker veldig lite å bli så irritert på hovudpersonen som eg vart no. Eg vart oppgitt over forfattaren som kunne lage ein slik hovudperson. Det er heilt fint å vere litt kritisk til korleis hovudpersonen oppfører seg, ueinig med dei i religiøse eller fundamentale spørsmål, men det å ikkje like utviklinga til karakteren og etterkvart at karakteren, som du eigentleg likte, ikkje oppfyller forventningane og absolutt ikkje forlbir den same, det var negativt.

Språkleg sett var boka bra, og utgangspunktet for plottet var veldig ordinært, men spennande og noko som abslutt kunne blitt bra hadde French meistra sjangeren. Ho beherskar språket, og ho kan det med skjønnlitterære verkemiddel, men likevel sviktar ho heilt totalt, når det gjelder sjanger og det å utvikle plottet til å bli spennande. Noko eg ikkje forstår, når det gjelder forlaget, er at dei har skrive feil fornamn på nettsida. Det kan hende hovudkarakteren heitte noko anna først, men då eg skulle sjekke at eg hugsa riktig, var det eit heilt ukjend namn på nettsidene til Cappelen Damm.

Alt i alt, ikkje les boka, og til slutt, mitt eksemplar er lånt på skulebiblioteket. 

onsdag 11. september 2013

Bok: A Darker Domain av Val McDermid

No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.

Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.

Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?

Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.

Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir "action" hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!

Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.

Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!

mandag 26. august 2013

Bok: The Mermaids Singing av Val McDermid (Tony Hill and Carol Jordan #1)

Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.

The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?

Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden  har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.

Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at "Tony Hill is pykolog with education from Manchester". No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.

På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår  mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.

Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: "Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein." I andre bøker tenkjer du: "What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren." I nokre få bøker sit du og tenkjer: "Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!" Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen  med den kjensla etter å ha lese krim.

McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar. 

torsdag 25. juli 2013

Bok: Rookie av Stein Morten Lier

Stein Morten Lier har tidlegare skrive mest krim for vaksne, men no har han òg teke til på thrillarar for ungdom. Tinius er namnet på hovudpersonen, men han blir òg kalla Rookie, som er tittelen på den første Tinius-thrillaren. Eg las boka, og eg må seie at det er ei av dei betre ungdomsromanane eg har lese dei siste åra. Krim og thrillarar for ungdommar plar ikkje alltid å vere like bra, synes eg, men denne vart eg positivt overraska over.

Tinius er ein heilt normal ungdom med litt for stor interesse i politiarbeid. Han hackar seg innpå læraren si facebook-side, og dei andre elevane oppdagar det. Jenta som avslører han, Malin, får gjennom går, for når han kjem heim hackar han seg innpå hennar facebook. Det viser seg at ikkje alt er perfekt i Malins verd, for ho er med i ei gruppe for jenter som vil bli modellar, og gruppa er danna av ein mistenkeleg mann, som kanskje ikkje vil desse jentene noko bra. På same tid går det ein mann rundt i nabolaget og lokkar jenter til seg, og Tinius byrjar å lure på om det kan vere same personen.

Det er lenge sidan eg las ein ungdomsroman. Det er første gongen i år, trur eg, og etter denne las eg endå ein ungdomsroman. Tittelen på boka, Rookie, har med hovudpersonen å gjere. Rookie tyder fersking, og det er det Rookie er i denne boka, for han vil så gjerne løyse mysteriet med mannen bak facebookgruppa og han som går rundt og lurer folk. Du kan trygt seie at etterforskinga gjekk litt over styr. Han vil gjerne klare det sjølv og vere heilt "sikker", før han seier noko til mora, som er politi. Han vil gjerne vere etterforskar sjølv, men det er jo ikkje alltid like lurt.

Boka er velskriven, og du blir godt kjent med dei ulike karakterane. Han har ein flott måte å skildre på. Eg vil tru at dette er ei bok som mange ungdommar vil like, fordi det er litt action og mykje ungdommar kan kjenne seg igjen i. Det er ei slik bok som eg trur eg ville ha lese høgt i norsktimen. Den er ei slik bok eg ville anbefalt gutar på ungdomsskulen, fordi det er ikkje meir enn 150 sider, den er lettlesen og bokastavane er i vanleg storleik. Nokre, som les sjeldan, vil kanskje nøle litt, sidan det er over heile hundre sider. Puh, altså, det er mange! For nokre på ungdomsskulen.
Det er bra språk i heile boka, men eg kunne tenkt meg at saka var litt meir vanskeleg å oppklare. Eg klarte det veldig fort, men så har eg lese mykje krim. Det er ein alvorleg ungdomsroman, fordi det er om overgrep og ungdommar i ein sårbar aldar. Eg synes ikkje at det passa så godt til eit mysterium eit barn kunne ha løyst. Til og med frøken Detektiv-mysterie er meir vanskeleg å løyse.

Eg kjente ikkje at eg kunne identifisere meg så mykje med hovudpersonen, men eg trur mange andre vil gjer det, og det er ein stor styrke. Fleire gutar vil nok kjenne seg igjen i Tinius. Han er energisk, har konkurranseinstikt og liker action. Samla sett var boka ei eg vil anbefale alle lærarar å lese for elevane på ungdomsskulen, og eg vil anbelfale alle bibliotekarar på ungdomsskular å anbefale denne vidare

Lier skal òg gi ut fleire bøker i serien, og dei skal eg heilt klart lese!

Her er eit intervju med forfattaren:

tirsdag 16. juli 2013

Bok: The Vanishing Point av Val McDermid

Eg veit ikkje kor mange av dykk som har høyrt om den skotske forfattaren Val McDermid. Eg hadde i alle fall ikkje høyrt om henne, før eg såg eit intervju med henne i Stavanger Aftenbladet rett før påske. Likevel for dei som ikkje veit kven ho er, her er ein kort presentasjon:
Val McDermid debuterte med Report For Murder i 1987, som vart første bok i serien om den lesbiske journalisten Lindsay Gordon. Etter det skreiv ho fire bøker til i serien, før ho laga serien om privatetterforskaren Kate Brannigan, og så ein om psykologen Tony Hill og politietterforskar Carol Jordan. I tillegg har ho skrive fleire enkeltståande krimbøker, som til dømes The Vanishing Point, som kom ut på norsk i 2013.

The Vanishing Point har eit fargerikt omslag, og spesielt ein setning utmerkar seg:
It's every parent's worst nightmare...
Ein kan jo lure på kva det er, for bakpå omslaget står eit lite utdrag frå boka:
For a split second, Stephanie couldn't believe what she was seeing. The man was leading a complian Jimmy away from the security area towards the concourse.
"Jimmy," she shouted. "Jimmy, come back here." Her voice rose in pitch but it was deadened by the Perspex enclosure.
Neither the man nor the child broke step. Stephanie banged on the side of the box.
"My kid," she shouted. "Someone's taken my kid." 
Stephanie og Jimmy er på veg gjennom tryggleikskontrollen i Chigago, når ein framand mann går opp til Jimmy og fører han bort frå området. Det har de sikkert forstått allereie, og allereie då er lesaren inne i historia, for den frykta som Stephanie kjenner er godt skildra, og lesaren vil - om ikkje kjenne seg igjen i situasjonen - kanskje kjenne seg igjen i den lammande frykta. Det er ikkje kvar dag at nokon leier bort barnet ditt heilt utan vidare, og grunnen har ei historie. Stephanie må fortelje til agent Vivian McKuras om hennar og Jimmy bakgrunn, for kva kan ligge i forsvinningsnummeret? Kven vil dei vondt? Og det er her den verkelege historia byrjar, den som gjer at lesaren har tapt og må lese vidare, for McDermid skriv på ein slik måte at det er umogleg å legge frå seg boka, når den verkelege historia først har byrja. Det ser ut til at Stephanias i venskap med Scarlett Higgins, tidlegare TV-stjerne, kan ha noko å seie for forsvinninga, men kva?

