onsdag 26. desember 2012

bok: skygger av Gro Trollet

No er eg ferdig med debutromanen til Gro Trollet, norsk redaktør for samtidslitteratur i Frankrike og elles ein dyktig forfattar, men har dessverre svekka inntrykket ho kunne gitt meg med nokre litt for store småfeil. 

Eva Lévy er ein  fers norsk-fransk løytnant i Brigade Criminelle i Paris, ein by som dei siste vekene har blitt rysta av drap på uteliggjarar og ein terrortrussel mot innanriksdepartementet. Oppå det heile kjem òg drapet på ei førebels indentitetslaus, sansynlegvis norsk kvinne som blir funne i Seinen. Obduksjonsrapporten og omstendighetane tyder ikkje på nokon naturleg død, men likevel kan ikkje drapet knyttast opp mot hendingane dei sista dagane. Dette trass i at det er heimlause Alex som finne kvinna og som tydelegvis har hatt ei i puslespelet Eva og politimannen Grégoire skal legge.

Britt Boyesen i NRK har skrive: "For en leser som er over gjennomsnittet begeistra for Paris og for krimbøker, er dette en ønskedrøm." Det kan så vere, og krimen er godt konstruert. Det er ingenting rot med korleis forteljinga er fortalt, og ein blir ikkje forvirra, sjølv om visse franske, men heldigvis ubetydelege for løysinga på mysteriet, kan vere lette å blande saman. Historia er fortalt frå ein allvitande synsvinkel, noko som gjer at me alltid er litt meir kunskapsrike enn Eva Lévy og karakterane.

Ved hjelp av denne autorale skrivemåten får me bli kjent med stenihuggaren Martin som har sine eigne problem å løyse. Etter at han og mora Agnés har lese om drapet på kvinna i Seinen i avisa Liberation ser drapet ut til å ha meir påverknad på livet deira enn ønskeleg er. Kvinna bak avisartikkelen skal òg vise seg å vere ein viktig del av det heile. Journalisten Sarah Blanc er høggravid og henger seg på Eva Lévy, ikkje bare for informasjon, men òg for venskap og andre personlege grunnar.

Ein annan person som er i Paris, André, var norsk motstandsmann under krigen i Noreg. Han tilbringer mesteparten av dagen på å drikke sprit og trave rundt i dei franske gatene mens han tenkjer på dagane under krigen som motstandsmann. Noko anna som er i tankane hans er den "overfladiske" eks-kona hans, Astrid, og dei tre "umoglege barna hans, Ritter, Jesper og Marlene. Likevel, han er ikkje bare på ferie.

Trollet har vore dyktig til å skjule sanninga i denne romanen, bak, til tider, veldig formelt og rart språk som stemmer dårleg overeins med det lette språket ho elles brukar. I tillegg er det noko som verkeleg har gjort at eg såg raudt, nemleg skildringa "snillingen". Det blir brukt ein gong, men det hengte eg meg opp i, rett og slett fordi snilling er i same ordkategori som facebook-brukarar brukar for å kommentere profilbilete: Snilling, søting, pena, fining. At ei bok som elles har godt språk skal ta i bruk noko slikt seier litt om den tida me er i. 

Noko anna som terger meg alt for mykje er den store delen karakterar i boka som røykjer. Eva Lévy har "slutta", men røykjer likevel, Grégoire, Sarah Blanc, Helge Prebensen - norsk ambasadør i Paris, Ellen Vike, norsk etterforskar. Det for mange som ikkje bryr seg om det i boka til at det er sant. Hadde det vore for førti år sidan kunne dette vore sant, men eg tvilar sterkt på at så mange røykjarar kan vere involvert i ei historie, og i tillegg at så mange bare røykjer i selskap med Eva, sjølv om dei eigentleg aldri røykjer elles. Andre ting eg har vanskeleg for å førestille meg er at Eva og Grégoire sit og drikk vin kvar dag i lunsjpausane, men Gro har greidd å få dette i havn.

Heldigvis hadde ikkje Eva problem med mannen sin heller, som mange tøffe politikvinner i bøker ofte, og dessverre, har. I tillegg blir ho ikkje forelska i dei mannlege samarbeidspartnarane og kollegaane, noko som nesten var overraskande, fordi nå er det meir vanleg at det er slik enn ikkje, og det var greit å lese ei bok kor dette ikkje var endå ei bekymring. Dette kan oppsummerast som ei god bok til å vere debutroman, men med nokre feil å prikke på. Visse delar av historia er heilt klart oppdikta fordi det skal mykje til for at slikt skjer, men ein skal aldri seie aldri.

tirsdag 18. desember 2012

bok: bestefar var eit kirsebærtre av Angela Nanetti

Då eg var lita las eg fleire gonger denne boka som heiter bestefar var eit kirsebærtre, og eg har i det siste hatt ei vag kjensle av at eg ikkje forstod alt som stod i ein barneskulealder, trass i at den vart lesen fleire gonger. Derfor tok eg ho fram igjen, og nå har eg kome til den konklusjonen at ein av og til trenger litt forklaring for å forstå alt i barnebøker.

Tonio er ein gut som lever i Italia. Han har fire besteforeldre, slik som barn plar ha. Bestemor Antonietta og bestefar Luigi bur saman saman med hunden deira Floppy, Tonio mor og far i byen og er foreldra til far.
(... )eg såg dei minst fire gonger om dagen.

Klokka åtte om morgonen, når bestefar kom heim frå morgonturen med Floppy:


 - No, kva skal vi gjere i dag, unge mann? Skal vi på skulen eller ikkje?
Klokka ni, når bestemor gjekk ut med Floppy for å handle:
- Er du klar for å gå på skulen,veslefar?
Klokka to, når bestefar kom for å gå den andre rusleturen med Floppy:
- Så du er heime att frå skulen! Bra!
Og klokka fem når bestemor gjekk ut med Floppy for å gjere ærend eller besøke ei veninne:
- Hadde du det morosamt på skulen i dag, veslefar?
Dette er skildringa Tonio gir oss av besteforeldra hans i byen. Han har òg to besteforeldre på landet, og dei har eit kirsebærtre dei kallar for Felix. Felix er kalla opp etter mora til Tonio og vart planta den dagen ho blei født. Bestefar Ottaviano ville først kalle treet for Felicia akkurat som mamma, men bestemor Theodolinda meinte at ei tre ikkje kunne heite Felicia, og derfor vart det heitande Felix. Når Tonio er på besøk hjå bestefar og bestemor lærar bestefar Ottaviano han å klatre i det.

Tonio må innrømme for seg sjølve at han er mest glad i besteforeldra på landet, foreldra til mamma. Derfor er det òg hardt når bestemor Theodolinda blir sjuk og døyr. Etter dette blir ikkje ting det same. Bestefar Ottaviano byrjar å oppføre seg rart, og han seier ting som at han har ei torn i hjartet sitt. Tonio får likevel fine stunder med bestefar, som sommaren før han byrjar på skulen. Likevel er det ikkje det same utan bestemor Theodolinda.

Besteforeldra i byen er ikkje særleg begeistra for bestefar på landet, og det merkar lesaren veldig tidleg. Dei kallar han, inndirekte, uansvarleg og uregjerleg, og Tonio forstår kva dei synes om han. Derfor er det duka for konfliktar mellom Tonio og besteforeldra i byen, mamma og besteforeldra, mamma og Floppy og aller verst mamma og pappa. Hendingane som foregår rundt denne tida gjer saka bare endå verre. Bestefar Ottaviano sit ute ei heil natt for å varme knoppane på Felix, og dermed får han òg lungebetennelse. Korleis skal det gå med han, og kvar skal han bu? Mamma meiner at bestefar ikkje klarer å bu aleine på garden.

Ein annan viktig karakter i boka, og eg må få lov til å kalle ho det, sjølv om det er ei and, er anda Alfosina. Alfosina var bestemor si, men etter at bestemor døydde har bestefar Ottaviano teke ekstra godt vare på akkurat denne anda. Når bestefar då havnar på sjukehus, er det Tonio som byrjar å ta seg av henne. Samana med naboen til bestefar Ottaviano, Emilio, finn han ein make til Alfonsina, Orestes.

Eit anna dilemma i boka er at kommunen vul ta grønnsakshagen frå bestefar Ottaviano, som berre blir ein av mange sorger for han etter at bestmor Theodolinda døydde. Òg etter bestefars død prøver mamma, pappa go Tonio å kjempe for grønnsakshagen, og når vegarbeidarane òg prøver å felle kirsebærtreet Felix er det duka for konflikar.

Dette var ei av dei beste barnebøkene eg las som liten. Boka er full av konfliktar, men ikkje for mange, og alle konfliktane og problema går hand i hand. Det nynorske språket boka er omsett til gir rom for eit poetisk og vakkert språk som er veldig forståeleg for lesargruppa denne boka er for. Kapitale er ikkje lange, men heller ikkje korte, og boka er på litt under hundre sider, som er ein grei storleik på ei barnebok for aldergruppa seks år pluss. Kan òg pluse på at det ikkje er ei leseløve, noko som gjer at boka på veldig mange måtar skiljer seg ut frå mengda. Vil anbefale foreldre å lese boka med barna for første gong, for forklaringar kan vere greit når det er snakk om død, i tillegg til at dei tar opp spørsmålet med himmelen og om besteforeldra til Tonio er i himmelen eller under jorda. At foreldre les boka med barna kan hjelpe dei til å svare på spørsmål som barnet måtte ha og fremje deira syn på døden. Det kan òg vere vanskeleg til tider for eit barn å forstå handlinga, for ein stad går det ikkje veldig tydeleg fram at handlinga ikkje foregår i kronologisk rekkjefølgje, go denne gongen var første gong eg forstod heile handlinga der. 

søndag 16. desember 2012

sekstande desember: kanskje me bare skal gi opp dette prosjektet?

Eg merkar at det gjekk fint dei første tolv dagane å lage julekalendar, så blei det litt tomt, og ingenting blei jo skikkeleg bokrelatert på ein måte. Alt vart litt lite relevant i forhold til temaet på bloggen, og i tillegg har det ikkje vore så veldig mykje å skrive om. Det har vore mykje snø, ja vel. Me var innesnødd på Nærbø i går. Ikkje det at me ikkje kom oss utanfor ytterdøra, men vegane ut frå Nærbø var ikkje brøyta og politiet oppfordra oss til å halde oss inne. Skulane har vore stengt, og på fredag hadde eg bare tre timar på skulen grunna snøen og vêret. Me har hatt nærare ein meter snø, og eg har aldri opplevd liknande forhold i heile mitt liv! Jæren, som ALDRI får snø, bare slafs og regn.

Dette blei akkurat like tomt som alle andre innlegg, men men, det skal få alle vinterbileta mine seinare. Dokumentasjon heiter det. Uansett, eg tenkte eg skulle setje meg ned å skrive litt. Er lenge sidan sist, og eg har ein veldig god idé og håpar på at den er gjennomførbar. :)


onsdag 12. desember 2012

tolvte desember: lesemål for 2013

Tenkte det kanskje var tid for å skrive om lesemåla for 2013, i og med at det er tolv månadar i året, og i dag er det tolvte desember. Okay, veldig dårleg samanlikning, men det var kanskje på tide.

Kor mange bøker skal eg lese? 
Eg skal lese femtito bøker, ei bok for kvar veke. Det er ikkje så mange som i år, men det gjer ikkje noko. Det blir sikkert ikkje noko problem, bare eg får nokre gode bøker å lese.

Mykje krim
I 2013 skal det bli meir av min favorittsjangar krim. Eg har lese mykje god krim i 2012, og eg gler meg til meir. Eg har nokre bøker eg må lese:
- den femte årstiden av Mons Kallentoft
- kronprinsessen av Hanne-Vibeke Holst

- sankta psyko av Johan Theorin

psykologiske thrillarar
Eg elsker psykologiske thrillarar! Eg har lese alle bøker eg har fått tak i av Gillian Flynn. Dei var heilt fantastiske i skrivemåte, og ingen stereotype personar, og ein fekk medkjensle med ein hovudperson som var langt frå svigermors beste barn. Samstundes sneik det seg inn litt krim. Ekstremt bra. Eg har nokre bøker på lista for 2013 òg, for ingenting er som psykologiske thrillarar.
- fortsatt savnet av Chevy Stevens
- flink pike av Gillian Flynn
Hadde tenkt å lese denne på engelsk, og det skal eg sjølvsagt viss eg får boka til jul, men når skal den snart kome på norsk. Gillian Flynn er min absolutte favorittforfattar på denne jord. Bøkene blir aldri kjedelege, og flink pike har eg venta på at skal komme på norsk! Sjølvsagt triggar omslaget òg Det er det første omslaget som ikkje har svart bakgrunn. Kva er grunnen?

Dessverre ligg nesten alle desse under andre kategoriar, Eg synes at ALLE forlag burde hatt sin eigen kategori med psykologiske thrillarar, bare for at eg skal få lese min favorittsjenger.

lese mange bøker i bokhylla
Eg har ein del bøker som står i bokhylla, uleste dessverre. Mange av dei har eg bare plukka med meg frå bokbloggartreffet eller fått i giveawayar. Derfor skal eg ta eit skikkeleg tak i 2013 og lese die. I tillegg har pappa mange bøker nede, og blant dei bøker av Lindell og Nesbø, men òg bøker av Ernest Hemningway, Charlotte Brontë, Charles Dickens og Mark Twain.

1001 bøker - Lines lesesirkel
For første gong i det sekstenårige livet mitt skal eg vere med på Lines lesesirkel, og eg gler meg som eit lite barn. Førebels har eg meldt meg på bøkene i februar, mars, april, juni og august. Blant anna står Jane Austen på lista over bøker eg skal lese . Kanskje skal eg melde meg på til desember òg viss det blir boka til Kraus. Viss ikkje, får eg lese den uansett, for den høyrtes kjempebra ut!

Elles har eg planar om å lese det som eg vil. Det er mykje bra litteratur der ute. Eg veit ikkje kor mykje fantasy og ungdomslitteratur det blir, men vurderer sterkt å halde fram på serien om Percy Jackson. Eg las første boka i 2010 og syntes ho var veldig bra, men har dessverre ikkje kome lengre. Eg veit ikkje korleis det blir med Alyson Noël sin serie, men kanskje det blir ei bok i 2013 òg. Eg trur det, for eg vil gjerne vite korleis det går, bare for å vite. 

tirsdag 11. desember 2012

ellevte desember: bokomtale - nattefokk av Johan Theorin

I slutten av november og i byrjinga av desember bestemte eg meg for å feriere litt på Öland, eller kanskje bli med til Öland via ei av bøkene til Theorin. Nattefokk var akkurat som skumringstimen, fantastisk spennande og til å få mareritt av.

