fredag 30. november 2012

adventskalendar på bloggen 2012

Dette året på bloggen blir det julekalendar! Dessverre gir eg ikkje bort noko (trur eg), men eg skal prøve å lage til andre morosame ting, som litt gamle videoklipp og nokre tradisjonelle sangar, litt om bøker og to forfattarintervju, minst! Vil nok bli nokre strøtankar tippar eg, slik som det innlegget et skreiv nå nettopp om Fifty Shades-serien og ildfuglen. Alle innlegga som høyrer til julekalendaren vil bli merka med etiketten julekalendar, og går du inn der får du sjå ALLE innlegga!

Kvar dag blir det lagt ut ein julesong, nokre fine, nokre litt meir moderne og nokre i frå julekalendarane som har gått på nrk.


tirsdag 27. november 2012

har fått julestemning...

... og bestemte meg for å endre designet på bloggen i andledning høgtida...
I tillegg vil det bli adventskalendar dette året, men det skal eg skrive meir om etterkvart.

strøtankar: legaliserer bøkene valdtekt?

Nå er det snart jul, og på butikken der eg jobbar er det fullt kjør frå morgon til kveld, nesten utan pause. Det er òg ein trend som har kome smygande inn saman med julegåvehandelen dette året: boka fifty shades-serien. Folk kjøper denne boka til seg sjølv og til andre, og mange av julegåvene eg pakkar inn i år er denne boka. Eg kjenner at eg blir litt sjokkert og irritert over denne vaksande trenden. Sjølv ville eg aldri gitt ei erotisk bok i julegåve til nokon.

Eg har motsett meg sterkt å lese denne boka, og det skal eg halde på, men eg har fått eit ganske klart bilete av kva dette handlar om. I hovudtrekk handlar det om noko som høyres ut som eig nokså utrygt, skadeleg og usunt forhold mellom to menneske. Eg hadde hatt stor sympati med hovudpersonen hadde ho blitt utsett for valdtekt eller tvang og boka handla om eit eller anna kriminelt og korleis ho kunne ha kome seg ut av dette. Men då hadde det jo ikkje blitt ei erotisk bok, Mai Lene, tenker nok du nå. Nettopp. Ja, det finst sex i nesten ALL litteratur! Sjølvsagt skal ikkje noko sånt lukast ut, men når ein gir bøker til kvarandre til jul som eine og aleine handlar om usunne sexforhold, er det noko hos meg som byrjar å blinke raudt.

Heile spenninga i boka ligg (tydelegvis) rundt om dei greier å halde saman, trass i trangen hans til å kontrollere og undertrykkje henne. Det er det som er feil. Skal me jenter prøve å bli i eit forhold med nokon me er glad i, ja prøve så hardt me kan, trass i at det er på grensa til valdtekt og eit veldig usunt forhold bassert på usunn sex?

På omslaget til fifty shades-serien står det "Tidenes bokfenomen - endelig på norsk!" Korleis skal ein tolke dette utsegnet, tydelegvis frå forlaget, då det ikkje er nokon person som er sitert? Eg kan tenke meg at J. K. Rowling nesten gremma seg over at ei slik bok solgte meir enn Harry Potter - serien , som er langt meir sunn, sikkert betre litteratur, og med i tillegg med betre førebilete. Nå nettopp kom det òg ut ei bok på norsk rundt temaet erotikk og jenter som blir kontrollert av "kjærastane". Etter E. L. James sin suksess har nok (dessverre) fleire forfattarar sett kor lågt lista ligg for sånn litteratur og så laga sin eigen roman om same temaet.

I går i del to i Stavanger Aftenblad skreiv Ida Vågsether ein omtale av Hedda H. Robertsen si bok, ildfuglen. Ildfuglen er i følge Kathrine Krøger i dagbladet og fleire andre journalistar det norske svaret på suksessen Fifty Shades of Grey. Dessverre vil eg seie. Ida Vågsether skreiv i Aftenbladet:
"Det er de erotiske romanenes store bokhøst. Samtidig som "Fifty Shades of Grey" setter salgsrekorder er Hedda H. Robertsen ute med ny, erotisk roman med samme motiv: BDSM-sex. Dersom du ikke allerede vet  hva det er har du muligheten til å få det utførlig forklart (hint: BDSM en forkortelse for bondage, dominans og sadomasoschisme).
Ildfuglen skildrer en helg i studinene Amalie og Simones liv. De to er tilsynelatende vanlige jenter som studerer på Blindern og fester i helgene. Men i tillegg har de en mørkere side: et utagerende og tidvis destruktivt sexliv. På hver sin kant har de to unge jentene BDSM-sex med eldre menn. Mannen er dominant i begge forholdene, og jentene nyter å være han underlagt."
Tenk at denne boka saman med Fifty Shades of Grey skal ligge under juletrea dette året! Hadde det bare vore slik at dei blei tvungne til det, men nei. Begge bøkene viser hovudpersonane som er villige til å gjere dette og handlar eine og aleine om det. Noko eg òg vil få fram er at det tilsynelatande vanlege jenter, og det har ikkje kome fram at dei slit noko psykisk i utgangspunktet og vil seg sjøvle vondt. Derfor reagerer eg på at dette er bøker om nokon som er villige til å oppleve noko som er andre sin store skrekk i livet: valdtekt. Ida Vågsether skriv vidare:
Selv om det to jentene ligger bundet fast i sengene med bind for øynene med menn de knapt kjenner, fremstår jentene som lekne ellegante og selvsikre. Når Simone nyter å bli dopet ned og voldtatt av en fremmed, stilleg jeg spørsmål ved hennes manglende dødsangst. Vi aner konturene av en broket fortid, men får ikke innsikt om Simone virkelig ikke har dødsangst (og eventuelt hvorfor), eller om dette bare er et lite gjennomtenkt trekk fortelleren har tillagt Simone.
 I Noreg dei siste åra, og særleg i Oslo og i Stavanger har dei hatt store problem med valdtekt av jenter, og mange jenter opplever noko av det verste som kan skje. Eg tenkjer at mange av desse personane må bli sjokka over at det går an å skrive bøker der forfattarane nærast leikar med dette temaet og med valdtektsoffer. Kva vil dei fram til? Skal valdtekt bli legalisert fordi nokre få LIKER det slik? Finst det verkeleg nokon truverdig person som VIL ha eit usunt sexliv som blir skildra i desse bøkene? Det er ikkje ein gong ein måte å rakke ned på seg sjølv, for då kunne det blitt ein god psykologisk thriller (kanskje), men det er jenter som er avhengige av enten denne forma for sex eller den dei har sex med. Eg kjenner at mest blir kvalm av at desse bøkene skal liggje under juletreet i år. Sjølvsagt har eg òg lese bøker eg ikkje ville ha pakka inn i koseleg julegåvepapir, som mørke rom og åpne sår av Gillian Flynn. Likevel kjem det godt fram her at hovudpersonen er psykisk sjuk, og det er på ingen måte ein leik for forfattaren. Det er òg to bøker som langt i frå å vere om erotikk og sex!

Eg vil avlsutte med dei siste setninga til Vågsether:
Tilbake sitter jeg handlingslammet og usikker; sier dette noe om samfunnet. I så fall hva?
Kva tenker de om dette?

søndag 25. november 2012

bok: Kaptein Corellis mandolin av Louis de Bernières

Greske øyer, krig, kjærleik, italienarar og ein mandolin er i all hovudsakt det denne boka dreiar seg om. Det kan høyrast vanvittig kjedeleg ut, men personleg syntes eg denne boka var svært spennande. Pelagia er kanskje ikkje den jenta eg identifiserer meg mest med, men det er ein gripande karakter med sterk vilje.

