Om meg og bloggen

Om meg:
Namn: Mai Lene
Født: 1996
Heimstad: Jæren
Favorittbok: Den trettende fortellingen av Diane Setterfield
Inspirasjon for å drive bloggen: Formidle lesegledde, fortelje om litteratur, vere eit alternativ til dei meir tradisjonelle kritikarane
Kontakt: bokverdami@outlook.com, 
Twitter (MaileneHk), 
kommentarfeltet, 
facebooksida til bloggen (Once Upon A Time - ein bokblogg.

Om bloggen
Denne bloggen er i all hovudsak om bøker, og eg oppretta han for å formidle leseglede vidare. Eg har ikkje utdanning innanfor litteratur, og bloggen vil difor ikkje vere full av litterære omgrep og litteraturvitenskap, men meir ein amatørmessig blogg for å skrive om ein hobby. Eg prøver så godt eg kan få fram dei litterære kvalitetane i boka og baserer ikkje dette på leseopplevinga, men på innhald og språk. Eg prøver i alle fall. Eg har eit mål om å skrive ærlege og diplomatiske omtalar. Eg har ingen tett kontakt med noko forlag, og eg mottar særs få leseeksemplar. Dei fleste bøkene er frå biblioteket eller bokhylla, dei som ikkje er det er merka. Eg har heller ingen intensjonar om å drive med reklame for noko bestemt forlag, og vil difor ikkje har nære bindingar til nokon. Det er opent for kontruktiv kritikk i kommentarfeltet, men alle kommentarar som eg ser på som støtande vil bli sletta. Viss du lurer på noko meir om bloggen, kan du kontakte meg på eposten som står over her.

Mvh, 
Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...