Viser innlegg med etiketten tematrio. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tematrio. Vis alle innlegg

mandag 2. januar 2012

Tematrio - nyttårsløfter

I dag på tematrio har me blitt bedt om å legge ut nyttårsløfter til det nye leseåret. Eg har nokre få som eg skal prøve å halde. 

  1. Halde fram med å tipse dykk om forfattarar. Til nå har eg fortalt dykk om Bjørn Sortland, Lucy Maud Montgommery, J K Rowling og Anette Munch. Nå skal eg halde fram i det nye året med dette og håpar det vil følge med. 
  2. Skrive bokmeldingar her om alle bøkene eg les. I 2011 var det dessverre nokre bøker eg ikkje skreiv om, men dette året skal eg prøve å bli flinkare. Bokmeldingar skal kome og eg har tenkt å love dykk å bli flinkare med det. 
  3. Hugse på alle vekentlige utfordringar. Eg har vore med på fleire utfordringar i 2011 som en smakebit på søndag, boktema hos Anette, Tematrio og it's Monday! What are you reading. Eg skal prøve å bli flinkare til å følge det opp, men eg kan ikkje love, men prøve er vel lov?


mandag 7. november 2011

Tematrio - serier

På bloggen Lyrans noblesser er det kvar veke noko som heiter tematrio der du laga er ei liste på tre ting etter eit tema. Denne veka er temaet seriar.


Før syntes eg det var kjempekjekt å lese seriar, men nå trur eg eg liker meir enkeltståande bøker, men framleis har eg nokre favorittseriar. Sidan (eg trur) eg har hatt veldig mykje om Harry Potter før og sikkert nesten alle veit at det er min absolutt favoirttserie, går me litt vekk i frå den og over på andre seriar.


  1. Eg syntes at Skammarserien var skikkelig bra og fengande. Lene Kaaberbøl skriv verkeleg bra og eg var heilt med gjennom alle bøkene. 
  2. Twilight var ein serie som fenga meg. I byrjinga var det den beste serien eg kunne tenke meg og eg var heilt på hekta på bøkene gjennom heile 7. trinn og mykje av 8. Nå liker eg ikkje twilight like mykje lenger, men eg har tenkt å sjå den siste filmen. 
  3. Den tredje på lista er ein serie som eg ikkje er like glad i nå lenger fordi eg synes ikkje dei er like gode som det eg syntes før, men eg var skikkelig hekta på frk. Detektiv og Nancy Drew. I alle fall dei eldste bøkene. Eg er ikkje like glad i dei nye bøkene som har kome der det er i 1. person Og eg liker ikkje dei som Nancy Drew som ung, fordi dei er for enkle. Nei, den aller beste Nancy Drew boka var den første eg las som eg ikkje hugser kva heiter lenger. =(
Mai Lene

onsdag 2. november 2011

Tematrio Halloween

Nokre av bokbloggarane har kvar veke ei liste på tre punkt over noko med bøker, og eg tenkte eg skulle prøve meg og sjå korleis det er. Denne veka er det Halloween som står for tur og me skal fortelje om tre skremmande romaner/noveller etc.

1. Hugsar at då eg las Isfuglen av Lene Kaaberbøl var eg av ein eller annan grunn vettskremd nestenm. Dei to første bøkene var kjempespennande og så kom den siste, og den var skikkelig nervepirranda. Eg hugsar ikkje så mykje av boka eigentlig utanom at eg var kjemperedd då eg las ho.








2. Var kjemperedd då eg las om trollet som kom seg inn på Halloween i den første Harry Potter-boka. Sat og tenkte: "Korleis går dette?" Harry Potter-bøkene er vel veldig Halloween, særlig bok nummer ein, og toder dei møter eit troll og er på 500 års dødsdag.









3. Heaven av Christoph Marzi er vel ei typisk bok å lese rundt Halloween. Har så vidt fått byrja, men nå skal eg prøve å lese ho så får me sjå, men til nå er det ei typisk "Halloween-bok."

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...