Eg vil seie at boka ikkje berre er ein kriminalroman, men òg ein psykologisk thriller. Måten mysteriet blir nøsta opp på er unikt. I dei fleste kriminalromanar er det politiet eller journalisten som har hovudrolla. Her er det Stephanie som er ramma, og det er ikkje gjennom eiga etterforksing, men gjennom historia ho fortel at politiet får hint til kva som kan ha skjedd. McDermid snur og venner på alt. Lesaren kan tru han har ei lita aning om kva som skjer, men så kjem det eit vendepunkt som gjer at lesaren plutseleg ikkje har peiling på kva som kan ha skjedd. Då eg trudde eg byrja å forstå kva som hadde skjedd, og såg konturane, vart eg likevel overraska. McDermid veit korleis ho skal gjere lesaren skremt, rørt, glad og veldig, veldig forbausa og overraska.

I mange andre kriminalromanar slutta mange kapittel med eit nytt hint som gjer at lesaren byrjar å forstå at no kan snart gjennombrotet komme. Her sluttar kapitla med ein ettertanke eller eit spørsmål, som peikar litt framover mot kva som skal komme og som får lesaren til å lure veldig på kva Stephanie eigentleg meiner. Eg syntes det var noko som styrka boka veldig og gjorde ho endå betre. McDermid er ei som veit korleis ho skal formulere seg. Ho kan skrivekunsten til gagns og brukar både humor og alvorlege hendingar for å fenge lesaren. Dette er ikkje berre ei spennande krimbok, men òg rørande som tek opp større spørsmål enn berre kven som har gjort det. Til dømes: Kor mykje er eit venskap verdt? Kor langt strekker foreldrekjærleiken seg? Kva har fortida å seie for notida? Kva kan kjendisstatusen gjere med ein person. Fremst i boka er eit temmeleg treddande sitat av Oprah Winfrey:
If you come to fame not knowing who you are, it will define you.
Eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir, i frykt for å røpe alt for mykje. Boka er på 434 sider (den engelske versjonen), og når du først har starta, går det raskt å lese henne ut. Eg sat på flyplassen i Nice heile natta og las. Det er vanskeleg å sovne på ein flyplass på harde stolar, men eg var endå lengre frå å sovne, då eg byrja å lese denne midt på natta. 

mandag 1. juli 2013

Bok: Evig skal døden vera av Kroken & Kolden

Eg har den siste tida blitt veldig hekta på nynorskkrim, og to av forfattarane som har fenga meg mest er Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Deira kriminalromanar frå Lom er heilt super lesing no på somaren. Viss du ikkje har lese dei før, bør du gjere det no. Evig skal døden vera er den første boka i kriminalserien deira frå Lom. Boka føregår rundt påske (og eg burde kanskje ha lese henne då),  noko som er den perfekte tida for krim. Ei kvinne blir funnen drepen på hytta si i Lom, og litt seinare finn dei eit anna offer. Eit veldig godt utgangspunkt for eit bra plott, må eg seie, og forfattarane greier å nesten å gjere det beste ut av det. Slik som i Døden kjem med bussen er talet på gjerningsmenn avgrensa, og i denne boka er det avgrensa til ein skuleklasse, for begge ofra har gått i same klasse, og det ser ut til at det kan vere ein fellesnemnar for drapa.

Politiet i Lom får hjelp frå Kripos, og personen som skal hjelpe er Sylfest Seljestad, som ein seinare får møte i Døden kjem med bussen. Det er òg fleire personar som går igjen i begge bøkene, som til dømes Jørgen. For meg vart det kanskje litt feil å lese den andre boka først, for du forstår litt kven det er som ikkje kan ha gjort det i Evig skal døden vera, viss du les den andre boka først. Det er jo trass i alt ein serie. Likevel øydela det ikkje for mykje. For meg var det nesten umogleg å leggje frå seg denne boka.
Eg syntes kanskje ikkje denne var like god som den Døden kjem med bussen. Evig skal døden vera held deg ikkje så på pinebenken. Det at forfattarane heldt meg veldig på pinebenken og ikkje valte den heilt opplagte løysninga i Døden kjem med bussen gjorde at eg syntes den var skikkeleg god. Det at denne boka manglar akkurat det trekker ned, og det var litt meir opplagt denne gongen. På den andre sida er det færre karakterar i denne boka. Du har betre oversikt som lesar over kven som gjer ditt og kven som gjer datt. Då er det lettare å følgje med i handlinga.

Nynorsk krim slår alltid til hjå meg, og alle fall når forfattarane er så flinke som Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Noko anna som var morosamt med  Døden kjem med bussen, og som mangla her, var at dei hadde ikkje teke seg sjølve med i forteljinga. Eg syntes det var heilt genialt i Døden kjem med bussen, og sakna det i denne, men dette er jo den første boka dei har skrive saman, og til å vere det er ho kjempebra. Eg veit ikkje om de følgte med på Underholdningsavdelingen på NRK på laurdagane i vår. Der hadde dei ein sketsj om eit forfattarpar som var kanonbra. Her er det, og viss de trykker på Forfatterparet Bernt og Berit Jåvik får de sjå ein veldig morosam film.

mandag 17. juni 2013

bok: Plan D av Simon Urban

Den tyske forfattaren Simon Urban har laga ei bok kor det står 
"Se for deg en verden hvor berlinmuren aldri fallt" 
på omslaget og kor ein detektiv må finne ut av eit mysterium som kan avgjere DDRs framtid. Setningar som
"Enorm kraft, litterær fantasi og en kreativitet som vil fengsle og fascinere alle lesere." (Die Zeit)
og
"En av de mest tyske debueter på lenge." (Westdeutsche Allgemeine Zeitung)
prydar bakside på Pland D. Urban har flust med litterær fantasi. Å i det heile teke lage ein kontrafaktisk roman krevjer mykje fantasi, men òg mykje research og informasjon som vil gjere boka meir truverdig. Urban meistrer begge deler. Detektiv Martin Alfons Wegener er i Plan D på leit etter sanninga rundt døden til eit udentifisert lik i Aust-Berlin. Det har ein tydeleg samanheng med gass- og energiforhandlingane med Vest-Tyskland, og han må finne sanninga for at DDR skal bestå. Det konstruerte DDR-samfunnet som Urban har laga er eit meir utvikla samfunn enn det det er i historisk samanheng. DDR i Plan D er eit DDR i 2011 som har blitt til etter Gjenopplivingen. Boka går mykje ut på at DDR og BRD gjennforeina i 11989, men at DDR så vart "gjennoppliva" fordi Krenz, statsoverhovudet i DDR 2011 såg at det ikkje gjekk.

Hovudpersonen, førstebetjent Wegener, er ein mann det er vanskleg å forstå seg på. Han blir jaga av sine eigne fantasiar og demonar - på ein vell humoristisk måte med Josef Früchtl som alltid tilstadeverande i hovudet på han - og er sterkt kritisk til både seg sjølv, andre og staten. Skråblikket han har på DDR er interessant, og ein kan på mange måtar seie at han er kritisk til sosialismen og DDR. På andre sida er det dei han tener og jobbar for. Som detektiv er han midt mellom fritt vilt og STASI.. Han kan bestille overvakingar, han har rett til innsyn i løyndomsfulle dokument av grad 3 og kan på mange måtar kome seg lengre opp i systemet enn vanlege arbeidarar. På andre sida kan det koste med feil, og det er meir vanskeleg å gå sine eigne vegar enn det det vil vere for detektivar i andre bøker. Wegener sørger i store delar av boka over tapet av kjærasten Karolina - eit tap han aldri kjem over - og har til tider tankar som får lesaren til å føle at dei les ei såkalla "Guilty-Pleasure"-bok. Han drikk mykje, når han først drikk, og elles viser han til tider god sans for humor som får lesaren til å le høgt.
"Nå er jeg målløs."
"Det var dumt, nå som du har fått ny telefon."
Dette er berre eit døme (Wegener sa sjølvsagt det siste), og det er fleire som eg ikkje trenger å nemne, men som det går an å oppleve sjølv ved å lese boka. Elles er boka litt rotete, synes eg. Du får ikkje skikkeleg tak på kriminalgåta og bevisa som kjem fram. I tillegg kan visse tankar og ressoneringar frå Wegeners side vere litt vel vanskelege å lese. Nokre refleksjonar blir i overkant pakka inn, medan andre er slike som lesaren lett kan kjenne seg igjen i. Noko anna er at boka er litt lite oversiktleg. Du forstår ikkje alltid kor dei reiser, og namn på karakterar går lett i gløymeboka, fordi det går lang tid mellom møta og lang tid mellom gongene karakterane blir nemnt. Det kan til tider vere litt irriterande. På plussida ligg den delen av språket som ikkje så godt pakka inn. Den forståelege delen er brilliant, og her ser lesaren tydeleg at Urban har eit stort talent. Gjenforteljingane av dialogane er fantastiske. Skildringane av dei menneska som er mest vesentlege gir eit godt inntrykk, og ein kan kjenne igjen typane. Boka er delt opp i passe store kapittel, og det er fleire kapittel for kvar dag etterforskinga pågår. Boka er skriven i tredje person, og først då eg merka dette vart eg skikkeleg skuffa. Eg tenkte: "Å nei, ikkje ein til autoral synsvinkel", mens synsvinkelen var ikkje autoral. Det var Wegener som fortalde, og mykje kom òg fram gjennom dialogane.

DDR 2011 blir framtilt som eit høgteknologisk land. Dei har ein type telefonar som blir kalla Minsk, og dei har òg fått eit nytt bilmerke. Dei fleste som kan litt om DDR veit at Trabi var ein type bil dei køyrte rundt i. Den gjekk veldig seint. Mange kjøpte seg Trabi til konfirmasjonen og fekk han då dei vart tretti, med mindre dei fekk seg ein høgt profilert jobb. Det er òg ein vits som seier at du doblar verdien på ein Trabi ved å fylle på tanken. Uansett, det nye bilmerke er Phobos. All den nye teknologien skal tydelegvis ligge framfor vesten og deira teknologi, og DDR har på det område ei god utvikling. Du kan òg sjå paralellar til Vest-Berlin. De har sikkert høyrt om KaDeWe (Kaufhaus des West). I boka har dei i Aust-Berlin fått seg sitt eige kjøpesenter, KaDeO (Kaufhaus des Ost). Synes den parallelen er litt morosam på den måten at du tek poenget utan å bli grundig forklart kva det dreier seg om.

Boka kjem med eit blikk på sosialismen som eg liker veldig godt. Som dei fleste veit funkar ikkje sosialismen som ideologi veldig godt i praksis. Dei tre mest kjente sosialistregima (kommunistar) i dag er Kina, Cuba og Nord-Korea. Alle veit at verken Kina eller Nord-Korea er veldig demokratiske. Cuba har nesten fått det til, men det går ikkje i praksis. Ideen bak sosialismen er noko dei fleste er einige i. Likestilling. Alle er like mykje verdt og ingen skal stå over andre. Sosialisme i rein form finst ikkje, på grunn av egoismen vår. Utdannar me oss til lege vil me ha meir løn enn ei vaksekone på sjukehuset, og det er heilt totalt mennskeleg og sjølvsagt riktig. Boka seier at sosialismen er akkurat som ein type jenter (hugser ikkje kva jenter det var snakk om, men trur det var nokon i underhaldningsbransjen), fordi akkurat som  denne typen jenter er sosialismen fin så lenge du ser han på avstand. Draumar er trass i alt betre enn røynda.

Nei, no får eg kanskje oppsummere. Det har nok allereie blitt leie av dette evig lange innlegget om Trabiar, sosialismen og boka. For å klonkludere vil eg seie at Plan D er ei sjeldan bok. Fantasien er der, ideen er der, men ho blir veldig svekka av det rotet lesaren av og til kan føle på. Den er òg veldig omfattande til tider. Det kan bli lenge å lese hundre sider om dagen, og av og til må du nesten lese i snegletempo for å få med deg alt. I tillegg, for alle feministar: Ingen kvinnelege superheroes i denne boka. Den er på eit vis veldig manssjåvinistisk! 

fredag 14. juni 2013

boksommaren 2013: kontrafaktisk, kriminell og gresk

Anita på bloggen Anitas blogg har laga eit blogghopp, kor bokblogarane skal fortelje om kva dei skal lese i somar. Det blir eit lite rotete innlegg dette, men det får berre vere.
Kva skal eg lese i sommar? Somme gonger liker å lese bøker frå den staden eg skal til på ferie, som då me reiste til Hellas i fjor og eg las tråden av Victoria Hislop, men slike planar har eg ikkje byrja å tenkje på enno. Ferieplanane får de først vite, når det ikkje er planar lengre, men minner. Ja, de får smørje dykk med tålmod, og det er ikkje ferie enno. Uansett, sommar betyr god tid til å lese, og eg skal nytte denne gode tida veldig godt. Eg har nettopp funne nokre bøker som eg  lese, både på grunn av det historiske perspektive og på grunn plottet og handlinga. Kontrafaktiske bøker. Eg veit ikkje om de har høyrt om det, men det er bøker som tek opp tema om.
"Et kontrafaktisk spørsmål er å spørre hvordan historien ville utviklet seg dersom en historisk hendelse hadde gått annerledes."
Dette skriv Wikipedia om kontrafaktisk historie. Det har kome ut tre bøker på nokre veker no som tek
opp dette. Den som etter omtalane skal vere best, vil eg helst halde meg borte frå, fordi dei andre høyrtes meir interesante ut og faktisk er meir realistiske. De har kanskje høyrt om Cappelen Damms Han er her igjen av Timur Vermes.
"Våren 2011 våkner Hitler opp i Berlin"
Dette er første linje i baksideteksten på boka, og de kan jo berre tenkje dykk kva boka handlar om. Eg har imidlertid ikkje tenkt å lese boka, fordi det er det mest urealistiske plottet av dei tre plotta i dei tre ny bøkene. (rotete setning...)
Dei to andre bøkene heiter skygge over London av C. J. Sansom og plan D av Simon Urban. Dei tek opp langt viktige spørsmål som er meir skremmande og veldig realistiske. Kva viss England hadde forhandla med Tyskland under krigen? Neville Chamberlaine, statsminister i Storbritannia før Winston Churchill, var faktisk villig til å gjere dette. Ein veit aldri kva som kunne skjedd, viss England hadde gitt etter.

Året er 1952, tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløy og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regime: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et konstant press.
Dette er første avsnitt i baksideteksten til boka. Det er skremmande å tenkje på at dette kunne vore realiteten, hadde det ikkje vore Churchill. De kan tenkje at dei kanskje hadde gjort motstand, då dei såg korleis det utvikla seg, men kva viss det hadde vore forseint? Boka er utgitt på Forlaget Press, som òg har gitt ut nevnte plan D. Forfattaren bak boka har òg skrive vinter i Madrid som allereie er reservert på biblioteket, og eg gler meg til å lese, sidan det er nok ein historisk roman frå den spanske borgarkrigen. Historie er fantastisk og eit av faga å sjå fram til på VG2 og VG3 (saman med sosiologi, rettslære og internasjonal engelsk sjølvsagt)

Plan D er ei bok som ligg litt lengre fram i tid, men òg den handlar om Tyskland. Kva viss DDR framleis var til og Tyskland var delt? Det tek denne boka opp, og ja, kankje meir urealistisk enn skygge over London, men langt meir realistisk enn han er tilbake igjen. November neste år er det tjuefem år sidan Berlinmuren falt. Eg opplevde heldigvis aldri den kalde krigen og DDR og Berlinmuren, men samstundes er det - i eit historisk perspektiv - veldig nytt og veldig interessant.

Hva om DDR likevel ikke hadde gått under? Hva om den tyske gjenforeningen aldri hadde skjedd? Vi er i Øst-Berlin, året er 2011. Muren står fortsatt, Egon Krenz har klamret seg til makten i 22 år, men nå står DDR eller den Tyske Demokratisk Republikk på randen av sammenbrudd. Pengene staten har tjent på gassdistribusjonen østfra er blitt slukt av systemet, og et grått og skittent Berlin er i ferd med å knele under forurensningen fra millioner av den nye statsproduserte bilmodellen Phobos. Sosialismens siste håp er de planlagte økonomiske forhandlingene med Vest-Tysklands kansler Oskar Lafontaine. 
Eg kjenner eg gler meg som eit lite barn til å opne desse bøkene her. Det skal bli så interessant, og eg håpar forfattarane kan skrive! Eg trenger ikkje dei morosamme referansane frå han er tilbake igjen berre eg får eit interessant perspektiv på dei to andre tinga som kunne ha skjedd. Eg skal til Tyskland, Polen og Tsjekkia med VG2 i september, og då skal me blant anna innom Birkenau, Auschwitz og det berømte STASI-fengselet i Berlin. God oppladning dette? Ja!

Kriminell sommar håpar eg ikkje på "in real life". Vil helst behalde både lommeboka og livet, og eg vil òg halde meg borte frå kriminalitet sjølv, utanom kriminalromanar. Det må til. Evig skal døden vera av Kroken & Kolden skal lesast etter at eg las døden kjem med bussen, som fekk ein veldig positiv omtale av meg. Eg må òg få med meg forsvinningspunktet av Val McDermid, som verkeg veldig interessant. 
Det er alle foreldres mareritt. Stephanie Harker skal gjennom sikkerhetskontrollen på O’Hare flyplass i Chicago da hun blir tatt til side fordi hun har utløst metalldetektoren. Fem år gamle Jimmy venter på henne utenfor, og Stephanie ser en uniformert offiser føre ham bort. Hun får panikk, og sikkerhetsvaktene legger henne i bakken. Da Stephanie kommer til orde, er Jimmy sporløst borte. Stephanies nære vennskap med reality-TV-stjernen Scarlett Higgins ser ut til å ligge i bunnen for en fortelling om død, svindel og hvor langt en forelder kan strekke seg for å beskytte sitt barn.
Barn som forsvinn er noko av det tristaste og vondaste ein krim kan handle om, men det er òg nervepirrande og spennande, og eg håpar Val McDermid kan det ho gjer! Og eg tvilar ikkje på det. Utanom desse kriminalromanane har eg nokre uleste i bokhylla som berre står og ventar. Blant anna ei bok av Elizabeth George og nokre litt eldre kriminalromanar. Eg skal òg prøve meg på ein til roman av Nesbø, for eg kan ikkje berre gjere eit forsøk. To må til på forfattarar som han, og eg likte trass i alt Doktor Prokor, sjølv om det er langt frå det same.

Det at sommaren skal bli gresk er ingen hint om kor ferien går. Nei, men bøkene skal vere litt meir greske. Eg elskar bøker som foregår i Hellas, ikkje berre plottet, men òg staden. Kvar gong eg ser ei bok som har handling der nede, med eit interessant tema, eg lese boka. Blant anna har eg nå fått tak i Louis de Bernières bok fugler uten vinger på biblioteket. Eg likte veldig godt kaptein Corellis mandolin, som eg fekk lyst til å lese då eg oppdaga kor handlinga føregjekk, og nå håpar eg at denne boka er like god.

"Fugler uten vinger" tar leseren til tiden etter forrige århundreskifte. Det store ottomanske riket er i ferd med å bryte sammen, og den tyrkiske nasjonen dannes gjennom kriger og folkeforflytninger. Mot dette bakteppet skaper Louis de Bernières en stor og bevegende fortelling om vanlige menneskers liv i en liten landsby ved kysten av Anatolia. I Eskibaçhe bor kristne og muslimer, tyrkere, grekere og armenere side ved side som naboer, venner og kjærester. Livet går sin naturlige gang – helt til de store begivenhetene slår inn og forandrer alt.
Tida det hanldlar om og historia er noko av det eg liker best å lese om. Det er slikt du ikkje lærer i historietimane. Det er slikt du må  lese deg til sjølv, og skjønnlitteratur er den beste måten å få det inn på. Og omslaget er vakkert, eksotisk, mørkt og litt trugande. Du får ei kjensle av at freden som personane på bilete opplever vil ta slutt. Jaja, nok om det. Eg skal uansett lese om Hellas. Sofia av Sigrid Merethe Hanssen, som eg òg har nevnt her i nynorskinnlegget mitt.

Utanom dette har eg ikkje dei STORE planane, men eg håpar på å få lest det vi kan stå for av Geir Lippestad, lavendelhagen av Lucinda Riley, hemmeligheter av Kate Morton, Sienas datter av Marina Fiorato, gi aldri opp av Heidi Løke, vinter i Madrid av C. J. Sansom, til fyret av Viriginia Wolf og drep ikke en sangfugl av Lee Harper. Kanskje òg fotsatt savnet  av Chevy Stevens.

Eg hadde visst store planar...

...likevel...

Og viss nokre lurar, ja, eg flytta innlegget lenger opp på bloggen, så fugler uten vinger er allereie omtalt. Litt rot, men tenkte det var meir praktisk. Gløym ikkje giveawayen min, som det er linka til øverst på sida!

søndag 26. mai 2013

bok: X av Helge Thime-Iversen

Nok ei krimbok er lesen, og denne gongen var det X av Helge Thime-Iversen, som fekk den æra å bli lesen. Etter å ha sett Geirs omtale av boka, som var veldig positiv, måtte eg lese boka sjølv. Geir kallar boka for ein X-tremt spennende debut. Ja, den er spennande, og det er god gjort å meistre krimsjangeren slik på første forsøk, men om den er x-tremt spennande, det er ei anna sak.

Njaal Natland jobbar i Kripos - noko som er uvanleg for dagens krimheltar, som til vanleg har ein vanleg politijobb i eit distrikt eller er journalist - der han har utmerka seg som ein filnk etterforskar. Likevel, alle politimenn kjem ein eller annan gong utfor ei vanskeleg sak, og det gjer Njaal i denne boka. X, eller Fingermorderen som han blir kalla i avisene, er laus. Fleire norske byar blir offer for personen. Han har òg sitt eige varmerke, noko namnet Fingermorderen går etter, og det er at på kvar åstad ligg fingaren til offeret igjen. Dette går det òg an å sjå på forsida av boka, som på ein måte er fantasilaust, men òg litt spennande. Uansett, Njaal gjer alt for å løyse saka, men sjølv om gjerningsmannen - X - etterlet seg mange spor, er det nesten umogleg å ta han. Kompanjongen til Njaal Natland heiter forresten Johnny Vang (ikkje Jonny Vang som i filmen med Aksel Hennie), noko som skaper litt humoristiske scenar i boka.

