lørdag 14. januar 2012

bok: hjemkomsten av Victoria Hislop


Under Alhambras majestetiske tårn kan man høre gjenlyden av musikk og hemmeligheter i Granadas brostenslagte gater. Sonia Cameron er ikke opptatt av byens historie - hun er der for å danse. Men i en stille kafé trekker en tilfeldig samtale og en samling gamle fotografier henne inn i en dramatisk fortelling fra den spanske borgerkrigen. 
Sytti år tidligere huset kafeen familien Ramirez. I 1936 splintret Francos hær landets skjøre fred, og i hjertet av Granada blir familien vitne til de fryktelige virkningene av konflikten. Splittet av politikk og tragedie må de alle velge side - og kjempe en personlig kamp mens Spania rives i biter foran øynene på dem.
Om det er nokon som ahr vore klistra til denne boka, er det meg. Minst like god som Øya, og Victoria Hislop tar oss nok ein gong med til ein litt mindre stad enn London eller Roma eller, sidan denne boka foregår i Spania, Madrid. Einaste gongen me blir tatt med til Madrid i denne boka, er det ikkje den same staden som nå. Tvert i mot.

Sonia er eigentlig veldig lei livet heime og den stive og alkoholiserte mannen heime. Saman med veninna, som vil feire fødselsdagen skikkelig, reiser ho til Granada for å få ein pause og drive med det som har blitt ein av hennar største hobbyar: dansing. Men i Granada er det ikkje bare dans som opptar henne, men historia om borgarkrigen.

Det er i frå mellomkrigstida, og det er familien Ramirez me følger. Her blir me ført til fleire stader i Spania, blant anna til Madrid, som republikanarane slit for å halde vekke i fascistane. Å leve under borgarkrig må vere vanskelig tenker eg. Landet kriger i mot kvarandre, og du veit ikkje ein gong om du kan stole på tidligare vener eller naboane dine. I familien Ramirez er sosialistpartiet det dei fleste liker, noko som fører til mykje vanskelig. (har eg lov til å seie så mykje utan å røpe alt?)

Uamsett, dette er ei bok med fantastiske skildringar, og me blir godt kjent med hovudpersonane. Historiske romanar har ein tendens til bli veldig spennande og veldig fengande. Dette er òg ei ny "bølge" eg har kasta meg på. Eg synes at dei har så mykje meir enn vanlige ungdomsromanar, og det har i alle fall denne. Viss ikkje Victoria Hislop har blitt ein favoritt hjå folk etter øya og hjemkomsten, må dette vere ein sjangar dei ikkje liker, for ho meistar han.

Det er litt meir banning i denne boka enn i øya, men ikkje overkant i det heile, og det er noko anna som er negativt med ungdomsromanar. Folk trur at for å få ungdommen fenga MÅ det vere ungdomsspråk eller banning i bøkene. Her er det ikkje slik, og eg trur kanskje at det er ein overgang mellom barn og vaksen der det er mykje banning, men her er det eit anna publikum, som veit at det går ann å seie ting på andre måtar.

For å skrive ei bok som denne, må forfattaren ha gjort grundig research, og måten ho beskriv Granada på er på ein måte der me får ei kjensle av at ho har vore der. Denne boka har gått rett opp på lista blant favorittar hjå meg, og det har òg forfattaren.

3 kommentarer:

  1. Jeg likte også denne boken veldig godt, har Øya liggende ulest enda, og i Aug kommer "Tråden", den gleder jeg meg til.

    SvarSlett
  2. Hørt mye fint om Victoria Hislop sitt forfatterskap. Særlig om Øya:)
    Flott omtale!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...