onsdag 29. februar 2012

oppsumering februar

Bøker lese i Februar
Ni leste

- den usynlige broen av Julie Orringer
- en aften på Kreta og andre fortellinger av Victoria Hislop (novellesamling)
- en svunnen tid av Kate Morton
- sommerøya av Elin Hilderbrand
- orkideens hemmelighet av Lucinda Riley
- krystallslottet av Jeannette Walls
- hallo elsk meg da av Johanna Thydell
- et sted i nærheten av Cecelia Ahern
- blomstenes hemmelige språk av Vanessa Diffenbaugh

Kjønn
Denne gongen er det òg vanskelig å telje opp, for i bøker som sommerøya og orkideens hemmelighet og spesielt i en aften på Kreta (som eg ikkje tel med) er det fleire hovudpersonar, men utanom novellesamlinga så blir fordelinga slik:

3 menn/16 damer - heilt tildelig, og eg er ikkje så nøye på å likestille det heller.

Land etter forfattarar
Storbritania: Victoria Hislop
Irland: Cecelia Ahern, Lucinda Riley
Australia: Kate Morton
USA: Elin Hilderbrand, Vanessa Diffenbaugh, Julie Orringer
Sverige: Johanna Thydell

Land forfattarane tok meg med til
England, Ungarn, Ukraina, Frankrike, Hellas, Kypros, USA, Thailand, Sverige og Irland og Her.

Favorittperson
Denne gongen blir det Victoria i blomstenes hemmelige språk eller Julia eller Lydia i orkideens hemmelighet. 


Bøker eg ikkje fekk lese 
Ingen spesielle, sjølv om det har hopa seg opp eit stort lager nå av bøker som eg må få lese

Mål vidare
Lese ferdig før jeg sovner og få lese  den hvite dronningen av Philippa Gregory. I tillegg må eg få byrja på dei nye bøkene eg har kjøpt meg.

Status forteljng
Nå har Maria og Giovanni (året er 1735, og det er rundt Marias 10-årsdag) funne ein gut, og tre år etter det skal Maria møte sin forlovede Edward Middleton som kjem til godset deira på Sicilia i frå England. I tillegg har makta på Sicilia flytta seg i frå Austerike til Spania. For å sjå kva som har skjedd tidligare, så gå her. 

Ideen til denne lista fekk eg på bloggen my first, my last, my everyting, og så har eg lagt på nokre ekstrapunkt som eg ville ha med. 


tirsdag 28. februar 2012

Bok: blomstenes hemmelige språk av Vanessa Diffenbaugh


Victoria har tilbrakt hele barndommen i forskjellige fosterfamilier og har aldri latt noen få komme nært innpå seg. Blomstene og deres betydning er blitt hennes måte å kommunisere med verden på. Som 18-åring bor hun i en liten avsidesliggende park i byen, der hun har skapt sin egen hemmelige hage. En dag møter hun blomsterhandleren Renata som blir imponert over Victorias  kunnskaper om blomsterspråket og evne til å sette sammen vakre talende buketter. Hun tar Victoria med til blomstermarkedet, der Victoria møter en mystisk ung mann som skal vise seg å ha forbindelse med fortiden hennes. Snart må Victoria ta et farlig valg - tør hun å satse alt for å finne lykken?
Vanessa Diffenbaughs roman er en rørende og medrivende historie om kjærlighet, tilgivelse og forsoning - og den fir et fascinerende innblikk i det viktorianske blomsterspråket. Boken ble allerede før utgivelse solgt til 27 land, gikk rett inn på bestselger listene og er blit lovprist av et unisont internasjonalt anmelderkorps. 20th Century Fox har kjøpt filmrettighetene til boken. 
Blomstenes hemmelige språk begynte eg på i går kveld og vart ferdig med nå nettopp, og sagt rett ut: Den er herlig, fin, ei perle, og eg bare elsker denne boka. Blomar får alltid fram litt romantikk, og særleg i denne. Eg synes det er dyktig å skrive denne romanen. Sjølv visste eg bare at raude roser var teikn på kjærleik og gule roser er noko som, viss du tenker på betydninga, ikkje bør gi vekk, for det tydar utroskap.

Dette er heilt klart ein av dei beste bøkene eg har lese dette året, og alt i frå omslag til skrivemåte til personane fengar meg. Veldig kjekt å kunne leve seg inn i denne boka, og det var ein interessant måte ho var oppbygd på. Me blei tatt med ni år tilbake i tid til då Victoria kom til Elizabeth i ein av fosterheimane og til det som skjedde der, samstundes som at me får høyre om alt som skjedde då ho blei atten og byrja å sove ute og møtte Renata.

Alt med denne romanen var fascinerande og spennande. Handlingsgangen og skrivemåte og særleg Victoria. Sidan det med fostarheimar er noko eg synes er spennande og sånn desse barna/tidligare forsterbarna føler det, var det kjekt å lese om korleis Victoria hadde blitt etter alle åra med bytte i frå fosterheim til fosterheim og kor uvant ho var med å bli rørt og elska av andre. Sjølv vil eg bli barnevernspedagog, og eg håpar på å ikkje bli som Meredith, som hadde ansvar for Victoria. Formaningar, formaningar og formaningar før ho leverte henne. Ho får ikkje til mykje på skulen, ho er ulydig, dette kjem ikkje til å vare lenge. Rett og slett eit svært følelseslaust menneske.

Renata var ein betre person og eg likte vermåten hennar og alt ho gjorde for Victoria. Ho var snill og roste henne og var kanskje starten på kontakten med dei andre personane i boka. I tillegg står det om en mystisk ung mann på bakside, og den historia er det bare å glede seg til. Mykje spenning i heile boka, om så ikkje pistolar og politijakt og biljakt, så ein annan spenning som eg kanskje vil definere som psykisk. Kva vel Victoria? Gjer ho det rette? Les boka så finn du det ut.

