Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg

lørdag 25. februar 2012

strøtankar på ein laurdag

Ein litt ny post eg vil prøve meg på heilt sjølv. Eg tenker til vanlig ganske mykje på ting om bøker og personane i bøkene og handlingane. Kanskje fordi eg sjølv ein dag vil skrive bøker. Derfor tenkte eg at eg skulle strø litt av tankane på bloggen, og dermed blir det strøtankar. Så her er første innlegg.

Harry Potter
Kven kjenner ikkje igjen dette velkjente ansiktet. Til og med eg, FØR eg byrja i 3. klasse og ikkje brydde meg døyten om Harry Potter visste at han her, han var ein fyr som heite Harry Potter. Sjølvsagt visste eg jo ikkje kva det handla om, men eg visste at det var poplulært, og kvifor det var populært, sei det.

Eg har nokre små teoriar om kvifor verda elskar Harry Potter. Nokre små tankar.

For det første, viss me hadde tatt vekk all magi i frå dette her, alt som heite magi, hadde Harry Potter vore ein vanlig gut som hata lekser, misslikte nokre lærarar og likte nokre andre. Han hadde gått på ein av Englands populære skular og hadde hatt venner og uvenner. Sånn som nå. Einaste litt uvanlig viss me hadde tatt vekk magien hadde vore møta med Humlesnurr og det at han ikkje liker sommarferiar, men alle hovudpersonar har jo sine særtrekk.

Bare det, at midt inni det kaotiske livet han lever på Galtvort, at forfattaren då kan ta fram ein liten konflikt som lekser, der han og Ronny sit og skal føre draumedagbok for ein eksentrisk og drøymande professor, og i tillegg gjer dette med humor, gjer at me kan verkeleg kjenne oss igjen. På tross av mykje magi, på tross av at han har eit lynarr i panna og er "the chosen one" så går det an å kjenne seg igjen.

Rumpeldunk for eksempel er eit glimrande eksempel. I vår verd har me fotball, og kva har dei som underhaldning der? Rumpeldunk. Forfattaren erstattar ting. I andre fantasy-seriar er det for mykje fantasy, for lite av det meir kvardagslige som skule, lekser og vanlig underhaldning som me kan kjenne oss igjen i. I tillegg er det dette med fritid og lekser og at det er fleire organisasjonar på Galtvort som elevar kan vere med i.

Det å kjenne seg igjen i ein person som Harry Potter må heilt klart ha hatt ei stor rolle å spele i at dette blei populært og den tørre humoren om alle gompetinga. Ting som me synes er normalt er for trollmenn unormalt, og J. K. Rowling beskriv det på ein humoristisk måte. Som til dømes at Ronny synes det er morosamt at det går an å gå på to trefliser, det er det han kallar det når Hermine skal stå på ski i juleferien. Slike ting kan ha mykje med popularitet å gjere spør du meg.

Og derfor elskar eg òg Harry Potter - serien. Beste fantasy-serien som er laga spør du meg.

torsdag 27. oktober 2011

bok: Harry Potter and the deathly hallows by J. K.Rowling

HARRY POTTER AND THE DEATHLY HALLOWS
Harry Potter skulle nå ha byrja på sitt sjuande år på Galtvort, men i staden for må han reise ut saman med Hermine og Ronny for å leite etter malacruxane og for å bekjempe Voldemort, men ingen av dei er forbedredt på alt som skal skje.

Å, sikkert tredje eller fjerde gongen eg byrjar på boka på engelsk, men første gongen eg les ho ut. Fantastisk bok som verdt å lese. Eg veit ikkje kvifor, men eg synes at Harry Potter er mykje betre på engelsk enn norsk. Namna og stadene og alt saman er betre, Veit ikkje kvifor eg synes det. Innleiinga i denne boka er jo kjempebra. Går rett på og det er spenning i frå byrjinga og nesten til slutten. (utan om siste kapittelet) Den scena når dødsetarane sit og planlegg og utvekslar kva dei har høyrt om kor tid Harry skal flyttast er veldig bra og det er nesten som om du allereie der kjenner at "Uææææ, skummelt." Og så held det bare fram sånn med flukten på dystralar, sopelimar og motorsykkelen som Gygrid brukar og spenninga i Hiet når Harry er skjult der og bryllaupet. Det er absolutt ingen tydelig skilnad mellom innleiing og hovvuddel og hovuddel og avslutning. Alt er flette inn i kvarandre og går alltid tilbake til det same. Også er det nokre små pausar utan noko veldig spenning, men som er veldig morosamme. Eg ser alltid fram til kaapittelet der dei høyrer på Pottervakt med Lee Jordan (Laffen Styx), Fred og Georg (Frank) og Lupin og Kingsley Shacklebolt. (Lupus og Nestor Bindebolt) Er eigentlig litt i mot og blande engelske namn inn når eg skriv på norsk, men nå har  eg lese på engelsk så då gjer eg det av og til.

