fredag 26. oktober 2012

once upon a time har fått award

Eg har vore så heldig og fått ein award av Askeladden. Det er veldig koselig å få skryt og ros for bloggen sin, så tusen takk!!

Nå føler eg veldig på meg at denne her har gått i ring mange goner nå i det siste, men eg skal gi til fem bloggar likevel: Gråbekkas blogg, Lesehesten fra Sørlandet, I Ninas bokverden, Martine på Boktips1 og My first, my last, my everything.

Nå står det eigentlig i reglane at me skal gi awarden til nye bloggarar eller bloggar som har få følgjarar. Eg har ikkje gjort det. Eg gir awarden til bloggar eg liker og synes fortener litt merksamd og fortener å bli sett pris på. Når du har fått ein award skal du gi den vidare til fem andre bloggar du synes fortener det og gi beskjed til desse om at dei har fått awarden. Du lagar eit innlegg på bloggen med bilete over her og elles forstår vel dei fleste teikninga.

Det er fantastisk mange flinke bloggarar der ute, og eg sleit med å bare plukke ut fem, men slik blei det denne gongen.

søndag 21. oktober 2012

ein smakebit frå favorittboka mi

Hei, i dag tenkte eg at eg skulle dele ein smakebit frå favorittboka mi som eg las i går kveld. Eg vart først minna på det av ein kamerat då eg var på ungdomslaget, og så gjekk eg heim og las det. Etterpå fekk eg ein stor trang til å dele det, og sidan eg alltid les i bibelen, tenkte eg at nå var det på tide å dele ein smakebit.

4 Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:
        5 «Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp.  6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte.  7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det.  8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
   
        9 Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal
           sjå, men ikkje sjå,
           og høyra, men ikkje skjøna.
           sjå, men ikkje sjå,           og høyra, men ikkje skjøna.           sjå, men ikkje sjå,           og høyra, men ikkje skjøna.
11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, og når dei blir sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som vel høyrer ordet, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar så dei ikkje ber fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde. 
Smakebiten er frå Lukas evangelium 8, 4-15.

Ein smakebit på søndag er ein fast spalte på bloggen flukten fra virkeligheten. Du opnar boka du les i og deler ein smakebit som ikkje røper for mykje. Etterpå legg du igjen linken her. Alle mine tidligare smakebitar finn du under etiketten søndag.

lørdag 20. oktober 2012

bok: ekstremt høyt & utrolig nært av Jonathan Safran Foer

Hadde det vore normalt for ei seksten år gammal jente å vere forelska i ein niåring hadde eg vore det etter å ha treft hovudpersonen i boka til Jonathan Safran Foer. Oscar er svært sjarmerande og litt veslevaksen. 11. september 2001 mista han faren sin då tvillingtårna blei eit terrormål. Etter det har Oscar gått rundt i "heavy boots" som er ei omskriving av å ha dystre tankar.

Oscar bur i New York, ein av verdas største byar. Då blir det også eit problem for han når han finn ein nøkkel som passar i ein av dei over 162 000 000 låsane som finnes i New York. Nøkkelen fann han i ein blå vase som ein gong tilhøyrte faren. Han veit ikkje kva nøkkelen er til, men eit hint har han: Namnet "Black." Han bestemmer seg for å oppsøke alle som har Black til etternamn i New York, i alt 472 personar.

Paralelt med historia om Oscar får me lese breva frå bestefaren til Oscar, Thomas, til faren til Oscar, Thomas. Med lengsel og anger blir historia til Thomas senior fortalt. Her står det om bestemora til Oscar, om søstera til bestemora, om Thomas senior og liva deira. Bestemora til Oscar bur rett ovanfor, og ho har òg skrive brev, men til barnebarnet. I hennar brev får me høyre om det vankselige forholdet til bestefaren til Oscar, om følelsane hennar og ein del meir som eg ikkje vil røpe.

Aldri har eg lese ein så trist og samstundes sjarmerande roman som det denne boka er. Oscar må vere den mest oppfinnsamme, litterære karakteren eg nokon gong har høyrt om. Han skildrar seg sjølve som ateist og det store førebilete er Stephen Hawking.Fleire gonger i løpet av boka får me lese det same svaret som kjem til Oscar etter han har sendt brev til Hawking:
Thank you for your letter. Because of the large
volume of mail I receive, I am unable to write
personal reposnses. Nevertheless, know that I
read and save every letter, with the hope of one
day being able to give each the proper answer it
deserves. Until that day,
Most sincerely,
Stephen Hawking
Eg tenkte fleire gonger: "At du ikkje gir opp å skrive til han når du får dette svaret kvar einaste gong", men sidan det var Oscar, min nye store helt, forstod eg det på ein måte likevel. Han kan så mykje rare fakta om elefantar, søvn og alt slagas anna rart. I tillegg er han ein oppfinnar, eller amatør-oppfinnar, for kvar kveld når han legg seg byrjar han å finne opp ting inni hjernen sin. Kvifor ikkje ha skyskraparar der dei rørte seg i staden for heisen? Kvifor ikkje ha skilt på ambulansen som blenka: "It's not major" eller "It's major"?

