Viser innlegg med etiketten rus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rus. Vis alle innlegg

onsdag 15. mai 2013

bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)

Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.

Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.

De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.

Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.

Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!
Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så... Sylfest tenkte at det var fri diktning - ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie. 
døden kjem med bussen side 186

Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.

Mai Lene

søndag 17. mars 2013

bok: den femte årstiden av Mons Kallentoft

Om vondskap

Eg har laga ei mykje kortare innleiing til denne boka enn eg plar å gjere, fordi eg kunne ikkje få ned nokre fleire ord. Vondskap er det som skildrar handlingane i denne boka best. Markabert, vondt og fælt. Korleis klarar nokon å skrive noko slikt som dette? Når eg skriv denne omtalen, sit eg og høyrar på ABBA-musikk, for å ha noko litt lettare å forholde seg til. Det kan verke rart når de les vidare, men nokre gonger det vonde så absurd og fælt at du må ha noko anna òg å ha. I songen eg høyrer syng Amanda Seyfried frå Mamma Mia-filmen "I have a dream." Seinare syng ho "to help me through the reality". Det er nokre ord som passar perfekt i denne samanhengen. Hanlinga i boka konsentrerar seg rundt ei tema som både er tabu, men likevel veldig omstridt. I det siste har det vore mykje om det i media, ikkje fult så mykje frå Noreg, men frå India. Temaet er valdtekt, og hendingane i India gir eit litt anna perspektiv etter denne krimromanen. Det kjem nærare og verker endå meir grotesk. Der har det vore gruppevaldtektar på gruppevaldtekar (og nå seier eg ikkje at dette har noko med løysinga å gjere), og eg vart sjokka då eg høyrte at nokre menn hadde forgripe seg på ei jente på tre år! Dei er barbarar dei som gjer slikt. Dei er dyr!

Dette tenkjer òg hovudpersonen i boka til Kallentoft, Malin Fors. Dette er femte boka eg les om den ivrige, besette, tøffe, dyktige politietterforskaren. Ho har eit eige "image". Ho er ustoppeleg, men av og til kan det verke som at det likevel er umogleg. Men slik som ei kjent sykkelstjerne (Dag Otto) i Noreg seier: "Ingenting er umulig. Det umulige tar bare litt lengre tid." Dette trur eg er mottoet til Fors utan at ho veit det sjølv. På ein ferie saman med kjærasten møter ho ei kvinne som jobber på ein klinikk i Lund med personar som er veldig psykisk svake. Kvinna fortel henne om ei kvinne som er der som vart valdteken og etter det ikkje har sagt eit einaste ord. Malin tenkjer med ein gong på ei kvinne i Lindköping er i same situasjon, Maria Murvall. Ho vart valdteken og sit nå på ein klinikk heilt stum, til stades fysisk, men ikkje psykisk. Nysgjerrig som Malin er, vil ho finne ut kven som har gjort dette med jentene, og samstundes skjer det på nytt. Ein familie finn eit lik i Lindköping på ein vakker maidag. Malin ser straks ein samanheng mellom dette og dei to andre. Ho er besett av å finne ut kven som har gjort det, og det same er kollegane på mange måtar. Dei er alle sjokkert over kva eit menneske kan gjere, og spørsmålet om kor langt dei kan gå for å finne svar reiser seg. Gjer det noko kva middel dei tek i bruk for å kome til mål?

Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde "snakkar" til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste  blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.

Sommerdøden handla òg om valdtekt og var veldig spennande. Likevel er denne boka endå meir grotesk, set seg endå meir inn i denne vondskapen. Ei valdtekt er noko ei kvinne vil ta med seg resten av livet, viss ho overlever. Det set sine spor, slik er det berre. Ufrivillig sex er eit av dei største haldnignsproblema i samfunnet i dag. Ikkje haldninga til kvinna, men til mannen som utfører det. Menn utnyttar styrken sin på den mest groteske måten som finst, og det som skjer etterpå er forskjellig får person til person, men likevel vil det prege eit menneske. Kvinnene i denne boka har fått gjennomgå, og det same fekk kvinnene i sommerdøden. Kallentoft tar i desse krimbøkene opp eit sentralt tema i dagens samfunnsdebatt og stiller spørsmål som kanskje andre òg stiller seg, men som ikkje blir nemnt i media. Kan ein tilgi nokon som gjer eit anna menneske så vondt? Er dei verkeleg menneske? I ei slik sak, kan du gjere alt for å ta den som har teke det? Har du rett til å gjere alt for å straffe ein slik person? Og kva viss det hadde vore nære familiemedlem? Kva hadde me gjort då? Kor sterkt hadde hatet blitt? Mellom linjene finn med ubesvarte spørsmål som er aktuelle og sårbare tema.

