![]() |
Sofia av Sigrid Merethe Hanssen er ei av dei nye bøkene på nynorsk |
bokbloggarpris! Og ikkje berre det, bokbloggarprisen skal fokusere på norsk, ny litteratur, noko eg merkar at trengs på mange måtar. Personleg er eg dårleg på å lese norsk litteratur, og særleg ny litteratur. Eg les mykje nordisk, og helst svensk, men dessverre veldig lite norsk. Bøkene skal òg vere utgjevne i 2013, sidan prisen skal delast ut neste år. Prisen har gjort at eg nå har mange norske bøker på lista, og ein ting eg gjerne vil, er å oppfordre andre til å lese ny nynorsk litteratur.
![]() |
Lars Mæhle har hausta både ros og kritikk for den nye boka si den mørke porten |
Gode formuleringar, skildringar og variasjon er særs viktig, og noko som både bøker på nynorsk og bokmål har i rikt monn.
![]() |
Sunniva Relling Berg har skrive ny ungdomsroman som blir utgitt ette året. |
kanskje les minst ei bok på nynorsk dette året? Som bokbloggarar har ein i dag stor påverknad, fordi mange les det me skriv. Dei fleste av oss er heller ikkje utdanna litteraturkritikarar og har ingen profesjonell bakgrunn. Ved å skrive om nynorskbøker og lese dei, vil andre kunne sjå at vanlege folk kan lese nynorsk dei òg. Det ikkje berre eit sært, gammaldags språk som ingen bruker lenger. Eg bruker det mykje.
Berre for å få fram meininga med innlegget kan eg prøve å skrive alt veldig kortfatta i dette avsnittet. Ingen trenger å skrive nynorsk i verken omtalar eller noko slikt. Ingen MÅ lese ei nynorsk bok, og ingen MÅ nominere ei nynorskbok til bokbloggarprisen. Det eg prøver å oppfordre til er auka blest om nynorskbøker som er utgitt nyleg.
Viss de lurer på kor de finn bøker på nynorsk, er samlaget.no forlaget å besøke. Eg les den mørke porten av Lars Mæhle no, og skal òg lese ein til nynorskkrim snart. Elles er det mange bøker utgjevne på Samlaget dette året som verkar interessante!