søndag 31. juli 2011

Boktema hos Anette A-Å #Q og #R

Anette har bedt oss om å legge ut favorittbøkene våre for kvar av bokstavane i alfabetet. Denne gongen er det Q og R som står for tur. Etterpå linker du innlegget til Anette sin blogg. (veldig viktig)

Eg har ikkje vore med på Boktea hos Anette på mange veker nå fordi eg tok tre bokstavar før ferien så eg ikkje skulle ligge på etterskot, men det ser ut til at eg var litt på forskot kanskje. Denne veka er eg `òg litt sein på grunn av ein bloggpause, men nå er eg tilbake. I dag blir det litt juksing fordi eg kan ikkje ei bok som byrjar direkte på Q, men eg har lese Kurt Que Vadis av Erlend Loe ein gong.
Kjempekjekk og morosam barnebok å lese.

På R har eg tenkt mykje, men eg kjem ikkje på noko. Ikkje noko spesielt nå i alle fall. Kanskje Rampete Robin og underbuksa. Morsam bok som eg nesten ikkje hugsar som noko anna enn morsam.

mandag 25. juli 2011

Bloggstille

Det er vanskelig å forstå. Fredag sist veke (før terrorangrepet) ville eg ikkje blogge denne veka rett og slett fordi eg sit for mykje ved PCen og bloggar. Nå vil eg ikkje blogge resten av veke på grunn av terrorangrepet i Oslo. Det er så fælt at eg tvilar på at eg kjem til å blogge igjen på leeenge!

"Viss en mann kan hate så mye, hvor my kjærlighet kan vi ikke da vise sammen."

Eg vil vise respekt og kjærleik ved å vere stille på bloggen denne veka. Det kjennes så dumt å blogge om kvardagen og bøker når det har skjedd noko som du aldri hadde trudd på om det hadde stått i ei bok!!

Mai Lene


lørdag 23. juli 2011

Kvifor oss?

Det er umogleg å forstå, plutselig så er liksom Noreg eit av dei landa som har vore utsatt for terrorangrep og det er umogleg å forstå. 84 ungdommar som er døde. Umogleg. Det er ikkje mogleg at dette skjer oss!

I dag går mine tankar til alle dei som mista nokon på Utøya eller i Oslo og til alle dei som er bekymra for alle dei skada. Det er så forferdelig at 84 ungdommar som er døde. Kvifor skjer det Noreg og korleis kan ein mann ha samvit til å drepe alle dei og å legge igjen ei bombe i Oslo som dreper endå fleire.

I dag skal eg be for alle som har opplevd dette på Utøya og for alle dei som er pårørande og kjenner nokon som er døde eller skada.

Mai Lene

fredag 22. juli 2011

trenger hjelp frå alle som er glade i å ta bilder!!!

Er det nokon som veit om eit type album med lommar til bilete som er 10x18 cm? Mitt kamera tar ikkje mindre bilete og nå har eg snart fullt opp det gamle kameraet mitt. Kjempeglad for å få litt hjelp her! :)

Eg trur at det blei slutt på Harry Potter-veka i går rett og slett fordi eg vil ha ein litan bloggpause. Det blir ikkje innlegg den neste veka fordi eg vil kome skikkelig i gang med litt lesing og slappe av litt og sånn, men eg sjekkar kommentarane eg får.

Skulle eigentlig ha hatt Harry Potter-veke til søndag, men eg er lei av den allereie så me snakkes snart.

Mai Lene

torsdag 21. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og ildbegeret bok/DVD

Harry Potter og ildebegeret er den fjerde boka i serien om Harry Potter og ei av mine sfavorittbøker i frå den serien. I denne boka skjer det så mykje heile tida og eg elsker ho. Alt er så knytta saman og det går ein fin raud tråd gjennom heile forteljinga. Alt skjer i samanheng med hovudtemaet og det er ikkje sånn at du tekjer "Kvifor skulle dei ta med det? Det høyrer ikkje til." Til og med det med at Hermine Grang har oppretta HIKK som kjemper for husnissar har noko å seie. I tillegg er det ein stor dose humor med journalisten Rita Slita og med Malfang som blir transfigurert.

Harry Potter vaknar ein morgon/ei natt av at det verkar i arret på panna igjen og etter det skjer det bare meir og meir som ikkje er som det skal vere. Opprøret på Verdscupen i Rumpeldunk og mørkets merke som viser seg op himmelen igjen for første gong på tretten år. Og at namnet til Harry blir trukke opp av Ildbegeret for at han skal vere med på tretrollmannsturneringa. Harry må i gjennom større prøvelsar enn nokon gong og bare for å få vite at han har hamna u fella til den trollmannen han fryktar mest av alle.

Filmen er ikkje like bra som boka, men den er bra. Eg såg han då eg var elleve trur eg og eg såg den utan problem. Eg forstår ikkje korleis eg greidde det nå, men eg har alltid synes at denne filmen er ein av dei beste i motsetning til mange av dei andre. Halvblodprinsen og Mysteriekammeret er ikkje så bra som denne og Dødstalismanene del 1. 
I dag tar eg med litt bileter under her. 

onsdag 20. juli 2011

morovers av André Bjerke

Tenkte å dele nokre fleire morovers av André Bjerke.












GYRRE MYRRE MY

Gyrre Myrre My
fant en paraply.
Hun slo paraplyen opp
så den løftet hennes kropp høyt i vildens sky!

GYRRE MYRRE MAKS

Gyrre Myrre Maks
fant en liten saks
som hun klippet jorden med
først i to og så i tre
Gyrre Myrre Maks!