Eg er veldig glad i krim som de veit, men ikkje all krim. Jo Nesbø, til dømes, fenga meg ikkje heilt, og eg er heller ikkje veldig glad i krim kor det er snakk om eit større spel som inneber terror, store narkotikabandar eller slike spel. Eg liker det litt meir i det små, med ein gjerningsmann som handlar på eigne vegne, slik som i en usynlig av Pontus Ljunghill. På denne måten var òg Thime-Iversens bok noko for meg. Dette er ingen spoilar, for det går ikkje lang tid før ein forstår at her er det ein person som handlar. Noko anna eg likte var at det var ein litt original norsk krim. Boka er veldig ambisiøst lagt opp med mord som skjer i fleire byar i Noreg. Det er vanskeleg å etterforske like mordsaker i Bergen, Trondheim, Vardø osv. Å legge opp til ein seriemordar som driv på i ulike fylker er mildt sagt veldig, veldig, veldig ambisiøst. Derfor er det bra når forfattaren meistrar dette ambisiøse oppdraget. Kripos er jo sjølvsagt eit verkemiddel. Det hadde vore meir vanskeleg med ein politietterforskar i Vardø som hovudperson, for då hadde jo denne personen berre ansvaret for Vardø-saka og ikkje tilgang på fleire bevis enn som så. Det er jo nettopp der med bevis det blir ambisiøst. Du skal ha ein person eller to som reiser rundt overalt og samlar bevis og veit om alt. Likevel, dette greier Thime-Iversen på ein heilt genial måte.

Eg skreiv i første avsnitt at boka var spennande, men ikkje ekstremt spennande. Det skal mykje til for at ein krim ikkjer spennande. Då er forfattaren verkeleg amatørmessig, og det er ikkje Thime-Iversen. Han er veldig flink, men i motsetning til mange andre krimbøker følte eg ikkje det gjekk lang tid før ein fekk vite kva som skjedde. Han var ikkje ein meister på å halde lesaren på pinebenken. Nokre få gonger haldt han lesarane så lenge på pinebenken at me gløymte heilt at det faktisk skjedde, og då tråden blei plukka opp igjen, var det ikkje like spennande. Andre gonger, alt for mange, gjekk det litt for raskt. Eg fekk ikkje tid til å bli spent på svaret. Nokre få gonger greidde han å halde meg på pinebenken slik at eg  måtte vente litt, men ikkje for lenge. Dei gongene funka det utmerka, men boka kunne ha vore betre ved å lage det til slik fleire gonger. Språket etterlot ikkje mykje til fantasien. Det var fengande, og det er ikkje utan grunn at eg las dei siste 250 sidene i dag. Språket i seg sjølv er dessverre ikkje veldig spennande, og nokre gonger kunne Thime-Iversen ha korta ned på veldig lange skildringar av personar og i staden fokusert på andre viktige moment i boka. Som då han skildra ein politimann i Bodø eller ei kontordame i Oslo. Eg veit ikkje heilt kva det var med språket som ikkje gjorde boka så x-tremt spennande, men det var i alle fall ikkje ein viktig faktor for dei spennande kapitla som var i boka.

Juritzen kan vere glade for å ha denne krimforfattaren med på laget! Han kan skrivekunsten, og ved nokre få betringar, kan bøkene hans bli x-tremt spennande. Viss det kjem fleire bøker, skal eg heilt klart lese dei!

(boka var eit leseeksemplar frå Juritzen forlag)

mandag 20. mai 2013

bok: en usynlig av Pontus Ljunghill

Gode omtalar frå Bokbloggeir, Berit sin bokblogg, Tines blogg, Zeldajenta og Uriks og fleire aviser. Stemningsfulle skildringar. Godt konstruert plott. Spennande tidsperiode. Det er mykje som kan bli sagt om denne boka, og eg er einig med Geir, på bloggen bokbloggeir, som har fått eit sitat på omslaget til boka. Det finst berre eit terningkast til denne boka, og det er ein seksar.

Den fenga verkeleg umiddelbart, ikkje med ein actionfylt bilscene eller ein skyteepisode, men heller med eit intenst, psykisk spennande kapittel kor me får møte mordaren i første person. Mordaren i boka er verkeleg "en usynlig" slik som tittelen seier oss. John Stierna er hovudpersonen i boka og den etterforskaren som får ansvar for mordsaka. Ei åtte år gammal jente, Ingrid Bengtsson, blir funnen drepen i Djurgårdsverftet i Stockholm, og det er tilsynelatande ingen spor etter mordaren. Det er ikkje berre på åstaden det er få spor, men òg i Stockholm. Få personar, som har sett mordaren, hugsar han skikkeleg, og han forsvinner for godt i mengda til at dei forstår kven han er.

Tjuefem år seinare, to og ein halv dag før saka er forelda, sluttar John Stierna i politiyrket og reiser ut til Visby på Gotland. Viss nokon skulle lure, er Visby ein veldig fin by. Mest interessant er gamlebyen med ein bymur rundt heile staden. Det er brusteinsbelagte gater, smale gater, koselege butikkar og restaurantar. Ja, eg har vore der. Og eg har vore i Stockholm ved Djurgården og Vasaparken og ser sånn nokon lunde for meg parken og Visby. Derfor syntes eg det var ein interessant setting rundt det, og særleg i Visby. Vel framme på Gotland møter han ein journalist som skriv om gamle kjente saker. På ein hotellbar fortel han historia om etterforskinga rundt drapet på Ingrid.

Geir på Bokbloggeir kalla boka for "slow crime". Det er ei nokså passande skildring. Det er få actionfylte kapittel, men heller fleire etterforskings-kapittel, John-Stierna-privat-kapittel og kapittel kor me får lese om mordarens tankar. Det kan verke dødsens keisamt. Boka er på  godt over fem hundre sider, og du tenkjer kanskje at ei slik bok nesten  bli for stille og for lite actionfylt. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg likte ei så stilleståande bok som en usynlig, men eg har ikkje fått noko godt svar. Eg byrja vel på boka på onsdag og brukte dagane frå onsdag til søndag på å lese to hundre sider. Dei 350 siste las eg i går i nesten eitt sett. I byrjinga var det interessant nok, og eg vart for så vidt fenga. Og det var 17. mai og på laurdag bakte eg. Det er nok grunnane  til at eg ikkje kom lengre, og forfattaren kan det å skrive. Eg trur språket har ein stor del av æra for at boka kan fenge utan særleg mykje action. Kapittela er ikkje på mange sidene, og språket er relativt lettlest, men likevel rommar det veldig mykje,

Forfattaren har òg fått med mange spørsmål om livet i boka. Dei fleste kjem gjennom Stiernas kone Karoline. Kva augneblink er det me verkeleg lever for? Kva er kjærleik? Kva er det me bruker tid på? Òg mordaren får fram spørsmål som dette. Kan mobbing og dårleg start på livet vere ein grunn for å drepe? Kunne alt endt annleis, viss han hadde hatt andre foreldre? Samstundes er tida det foregår i interessant. Det er ein historisk krim, og ein blir kjent med Stockholm på den tida. Den politiske situasjonen, organiseringa av politiet og levemåten i Stockholm kjem fram i boka.
Det er veldig typisk krim med all etterforskinga som foregår i boka. Metodane er ikkje slik som i dag, men eg stiller likevel spørsmål om dei hadde all teknologien i 1928 som boka viser. Likevel har forfattaren skrive at ikkje all informasjon er heilt riktig, og det er trass i alt skjønnlitteratur. Hadde forfattaren vist til boka som meir sann enn det ho er, hadde det vore meir tvil hos meg. Når forfattaren sjølv seier at alt ikkje nødvendigvis er sant, taklar eg litt feilaktige opplysningar. Dette er nok ikkje boka for dei som synes vanleg krim er keisamt og ikkje liker det. Avhøyr og spørjerundar er det med.

Eg følte meg tilfredsstilt då eg var ferdig med boka. Alle trådane var samla til slutt, og ein meir spennande slutt har eg neppe opplevd. Den var både uvanleg og overraskande. Ei lita stund lurte eg på kva eg kom til å sitje igjen med, men det gjekk over då siste linje var lesen. Han haldt på spenninga til siste slutt. Det var ein avslutning som stod i sterk kontrast til Jo Nesbøs avslutning på gjenferd. Då sat eg igjen med ein tanke  hovudet mitt, og det var "Kva skjedde no?" Eg følte ikkje at alle trådar var samla, eg følte ikkje at eg hadde fått nok, og eg følte meg langt frå tilfredsstilt! Ljunghill har gjort det betre enn det Nesbø gjorde i gjenferd. Det kan vere at Nesbø-fans vil vere ueinig med meg, og kanskje dei vil seie at eg ikkje forstår heilt Harry Hole og forfattarskapet. Nei, eg forstår ikkje Nesbø-febaren, og personleg likte eg denne betre. 

onsdag 15. mai 2013

bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)

Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.

Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.

De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.

Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.

Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!
Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så... Sylfest tenkte at det var fri diktning - ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie. 
døden kjem med bussen side 186

Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.

Mai Lene

tirsdag 14. mai 2013

bok: den mørke porten av Lars Mæhle

Mai plar å vere ein månad kor eg les masse krim. Eg liker krim veldig godt, men blir av og til litt lei den vanlege krimen. Den mørke porten er ein av dei bøkene som er litt utanom det vanlege. For det første er boka skriven på mitt hovudmål, nynorsk, og det skapar god flyt i språket. For det andre er det ein psykolog som er hovudperson, og det er heller ikkje veldig vanleg. Ina Grieg har blitt spurt om å bistå i ei etterforsking av eit drap som liknar drapet på den tidlegare elskaren hennar, Karsten Scheel. Ho er, som psykolog, ein menneskekjennar, og politiet meiner dei vil få god bruk for det i saka.

Boka byrjar med eit kapittel kor me følgjer drapsofferet opp til staden kor han blir drepen. Mæhle har teke i bruk ei forteljarform kor lesaren veit litt meir enn hovudpersonen, men mykje mindre enn forfattaren.Me kan ha ei aning, men me veit aldri så mykje at det er heilt opplagt alt saman, sjølv om dei som les mykje krim sansynlegvis vil gjennomskode plottet og forstå mykje av det som har foregått. Eg er ein av dei, men eg syntes det var herleg forutsigbart, ikkje keisamt forutsigbart. Det var mange overraskande kapittel og vendingar i boka, så sjølv om nokre vil sjå på det som keisamt forutsigbart, trur eg boka kan falle i smak likevel.

God flyt i språket nemnte eg over her. Sjølvsagt, det er jo nynorsk. Nei då, det er ikkje berre derfor. Flyten i språket er ikkje berre avhengig av målform, men òg skrivestil. Nokre forfattarar bruker korte setningar, nokos om gjer at du ofte stoppar meir opp og det ikkje flyt like lett, sjølv om mange meistrar denne forteljingsforma. Andre bruker lengre setningar og meir komma og mindre linjedeling. Det gjer med ein gong litt meir flyt i språket. Det er få delsetningar som står aleine i Mæhles bok, altså slike som i norsk grammatikk ikkje vil vere komplette setningar, men berre små delar av ei setning. Eg sakna ikkje desse setningane, for eg har eit inntrykk av at alike setningar førekjem oftare i nynorskbøker. Til dømes har Kolden & Kroken i døden kjem med bussen nytta seg av slike setningar, utan at det svekkar boka av den grunn.

Ein annan grunn til å like boka er hovudpersonen. Ina er ein hovudperson som med ein gong kan minne om Malin Fors i Kallentofts krimbøker. Sjølv om Ina ikkje er politi, leitar ho på mange måtar etter det stabile og greier ikkje å slå seg til ro. Ho har to born, men strevar med at ho føler ho ikkje elskar dei slik som ho burde. Ho har òg ein sambuar som er i overmåte snill, noko som både irriterar henne, men gjer henne taksam. Sjølv er ho rotlaus (etter mi meining). Eg får, som lesar, kjensla av at ho leitar litt etter seg sjølve, og ho er ikkje sett på spissen. Ho røyker, bannar, fortel om fleire tidlegare korte forhold og er ein person me kanskje ikkje ville følt sympati med hadde det ikkje vore for at ho var hovudpersonen i boka og me visste grunnen til alt ho gjorde. Ho er òg tøff, noko hobbyen, kickboksing, viser.

Lars Mæhle følger på mange måtar dei tipsa Scarlett Thomas skriv om i si bok monkeys with typewriters. Karakterane i ei bok skal truverdige, og veldig viktig, dei skal ha eit motiv. Ho skriv i boka si at alle, til og med skurken skal ha eit motiv lesaren kan forstå. Til dømes ein skurk som slit veldig, kan ha som mål å bli rik. Motivet til skurken skal vere dette, og lesaren kan på ein måte forstår at ein skurk, som kanskje har ei kone og fem born, og er fattig har lyst til å betre livet sitt. Det ein ikkje forstår er metodane. Dette verkemiddelet har Lars Mæhle brukt i boka. Ein kan så godt forstå motivet, og det reiser ikkje spørsmål om kvifor skurken ville gjere noko, men kvifor den gjorde det på den måten. Eg vil ikkje seie noko meir, men det er sterke tema knytt til motiv i boka.

Alt i alt ein veldig bra krim. For mange kan det vere lett å forstå kven det er, eller kanskje boka rett og slett blir for lite actionfylt for Nesbøs fans, men eg syntes at alt var heilt perfekt. Hadde kanskje sakna ein litt meir actionfylt slutt, for høgdepunktet kom ikkje heilt til slutt, men heller nokre par ti sider før det, men det er ein liten detalj. Avslutninga er til å leve med for meg, men kanskje ikkje forandre som liker krim veldig godt

søndag 7. april 2013

bok: det syvende barnet av Erik Valeur

Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger: Liker eg det syvende barnet? Er det ei bok eg kan abefale vidare? Som bokbloggar sit ein av og til og berre leitar etter feil i bøker, særleg i bøker på over åtte hundre sider. Ein ser etter det som berre er med for å ha det der, det som eigentleg ikkje trengs, men som forfattaren har spedd på med. Ein ser etter skrivefeila eller eit lite brot i skrivestilen. Ein ser etter lekasjar og stader der forfattaren skriv noko heilt anna enn for hundre sider sidan. Kva så når ein ikkje finn dette?

Året er 1961, året som blir mest vektlagt i Valeurs debut om Kongslund barneheim, ein barneheim i Danmark det i følge denne boka er knytt store mysterie til. Eg elsker jo krim, og då særleg nyskapande krim som skil seg ut og greier å lage eit anna dilemma enn berre ein drepen person utan mordar. Takk og pris klarte Valeur dette, og sjølv om eg har likt å lese Läckberg og Kallentoft, vil eg seie at Valeur verkeleg scorar høgt hjå meg berre ved å tenkje nytt! For sjølve plottet dreier seg ikkje berre om kven som har drepe personen på stranda i nærleiken av barneheimen Kongslund, men saka rundt alle adopsjonane og barna som var på Kongslund i 1961. For på den tida var det sju barn på Kongslund. Forstanderinna på Kongslund, frøken Ladegaard, òg kalla Magna, gjer alt som står i hennar makt for å finne familiar til barna som er passande, men dette året skjer det noko som forandrar alt for barneheimen. Det har i lang tid gått rykte om at mange av barna på barneheimen har fedre som er høgt oppe i samfunnet og at mødrene har blitt tvungne til å adoptere bort barna for alles beste. Magna er dyktig og gjer alt så diskret som mogleg - utan spor.

Det er mange synsvinklar i boka, men ein utmerkar seg. Magna har ei pleiedatter som ho har namngitt Inger Marie Ladegaard, men som berre blir kalla Marie. Sjølve historia blir fortalt frå hennar synsvinkel i første person mykje av tida, samstundes som det er med ein allvitande forteljar som fortel om dei andre karakterane i tredje person. Ein får tilgang på kjenslene til dei fleste, men løyndommane kjem ikkje på samlande band. Utover i boka blir kvar av karakterane si historie så smått om sen fortalt, men ein må vente på avsløringar av den store karakteren. Det største med boka er kanskje måten forfattaren har fortalt historia frå Maries synsvinkel. Ein trur at ein kjenner Marie heilt, men likevel er det ho som sit inne med flest løyndommar og mest som er skjult frå lesaren, utan at ein merker det. Eller, me merkar at ho veit ein del, men ikkje så mykje som det til slutt kjem fram. Det at ho som utleverer mest til lesaren gjennom ein første persons synsvinkel kan halde inne så mykje, det er eit grep få forfattarar meistrar. Valeur har meistra det, og eg er mektig imponert. Dette må vere Danmarks beste debut på lang tid.

