tirsdag 27. november 2012

strøtankar: legaliserer bøkene valdtekt?

Nå er det snart jul, og på butikken der eg jobbar er det fullt kjør frå morgon til kveld, nesten utan pause. Det er òg ein trend som har kome smygande inn saman med julegåvehandelen dette året: boka fifty shades-serien. Folk kjøper denne boka til seg sjølv og til andre, og mange av julegåvene eg pakkar inn i år er denne boka. Eg kjenner at eg blir litt sjokkert og irritert over denne vaksande trenden. Sjølv ville eg aldri gitt ei erotisk bok i julegåve til nokon.

Eg har motsett meg sterkt å lese denne boka, og det skal eg halde på, men eg har fått eit ganske klart bilete av kva dette handlar om. I hovudtrekk handlar det om noko som høyres ut som eig nokså utrygt, skadeleg og usunt forhold mellom to menneske. Eg hadde hatt stor sympati med hovudpersonen hadde ho blitt utsett for valdtekt eller tvang og boka handla om eit eller anna kriminelt og korleis ho kunne ha kome seg ut av dette. Men då hadde det jo ikkje blitt ei erotisk bok, Mai Lene, tenker nok du nå. Nettopp. Ja, det finst sex i nesten ALL litteratur! Sjølvsagt skal ikkje noko sånt lukast ut, men når ein gir bøker til kvarandre til jul som eine og aleine handlar om usunne sexforhold, er det noko hos meg som byrjar å blinke raudt.

Heile spenninga i boka ligg (tydelegvis) rundt om dei greier å halde saman, trass i trangen hans til å kontrollere og undertrykkje henne. Det er det som er feil. Skal me jenter prøve å bli i eit forhold med nokon me er glad i, ja prøve så hardt me kan, trass i at det er på grensa til valdtekt og eit veldig usunt forhold bassert på usunn sex?

På omslaget til fifty shades-serien står det "Tidenes bokfenomen - endelig på norsk!" Korleis skal ein tolke dette utsegnet, tydelegvis frå forlaget, då det ikkje er nokon person som er sitert? Eg kan tenke meg at J. K. Rowling nesten gremma seg over at ei slik bok solgte meir enn Harry Potter - serien , som er langt meir sunn, sikkert betre litteratur, og med i tillegg med betre førebilete. Nå nettopp kom det òg ut ei bok på norsk rundt temaet erotikk og jenter som blir kontrollert av "kjærastane". Etter E. L. James sin suksess har nok (dessverre) fleire forfattarar sett kor lågt lista ligg for sånn litteratur og så laga sin eigen roman om same temaet.