Smakebitar i frå boka:
Astrid Terese
Anette

Andre omtalar
Astrid Terese
Anette
Bokelskerinne
Beathe

Nytt design

Hadde eigentlig bestemt meg for at eg ikkje skulle bytte igjen, hehe, men så fann eg denne nettsida, og så bare ville eg bytte. Kan ikkje anna enn å gi ein stor takk til Gråbekka som viste meg linken til nettsida. TUSEN TAKK!

mandag 27. februar 2012

Bok: Et sted i nærheten av Cecelia Ahern

Før omtalen begynnerr har eg eit lite spørsmål til alle som er gode med bloggdesign osv. Eg har ein annan blogg, http://whatafeeling.blogspot.com/, der eg kunne tenkt meg eit anna design, og så har eg sett så mange nydelige og fine, så eg lurte på, er det nokon som veit korleis me får eit slikt design, enten nokon som lagar eller korleis det går an å lage sjølv. Spesielt på bloggane flykten fra virkeligheten og Gråbekka's blogger og bokelskerinnen synes eg det er nydelig design. Så viss de har nokre tips, så bare sei i frå.

Så til omtalen

Lurer du noen gang på hvor det blir av alt som forsvinner?
Det gjør Sandy Shortt også. Helt siden en klasseveninne forsvant for mer enn tyve år siden, har Sandy vært besatt av å  finne ting som har forsvunnet. Så snart noe er funnet, går hun i gang med å lete etter neste sokk eller neste nøkkelsett. Etter hvert begynner hun også å lete etter savnede personer, og gir desperate familier et snev av håp. 
Så en dag forsvinner Sandy selv. Hun snubler over stedet og menneskene hun har lett etter hele livet, en verden som er fjern  fra den hun kjenner og menneskene hun er glad i. Endelig får hun svar på noen av de spørsmål som har hopet seg opp i henne. Men Sandy faller snart tilbake til gamle vaner -- hun begynner å lete. Denne gangen etter veien hjem. 
Eg tenkte då eg las denne boka at me hadde utgjort eit morosamt tospann meg og Sandy. Ho er over 180 cm, eg er nesten 162, ho har mørkt hår og eg har lyst, og den viktigaste forskjellen, ho leitar iherdig etter alt, eg gidder ikkje. Eg veit ikkje om eg, som er eit sosialt vesen (sjølv om eg les bøker) hadde greidd å vere veninne med Sandy Shortt som stadig reiser vekk utan å seie i frå. Ho verkar som ein usosial og nesten folkesky person og ingen veit kor ho er til ei kvar tid, ingen kjenner henne heilt igjennom.
Kanskje at dette er grunnen, i motsetning til alle dei andre forsvinningsofra, at ingen merkar at ho er forsvunnen. Det skjer stadig vekk. Politiet bryr seg ikkje, og ikkje mange andre heller.

Å finne på ei historie som dette må er veldig kreativt, og eg klør meg ofte i hovudet over alle dei parlause sokkane som ligg på rommet mitt, og kor lånekortet mitt til biblioteket er. Det tok litt tid før folk ikkje spurte etter lånekort, men automatisk skreiv inn namnet mitt. Uansett, eg er ikkje den som leiter heller, men eg tvilar på at det havnar i Her som staden med dei forsvunne tinga heiter. Og sjølv etterforskar eg ikkje heile huset for å finne ein sokk, sånn som Sandy.

Denne boka er jo av topp klasse, og for å innrømme det, den aller første bok eg les som kjem i frå Irland. Og det var spennande. Nå kan eg litt fleire stadsnamn der og litt meir om landet. Dei siste sidene i denne boka fløy nesten av seg sjølv, og det var ei morosam og fin bok.

Eg måtte le då to av personane Sandy møtte heite Marcus og Derek, og særlig fordi Derek i boka klimpra på ein gitar. Veldig likt ein av mine karmeratar som heiter Derek og speler gitar. Og ein kamerat som heiter Marcus har eg òg, og ironisk nok, desse to er venner. Morosamt når sånt skjer når du les bøker.

Etter dette skal eg aldri igjen begynne på ei bok av Cecelia Ahern med skepsis. Eg var bitte litt skeptisk til denne, men det trengte eg ikkje. Fann nokre få bitte små skrivefeil nokre stader, men skjer jo alle. Det var ikkje mykje negativt å seie om dette verket.

Denne boka var fantastisk herlig og Cecelia Ahern skal  eg heilt klart lese meir av. Nå gler eg meg til å begynne på neste bok. Kanskje blir det ni bøker i januar. Kven veit?

søndag 26. februar 2012

ein smakebit på søndag


Ny smakebit i dag som det er søndag igjen. Som sagt tidligare så er det flukten fra virkeligheten som arrangerer dette. For å legge igjen ein link eller sjå meir kva det handlar om kan du gå her.

I dag er min smakebit i frå denne boka:

"Gloria vet ikke om Sandy - ikke at det er noe å vite - men jeg vil ikke at hun eller resten av familien  skal få vite om byrået."
Judith så ikke glad ut.
"Vær så snill, Judith." Han tok hånden hennes. "Jeg vil ikke trekke alle sammen gjennom alt dette enda en gang. Jeg vil bare prøve på egen hånd. Jeg er nødt til det."
Boka er til nå veldig spennande og eg gler meg til å lese vidare om Sandy og det som hendte henne.

Eg er sikker på at denne boka er ei som gjer det mykje å tenke på. På ein måte er det jo litt fantasy, men så er det jo ikkje det heller. Det kjem til å bli vanskelig å plasere denne boka under ein sjanger innanfor skjønnliteraturen.

Uansett, ha ein fin søndag vidare.



lørdag 25. februar 2012

strøtankar på ein laurdag

Ein litt ny post eg vil prøve meg på heilt sjølv. Eg tenker til vanlig ganske mykje på ting om bøker og personane i bøkene og handlingane. Kanskje fordi eg sjølv ein dag vil skrive bøker. Derfor tenkte eg at eg skulle strø litt av tankane på bloggen, og dermed blir det strøtankar. Så her er første innlegg.