Ute blant dei greske øyene er det ei lita øy som heiter Kefallinia. I følge Store Norske Leksikon er det den største blant dei Joniske øyene, og byen Argostolion er hovudbyen. Doktor Iannis, ein av bokas hovudpersonar skildrar øya slik:
Kefallinia er en fabrikk som produserer spebarn til eksport. Det er flere kefalliniere utenlands eller på sjøen enn det er hjemme. Det finnes ingen lokal virksomhet som holder familiene samlet, det er ikke noe dyrkbar jord, det er for lite fisk i havet. Mennene reiser utenlands og vender tilbake hit for å dø, derfor er dette en øy med barn, enslige kvinner, prester og oldinger. Det eneste gode ved dette er at bare de vakreste kvinnene finner seg maker blant de få mennene som er igjen, slik at det naturlige utvalg har ført til  av vi har de vakreste kvinnene i hele Hellas, kanskje i helle middelhavsområdet. Det beklagelige er at vi har vakre og begavede kvinner som gifter seg med de mest groteske og upassende menn, som ikke duger til noe og aldri kommer til å gjøre det, og så har vi noen triste og uskjønne kvinner som ingen vil ha, som er født til å leve som enker uten noensinne å ha hatt en mann.
Doktor Iannis er ein av dei viktigaste personane i denne boka. Legen leger sjukdommar på både dyr og menneske, utan å eigentleg ha kompetanse. Likevel er han like god som nokon. I tillegg til å vere lege prøver han å skrive historia om øya Kefallinia, og det er frå dette sitatet over er frå. Han er direkte, er for aristokrati og ligge å gå på kafeniaen for å diskutere politikk med vennane sine Kokolios og Stamatis. Pelagia, dottera hans, irriterer seg mest over at faren tisser i urtebedet, og utanom det driv ho det heime. Oppveksten var utan mor, men med ein far som tok seg godt av henne.

Ein kan vel trygt seie at øya levde veldig sorglaust i mange år, og var heldige i og med at krigen ikkje nådde dei spesielt tidleg. Pelagia blir gjort kur til av ein fiskar og innbyggjarane er på nokre område bestevener, mens på andre områder er dei politiske fiendar og kan krangle så fillene fyker. Borti Italia er Il Duce (Mussolini) i full gang med planane for å invandere Hellas, og eit heile to kapittel er via til denne "store" herskaren. Eitt er med Mussolini i første person og eitt er skrive "til ære"for Mussolini på ironisk vis. Med den italienske historia og kapittla om deira inntog i Hellas er òg historia om Carlo. Carlo er ein mann som er langt over gjennomsnittet stor, rett og slett ein kjempe, som føler at han ber på den største synd i verda og elles er ein mann full med samvit.
Jeg, Carlo Piero, Guerico, skriver disse ord i den hensikt at de skal bli funnet etter min død, når verken forrakt eller tap av ære kan forfølge eller skjemme meg. Forholdene gjør det umulig å stå fram med denne beskjennelse av min natur før jeg har trukket minne siste åndedrag, og inntil det øyeblikk er jeg dømt til å bære en maske en ublid skjebne har påtvunget meg.(...) Jeg har ikke fortalt det til noen lege heller. Jeg vet på forhånd at han ville kalle meg en avviker, hevde at jeg på en eller annen besynderlig måte er forelsket i meg selv, at jeg er syk og kan helbredes, at det er min mors skyld, at jeg er feminin enda jeg er sterk som en okse og fullt i stand til å løfte min egen vekt over hodet, at jeg må gifte meg og leve som en normal mann, at jeg har et valg.
Kanskje dei fleste har forstått kva som foregår her. Carlo er den typen som har fått fleire medaljar for å redde enn for å drepe, og ein av dei han kjempa for å redde var Fransisco, bestevennen og mannen han elska. Etter eit ublidt møte med Hellas og greske soldatar blir han sendt til Kefallinia saman med fleire andre soldatar fulle av samvit. Blant dei er Antonio Corello, ein mann som går rundt og bêr på ein mandolin og har laga eit kor eller orkester han kallar La Scala. La Scala, orkesteret som er starta med og for italienarar, har òg sitt eige reglement.
1) Alle som innkalles til aminnelig musikalsk eksersis er forpliktet til å spille et instrument (skje, stålhjelm, kam osv.)
2) Enhver som gjentatte ganger mislykkes med å nå høye toner skal kastreres, hvorpå testiklene doneres til et veldedig formål
(...)
4) Alle tilhengere av Wagner vil straks bli skutt, uten rettegang og uten ankerett
5) Beruselse er obligatorisk bare ved anledninger da det ikke er kaptein Antonio Corelli som betaler for drikkevarene
Tilbake til alvor: Pelagia er saman med fiskaren Mandras, som dessverre reiser for å kjempe i krigen, for å kunne vere verd ei medgift og at doktor Iannis vil sjå på han med andre auge. I mens kjem Corelli og italienarane, og Corelli må flytte inn i huset til doktoren. Dei italienske gutane er både morosamme, glade i å feste, musikalske og rampete. Dei gjer ingen større skade på øya, og det ser ut som at Corelli stort sett bryr seg om fotball, mandolin, La Scala og etterkvart Pelagia. Etterkvart kjem òg tyskarane til øya, og ein løytnant Günter Weber stifter kjenskap med "fascistane". Han får òg vere med i La Scala som punktert trettitoendelspause.

