No har eg lese
ferdig den foreløpig siste boka i Katherine Pancols serie om den franske
kvinna Joséphine. No har det kome så langt at det er vanskeleg å lage ein
omtale utan å røpe for mykje, men eg har i alle fall skrive ned baksideteksten,
som òg er ein del av boka.
Noen ganger leker livet gjemsel.
Det gjemmer edelstener og diamanter og kostbare gaver i gamle skur,
under en brukt bussbillett, bak ukjente blikk på trikken.
Det som er viktig er detaljene. Detaljer er akkurat som de småsteinene
som viser veien hjem. brutale og travle mennesker, de som møter livet med
boksehansker og knuser småstein under aggressive skohæler, mister sansen for
detaljer. de tror de kaster bort tiden når de bøyer seg ned og betrakter en
mynt, et gresstrå, en manns skjelvende hånd.
Men den som bøyer seg, kan stoppe tiden og bli var de vakre diamantene
i en fremmeds skjelvende hånd.
Og livet blir aldri mer trist. Verken på lørdag eller søndag eller
mandag.
Det beste med bok tre i serien er dei korte
avsnitta. I
tillegg synes eg at den autorale synsvinkelen er fordelt på ein veldig bra
måte. Ein blir på ein måte endå betre kjent med alle karakterane, og utviklinga
skjer med stormskritt her. Det er 807 sider med kvardagsdramatikk. Hendingane i boka føregår i alt frå Paris til
London til New York. Kjærleiken er sentral, men ikkje dominerande.
Det beste med Katherine Pancols bøker er den
lite overforklarande forteljarstilen. den er meir essayisitisk. Med det meiner eg undrande
og reflekterande. Gjennom denne måten å skrive på set ho i gong lesarane sine
tankar rundt dei ulike temaa. Det er kanskje difor bøkene er så lette å falle
for, rett og slett fordi dei ikkje er tanketomme kjærleikshistorier. I tillegg
er det ikkje berre kjærleikshistorier mellom menn og kvinner i denne boka, men
den viser òg kjærleiken mellom foreldre og barn, veninner og søsken. Boka gir
tankevekkande innblikk i ulike relasjonar.
Kva har ei veninne å seie? Kva har sjølvtillit å seie? Går
det an å leggje bak seg barndommen og leve vidare, eller må ein leve med det?
Korleis skal ein leve livet? Skal ein vere ambisiøs og brøyte seg fram og gjere
det ein vil, eller skal ein føye seg etter andre? Det er så utruleg mange
spørsmål i boka, og den er så full av gode sitat at skulle eg ha notert all
ville eg ha brukt eit år på å lese boka. Eg synes nesten at berre første linje
i baksideteksten opnar for refleksjonar av tusen ulike slag. Noen ganger leker livet gjemsel.
Ein skulle kanskje tru at karakterane var lite
truverdige i slike bøker. Dei er truverdige, på grunn av relasjonane og karakterane viser
sterke og svake sider ved kvarandre, gjennom måten dei samhandlar på.
Forventningar er eit godt ord for å beskrive det. I sosiologisk samanheng blir
forventningar definert som: Oppfatningar av korleis ein bør oppføre seg og
korleis samhandling bør føregå. Dette er ein viktig del av boka. Karakterane
sine forventningar til kvarandre og til seg sjølve gir sterke og svake sider
til kvarandre, og her hjelper òg den autorale synsvinkelen, ved at ein veit kva
alle forventar av seg sjølv og dei rundt.
Hortense er akkurat som i dei andre bøkene ein
viktig karakter.
Eg må seie at eg ser litt opp til henne på grunn av den ambisiøse veremåten og
sjølvtilliten. Det skal utruleg mykje til for at ho mister trua på seg sjølv,
men likevel utruleg lite. Ho brøyter seg fram og vil vise igjen overalt. A shining star. Samstundes er ho lite
klar over sine eigne kjensler, og på mange måtar er ho umenneskeleg. Ho stenger
ute alle kjensler som kan verke negativt og er redd for å overgi seg. Ho må
vere uavhengig.
Boka vart litt langtrukken. Den kjente eg veldig på medan eg
las. Det gjekk lang tid frå eg las den første sida til den siste sida, og eg
blanda av og til saman handlinga med det som skjedde i Skilpaddens langsomme vals fordi det meste verka så lenge sidan.
Likevel gjekk slutten fort, og eg skulle no ønske at det var endå fleire sider,
for eg vil ikkje vere ferdig. Eg kjenner meg ikkje klar til å ta farvel med
desse fantastiske karakterane eg har hatt i livet mitt den siste månaden. Då eg
skreiv om dei norske ungdomsromanane, skreiv eg at det var akkurat som om du
berre følgde etter ein person, ikkje som om du var personen, at dei berre gav
eit inntrykk av overvaking. Desse bøkene er det motsette. Eg føler at eg er i
Paris, at eg er i London, at eg er i New York.
Fotnotane nedst på sidene var òg veldig distraherande. Dei
skulle referere til dei andre bøkene, når det var snakk om handling frå dei.
Likevel fekk eg ikkje med meg fotnoten, men berre at det sto noko med lita
skrift nedst på sida, og då måtte eg
sjå etter det vesle teiknet på sida, for å ikkje irritere livet av meg.
Fotnotar er noko som eg ikkje liker i det heile, men det er meg. Det har
eigentleg ikkje mykje å seie for den litterære kvaliteten på boka.
Forresten, nokon som veit om det skal komme
fleire bøker i serien? Det er eg veldig usikker på. Eg har veldig lyst til at det skal vere
slutt no, fordi det var ein fin og verdig avslutning, samstundes som eg gjerne
vil lese meir om Joséphine, Hortense, Zoe og dei andre folka frå bøkene til
Pancol.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare