Viser innlegg med etiketten Boktema Hos Anette. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Boktema Hos Anette. Vis alle innlegg

fredag 7. september 2012

boktema hos Anette, framtidige favorittar og litt anna som eg ikkje har fortalt om...

Hei, hei. Akkurat nå sit eg sjuk og slakk i godstolen i stova og prøver å mikse saman eit innlegg, bare for å vere litt pliktoppfyllande i alle fall. Nå har eg jo tid. Nå har eg vore borte i frå skulen i to og ein halv dag og føler liksom at eg ligg milevis etter klassa på mange område, sjølv om eg sikkert ikkje gjer det, for eg har lese litt då. I tillegg har vore på forskot før, så nå er eg kanskje "a jour" eller ein smule på etterskot. Trur det skal bli lett å ta igjen.

Eg er bare superglad for at det var denne veka og ikkje neste eg blei sjuk. Uff, då hadde det vore gale. Neste veke er det ein naturfagsprøve som ventar, ja då, og i tillegg skal eg til Oslo på bokfestival. Dessverre ikkje på bokbloggartreff, men det er mykje anna som blir gøy. Til dømes at Hislop kjem og signerer bøker, og det same gjer Linda Olson. Derfor har eg valt to framtidige favorittar i dag ut frå kva bøker eg MÅ kjøpe neste veke!!

framtidige favorittar denne veka:
Synes denne boka høyres ekstremt bra ut. Fin og kanskje litt trist. Tapte minner, venskap og Sverige høyres som ein fin kombinasjon. Boka skal vere om ein lege, Marion, på New Zealand som blir kjent med ein liten gut, og det utviklar seg venskap. Veremåten til guten vekker minner hjå Marion frå Åland og bestefaren. For å finne ut meir kan du trykke på biletet.
Synes boka høyres fantastisk ut, og har hatt lyst til å lese henne sidan eg gav henne bort i giveaway. Og giveaway, hehe, trekninga kjem i løpet av helga, så følg med!


Tråden er den siste boka til Victoria Hislop som til nå er utgitt, og denne gongn føregår handlinga i Hellas i Tessaloniki. Ein gresk student i London kjem tilbaket til byen kor besteforeldra bur, og saman fortel dei historia si til han. Forr å finne ut meir kan du trykke på biletet.

Eg gler meg så utrulig mykje til å lese tråden. Romanane til Hislop er veldig fengande og interessante, og ingen skriv som henne. Hjemkomsten var bra, øya var betre enn hjemkomsten, då blir kanskje tråden best?

Framtidige favorittar er ei spalte på bloggen til bokelserinnen kvar veke der du skriv om bøkene du vil lese og gler deg til å lese.

Boktema hos Anette er eg ein dag for seint ute med denne veka, men eg blir med likevel, og temaet denne veka er min favorittforfatter på bokstaven J.

Favorittforfattarar plar vere ganske enkelt, men på J er det ikkje det. Eg har lese bøker av forfattarar på J, men kanskje bare ei bok av kvar av dei, og det er kanskje ikkje nok til å gjere dei til forfattarar. Derfor blir det ei lita samling av forfattarar eg i det minste har lese ei bok av som har vore gode.

Lisa Jewell
Lisa Jewell blei født i London i 1968 og står bak mange populære "chick lit"-bøker. Nå bur ho i London med mannen og to barn.

omslaget på boka er fantastisk!

Boka eg har lese av Lisa Jewell er the making of Us, ei engelsk bok om tre vidt forskjellige mennneske som bare er knytta saman gjennom ein ting, rettare sagt gjennom ein mann, for det dei har til felles er faren som har gitt sæd for at dei skulle bli født, gjennom ein klinikk. Me får lese historier gjennom alle tre sine synsvinklar, og det er bare romantikk og kjærleik innblanda.
Les min omtale på den engelske bloggen min her.

Jostein Gaarder
Jostein Gaarder er ein norsk forfattar som står bak fleire romanar og barnebøker, blant desse kabalmysteriet, Sofies verden, appelsinpiken, i et speil i en gåte, det spørs og julemysteriet.

nydelige ilustrasjonar, Vil ha!!

For meg er det julemysteriet som er viktig av denne forfattare, Kabalmysteriet ligg klar til å lesast, men eg har bare lese julemysteriet til nå. Til gjengjeld elsker eg boka, og kvar advent må ho fram, utan unntak. I alle fall dei siste åra. Det er ikkje julemysteriet som er boka i frå advent i barndommen. Det er framtidslandet, men likevel er det ikkje jul utan julemysteriet. Det er noko heilt særeige med boka som gjer at ein bare må like henne. Dessverre har me ein uilustrert versjon, men eg har så lyst til den illustrerte det er bilete av ovanfor. Hadde me bare sett denne boka før me kjøpte den andre...

Jane Austen
Eg har bare lese ei bok av Jane Austen, men det var nok til å gi meirsmak. Etter den eine boka gjekk ho rett opp blant favorittforfattarar på denne bokstaven!


Stolthet og fordomvar ei fantastisk bok. I byrjinga var eg litt skeptisk og trudde eigentlig det var noko romantisk tøv, men så var det ikkje det. Historia om dei fem Bennet-søstrene, mr Darcy og resten av overklassa på den tida er ei flott bok som eg er så heldig at eg har i bokhylla mi, men på engelsk. Eg kan framleis namnet på søstrene på rams frå eldst til yngst (las henne jo i juli, men eg trur det kjem til å sitje.) Jane, Lizzy (Elizabeth, som er hovudperson), Mary, Kitty (Kathryn) og Lydia. Synes nok at Elizabeth er den beste og flottaste personen i boka, bortsett frå Jane. Jane er så god og snill og vil ikkje dømme nokon, men Elizabeth er kanskje ein meir realistisk karakter på mange måtar. Uansett, skal ikkje byrje å tolke karakterane til Jane Austen nå.

Kan jo fortelje at boktema hos Anette er ei spalte på anettes bokboble kvar veke. Me får utdelt eit tema og skriv ut frå det.

Ha ein fin fredag vidare og ei god helg folkens.

torsdag 23. august 2012

Boktema hos Anette - boka eg les nå

Boktema hos Anette er ei spalte på bloggen til Anette, Anettes bokboble, kvar torsdag der du får eit tema å skrive innlegg ut frå. I dag er temaet boka eg les nå.

Blei litt brå start då, men det er nå så. Sånn førebels les eg bare ei bok, men eg høyrer på ei anna og det er nesten det same som å lese... Så derfor tar eg med lydboka òg.

Boka eg les nå:

Forlaget om boka:

Barnepiken beskriver forholdet mellom sorte hushjelper og dere hvite fruer i Sørstatene på første halvdel av 60-tallet. Vi befinner oss i den lille byen Jackson i Mississippi, og møter tre svært forskjellige kvinner som finner hverandre i sin felles utfordring av grenser. 22-årige gamle Skeeter er en ung, hvit kvinne som ifølge hennes mor har ett viktig oppdrag; å finne seg en mann og gifte seg. Selv har hun helt andre planer.
Hun ser hvordan de svarte hushjelpene behandles av sine hvite oppdragsgivere og bestemmer seg for å skrive ned historiene deres. Hennes to allierte er Aibileen, hushjelp og barnepike hos Skeeters venninne, og Aibileens venninne, Minny. Det er et risikofylt prosjekt for alle parter, fordi det utfordrer grensene som definerer tilværelsen deres.
Barnepiken er en tidløs og universell historie som får deg til riste på hodet i vantro, men også le høyt. Romanen er rørende, trist, morsom og lærerik – en bok som både varmer og skjærer deg i hjertet på en gang.
Eg om boka til nå
Sjølv om eg absolutt ikkje har kome langt, så merker eg at boka er kanonbra. Det er alt som skal til, og eg er fenga av settinga og plottet og personane. Det verker gjennomtenkt og bra, og det er ein stor dose humor med.

Boka eg høyrer på

Harry Potter is midway through his training as a wizard and his coming of age. Harry wants to get away from the pernicious Dursleys and go to the International Quidditch Cup. He wants to find out about the mysterious event that's supposed to take place at Hogwarts this year, an event involving two other rival schools of magic, and a competition that hasn't happened for a hundred years. He wants to be a normal, fourteen-year-old wizard. But unfortunately for Harry Potter, he's not normal - even by wizarding standards. And in his case, different can be deadly.
 Stephen Fry er bare heilt suveren i å lese lydbøker!! Utan tvil den beste eg har høyrt så langt i mitt liv, og då inkludert dei norske eg har høyrt. Han har ei stemme som fengar og som tar deg med!

Og så, vil delta i ein liten giveaway?? Meld dykk på her

torsdag 16. august 2012

Boktema hos Anette - Tre bøker (eg trur) eg aldri kjem til å lese


Boktema hos Anette er ei spalte som kjem ut kvar veke på bloggen Anettes bokboble. I dag er temaet tre  bøker jeg aldri kommer til å lese. Eg har lagt til (eg trur), for eg har vore utfor dei bøkene eg aldri(?) kjem til å lese tidligare. I følgje meg sjølv skulle eg aldri lese skyggelandet av Alyson Noël, men det gjorde eg så seint som i sommar, og sjå, eg overlevde.(!)

Den første boka eg tenker på, når eg tenker på ei bok eg aldri skal lese(trur eg) er lobotomisten av Eriki Husby Sæther.


Sønnen til en Dommedagspastor blir besatt av å
kurere syndige mennesker, slik at de ikke kommer
til Helvete.Johannes studerer psykologi, og i en lærebok fra
1800-tallet oppdager han at seksuell appetitt ble
diagnostisert som galskap. Den anbefalte kuren er å
påføre pasientene smerte og fryktfølelse. Den første
syndige pasienten som utsettes for denne kuren, er
en kvinnelig medelev på instituttet. Når ikke torturen
gjør henne frisk, velger Johannes å lobotomere
henne, for å gjøre henne om til et uskyldig barn.
Han banker en ishakke gjennom tårekanalen og
inn i hjernen hennes.
Når pastorsønnen kidnapper samboeren til den
forhenværende fallskjermjegeren Tom Stohl, starter
en jakt som vil få de gamle krimseriene på TV til å
fremstå som blasse detektivfortellinger.Du er herved advart 
Eg kan eigentlig skryte på meg at eg tåler ganske mykje, men alt som har med å pine nokon eller skjære i nokon får meg til å trekke meg vekk. Eg er så i mot det, at til og med ei skjønnlitterær bok blir for mykje.

 Ei bok eg har prøvd og prøvd og prøvd å lese, som eg aldri har kome lengre i enn to sider er hesten og hans gutt av C. S. Lewis. Boka har skikkelig lita skrift og er ikkje akkurat lettlesen.

Historien begynner i Calormen, der dronning Susan er på flukt fra prins Rabadash som vil hun skal bli hans hustru eller hans slave. Shasta, en gutt som skal selges som slave, og den talende hesten Bri, er også flyktninger i landet. Historien avsluttes i Narnia, hvor den store kong Peter hersker. Men han vet ikke at Narnias skjebne er avhengig av hvem som kommer først: flyktningene eller fienden.Hesten og hans gutt er bok nummer 6 i Narnia-serien.
Narnia er gøy, men det er løven, heksa og klesskapet som er best, sjølv om eg visste korleis det gjekk før eg hadde sett filmen og lese boka. Pappa var på kino og såg filmen då han kom ut, og då eg spurte korleis det gjekk sa han: "Løva drepte heksa." Hehe, då visste eg det, men eg hadde vore livredd viss eg ikkje visste det før eg såg filmen og las boka.

Eg kjem ikkje på fleire. Kunne sikkert ramsa opp ei heilt liste over bøker eg ikkje kunne tenkt meg å lese, men så plutselig byrjar eg, for alle andre les dei, og då kan det vere eg liker dei, viss eg byrjar. Derfor skal eg ikkje nemne fleire bøker idag. Ha ein fin torsdag vidare.





lørdag 4. august 2012

"boktema hos Anette - min sommerlesning 2" og ein framtidig favoritt

Hallo igjen. Nå har eg vore eit par herlige dagar på sørlandet hos farmor, kor me hadde besøk i frå Amerika. Alle tiders, og kjempebra vêr i går. Fekk litt bruk for engelskkunskapane mine då, så det er jo alltid gildt. Møtte mange frå familien: grandtanter og tremenningar og pappas søskenbarn. Kjempeflott.

Ein liten ulempe med feriar er jo alltid at det ikkje blir så mykje blogging. Og lesinga går litt seint når du er i selskap og med familien. Likevel er det litt deilig å sleppe å tenke på ting som å legge ut innlegg osv.

Som de sikkert ser over her, har eg lagt til to spaltar i eit innlegg, boktema hos Anette, som er laga av Anette på Anettes bokboble, og framtidige favorittar som er laga av Bokelskerinnen. Kanskje det blir eit litt langt innlegg, men la gå.



Etter ein lang sommarferie i juli er Anette endelig tilbake med boktema hos Anette. Nå har eg ikkje fått mange nye følgarar denne sommaren, men viss det er nokon som bare er på ein liten snarvisitt inne på bloggen, er altså dette ein spalte som kjem ut kvar torsdag, kor me fåt eit tema og skriv ut i frå det. Veldig gøy.

Denne sommaren har det blitt ein del lesing, men ikkje som i fjor. Likevel har eg kome godt i land med alle mål (nokre braut eg, for bøkene var KJEDELIGE), og lese litt ekstra. Nå er det slik at eg har sett datoen 29. august til å vere ferdig med alle bøkene eg vil lese denne sommaren, og eg har bare to igjen, så GOE TID som ein kamerat av meg seier.

Dei bøkene som er under her er dei eg har hatt som mål og greidd å lese før i dag.


historiske romanar


fantasy

ungdomsromanar

klassikarar

"fra virkeligheten"

engelske bøker

Nå har eg bare igjen bitte litt, litt under to bøker, noko som skal gå fint før den fastsette datoen. Kva eg har igjen, kan de sjå på sida mål og vidare lesing

Eg har òg lese nokre bøker som ikkje stod på lista mi over bøker eg skulle lese. 



Sånn samla sett synes eg at eg har kome godt i gang med sommarlesinga.

Og så over til den framtidige favoritten eg vil presentere for dykk.

sin mors datter av Joy Fielding

Et krypende, snikende og uhyggelig drama.
Amanda Travis er 28 år og forsvarsadvokat i Palm Beach. Hun trives som vellykket karrierekvinne i sin moderne, helhvite leilighet med havutsikt - gjerne med et glass god vin for hånden. Fortiden og minnene vil hun helst være foruten. Moren som hun har kuttet all forbindelse med, faren som er død, to eksmenn, en stormende kjærlighet som en gang fortærte henne og utallige en-nattshistorier tilhører den forhatte fortiden. Helt til den dagen hun får en telefon fra sin første mann. Han ber henne innstendig om å komme hjem til Toronto for å bistå moren som etter sigende har skutt og drept en mann hun hevder at hun ikke kjenner. Amanda vegrer seg og har liten lyst til å se igjen sin barndomsby og bli nødt til å kjenne på alle de vonde minnene hun har begravd der. Men hun skjønner at hun må dra, og blir igjen et hjelpeløst vitne til den mørke, underlige makten som moren hennes ser ut til å ha over alle.
Med barndommens kjælenavn - Dukkeliten - som et illevarslende ekko i ørene, må Amanda til slutt se fortiden i øynene for å komme løs fra demonene som holder henne fast.
Denne boka hadde eg hatt i hylla, hadde det ikkje vore for at butikken eg bestilte bøker av på mammutsal ikkje hadde denne boka inne, så nå skal eg snart få lese henne. Må nok låne ho på biblioteket, for ho er så gammal at ho er utgitt på Damm forlag, som blei Cappelen Damm for nokre år tilbake sidan. (rundt 2007 trur eg?)


torsdag 31. mai 2012

boktema hos Anette

Er det ikkje bare herlig med fri av og til. I det siste har eg fått mykje tid til å lese, rett og slett for mange i klassen min har sete med hovudet ned i eksamenspapira, noko eg er ferdig med førebels. Eg hadde matte sist måndag, og i tillegg hadde ikkje dei andre fri då me hadde forbereding til matteeksamen, men me har fri når dei forbereder seg. Alltid veldig gøy å ha fri då. Uansett, den femte og siste fridagen på sei stund. Og med den, boktema hos Anette. I dag er boktemaet boken som ville blitt den perfekte film/TV-serie.

Eg skal ærlig innrømme at film ikkje er mi sterkaste side, og eg er ikkje den som veit kva det siste nye er. I tillegg så er jo min favorittbokserie, Harry Potter, allereie ute på film. Før jeg sovner skal bli film og reisen hjem òg, og det var toppkandidatane, men likevel har eg greidd å finne på noko.

englemakersken av Camilla Läckberg

Som de kanskje har sett har eg kasta meg på Läckberg, og førebels er dette den boka eg likte best, kanskje fordi eg las ho først og synes at eg har møtte på dei same personligdommane i alle dei andre bøkene òg, men under andre namn. Likevel, å sjå denne på film hadde vore storarta. Rett og slett av den grunn at eg ville settt påskebordet som blei forlatt og sjølve huset og alt som skjer i denne boka. Hadde sikkert blitt ein forferdelig spennande, men brutal film. Likevel trur eg han hadde gjort det bra, og eg er sikker på av biletet av bordet som var dekka, men rommet som var heilt tomt for folk, hadde gitt meg skikkelig gåsehud. Det gjorde deg jo då eg las boka òg. 

Påsken 1974. En familie forsvinner sporløst fra øya Valö utenfor Fjällbacka. Middagsbordet er sirlig dekket, men alle, bortsett fra ettåringen Ebba, er borte. Er de ofre for en forbrytelse, eller har de forsvunnet frivillig?

Gåten blir aldri løst.

Mange år senere kommer Ebba tilbake til øya og huset der hennes far med jernhånd har ledet en internatskole. Hun og mannen hennes, Mårten, har nettopp mistet sin tre år gamle sønn, og i et forsøk på å komme over sorgen har de bestemt seg for å pusse opp det gamle huset og starte en liten Bed and Breakfast.

Men nesten før de får etablert seg, er det noen som forsøker å tenne på huset. Og da de begynner å fjerne gulvplankene i spisestuen, finner de størknet blod under...
Tekst og bilete henta i frå Gyldendal

Utanom denne kjem eg dessverre ikkje på noko. Eg er redd for at heile magien med Kate Morton og Victoria Hislop hadde blitt broten, viss det hadde blitt laga film. Det speler seg ein film inni hovvuet ditt når du les med dine eigne andlet og dine eigne bilete av stader og personar. Å då lage film øydelegger mykje av magien, og eg er redd for at plutselig så ser du bare bileta i frå filmen når du tenker på boka. Plutselig er det ikkje fantasien din som danner bilete, men ein regisør som har hatt heilt andre bilete. 

Derfor lar eg det bli med denne boka.

Og viss nokon lurer så er det to linkar under Anettes innlegg, men den eine er dessverre heilt feil. =P Tydeligvis noko som har hengt seg opp. 

torsdag 24. mai 2012

boktema hos Anette

Torsdag igjen og eit fantastisk vêr ute. Eg tenkte eg skulle unne meg ein tur inn til Stavanger og få meg lånekort på Sølvberget i finvêret. 25 grader og strålande sol og bare bitte litt vind, sjeldan på Jæren. Uansett, til det dette innlegget skulle handle om, boktema hos Anette. I dag er temaet min favorittforfatter på bokstaven H. 


Det var ikkje veldig vanskelig, sidan eg føler at dei fleste forfattarar plutselig fekk eit fornamn eller etternamn på H. (plutselig hm? Dei hadde det i frå før av òg)

Victoria Hislop

Vicotira Hislop er blei født i 1959 og er ein engelsk forfattar. Ho debuterte med roman i 2005, øya, om leprakolonien på Spinalonga rett ved Agios Nicholaos på Kreta. I 2008 kom hjemkomsten ut, ei bok som skildrar den spanske borgarkrigen. I 2011 kom ho òg ut med ei flott novellesamling (en aften på Kreta) og dette året kjem nok ein roman kalla tråden. 


Øya (debutromanen)
Morens hemmelige fortid på Kreta I det hun er i ferd med å ta en avgjørelse som vil forandre hennes liv, ønsker Alexis Fielding å finne ut mer om morens fortid. Men alt moren Sofia vil vedkjenne seg om sin fortid, er at hun vokste opp i en liten landsby på Kreta før hun flyttet til London.Da Alexis bestemmer seg for å reise dit, får hun med seg et brev fra moren, som hun må levere til en av hennes gamle venner.

Alexis ankommer byen Plaka Hun blir forbløffet over at byen bare ligger et steinkast unna den bitte lille, forlatte øya Spinalonga – Hellas’ tidligere koloni for spedalske. Deretter finner hun mors gamle venn Fortini – og får endelig høre historien moren har skjult hele sitt liv.

En familie rammet av tragedie, krig og lidenskap Historien om hennes oldemor Eleni og hennes døtre. Hun oppdager hvor nært hun er knyttet til øya, og hvordan øyas hemmeligheter holder alle i sitt kraftige grep.
Min omtale av øya kan du lese her.

Elin Hilderbrand

Førebels har eg bare lese ei bok av henne, men ho har ein veldig fin skrivemåte og fortel veldig fengande. Ho er ein amerikansk forfattar som blei født og vaks opp i Collegeville i Penselvania. Ho har skrive ei bok som på engelsk har same tittel som øya av Hislop på Engelsk, nemlig the Island. På norsk er Hilderbrands bok kalla sommerøya. I tillegg denne har ho òg skrive et sommereventyr. Begge bøkene er gitt ut av Cappelen Damm.

sommerøya

Birdie Cousins er travelt opptatt med forberedelsene til datteren Chess’ bryllup. Birdie har ord på seg for å være svært grundig og forberedt på absolutt alt, men hun kan ikke forutse den nattlige telefonsamtalen fra datteren der hun forteller at hun har hevet forlovelsen og at bryllupet må avlyses.
Nesten før støvet har lagt seg kommer enda verre nyheter som sender Chess inn i den dypeste fortvilelse. Birdie mener hun trenger en forandring. Hun kontakter også den yngste datteren Tate og den eksentriske søsteren India, og sammen reiser alle fire til sommerøya Tuckernuck Island utenfor kysten av Nantucket, der familien har tilbrakt sommeren i generasjoner. Ingen telefoner, ingen fjernsynsapparater – et sted uten forstyrrelser der de kan flykte fra vanskelighetene sine.
Men når søstre, døtre, ekskjærester og familiehemmeligheter samles på en øde øy, kan mye skje. Dramatiske sannheter kommer for en dag, og gammel kjærlighet blir som ny. 
Les min omtale her.  


Klaus Hagerup
Om Hagerup er det alt for mykje å seie til at eg kan skrive noko, for det er så mykje og så veit eg ikkje kva eg skal utelata. Likevel, han er ein enormt dyktig forfattar som har skrive Markus-bøkene og fleire andre. To av dei som har fascinert meg mest er nok høyere enn himmelen og Markus og karaokekongen. Markus og karaokekongen fordi den er veldig morosam, og høyere enn himmelen pga meininga bak boka og den fantastiske forteljinga om to gretne folk som får seg ein ven i kvarandre, men likevel, nå skriv eg mest om Karaokekongen fordi det der den boka eg kan hugse å først ha lese av Klaus Hagerup. 

Markus og karaokekongen
I denne blir Markus med faren Mons på langtur. De drar til Kanariøyene i tre måneder, blant annet for å feire Mons' 50-årsdag, men først og fremst for å oppleve Eventyret. For dette er et nytt sted med nye muligheter, og de finner raskt ut at her kan de gjøre ting de aldri hadde tort å gjøre hjemme. Men hvordan skal Markus klare seg så lenge uten sin gode venn Sigmund - eller gjør han det?
Omslaget er i tillegg kjempestilig. Uanett, bør eg avslutte nå? Okay.



Viss du lurer på kva boktema hos Anette er så er det Anette som driv bloggen Anettes bokboble som kvar torsdag gir oss eit tema me kan skrive ut i frå. For å vere med går du inn på bloggen hennar kvar torsdag, ser kva dagens tema er, før du lager eit innlegg om det og legger linken inn i linkfunksjonen under innlegget til Anette.  Her er dagens innlegg.


torsdag 10. mai 2012

boktema hos Anette - min favorittforfattar på G

Først og fremst, det går litt treigt framover her med lesinga. Eg har planalgt ein del detaljar og slikt til det eg skal byrje å skrive på om forhåpentligvis ikkje så alt for lenge. Derfor går lesinga litt treigt kan du vel seie. Det kjem sikkert ikkje til å gå så veldig raskt seinare heller dessverre, for det einaste eg kan sjå når er store blinkande bokstavar rett framfor augene. Og dei bokstavane former ordet  EKSAMEN!
Uansett, for å glede dykk litt, har eg starta ein giveaway på bloggen, så viss de vil vere med den, trykk på biletet over innlegget eller her. Då kan de vinne ei bok av enten Susana Fortes eller Ann Rosman. De melder dykk på i rafflecoptaren ved å skrive inn namn og epostadresse eller logge inn med facebook. 

Då, slutt med reklame og over til det innlegget skulle handle om. Torsdag igjen og tid for boktema hos Anette  og i dag er temaet min favorittforfattar på


Min favorittforfattar på G trur eg er Gro Fykse, forfattaren bak Nelias gåte, nelias natt og nelias sorg.


I dag fekk eg tak i den siste boka ho har skrive om Nelia, og det har eit nydelig omslag. Var veldig spent på omslaget, sidan dei ikkje hadde lagt det ut sist eg sjekka.

Lilla er alltid kult.

Og så ei med eit etternamn som byrjar på G, og som eg har lese ei veldig god bok av:

Philippa Gregory. Eg har bare lese søstrene Boleyn til nå, men ho skreiv ei kjemegod bok for alle som lurte.

Kva er din favorittforfattar på bokstaven G?

torsdag 3. mai 2012

annleis boktema hos Anette

Hei, i dag er det valfritt kva me vil skrive om i boktema hos Anette.   Eg har lurt litt på kva eg skulle velje, for det er litt vanskelig å tenke ut noko heilt av seg sjølve synes eg. Eigentlig alt for vanskelig. Derfor kom eg på at eg kanskje kunne begynne litt på "solskingsmåla" mine dette året. Eg veit ikkje om nokon hugsar at eg i fjor hadde noko som eg kalla for solskinsmål. Det er mål for kva bøker eg vil lese på sommaren. I fjor klarte eg vel gjennom dei fleste måla utanom eit, og det var Hannahs håp av Karen Kingsbury.

Eg tenke derfor å presentere ei bok i kvar sjanger som blir ein del av mine solskinsmål dette året:

klassikar
stolthet og fordom av Jane Austen


Eg har lova meg sjølv av eg skal komme gjennom minst ei bok av Charles Dickens, Jane Austen eller Agatha Christie, så då har eg valt meg Jane Austens stolthet og fordom til å lese i sommar. Fleire klassikarar skal det bli. Eg gler meg, for eg har høyrt mykje bra om engelske klassikarar. 

fantasy
flukten av Ally Condie

Eg las Matched: Cassias valg i fjor og blei kjempeklar for bok nummer to, og etter nesten eit år med venting er ho her. Endelig! Den skal bli lesen. Heilt klart noko eg må få med meg. 

ungdomsroman
brennende hjerter av Simone Elkeles

Denne har eg hatt lyst til å lese sidan eg først såg ho skulle bli gitt ut. Etter ei kjempebra førstebok og nesten like bra andrebok i serien er eg klar for bok nummer tre av Simone Elkeles. 

krim
åpne sår av Gillian Flynn

Av alle bøkene eg har vunne på giveawayar er det denne eg er mest spent på. Kjempeklar for å lese Gillian Flynns krimbok, så denne står klar i hylla. Einaste grunnen til at eg ikkje har tatt fatt på boka tidligare er at eg sparer som oftast det beste til slutt. 

engelsk
the last song av Nicholas Spark

Sidan eg såg filmen har eg hatt lyst til å lese denne boka om Veronica (Ronnie) som motvillig tilbringer ein heil sommar saman med faren og litlebroren. Denne skal visst vere veldig sterk, og det trur eg på etter filmen. 

historisk roman
jente på klippen av Lucinda Riley

Utgivinga er nok ein gong utsett, eller i alle fall er datoen skyven fram etter det som står på Cappelen Damms nettsider. Derfor gler eg meg til å endelig få lese denne boka som blir ein av sommarens historiske romanar. 

torsdag 26. april 2012

boktema hos Anette

Torsdag igjen og boktema hos Anette igjen. Kvar torsdag vel Anette ut eit tema som me kan skrive ut i frå. I dag er temaet: boka som rysta meg. 


Det er eit par bøker som har rysta meg skikkelig. Ting som mishandling, vald og bøker frå krigar er det ikkje gøy å lese om. Her er to av dei:

vitne av Immaculée Ilibagiza



Rwanda 1994: I tre måndeder gjemmer 22-åringen Immaculè Ilibagiza og sju andre jenter og kvinner seg på et knøttlite bad mens hissige drapsmenn jakter på dem under folkemordet. Et skap som er skjøvet forand baderomsdøren, bidrar til at moderene ikke finner de åtte.
Etter masakrene: Ilibagiza proverser med å tilgi den sin har drept familien hennes.
Vitne er ILibagizas egen beretning om de grufulle månedene  og den gripende tiden etterpå. Boken har blandt annet ligget på New York Times bestselgerliste. 
Du blir ganske sjokka etter ei slik forteljing. Ho rysta meg skikkelig, og i tillegg var det bilete i boka av badet der ho gøymde seg og familien hennar, som blei drepne. Ei sterk og rystande bok som ikkje er for dei som ligge vakne på natta. 
Her kan du sjå min omtale.



Elleve år gamle Kim Chang og moren emigrerer fra Hongkong til New York og flytter inn i en skitten uoppvarmet leilighet i Brooklyn. Kim(Kimberly snakker nesten ikke engelskog blir en outsider på skolen. Raskt begynner hun et dobbeltliv: skoleflink mønsterelev om dage, morens hjelpende hånd i tekstilfabrikken i Chinatown om kvelden. Hun gjør sitt ytterste for å skjule den vanskelige sannheten om tilværelsen sin - den ufattelige fattigdommen hun lever i, familiens fremtid som hviler på hennes skuldre, den hemmelige kjærligheten hun føler for en av guttene på fabrikken, men som ikke deler noen av hennes evner eller ambisjoner. Kimberly befinner seg midt imellom to verdener og blir en mester i å sjonglere mellom dem. Til slutt blir hun tvunget til å velge. 
Forfatteren, som selv emigrerte fra Hongkon som barn, forteller en historie om å vokse opp mellom to kulturer, omgitt av et språk og en kultur som man bare delvis forstår. Midt i mellom er en varm og rørende roman om prøvelser og triumfer, hjertesorg og kjærlighet - og om alt som går tapt i oversettelse. 
 Det er ikkje den vakre historia om ei jente som lykkes i livet som rystar meg, men dei dårlig forhalda dei lever i etter å ha kome til USA frå Honk Kong. Det rysta meg at dei måtte arbeide i så mange timar utan stopp og at arbeidsgivaren verkeleg var så fæl mot dei. Det rysta meg med denne boka. Her kan du lese omtalen min. 


Har du lese ei bok eller fleire du blei rysta av??


søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...