JA-GRISEN OG NEI-GRISEN
første tegnet Liv en ja-gris,
en riktig blid og glad gris.
Den smiler sånn at milevis
har ingen sett slik smilegris.

Så tegnet Liv en nei-gris,
en riktig sur og lei gris,
men også den er heldigvis
blitt nokså lik en heldig gris.

For Liv hun er å morsom selv
at grisen smiler likevel!

MANN OG KONE

Her ser du herr og fru
Reinertsen-Rømpe
som sammen strikker
en stripet strømpe.
Som piler går pinnene,
blinkende pipende.
Hun strikker strømpen
mfens han strikker stripene.

Her ser du herr og fru
Faster-Moster
som lager små hullete
sveitseroster.
Fort kommer ostene trillende rullende.
Hun lager osten
mens han lager hullene.

TRE RARE KATTER

Tre rare katter har vi fått.
Den ene heter Knoll.
Så må den andre hete Toll.
Den tredje har vo ganske flott
Skitt navnet Tordenskiold.

Men disse tre er noen troll,
for når vi roper "Tott!"
så kommer ikke Tott, men Knoll
og når vi synes vi like godt
kan rope både "Knoll!" og "Tott!"
da kommer Tordenskiold.

Så du forstår at vi er gått
helt i surr i det med Tott og Knoll
og Tordenskiold. For hvem er Tott?
Og hvem av dem er Tordenskiold?
Og hvem er Skjott? Og hvem er Toll?
Og hvem er Todensknott.

(alle illustrasjonane i boka er laga av Svein Nyhus)

Harry Potter-veke - Harry Potter og fangen fra Azkaban

Harry Potter og fangen fra Azkaban er den tredje boka i serien om Harry Potter. Eg vil eigentlig ikkje seie så mykje om kva den handlar om og alt det der fordi eg synes det skal forbli hemmelig for alle dei som ikkje har lese Harry Potter -bøkene eller sett filmane. Rett og slett for alle dei som bare git blaffen i Harry Potters univers. Sånn som meg for fem eller seks år sidan. Harry Potter var ein person som eg ikkje brydde meg om å kjenne til, men nå skulle eg gitt alt for å få brevposten med Harry Potter på som me gidde til ein for mange år sidan. Eller ikkje alt, men det hadde vore kjekt å hatt. (men kva skulle eg brukt brevposten til i desse e-post tider?) 


Boka er i alle fall bra og eg forstår dei som synes at dette er den beste (inkludert Daniell Radcliffe). Eg er kanskje ikkje heilt einig i denne vurderinga og liker best Harry Potter og dødstalismanene og Harry Potter og ildbegeret.

Nå går eg litt utanfor temaet her, men det eg skulle seie var at denne er mykje betre enn dei to første som eg allereie har skrive om og det var meir spenning i denne boka rundt det som skjer.

Filmen er bra. Sjølv om den held seg veldig til boka denne òg skjer det litt meir overraskande ting og den er ikkje like langtrukken som Harry Potter og mysteriekammeret.

Mai Lene

tirsdag 19. juli 2011

Barnebøker

Plutselig fekk eg lyst til å skrive litt om dei barenbøkene eg las då eg var mindre og som eg framleis synes er kjekke å lese. Eg byrjar frå dei eg las då eg var minst og så jobbar eg meg oppover.

VERDENS BESTE VENNER AV MARGARET WILD

Denne boka lånte eg på biblioteket gong på gong på gong då eg var mindre og den var like kjekk kvar gong. Teikningane er gode og det er ei veldig god bok om venskap. Signe og Sivert bur på ein gård med ein okse som heiter Olme Olav, ein hund og katten Kåre. Alt er for det meste perfekt utanom at postmannen må levere alle breva i eit kjøleskap og at Signe hatar Katten Kåre som Sivert elsker. Men ein dag skjer det noko spesielt som snur opp ned på tilværelsen både for Signe og Kåre.

boka er utgitt i 1992 på Carlsen forlag.



MOROVERS AV ANDRÈ BJERKE

Ei flott boka med rim og dikt for barn. Alle dikta er morosamme og nokre gir barna litt og tenke på. Eg vil dele det diktet eg likte best med dykk som les bloggen.

I landet Miramamora 
var Farao på ferie
hos farmora og mormora. 


En morgen klatret mormora 
til Farao i furua
og så begynte moroa. 


- Hva ler `u a´ sa farmora. 
- Av mormorfa den furia!
- Hvor ser ´u a´ ? sa farmora
- I furua, sa Farao


- Kom ned iggjen! sa farmora
til mormora i furua. 
- Imorra ja! sa mormora
til farmora til Farao.


Du ser av vår historie
at å dra på ferie 
i landet Miramamora
til farmora og mormora 
den furia i furua
har Farao hatt moro av! 


utgitt på Aschehoug.

BAK MUMME BOR MONI AV GRO DAHLE
Ei bok om å vere sint. For bak den rolige skikkelsen Mumme bur Moni som kjem trampande på den store svarte hesten med alt for mange bein. Og Moni kjem køyrande i lastebilen med alt for mange hjul. For slike er Moni.

Gro Dahle er fantastisk og denne boka er ikkje noko unntak.

utgitt på Cappelen





VAFFELHJARTE AV MARIA PARR
Lena og Trille er vener. Lena er bestevennen til Trille, men han er usikker på om han er Lenas beste ven. Saman finn dei på veldig mykje rart som å lage Noahs Sjark og å søke etter pappa til Lena. Men ein dag så skjer det noko...