Eg synes òg at omslaget på denne boka var heilt fantastisk i forhold til det på den norske boka. Det seier veldig mykje, baksideteksten, hadde det vore første gongen eg las boka, hadde eg blitt så nysgjerrig at eg ikkje kunne vente!

Elsker verkeleg denne boka!! (best på engelsk, anbefaler å lese desse bøkene på engelsk viss dykk er så gode i språket at de slepp og slå opp alle orda i ei ordbok)




torsdag 21. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og ildbegeret bok/DVD

Harry Potter og ildebegeret er den fjerde boka i serien om Harry Potter og ei av mine sfavorittbøker i frå den serien. I denne boka skjer det så mykje heile tida og eg elsker ho. Alt er så knytta saman og det går ein fin raud tråd gjennom heile forteljinga. Alt skjer i samanheng med hovudtemaet og det er ikkje sånn at du tekjer "Kvifor skulle dei ta med det? Det høyrer ikkje til." Til og med det med at Hermine Grang har oppretta HIKK som kjemper for husnissar har noko å seie. I tillegg er det ein stor dose humor med journalisten Rita Slita og med Malfang som blir transfigurert.

Harry Potter vaknar ein morgon/ei natt av at det verkar i arret på panna igjen og etter det skjer det bare meir og meir som ikkje er som det skal vere. Opprøret på Verdscupen i Rumpeldunk og mørkets merke som viser seg op himmelen igjen for første gong på tretten år. Og at namnet til Harry blir trukke opp av Ildbegeret for at han skal vere med på tretrollmannsturneringa. Harry må i gjennom større prøvelsar enn nokon gong og bare for å få vite at han har hamna u fella til den trollmannen han fryktar mest av alle.

Filmen er ikkje like bra som boka, men den er bra. Eg såg han då eg var elleve trur eg og eg såg den utan problem. Eg forstår ikkje korleis eg greidde det nå, men eg har alltid synes at denne filmen er ein av dei beste i motsetning til mange av dei andre. Halvblodprinsen og Mysteriekammeret er ikkje så bra som denne og Dødstalismanene del 1. 
I dag tar eg med litt bileter under her. 

onsdag 20. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og fangen fra Azkaban

Harry Potter og fangen fra Azkaban er den tredje boka i serien om Harry Potter. Eg vil eigentlig ikkje seie så mykje om kva den handlar om og alt det der fordi eg synes det skal forbli hemmelig for alle dei som ikkje har lese Harry Potter -bøkene eller sett filmane. Rett og slett for alle dei som bare git blaffen i Harry Potters univers. Sånn som meg for fem eller seks år sidan. Harry Potter var ein person som eg ikkje brydde meg om å kjenne til, men nå skulle eg gitt alt for å få brevposten med Harry Potter på som me gidde til ein for mange år sidan. Eller ikkje alt, men det hadde vore kjekt å hatt. (men kva skulle eg brukt brevposten til i desse e-post tider?) 


Boka er i alle fall bra og eg forstår dei som synes at dette er den beste (inkludert Daniell Radcliffe). Eg er kanskje ikkje heilt einig i denne vurderinga og liker best Harry Potter og dødstalismanene og Harry Potter og ildbegeret.

Nå går eg litt utanfor temaet her, men det eg skulle seie var at denne er mykje betre enn dei to første som eg allereie har skrive om og det var meir spenning i denne boka rundt det som skjer.

Filmen er bra. Sjølv om den held seg veldig til boka denne òg skjer det litt meir overraskande ting og den er ikkje like langtrukken som Harry Potter og mysteriekammeret.

Mai Lene

tirsdag 19. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og mysteriekammeret bok/film


Hei. Eg lote å legge ut eit innlegg om Harry, Hermine, Lulla og Nilus i går, men det er rett og slett ikkje tid til det så det kjem ein presentasjon seinare ein gong om alle personane eg hadde tenkt å skrive om. Men over til dagens tema. 