Harry Potter
Kven kjenner ikkje igjen dette velkjente ansiktet. Til og med eg, FØR eg byrja i 3. klasse og ikkje brydde meg døyten om Harry Potter visste at han her, han var ein fyr som heite Harry Potter. Sjølvsagt visste eg jo ikkje kva det handla om, men eg visste at det var poplulært, og kvifor det var populært, sei det.

Eg har nokre små teoriar om kvifor verda elskar Harry Potter. Nokre små tankar.

For det første, viss me hadde tatt vekk all magi i frå dette her, alt som heite magi, hadde Harry Potter vore ein vanlig gut som hata lekser, misslikte nokre lærarar og likte nokre andre. Han hadde gått på ein av Englands populære skular og hadde hatt venner og uvenner. Sånn som nå. Einaste litt uvanlig viss me hadde tatt vekk magien hadde vore møta med Humlesnurr og det at han ikkje liker sommarferiar, men alle hovudpersonar har jo sine særtrekk.

Bare det, at midt inni det kaotiske livet han lever på Galtvort, at forfattaren då kan ta fram ein liten konflikt som lekser, der han og Ronny sit og skal føre draumedagbok for ein eksentrisk og drøymande professor, og i tillegg gjer dette med humor, gjer at me kan verkeleg kjenne oss igjen. På tross av mykje magi, på tross av at han har eit lynarr i panna og er "the chosen one" så går det an å kjenne seg igjen.

Rumpeldunk for eksempel er eit glimrande eksempel. I vår verd har me fotball, og kva har dei som underhaldning der? Rumpeldunk. Forfattaren erstattar ting. I andre fantasy-seriar er det for mykje fantasy, for lite av det meir kvardagslige som skule, lekser og vanlig underhaldning som me kan kjenne oss igjen i. I tillegg er det dette med fritid og lekser og at det er fleire organisasjonar på Galtvort som elevar kan vere med i.

Det å kjenne seg igjen i ein person som Harry Potter må heilt klart ha hatt ei stor rolle å spele i at dette blei populært og den tørre humoren om alle gompetinga. Ting som me synes er normalt er for trollmenn unormalt, og J. K. Rowling beskriv det på ein humoristisk måte. Som til dømes at Ronny synes det er morosamt at det går an å gå på to trefliser, det er det han kallar det når Hermine skal stå på ski i juleferien. Slike ting kan ha mykje med popularitet å gjere spør du meg.

Og derfor elskar eg òg Harry Potter - serien. Beste fantasy-serien som er laga spør du meg.

fredag 24. februar 2012

bøker/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls og hallo elsk meg da av Johanna Thydell

Dette blir dobbeltomtale av dei to siste bøkene eg las og ikkje like omfattande som dei andre, men det er nå så. Eg er i slapp-av-modus og dei blir derfor kortare.

1. bok/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls
Sjølvbiografiske romanar er ikkje det eg har lese mest av opp i gjennom åra, men eg har tidligare lese Anne Franks dagbok og midt i mellom av Jean Kwok som var dels sjølvbiografisk. Begge dei bøkene likte eg, og derfor fallt eg òg for denne eksentriske, vakre og triste boka om Jeannette Walls sin barndom med ein fyllik til far og ein maler/lærar (viss ho gadd å undervise) som mor. Dei var i alt fire søsken, tre søstre (Lori, Jeannette og Maureen) + ein bror. (Brian) I boka får me ta del i deira kvardag og me får høyre om alle gongen dei flytta i frå plass til plass, faren snakka om å bygge krystallslottet, om bestemor Smith og besteforeldrene Walls, om framtidsplanar som ikkje var sikre, om foreldre som var anneleis og forskjellige, om ein far som ville finne gull, om ei søster som levde livet hjå naboane, om ei anna søster som laga plakatar får å få nok pengar til å flykte. Rett og slett om nokre foreldre som var glad i borna (etter det dei sa) men like fullt forsømte dei og svikta dei. Boka var litt treig i byrjinga, men elles var ho spennande og eg sat KLISTRA til boka i heile går kveld.
Spennande leseoppleving!!


2. Bok: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell
Den andre boka er ei bok eg hadde venta leeeeenge på på biblioteket og hadde gleda meg til. Derfor er det ikkje så gøy når leseopplevinga ikkje blir topp hundre og kjempebra, men bare sånn passe.
Nora skal vere ei heilt vanlig 17 år gammal svensk jente, men med dårlig sjølvtilit og ei rar veninne. Sjølv synes eg at denne veninna til Nora (Lisa) overdriver veldig i frå starten av og mykje i boka blir litt plastikk og sånn generelt ungdomsroman, som at foreldre gjer deg flaue, den populære er smart, fin, flink, har god sjølvtilit osv. Det blei alt for likt alle andre ungdomsromanar, nesten klisjé. Og så skal det vere så kult, noko dei trur alle ungdommar liker som at det ikkjer er bror men brodern, og foreldre er ikkje lenger foreldre men F'sa. Og du kliner med folk du eigentlig bare ser på som venner, du kliner med folk før dykk blir saman, utan å etterpå vite om de er saman.
Det er sånn eg opplever i boka, som i tillegg har eit stort banneordforråd, og viss me hadde tatt vekk alle banneorda i denne boka med kvit lakk for å dekke over, hadde det vore lite igjen. Trist! Likevel var boka bra og eg såg at det var ein god skrivestil, ei god handing og ei fin bok får folk som liker det sånn: Klissete, sutrete, stakkar-meg-eg-er-verst-typen-bok. For dei som liker klagande 17-åringar som ikkje ser ut til å ha kome ut av fjortissperioden endå.

What a feeling

heiter den andre bloggen min, Kanskje du vil besøke den? Der er det meir om kvardagslivet mitt og mykje engelsk og ein del politiske ytringar. http://whatafeeling-mailene.blogspot.com/


torsdag 23. februar 2012

Boktema hos Anette

I dag er det torsdag igjen og fordi eg har vore i trekket har eg ikkje fått tid til å legge ut dette innlegget tidligare. Hadde ikkje kome på det hadde det ikkje vore for at eg såg bitte litt ned på lesarlista over bloggar eg følger. Ja, boktema hos Anette idag er om tre bøker eg ville hatt med til ei aud øy. Gå her for å sjå meir.