Dette er ei humoristisk bok om to ungar som bur i ei lita bygd og er kjempeoppfinsamme. Ho er òg av og til så trist at eg byrjar å gråte når eg las ho. Kjempekjekk barneboka

Tonje Glimmerdal er òg ei fin barenbok av Maria Parr, men eg likte best Vaffelhjarte



FISKEN AV ERLEND LOE (i serien om Kurt)
Kjempemorosam bok om truckføraren Kurt som finn ein stor fisk på brygga ein dag og tek den med heime. Då legg han og kona Anne-Lise og borna Tynne Helena, Brus-Kurt og Bud ut på ei stor reise verda rundt saman med fisken og kvar gong dei kjem ein ny plass serverer dei folka der fisk og smått om senn forandrar ting seg.

Eg ler kvar gong eg les denne boka. Eg elsker den og synes den er like morosam kvar gong. Alle barn bør prøve denne.

Les òg
- Kurt blir grusom
- Kurt Que Vadis
- Kurtby
- Kurt kurèr

PODE MISTER FOTFESTET AV TOR ARVE RØSSLAND
Kjempemorosam bok om Pode som nettopp har byrja på skulen og mistar tenner som bare der. Det einaste er at det skjer noko rart når han mister tennene. For kvar gong går handa eller foten automatisk opp i lufta utan at han tenkjer på det og plutselig ein dag finn han seg sjølv svevande over bakken.

Bøkene om Pode var mine yndlingsbøker då eg var mindre. Eg lo kjempegodt av dei og det er nokre av dei eg kjem til å hugse seinare.






PODE FÅR SNUE AV TOR ARVE RØSSLAND
Pode har byrja å få snue og nyse. Det einaste problemet er at kvar gong han nyser kjem det nye folk heim til dei. Det byrjar med dei to tantende, men til slutt kjem det store busslaster med folk heim til han. Og kven er indianaren som vandrar rundt?



Les òg Anti-Pode




Mai Lene

Harry Potter-veke - Harry Potter og mysteriekammeret bok/film


Hei. Eg lote å legge ut eit innlegg om Harry, Hermine, Lulla og Nilus i går, men det er rett og slett ikkje tid til det så det kjem ein presentasjon seinare ein gong om alle personane eg hadde tenkt å skrive om. Men over til dagens tema. 

Harry Potter og mysteriekammeret er den andre boka i serien om Harry Potter og Harry reiser nok ein gong tilbake til Galtvort, men denne gongen med ei åtvaring i bakhovudet i frå husnissen Noldus (Dobby). Men ingeting ser ut til å gå som planlagd. Ronny Wiltersen (Ron Weasly og Harry kjem til Galtvort i ein flygande bil og får skikkelig "juling" i frå Severus Slur (Severus Snape). Skuleåret byrjar elles som vanlig, men det er noko som trugar Galtvort og når Harry sit i arrest den eine kvelden høyrer han ei merkelig stemme i frå veggane som ingen andre kan høyre. Rett etterpå finn dei Argus Nasks sin katt fru Hansen (mrs. Norris) forsteina i ein av gangane saman med ei bodskap om at Mysteriekammeret er opna på nytt og at alle gompefødte skal vokte seg. 
Overfalla bare held fram og Harry må til slutt sjølv inn i kammeret. 

Filmen er er eigentlig veldig kjedelig og langtrukken synes eg. Han held seg - som den førre - litt for mykje til boka og du føler at dette har du opplevd mens du las òg. Det verkar som om dei ikkje utelet ein einaste ting i frå boka og då blir det litt kjedelig. 

Mai Lene

mandag 18. juli 2011

It`s Monday! What are you reading? #13

When I first saw one of the blogs I am following had wrote It`s Monday! What are you readong? I thought "It`s so long time since Monday she is too late with many days." But after a while I remembered "Oh my goodness, it is Monday today. Wow, the time goes too fast."


I admit that it is amazing with summer holiday and all the time I have together with my family and our new dog. It was amazing to get Mina (the dog) home to us on Saturday last week. She is still just three months, but she has a lot of energy and she bites still a little bit, but I think she is going to stop with that after a while.

Last week I was at my Grandma and Grandpa`s plays. There we had fun with some of my cousins and my Grandparents and my uncles and aunts. I haven`t read very much the last time so it is less today than it has to be. I promise I am going to be better soon.  

And now over to what I read

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!



Read last week
- Harry Potter ans the half blood prince by J. K. Rowling (on Norwegian)
- the Bible
- The short second life of Bree Tanner by Stephenie Meyer

Finished last week
- The short second life of Bree Tanner by Stephenie Meyer

Books I read now
- Harry Potter and the half blood prince
- The Bible

Books I am going to read
- Percy Jackson and the olympians by Rick Riordan
- The Bible
- Hannahs hope
and one more. I don`t remember the name. 

Mai Lene
Heia. Såg akkurat ein gammal presentasjon eg laga då eg fekk den andre bloggen min. Viss de trykker her så kjem de til presentasjonen. Den er om bøker og filmar.

Litt lenge sidan eg laga den, men det gjer vel ikkje så veldig mykjef, Ingen av bøkene er skrivne om på denne bloggen.

Har ikkje peiling på kvifor eg tok dette bilete. :)

Mai Lene

Harry Potter-veke - Harry Potter og de vises stein Bok/DVD

Fakta: Harry Potter og de vises stein er den første boka i serien om Harry Potter - guten som overlevde. Den blei gitt ut i 1997 på engelsk og kom til Norge i 1999. Boka blei ein stor suksess og i 2001 kom filmen til boka.

I denne boka kjem Harry som elleveåring til Galtvort tynn og ein anelse sjenert kanskje. :) I denne boka er Harry litt den snille rolige guten i byrjinga. Han er guten som flyktar i frå fetter Dudleif når han bruker han som boksepute. Men han er òg guten som overlevde. Noko han sjølv ikkjeer klar over før han er elleve. Etter kvart som tida går og han kjem til Galtvort blir han meir vågelig. Eg synes at Harry er litt søt i denne boka. Eg elsker forandringa som skjer med ein gong han møter Malfang og han gjer alt han kan for å få has på han. I tillegg så er kanskje Ronny med på å gjere noko. Og Hermine sjølv om ho har litt for mykje respekt for regler. Etter dei møter hunden med tre hovude så er ho kjempesint og vil helst ikkje snakke med verken Harry eller Ronny lenger. Det forandrar seg jo litt etter at dei redda henne i frå eit troll. Etter det er dei vener og går gjennom det meste saman. I denne boka kjemper Harry for andre gong mot Voldemort og han finn ut meir om korleis foreldra døydde, Han blir på ein måte litt meir vaksen i denne boka etter den kampen på slutten og det er som om det gjer litt med han.

Filmen er veldig bra. Når du har sett Harry, Hermine og Ronny store i dei andre filmane som har kome så er det så rart å gå tilbake til denne filmen når dei plutselig er så "små." Hermine er veldig spesiell i byrjinga og eg liker veldig godt ein av replikkane hennar etter det ufrivillige møte med hunden med dei tre hovuda. "We could have died or worse: excpelled." Dette viser bare kor opptatt ho er av å vere på denne skulen. Ho er fantastiks smar og ein besserwisser vil eg kalle det. Alle skodepelarane gjer det fantastisk bra og dette er ekte Galtvort-stemning med Humlesnurr og McSnurp og den fine musikken dei spelar når det er jul på Galtvort. Alt på slutten gjer at alt blir perfekt avrunding med spennande musikk, sjakk og ein mann med to ansikt.
Det einaste som er litt dumt med filmen er at den held seg til mykje til boka og det kjem ikkje noko uventa inn i han.

Mai Lene

Starta

Hei. I dag startar Harry Potter veka her. Det vil kome innlegg seinare i dag om Harry Potter og de vises stein (film og bok) og eit innlegg om Harry Potter, Hermine Grang, Nilus Langballe og Lulla Luneskjær. Grunnen til at Ronny og Gulla ikkje blir med i dag er fordi eg tenkte å ta for meg litt av Wiltersen-familien i morgon saman med Harry Potter og mysteriekammeret. 

Mai Lene

søndag 17. juli 2011

Smakebit på ein søndag #12

HARRY POTTER OG HALVBLODSPRINSEN
Eigentlig held eg på med denne boka på lydbok, men vil dele litt i frå boka.

"Draco bude være stolt," sa Bellatrix likegyldig. "Det er en stor ære Mørkets herre gir ham. Og såpass vil jeg si til Dracos fordel, at han prøver ikke å unnvike sin plikt, nei, han virker glad for å få en sjanse til å vise hva han duger til, oppspilt ved tanken-"
Da begynte Narissa å gråte for alvor og hele tida stirret hun bedende på Slur. 




Bli med på ein smakebit på ein søndag du òg.
- opne boka du les i
- finn eit par setningar du kan dele med lesarane av bloggen din (vær forsiktig, ikkje avslør for mykje, då blir det ikkje spennande for dei som vil lese boka seinare)
- Legg igjen linken til innlegget hjå Ladybug. Ho samlar på alle smakebitane.

Mai Lene

lørdag 16. juli 2011

Gjett kva me skal i dag...

Sjølv om dette eigentlig er ein bokblogg må eg bare fortelje det. Me skal hente den nye hunden vår i Stavanger. Eg gler meg kjempemykje. Etter at den forrige blei avliva for under ein månad sidan gjekk det raskt å få seg ny hund. Mina kjempesøt og me håpar me greier å oppdra henne til å bli ein søt liten hund.
Det er ein Cairn Terrier å den liknar litt på den me hadde, bare at denne er tydeligvis ikkje like engesteligsom Sara.














Mai Lene

ps. minnar om meinningsmåling i margen. Der kan du svare på kor mange bøker DU skal lese i sommar.

lydbok: Paris-mysteriet av Bjørn Sortland (lese av Aksel Hennie)


David og familien er i Paris etter ei lang tid med skumle hendingar og dei har innsett at dei kan ikkje sleppe unna i frå denne superskurken som teroriserar liva deira. I Paris skjer det nok ein gong skumle ting og nok ein gong prøvar David og hjelpe til med dette. Og kven er dei som leikar at dei er skurkar framfor kvart einaste kunstmuseum i byen? Er dei verkelege skurkar eller bare leiker dei?

Paris-mysteriet er som alle andre bøker i den serien ei intenst spennande boka som du ikkje kan legge i frå deg. Ekstra spennande blir det på lydbok når du føler at du faktisk høyrer stemmene deira. Aksel Henni er fantasktisk til å lese bøker inn på lydbøker og det gjer det bare ekstra spennande. Dette er ei fin lydbok å ha med seg i bilen om sommaren for å høyre på.
Mai Lene

fredag 15. juli 2011

Lydbok: Svein og rotta og det store gavekaoset av Marit Nicolaysen (lese av Terje Strømdahl)


Svein skal kjøpe gave til mora. Ho ønsker seg ein ny BH, men Svein er ikkj så god på det her med BHar og riktig størrelse så han henter inn sine beste vener Melissa og Dan for å hjelpe. Og sjølvsagt rottene. Alle rottene er med og Melissa bruker rotta Pippi som måleband for å måle størrelsen på BHane, men kva skjer når dei kjem til storsenteret og rotta til Svein bestemmer seg for å stikke av midt i undertøysbutikken?

Boka er kjempebra og proppfull med humor og alt det som skal til. Eg ler nesten like mykje kvar gong her høyrer denne boka på lydbok og det er der den er best. Eg elsker å høyre lydbøker med Terje Strømdahl og Aksel Henni, og denne er spesielt god. Kjekt å ha med seg på ferie i bilen og høyre på der!

Omslaget er kjempebra og vitnar om eit sant kaos.

Mai Lene

torsdag 14. juli 2011

Lydbok: Sidney-mysteriet av Bjørn Sortland (lese av Aksel Hennie)


David og resten av Bergvik - familien har opplevd nok til at det snart burde vere slutt, men det er endå ikkje nok. Trusselbreva kjem strøymande inn kvar tredje dag og dei bestemmer seg alle for å reise til Australia til ein ven av Knut Bergvik (faren i huset), men i Sydney kjem dei i nye vanskar.

Denne boka anbefales ikkje å lese først i serien om Kunstdetektivene.

Bøkene er fantastiske på lydbok og det er der de bør høyre dei. Perfekte å høyre i bilen.

Heile boka her er eigentlig bra og eg liker måten alt er bygd opp på i denne boka. Eg liker så godt korleis Sortland har laga alt. Han har fortalt at den einaste staden han ikkje har reist til som han har skrive om er Sydney, men likevel er alt så bra. Handlinga foregår i noko som ser ut som ein gul legokloss og er skjular det seg mykje!

Omslaget på boka er ikkje fullt så bra. Eg synes ikkje det ser spennande nok ut, men les du boka er det nok av andre spennande illustrajonar av Trond Bredesen.

Andre bøker i serien:
  1. Venezia-mysteriet
  2. Louxor-mysteriet
  3. Ankor-mysteriet
  4. New York-mysteriet
  5. Sydney-mysteriet
  6. Oslo-mysteriet
  7.  London-mysteriet
  8. Paris-mysteriet
  9. Barcelona-mysteriet
  10. Bergen-mysteriet
  11. Stavanger-mysteriet
Det kjem ut ei til boka snart trur eg så det blir spennande.  Titlane er kanskje ikkje så veldig inbydane på desse bøkene, men dei seier jo litt eller kva?

Bok: The short second life of Bree Tanner av Stephenie Meyer


Boka var på engelsk så det var litt vanskelig å få med seg alt, men eg gjenfortel så godt eg kan.
Bree er ein nyfødd vampyr og styres av av tørsten. Og Riley. Riley er leiar for nesten tjue nyfødde vampyrar, men det er ikkje han som har skapt dei. han bestem over dei og lærar dei om det å vere vampyr, men Bree forstår snart at det er ikkje alt han seier som er sant!

Boka var sånn passe og eg likte innleiinga dårlig. Bree verkar som ein litt sur tenåring som skulle ut og jakte med sine "medvampyrar" og likte ikkje "gjengen" ho blei sendt ut saman med. Derfor stikk ho av med ein annan nyfødt vampyr som heiter Diego og var dei dannar ein BFF-klubb eller Ninjaklubb. Det verkar meir som noko sånt tåpelig ungdomssnakk akkurat der.

Midtdelen var heilt grei, men det verka av og til som om ho bare halte ut tida litt for å lage historia litt lenger. Riley var ikkje like skremmande i denne boka som i filmen eller boka. Eller han verka meir skremmande der og eg trudde dei andre skullle vere veldig undertrykka og at han gjekk rundt konstant sur og farlig, men nei, han var som ein Gud mange av dei tilbad og det stemde ikkje med den beskrivinga me har fått før.
Alle som har sett slutten av filmen eller lese slutten av Formørkelsen veit kva som skjer på slutten, men eg sakna ekte Meyer - skriving her. Eg hadde ikkje lyst til å setje meg ned å grine fordi det gjekk sånn og eg kjente ingen sympati for hovudpersonen gjennom denne boka.

Eg elsker omslaget og det timeglaset som er på det. Det seier mykje om boka., Elsker omslaget, boka sånn passe, manglar Meyer - effektar er vel kort oppsumert.

Eg  har lese Twilight - serien og syntes bøkene var gode, men dette var ingenting i nærleiken av kva Meyer skapte før.

Andre bloggarar som har skrive om boka

Mai Lene

onsdag 13. juli 2011

Bok: forførende ondskap av Rebecca James


Kathrine har flytta heimanifrå til tanta for å kome på avstand frå tragedien som skjedde med litlesystera. På den nye skulen treff ho Alice som er både populær og livlig og etterkvart byrjar dei to å bli gode vener og med Robbie på laget ser det ut til å bli eit fint team. Men etterkvart finn Kathrine ut at Alice har òg nokre mørke sider som at ho liker ikkje å bli tilsidesatt og ho er òg til tider stygg mot "kjærasten" Robbie.

Innleiinga var kjempebra og eg måtte bare sjå kor dette enda. Det var kjempekjekt å lese det og det er der me først høyrer om Alice. Eg liker så godt måten forfattaren fortel på og det kjem fram så mykje overraskande.

Midtdfelen var fantastisk skriven og eg trudde eg visste alt som skjedde og at det var heilt opplagt og så skjedde det noko heilt anna. Det gav spenning til boka. Eg forstår ikkje kvifor eg nølte med å lese denne boka. Det einaste som var litt dumt var at eg synes ikkje det kom fram nok kjensler i "slutten av midtdelen." Det var ein trist del, men forfattaren fekk meg ikkje til å bli skikkelig lei meg, og det var ikkje så kjekt når slutten sikkert skulle veldig trist.

Avslutninga var òg her ei der eg kunne tenkje litt vidare sjølv og eg håpar aldri det kjem ein oppfølgar til denne boka fordi då kan eg ikkje dikte vidare sjølv.

Omslaget av boka var veldig bra og første gongen då eg såg boka på Libris blei auga mine dratt mot akkurat denne boka på grunn av omslaget.
Boka anbefales alle som liker litt spenning, thriller og ein veldig god ungdomsroman. Denne boka havna rett opp på topp10-lista mi.

Mai Lene

tirsdag 12. juli 2011

bok: tilfeldig engel av Kari Sverdrup


Faren til Anna er vekk. Ho veit at ho kjem aldri til å sjå han igjen. Verda hennar reisar saman. Ho og mora og litlebroren flyttar og prøver å byrje på nytt ein annan plass. Ho møter mange nye som Regine og Janna, merkelige Ella, Markus i frå skulen og Georg som bur i nabohuset. Og ho møter den tilfeldige engelen som kjem på ein Harley heilt uventa.

Boka er bra. Eg likte ikkje så godt det heilt første i boka. Eg veit ikkje heilt kvifor eg ikkje likte det så godt. Det er vanskelig å begurnne det, men det som kom etterpå likte eg. Det var ei skikkelig bra ungdomsboka med ei god byrjing som kjem høgt opp.

Midtdelen har ikkje veldig mykje spenning, men det er kjekt å lese om og her gjer forfattaren mange av dei små tinga spennande og det er ein typisk ungdomsroman sånn som eg liker. Eg synes midtdelen var veldig bra skriven og eg likte handlingsgangen og det skjedde uventa ting.

Slutten var òg bra og dette er ein sånn slutt der nokre ting bir løyst mens andre ting forblir ubesvart. Det liker eg.

Omslaget er bra og passar til titteln etter mi meining. Veldig kult med ei englevinge med bilete i.

Boka anbefales både for ungdom og vaksne.
Mai Lene

Bok: Theodore Boone: advokatspire av John Grisham


Theodore Boone er tretten år, men likevel allereie godt opplært i korleis rettsystemet fungerar. Han er advokat og rådgjevar for sine klassekamemeratar og han har to foreldre som driv advokatfirmaet Boone&Boone.
Akkurat nå i den byen han bur i er det ei stor rettsak som omhandlar eit mord og Peter Duffy er hovudmistenkt for mordet på kvinna. Rettsaka går mot slutten og alt ser ut til å vere greit heilt til ein kammerat i frå skulen dukkar opp hjå Theodore og fortel han om eit ukjent vitne.

Boka var bra og du får god innsikt i det amerikanske rettssytemet. Det er veldig morosamt å følge med på Theo (Theodore) og det han gjer for dei andre på skulen og det er morosamt å høyre på han. Han lyder som ein litt nedete trettenåring spør du meg.

Innleiinga var veldig bra og eg likte måten heile historia starta på. Eit lite besøk hjå advokatane før skulen og skildring av foreldra.

Midtdelen var òg bra, men det var litt lite som skjedde synes eg. Det burde vore litt meir spenning enn bare ein rettsak og eit ukjend vitne. Det er ikkje noko skikkelig spenningspunkt og eg syntes det var litt rart  slutten av midtdelen.

Avslutninga var òg litt kjedelig. Løysninga kom jo for så vidt, men eg likte den ikkje så godt for det om. Det var ei heilt grei bok, men eg har lese mange som er betre enn denne.

Mai Lene

forfattaren i juli

Viss du har sett på sida om faste innlegg ser dykk at annan kvar månad kjem det ut litt fakta om ein forfattar. Gi meg gjerne tips til nye forfattarar eg kan lese bøker av og finne meir ut om! Nå har eg  lagt ut ei liste over alle forfattarane eg har lese bøker av her på bloggen + litt fleire. De finn dei under sida som heiter Forfattarane. Viss de då har lyst at eg skal skrive om ein av dei så kan de legge det igjen i kommentarfeltet på den sida eller under dette innlegget.

J. K. ROWLING
Joanne "Kathleen" Rowling blei født 31. juli 1965 i Yate i Gloucesterschire som ligg 16 kilometer nord-aust for Bristol. Ho var dotter av Peter James og Anne Rwoling og hadde ei to år yngre søster som heite Dianne. J. K. Rowling gjekk på St. Michael pimary school og rektoren som var på skulen då ho gjekk der, Alfred Dunn, er kanskje inspirasjonen til Albus Humlesnurr.

Då Rowling var lita skreiv ho fantasyhistorier som ho las for den yngre søstera si, og i tillegg elska ho og lese bøker. Det var Jessica Midtford som trona høgast og Rowling las alle bøkene hennar. Midtford blie Rowlings heltinne.

Då Joanne i 1990 tok toget i frå Manchester til London kom ho på idèen om Harry Potter. Ein foreldrelaus gut som var spesiell. På den togturen har det blitt sagt at J. K. Rowling laga heile historia om Harry Potter inni hovudet sitt. Rett etterpå døydde mora til Rowling etter ein hard kamp mot multippel sklerose. Dette fekk Rowling til å gå meir inn på korleis Harry sakna foreldra sidan ho visste korleis det var å miste nokon.

Seinare flytta Joanne til Portugal for å vere lærar i engelsk og der gifta ho seg med Jorge Arantes og 1993 fekk dei Jessica Isabell Rowling Arantes som er oppkalla etter Jessica Midtford. I november same år blei Rowling og Arantes separert og Rowling flytta med Jessica til Edinbugh for å kome nærare systera. I denne tida fekk ho diagnosen klinisk desperasjon og overveide sjølvmord noko som gav ho idèen til desperantane; dei som suger all glede ut av folk.

I 1997 blei første boka gitt ut under Pseudonymet J. K. Rowling. J står for Joanne som er hennar første namn, men forlaget ville ha med ein til bokstav sånn at gutar òg kunne lese bøkene. Forlaget var nemlig redde for at bøkene ville selge mindre om folk trudde det var ei dame. På grunn av dette tok Rowling med initialen K etter bestemora si Kathleen. Seinare har ho gifta seg og som gift heiter ho Joanne Murray.

Harry Potter blei ein stor suksess over heile verda og bøkene solgte i milionar. Det blei fleire og fleire og i 2007 kom den siste boka ut. I tilleggg til bøkene har filmane òg blitt ein stor suksess nå i 2011 blir den siste filmen vist på kino.

J. K. Rowling som var fattig før er nå blitt mange milionar rikar på grunn av denne spesielle guten som overlevde.

Kjelde: Wikipedia

mandag 11. juli 2011

Harry Potter-veke

Jepp, du leste riktig. Nå neste veke tenkte eg å ha ei Harry Potter-veke der eg tar for meg ei bok og ein film kvar dag. Me byrjar på bok #1 og held fram til søndag med bok #7. Eg har ikkje tenkt å lese alle, men skrive om dei. Eg kom på det sidan den siste filmen har premiere på onsdag. Og ja, eg veit eg burde hatt det denne veka sidan premieren er nå, men eg skal ikkje sjå filmen før på søndag og eg må ha med meg den for å kunne skrive om den. Som ein litan tjuvstart blir månadens forfattar J. K. Rowling og det kjem eit innlegg om ho i morgon.
I tillegg i den veka blir det litt om dei forskjellige personane og andre ting.

Kos dykk med bileta under her.
Mai Lene

It`s Monday! What are you reading? #12

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!

I haven`t read much the last week. I can admit that, but the thruth is that I haven`t any book I could read because I read all my five books the three first days in Gotland in Sweaden, but I can tell about all the books I have read the last weeks.

Books I read the week before last week
- Theodore Boone by John Grisham
- tilfeldig engel by Kari Sverdrup
- beautiful malice by Rebecca James
- juli by Tania Kjeldset
- Blue moon by Alison Noël
- The Bible
(all the books in norwegian)


Books I finished that week
I finished all the books that week except from the Bible.

Books I read last week
- the short second life of Bree Tanner by Stephenie Meyer
- mitt bankande hjarte by Alf Kjetil Walgermo
- Sidney - mysteriet by Bjørn Sortland (audio)
- Paris - mysteriet by Bjørn Sortland (audio)

Books I read now
- The Bible
- Harry Potter and the half blood prince by J K Rowling
- The short second life of Bree Tanner by Stephenie Meyer

Books I am going to read
- Hannahs hope by Karen Kingsbury
- The Bible
And hopefully take four by Karen Kingsbury.

Mai Lene

Bok: mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo


Amanda er forelska i David, men korleis får ho han til å bli interresert og kva skjer med hjartet når ein er forelska? David er bare den kjekkaste guten Amanda veit om og ho synes han er både kjekk og snill. Men er han forelska i henne? 

Boka var svært bra. Både byrjinga midten og slutten. Byrjinga byrjar med sånn typiske ungdomsgreier og sjalusi. Hovudpersonen er sjalu på si beste veninne for korleis ho tar seg ut og alt det der og er sjølvsagt usikker på om David kjem til å like veninna best. 

Midtdelen er litt sånn at han av og til går litt for dort i svingane, men han er òg litt langtrukken somme tider og du sit liksom og ventar og ventar og ventar. Det skjer veldig mykje, men ikkje sånn at du ikkje har problemer med å henge med. På "slutten av midtdelen" måtte eg nesten ta til tårene og bøker som får meg til å grine kjem høgt opp på lista. 

Avslutninga var òg veldig bra. Akkurat som på forrige bok må du tenke deg litt til korleis dette går vidare. 

Omslaget var svært bra og fargen lilla har mykje å seie i denne boka og hjartet har òg det, så eg liker det veldig godt og viss eg hadde sett denne boka i ein butikk hadde eg tatt ho opp for å sjå kva den handla om. Baksideteksten er noko heilt anna. Eg synes det blir for kort på ein måte. 

Boka anbefales å lese for både vaksne og ungdommar. 

Mai Lene 

Bok: juli av Tania Kjeldset


Det er sommar og Elin er igjen på Schrøderøya saman med Sara og Mikkel og alle dei andre. Kato er òg der, Han sat på sida av Elin på bussen. Han er på sommarferie i campingvogna saman med mora: Henry. Ho ingen skal vite om. Dette er boka om sommaren då Elin møtte Kato.

Innleiinga var god og du får eit lite tilbakeblikk på sommaren før den sommaren det blir fortalt om her. Det er med og gir noko av handlinga i resten av boka ein liten piff og har noko med venskapet til Sara og Elin å gjere.

Midten var svært bra og sjølv om det ikkje er nokre sånne scenar som du finn i kriminalromanar så sit du likevel klistra til boka. Den er skriven på ein måte som gjer at du bare vil lese meir meir meir. Av og til går det kanskje litt fort i svingane, men det er sånn som det kanskje pleier å gjere i bøker.

Slutten var ein sånn ein som eg liker. Den var kjempebra og det er nesten sånn at du kan dikte litt vidare sjølv. Det er jo litt spennande og faktisk kunne tenke seg til det sjølv synes eg då.

Boka er bra skriven og eg liker måten den er oppbygd på. Me følger både Kato og Elin og får vite kva dei begge tenker. Me får litt innblikk i korleis somrar kan vere for folk. Nokre ser på sommaren som den perfekte ferien mens andre har nesten ikkje ferie.

Omslaget er bra og viser tilbake til den sommarekjensla du får av å lese denne boka.
Anbefales
Mai Lene

søndag 10. juli 2011

bok: blå måne av Alyson Noël

Nå byrjar eg med å skrive om bøkene eg las på ferie og eg byrjar med den dårligaste først, då blir det litt spenning med kva som var den beste boka osv. Here we go!

Denne boka er som de sikkert veit oppfølgjaren til Ever - for alltid av Alyson Noël. Ever er klar for å gå inn i sin rolle som udødeleg og vere med sin store kjærleik - som òg er udødeleg - Damen. Men ein mystiks sjukdom trugar Damen og gjer at han gløymer ting. Samtidig så får Ever sjansen til å få tilbake familien sin som blei ramma av ei bilulukke, men då må ho velge bort Damen og kan ikkje lenger hjelpe han med sjukdommen. I sin søken etter ein medisin til han reiser ho til Summerland og ho må leite i Damens fortid.

Eg synes at denne boka var ein dårlig oppfølgjar og er ikkje særlig begeistra for serien. Den er ein dårlig twilight - serie og eg har ingen behov for å lese den vidare.
Byrjinga i boka var faktisk veldig god og eg tenkte at boka kom sikkert til å bli interresant viss den haldt på sånn. Det var svært interresant å lese om Evers nye forhold til tanta og korleis tanta ser på det at Ever veks mange centimeter om dagen. Det er nesten så du byrjar å leve deg inn i forteljinga og eg syntes byrjinga var bra.

Midtdelen var òg for så vidt bra. Sjukdommen til Damen blir jo verre og Ever gjer alt for han og alt det der. Reiser til og med til Summerland for å redde han. Det eg ikkje forstår er kvifor det bakpå boka står at det å leite i Damen si fortid var vanskelig og at det var ei fryktelig hisetorie. Alt ho avdekka der hadde ho visst i frå før av, så det var jo egenlig ikkje så merkelig det ho fann ut.

Så kjem me til slutten. Den øydela alt, og då eg sat og tenkte på boka etterpå fann eg ut at slutten var ikkje noko eg greidde å forstå. Den var rett og slett å kjedelig og dårlig at bare på grunn av den vil eg ikkje lese resten av serien.

Boka var bra skriven, men av og til blir det for fantasktisk synes eg alt dette Alyson Noël skriv. Ja, eg liker twilight, men eg liker ikkje denne serien. Damen er er ei dårlig etterlikning av Edward Cullen og eg synes Edward Cullen er ein mykje kjekkare gut å lese om.

Omslaget på boka var bra, det likte eg. Det passa med handlinga i boka og viser litt det mystiske rundt alt dette.

Mai Lene

lørdag 9. juli 2011

Tilbake igjen

Ja, nå har eg hatt ein lengre bloggpause som de sikkert har merka, og nå, endelig, er eg tilbake i frå ein lengre ferie i Sverige og på Gotland, Stockholm og Norrköping. Tida på Gotland var bare såååååååååååå herlig. Godt over tjue grader kvar dag og ei fin tid til å slappe av. Det må vere Sveriges svar på Syden og eg har ikkje hatt ein så avslappande ferie på mange år. Det gjekk i badeland og sommarland og andre ting. Me budde nemlig i Kneippbyn sommar - og vattenland. Der er jo det fine "krokeslottet" (eg kallar det det) som Pippi - filmane blei spelt inn i. På tysdag i sist veke var det ei fin forestilling der.

Det var kjempekoselig. Og så over til den fine turen til Stockholm. Me var så heldig å kome til slottet rett før ei omvisning og det var veldig interresant. Eg hadde for eksempel ikkje trudd at kongen og dronninga kledde på seg med pumblikum påp 16 eller 1700-talet, men utrulig nok gjorde dei det. Dronninga fødte til og med med publikum, Dei som stod rundt kunne vere heldige viss dei gidde dronninga og kongen eit klesplagg som dei seinare tok på seg. Men viss du trur dette er alt så tar du feil. Visste du for eksempel at kongen åt med publikum. Det var bare kongefamilien som åt mens alle tenarar og adelsmenn osv stod rundt og såg på. Og ikkje tru at dette var middag med desert. Tre kvarter med bordet er kanskje vanlig viss det ikkje er litt finare, men tru det eller ei. Kongefamilien sat seks timar med bordet og åt ein trettitoorettars middag. Og alle andre på slottet måtte STÅ rundt kongen heile tida og bra SJÅ på.
Dette slottet er o eit skikkelig slott. Norge sitt slott blir jo bare eit hus i forhold til dette, men det har vel sine grunnar. To dagar seinare var det Drotningholm slott, men det skriv eg meir om seinare.
I Norrköping var me i Kolmården dyrepark og der var det både safari og delfinshow og fullt i andre kule ting. Safaien var faktisk ei vogn som svevde høgt over bakken. Det var godt å ta bilete og du fekk deg dyra på nært hald. Du kan sveve to meter over løver og sjå brunbjørn, sjiraffar, sebraar og strutsar. Det var skikkelig kjekt. I tillegg har dei DET kule delfinshowet som var knalltøfft. Også hadde dei snølopard, tigrar, ulvar, kamelar og du kunne faktisk ri på kamelane. Det var skikkelig morosamt.

Men så over til lesestoff.
Eg las ut fem bøker på fire dagar på Gotland. Eller var det tre. Dei felste av dei var skkkelig gode, men etterpå fekk eg ikkje ei ny bok før i Norrköping som eg så vidt har byrja på. Men til saman i juni blei det atten bøker!!!!!!!!!!!!!! Tre lydbøker og femten vanlige bøker.
Nå er eg fornøgd. Følg med framover så ser du omtalen av bøkene.
Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...