Valeur har ikkje berre skrive ei god bok, men ei banebrytande. Han skriv på ein måte og har bygga opp boka på ein måte me sjeldan ser i denne sjangeren. Han tårer å vere utradisjonell heilt til den siste sida, og likevel skriv han så bra at han får prisen for Nordens beste krim. Det er det få debutar som klarer. Mange utradisjonelle krimdebutar skal vere svært gode for å kunne vinne ein pris i det heile teke. For å gjere noko utradisjonels skal du nesten ha eit langt forfattarskap av gode bøker bak deg som kan demme opp for den nye boka, viss ho skulle bli godt motteke, men det er ikkje tilfellet med Valeur.

Samstundes som boka handler om adopsjon og ein barneheim, handlar ho òg om andre meir djupe spørsmål. Identitet, familie, universet, Gud. Eg syntes kanskje identitet var det mest interessante. Identitet er veldig "in" å snakke om i dagens samfunn. Kven er du? Kjendisar bryr seg om identitet og seier ofte "Eg er berre meg sjølv". For ungdommar er det tøft å lage sin eigen identitet samstundes som dei prøver å gli inn i mengda. Likevel er det ikkje berre slik identiet det er snakk om, men eit identiteten til eit adopsjonsbarn. For dei som ikkje får vite at dei er adoptert, veit dei kven dei er? Er dei seg sjølv? Bør dei få vite sanninga og finne ut kven dei eigentleg er og har adopsjon noko så helst med den du blir å gjere. Marie Ladegaard i boka er for at alle adopterte barn skal få vite kven dei er. Ho skuldar foreldra for å vere løgnarar som ikkje fortel noko. For henne er opphavet noko av det viktigaste, kanskje for det ho ikkje veit noko om sitt eige opphav. For å vere litt personleg kan eg seie at svaret er både ja og nei. Ja, eit adoptivbarn bør få vite så tidleg som mogleg at det er adoptert. Å utsetje det er noko av det dummaste ein person kan gjere. Det beste er kanskje å berre la det vekse opp og vite frå første stund at det er adoptert. Eg trur at då kan forholdet til mor og far bli betre enn viss barnet får vite det på attenårsdagen til dømes. Eg trur òg at identiteten din har noko med foreldre å gjere. Foreldre påverkar barna sine på mange måtar. Meiningane deira til dømes kan òg påverke meiningane til barna. Likevel er det forholdet til adoptivforeldra som er viktigast. "Av same kjøt og blod" trur eg ikkje har så ekstremt mykje å seie. I alle fall ikkje viss du er instilt på at det ikkje har noko å seie. Vektlegg du det veldig vil du automatisk føle meir avstand enn viss du innstiller deg på at ikkje gjer noko.

Nei, over til noko anna. Samla sett ein knakande god debut. Litt treigt i byrjinga av og til, men det vart litt oppstykka med skule og jobb inni mellom, men det er heilt klart ei av dei beste bøkene eg har lese. Storleiken har ikkje noko å seie. Det eg nemnte i byrjinga om delar av boka som ikkje hadde noko med resten å gjere, nja, dei finst kanskje. Mange historier er ikkje nødvendige for oppklaringa av saka, men likevel spennande og interessante. Dei lærer oss å kjenne menneska som Valeur og Marie i godt samarbeid skildrar. Meininga har er der. Det er ikkje meinngslaust, og som de sikkert har forstått er svaret på mitt første spørsmål ja. Ja, eg likte boka utrurleg godt.

Tusen takk til Schibsted forlag for leseeksemplar. Skal bli teke godt i vare på i all framtid ;)

Boka er eit leseeksemplar frå Schibsted forlag.

mandag 18. mars 2013

bokbloggarane sine krimtips

I dag, 18. mars, har Bokelskerinnen lagt ut sine krimtips før påsken, og i innlegget har ho òg lagt inn ein linkfunksjon som gjer at me andre bokbloggarar òg kan vere med. Eg er jo kjempeglad i krim, så eg har enormt mykje å anbefale. Eg les jo krim akkurat nå, og sjølv om eg ikkje har kome langt (ikkje langt i det heile teke) tar eg boka med, for å berre vise kva eg les nå. Me får sjå seinare om boka blir anbefalt. Eg fortel om den først.

Fasandreperne av Jussi Adler-Olsen


Den andre boken i serien om Avdeling Q etter "Kvinnen i buret". I 1987 blir et ungt søskenpar brutalt drept i et sommerhus. Etterforskningen peker mot en gruppe kostskoleelever som kommer fra noen av Danmarks rikeste familier. I mangel av bevis henlegges saken. Men ni år etter melder en av de mistenkte seg og tilstår.
Kriminalinspektør Carl Mørck, leder for politiets Avdeling Q for uløste saker, forstår derfor ikke hvorfor saksmappen en dag ligger på hans skrivebord. Mørck er overbevist om at den må ha havnet der ved en feiltakelse. Men når han og assistenten Assad begynner å grave litt, oppdager de at noe er veldig galt.Saken skal vise seg å trekke linjer fra posedamen Kimmie til tre av landets mektigste menn. De tre leter desperat etter henne, fordi hun vet noe som kan knuse dem. Men Kimmie har sine egne planer for hvem som skal jakte hvem.
Boka er til nå spennande og velskriven synes eg. Det er første boka eg les av Adler-Olsen, men det var kanskje på tide at eg òg hang meg på denne trenden. Plottet høyres ho uansett veldig bra ut!

den femte årstiden av Mons Kallentoft


 Det er tidlig i mai, og en familie på skogstur utenfor Linköping finner et ille tilredt lik. Kvinnekroppen er fremdeles godt bevart, og sporene etter tortur er tydelige.
Politietterforsker Malin Fors mener umiddelbart at liket ligner Maria Murvall, den unge kvinnen som sitter stum og apatisk på et psykiatrisk sykehus etter å ha blitt voldtatt og brutalt mishandlet noen år tidligere. 
Etter hvert synes Maria bare å være en brikke i et langt større puslespill.Malin, som lenge har vært besatt av å finne ut hva som hendte med Maria, bestemmer seg for å finne sannheten – uansett hvor den måtte føre henne.
 Nå har eg lese alle bøkene til Kallentoft i serien om Malin Fors, og alle er fantastiske og utspekulerte. Likevel sette denne tankane litt meir i gang enn dei andre. Sommerdøden gav eg ein nokså dårleg omtale av, men eg har, når eg har tenkt i ettertid, funne ut at eg likte boka veldig godt. Sidan eg er veldig dårleg på å lese seriar i rekkefølge, las eg vårlik som er fjerde boka etter sommerdøden. Vårlik var tøff å komme seg gjennom sidan temaet var fælt. Barn som blir drepne er ikkje småtteri. I april eller mai las eg høstoffer av forfattaren, som er tredje boka, og nå i helga fulltførte eg serien med å lese midtvinterblod og den femte årstiden. Den femte årstiden var den beste, sterkaste og mest groteske av dei alle! Omtalen min var ei blanding av tankar rundt valdtekt, oppsummering av boka og ABBA. De kan lese omtalen her. Alle linkane er til mine eigne omtalar.

fllink pike av Gillian Flynn


Hvor godt kjenner du egentlig den du tror du elsker og blir elsket av?Dette spørsmålet må Nick Dunne stille seg på sin femårs bryllupsdag, da hans kone Amy plutselig blir sporløst borte. Politiet mistenker - nærmest av gammel vane - ektemannen. Når de undersøker datamaskinen hans og finner spor av suspekte søk, og venner av hans kone Amy forteller at hun den siste tiden var redd for ham og holdt flere ting hemmelig for ham. Nick bedyrer at han er uskyldig. Han kan heller ikke forklare stadige telefonoppringninger. Men hva med den tilsynelatende bekymringsløse oppførselen hans og den forhøyede livsforsikringen, og fremfor alt, hvor er det blitt av Amy?Med sitt varemerke - et suverent fortellergrep, en tidvis beksvart humor, drivende spenning og en dyp innsikt i forkvaklede menneskesinn - har Gillian Flynn skrevet en oppslukende og utspekulert thriller om kjærlighetens uhyggelige vrangside.
Gillian Flynn, er som de sikkert veit, ein av mine favorittforfattarar. Ho og Kallentoft er fantastiske. Eg veit ikkje kva som er favorittboka mi skriven av denne geniale forfattaren, for eg har likt alle så utruleg bra, men sidan flink pike er aktuell tenkte eg å trekke fram den boka. Heilt fantastisk uhyggjeleg! Eg såg akkurat at Font forlag har lagt ut linken til lenka mi med sitatet: "Flynn burde få sin eigen sjanger kalla opp etter seg." Det er kanskje det eg vil ha fram med hennar bøker.
Omtale flink pike 
Omtale mørke rom
Eg har lese åpne sår òg, men ikkje omtalt boka på denne bloggen.

skygger av Gro Trollet



Midt i en periode  der Paris er i full beredskap på grunn av attentattrusler rettet mot en kvinnelig lokalpolitiker, samt en bølge av bestialske drap på uteliggere av afrikansk opprinnelse, får norsk-franske Eva Levy, fersk løytnant i den berømte brigade criminelle i Paris, i oppdrag å etterforske mordet på en middelaldrende kvinne funnet død i Seinen. Hvorfor det er akkurat hun som får denne saken blir raskt oppklart, men hvilke bånd er det mellom den fattigslige kvinnen og to av Paris løse fugler i kontakt med foreningen «Barn av Don Quijote», en steinhugger og skulptør fra en landsby helt sør i landet, en nesten nitti år gammel skogseier og tidligere motstandsmann som tok fly fra Norge til Paris med håp i hjertet? Og hvorfor dukker journalisten Sarah Blanc stadig opp der etterforskningen pågår? Hvor begynte snøballen å rulle? Eva får etter hvert mistanke om at samtlige personer befinner seg i gråsonen mellom det sorte og det hvite, det gode og det onde, mellom det å være en helt og en forræder. Og at hun må langt tilbake i tid for å kunne løse mysteriet rundt det groteske drapet på kvinnen, hvis personlige historie vil vise seg svært overraskende.Leseren blir tatt med på en reise fra asfaltjungelen i Paris til Telemarks kyst- og bondemiljø.
Denne boka las eg rett før jul. Gripande, spennande og eit uforutsigbart plott. Trollet har laga bra krim her, og den neste boka skal eg òg lese. Omtalen min.

skyggedød av Anne Holt


En regnfull fredag ettermiddag i juli 2011 dør det åtte år gamle enebarnet Sander Mohr i sitt eget hjem. Foreldrene er utrøstelige. Kriminalpsykologen Inger Johanne Vik tror som alle andre at dødsfallet skyldtes en tragisk hjemmeulykke. Bare purunge Henrik Holme, nyutdannet politibetjent for seks uker siden, fatter mistanke: Alt var muligens ikke slik det skulle være i det resurssterke og tilsynelatende velfungerende hjemmet på en av Oslos beste adresser. Uten erfaring, men med stor viljestyrke og sikker teft, makter han å få med seg Inger Johanne i en etterforskning som skal vise seg fatal.I skyggen av den nasjonale katastrofen som rammet Norge den dagen Sander døde, forsøker de umake parhestene å nøste opp i en families skitneste hemmeligheter. Jakten på sannheten om åtteåringens død blir en brutal konfrontasjon med fordommer og unnvikenhet, skam og løgner, systemsvikt og menneskelig fornedring.Skyggedød er det femte og siste frittstående bind i serien om Inger Johanne Vik og Yngvar Stubø. Tidligere bøker i serien er Det som er mittDet som aldri skjer,Presidentens valg og Pengemannen. Serien er oversatt til 25 språk, og solgt i millioner av eksemplarer over hele verden.
Holt si bok skyggedød er både lettlest, men òg veldig vanskeleg å lese. Sidene flyr fort når du først blir henga, men temaet er så alvorleg at du ikkje gløymar boka med det første. Min omtale 

Eg kunne skrive i all æve, men eg trur ikkje eg skal halde på så alt for mykje lengre med bøkene eg har lese. Likevel, de bør lese den største straffen av Robert Wilson, englemakersken og ulykkesfuglen av Camilla Läckberg (pluss resten av serien, men dette er dei beste bøkene, heilt klart) og bøkene til Johan Theorin.

Seinare i år skal eg lese desse:

det syvende barent av Erik Valeur
Syv barn kom til verden på Rikshospitalets fødesal B. I månedene som fulgte fant frøknene på det berømte spedbarnshjemmet Kongslund nye familier til dem over hele Danmark, og de vokste opp uten å ane noe om sin egen fortid. Ett av barna bar på en hemmelighet som for enhver pris måtte skjules.
Da en eldre kvinne mange år senere ble funnet død på en strand like ved barnehjemmet, ble det opptakten til en sak som ville hjemsøke hele nasjonen: Hadde det ærerike barnehjemmet gjennom et halvt århundre skjult skandaler på høyeste samfunnsnivå? 
En sitrende spennende mordgåte flettes sammen med en sylskarp mediesatire.
 En onsdag i september blir Malin Fors tilkalt til et av de finere nabolagene i Linköping. Et gift par er funnet myrdet i boblebadet sitt. Deres fem år gamle adoptivdatter Ella er forsvunnet. Søket etter den lille jenta blir intensivt, og Malin og hennes kollegaer dras inn i en situasjon der grensene er utydelige. Mellom døde og levende, mellom godt og vondt.Malin Fors er sær, ordentlig, intuitiv og intelligent. Besatt. Stadig på flukt fra seg selv. Etterforskningen tvinger henne til å konfrontere sine egne demoner, og lysten på å la alkoholen viske ut virkeligheten er sterkere enn noensinne. Men de dødes stemmer lar henne ikke være i fred, og hun vet at hun ikke kan gi opp. Hun kan ikke svikte Ella.Dette er Kallentofts sjette roman og den første i en ny serie med Malin Fors i hovedrollen.
den mørke porten av Lars Mæhle
 Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på  fienden, ikkje minst sine eigne.
 en usynlig av Pontus Ljunghill

I 1920-tallets Stockholm går en lydløs og usynlig morder løs. En morder ingen ser, men som følger hvert skritt etterforskningen tar. Noe som skal komme til å koste kriminalkommissær John Stierna dyrt…

Stockholm, september 1928. En åtteårig jente blir funnet myrdet på et øde og forlatt verft på Djurgården i Stockholm. Mordet vekker stor oppstandelse, og pressen rapporterer daglig om etterforskningen. Den unge og lovende etterforskeren John Stierna får saken på sitt bord. Hvem drepte den åtte år gamle jenta?
Visby 1953. I en hotellbar på Gotland sitter Stierna og oppsummerer sin karriere, etter nettopp å ha gått av med pensjon. Mordet på den lille piken har for alltid brent seg fast i sinnet hans, og når en journalist oppsøker ham for å lage en story på hva som egentlig skjedde den høsten i 1928, rulles hele saken opp på nytt.
Vil Stierna rekke å finne den usynlige morderen før saken foreldes?
En usynlig er første boken ut i en avhengighetsskapende spenningsserie som utspiller seg i Stockholm på den første halvdelen av 1900-tallet.





søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...