Viser innlegg med etiketten topp 10. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten topp 10. Vis alle innlegg

torsdag 31. oktober 2013

Hallo Venn!

Grøss og gru, no byrjar det verkeleg å bli haust. Halloween er her, og har forsåvidt vore her i heile dag, men no går små monster rundt og ringer på dørene og tiggar etter snop. Det freistar veldig å be dei om å synge ein fin song, for å få godteri, men enn så lenge har det ikkje vore nokon her. Me skal vere greie i år igjen og gi dei det dei vil ha, så håpar eg at alle er fornuftige og kjem tilbake i romjula og syng julesongar for oss. Kos!
Halloween er jo eigentleg ein veldig amerikansk tradisjon, akkurat som Valentine's Day og Thanksgiving. Det har endå ikkje kome til Noreg for fult, men det er nokon som feirer det òg. Halloween har likevel blitt veldig stort, og no feirar ein alt frå den kyrkjelege høgtida, kor ein minnes dei døde, til den meir tøysete og skremmande høgtida. Så er det òg Hallovenn og Hallovinn, og eg har òg høyrt om hallovin-versjonen av feiringa, som heldigvis ikkje var i samanheng med barn.

Det er kanskje ein klisjé å skrive om bøker som passar til Halloween, og det er få som greier å lese ti bøker på Halloween-kvelden. Eg har laga ei lita liste kor eg har teke med både noveller og bøker, for det finst trass i alt skikkeleg skumle noveller òg.

Ei av dei Halloween-bøkene eg
anbefaler!
Den første teksten er faktisk ei novelle òg, som eg har øvst på lista mi over skumle bøker/noveller/tekstar å lese på Halloween, eventuelt ein annan gong du vil lese noko skummelt. Vertinnen av Roald Dahl. Eg trur kanskje dei fleste har lese den i løpet av livet. Eg skal ikkje røpe for mykje, men heile novella er til å grøsse av.

Heaven av Christoph Marzi er kanskje ei bok de har lese eller høyrt om. Den er verkeleg i Halloween-bransjen, spør du meg. Eg liker eigentleg ikkje historier med spøkelse og gjenferd, men boka var nokså godt. Veldig spennande, og i tillegg heilt forferdeleg nervepirrande.

Harry Potter and the Philosophers Stone av J. K. Rowling er både småkoseleg og spennande, og kvar gong eg les boka får eg ei kjensle av at det er haust og Halloween. Galtvort er verkeleg staden å feire det. Der kallar dei det Alle Helgens Dag, og i alle fall i dei to første bøkene skjer det noko på denne dagen.

Skygge over London av C. J. Sansom er ei veldig mørk bok, som føregår på hausten 1952 i
London. Den er både spennande, interessant og velskriven. Kva hadde skjedd hadde tyskarane og britane inngått fredsavtale i 1940? Korleis hadde verda sett ut då?

Den neste boka er ikkje velskriven, den er ikkje bra, men for ungdommar kan det vere ei bok som vil bli lesen på Halloween. Ever - for alltid av Alyson Noël er litterært sett ei drittbok, men likevel har folk over heilt verda omfavna serien om "The Immortals". Min omtale var forresten veldig positiv, rett og slett fordi eg var i målgruppa då eg las boka.

Evig din av Stephenie Meyer, gode, "gamle" Twilight er vel ein hit framleis. Edward-Bella-Jackob-problematikken. Vampyrar og varulvar og menneskelege i ein liten småby. Bra plott, men dårleg og urealistisk litteratur for tenåringar. Like fult ei Halloween-bok.

Forførende ondskap av Rebecca James las eg i 2011, og det er ei bok som verkeleg har sett sine spor. Det er ein psykologisk ungdomsthriller alle bør få med seg ein eller annan gong, og eg den er til å grøsse av, i tillegg til mange tårer, mange smil og ein veldig alvorleg undertone. Ungdomsspenning på sitt beste.

God fantasy-serie for barn og
ungdom
Brødrene løvehjerte av Astrid Lindgren las eg for første gong heilt ut på engelsk, etter først å ha sett det på barne-TV. Eg hugsar at det første eg spurte mor om, etter eg hadde sett det på TV, var kor Tengil og Katla hamna. Viss dei hadde gått vidare til neste liv, og Jonatan og Kavring gjekk til neste liv, ville ikkje dei møte kvarandre igjen då? Var det då nokon vits i å ville vidare til neste liv? Eg har framleis ikkje svar på det, og det er berre eit av mysteria med denne fine, men skumle boka.

Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl. Eg har sagt mange gonger at eg ikkje liker fantasy, men Skammarens dotter er berre heilt suverent. Det er ein av dei beste fantasy-seriane eg har lese, og når eg først er inn på Kaaberbøl, bår ein òg få med seg serien om Katriona, som er skriven for same målgruppe, og den er minst like god. Fantasy på nynorsk er fantastisk, og særleg når det er bra i tillegg.

The Way Up To Heaven av Roald Dahl er endå ei av mange noveller som får ein til å tenkje "Skrekk og Gru"! Meir vil eg ikkje seie

Bøkene eg har skrive her er eigentleg ikkje i rangert rekkjefølgje. Eg har skrive dei opp ettersom eg kom på dei, og Gillian Flynn burde kanskje ha ein plass på lista, men samanlikna med dei andre, er ikkje hennar thrillarar så spanande. Ikkje Halloween-lesestoff. Av filmar kan eg nemne The Woman in Black med Daniel Radcliff i hovudrolla. Heilt forferdeleg film, men liker du filmar med ekte spøkelse, er det berre å sjå filmen, men personleg har eg sett den ein gong for mykje, og eg har ikkje sett filmen meir enn ein gong.

Ha ein veldig fin kveld alle saman. Kakao med krem er å anbefale ein kald haustkveld.

tirsdag 17. januar 2012

topp ti bokomslag


Nå har eg vore innpå the broke and the bookish  sine nettsider og funne ei topp ti liste over noko og eg valte meg i dag bokomslag. For å kunne vise dykk kva bokomslag det er, kjem det eit bilete på kvart punkt.

1. Matched: Cassias valg Dette må vere eit av dei finaste bokomslaga eg veit om. Sjølv om det ikkje gjer så mykje ut av seg, så fortel det veldig mykje om kor innestengt og aleine Cassia føler seg i denne boka, kor lukka alt er. I tillegg er det perfekt med den grøne kjolen ho hadde på seg i boka på ein bankett, for på den banketten blei hennar framtid bestemt, og det får ho sjølv ikkje lov til å gripe inn i. For folk som ikkje har lese denne boka, er kanskje ikkje omslaget så mykje, for det er verken veldig mange detaljar, fargar eller noko sånt. Dette er eit omslag med meining og som dei har gjort heilt rett i å bruke på denne boka. All ære til den personen som har laga dette. Eg elsker det!
2. Heaven Sjølv om eg ikkje var så veldig fornøgd med sjølve innhaldet i boka og handlinga, elsker eg omslaget. Det er mystisk og magisk og sjølve tittelen passar veldig bra inn midt i den bogeopninga eller porten midt på bilete. Den blålilla himmelen og skimtet me får av byen bak på bilete er prikken over i-en, og månen er bra tegna, sjølv om han er veldig stor, men det er med på å skape magien. Sjølv om Harry Potter-serien kanskje har vore min yndligsserie lenge, kan omslaga ikkje konkurrere med dette. Dette slår twilight-serien, Gwendolyn-serien og Nelias-serien ned i støvlane. Her er det ekte magi!


3. Himmelen begynner her Fantastisk og nydelig med alle detaljane på blomane og alle fuglane som flyg rundt omkring. Å teikne eit hus midt i gjer at forfattaren minskar inntrykket av roser og roser og atter roser og det blir ikkje for mykje, men likevel kjempefint.
4. tilbake til Riverton Mystikken og spenninga i boka passar saman med omslaget og eg førestiller meg at dette er porten inn til hagen på Riverton. Ikkje hovudporten, men ein litt på sida som ligg innpå eiendommen igjen. Kanskje ein av Hannah og Emmelin og David sine hemmelige stader?
5. Bumerang Dette omslaget minner meg meir enn noko anna på eit omslag som kan vekke sommarfølelse hjå nesten kven som helst. Når eg ser det, kjem eg på kor kjekt det er å springe ned på ei brygge og hoppe i vatnet. Det spesielle lyset  og fargen er med på å gjere dette omslaget spesielt.
6. hjemkomsten Dette omslaget er med på å gi det første inntrykket av småbyen Grananda der mykje av handlinga foregår. Flott lys og fin kontrast med dei to palmene som stikk ut på sida. Pesonane og stolane midt på gir òg ein fin kontrast.
7. søstrene Boleyn Eg førestill meg at jenta på bilete er Mary Boleyn som kanskje ser seg stolen rundt etter Anne for å sjå om ho følger med. Grunnen til at eg liker dette så godt er kjolen og den mystikken som ligg bak bilete.
8. Brødrene løvehjerte Dette er eit kjent og kjært omslag for mange med dei to gutane som sit på brua midt i og den blålige fargen rundt. Magisk med dei kvite blomane som kjem ut i frå sida. Eg er sikker på at dette må vere det Nangijala dei beskriv før alt det vonde kjem og øydelegger. Fiskestonga er ein liten deltaj, men er med på å gjere sit og visar litt om kor koselig og rolig bilete er.
9. Saras nøkkel Lyst øverst, mørke skyer nederst. Veldig fint, men eg greier ikkje å beskrive kvifor eg liker det så godt.
10. forførende ondskap Eit omslag som gjer at du får lyst til å plukke opp boka å lese. Passar godt til tittelen og er med på å gi ekstra spenning til den.

onsdag 13. juli 2011

Bok: forførende ondskap av Rebecca James


Kathrine har flytta heimanifrå til tanta for å kome på avstand frå tragedien som skjedde med litlesystera. På den nye skulen treff ho Alice som er både populær og livlig og etterkvart byrjar dei to å bli gode vener og med Robbie på laget ser det ut til å bli eit fint team. Men etterkvart finn Kathrine ut at Alice har òg nokre mørke sider som at ho liker ikkje å bli tilsidesatt og ho er òg til tider stygg mot "kjærasten" Robbie.

Innleiinga var kjempebra og eg måtte bare sjå kor dette enda. Det var kjempekjekt å lese det og det er der me først høyrer om Alice. Eg liker så godt måten forfattaren fortel på og det kjem fram så mykje overraskande.

Midtdfelen var fantastisk skriven og eg trudde eg visste alt som skjedde og at det var heilt opplagt og så skjedde det noko heilt anna. Det gav spenning til boka. Eg forstår ikkje kvifor eg nølte med å lese denne boka. Det einaste som var litt dumt var at eg synes ikkje det kom fram nok kjensler i "slutten av midtdelen." Det var ein trist del, men forfattaren fekk meg ikkje til å bli skikkelig lei meg, og det var ikkje så kjekt når slutten sikkert skulle veldig trist.

Avslutninga var òg her ei der eg kunne tenkje litt vidare sjølv og eg håpar aldri det kjem ein oppfølgar til denne boka fordi då kan eg ikkje dikte vidare sjølv.

Omslaget av boka var veldig bra og første gongen då eg såg boka på Libris blei auga mine dratt mot akkurat denne boka på grunn av omslaget.
Boka anbefales alle som liker litt spenning, thriller og ein veldig god ungdomsroman. Denne boka havna rett opp på topp10-lista mi.

Mai Lene

torsdag 23. juni 2011

Bok: Matched, Cassias valg av Ally Condie

Cassia stoler på systemet i verda ho bur i. Funksjonærane bestemmer alt og ingen har så mange val utanom å følge deira reglar. Alt i frå arbeid, klede, mat, kor tid du skal døy og kven du skal elske blir bestemt av funksjonærane. 
Kvar person blir matcha med den dei passar best saman med og Cassia er heldig med matchen sin: hennar beste ven. 
Samfunnet som fungerar bra på alle områder vil aldri innrømme at dei har gjort feil og i byrjinga så stoler Cassia på samfunnet. Heilt til den dagen ho finn ut at ho er forelska i ein annan enn matchen sin. Ein samfunnet har bestemt ho aldri kan få. 

Boka var svært god. Du føler at du blir dratt med med ein gong du opnar boka og byrjar å lese. Den er kjempegodt skriven og eg liker å lese om den typen framtid. Alt i frå forteljinga til matchbanketten til det litt meir morosame som at dei har fottur som ein aktivitet dei må melde seg på er så bra skrive at bare får lyst til å lese meir meir meir. Du sit heile tida og venter på spenningsscena og har ikkje lyst til å legge i frå deg boka når du les. Omslaget var perfekt. Det viser heile poenget i historia synes eg med at ho er fanga i ei boble (?) ho ikkje kjem seg ut av.
Boka anbefales. Mai Lene

søndag 5. juni 2011

smakebit på en søndag # 10

Det blir mykje nå for tida om den boka eg las sist gong, men det er for det at eg rett og slett er på ferie og bare 1 av 3 bøker var gode.
PERFEKT KJEMI
Jeg løper mens frykten skyller over meg. Jeg kjenner igjen jakka mi etter som jeg kommer nærmere. Det er som å se min egen død.
Jeg kneler og snur sakte kroppen rundt.
Paco.


Bli med på ein smakebit på ein søndag du òg
- open boka du les nå
- finn nokre setningar du kan dele med lesarane på bloggen din (vær forsiktig, ikkje avlør for mykje, det kan øydelegg for dei som vil lese boka seinare)
- Legg igjen linken til innlegget hjå Ladybug Ho samlar saman alle smakebitane

Mai Lene

fredag 3. juni 2011

bok: perfekt kjemi av Simone Elkeles


Mai Lene om boka:
Denne boka gjekk rett inn i topp ti lista mi. Den er svært god og er ikkje den der Det-einaste-som-kan-skilje-oss-nå-er-at-han-er-ein-vampyr-type bok. Dette er ekte saker. Brittany er den perfekte jenta som er leiar for chearledarane og har den perfekte kjærasten mens Alex er ein såkalla bad boy i frå andre sida av byen som slit med å halde saman familien.
Heile sisteåret på high school ser ut til å vere øydelagt for Brittany når ho finn ut at ho må sitje på sida av Alex. Heile den perfekte fasaden hennar er i ferd med å smuldre vekk rundt henne. Samtidig veddar Alex om at han kjem til å greie å foføre den perfekte jenta. Men etterkvart finn Alex ut at Brittany er ikkje bare design-klede og perfekt. Han finn ut ting som gjer veddemålet til noko mykje meir.

Sitat i frå boka:
Å Herregud. Alex ... labpartneren min. Hele det siste året? Aldri i livet, ikke søren, det er bare IKKE greit.

Boka anbefales på det sterkaste! Les denne!
Mai Lene

Boktema hos Anette, A-Å #K

Anettes boktema har no eit tema der du legg inn dine favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på K, og link innlegget ditt til bloggen til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Mi favorittbok K er ei veldig fin bok av Bjørn Sortland som heiter Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?


Mai Lene

tirsdag 19. april 2011

hjelp. jorda er innvandert


VERTEN AV STEPHENIE MEYER
Denne boka hoppa rett opp på topp 10-lista mi etter eg var ferdig med den, eller var det før? :) Husker ikkje, men den var i alle fall ein av dei beste bøkene eg har lese nokon gong. Stepehnie Meyer er bare sååååå god til å skrive. I denne boka skriv ho om når jorda blir innvandert av Sjelar og folka blir vertskap for desse sjelane. Melanie er eit av dei få vanlige menneksa igjen når ho blir vert for sjelen som heiter Vandrer. Men Vandrer er ikkje forberedt på at Melanie skal kjempe så mykje i mot. Saman prøver dei å finne mannen som dei ikkje har sett på lenge. Men kva skjer?

Denne boka fenga meg meir enn eg kan seie, og det var uvanlig å lese om eit kjærleiksforhold der det var tre stykk var innvolvert, men ikkje alle var i menneskeskikkelse ein gong!

Har du lese Verten? Kva syntes du om den?

:D:D:D

ps. minner om meinigsmåling til venstre i "margen."

mandag 7. februar 2011

Some days at Hogwarth

Nokre dagar på Galtvort med Harry Potter&co er alltid kjekt! Denne gongen blei eg dradd inn i Tretrollmansturneringa!
HARRY POTTER AND THE GOBLET OF FIRE
Harry Potter er nok ein gong tilbake på Galtvort, og denne gongen kjem det nye utfordingar som er vanskeligare enn nokon gong før. Den anbefales på det sterkaste og er heilt klart ein av dei beste bøkene i serien!

onsdag 2. februar 2011

Kongelig og konge bok

PÅ KONGELIG BEFALING AV CHARLIE HIGSON
(inngår i serien om unge Bond)
Denne boka var eg litt i tvil på om eg skulle lese før eg tok til med den. Eg har aldri visst kva James Bond var og var litt kristisk. Trudde bare det var ein slask som gjekk rundt og løyste mysterier. Så feil kan me ta. Unge James Bond er ein eg vil lese meir om. Intelligent, rask, snartenkt er bare nokre av orda som beskriver han. I denne boka kjenner du at at du nesten skjelv i heile kroppen. For etter eit komplott mot kongen som James stoppar så kan han ikkje leger vere på skolen og må rømme til Austerrike. er deg å lese denne boka.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...