Eg høyrte på ein Harry Potter - DVD at Tom Felton (D. Malfang) spurte dei andre skodespelarane i Harry Potter om dette spørsmålet og det smartaste svaret må ha vore Oliver eller James Phelps sitt, og det var ei bok som heite hvordan bygge en flåte. Eg skal imidlertid ta noko anna. Svara mine speglar ikkje kva som er mine favorittbøker.

Den første boka MÅ vere bibelen. Som kristen er det ei viktig bok for meg og det står mykje fint (ikkje om korleis bygge ein flåte, men om å halde motet oppe og tru på at det vil gå bra med Guds hjelp), så det er eit soleklart førsteval.
Den andre boka eg ville ha tatt med meg på den øya må vere ein biografi av eit slag.

Eg trur den andre må vere krystallslottet av Jeannette Walls. Las ho nettopp ferdig og den var tøff å kome seg gjennom, men det var ei eksentrisk og nesten litt fin boka som eg trur det hadde vore kjekt å ha med seg.

Den tredje boka er ein sann klassikar og er Pippi Langstrømpe på kurrekurreduttøya. Oppbyggelig og om når Pippi og Tommy og Annika er på Kurrekurreduttøya. Akkurat sånn som viss eg hadde vore på ei aud øy. Då hadde eg nesten hatt selskap.
Ja her er mitt utval. Litt seint i dag, men sånn er det.

Me snakkes. Omtale av krystallslottet kjem seinare.

onsdag 22. februar 2012

MAAAAANGE BØKER!

Heisann, heime etter ein herlig vinterferie med bitte litt skigåing og ein del lesing. Var på måndag i Kristiansand og såg jernkvinnen på kino med mor, far, tante og onkel. Fin film, men litt for mykje om då Thatcher var gammal etter mi meining.

Og i tillegg kjøpte eg bøker. Og før mammutsalget. Eg har eigentlig allereie bestillt på mammutsalg, men det var så mange andre òg som eg hadde lyst på. Til slutt blei det til at eg kjøpte fire nye bøker til bokhyllene.

Syersken fra Madrid av Maria Duenas
Whole Lotta Love av Sturle Brustad
Primtallenes ensomhet av Paolo Giordano
formørkelsen av Stephenie Meyer

Den siste bare for å ha heile serien av Twilightbøkene. For syns skyld eigentlig. Og i tillegg skal eg få fem bøker til neste veke (mammutsal) og så venter det tre på biblioteket som eg må få henta snart. Og så har eg låndt fire eller fem på Tryggheim, så eg har fullt opp og planane om Charles Dickens og Jane Austen får eg inntill vidare legge på hylla. Men nå får eg slutte og byrje å lese. =)

Så fann eg nettopp ut at Lucinda Riley har skrive ti til bok: Jenta på klippen. Må sjå å få oppdatert ønskelista mi litt. Hehe.

Men me snakkes.

Bok: Orkideens hemmelighet av Lucinda Riley

ET GRIPENDE SLEKTSDRAMA MED HANDLING FRA ENGLAND OG THAILAND
Som barn tilbrakte Julia Forrester mye tid på det gamle godset Wharton Park, der bestefaren hennes var gartner og dyrket vakre orkidder. Når en tragisk ulykke rammer Julias familie, vender hun tilbake til de vakre omgivelsene rundt Wharton Park. Kit Crawford er arving til godset o er i gang med  pusse opp eiendommen. Funnet av en gammel dagbok blir nøkkelen til en kjærlighetshistorie som i sin tid nesten ødela Wharton Park. 
Like før andre verdenskrig bryter ut, bor det unge paret Olivia og Harry Crawford på Wharton Park. Når krigen kommer må Harry forlate familien for å kjempe for landet sitt. Skjebnesvangre hendelser skal komme til å få konsekvenser også for de nesten generasjonene. 
"Dette må jo bli årets slukebok!"
Madelen Smidsrød, bokhandler

Eg kan ikkje anna enn å seie meg einig med Madelén Smidsrød, dette er ei bok som eg brukte to dagar på, og det tatt i betraktning i at det er over 500 sider i boka. Heilt klart ei bok for alle Kate Morton elskarar!! Dette er om engelske gods, blomar, kjærleik og familie. Ei bok som fengar mein enn ein kan ane. Eg var litt nervøs for eg syntes ikkje at baksideteksten var den beste, men det var veldig lett å kome inn i, og boka startar med å fortelje om Julia Forrester og hennar søster Alicia.

Boka held deg lenge på pinebenken, for bakpå hinter den om at det har skjedd noko med Julias familie, men det går lang tid før du får vite KVA som har skjedd, sjølv om boka heile tida nemner det litt i forbifarten.

Kit Crawford er òg ein spennande karakter som hjelper Julia gjennom ein sjukdomsperiode. Sjølv han har ting å halde hemmelig, men likevel veit ein ikkje KVA før lenge etterpå dei hintar frampå om det. Det er bra gjort og eg elsker bøker som kan halde meg på pinebenken, for det er då eg sit klistra.

Julias gamle bestemor, Elsie, forteljer om det som skjedde på Wharton Park under andre verdskrig. Ho har ei avgjerandre rolle i boka og fortel hemmelige historiar som ikkje har sett dagens lys før. Til og med Julia får kjenne på dette og er ein viktig person i historia.

Sagt rett ut: Denne boka elsker eg! Noko av det var litt for oppdikta, ikkje sånt som skjer i dagliglivet, men det er ei bok til å drøyme seg vekk i, og sånne bøker er fine å lese. Ein av grunnane til at denne boka heller ikkje er veldig lik Kate Morton (sjølv om det er mange fellestrekk) er det at Kate Morton fortel i om ein annan oppfatning av verkelegheita, ho har ein meir direkte måte å seie det på og alt er ikkje fryd og gammen. Her er ting meir pynta på og draumeaktig, men alt er ikkje bare bra her heller, men dette er ei meir "alt går bra til slutt boka" enn Kate Mortons bøker.

Likevel er det vanskelig å bedømme kva eg liker best, og dei har heilt klart like sider bøkene til Kate Morton og denne boka, og særllig tilbake til Riverton er lik Lucinda Riley si bok.

Dette er ei bok som bør lesast. Perfekt til feriar og kos og for dei som treng noko som fengar.

Forlag: Cappelen Damm
Sider: 520
Utgitt på norsk: 2011
Originaltittel: Hothouse flower

Knirk har òg laga omtale av denne boka.

Nå er eg klar for å halde fram med å lese krystallslottet og gler meg til å sjå korleis det går vidare.


mandag 20. februar 2012

Bok: sommerøya av Elin Hilderbrand

Birdie Cousins er travelt opptatt med forberedelsene til datteren Chess’ bryllup. Birdie har ord på seg for å være svært grundig og forberedt på absolutt alt, men hun kan ikke forutse den nattlige telefonsamtalen fra datteren der hun forteller at hun har hevet forlovelsen og at bryllupet må avlyses. 
Nesten før støvet har lagt seg kommer enda verre nyheter som sender Chess inn i den dypeste fortvilelse. Birdie mener hun trenger en forandring. Hun kontakter også den yngste datteren Tate og den eksentriske søsteren India, og sammen reiser alle fire til sommerøya Tuckernuck Island utenfor kysten av Nantucket, der familien har tilbrakt sommeren i generasjoner. Ingen telefoner, ingen fjernsynsapparater – et sted uten forstyrrelser der de kan flykte fra vanskelighetene sine.
Men når søstre, døtre, ekskjærester og familiehemmeligheter samles på en øde øy, kan mye skje. Dramatiske sannheter kommer for en dag, og gammel kjærlighet blir som ny. 
Dette er då Cappelen damm sin omtale av boka og viss du vil sjå meir fakta om boka kan du gå her.

Denne boka handla om ei tid så stikk motsatt av årstida nå. Her eg er nå er det snø (og yr) utanfor vindauget, og det å lese ei litt meir sommarlig boka var forfriskande, men eg kjenner at eg saknar skikkelig sørlandssommar.

I denne boka blir me kjent med ein familie, to søskenpar og fleire konfliktar om kjærleik og kjensle av skyld.

Her møter me Birdi Cousins, skilt dame i midten av femtiåra og familens samlepunkt. Ho verkar som ei hønemor som vil passe på at alle har det bra, men likevel er forholdet til dottera Chess ikkje heilt på topp, men i løpet av boka får me oppleve at det betrar seg. Sjølv var ikkje Birdie akkurat favorittpersonen min. Eg synes ikkje det var så kjekt å lese om ei som meiner skilsmisse er vegen til det frie livet, som byrjar å røyke og LIKER det i ein aldar av 57 år og som spør eksmannen om fleire tusen dollar for ei flytande øy i hagedammen sin. (riktig nok i dottera sitt bryllup, men Likevel)

Så er det India, Birdies eksentriske søster, enke og røykar som ein skorstein. India er den som i byrjinga har mset problem med å vere på Tuckernuck utan kontakt med omverda, men etter ei stund finn til og med ho ut at ho kan trenge det. Ho minnes dagane med Bill, den tidligaren mannen, sønene og dei siste dagane på PAFA, eit kunstuniversitet trur eg det var. India var heller ikkje nokon favorittfigur. Eg må seie at ei dame som røyker som ein skorstein, kan drikke elleve glas vin til kvedsmaten, er så eksentrisk som henne og som brukar partydop ikkje er min favorittperson i ei bok.

Tate er ei jente eg liker betre. Trening, livsglad, datageni og guttejente, og etter mi meining, skikkelig stilig., Kvar morgon på Tuckernuck joggar ho ein runde rundt øya, tek fleire sit ups og er livlig og glad, men til og med for henne kan problema kom. Likevel er det ikkje bare andre som har problem å stri med, og Tate har sine eigne.

Chess er i denne boka deprimert etter brotet med kjærasten og tidligare minne og ei kjensle av skyld. Ho er òg ei av dei eg likte, men ho er litt apatisk og ikkje livsglad, litt for mykje missmot.

Nå vil eg ikkje røpe meir, men dette er dei fire i hytta på sommarøya, Tuckernuck, som alle bruker tida på øya til å tenke, gjenoppta kjærleik og bryte nokre reglar om total isolasjon. Til og med Birdie og India, som skal vere familiens forsørgarar og faste haldepunkt på øya, kan slite litt med reglane om "ingen kontakt med omverda."

Boka var veldig bra skriven, men ein del verka litt rart, ting gjekk av og til litt raskt og kjærleiskforhold blomstra litt for raskt til at eg kunne tru på det, men det var godt å ha ei boka som eg kunne drøyme meg litt vekk i. Det er lenge sidan eg har lese noko anna enn historiske romanar, og det var godt med litt avveksling.

Sjølv om boka ikkje var typisk vinter, fin å lese, og til sommaren, her er boka å lese i sola og på stranda. Elin Hildrebrand har skapa ei fantasiverd og ei sommerøy (Tuckernuck finnes!!) med idyll som det var fint å vere på i nokre dagar.

søndag 19. februar 2012

OG VINNARANE ER...

Nå har eg trekt vinnarane av giveawayen! Det var flest som ønske seg naken i hijab, men òg ein god del som ville ha din godhet. Nå er det sånn at det bare blei trekt to vinnarar, og det skjedde via random.org.

Men for å ikkje halde dykk på på pinebenken for lenge så skal eg avsløre dei heldige vinnarane.

Vinnaren av naken i hijab er

OLE MARTIN!

Vinnaren av din godhet er

SIGNE HELENE!

GRATULERER! Bøkene vil bli sendt i posten.


torsdag 16. februar 2012

last chance

Hei, vil minne om at i morgon er det siste sjanse til å melde seg på giveawayen på bloggen her. Eg er nå veldig spent på kven som vinn, og viss nokon framleis vil vere med er det bare å melde seg på. Sidan dette blir trukke på random.org, så er det heilt tilfeldig om du var den første eller siste til å melde deg på giveawayen.

Vinnarane blir trukke på laurdag eller neste veke ein gong, i alle fall så snart eg får det til.


tirsdag 14. februar 2012

blogghopp, bøker som passer for valentines day

Hei, i dag har Mari på flukten fra virkeligheten blogghopp sidan det er Valentines og eg skal anbefale nokre romantiske bøker.

Eg byrjar med Simone Elkeles si bok: perfekt kjemi 


Perfekt kjemi er om det PERFEKTE paret når me ser kor godt dei har det saman, men det er ikkje like perfekt, for dei kjemi i frå to forkjellige miljø, er to forskjellige personar og beggar har hemmelighetar dei ikkje vil røpe, men ei veldig romantisk bok.

For å kome med nokre klassikarar:
Askepott
Snehvit
Tornerose 
PS. IKKJE DISNEYVERSJON
For skal det vere koselig må det ikkje vere nokre falske prinsesser der historia ikkje er i nærheten av originalen ein gong.
Les versjonen av Askepott der ho får kjolane av fuglen i treet over grava til mora Les Snøhvithistoria der dvergane ikkje har namn og der dronninga ønsker seg ei dotter med hud kvit som snø. lepper raude som blog og hår svart som ibenholdt.
Les versjonen av Tornerose der det er 12 gode fear og ein ond, ikkje med tre fear med namn som oppfører seg tåpelig. (sorry, men eg liker ikkje Disneyversjonen, og for Valentinesday skal det vere ekte greier!)




Siste boka kan verke litt merkelig, men for dei som ikkje liker bare kliss, men litt andre ting òg så er verten perfekt, for her er det òg ein stor dose lengsel og kjærleik i tillegg til spenning.
Dette var mine tips til bøker om kjærleik. Hadde sikkert hatt fleire, men dette var det eg kom på nå, og eventyr er vel perfekt for ein dag som dette eller kva?

For å avslutte med ein song om kjærleik tar eg I will always love you R.I.P Whitney Houston

Bok: en svunnen tid av Kate Morton

"Det begynte med et brev. Et bred som hadde vært borte lenge, som lå og ventet et halct århundre i en glemt postsekk på det mørke loftet i et helt alminnelig hus i Bermondsey..."
Edie Burchill og hennes mor har aldri stått hverandre nær. Da et bortkommet brev ankommer femti år for sent, begynner Edie å mistenke at moren har en hemmelighet som kan forklare hvofor. Returadressen på brevet lyder Milderhurst slott, Kent - og nettopp her begyner Edie utforskningen av morens fortid. 
Ved å kjøre arbeidsgivaren, ein forlagsdrivar, sin bil ender Edie tilfeldig opp ved Milderhurst slott, som mora har nevnt i forbindelse med noko ho fortalte i frå fortida. Edie har lyst til å vite om mora si framtid og korleis ho kom til Milderhurst for så mange år sidan, og nå har ho sjansen

På Milderhurst bur tre gamle søstre, eit par tvillingar Percy og Daffy Blythe, og deira mange år yngre litlesøster, Juniper Blythe. Desse tre søstrene bærer veldig mykje av historia i boka og er viktige roller i fortida til Merredith Burchill, Edies mor.

Boka var litt treig byrjinga og kanskje ut dei femti første sidene, utan at eg veit kvifor eg syntes det, og eg skal ærlig innrømme, at ei lita stund vurderte eg å legge henne i frå meg. Likevel er eg litt for sta til det, og sidan det var Kate Morton, sidan det var gode omtalar av boka andre stader og sidan eg har gleda meg til å lese en svunnen tid kjempelenge nå, så las eg ho ferdig.
OG EG HAR IKKJE ANGRA!

Den fengar, og eg gjekk så inn i boka at eg kjente det veldig kvar gong noko gale skjedde med ein person og eg kunne lik så godt ha stått rett på sida av dei det handla om, for alt var så verkeleg. Edie, hovudpersonen, likte eg veldig godt, men mest fascinerte dei tre søstrene på slottet meg. Det var vel mykje av meininga, men eg trur det var meininga at Juniper skulle fascinere mest, men eg blei mest opptatt av Saffy, den svake delen av tvillingane. Percy, som var bestemt, streng og ikkje like fantasifull, hadde eit grep om tvillingen, noko som gjorde meg interessert.

For kvart ord, setning og avsnitt du les etter hundre sider kan du sjå for deg alt. Dette er mysteriet om ei mors fortid, opphavet til ei forteljing, familien på eit slott og ein gammal kjærastehistorie, som ikkje vare fengar, men FENGSLAR. Hendene mine kunne nesten vore limt til boka og sidene.

Eg vil bare ta med eit sitat i frå boka til slutt.
"Vennligst vær klar over at her i huset er det ingen mismodige tanker og mulighetene for nederlag interesserer oss ikke. De eksisterer ikke."
Frå Churchills dør

Syntes det var stilig. Det står i boka at dette skiltet hang på statsminister Winston Churchill si dør  under 2. verdskrig. Ganske stilig og for ei holdning. Eg likte det veldig godt eg.

Ha ei fin veke vidare!

søndag 12. februar 2012

en smakebit på søndag

Hei, søndag igjen og nok ein gong en smakebit på søndag på bloggen flukten fra virkeligheten. En smakebit på søndag går ut på å finne fram boka du les nå, dele ein smakebit som du synes er spennande, men som ikkje røper for mykje av innhaldet. Etter det legg du igjen linken her. Du kan òg finne fleire smakebitar der som andre har lagt ut.

I dag er min smakebit i frå denne boka her:


Boka til nå er skikkelig spennande, var litt treig i starten, men det kom seg og nå er eg heilt inni boka. Ekte Kate Morton - bok etter det eg har lese til nå, og nå er eg bitte litt over halvvegs, så eg håpar det held fram sånn. 

Ikkje gløym giveawayen her på bloggen. Gå her så kan du sjå kva du kan vinne og melde deg på, viss du vil vere med. 