Nå har spelelista gått over på SOS frå same film. Sjølv om det i ein annan samanheng vil seg sitere nokre linjer som har sett seg fast nå: "I tried to reach for you, but you have closed your mind" og "you seem so far away though you are standing near". Det er slik Malin føler det overfor Maria Murvall i den femte årstiden. Langt borte, men likevel så nær. Samstundes som Malin er besett og arbeidar på spreng for å finne den skuldige, er det andre som ikkje er like engasjert lengre. Sven Sjöman, ein som har leia etterforsking etter etterforsking med stort engasjemnt og ei stø hand verker nå uengasjert og umotivert. Skjebnane til kvinnen verker ikkje til å gå like hardt innpå han som dei andre. Likevel er dei andre kollegane tøffare enn nokonsinne. Börje, Johan, Zeke, Karim, Karin og Waldermar. Det er unntakstilstand på politistasjonen. Karin blandar seg plutseleg meir inn i etterforskinga, stiller spørsmål på linje med dei andre. Waldemar, som alltid har hatt omdiskuterte metodar, går endå fleire skritt lengre. Johan har gått frå usikker familiefar til sikker ekspert på data. Börje er Waldermars mindre valdelege konpanjong. Zeke er Malins, hennar høgre hand, bremse og pådrivar. Alt blir forandra i denne boka, sjølv om mykje er det same gamle.

Plottet i boka er genialt, kven har gjort dette med jentene. Språket suger ein til seg like sterkt som i dei andre bøkene. Det er frramleis poetisk, men minst like lett forstålege som elles. Eg trur det er eit språk du enten liker eller ikkje liker. I tillegg har forfattaren brukt gjenntaking og linjedeling som sterke verkemiddel. Det høyres mest ut som ein diktanalyse, men det er heller poetisk språk sett inn i ein samanheng der det blir ein kontrast til handlinga. Kallentoft gjer som vanleg ein strålande jobb. Han er tydeleg og klar, og me kan òg lure på om det ligg eit snev av samfunskritikk under språket. Spark til overklassa og dei rike og måten samfunnet er. Eit lite spark til kor lett det er å nå det ein vil om ein har nok pengar.

Malin Fors kavar med nok eit mysterium med nesten usynlege spor. "Slipping through my fingers" er ord som kjem tilbake til meg frå songen med same namn, denne gongen framført av Meryl Streep i filmen Mamma Mia.

søndag 13. januar 2013

bok: gjenferd av Jo Nesbø

Denne veka kom nyheitene om at Nesbø nok ein gong skulle gi ut ei ny bok om Harry Hole i serien sin, og denne veka las eg sist utgjevne bok om politihelten, gjenferd. Boka er full av groteske scenar, og narkotikamiljøet i Oslo står sentralt. Alt i alt er heile boka ei historie om vald, rus og mord.

Sjølv har eg bare lese barnebøkene til Nesbø før, men etter denne boka har eg kome framt til at eg kanskje bare skal halde meg til barnebøkene førebels, for dei er skumle nok. Helten doktor Proktor er mindre truverdig enn Harry Hole, men desto meir koseleg. Likevel, eit fellestrekk har desse to: Dei er meir sprø enn dei fleste andre menneske.

Harry Hole vender tilbake frå Thailand når han får vite at Oleg, sonen til den tidligare kjærasten, Rakel, er mistenkt for drapet på ein gut som heiter Gusto. Gusto blei funnen skoten på ein bustad i Oslo, og alt peikar mot at Oleg har gjort det. Men Harry vil ikkje tru at guten som har vore nesten som ein son for han kan ha drepe nokon. Derfor sett den tidligare politimannen igang si eiga etterforskning og bruker tidligare kontaktar for alt dei er verdt. Etter litt "research" finn han ut at den nye store "helten" i narkotikamiljøet i Oslo blir kalla Dubai. Dubai er kjent for å selje stoffet Fiolin som tilsynelatande blir laga i Noreg.

Samstundes er alle personar  miljøet truga. Seier dei litt for mykje er det slutt. Oleg blir nesten drepen i fengsel og må flytte til skjult adresse. Fleire av personane i miljøet blir funne henretta på dei mest grusomme måtane ein kan tenkje seg. Dubai skyr ingen drapsmetode når han skal dekke over bevisa. Dette gjer at boka er full av vald, blod og mord. Denne boka er dessverre ikkje nok til at eg klarer å omfamne Nesbø og invitere han inn i varmen saman med andre flinke krimforfattarar. Inntil vidare får han stå på dørkarmen og kikke inn. Kva som er så sensasjonelt med Harry Hole og krimbøkene til Nesbø har eg ikkje heitl forstått etter denne boka. Eg ser at det er høgt nivå på krimmen, men det er likevel veldig typisk norsk krim. Kanskje derfor dei i utlandet liker det så godt? Eg liker engelsk krim.

(litt kort omtale, men det får gå)

torsdag 21. juni 2012

bok/biografi: hun ville jo ikke dø - historien om Ragnhild av Siren Henschien


Sommeren 2010 var super. Ragnhild har vært på ferie i Sverige med tante Betty og fått enda en ny venninne. I høstferien skal hun til Tyrkia med bestevenninnen. Nå nærmer det seg slutten av juli, og Ragnhild planlegger sin egen konfirmasjon.To dager etter, lørdag 31. juli, blir hun funnet død på en madrass i en kjellerleilighet. Bare 15 år gamme blir hun et av Norges yngste overdoseofre.«Vi tror vi svever, men du kan se at vi er kjørt», skrev Ragnhild i dagboken sin. I boken «Hun ville jo ikke dø» forteller journalist og seksbarnsmamma Siren Henschien den ærlige historien om hvordan en ung jente mistet seg selv til rus. Og hvordan «det store vi» sviktet da hun trengte oss mest.  
 Denne boka var eg spent på i lang tid, og det var grunn til å grue seg litt, ikkje på grunn av dårlig skriving, men den forferdelige historia om jenta. Då ho døydde var ho bare eit år yngre enn det eg er nå, men hadde ho overlevd hadde ho i dag vore eit år eldre enn meg.

Boka byrjer med å beskrive familiesituasjonen og foreldra til Ragnhild, som møttes under avrusning, og hennar tante Betty, som var ei mektig stemme i rusmiljøet, men seinare blei utdanna barnevernspedagog. Dei fortel om familien på tre som flytta til Bergen, mor og far og Ragnhild. Alt var fint og idyllisk, sjølv om Ragnhild ønska seg småsøsken. Trass i gode veninner, og spesielt besteveninna Maria, ønske ho seg søsken. Ei søster eller ein bror. Og så blei det to på ein gong.

Livet for familien blei hardt og det var då faren reiste mykje fram og tilbake og mora hadde fullt opp med barna at foreldra byrja å ruse seg igjen. Ragnhild vaks opp som vaksen, og hadde eit liv der ho passa på foreldra og deira behov, i tillegg til småsøskna, men ikkje tenkte på kva ho ville. Ho innrømma til og med for dagboka at ho vurderte å ta sjølvmord eller å bli narkoman.

Livet gjekk på feil kurs for Ragnhild og etter mange år med krangling mellom foreldra og eit liv der dei rusa seg kvar helg, blei Ragnhild og småsøskna tatt hand om at barnevernet. Småsøskna i ein ny familie, og Ragnhild på institusjon. Etter det gjekk livet nedover for jenta.

Allereie då eg såg omslaget, fenga boka meg. Det er ei sterk og gripande historie eg aldri har lese maken til. Ragnhild er ei jente det hadde vore morosamt å kjenne, for sjølv om ho rusa seg, er beskrivingane av henne i edru tilstand beskrivingane av ei som kunne vore veninna mi.

Som sagt, ei veldig sterk bok om ei jente eg hadde likt å bli kjent med, for bak rusen og alt det tøffe ser du Ragnhild sånn som ho verkeleg var.

mandag 30. april 2012

bok: høstoffe av Mons Kallentoft

Lese god krim? Prøv høstoffer 


Regnet øser ned over slottet Skogså utenfor Linköping; de tunge dråpene slår over jordene og hamrer mot kroppen som flyter i vollgraven. Det er den nye eieren av slottet som har endt sine dager der - den hensynsløse advokaten Jerry Petersson. Kriminaletterforsker Malin Fors mistenker raskt de tidligere eierne, den høyadelige familien Fågelsjö som neppe har solgt unna slektens arnested til jyplingen Petersson med glede. Men hvem var egentlig Jerry Petersson bak alle pengene, de dyre dressene og kunsten? Dette er tredje del i Mons Kallentofts serie om drapsetterforsker Malin Fors ved politiet i Linköping. Serien ble innledet med den kritikerroste boken Midtvinterblod, som kom på norsk i 2008 - og oppfølgeren Sommerdøden, som lå mange uker på bestselgerlisten sommeren 2009.
 Tekst og bilete frå cdon.no 

Malin er tilbake igjen etter bok nummer to, sommerdøden, men i ein litt meir "skrøpelig" utgåve. Alkoholproblem og psykiske problem er bare noko av det som pregar livet hennar i denne boka. Samstundes kjem saka med Jerry Petersson kjem opp. Ho trengs i politiet, og hennar skarpe hjerne blir utnytta på ein god måte i arbeidet med å fakke gjerningsmannen.