Spenninga spissar seg til, og krigen herjar i Europa, i tillegg til å kome nærare idyllen på den greske øya. Fleire tyskarar kjem til og ELAS (kommunistar) herjar rundt i landet og bryr seg meir med å slå EDES (greske, politiske motstandarar) enn å jage tyskarane på flykt. Carlo, Pelagia, doktor Iannis og Corelli held likevel fast på håpet til sluttten.

Boka var utruleg godt skriven. Språket var veldig lite avansert, og det var få stavefeil slik eg kunne sjå. Mykje humor, men likevel alvor som heng over handligna, og sjølv kjente eg at eg likte Carlo. Ikkje på grunn av avsnittet over, men eg likte han for at han hadde fått fleire medaljar for å redde liv enn å ta liv. Han var òg glad i barn, modig, sterk, men med ein stor dose samvit. Kefallinia var ei øy til å forelske seg i, og den historiske sida av boka var interessant og stemte med det eg hadde høyrt. Tenk på all den researchen som må til for å skrive ei slik bok! Forfattaren har skapa ein stor klassikar spør du meg. Synsvinkelen skifta, og det var ulik kven som fortalte. Kva person dei fortalte frå var òg variert, men det er på ingen måte noko som forvirar eller blir uklart. Det var eit godt verkemiddel i og med at forfattaren har meistra det. Då eg las eit siste farvel av Carol Ann Lee, oppsummerte eg denne skiftinga av synsvinklar slik:
Det andre er det at alt for mykje bytte i frå tredje person og tilbake til første person og så tilbake igjen gir meg heilt fnatt. Det er ein ting at først når hovudpersonen Alex fortel, så fortel han i fortid og i første person som i "eg var." Men då passar det ikkje at neste gong det blir fortalt i fortid, så fortel han i tredje person igjen om akkurat same person.
Luis de Bernières meistra det, det gjorde ikkje Carol Ann Lee. Det vart ein naturleg del av kaptein Corellis mandolin, og det tok lang tid før eg oppdaga det i det heile, noko eg heilt klart ville oppdaga i andre bøker mykje før. Nå kan eg ikkje seie kva andre synes om dette, men sjølv synes eg ikkje det gjorde noko.Skal eg seie noko anna må det vere at det boka var meint til å handle om skjedde om lag halvvegs, og i lang tid sat eg å venta, men likevel skjedde det så mykje at det vart ikkje kjedeleg. Forfattaren greier å fenge lesarane og legg igjen nokre trådar og hint om hendinga som kjem seinare. At boka er utgjeven i 1995 og er litt gammal gjorde ikkje noko for meg, og Pax forlag har òg gitt ut boka i ny utgåve.

torsdag 15. november 2012

mine julegåvetips jula 2012

Alle har vel nokre formeiningar om kva dei synes bør liggje under årets mest berømte tre. Klede, bøker, CDar, bøker, filmar, bøker eller bøker, bare for å nevne noko. Lista over kva eg ønsker meg blir mindre kvart år, og det er slutt på den tida då eg hadde fire tettskrivne A5-sider med julegåveønske. Det som likevel blir større er lista over bøker eg ønsker meg. Mens eg byrjar å få nok av andre ting, er det alltid nokre nye bøker der ute som det kan vere fint å få under treet. Eg liker verkeleg harde pakkar. Dei kan vere litt bøyelige eller litt mindre harde òg, sidan pocketbøker gir ei like god oppleving som innbundne.

Eigentlig hadde eg ikkje tenkt å poste dette innlegget før 1. desember, men fann ut at det var litt naivt, fordi dei fleste har byrja å kjøpe julegåvene til familie og venner nå. Eg har ikkje det, og nøyaktig laurdag første desember skal eg byrje å handle julegåver - i Kristiansand. Eg nektar òg å smake julebrus før advent, for det øydelegg verkeleg stemninga når eg må drikka julebrus før advent. Men nå må eg ikkje tatle meg heilt bort. Eg trur eg startar med julegåvetips som eg vil anbefale å gi bort til jul.

Jo Nesbø er ein forfattar med eit verkeleg talent for skriving, og nå snakkar eg ikkje berre om Harry Hole-bøkene eller hodejegerne. Dei er sikkert òg gode, noko eg dessverre ikkje kan uttale meg om sidan eg aldri har lese bøkene hans. Det eg vil fram til er dei fantastiske barnebøkene hans om doktor Proktor. Doktor Proktor slår absolutt alt av galne professorar. Han bur midt i ei gate i Oslo der han lagar verdas største karamellpudding og elles finn opp mykje sprøtt og rart. Med seg på laget har han Lise og Bulle, nabobarna, og me kan vel seie at dei saman kan lage dei mest sprøe ting. Boka ovanfor her, doktor Proktors tidsbadekar, er til nå den boka eg har likt best om desse sprø folka. Det var òg den første boka eg las om dei, og ingen barnebok har fascinert meg meir eller fått meg til å le meir. Eg har lese den første boka, doktor Proktors prumpepulver òg, men kanskje det med promp ikkje er så morosamt som eit badekar med ei som såpe som gjer det kaptabel til å reise tilbake i tid. For å ikkje gløyme naseklypene då. Eg vil ikkje seie kva dei er til, men det er i alle fall morosamt. Den tredje boka heiter Doktor Proktor og verdens undergang kanskje. Eg har lese halve, og kan så langt seie at boka handlar om månekamelonar. Nesbø har nå kome ut med den siste boka i serien: Doktor Proktor og det store gullrøveriet. Bøkene passar vel for begge kjønn frå åtte år og til du er så gammal at du ikkje orkar å le lenger.

Elles til barn kan eg anbefale Svein og Rotta-bøker eller bøkene til Maria Parr. Du har òg seriar som skammar-serien, Katriona-serien og Eragon-serien for alle som liker fantasy.

Når det gjelder ungdom har eg eigentlig ikkje lese så mange bøker i år, men eg har ei bok eg har lese som det har blitt laga film av, ein film som i tillegg er veldig populær.
Eg snakkar sjølvsagt om boka the last song av Nicholas Sparks, som i tillegg har kome på norsk nå med den vidunderlege tittelen toner fra et piano. Sjølv las eg boka på engelsk, og det gjekk veldig bra. For dei som ikkje liker å lese engelsk eller ikkje føler seg stødige nok eller må sitje med ordboka på sida av vil eg kanskje anbefale den norske utgåve. Eg har aldri lese boka på norsk sjølve, men på engelsk var ho svært god. Boka var på kino mai 2010 og mange ungdommar har allereise sett filmen, noko som kanskje gjer at dei vil like å lese boka. Ronnie er ei opprørsk tenåringsjente som ufrivillig har reist til faren sin for å vere der på sommaren. Ho har eit anstrengt forhold til han på grunn av at han flytte frå dei for nokre år sidan. Er ein sommar og eit forhatt piano (forhatt frå Ronnie si side) nok til å føre dei saman. Og kva med Will, den kjekke guten som speler volleyball. Eg veit ikkje om Cappelen Damm sel boka som ungdomsbok eller som vaksenbok, men for ei jente som går på ungdomsskulen eller vidaregåande trur eg dette kan vere ein fin presang.

Eg vil òg minne alle om boka a walk to remember som òg har blitt filmatisesrt. Eg las ho i mai, og eg trur at mange ungdommar i dag liker å lese bøker dei kjenner igjen frå filmar.

For dei som vil lese noko nytt og ikkje filmatisert vil eg anbefale to bøker, hver dag av David Levithan og tretten gode grunner  av Jay Asher. Sterke ungdomsromanar med flotte bodskap som passar for både jente og gut. Sjølvsagt må dei like litt alvorelege ting, og for dei som ikkje er like alvorlege og treng meir spenning og fantasy er kanskje serien om dødslekene av Suzanne Collins eller serien som startar med boka sirkelen noko å gi bort. Eg har ikkje lese bøkene sjølve, men etter det eg har høyrt er kanskje dette noko å gi bort. Andre ungdomsromanar er rubinrød, safirblå, smaragdgrønn av Kerstin Gier(dei kjem i den rekkjefølgen i ein serie på tre i trilogien om Gwendolyn og Gideon. Anbefales!), perfekt kjemi, grenseløs kjærlighet, brennende kjærlighet av Simone Elkeles(kjem òg i den rekkjefølgen, kanskje mest for jenter), hvis jeg blir av Gayle Foreman og sjølvsagt dei vanlege seriane som Twlight og andre seriar.

For vaksne har eg tusenvis av bøker eg kunne anbefalt og derfor trekk eg fram ei bok her og så legg eg inn ei liste over bøker og forfattarar under det opprinnelege innlegget, så viss du trykker på les meir, får du opp resten av lista.


Denne boka er kanskje først og fremst for damer med ein ekstra sans for historiske romanar, men eg trur òg at damer som ikkje liker historiske romanar kan byrje å like denne. Boka er veldig poetisk skriven og hovudkarakterane er mystiske. Boka handlar om hovudtrekk om ei dame ved namn Margaret Lea seier ja til å skrive ein biografi for den gåtefulle forfattaren Vida Winters. Nesten ingen veit noko om frøken Winters og livet hennar, og etter mange år skal Margaret Lea få lov til å nøste opp i den mystiske fortida til forfattaren. Ingen bør nemne denne boka mens eg er der, for å byrjar eg bare å snakke om gods, løyndommar og ein fantastisk, poetisk skrivemåte som skildrar alt og alle på ein mystisk, men likevel dekkande måte. Eg kunne ha snakka i timevis om den trettende fortellingen, men skal nå nøye meg med å skrive det eg har skrive til nå. Vil du vite meir kan du lese min veldig dårlege omtale frå i sommar her eller lese på Gyldendal sine nettsider.

Sjølv har eg mange bøker på ønskelista dette året, men boka som står høgast på lista må vere J. K. Rowlings nye roman the casual vacancy.
Line på Lines bibliotek skreiv ein veldig god omtale av boka eg synes de alle bør lese. Eg kjenner eg verkeleg gler meg til å lese denne boka. Eg er jo ein av dei som har blitt bitt av Harry Potter-basillen, og då seier det seg nesten sjølve at eg vil lese the casual vacancy òg.
Andre bøker eg kunnte har tenkt meg er

  • den femte årstiden av Mons Kallentoft
  • the secret keeper av Kate Morton
  • gone girl av Gillian Flynn
  • skyggedød av Anne Holt
  • gjenferd av Jo Nesbø (må jo sjekke ut krimmen òg og ikkje bare Doktor Proktor :D)
Elles seier jo alltid ja takk til bøker av eit eller anna slag.

Ei anna fin gåve som ikkje er noko bok, men likevel veldig fin er Torstein Sødals CD. Eg vil bare seie det, for på den er det nokre heilt fantastiske julesongar, og den CDen er grunnen til at eg i år sit og speler Kimer, I klokker på piano. Det er òg den finaste songen og eg vil ha den med som ei fin avrunding på dette innlegget.



tirsdag 13. november 2012

bok: gjesterommet av Helen Garner

Sjuande oktober dette året starta eg på ei av bøkene eg plukka med meg frå bokbloggartreffet, og det tok meg ein månad å lese henne ferdig. Ikkje fordi ho var keisam, men fordi eg byrja på henne rett før eg reiste til Hellas, og då tok eg henne ikkje med meg. Sist veke tok eg opp lesinga igjen. Boka var ikkje revolusjonærande eller veldig spennande, men fint og greit lesestoff.

Helen (tilfeldig at hovudpersonen og forfattaren har same namn?) har sagt ja til å ta i mot veninna Nicola mens Nicola får ein C-vitaminkur mot kreft. Nicola er en same gamle karismatiske dama som Helen blei kjent med for femten år sidan, men tydeleg prega av kreften. C-vitaminkuren er ein siste sjanse for å bli kvitt det, men dessverre ser det ikkje ut til å funke.

Eg syntes ikkje boka var veldig interessant, og det vart litt dag for dag, og kanskje til og med det same som hente kvar dag òg. Inn på insituttet for å få C-vitaminkur eller ei anna behanding. Vere med Nicola. Hjelpe henne kvar natt med det same. Det vart litt for mykje oppsummering kan ein seie, og eg syntes boka rett og slett var litt dårleg skriven i enkelte periodar. Nicolas optimisme er òg vanskeleg å forhalde seg til som lesar.

Språk, skildingar og gramatkk er ikkje på topp, men boka er heilt greit lesestoff. Eg syntes ikkje den framkalla djuptgåande kjensler, og det handla vel mest om Helen som hjelpepleiar for ein kreftsjuk og hennar kjensler. Viss boka skulle rørt ved meg i alle fall, burde det vore ei anna vinkling og dei burde stått nærare kvarandre. Skildringane burde i tillegg vore meir brutale og direkte. Prøver forfattaren å verne oss mot sanninga?

Boka er ikkje på meir enn litt over 150 sider. Det er ikkje veldig kjedsommeleg, og vil ein lese boka går det raskt. Damene i boka er gamle, og Helen er bestemor til ei lita jente. Dette òg kjem fram i boka, men ikkje nok synes eg, og det at det interesserer meg meir enn det boka eigentlig  handlar om seier kanskje litt. Likevel, det er stridt å ha ein person med kreft å passe på i sin eigen heim, i tillegg til å gå opp om natta, og ein skal ikkje rakke ned på hovudpersonen for å i det minste prøve og hjelpe så mykje som ho gjer.

Boka gir òg eit sant bilete av naturmedisin og alternaltiv medisin som nå i dag er mykje omtalt, og i tillegg er det mange som sett sin lit til dette akkuart som Nicola. Slik kan ein seie at boka er aktuell i dag, nå som verda er proppfull med menneske som vil ha oss til å prøve noko nytt dei trur verkar. Pengar blir sløst bort på noko heilt unyttig her, spør du meg, og Nicola er eit bevis på korleis ein kan komme seg inn i det miljøet og bli lurt. I alle fall fekk eg eit dårlig intrykk av klinikken kor ho fekk behandling med C-vitamin. Kva er det godt for?


søndag 11. november 2012

bok: stryk meg over håret av Agnes L. Matre

"Kor går dette hen?" sat eg og lurte på etter dei første femti sidene. Det gjekk mot ei fin leseoppleving som vekka mange tankar i meg. Guro lir av bulimi, og korleis flyktar ein frå bulimi? Guros lege vil behandle henne for bulimien, men Guro trur ikkje på "ideane" til legen og bestemmer seg for å motsetje seg dette - ved å flykte. Ho reiser til Provence for å vere "selskapsdame" og hjelpe ei gammal dame som heiter Marie, og for å flykte vekk frå livet, eller den nært foreståande døden viss ho skal høyre på legen.

I innleiinga sat eg eigentlig ikkje med så mange tankar då eg las det, men etterpå tenker eg litt på denne legen, for i følgje boka skulle han ha sagt at Guro måtte ta grep om livet sitt. Riste litt i seg sjølve rett og slett, men det er vel noko av det vanskeligaste ein person med bulimi gjer. Eg tenker at doktorar er personar som er skarpe og kan ein god del av det som blir kalla vitenskap, men ikkje alle er vel like gode psykologar. Det er vel knapt nokon som kan hjelpe og forstå ein person med bulimi utan å ha opplevd det sjølve eller vite kva som ligg bak, for under dei fleste forhold ligg det vel noko bak sjukdommen og det ubehaget desse personane har i forhold til seg sjølve og mat.

Her viser det seg at det er ikkje nokon som har hatt bulimi som hjelper Guro, men derimot Marie og Dominic, ein som hjelper til på vingarden der Marie bur. Provence høyrest ut som ein sjeldan fin stad, det må eg seie, og at det kan vere freistande å reise til Frankrike for å "få bukt med problema" er fullt forståelig. Likevel, ikkje alt ordnar seg borte, og ofte kan svara vere nærare, uansett kor flotte menneske du har rundt deg.

Guro er ein svært interessant person å "bli kjent" med, og eg kjenner at eg er "fascinert" av sjukdomen og forrakten ho har for seg sjølve i tillegg til fortida hennar. Ikkje forstå det slik at eg skulle ønske eg hadde hatt anorexi eller bulimi, for det er bare fryktelig med slikt, men eg er fascinert fordi eg synes psykiske sjukdomar er fascinerande generelt. Eg synes at det er viktig at det ikkje er tabu og at samfunnet kan prøve å forstå og ta litt grep og at menneskesynet endrar seg frå slik det er i dag.

Eg synes boka er veldig aktuell, og spesielt sidan ho er for vaksne. Bøker om bulimi og anorexi er  det mange av, men flest fagbøker og ungdomsbøker. Eg trur vaksne kan bli obs på, ved å lese denne boka, at slankepresset som er i dag er stort, og til og med deira næraste venner kan vere ramma utan at dei veit det. Det er trist, men slik er det.

I innleiinga lurte eg verkeleg på kor dette gjekk hen, og svaret fekk eg. Det gjekk mot ei god bok med eit fint bodskap. Språket var bra og det var fine metaforar. Det var visse ting som skurra litt, som dei litt for stereotype personane. Særleg ei dame som heiter Wenche tenker eg var litt for overdriven i den eine retning, utan at eg vil seie noko meir. Det var òg noko som gjorde at boka ikkje kom inn på topp ti lista, men å setje fingaren på kva det var er vanskelig, og eg greier det ikkje heilt. Likevel, fascinerande og god bok.

Det var mange fine refleksjonar og samtalar rundt psykisk helse, bulimi og kristendommen som eg syntes gav noko ekstra til boka. Eg veit ikkje om denne appelerer til alle type lesarar, og kvinner er kanskje hovudgruppa av lesarar, noko som òg er naturlig i og med at bulimi og anorexi er meir utbreidt blant kvinner enn blant menn.

Boka er eit leseeksemplar frå Commentum forlag.

onsdag 7. november 2012

bok: mokka av Tatiana de Rosnay

Etter å ha lese alle dei tidligare bøkene til Tatiana de Rosnay på norsk og vore fornøgde med to av tre (bumerang og Saras nøkkel) I og med at huset du elsket ikkje var nokon stor suksess, var eg svært spent på mokka, men eg kan nå konkludere med at eg er nøgd med tre av fire!

Justine har eit tilsynelatande perfekt liv med to barn, ein mann som elsker henne og suksess i jobben. Likevel, det skal bare ei hending til for å velte livet til eit menneske, og det får Justine erfare. Malcome, sonen hennar, blir ein onsdag i mai påkjørt av ein Mokkafarga Mercedes, og livet er plutselig heilt annleis.

Justine er i djup sorg etter at han havna i koma og faren for at han skal dø er stor. Ho byrjar å distansere seg frå familien og ektemannen, Andrew, og ein altoppslukande jakt etter gjerningsmannen byrjar. Yrket som omsetjar, familielivet og alt anna blir skyve til side etter kvart som ho kjem nærare sjåføren i bilen.

I byrjinga av boka lurte eg verkeleg om Rosnay hadde bomma litt denne gongen. Det var nesten bare leddsetningar eller veldig korte heiltsetningar, rett og slett overdriven bruk. Det var ikkje slik at eg vurderte å legge boka frå meg, for eg har gleda meg til denne i lange tider. Likevel var det ei lita stund eg var litt usikker på om boka kom til å halde. Heldigvis betra denne delen av boka seg raskt.

Likevel, innleiinga var òg veldig brå, og heile byrjinga blei litt rar. I alle fall for meg. Det plar vere positivt at ein forfattar startar direkte på handlinga, men eg syntes ikkje det var meisterlig nok her. Den brå måten å starte boka på og leddsetningane og dei korte heilsetningane i tillegg gjorde rett og slett at innleiinga vart litt for dårlig etter min smak.

Uansett, bøker skrive av forfattarar som Rosnay må få ein sjanse, og eg vurderte ikkje å legge henne frå meg, for hovuddelen fekk boka til nye toppar.Her verka bygninga på setningane og handlinga meir naturlig og språk flaut betre. I tillegg blei boka litt meir spennande, sjølv om det meste er "psykisk spenning" og spenning rundt valet til Justine. Skal ho jakte på gjerningsmannen, eller skal ho ikkje? Eg synes dette dilemmaet og heile måten Justine oppfører seg på etter det som har hendt er er spennande, og den delen av meg som liker psykologi i bøker elska verkeleg denne delen. For andre kan det kanskje bli litt kjedsommelig og litt langdrygt, men viss handlignar frå Justine si side viser frustrasjonen og redselen.

Personane er kanskje litt stereotype, men ikkje så mykje at ein reagerer kraftig på det. Litt stereotypi er lov, og her brukes det som eit verkemiddel for å fram den sterke kjærleiken Justine har for Malcome. Det var ikkje noko punkt i boka kor spenninga var skikkelig høg, men slutten var fin og open. Ein sit igjen med mange tankar etter ei bok som dette, og viss ein vil, kan ein dikte vidare sjølv eller tenke seg til kva som skjer.

Boka er eit leseeksemplar frå Bazar forlag.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...