Hovudpersonen i nattefokk er Joakim Westin. Saman med kone og barn har han flutta til garden Åludden på Öland, og planane for den gamle garden er mange. Likevel går nesten aldri planar slik du vil, og aller minst i bøker. Spenninga i boka heilt frå første side, og Theorins vage hinting om at noko skal skje, gjer at her forstår ein at noko skal gå gale. Ein dag når Joakim reiser til Stockhold for å hente eit gammalt arvestyke skjer det utenkelege. Politiet slår på tråden.
"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnne til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.

Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp og oppfostrast utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida får med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.

Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvesagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Paralellt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som at låste dører plutseleg er opne og hemmelege rom er ingredienser i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.

Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaften, møtes alle personane i boka i eit blodig samanstøt.

Theorin sine bøker gjer at ein sit go tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromarar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk er bra. Akkurat der minner han meg litt om J. K. Rowling. Rowling skriv om eit fantasiunivers, når ho skriv om Galtvort og Harry Potter. Likevel får ho oss til å kjennes oss igjen i karakterane, som det at dei  har mykje lekser, er forelska, har venner og uvenner og har problem med familie og lærarar. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanefor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likvel kjenner ein oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".

Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterier og har mange historeir å kome med om det meste. 

mandag 10. desember 2012

tiande desember: oppsummering av stader eg har følgt med til i bøkene dette året

Hei, nå er det tiande desember, og eg tenkte det var på tide med ei lita oppsummering frå bokåret 2012. Derfor tenkte eg at stadene eg har vore på dette året saman med bøkene kanskje kunne oppsummerast. Grunnane til dette er at eg dette året har lese bøker frå fleire stader enn bare Noreg, England og USA. Eg har blant anna lese bøker frå Australia, Italia, Spania, Hellas, Ungarn, Frankrike, Irland, Wales, Sverige og sikkert nokre fleire eg ikkje hugsar.

Eg vil gjerne oppsummere litt frå Hellas, Italia og Spania blant anna. I tillegg vil eg ta med Sverige på grunn av dei gode krimbøkene eg har lese som er frå forskjellige stader i Sverige.

Italia

Dette året har eg lese fire bøker frå Italia. Best har nok bøkene til Marina Fiorato vore, og dei tel tre av fire bøker. Den mest suksessfulle, som i tillegg appellerte sterkt til min kjærleik til kunst, var Boticellis hemmelighet.
Mitt inntrykk av Italia gjennom bøkene til Fiorato er eit vakkert land med mange kjente ansikt og veldig fin kunst, men likevel eit land med mørke baksider, slik som alle andre land. Det har vore ei reise som har vist meg at Italia har vakre bygningar, måleri og menneske i fleng, men dei har òg innbyggjarar som har lidd under styret og som er overmåte fattige. Prevensjon, spedalske, krig korrupsjon er gjengangarar i bøkene til Fiorato. òg forfølgelsen av jødane har kome med, men likevel elsker eg det Italia Marina Fiorato måler fram gjennom orda. Det er flott, men likevel langt frå perfekt.

Hellas

Eg har lese fire bøker frå Hellas dette året, tre av Victoria Hislop, men den fjerde var òg minst like god. Me får eit møte med gresk historie og gresk kultur gjennom alle bøkene. Øyene og stadane som blir gjort kjent for oss i bøkene er Kreta, Kefalinia og Thessaloníki. Eg trur kanskje eg likte Kefalinia eller Kreta best. Kreta har Spinalonga, som øya av Victoria Hislop er frå. Kefalinia har Pelagia og kaptein Antonio Corelli og kjærleikshistorien deira. Bøkene viser meg eit Hellas som er sterkt prega av borgarkrig, verdskrig og krigar med Tyrkia. Likevel held dei på tradisjonane og på håpet. Eg klarer ikkje bestemme meg for kva bok eg liker best frå dette vidunderlege landet, men eg kjente meg igjen då eg las i kaptein Corellis mandolin at kelnarane og dei som jobba på ein restaurant lærte seg språket til turistane. Eg var på Rhodos i oktober i år, og det er ein av dei feriestadene kor eg har følt meg mest velkommen. Grekarane snakkar så godt engelsk dei kan og kjem kanskje òg med nokre norske og svenske fraser for å imponere oss turistar.

Spania

Først trudde eg at bare hadde lese to bøker med handling i Spania, men eg hadde lese tre, men den siste har bare handlinga delvis i Spania og er langt frå like interessant. Den beste må ha vore hjemkomsten av Victoria Hislop.
Eg hugsar endå at eg likte denne boka svært godt då eg leste henne, og denne og ei bok med namnet syersken fra Madrid fekk hovudfokus i ei norsk - og samfunnsfagsoppgåve. Det Spania som fascinerte meg i desse bøkene var det historiske Spania og borgarkrigen. Eg hadde aldri høyrt om borgarkrigen før, sjølv om eg er veldig interessert i historie. Eg visste heller ikkje at dei politiske motsetningane der nede har vore så store, og at dei har hatt ein fascistisk leiar i rundt førti år. Elles fekk eg veldig lyst til å reise til Granada, eller i alle fall til Spania, for å oppleve den spanske kulturen og Flamengodansen.

Sverige

Eg har lese ein del svensk krim dette året, blant anna tre bøker av Theorin, åtte bøker av Läckberg og tre bøker av Kallentoft. Den staden som fascinerte meg mest var Öland som verker mystisk. Gerlof er ein fyr eg ville likt å møte. Fjällbacka var sjølvsagt òg fascinerande. Veldig liten alle-kjenner-alle-stad. Minner meg litt om visse tettstadar her i Noreg. 

Heilt til slutt tar eg med ein spansk/engelsk julesang dei fleste sikkert har høyrt før.

Ha ein fin dag

søndag 9. desember 2012

niande desember: intervju med Eirik Huseby Sæther

Eirik Huseby Sæther er født i frå 1984 i Oslo og drømte om å bli fotballspelar. Han blei henta til rekuttlaget til Vålerenga, men fotballkarieren blei lagt på hylla då han drog inn i militæret. Dessverre blei han skada og måtte byrje på ei anna utdanning. I 2009 var han ferdig utdanna og byrja ved kriminalvakta i Oslo. Debutboka kom i 2012 og heiter Lobotomisten.



Kva handlar boka di om

Lobotomisten skiller seg ut fra den typiske krimboken på det punktet at synsvinkelen i boken er lagt til "den one". I denne boken er hovudpersonen Johannes, en ung mann som har ahtt en streng, religiøs oppdragelse. Faren er pastor i en frikirke og har holdt prekener som "syndere som ska dømmes til helvete". Johannes øsnker å finne ut om synd er noe som kan kureres, og han begynner å studere psykologi for å finne svar. På studiet oppdager han en diagnose som heter seksuell appetitt, som var vanlig på 17 - og 1800-tallet. En gammel lærebok lister opp en rekke metoder for å behandle pasienter som lider av dette. Virkemidlene er blant annet å påføre kulde, smerte, sult og frykt. Johannes bortfører en jente på studiet som han opplever at lider av denne sykdommen, og han ønsker å kurrere henne for å redde henne fra helvete. Når de vanlige kurene ikke virker, bestemmer han seg for å lobotomere sine ofre ved å banke en ishakke gjennom tårekanalen. Dette for å drepe de syndefulle tankene.

Den unge jenta blir meldt savnet hos politiet, og i boken blir handlingen rundt Johannes krysset med politiets etterforskning av denne savnetsaken. Jo nærmere politiet kommer, jo mer skade utfører Johannes.


Kva var det du ville då du skreiv dene boka? Ei bestemt meining du ville ha fram? Noko du vil formidle tydeleg til lesarane, noko samfunnskritisk?

Meningen med denne boken var å lage en krim der morderens motiver ble godt presentert. I en typisk krim skal vi ikke vite hvem morderen er, derfor virker grunnene hans for å begå avskyelige handlinger ganske blasse når han blir avslørt på siste side. Boken tar også for seg psykiatriens historie og viser hvor mye ondskap mennesker har blitt utsatt for, av leger som mener godt og vil gjøre dem friske. 

Kva sjanger vil plassere deg sjølv i?

Jeg skriver i skillet mellom krim og thriller, men med en psykologisk forankring. Det er viktig at en bok skal være introvert og vise følelseslivet og tankene, og ikke bare handlinger.


Kva forhold har du til jul / advent?

Julen for meg er en pause fra hverdagen som gir ro og tid til å lese det andre skriver, noe som ikke er så enkelt å få tid til når man skriver selv. Jeg er ikke noe god på selve oppladningen til juleaften, så det er egentlig denne ene dagen som er jul for meg med middag og hele familien samleg. Tidligere har jeg jobbet de fleste helligdagene bortsett fra juleaften.

Noko du MÅ få med deg når det er advent og jul

Det eneste jeg må få med meg i adventstida, er én julekonsert. Da er på en måte stemningen satt, og jeg har fått min dose med opplegg. Ellers så er julebordene noe jeg aldri sier nei til. Jeg pleier å slenge meg med på minst tre-fire. Sånn sett er adventstida ganske slitsom dagen derpå.


Kunne du tenkt deg å lage ei bok med handling på denne tida av året med eit spesielt fokus på høgtida? Kvifor/kvifor ikkje?

Hvis jeg skulle skrive noe om denne tiden, måtte de være en kriminalnovelle. Advent har jo sin egen dramaturgi med fire lys som tennes og håp og fmailielykke, mue som kan fingere som gode kulisser i en kriminalnovelle. Jeg kommer ut med kriminalnovelle i påskesamlingen til Juritzen forlag til påsken 2013 og likte godt det å knytte en novelle opp til en årstid som de fleste har gode assosiasjoner til. Det gir en god kontrast til "drapet" som setter livet litt i perspektiv. Men det får bli i 2014. Flrst skal påskenovellen ut og min nye roman som følger opp Lobotomisten.

Takk for at du tok deg tid til å bli intervjua, Eirik Huseby Sæther. Min omtale av Lobotomisten er her. Dessverre har eg ikkje fått tid dei siste dagane til å skrive noko, men i dag fekk eg tid. Her er dagens sang:





torsdag 6. desember 2012

sjette desember: Sankt Nickolaus

Heisann, sjetta desember totusenogtolv i dag. Sjette desember er på ein eller annan måte ein veldig spesielle dag, nesten ein merkedag, utan at eg veit heilt kvifor. Me markerer den jo ikkje veldig i Noreg. Likevel, ein av fire delar av kalendaren har nå blitt skrivne, og det er bare atten dagar igjen til jul.

Eg har ei veninne som opprinneleg er tysk, og ho nemnte her om dagen at ho syntes det var rart at me ikkje feira Sankt Nicholaus i Noreg, for me feira jo veldig mange andre helgenar me ikkje veit kven er. Derfor tenkte eg å ta med biskopen i adventskalendaren på bloggen i dag.

Eg har tysk på skulen, og me las om han her på tysdag, fordi tyskarane feirer denne dagen med snop og nokon som kler seg ut med raud kappe og skjegg. Sankt Nikolaus var ein biskop i litleasia i år tre hundre som hjelpte fattige, blant anna ved å gi gåver. Han har seinare blitt ein helgen i den katolske kyrkja og er altså mannen som har vore med på å forme julenissen me kjenner til i dag. Ein skulle tru at Sankt Nikolaus av den grunn hadde på seg raude kapper på bileta, som på biletet over, men faktisk er ei gullkappe det vanlegaste. Grunnen til at julenissen i seinare tid har blitt raud er faktisk Coca-colaen.

I tradisjon og tru skal sankt Nikolaus den sjette desember kome rundt til barna og spørre om dei har vore snille året som har gått. Snille barn får lovprisning og gåver, slemme barn får eit slag med stokken. Nå for tida plar det vere familiemedlem eller vaktmeisteren på skulen som kler seg ut og gir gåver til barna. Barna set støvlane sine utanfor døra for å få godteri.

Det er tradisjonen rundt denne dagen, og kanskje de nå har forstått grunnen til "er det noen snille barn her?" :)





Dette er dagens sang. Veit ikkje om nokon sang om Sankt Nikolaus, så då får eg ta fantasien til hjelp og bruke denne sangen frå jul i svingen :)

onsdag 5. desember 2012

femte desember: Me har snø

Ja, me har snø på Jæren. Det lagar bare ei heilt fantastisk julestemning. Eg tenkte at på fredag skulle eg leggje ut ein bokomtale av nattefokk av Johan Theorin, så blir det kanskje av blodleie på laurdag. Nå har eg skikkeleg julestemning i alle fall. Nettopp sett ein episode av jul på månetoppen på DVD og sit og skriv med eit stearinlys på sida av meg. (Lagar dette innlegget kvelden fjerde desember, planleggjaren er bare heilt fantastisk).

I dag har eg ikkje så mykje å dele, men eg skal øve til førestilling med Putti Pluti Plott om ca. ein time, etter eg er ferdig med å skrive eit kåseri på tentamen. Eg vil gjere dele eit sitat frå favorittboka mi dette året. Det er henta frå den trettende fortellingen av Diane Setterfield.

Alle har en historie. Det er som med familier. Du vet kanskje ikke hvem de er, har kanskje mistet dem, men de eksisterer uansett. Dere glir kanskje fra hverandre eller du vender dem ryggen, men du kan ikke si at si ikke har dem. Det samme gjelder historier. Derfor," konkluderte hun, "har alle en historie. Når skal du fortelle meg din?"
Nydelige Vida Winter som har slike herlege sitat å dele med oss!!

Dagens song er denne:

Eigentleg har aldri denne forteljinga vore jul for meg, men sidan eg skal danse til denne sangen neste veke og øvar ti dag...

Ha ein fin femte desember! 

tirsdag 4. desember 2012

fjerde desember: ein julesong midt i ein travel kvardag

I denna natt blir världen ny med Carola Häggkvist.

Fjerde desember er ein veldig, alt for vanleg dag, og det var ikkje ein gong min tur til å opne adventskalendaren. Men uansett, ha ein fin dag :)

mandag 3. desember 2012

tredje desember: ditt eller datt

Torsdag forrige veke hadde mange bokbloggarar eit såkalla "meme" på bloggane sine, og eg ville henge meg på, men tenkte at det kunne vere gøy i adventskalendaren min. Derfor legg eg det heller ut i dag.

Bok på øyret eller i handa
Alt etter som. Eg må bare seie at eg har lytta på lydbøker, og eg liker det. Dessverre har det blitt mange av dei same som me har høyrt på i bilen under lengre bilturar, som svein og rotta og det store gavekaoset som kan anbefalast. Likevel, sjjølv om eg liker lydbøker veldig godt, blir det nesten bare bøker i handa. Eg har høyrt ei lydbok 2012, det du ikke ser av Katherine Webb, men eg trur kanskje at eg liker best bøker i handa som eg kan bla i, og så kan eg bestemme lesefarten sjølve.

Myke eller harde permer
Eg synes eigentleg det er nesten det same. Sjølvsagt er det godt med harde permar, fordi det er betre kvalitet på dei, men eg har ingen problem med pocketbøker som det er betre å halde i og som ikkje er like tunge. Og så slepp du den der ekstra "permen" som skal ligge rundt og heile tida skli ned eller opp.

fiksjon eller fakta?
Fiksjon. Eg elsker oppdikta forteljingar. Den trettende fortellingen (Diane Setterfield), Botticellis hemmelighet (Marina Fiorato), extremely loud and incredibly clear (Jonathan Safran Foer), kaptein Corellis mandolin (Luis de Berniéres)... Og kva hadde skjedd med bøkene til Astrid Lindgren hadde folk likt best fakta.

Fantastisk eller realistisk?
Realistisk er kanskje det som eg liker best. Fantasy er litt for fantastisk (utanom visse bøker og bokseriar som eg liker veldig godt). Likevel er kanskje blandinga det beste, for litteratur kan nesten ikkje vere heitl realistisk. Likevel liker eg det realistiske i den grad at personar ikkje skal vere stereotypiar og at det ikkje skal vere klisjear og bare fryd og gammen. Lette løysningar, som om forfattaren ikkje kom på noko anna og måtte dikte opp ein urealistisk løysning, er eg heller ikkje komfortabel med. Likevel, eg må kunne bli fenga og det må vere noko som er litt fantastisk i kvar bok.

Harry Potter eller twilight?
Eg har lese alle bøkene og sett alle filmane utanom breaking dawn part two. Harry Potter er heilt klart min favoritt. Harry Potter er veldig menneskelig, og samstundes som det er mykje magi og trolldom, kan ein kjenne seg igjen i karakterane i denne serien. Ingen av dei er perfekte eller sett på spissen på nokon måte. Til og med Voldemort kan ein synes synd på i forhold til oppveksten og det at han må ha vore einsam. Likevel, Severus Slur er min favorittkarakter, utanom Lulla og Hermine. Det eg ikkje liker med Twilight er at Bella vel den minst menneskelege, minst realistiske karakteren som finst. Edward-typar finst ikkje. Ingen er så edel at dei seier: Vel kven du vil gifte deg med. Jakob er den som kjempar og den som Bella burde valt!

Kindle, iPad eller annan e-lesar?
Papirbøker!

Kjøpe eller låne?
Ja takk, begge deler! Lånte meir på biblioteket før, og så har eg vunne og fått mange bøker. Å kjøpe er alltid gildt, for å kunne ha det til odel og eie.

Bokbutikk eller internett?
Bokhandel. Eg har bestilt ein gong på nettet. Elles elsker den koselege stemning i ein bokhandel, særleg ved jul I og med at eg jobbar på Ark er eg kanskje innhabil, men likevel, bokhandlar er så absolutt å føretrekkje.

Enkeltståande eller serie?
Enkeltståande kanskje? Eg blir så lei når eg les mange bøker i same serie. Ikkje av Harry Potter-bøkene, men Läckberg var eg mektig lei av etter ei stund. Likevel er seriar fint viss det ikkje er dei same hovudpersonane heile tida. I Theorin sine bøker går Gerlof igjen og alt føregår på Öland, men likevel er det nye personar kvar gong som er hovudpersonane.

Monstarbok eller liten og søt?
Alt etter. Liker ikkje monstarbøker kor forfattaren har dratt ut handlinga så langt at du sit og lurer på om det var eit mål å skrive 2323 sider og derfor ikkje hadde noko handling. Lita og søt bok er heller ikkje bra viss du føler at forfattaren har laga for lite ut av ideen sin i ei lita og søt bok.

Romantikk eller action?
Action, viss forfattaren har fått det til. Liker Gillian Flynn sine bøker, som har mykje action, psykisk spenning osv. Synes at nokre romantiske bøker kan bli litt kleine av og til.

Under eit teppe foran peisen eller liggande i sola?
Alt etter kva årstid det er. Vil ikkje vere inne med eit teppe over meg framfor peisen viss det er juli og 20 grader utanfor. Men eg ville heller ikkje vore ute i sola i januar og lese.

kakao eller latte?
Kakao. Eigentleg liker eg veldig godt kaffi, men ikkje latte. Latte er for lite kaffi og for mykje mjølk. Hadde eg fått tilbod om iskaffi med sjokolade eller kaffi mokka eller cappuchino hadde eg kanskje valt det, sjølv om kakao med masse krem i er  veldig godt.

Songen i dag er denne

Ha ein fin tredje desember!

søndag 2. desember 2012

andre desember: intervju med Anne Cecilie Remen

Foto: Tor Rickardsen

I dag, 2. desember 2012, kjem det første forfattarintervjuet på denne bloggen. Advent dette året, skal eg, som sagt, intervjue forfattarar på bloggen, og først ut er Anne Cecilie Remen. Remen har lang erfaring som journalist, blant anna i Dagens Næringsliv, Aftenposten og på nrk.no. I tillegg har ho vore økonomireadktør for NRK og reportar i Dagsrevyen. Ho er òg cand.polit i statsvitenskap. Det siste året har ho hatt ein pause frå jobben som journalist då ho fekk diagnosen brystkreft tre veker etter at debutboka på direkten kom. Ho har òg skrive på bok nummer to om politikvinna Christina Fiori Mørk.

Kva handlar boka di om?

Den handler om spisse albuer og store ambisjoner i Tv-bransjen, om hemmelig og svært forbudt kjærlighet. Programleder Maria Bergstrøm blir drept på direktesendt TV, og mistanken faller straks på kollegene hennes i Tv-kanalen, og særlig på den hemmelige elskeren hennes. Politietterforsker Christina Fiori Mørk får ansvaret for etterforskningen, og den fører henne ikke bare til den tøffe Tv-bransjen med store egoer, kynisme og maktkamper, men ogtil til sleipe finansfolk til Frankrike og til et kunstmysterium som involverer et ukjent maleri av Edvard Munch.



Kva var det du ville då du skreiv dene boka? Ei bestemt meining du ville ha fram? Noko du vil formidle tydeleg til lesarane, noko samfunnskritisk?

Jeg ønsket å vise hva som kan skje når journalister og en TV-kanal selv blir jaget og mistenkeliggjort av media. Vi er blitt så mange flere medier, flere journalister jakter på samme story, nettavisene har fått nyhetshjulet til å surre fortere, og presset på den som er medias søkelys er blitt mye tøffere de siste årene. Vi journalister er kanskje ikke alltid bevisst den makten vi besitter og den effekt vår journalistikk kan ha på den som er"offeret". Jeg ønsket også å vise samspillet mellom politi og media. Politiet er  stadig oftereavhengig av journalisters avsløringer for å løse kompliserte kriminalsaker.


Kva sjanger vil plassere deg sjølv i?

På direkten er vel en typsik krimroman, og det blir den neste også: Jeg har fått mye god kritikk for at jeg har evnet å bygge spennende actionsener, men jeg prøver å unngå for brutale, blodige og voldelige scener. Liker heller å bygge opp indre spenning i personene samt å lage noen veldig creepy scener som jeg selv nesten blir mørkredd av å skrive.
Min heltinne, Christiane Fiori Mørk er halvt korsikansk, hun hater som sagt norsk vinter og snø, men isbader hele vinteren, hun snuser, er vegetarianer, kjører en gammel Prische, er glad i farg og har et ganske turbulent kjærlighetsliv. Jeg synes hun er blitt ganske kul, og det er veldig spennende å utvikle henne videre i bok 2.

Kva forhold har du til jul / advent?

Jeg elsker jul og advent, alle tradisjonene, kosen, middager med familie og venner, tid til de jeg er glad i når alt følrjulsstresset har lagt seg. Min hoverperson Christina Fiori Mørk har derimot et svørt anstrengt forhold til både andvent, jul og norsk vinter. Hun har opplevd noe svært trist i julen som ung og sliter fortsatt med det. Drapet på Maria Bergstrøm skjer også i desember, når den første snøen faller over Oslo.

Noko du MÅ få med deg når det er advent og jul

Jeg må gå på teater med barna mine og mine tantebarn, jeg liker å hente juletre i skogen, og jeg vil gjerne få med meg Luciafeiring på skolen til barna.

Dette forbinder du med jul og advent

Tente lys, adventskalender, appelsiner med nellikker i, varme rom, god mat og tid til de jeg er glad i, og kanskje også å lese en god bok. I julen må jeg alltid ut på ski og skøyter, helst med barna.

Kunne du tenkt deg å lage ei bok med handling på denne tida av året med eit spesielt fokus på høgtida? Kvifor/kvifor ikkje?

Det måtte være fordi jeg hadde lyst til å utforske noe spesielt, fikk en veldig god ide. Men hvofor ikke skrive en skikkelig påskekrim fra Sørlandet?

Noko du vil leggje til? Eit spørsmål du saknar?

Når kommer neste bok? Jeg håper neste år. Roman to er både lettere og vanskeligere å skrive. Jeg føler meg priviligert som har fått lov til å komme ut med en roman på Aschehoug, og som har et forlag som tror på meg og som oppmuntrer meg til å skrive mer.


Takk for at du stilte opp til intervjuet og tok deg tid, Anne Cecilie Remen. Heilt til slutt vil eg bare seie til alle som les dette intervjuet at de bør lese boka. Remen har verkeleg fått fram det ho ville. Viss de vil lese omtalen går de her.

Dagens sang er ein gammal juleklassikar.
Ha ein fin andre desember og ein fin første søndag i advent.
(sangen byrjar litt uti)



søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...