Ha ein fin søndag vidare. 

torsdag 9. februar 2012

boktema hos Anette - "morsomte boka jeg har lest"

Torsdag igjen, boktema hos Anette igjen. I dag er temaet "morsomste boka jeg har lest." For å få meir info gå inn her

Eg har lese ein del morosamme bøker, nokre morosamme seriar

Eg trekk fram tre


  1. Doktor Proktor-serien. Dette er eigentlig tre bøker som er kjempemorosamme. Sjølv om dei er berekna på ungar i frå 6 til 10 årsaldaren er det litt av ei underhaldning. Bøkene handlar om prompepulver, tidsreiebadekar, månekamelonar, politi, slangar i kloakken og to barn som møter ein passe skrullete professor. 
  2. Det andre er Adrians atlas. Om Adrian som plutselig ein dag han vaknar er heilt aleine i huset utan søster og foreldre. Då legg han ut på ei spennande reise for å finne igjen familien sin, og den reisa er ikkje bare innanlands, for han tar oss med til Europa og Afrika det er veldig mange morosamme opplevingar. 
  3. Den tredje boka må vere Pode får snue. Den boka las eg ikkje få gonger då eg var liten. Dette er boka om gutten Pode som nys og nys og nys, men det er ikkje det einaste problemet. For kvar gong han nys, kjem det ein ny gjest til familien og byen. 
Dette var dei kjekkaste/meste morosame bøkene eg har lese. 
Kva morosamme bøker har du lese?


ps. minnar om Giveaway på bloggen her. 

onsdag 8. februar 2012

fem gode grunnar

fem gode grunnar til å gå på biblioteket



  • gratis bøker, alltid ein fordel når du er ungdom og ikkje har nokon deltidsjobb og ikkje kan prioritere bøker framfor så mykje anna når du handlar
  • du får god hjelp til å finne bøker du leiter etter
  • det er rolig å setje seg ned, slappe av og ha ei god stund med lesing
  • biblioteket er ikkje bare skjønnliterære bøker, men har mange bøker som kan brukast til oppgåver, research og konkuransar eller som er bare er der for ein nysgjerrigper
  • Biblioteket er ein fin stad å gå for folk som liker å lese og låne bøker, for du er der av ganske like grunnar som andre. Samle informasjon eller ha noko til ei god hyggjestund. 
Dette var bare noko eg kom på. Eit innlegg kvar onsdag med fem gode grunnar til noko, og i dag då eg gjekk til biblioteket kom eg på dette. Bare stel ideen viss de vil (sjølv om eg tvilar), men neste veke tenkte eg å ha noko som er veldig passande på ein bokblogg: fem gode grunnar til å lese. 
Ha ein fin onsdag vidare.
Her er ein sang det er fint å kose seg med:



mandag 6. februar 2012

bok/novellesamling: en aften på Kreta og andre fortellinger av Victoria Hislop

Nå er eg akkurart ferdig med ei samling forteljingar/noveller av Victoria Hislop i denne storslåtte samlinga. Sjølv om dette ikkje er, som dei andre bøkene, ein lang roman på over tre hundre sider, er det bra skrive og utrulig kva ho har klart. Eg las denne boka ferdig på litt over ein halv time, 143 sider, og det går fort. Eg slurva absolutt ikkje, men koste meg veldig med alle forteljingane i boka, som var både morosamme, litt moralske, fine, romantiske og lærerike.

Eg vil anbefale alle, om dei kanskje ikkje er interessert i alle, at dei les varmeste julen noensinne og flammer i Athen i tillegg til den ekslusive smakebiten i frå Hislops neste roman, tråden. Bare smakebiten gidde meg gåsehud og eg kan nesten ikkje vente til boka kjem ut. Plutselig var august fryktelig langt borte for meg.

En aften på Kreta er ei bok alle som har lese hjemkomsten og øya bør lese. Det er den same stemninga, dei same øyene og det same mønsteret i handlinga som foregår i desse små forteljingane som foregår på Kreta, Kypros og London, som i dei to andre bøkene.

Denne boka anbefales på det sterkaste til å lese ein kveld du treng litt underhaldning. Rask å lese viss du les heile på ein gong, men eg skulle på ein måte ønske at eg hadde nok lånetid på boka til å kunne lese ein del om gongen, men viss de vil, er eg sikker på at litt om gongen hadde vore kjempefint. Akkurat som ein dessert du elsker og vil skal vare for evig, så du et rolig, seint og nyter kvar bit.

Og så ein liten anbefaling om blogg. Tryggheim skulebibliotek har fått seg blogg der dei legg ut omtalar av bøker frå biblioteket. Fine og gode omtalar og verdt å ta ein kikk på, sjølv om sidene på bloggen er berekna på elevar på Tryggheim evt. lærarar. Gå her, så finn du bloggen.

Så minnar eg nok ein gong om giveaway. Gå her for å melde deg på, så vinn du kanskje naken i hijab eller din godhet. Sponsa av Libris.


mammutsal opna

Hei, mammutsalet 2012 har endelig opna, og eg har fleire bøker på ønskelista. Her er nokre av dei:

Glassblåseren fra Murano av Marina Florato
Little Bee av Chris Cleave
fruen av Saronno av Marina Florato
pianolærerinnen av Janice Y.K Lee
sin mors datter, Joy Fielding

og sikkert litt fleire når eg ser i mammutavisa, men enn så lenge så er det i alle fall desse eg vil kjøpe. Sikkert fleire som kjem på lista etterkvart, men Marina Floranto sine bøker verkar interessante. Og så må jo pengane strekke til. For å kome til årets mammutkatalog kan du gå her. 

Bok: den usynlige broen

Dette blir ikkje ei bokmelding lik alle dei andre, sidan eg er sjuk og har levert inn boka og ikkje orkar å skrive så mykje, men eg skal prøve å få det godt til denne gongen òg.

Paris 1937: Andras Lévi, en ung arkitektstudent, ankommer fra Budapest med et stipend, en enkel koffert og et mystisk brev han har lovet å levere til en C. Morgenstern på rue de Sévigné. Her treffer han den unge enken og ballettdanseren Klara og forelsker seg hodestups. Men Klara bærer på en mørk hemmelighet, og da hun innvier Andras i den, tar livet hans en ny vending.
 Samtidig rykker krigen stadig nærmere Europa. Og mens Andras forsøker å skape en tilværelse i Paris, reiser hans eldre bror Tibor til italienske Modena for å studere medisin, og hans yngre bror slutter skolen for å følge kunstnerdrømmen om et liv på scenen. Da krigen bryter løs, blir de alle kastet ut i usikkerhet.
 Fra den ungarske landsbyen Konyár til de storslåtte operahusene i Budapest og Paris, fra den bitende kulden på Andras' loftsrom til den varme lidenskapen hos Klara i rue de Sévigné, fra den håpløse karpatiske vinteren til det skjebnesvangre livet i arbeidsleirene; Den usynlige broen forteller historien om kjærlighet satt på prøve, om en jødisk families kamp mot tilintetgjørelse, og om tre brødre for alltid bundet sammen av felles historie.

(bokomtale frå bokkilden)

Denne boka blei fantastisk lesestoff etter ca. 100-150 sider. Eg syntes kanskje ho fekk ein litt treg start, men absolutt ikkje så treg at du ikkje får lyst til å lese vidare. Handlingar rundt 2. verdskrig og jødar er noko av det mest spennande ein forfattar kan skrive om, og viss dei i tillegg meistrar det, så blir det kjempebra bøker, akkurat som den usynlige broen.


Her følgjer me ei historie som om ikkje akkurat er gløym, så er den meir ukjent. Dei fleste veit sikkert kva som skjedde med jødar i Frankrike (og Paris etter å ha lese Saras nøkkel), i Polen, i Tyskland, i Nederland osv. Historia til jødane i Ungarn er desto meir ukjent, i alle fall for meg. Eg har alltid rekna med at Ungarn var på Tyskand si side og at dei fleste der, utanom jødane, hadde det betre enn andre land under krigen. Eg trudde òg at det var stor deportasjon av jødar, akkurat som i Tyskland, under heile krigen.I følge denne boka tok eg feil. Ja, Ungarn var med. Nei, ikkje massedrap og deportasjon av jødar under heile krigen. Faktisk ikkje før i 1945. Likevel blir hovudpersonen her, Andras, innkalt til arbeidsteneste med ein gong han kjem heim i frå Paris til Budapest.

Midtdelen av boka syntes eg var best og utrulig bra skriven. Det var bare dei siste hundre sidene eg var bitte litt missfornøgd med, men eg trur ikkje eg skal uttale meg så mykje der heller, for då eg las dei blei handlinga i boka blanda saman med feberfantasiar hjå meg ut frå handlinga, så eg fekk ikkje med meg alt, men mykje. Epilogen var litt rar, men heilt grei. Likevel har eg ikkje forstått kvifor den var der, den gav ikkje mykje meining.

Viss de vil vite meir om boka, så kan de gå inn på nettsida under her, då får dykk ei mykje betre bokmelding enn denne eg har laga.
Julie Orringer "Den usynlige broen" - Rose-Maries litteratur - og filmblogg

Utanom dette vil eg minne alle om giveawayen her på bloggen der det kan vinne naken i Hijab og din godhet.

fredag 3. februar 2012

Giveaway!!


Idag då eg henta posten hadde dumpa to bøker nedi til ein giveaway sponsa av Libris  Dette var overraskinga eg snakka om og nå har eg fått det til. Først ein stor takk til Libris som ville sponse meg med ikkje bare ei bok, men to. Veldig kjekt. 

Bøkene de kan vinne i denne giveawayen er naken i Hijab av Gunn Marit Nisja og din godhet av Linda Olsson. 


"Live reiser på ferie til Egypt sammen med en venninne. Der forelsker hun seg i Kareem, gifter seg og flytter inn i hans familiehjem. Hun har skrevet under på en ekteskapskontrakt som skal vise seg å bli fatal." (norsk bokdatabase sin omtale, for å sjå Libris sin, trykk på bildet)

"Legen Marion Flint lever alene på kysten av New Zealand. Et møte med maorigutten Ika fører til at fortrengte minner fra Marions egen barndom kommer til overflaten igjen. Samtidig som hun bestemmer seg for å ta seg av Ika, vender hun tilbake til barndommen hos morfaren på Åland, og hos mora og hennes nye mann i Stockholm, et familieliv som ender i tragedie. Marion og broren blir adoptert bort, og de møtes ikke igjen før det har gått tretti år." (norsk bokdatabase sin omtale, for å sjå Libris sin, trykk på bildet)

For å vere med må du skrive ein kommentar på dette innlegget om at du er med, og så er det eit lite "loddsystem."

For å vere med = 1 lodd
tidligare følgar av bloggen = 2 lodd
Nye følgarar = 1 lodd
Skrive innlegg om det på bloggen din = 2 lodd

Til saman kan du få 5 lodd viss du gjer alt som står. Både folk med og utan blogg kan delta for å vinne bøkene. Vinnarane vil bli trekkt 18. februar og påmeldingsfristen er 17. februar 23:59. De kans skrive kva bok du vil ha, eller om du vil bli med i trekninga av begge bøkene. (ei trekning for kvar bok)

For å melde deg på kan du skrive ein kommentar sånn som dette (bare eit eksempel eg har laga
Hei, eg er med på giveawayen (eit lodd)
eg er ny følgar (eit lodd)
Eg har skrive innlegg på bloggen link til innlegget: eksempel.blogspot.com (2 lodd)
Til saman har eg samla 4 lodd. 
Eg har lyst på naken i Hijab
epost: eksempel@hotmail.com

Treng ikkje å vere heilt likt som dette, men noko i den duren. 

Dette er for å takke alle som har kommentert og følgt bloggen og i tillegg takke dei som vil følge og vere med på giveawayen her. 

Og nok ein gong: tusen takk til Libris

Håpar DU vil vere med. 

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...