Oscar har òg sitt eige visittkort (viss du har tenkt å lese boka og ikkje vil få alle dei sjarmerande tinga servert i dette innlegget, bør du bla forbi) som han deler ut til alle dei 472 personane med etternamnet Black.
OSCAR SCHELL
INVENTOR, JEWELRY DESIGNER, JEWELRY FABRI-
CATOR, AMATEUR ENTOMOLOGIST, FRANCOPHILE,
VEGAN, ORIGAMIST, PACIFIST, PERCUSSIONIST,
AMATEUR ASTRONOMER, COMPUTER CONSULTANT,
AMATEUR ARCHEOLOGIST, COLLECTOR OF: rare
coins, butterflies that died natural deaths, miniature cacti,
Beatles memorabilia, semiprecious stones, and other things.
EMAIL: OSKAR_SCHELL@HOTMAIL.COM
HOME PHONE: PRIVATE/ CELL PHONE: PRIVATE
FAX MACHINE: i DON'T HAVE A FAX MACHINE YET
Ein Humlesnurr i miniatyr rett og slett! Språket i boka var òg bra, så langt som eg såg i alle fall. Eg las boka på engelsk og anbefaler dykk å gjere det, for originalspråket av boka var fantasisk bra. Skildringane var ikkje overdådige og overstrødde med adjektiv, og derfor nærare perfekte. Og personane var ikkje stereotype. Takk for det! Dette er ei bok du bare kan setje deg ned og kose deg med.

Nå blei dette innlegget i stor grad eit innlegg om Oscar, og det blei kanskje litt feil, for mora og bestemora (og bestefaren) er veldig sentrale karakterar i boka som Oscar får tryggleik frå. Han har mange fobiar i forhold til høge bygningar, undergrunnsbanar og folk med turban. Av naturlige grunnar pregar dette boka, saman med at han saknar faren veldig mykje og fort blir lei seg. Likevel, boka er verkeleg sjarmerande.

onsdag 17. oktober 2012

bok: tråden av Victoria Hislop

Hellas er igjen staden kor Hislops roman foregår, og denne gongen er det Tessaloníki, ein by aust i Hellas. Dimitri er student i Tessaloníki der besteforelra, faren og tanta hans vaks opp og budde, før tanta og faren flytta vekk til USA og England. Kathaina og Dimitri "senior" er over nitti, men endå veit ikkje Dimitri "junior" historia om fortida deira, og ein dag byrjar dei å fortelje.

I 1917, året då Dimitri vart fødd av mora Olga Komninos, braut det ut ein stor brann i Tessaloníki. Hus og byggningar både på den "fattige" og den "rike" sida brant ned og fekk store skadar. Faren til Dimitri, Konstantinos Komninos, mista heile bedrifta si. Han tek ingen notis av sonen han nettopp har fått eller at kona er i stor fare, men bryr seg berre om å få redda stoffa og bedrifta så ikkje heile økonomien og ryktet hans går sund. På andre sida av byen flyktar Olga Komninos med den nyfødte sonen og hushjelpa til strøket der ho vaks opp. Her møter ho igjen gamle kjente, og både jødar, kristne og muslimar bur i same strøket.

I Tyrkia nokre år seinare kjem ei lita jente kalla Katharina bort frå mor si når dei flyktar frå landet etter krigen. Ho treff ei mor og tvillingande deira, og saman reiser dei over til Hellas og Tessaloníki. Den "nye" familien får bu på sida av Olga og Dimitri ettersom muslimane som budde der før blei tvungne til Tyrkia. Saman veks Katharina, Dimitri, nabogutane Elias og Isak opp og tvillingane Sofia og Maria opp i gata, og den gode tonen mellom jødar og kristne er spesiell for akkurat denne staden. Likevel er det alltid noko som trugar, og det er store utskiftningar i Hellas. Kven som styrer eine dagen og kven som styrar neste er uvisst. Om det er monarkiet eller republikken som regjerer er usikkert, og barna veks opp i eit land der krigen herjar.

Handlinga i boka er ein god ide, men ideen er skriven ned på ein god nok måte. Skildringane til Hislop har ein tendens til å bli litt vel overdådige, og det blir for mange adjektiv. Eg lærte ein gong då eg skreiv at du skal ikkje skrive veldig mange adjektiv, men heller bruke verb eller substantiv som hjelpemiddel. I staden for å skrive: "Den flotte, kjekke mannen var veldig snill og høg", går det heller an å skrive "Mannen var så høg at han måtte bøye seg for å komme inn døra" osv. Eg synes Victoria Hislop sine karakterar får litt for mange adjektiv putta på seg, og dei kan vere svært stereotype. Eg reagerte spesielt mykje på Konstantinos Komninos. Eg tvilar på at ein mann som han finnst. Det ville overraska meg stort om ein mann som bare bryr seg om bedrifta og økonomien finnst, og at barnet bare er ein veg for å vidareføre familiebedrifta er vel ikkje akkkurat noko han har til felles med mange andre. Den manglande interessa hans for sonen og kona går alt for langt etter mi meining. Eg meiner ikkje at fødselen til Dimitri skulle ha forandra han fullstendig, for det hadde blitt for langt andre vegen, men ein mellomting.

Det andre eg reagerte på var kor lettvindt ho hadde gjort mange ting. Det var inga spenning knytta til noko slik som i dei andre bøkene hennar. Det verka som om fantasien hennar hadde stoppe og visse ting som var vanskelig for karakterane i løpet av boka blei løysa av forfattaren på ein måte som rett og slett var alt for lett til eit slikt skrivetalent. Viss de les boka ein gong forstår de nok kva eg meiner.

Noko som var positiv, var sjølve den historiske historia. Den var interessant, og eg visste ikkje at noko slikt hadde skjedd i Hellas. Det at ho brukar nesten gløymte eller nokså godt gjøymte historiar gjer bøkene desto meir interessante enn viss det bare hadde vore frå andre verdskrig eller ei anna veldig kjent hending i historia. Boka var lærerik nok, og bare på det grunnlaget kan det vere ei bok eg anbefalar å lese.

I Dagbladet måndag 24. september skreiv Cathrine Krøger ein omtale med tittelen hvor dumme tror "Øya"-forfatteren at vi er? Vidare seier ingressen Elendig språk i bok som kunne hatt alt. Dessverre er eg einig. Noko av det artikkelen seier noko om er gjentakingane i boka om kor fine, flotte, sjølvopptekne eller modige karakterane er. Det er rett og slett slik at ein kan byrje å tenke: "Dette har eg lese før" eller "Har eg gløymt å legge bokmerket rett stad. Har eg ikkje lese om det same tidligare?" Det er noko ein kan bli oppgitt av. Eg synes ho har rett i ingressen òg: Elendig språk i bok som kunne hatt alt. Elles var boka heilt grei. Eg skal innrømme at eg vart fenga, og det var greit lesestoff når du ligg på ei solseng i Hellas (Rhodos) med 25 graader.

onsdag 10. oktober 2012

haustkrim: Høstoffer av Mons Kallentoft

I den fine anledning haustferie (i alle fall for meg) er det vel på sin plass å anbefale litt krim, eller kva? I vår las eg dei tre siste bøkene i serien til Kallentoft, og eg må bare seie at han er min favorittkimforfattar, utanom Gillian Flynn. Hans spesielle skrivemåte tar meg ikkje bare inn i boka, men òg med på alle eventyra og all spenninga.

Malin Fors er som vanlig hovudpersonen, men det er ikkje bare henne me følgjer gjennom bøkene. Me følgjer òg dei andre i politihuset og vitna i saka, i tillegg til familien til Malin. I denne boka er det ein godseigar, Jerry, som blir funne i Volgrava ved sitt eige gods, og Malin prøver å finne ut meir om mannen og om forholdet hans til dei tidlgiare eigarane. Kven har myrda han?

Eg må bare seie at desse bøkene held deg på pinebenken. Nokre synes skrivestilen til forfattaren er litt for spesiell, men eg har alltid synes at skrivestilen er noko av det beste. Språket er fengande og det er gode skildringar og ei mengd spennande hendingar. I tillegg er det ikkje bare krim og mysterier, men òg mykje om Malin Fors' privatliv.

mandag 8. oktober 2012

Kva eg skal lese denne haustferien? Jo...

I haustferien dette året skal eg kose meg skikkelig, og det skal bli mykje lesing. Aller mest gler eg meg til Victoria Hislops roman, sjølv om det har vore litt forskjellige meiningar rundt den nye boka hennar. Eg synes det var veldig stas å treffe henne i Oslo på bokfestivalen, og etter eit slikt møte vil eg lese boka uansett kva andre omtalar seier.

I tillegg, då eg jobba i går, kjøpte eg ei ny engelsk bok. Det er skikkelig vanskelig å jobbe i ein bokhandel utanå kjøpe alle bøkene du vil ha  Nå har me for eksempel fått inn både den femte årstiden og mokka. Dei skal lesast, og helst skal dei bli mine! Uansett, i går kjøpte eg extremly loud & incredibly close. Det har vore mange gode bokomtalar om denne boka, og det skal bli morosamt å sjå om boka infrir.
I tillegg skal eg lese ei bok frå Italia og kanskje gjesterommet, men dei eg har nevnt ovanfor her er dei eg gler meg mest til.

søndag 7. oktober 2012

omtale av bøker: terningkast og stjerner

Hei, i det siste har ejg tenkt på at jeg kanskje skulle lage et innlegg om å gi terningkast og stjerner til bøker vi har lest. Jeg vil bare seie nå i begynnelsen at det er ganske subjektivt og mykje hvorfor jeg ikke gir terningkast til bøkene jeg leser.

Personlig synes jeg det beste, for meg i alle fall, er å skrive hva jeg synes i ord og la den som leser omtalene mine se det gjennom det jeg skriver og ikke gjennom et tall eller noen stjerner på slutten. I mine omtaler liker jeg å uttrykke meg ved å skrive! Og helt ærlig, når jeg leser andre sine bokomtaler er stjernene/terningkastet i slutten bare et tall jeg ikke pleier å bry meg så mye om. Jeg leser grundig gjennom handlingreferatet, tankene rundt boka og meningene til den som skriver omtalen. Det avgjørende for meg, er det lesaeen har skrevet om boka og ikkj terningkastet på slutten.

Det gir det mye mer dybde. og vi kan se hva var bra, hva var dårlig. Hvordan var språket, hvordan var plottet, var det noe som kunne ha blitt endra, eller var alt i boka perfekt. Terningkastet sier at slik var hele boka. Jeg er ikke ute etter bare hele boka, men også visse deler.

Jeg rakker ikke ned på de som gir terningkast eller stjerner, og jeg forstår at det er greit med en slik oppsummering til slutt. For meg, når jeg skriver mine egne omtaler, blir det likevel feil, og jeg føler meg ikke komfortabel med å gjøre det i et innlegg. Jeg kjenner også en voksende irritasjon når eg leser anmeldelser i filmer der de gir et terningkast, men teksten sier noe annet. Det er ofte det skjer, men av og til. Bokbloggere synes jeg treffer mer presis når de gir terningkast, og dette er ikke noen oppfordring til å slutte. Det er egentlig bare min forklaring på hvorfor jeg ikke gjør det.

Hva tenker du om dette?

lørdag 6. oktober 2012

bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder

Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.

Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.

På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.

Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas' løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.

Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.

Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: "Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien" I tillegg er det setningar som "akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp" eller "tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang." Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.

Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.

Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale...

torsdag 4. oktober 2012

bok: lobotomisten av Eirik Huseby Sæther


Om hånden lokker deg til synd, så hogg den av. Det er bedre for deg å gå vanfør inn i livet enn å ha begge hender og komme til helvete.
Mark 9,43
Dette er bibelverset pastorsonen Johannes byggjer si overbevsining på, saman med psykologibøkene han les. Johannes har vokst opp med ein far som er pastor med krav om eit syndfritt liv. Ikkje bare har Johannes blitt hjernevaska av dette, han er òg oppteken av å redde andre frå helvete og bli kvitt synda deira. Det viktigaste for han er å kurere personar som har seksuell apetitt, og litt før jul 2010 finn han medisinen: lobotomering. For å gjennomføre det kidnappar han Kine, ei jente utan grenser, som han trur treng at nokon kurerer henne.

Politimannen som skal etterforske saka er Daniel Vinge. Første gongen me lesarar treff han i boka er på ein kafé i Oslo med kameraten Tom Stohl. Venskapet dei i mellom synes eg er veldig spesielt, men derimot interessant. Daniel er open, mens Tom er meir inneslutta. Eg fekk eit inntrykk av at tilliten Tom får av Daniel er betre enn tilliten Daniel får av Tom. Fleire relasjonar og personar i boka er prega av ulike tankar og livshistoriar, og det gir boka litt av preg av å vere ein psykologisk thriller på veldig mange område.

Dette er ikkje ei historie du les viss du trenger litt ekstra glede inn i livet ditt, eller viss du tåler veldig lite. Johannes' sine metodar er direkte ekle og avskylige, og detaljane er mange. Lobotomering var for meg eit ukjent fenomen før eg las denne boka, men baksideteksten og handlinga høyrtes så ekkel ut at eg første bestemte meg for at eg ville ikkje lese henne. Johannes verker for meg som ein urealistisk person på nokre måtar, men på den andre sida er det ein veldig interessant litterær karakter.

Eg hadde på forhånd, og i avtale med forfattaren, Eirik Huseby Sæther, tenkt å lese hundreogfemti sider, men deretter sette eg meg målet to hundre sider, noko som gjekk glatt. Sæther har eit godt språk, og det er ingen tvil om at han kan skrive. Metaforar, samanlikningar og gode skildringar gjer at ein får eit godt inntrykk av kva som skjer. Etter eg hadde lest ferdig boka, følte eg at eg "kjente" karakterane. Ingen av dei var sett på spissen, utanom Johannes. Likevel, etter desse to hundre sidene, då fleire og fleire ledetrådar kom for dagen, byrjar eg å lure på kor dette skulle hen, og skepsisen eg kjente då eg byrja å nærme meg 300 sider var nok dessverre noko som passa til deg eg følte då eg kom over side tre hundre. Slutten var overdriven, karakterane byrja å gjere veldg ufornuftige ting eg trur dei fleste verkelege personar ville ha spart seg, uansett kva slags livssituasjon dei var i. Fleire "forhistoriske" våpen, det er lite sannsynlig hadde blitt brukt i slike situasjonar, blei tatt i bruk. Avslutninga drøya for lenge, og det var den eg brukte lengst tid på å fordøye.

Johannes, som eg har nevnt før, kan vere ein person dei fleste føler er sett litt på spisen. Han er ein forholdsvis interessant person, og ein kan jo spør seg: "Finst slike personar der ute, eller er det bare forfattarens fantasi som har laga ein slik person. Bare for å gi eit døme, kan eg fortelje om ei undersøking som blei gjort i Tyskland om vondskap. Ein professor bestemte seg for å sjå kva eit menneske gjorde viss det hadde sjans til å gjere eit anna menneske vondt. Ville det vere forsiktig, eller ville det gjere det andre menneske mest mogleg vondt?
Til å hjelpe seg hadde professoren ein skodespelar bak eit forheng. Poenget i undersøkinga var at fleire personar skulle komme inn i eit rom og trykke på ein av to knappar, enten ein som gav ein person eit lite støt, eller eit stort støt. Alle som kom inn, trudde det gjekk ut på at dei skulle sjå kor mykje straum eit menneske tålte. Då dei trykka på ein av knappane, rykka skodespelaren bak forhenget til, som om han hadde fått straum i seg. Det personane som var med ikkje visste, var at undersøkinga eigentlig gjekk ut på kva dei gjorde viss dei fekk sjansen til å gjere eit mennske vondt, og skodespelaren fekk eigentlig ikkje straum i seg. (Skodespel) Det viste seg at alle utanom ein trykka på knappen som med mest straum.

Johannes er kanskje ein meir realistisk person når ein ser på denne undersøkinga. Får du sjansen til å gjere nokon andre vondt, så har du ikkje problem med å gjere det, uansett kor "snill" du er til vanlig. Likevel trur eg at i det verkelege liv, hadde Johannes fått påvist ein form for mental sjukdom. Alle dei vonde tinga han gjer, er så umenneskelige, at det burde på ein måte gå opp for han kva han gjer og at det mennskelige kjem meir fram. Det gjer det òg av og til, og om Johannes er ein realistisk eller urealistisk person, kan kvar lesar vurdere sjølv. Eg veit ikkje heilt kva eg synes, men det vippar nok mest over på urealistisk dessverre.

Språklig og gramatisk var boka svært bra. Skrivemåten er god, men litt "for vanlig" til tide. Kunne tenkt meg litt meir leiking med språket av og til, noko eg trur forfattaren har stor kapasitet til, for elles var den delen veldig bra. Dessverre gav ikkje denne boka meirsmak, og om eg les oppfølgjaren, leiemorderen, er framleis usikkart.

Det er veldig annleis krim, og er du på utkikk etter typisk påskekrim, er ikkje dette heilt boka. Du kan jo lese den i påska viss du vil, for den er ikkje bunden av ei spesiell årstid, men den er ikkje veldig klassisk. Meir nyskapande, men av og til treng med vil å lese slike bøker òg?

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...