Alle midler blir tatt i bruk for å ta gjerningsmannen, og Malin, Zeke og politikolegane jobbar iherdig for å løyse mysteriet. Kven vinner til slut?

Som dei andre bøkene i Mons Kallentoft sin serie var denne god, spennande og nervepirrande. Du blir ofte nysgjerrig på kven og kva og kvifor. Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor har det skjedd? Og, i likskap med sommerdøden og vårlik er det ein god måte å skrive på som gjer at me vil lese vidare og me lurer på kva som skjer. Mange synes kanskje at skrivemåten er litt rar i Kallentofts bøker, mene synes det er mange bra tankar som kjem fram, og hovudpersonane er ikkje bare tøffe, ufeilbarlige personar som gjer det dei får beskjed om. Dei "snille" har svake sider og dei "dumme" sterke sider. Det er ikkje nokon svart-kvitt-maling i bøkene til Kallentoft.

Det einaste eg skikkelig reagerer på er framstillinga av forhold. Alle menn er utru, politimenn med småbarn sliter og gamle, røykande politimenn, som det er mykje negativt med elles, er sextrakaserande på jobben. Sjølvsagt har alle desse òg sine gode sider, men det er litt for mange samlivsbrot og litt for mykje utruskap til at det kan vere sant.

Viss du liker krim med litt tankar og spenning som ikkje er i overkant til at det ikkje er å tru, prøv høstoffer og dei andre bøkene i Kallentofts årstidsserie.

Den femte boka i serien kjem sannsynligvis i løpet av 2012 og har tittelen den femte årstiden, naturlig nok vil eg seie.

fredag 24. februar 2012

bøker/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls og hallo elsk meg da av Johanna Thydell

Dette blir dobbeltomtale av dei to siste bøkene eg las og ikkje like omfattande som dei andre, men det er nå så. Eg er i slapp-av-modus og dei blir derfor kortare.

1. bok/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls
Sjølvbiografiske romanar er ikkje det eg har lese mest av opp i gjennom åra, men eg har tidligare lese Anne Franks dagbok og midt i mellom av Jean Kwok som var dels sjølvbiografisk. Begge dei bøkene likte eg, og derfor fallt eg òg for denne eksentriske, vakre og triste boka om Jeannette Walls sin barndom med ein fyllik til far og ein maler/lærar (viss ho gadd å undervise) som mor. Dei var i alt fire søsken, tre søstre (Lori, Jeannette og Maureen) + ein bror. (Brian) I boka får me ta del i deira kvardag og me får høyre om alle gongen dei flytta i frå plass til plass, faren snakka om å bygge krystallslottet, om bestemor Smith og besteforeldrene Walls, om framtidsplanar som ikkje var sikre, om foreldre som var anneleis og forskjellige, om ein far som ville finne gull, om ei søster som levde livet hjå naboane, om ei anna søster som laga plakatar får å få nok pengar til å flykte. Rett og slett om nokre foreldre som var glad i borna (etter det dei sa) men like fullt forsømte dei og svikta dei. Boka var litt treig i byrjinga, men elles var ho spennande og eg sat KLISTRA til boka i heile går kveld.
Spennande leseoppleving!!


2. Bok: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell
Den andre boka er ei bok eg hadde venta leeeeenge på på biblioteket og hadde gleda meg til. Derfor er det ikkje så gøy når leseopplevinga ikkje blir topp hundre og kjempebra, men bare sånn passe.
Nora skal vere ei heilt vanlig 17 år gammal svensk jente, men med dårlig sjølvtilit og ei rar veninne. Sjølv synes eg at denne veninna til Nora (Lisa) overdriver veldig i frå starten av og mykje i boka blir litt plastikk og sånn generelt ungdomsroman, som at foreldre gjer deg flaue, den populære er smart, fin, flink, har god sjølvtilit osv. Det blei alt for likt alle andre ungdomsromanar, nesten klisjé. Og så skal det vere så kult, noko dei trur alle ungdommar liker som at det ikkjer er bror men brodern, og foreldre er ikkje lenger foreldre men F'sa. Og du kliner med folk du eigentlig bare ser på som venner, du kliner med folk før dykk blir saman, utan å etterpå vite om de er saman.
Det er sånn eg opplever i boka, som i tillegg har eit stort banneordforråd, og viss me hadde tatt vekk alle banneorda i denne boka med kvit lakk for å dekke over, hadde det vore lite igjen. Trist! Likevel var boka bra og eg såg at det var ein god skrivestil, ei god handing og ei fin bok får folk som liker det sånn: Klissete, sutrete, stakkar-meg-eg-er-verst-typen-bok. For dei som liker klagande 17-åringar som ikkje ser ut til å ha kome ut av fjortissperioden endå.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...