Harry Potter og mysteriekammeret er den andre boka i serien om Harry Potter og Harry reiser nok ein gong tilbake til Galtvort, men denne gongen med ei åtvaring i bakhovudet i frå husnissen Noldus (Dobby). Men ingeting ser ut til å gå som planlagd. Ronny Wiltersen (Ron Weasly og Harry kjem til Galtvort i ein flygande bil og får skikkelig "juling" i frå Severus Slur (Severus Snape). Skuleåret byrjar elles som vanlig, men det er noko som trugar Galtvort og når Harry sit i arrest den eine kvelden høyrer han ei merkelig stemme i frå veggane som ingen andre kan høyre. Rett etterpå finn dei Argus Nasks sin katt fru Hansen (mrs. Norris) forsteina i ein av gangane saman med ei bodskap om at Mysteriekammeret er opna på nytt og at alle gompefødte skal vokte seg. 
Overfalla bare held fram og Harry må til slutt sjølv inn i kammeret. 

Filmen er er eigentlig veldig kjedelig og langtrukken synes eg. Han held seg - som den førre - litt for mykje til boka og du føler at dette har du opplevd mens du las òg. Det verkar som om dei ikkje utelet ein einaste ting i frå boka og då blir det litt kjedelig. 

Mai Lene

mandag 18. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og de vises stein Bok/DVD

Fakta: Harry Potter og de vises stein er den første boka i serien om Harry Potter - guten som overlevde. Den blei gitt ut i 1997 på engelsk og kom til Norge i 1999. Boka blei ein stor suksess og i 2001 kom filmen til boka.

I denne boka kjem Harry som elleveåring til Galtvort tynn og ein anelse sjenert kanskje. :) I denne boka er Harry litt den snille rolige guten i byrjinga. Han er guten som flyktar i frå fetter Dudleif når han bruker han som boksepute. Men han er òg guten som overlevde. Noko han sjølv ikkjeer klar over før han er elleve. Etter kvart som tida går og han kjem til Galtvort blir han meir vågelig. Eg synes at Harry er litt søt i denne boka. Eg elsker forandringa som skjer med ein gong han møter Malfang og han gjer alt han kan for å få has på han. I tillegg så er kanskje Ronny med på å gjere noko. Og Hermine sjølv om ho har litt for mykje respekt for regler. Etter dei møter hunden med tre hovude så er ho kjempesint og vil helst ikkje snakke med verken Harry eller Ronny lenger. Det forandrar seg jo litt etter at dei redda henne i frå eit troll. Etter det er dei vener og går gjennom det meste saman. I denne boka kjemper Harry for andre gong mot Voldemort og han finn ut meir om korleis foreldra døydde, Han blir på ein måte litt meir vaksen i denne boka etter den kampen på slutten og det er som om det gjer litt med han.

Filmen er veldig bra. Når du har sett Harry, Hermine og Ronny store i dei andre filmane som har kome så er det så rart å gå tilbake til denne filmen når dei plutselig er så "små." Hermine er veldig spesiell i byrjinga og eg liker veldig godt ein av replikkane hennar etter det ufrivillige møte med hunden med dei tre hovuda. "We could have died or worse: excpelled." Dette viser bare kor opptatt ho er av å vere på denne skulen. Ho er fantastiks smar og ein besserwisser vil eg kalle det. Alle skodepelarane gjer det fantastisk bra og dette er ekte Galtvort-stemning med Humlesnurr og McSnurp og den fine musikken dei spelar når det er jul på Galtvort. Alt på slutten gjer at alt blir perfekt avrunding med spennande musikk, sjakk og ein mann med to ansikt.
Det einaste som er litt dumt med filmen er at den held seg til mykje til boka og det kjem ikkje noko uventa inn i han.

Mai Lene

Starta

Hei. I dag startar Harry Potter veka her. Det vil kome innlegg seinare i dag om Harry Potter og de vises stein (film og bok) og eit innlegg om Harry Potter, Hermine Grang, Nilus Langballe og Lulla Luneskjær. Grunnen til at Ronny og Gulla ikkje blir med i dag er fordi eg tenkte å ta for meg litt av Wiltersen-familien i morgon saman med Harry Potter og mysteriekammeret. 

Mai Lene

tirsdag 12. juli 2011

forfattaren i juli

Viss du har sett på sida om faste innlegg ser dykk at annan kvar månad kjem det ut litt fakta om ein forfattar. Gi meg gjerne tips til nye forfattarar eg kan lese bøker av og finne meir ut om! Nå har eg  lagt ut ei liste over alle forfattarane eg har lese bøker av her på bloggen + litt fleire. De finn dei under sida som heiter Forfattarane. Viss de då har lyst at eg skal skrive om ein av dei så kan de legge det igjen i kommentarfeltet på den sida eller under dette innlegget.

J. K. ROWLING
Joanne "Kathleen" Rowling blei født 31. juli 1965 i Yate i Gloucesterschire som ligg 16 kilometer nord-aust for Bristol. Ho var dotter av Peter James og Anne Rwoling og hadde ei to år yngre søster som heite Dianne. J. K. Rowling gjekk på St. Michael pimary school og rektoren som var på skulen då ho gjekk der, Alfred Dunn, er kanskje inspirasjonen til Albus Humlesnurr.

Då Rowling var lita skreiv ho fantasyhistorier som ho las for den yngre søstera si, og i tillegg elska ho og lese bøker. Det var Jessica Midtford som trona høgast og Rowling las alle bøkene hennar. Midtford blie Rowlings heltinne.

Då Joanne i 1990 tok toget i frå Manchester til London kom ho på idèen om Harry Potter. Ein foreldrelaus gut som var spesiell. På den togturen har det blitt sagt at J. K. Rowling laga heile historia om Harry Potter inni hovudet sitt. Rett etterpå døydde mora til Rowling etter ein hard kamp mot multippel sklerose. Dette fekk Rowling til å gå meir inn på korleis Harry sakna foreldra sidan ho visste korleis det var å miste nokon.

Seinare flytta Joanne til Portugal for å vere lærar i engelsk og der gifta ho seg med Jorge Arantes og 1993 fekk dei Jessica Isabell Rowling Arantes som er oppkalla etter Jessica Midtford. I november same år blei Rowling og Arantes separert og Rowling flytta med Jessica til Edinbugh for å kome nærare systera. I denne tida fekk ho diagnosen klinisk desperasjon og overveide sjølvmord noko som gav ho idèen til desperantane; dei som suger all glede ut av folk.

I 1997 blei første boka gitt ut under Pseudonymet J. K. Rowling. J står for Joanne som er hennar første namn, men forlaget ville ha med ein til bokstav sånn at gutar òg kunne lese bøkene. Forlaget var nemlig redde for at bøkene ville selge mindre om folk trudde det var ei dame. På grunn av dette tok Rowling med initialen K etter bestemora si Kathleen. Seinare har ho gifta seg og som gift heiter ho Joanne Murray.

Harry Potter blei ein stor suksess over heile verda og bøkene solgte i milionar. Det blei fleire og fleire og i 2007 kom den siste boka ut. I tilleggg til bøkene har filmane òg blitt ein stor suksess nå i 2011 blir den siste filmen vist på kino.

J. K. Rowling som var fattig før er nå blitt mange milionar rikar på grunn av denne spesielle guten som overlevde.

Kjelde: Wikipedia

mandag 11. juli 2011

Harry Potter-veke

Jepp, du leste riktig. Nå neste veke tenkte eg å ha ei Harry Potter-veke der eg tar for meg ei bok og ein film kvar dag. Me byrjar på bok #1 og held fram til søndag med bok #7. Eg har ikkje tenkt å lese alle, men skrive om dei. Eg kom på det sidan den siste filmen har premiere på onsdag. Og ja, eg veit eg burde hatt det denne veka sidan premieren er nå, men eg skal ikkje sjå filmen før på søndag og eg må ha med meg den for å kunne skrive om den. Som ein litan tjuvstart blir månadens forfattar J. K. Rowling og det kjem eit innlegg om ho i morgon.
I tillegg i den veka blir det litt om dei forskjellige personane og andre ting.

Kos dykk med bileta under her.
Mai Lene

fredag 24. juni 2011

Pottermore

For nokre dagar sidan blei det oppretta ei side med namnet pottermore. Det er visst nok J. K. Rowling som har hatt lyst til å lage denne nettsida  og i går blei løyndommen bak avslørt! Eg har ikkje fått så veldig mykje med meg, men går du inn på nettsida til bokelskerinnen så finn du ut meir. 

Mai Lene

tirsdag 21. juni 2011

Lydbok: Harry Potter og de vises stein av J. K. Rowling (lese av Torstein Bugge Høverstad)


Harry Potter er eit år når han blir lagt igjen utanfor huset til tanten og onkelen og då veit han ikkje at dei neste ti åra skal han leve på løgner om at han er ein heilt vanlig gut og at foreldra døydde i ei bilulukke. Nei, han veit ikkje ein gong at han er ein trollmann. Ikkje før Gygrid kjem og då byrjar hans magiske eventyr som trollmann på Galtvort skukle for hekserie og trolldom. 
Bli med Harry og vennene hans og finn meir ut om den sure eliksirlæraren, Nikolas Flammel og Nussi. 

Boka er veldig bra og når den blir lese på lydbok sånn som dette er det nesten som å kome inn i magiens verd. J. K. Rowling er ein super forfattar og sidan femte klasse har Harry Potter bare vore best. Når då i tillegg Torstein Bugge Høverstad kjem inn og les denne fortryllande historia så blir det endå betre. 

Boka anbefales både som lydbok og vanlig bok!

Eg har òg høyrt veldig mykje bra om han som les bøkene på engelsk og ein gong skal eg høyre ei på engelsk òg, men eg har framleis ei på norsk som eg skal få høyrt og det er Harry Potter og halvblodsprinsen. Eg gler meg allereie. 

Dette blir trulig den siste boka eg skriv om før eg skal på ferie, men når eg kjem tilbake håpar eg på å ha fått mange nye bøker å skrive om. På torsdag så kjem eg til å jukse litt med Boktema hos Anette A-Å og ta heilt i frå N-P fordi eg ikkje får gjort dei seinare. Det blir liksom ein liten spesial då. Eg har òg hatt min siste It`s Monday! What are you reading og Smakebit på en søndag på veldig lenge. Boktema hos Anette blir antagelig vis det siste eg kjem til å legge ut!

Mai Lene

mandag 23. mai 2011

Så glad er eg i Harry Potter...


Eg fekk gaveoverrekkelse i ein av sangane i konfen og ein av gavane var eit bilete av Harry Potter og eit par med "hornbriller" som eg trur onkelen min har hatt. Eg hugsar at eg sa ein gong: "Onkel, med dei brillene ser du ut om Jackob Potter." Alle byrja å le då eg sa det og eg det må vere noko av det tante og onkel tenkte på då eg fekk gåva av dei. Nå er eg kjempefornøgd og kan sjå på min magiske helt kvar dag før eg sovnar viss eg vil. (trur ikkje eg kjem til å gjere det då...)
Mai Lene

søndag 8. mai 2011

Smakebit på en søndag #8



HARRY POTTER AND THE DEATHLY HALLOWS

"Expelliarmus!" Harry yelled.

"That's him, it's him, it's the real one!"

The hooded Death Eater's shout reached Harry even above the thunder of the motorbike's engine: next moment, both pursuers had fallen back and disapeared from view.




- opne boka du les nå

- finn eit utdrag du vil dele med learane av bloggen din (ver forsiktig, ikkje del noko som avlsører for mykje. Det kan vere nokon vil lese boka etterpå)

- Legg igjen linken til innlegget hjå Ladybug. Ho samlar alle smakebitane

tirsdag 26. april 2011

topp 3 fantasifulle personar i bøkene

Klar for ny topp 3 igjen og denne gongen er det fantasifulle personar som står for tur.


Her er dei:


nummer 3:

Svinton Slipprush

Eg fann dessverre ikkje noko godt bilete av han, men eg kan seie at han er sjåføren på Fnattbussen i Harry Potter og fantaserer om å blit den yngste magiminsteren i historia i den fjerde boka. Han har god fantasi og fantaserer mykje om å bli berømt ein dag han òg.


nummer 2

Anne Shirley

Anne Shirley er som kjent ei som kan både snakke og fantasere og ho har svært livlig fantasi som ho utnyttar til dei grader.













nummer 1!!!!!!!!!

Lulla Luneskjær

Lulla er den kulaste personen i heile Harry Potter-serien etter mi meining. Ho er både sprø og fantasifull og trur verkeleg at det finnes krøøhorna snørkjuker. Ho fantaserer mykje om andre snåle ting òg som ikkje finnes! Også er ho usedavanlig sprø og minnar meg om meg sjølv!
Ho bryr seg heller ikkje om kva andre synes om henne!


:D:D:D

torsdag 14. april 2011

TOPP 3, førebilete i bøkene


Tenkte å ha noko nytt i dag: dine topp tre førebilete i frå bøkene du har lese! :) Nå er de vel spente! :)






TREDJE PLASS:

Albus Humlesnurr

Fem gode grunnar for tredje plassen:

god humor

god moral

gir god støtte til andre

direkte

god med magi





ANDRE PLASS: HERMINE GRANG






Elsker denne jenta, Ho er livlig, pliktoppfyllande, teperementsfull og skuleflink. Ho er kanskje litt skrytet og litt sjefete i den først boka, men eller er ho bare topp! :)









FØRSTE PLASS: VERDAS FLOTTASTE PERSON, JESUS!







Han er hovudpersonen i verdas med berømte bok og eit flott førebilete for alle. Han gjorde meir for meg enn nokon andre nokon gong kjem til å gjere. Eg er ikkje redd for å seie at eg trur at denne fantastiske personen finnes i dag og at han døydde for at eg skal få møte han. Og det er det påsken handlar om. I dag er det palmehelga byrjar og påsken og då skal me huske på dette fantastiske førebilete me har! :)




:D:D:D

Temmelig hemmelig!!!!!


HARRY POTTER AND THE ORDER OF THE PHOENIX AV J. K. ROWLING

Denne Harry Potter-boka er full av ting som er hemmelige og farlige. I frå å vere ein gut som ikkje visste at Galtvort, djevelsnarar og rumpeldunk fantes har han nå stått foran fleire farar enn dei fleste voksne trollmenn og i denne boka er han på kant med både magidepartementet og magiministaren, eliksirlæraren og sist, men ikkje minst: Læraren i forsvar mot svartekunster! Dolorosa Uffert er i mot praktisk bruk av magi i timane, noko som er starten på Humlesnurr-legionen og kampen for å få magidepartementet til å tru på at Vodemort er tilbake, noko som viser seg å vere usedvanlig vanskelig. I tillegg står både Harry og vennene ovanfor større farer enn noko gong.

Eg valgte å lese boka på engelsk fordi eg synes at desse bøkeneer best på engelsk og det er spennande å prøve. Boka anbefales!


:D:D:D


Ps. Har du lese boka kan du utrykke di meining under innlegget. Huk av i ei av rutene under her. :D

søndag 10. april 2011

smakebit på ein søndag #5


Eg veit at dette høyres sløvt ut, men boka eg les er framleis:

HARRY POTTER AND THE ORDER OF PHOENIX

"You have done weel to me this," said Harry. "Very well...I have wasted months on fruitless schemes, it seems...but no matter... we begin again, from now. You have Lord Voldemort`s gratitude, Rockwood..."


Bli med på ein smakebit på ein søndag du òg!


- opne boka du les i nå

- finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen (ver forsiktig, ikkje del setningar som avslører for mykje. Då kan det øydelegge for dei som ønsker å lese boka

- legg igjen koblinga til innlegget hjå Ladybug

søndag 3. april 2011

smakebit på ein søndag #4


HARRY POTTER AND THE ORDER OF THE PHOENIX

"There was laughter inside his own head, shrill, high-pitched laughter... he could smell the dementors putrid, death-old breath filling his own lungs, drowning him - think ... something happy... "

Bli med på "en smakebit på en søndag" du òg

- opne boka du les i no

- Finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen (ver forsiktig, ikkje del setningar som kan avsløre for mykje, då kan det øydelegge for dei som ønsker å lese boka)

- Legg igjen linken til innlegget ditt hjå Ladybug. Ho samlar alle smakebitane

mandag 7. februar 2011

Some days at Hogwarth

Nokre dagar på Galtvort med Harry Potter&co er alltid kjekt! Denne gongen blei eg dradd inn i Tretrollmansturneringa!
HARRY POTTER AND THE GOBLET OF FIRE
Harry Potter er nok ein gong tilbake på Galtvort, og denne gongen kjem det nye utfordingar som er vanskeligare enn nokon gong før. Den anbefales på det sterkaste og er heilt klart ein av dei beste bøkene i serien!

søndag 6. februar 2011

Smakebit på ein søndag nr 1

Ein søndag på Galtvort er alltid spennande og denne gongen foregår det heile på engelsk Harry Potter and the goblet of fire (Harry Potter og ildbegeret).

"If?" whisperd the first voice. "If? If you follow the plan Wormtail, the Ministry need never know that anyone else disapeard. You will do it quietly and without fuss; I only wish that I could do it myself, but in, my present condition... come, Wormtail, one more obstacle removed and our path to Harry Potter is clear. I am not asking you to do it alone. By that time, my faithfull servant will hve joined us-"

Bli med på "ein smakebit på søndag" du òg!

  • opne boka du les
  • Finn nokre setningar du kan dele med lesarane dine (ikkje finn eit avsnitt som røper for mykje
  • gå inn på Ladybug og legg inn ein link til innlegget ditt!

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...