I går i del to i Stavanger Aftenblad skreiv Ida Vågsether ein omtale av Hedda H. Robertsen si bok, ildfuglen. Ildfuglen er i følge Kathrine Krøger i dagbladet og fleire andre journalistar det norske svaret på suksessen Fifty Shades of Grey. Dessverre vil eg seie. Ida Vågsether skreiv i Aftenbladet:
"Det er de erotiske romanenes store bokhøst. Samtidig som "Fifty Shades of Grey" setter salgsrekorder er Hedda H. Robertsen ute med ny, erotisk roman med samme motiv: BDSM-sex. Dersom du ikke allerede vet  hva det er har du muligheten til å få det utførlig forklart (hint: BDSM en forkortelse for bondage, dominans og sadomasoschisme).
Ildfuglen skildrer en helg i studinene Amalie og Simones liv. De to er tilsynelatende vanlige jenter som studerer på Blindern og fester i helgene. Men i tillegg har de en mørkere side: et utagerende og tidvis destruktivt sexliv. På hver sin kant har de to unge jentene BDSM-sex med eldre menn. Mannen er dominant i begge forholdene, og jentene nyter å være han underlagt."
Tenk at denne boka saman med Fifty Shades of Grey skal ligge under juletrea dette året! Hadde det bare vore slik at dei blei tvungne til det, men nei. Begge bøkene viser hovudpersonane som er villige til å gjere dette og handlar eine og aleine om det. Noko eg òg vil få fram er at det tilsynelatande vanlege jenter, og det har ikkje kome fram at dei slit noko psykisk i utgangspunktet og vil seg sjøvle vondt. Derfor reagerer eg på at dette er bøker om nokon som er villige til å oppleve noko som er andre sin store skrekk i livet: valdtekt. Ida Vågsether skriv vidare:
Selv om det to jentene ligger bundet fast i sengene med bind for øynene med menn de knapt kjenner, fremstår jentene som lekne ellegante og selvsikre. Når Simone nyter å bli dopet ned og voldtatt av en fremmed, stilleg jeg spørsmål ved hennes manglende dødsangst. Vi aner konturene av en broket fortid, men får ikke innsikt om Simone virkelig ikke har dødsangst (og eventuelt hvorfor), eller om dette bare er et lite gjennomtenkt trekk fortelleren har tillagt Simone.
 I Noreg dei siste åra, og særleg i Oslo og i Stavanger har dei hatt store problem med valdtekt av jenter, og mange jenter opplever noko av det verste som kan skje. Eg tenkjer at mange av desse personane må bli sjokka over at det går an å skrive bøker der forfattarane nærast leikar med dette temaet og med valdtektsoffer. Kva vil dei fram til? Skal valdtekt bli legalisert fordi nokre få LIKER det slik? Finst det verkeleg nokon truverdig person som VIL ha eit usunt sexliv som blir skildra i desse bøkene? Det er ikkje ein gong ein måte å rakke ned på seg sjølv, for då kunne det blitt ein god psykologisk thriller (kanskje), men det er jenter som er avhengige av enten denne forma for sex eller den dei har sex med. Eg kjenner at mest blir kvalm av at desse bøkene skal liggje under juletreet i år. Sjølvsagt har eg òg lese bøker eg ikkje ville ha pakka inn i koseleg julegåvepapir, som mørke rom og åpne sår av Gillian Flynn. Likevel kjem det godt fram her at hovudpersonen er psykisk sjuk, og det er på ingen måte ein leik for forfattaren. Det er òg to bøker som langt i frå å vere om erotikk og sex!

Eg vil avlsutte med dei siste setninga til Vågsether:
Tilbake sitter jeg handlingslammet og usikker; sier dette noe om samfunnet. I så fall hva?
Kva tenker de om dette?

4 kommentarer:

  1. Sterkt og tankevekkende innlegg. Jeg har lest Fifty shades, og synes det er litt spennende og lett underholdning, men jeg reagerte også på jentas om frivillig underkaster seg Greys regime.. Og det skapet ubehag i meg. Jeg håper det gjør det for folk flest.. Jeg er ikke sikker på at dette legitimerer voldtekt, eller at synet på det endres... Men det er viktig å være våken, og diskutere slike ting synes jeg. Bra innlegg!

    SvarSlett
  2. Veldig godt og grundig innlegg, med mange interessante tankar.

    Eg har ikkje lese verken Fifty Shades eller Ildfuglen. Men eg gjorde meg nokre av dei same tankane, då eg las Lolita i fjor vinter. Viss ein ser boka frå utsida, er plottet grusomt, ein mann som forelsker seg i ei jente, gifter seg med mora og tar livet av henne for å så forgripe seg på den 12 år gamle stedottera. Sett frå utsida, er dette ei grusom historie. Det som likevel gjer boka interessant, er det at historia blir ikkje fortald frå utsida, men frå innsida; denne grusomme mannen er hovudpersonen. Og lesaren blir då stild i ei slags sympatikonflikt, i alle fall gjer eg det. For så lenge ein i romanen følgjer tankane og kjenslene til han som gjer overgrepa, får ein ei merkeleg form for sympati for denne mannen, sjølv om ein fordømmer det han gjer. Nå trur eg ikkje Fifty Shades kan samanliknast med Lolita, men eg er ikkje sikker på om eg er einig med deg i at romanar om "umoralske" handlingar nødvendigvis er usunne. Det er jo nettopp gjennom romanen at vi får moglegheit til å utforske psyken til dei vi ikkje forstår. Uansett, du åpnar for ein veldig interessant diskusjon her!

    Så koseleg med julestemning på bloggen, forresten.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for kommentarane begge to! Fint med litt respons. Eg forstår kva du seier Bjørg, eg har aldri lese den boka du nemner sjølve, og eg òg har erfart korlesi ein kan sympatisere med hovudpersonar som absolutt ikkje er nokon me elles ville ha sympatisert med. Likevel synes eg dei går litt langt når det IKKJE er denne personen og det er jenta som er hovudpersonen

    SvarSlett
  4. Det er sant. Eg har som sagt ikkje lese bøkene du skriv om. :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten