søndag 30. oktober 2011

fornøgd igjen =)

Hugsar de at eg la ut litt i frå noko eg skreiv tidligare. Eg har bestemt meg for å legge ut første kapittelet. Bare som ein liten smakebit. Viss de vil sjå på det eg skreiv sist, kan det trykke her. 

Her er meir av kapittel ein. Gler meg til å sjå korleis det heile blir (og vite kva andre synes om det eg skriv)


 Eg krøller knea opp under meg og kvilar haka på dei.

Hadde eg bare hatt ein einaste skikkelig god ven, ein einaste ven, hadde eg kanskje ikkje vore her. Då hadde eg hatt ein anna stad å søke tilflukt. Hadde eg bare ikkje hatt denne mora hadde eg aldri vore her. Hadde ho alltid vore edru, hatt fast jobb, ein annan kjærast og hadde eg hatt søsken hadde eg ikkje vore her. Av og til tar eg meg sjølv i å skulde på pappa for alt det som skjer nå. Tenkjer at det er hans feil som bare flytta, og ikkje ville ha noko med mor og gjere meir. Med meg, men mor svikta han. Milano verka visst meir freistande enn å vere igjen å passe på dottera si. Eg kjenner sinnet stige opp i meg. Faren min er ein dust. Reise i frå meg sånn som dette. Bare la meg vere igjen med mor og busette seg i Milano kor han kan sjå på ei kyrkje med 135 spir og handle i ei innebygd shoppinggate. Eg har bare vore i Milano og besøkt han ein gong, og det var saman med mormor. Han var nesten aldri heime då me var der på grunn av jobben, og i tillegg hadde han ei stiv, litt for vakker «dronning» til kone og saman hadde dei fem små prinsesser og prinsar som snakka italiensk og budde i eit digert slott.
Trur aldri eg såg verken far, Giuseppina eller dei fem kronjuvelane deira (eller dritungane som eg
nokså ironisk kallar dei) bli skitne ein einaste gong. Jålete er ordet. Alt med dei er jålete. Til og med namna. Giuseppina, må vere verdas mest jålete namn. Og i tillegg bur dei i eit hus du kan gå deg vill i, og har ei rekkje fisefine naboar som stirar på føtene dine om du går rundt i gata deira med tennissko. Eg er alt for alminneleg til å passe inn. Ikkje fin nok. Ikkje smart nok. IKKJE GOD NOK! Orda ringer i hjernen min. Eg er ikkje god nok for far min ein gong. Far min, advokaten, gift med ei jåledame som eg ikkje kan fordra.

Eg høyrar ein bil som tutar utanfor. Mormor! Ho er her! Eg tenker ikkje på noko anna enn at eg vil ut å møte henne. Vere med henne. Snakke med henne og få gode råd. Eg riv med meg bagen min og spring ut. Eg veit ikkje kvifor, men plutselig er auga mine heilt tåkete og våte. Eg er så kjempe, kjempe, kjempeglad for å sjå henne. Eg treng henne og dei gode klemmane hennar, og bollane og den tyrkiske eple-teen. Det smell i døra inn til venterommet som eg har slengt igjen, og eg spring bortover asfalten. Eg treng henne så mykje at eg ikkje kan seie det. På hjørnet spring eg litt saktare. Ja, det var hennar bil som tuta. Ho har gått ut og står og ventar på meg. Ho er vakker slår det meg. Overraskande vakker til å vere over femti. Håret har så vidt byrja å gråne, ho er rankt og flott. Har opplevd meir enn nokon eg kjenner. Ei dotter som er alkoholikar. Ein son på tjuesju som nettopp har skilt seg for andre gong. Ei anna dotter som har hatt to spontanabortar dei siste tre åra. Det er akkurat som om ho bak det vakre andletet har ein løyndom. Eller kanskje ikkje ein løyndom. Eg veit ikkje heilt. Bare noko som er litt skjult som ho ikkje fortel til kven som helst. Eg veit ikkje heilt kvifor eg kjem på alt dette nå. Kanskje fordi eg har lengta etter ho, og bare vil sjå ekstra nøye på henne når eg først møter henne.

Beina mine har stoppa heilt opp. Eg verken spring eller går mot henne lenger. Det er ho som kjem mot meg ,med korte steg og ei alvorlig mine. Armane hennar strekk seg ut og ho drar meg inntil seg. Det er så godt å endelig ha armane rundt den nette, litle kroppen hennar. Ho er mykje kortare enn meg, men minst like slank. Ho klemmer meg inntil seg. Eg føler meg skikkelig heime i armane hennar. 

Dette er eit av bileta av huset eg fann då eg skulle sjå etter eit hus som passa til faren og stemora til Sara, og det er vel litt jentete og litt prinsesseaktig med veldig rosa? (for å sjå innlegget om huset eg fann, gå her)

Og her skal ein av gutane bu. Du kan vel tryggt seie at det var sånn eg såg for meg romma til jentene og gutane, utanom at eg skal "lage dei om" (med ord) så dei blir endå større! Dette skal vere rommet til den yngste sonen til Giuseppina og Robert (faren til Sara) som heiter Marco. 

Kva synes de?

Meir om forteljinga eg driv med

Alltid når litt av handlinga skal foregå i ein annan by i eit anna land synes eg det er skikkelig vanskelig med alt om gater, hus osv, men endelig har eg funne huset som faren og stemora til Sara eig og der dei bur. ikkje heilt slik eg førestilte meg det før eg byrja å leite, men WOW! Verkar som eit hus som stemora til Sara kunne ha innreda.

Viss du vil sjå bilete så kan du gå inn på http://www.rentclass.com/index.php?option=com_jomestate&task=detailed&id=172&ad_headline=Giulietta&category=Multilocali&Itemid=

Det som står om huset er:
Lei vakre loft på 300 kvadratmeter i Milano, i via Morimondo i det tidligere RichardGinori. Det består av en meget stor og romslig stue med kjøkken, tre soverom, 2 bad og terrasse. Hovedsoverommet er meget smart og lyse, veldig spesielt masterbad i moderne stil. To enkle soverom er ideelle for barn. Eiendommen 'perfekt for middels og lange opphold.


Skal bare legge på litt meir når den tid kjem at eg har kome så langt at ho flytter til Milano til faren.


Med litt spårkkunskapar og google translate kan du eigenlig finne fram til veldig mykje. 


Legg til eit bilete av den gotieske kyrkja i Mlano.





Og her skal houdpersonen bu..!!!! Må vere ein nydelig by. 



ps. blei noko tull med skrifta i innlegget =P

Bok: rapport fra et sandkorn av Kjersti Wold

Om boka
"Skulle jeg svare på meldingen til Karstein, eller skulle jeg sjekke ut spor etter Mister Handsome på nettet? Og hva med Johnny Depp? Tre menn. Wow, nå begynte ting å skje."

Thea, 16 år, snoker på nettet og lever livet sitt gjennom Facebook. Samtidig ønsker hun seg en kjæreste. Men det er skummelt å risikere noe ordentlig, hun frykter for å bli avvist, droppet og bedratt. Likevel bestemmer Thea seg for å forlate chatterommet og gå ut i verden. Der venter det henne en overveldende virkelighet - full av romantikk, fysikk og mystikk.

Mi meining
Hm hm. Langt i frå favorittboka mi. LAAAAAANGT i frå. Ut i frå baksideteksten får me eit innblikk av ei bok som verker interessant og spennande, men når du åpnar er det absolutt ikkje slik. Eg trur Thea er på nettet ein gong i løpet av boka, men i Egypt halve boka der ho går rundt med ein fyr som visst nok skal vere kjekt, men me får aldri vite korleis kjekk. Veit ikkje ein gong om han er høg eller låg, tynn eller tjukk, har lyst eller mørkt hår. Og i tillegg verker det som om ho lever livet sitt i verkelegheita til vanlig og bare fantaserer litt. Og det verker litt for anstrengt at ho ikkje greier å gå i butikkar ein gong.

I tillegg er ho mesteparten av boka i saman med naboen, og han er òg litt for anstrengande. Eg trur han var meint til å skulle vere morosam, men alt blei litt for overdrive synes eg og han hadde ein humoristisk kommentar gjennom heile boka, og det må ha vore den einaste òg. (altså einaste tingen eg skikkelig lo av i boka og til og med det var litt overdrive) Han skulle bli framstilt som pensjonert professor, men verka som ein rotekopp.

Og kven var denne Ingvild som heile tida dukka opp i boka? Sit igjen med alt for mange spørsmål.

Innhaldet i boka og baksideteksten var absolutt ikkje det same. Boka var ikkje veldig bra skriven og eg trur ikkje eg vil anbefale ho.

vekas takk

Fekk bare veldig lyst til å takke Gud for alt eg har. Det er så mykje me kan vere takksamme for. Nå har eg laga eit lite innlegg der eg takkar Gud for alt som har skjedd den siste veka.

Kjære Gud
Takk for at eg får stå opp og ha ein skule å gå til.
Takk for at eg har venner som er glad i meg.
Takk for at eg har ein kropp som eg kan danse med.
Takk for at du har skapt oss for den me er.
Takk for leirar der me får høyre om deg,
Takk for å at eg har ein stad å bu og å kome heim til.
Takk for familien min.
I Jesu namn.
Amen

Bok: Bumerang av Tatiana de Rosnay

Har bestemt meg (eller ombestemt meg, alt etter korleis du ser det) på korleis eg vil byggje opp innlegga. Tittelen på innlegget vil vise bok og forfattar og så skriv eg om boka og det er baksideteksten og så kva eg synes om boka.

Om boka:
Antoine Rey har funnet den perfekte overraskelsen til søsterens 40-årsdag: en helg ved sjøen i barnsomsparadiset Noirmoutier. Der tilbrakte de alle sommerferiene, men etter at more døde for tretti år siden, har verken Antoine eller Melanie vært tilbake. Turen vekker minner, og ikke bare gode. Da de kjører tilbake til Paris, er Melanie taus og annspent. Idet hun tar sats for å fortelle broren noe, mister hun kontrollen over bilen. Melanie blir hardt skadet, mens Antoine får ikke en skramme.

Fast bestemt på å finne ut hva som opprørte søsteren så sterkt, kommer Antoine på sporet av en vel bevart familiehemmelighet, som ser ut til å dreie seg om moren. Og han kommer over en bunke kjærlighetsbrev...

Mi meining
Tatiana de Rosnay sine bøker fenger meg verkeleg. Ho har ein særegen skrivemåte som eg liker kjempegodt. Dette er eigentlig historia om kvardagslivet til Antoine etter turen til Noirmatouier saman med søstera. Boka skildere kor dramatisk eit vanlig kvardagsliv kan gå for seg utan at det blir overdrive, men du vil heile tida lese meir, meir meir.

Antoine er ein skilt mann i 40-åra, har ei søster som han er veldig glad i og ei ekskone som han framleis elskar. Og i tillegg har han tre barn, to av dei i tenåra, som han synes forandrar seg alt for mykje. Måten du blir kjent med hovudpersonen på i denne boka er overraskande. Det er nesten slik at når du lukkar boka, føler du at du har blitt kjent med ein ny person. Du får ikkje alle opplysningane om Antoine på ein gong på side to, tre og fire, men dei er liksom i boka heile tida, og når du lukker boka tenker du eigentlig at det er rart at du veit så mykje om ein person utan å ha funne nokre veldig store skildringar i boka.

Antoines og Melanies tilbakkeblikk på då dei var barn er kjempegodt laga, og eg synes at eg veit nesten alt om då dei var barn, sjølv om boka har ei handling som går for seg tretti år seinare, men igjen glir desse opplysningane lett inn i boka, og når du er ferdig tenker du òg: WOW, overraskande mykje eg kan om barndommen til Antoine og Melanie.

I tillegg er "jakten" på korleis mora til Antoine og Melanie døydde spennande, og du vil ikkje slutte og lese før du veit nesten alt om dette. Tatiana de Rosnay held spenninga oppe heile tida og eg beundrar ho for å skrive så bra.
Gjennom heile boka er du eigentlig fenga, skikkelig fenga. I går brukte eg bare nokre timar på å kome meg frå side 59 og til slutten.

Blei skikkelig glad i boka og omslaget er jo fantastisk. Eg seg for meg at guten som spring på brygga er Antoine i Noirmatouier då han var liten. Dette er ei bok eg anbefalar alle å lese som er i frå femten og oppover. Både for ungdom og for vaksne!!

Smakebit på ein søndag #14

BUMERANG AV TATIANA DE ROSNAY


"Pappa..."
Margaux virker mange mil unna, stemmen er svak.
"Snakk høyere skatt!"
"Pappa!" Nå skriker hun. Lyden skjærer seg inn i hodet mitt.
"Hva er det?"
Fingrene mine skjelver så jeg nesten mister telefonen. 
Sitatet er henta i frå side 149 og er byrjinga på noko litt endrande og nytt, men òg skremmande for "familien" denne boka handlar om. Har nettopp lese ho ferdig og skal få lagt ut eit innlegg om boka snart.

Men du kan jo òg bli med på ein smakebit på ein søndag!!
Her deler du eit avsnitt, i frå boka du les nå, på bloggen din (ikkje avslør for mykje, det blir kjedelig for dei som vil lese boka etterpå) og legg igjen linken til innlegget hjå flukten fra virkeligheten. Der samlar dei på alle smakebitane.

Ha ein god søndag!!

torsdag 27. oktober 2011

boktema hos Anette favorittboka som blei film

Mi favorittbok har ikkje bitt filmatisert, og Harry Potter er jo (som de sikkert veit) bare toppen for meg, men den har blitt planlagd så lenge at eg ikkje gidder å  ha den. Derfor tek eg Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay. Boka var fengande og rett før eg las henne kom filmen på kino. Då eg såg filmen første gong (og andre gong) heldt eg på å byrje og grine. Skikkelig trist og veldig fæl. Kvifor i alle dagar har dei tenkt at elleve år gamle ungar skal få sjå han. Burde vore femten som var aldersgrensa, men nå er det ikkje eg som bestemmer det. Men uansett, akkurat nå må det vere den kjekkast filmen eg har sett til nå i mitt liv (utanom Johnny English reborn, men dei kan ikkje samanliknas, dei er i to vidt forskjellige sjangrar).

Dette er ikkje coveret på filmen, men eg villa ha dette bilete med likevel. 




For å sjå eit anna innlegg om Saras nøkkel som film, gå her

For å sjå eit anna innlegg om Saras nøkkel som bok, gå her

bok: Harry Potter and the deathly hallows by J. K.Rowling

HARRY POTTER AND THE DEATHLY HALLOWS
Harry Potter skulle nå ha byrja på sitt sjuande år på Galtvort, men i staden for må han reise ut saman med Hermine og Ronny for å leite etter malacruxane og for å bekjempe Voldemort, men ingen av dei er forbedredt på alt som skal skje.

Å, sikkert tredje eller fjerde gongen eg byrjar på boka på engelsk, men første gongen eg les ho ut. Fantastisk bok som verdt å lese. Eg veit ikkje kvifor, men eg synes at Harry Potter er mykje betre på engelsk enn norsk. Namna og stadene og alt saman er betre, Veit ikkje kvifor eg synes det. Innleiinga i denne boka er jo kjempebra. Går rett på og det er spenning i frå byrjinga og nesten til slutten. (utan om siste kapittelet) Den scena når dødsetarane sit og planlegg og utvekslar kva dei har høyrt om kor tid Harry skal flyttast er veldig bra og det er nesten som om du allereie der kjenner at "Uææææ, skummelt." Og så held det bare fram sånn med flukten på dystralar, sopelimar og motorsykkelen som Gygrid brukar og spenninga i Hiet når Harry er skjult der og bryllaupet. Det er absolutt ingen tydelig skilnad mellom innleiing og hovvuddel og hovuddel og avslutning. Alt er flette inn i kvarandre og går alltid tilbake til det same. Også er det nokre små pausar utan noko veldig spenning, men som er veldig morosamme. Eg ser alltid fram til kaapittelet der dei høyrer på Pottervakt med Lee Jordan (Laffen Styx), Fred og Georg (Frank) og Lupin og Kingsley Shacklebolt. (Lupus og Nestor Bindebolt) Er eigentlig litt i mot og blande engelske namn inn når eg skriv på norsk, men nå har  eg lese på engelsk så då gjer eg det av og til.

Eg synes òg at omslaget på denne boka var heilt fantastisk i forhold til det på den norske boka. Det seier veldig mykje, baksideteksten, hadde det vore første gongen eg las boka, hadde eg blitt så nysgjerrig at eg ikkje kunne vente!

Elsker verkeleg denne boka!! (best på engelsk, anbefaler å lese desse bøkene på engelsk viss dykk er så gode i språket at de slepp og slå opp alle orda i ei ordbok)




onsdag 26. oktober 2011

har fått award

Astridterese på bloggen Betraktninger har gitt meg ein award. Ho har ein kjempebra blogg og skriv bra om bøker og eg er inne og les jevnlig på bloggen hennar. Tusen takk.

Når du får ein award er det noko du må gjere:
- vise den på bloggen din
- takke den du har fått den av
- gi den vidare til fem andre
- stole på at følgarane mine sprer kjærleik vidare til andre bloggar

Dei eg vil gi den til er

- Bokelskerinne
- Anettes bokboble
- My first, my last my everything
- Elins bok og filmverden
- Flukten fra virkeligheten




mandag 24. oktober 2011

It´s Monday! What are you reading? #17

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


Read last week
- Harry Potter and the deathly hallows by J. K. Rowling
- The Bible


Finished last week
- Nothing. I haven´t read much, but I´ll be better I hope


Read now
- Harry Potter and the deathly hallows (200 pages left and I´m done. The only book except from the first and the sixth I haven´t read in English. Yeah)
- The Bible
- Bumerang by Tatiana de Rosnay


Going to read
Bumerang and Harry Potter and Rapport fra et sandkorn by Geir Vang. That´s the only books I can read right now. And of course the Bible, best book I know about. 


lørdag 22. oktober 2011

ny bibeloversetjing

Nå har endelig den nye bibeloversetjinga kome. Ønsker meg verkeleg ein ny bibel til jul. Har allereie to like som eg fekk då eg byrja på Tryggheim og konfirmerte meg i vår, og eg har ein eg fekk av farmor som er på veldig gammal nynorsk. Du forstår liksom det når du opnar og det står fyrste, andre, tridje, fjorde og femte moseboka, men eg skal ikkje klage. Bibelen er kjempefin og i svart skinn, men nå vil eg ha den nye oversetjinga òg. Helst i svart eller mørke brunt skinn med namnet mitt inngravert og med to lesetrådar eller kva det nå heiter. Pappa har allreie kjøpt og eg har fått lese litt i hans. Las i gjennom juleevangeliet sidan eg mest kan det eterpå og då er det lett og sjå kva endringar som er gjort. Josef er ikkje lenger trulova med Maria, men Maria er lova bort til Josef. Gjetarane er nå gjetarar og ikkje gjætarar og dei er i området og ikkje i grannelaget. Og i tillegg stod det ikkje at det ikkje var plass i herberget, men det var ikkje husrom for dei, så nokre endringar er gjort.

Vil bare dele eit av mine favorittbibelvers i frå bibelen.

Legg din veg i Herrens hand. Lit på han, så skal han gripa inn.

Salmane 37,5


torsdag 20. oktober 2011

boktema hos Anette Boka eg les nå

Anette er ferdig med at me skriv om favorittbøker på bokstavane i alftabetet og har denne veka eit tema som heiter Boka eg les nå.

For tida les eg to bøker som eg liker veldig godt. Den eine har eg sjølvsagt lese før fleire gonger. Har ikkje teljinga på kor mange og det er Harry Potter og dødstalismanene eller nå når eg les den på engelsk: Harry Potter and the deathly hallows. 


I staden for å reise tilbake til Galtvort reiser Ronny, Harry og Hermine ut for å leite etter dei siste malakruxane til Voldemort. På vegen finn dei òg ut andre ting om mysteriet Humlesnurr etterlot dei og dei finn snart ut at det er ei farlig reise dei har begitt seg ut på. Eg har ikkje kome så veldig langt ennå. Hehe, faktisk ikkje lenger enn til bryllupet, men eg skal lese mykje i helga tenkte eg, fordi det har vore ei travel veke og eg må slappe av.

Den andre boka er bumerang av Tatiana de Rosnay. Har så vidt fått "smakt" på boka, men ho verkar veldig bra. Gler meg til å lese vidare i henne.



mandag 17. oktober 2011

fornøgd

Vil bare legge ut ein liten smakebit på noko eg byrja på nå nettopp. Veldig fornøgd med alt og har tenkt og skrive vidare på det så snart eg fåt tid. Og jenta i forteljinga er absolutt ikkje meg. Eg lar meg kanskje inspirere av andre personar eller hendingar, men her gjer eg ikkje det.


Ein

Eg pustar djupt inn og djupt ut. Prøver å roe meg heilt ned. Hjartet mitt bankar ikkje så hardt at eg merkar det – endå, men eg er pitle meg meir nervøs enn eg treng å vere. Eg treng bare å trykke fingeren på mobilen min ein gong. Ein gong. Han ligg på benken og ventar på at eg skal gjere det. Eg veit eg må gjere det. Det tar to timar og ta toget heim til meg. To sekunder og få tak i mormor. Eg veit kva eg kjem til å velje. Lenge før eg gjer det. Eg har kome meg her. Kan ikkje gå tilbake. Neste tog går ikkje før om fleire timar og ute regner det. Her inne, i venterommet på stasjonen, er ikkje omnen slått på og dei tomme veggane skrik mot meg. Eg kan ikkje vente lenger.

Fingeren min trykker på ringeknappen. Og så på høytalarknappen. Den høge, skjærande tonen blir ekstra høg og skjærande i dette rommet. Mens eg venter på at ho skal ta han, går eg rundt i rommet. Stryk handa over treveggane. Prøver å kome på kvifor eg gjorde dette. Reiste hit meiner eg. Nå kunne eg vore heime på rommet mitt. Kanskje drukke vatn og vore på facebook. Eller ute og gått eller jogga. Eg kunne vore heime og venta på at mor skulle kome heim i frå festen med alt for mykje innabords, venta på at ho skulle kjefta på meg for kvar minste ting. Venta på å hjelpe ho opp i senga. Når eg ser på den sida av det tenkjer eg at det er bra eg er her. Eg har litt dårlig samvit for å bare reise i frå henne. Bare legge igjen ein grøn post it lapp og reise. Men av og til må eg ta hensyn til meg sjølv, sjå det i auga; livet eg lever består bare av drit. Eg trampar hardt i golvet og lyden er øyredøyvande i dette rommet. Nesten så høg at eg ikkje høyrer mormor si stemme: «Hallo, Sara, er det deg?»

«Hei, mormor.»

«Sara, er det noko? Du høyres så trist ut.»

Eg nøler. Bør vere rett på sak. Seie det rett ut.

«Eg har rømt. Heimanfrå. Er her på Audnedal stasjon nå.»

Det er stille i andre enden. Lurer på om mormor har kome borti ein knapp så ho har lagt på. Ho er ikkje så god på mobilar. God på mykje anna som å bake skillingsbollar med ekstra mykje kanel, løyse kodekryssord, lese eventyr og strikke gode, varme genserar. Men ikkje på mobilar. Eg skal akkurat til og gå bort for å sjå om ho har lagt på, når eg høyrer stemma hennar igjen.

«Sara, er det sant? Har du tatt toget heilt hit.»

«Ja, mormor. Kan du hente meg?»

«Kva har skjedd? Kvifor er du her?» Ho høyres ikkje motvillig eller sint ut. Eg veit ikkje kvifor eg brukte tjue minutt på å manne meg opp på å ringe. Mormor er der. Ho er ikkje sint, bare overraska.

«Kan me ta det seinare? Bare kom og hent meg.»

«Ja, eg er på butikken nå. Kan vere der om femten minutt etter å ha kjøpt alt et treng og så kjem eg. Venterommet er vel låst opp?»

«Ja, eg er her nå. Snakkes.» Eg legg på. Orkar ikkje meir spørsmål. Vil bare sjå ho. Få ein god klem. Bli fortalt at alt går bra, at eg ikkje skal vere redd. Men eg er redd. Redd for at ho skal sende meg heim igjen til mor og Kevin. Dei er alltid fulle nesten. Så fulle at dei er farlige og slår rundt seg, veit ikkje korleis eg har det, bryr seg ikkje om meg. Dei er farlige. Mor mi er farlig. Orda har eg gjenteke så mange gonger inni meg at eg er lei av dei. Kan ikkje forstå kva gale eg har gjort som gjer meg fortent til dette. Eg sig ned på benken. Ser meg rundt. Vil bare at ho skal kome snart. Veggane her er så nakne. Alt for nakne til at eg liker det. Rommet kjennes klamt og innestengt.

Håpar det liker det. 

Audnedal stasjon er ein verkeleg stasjon og her er eit bilete av han.
butikken blir så vidt nemnt, men eg har med eit bilete av han. Kanskje alt blir meir verkeleg då viss de ser nokre av bileta som er knytt til det eg skriv.


Ser for meg det er her ho ville jogga, nemlig min favorittplass for jogging. Litt har me felles då.
Kanskje eg skal fortelje litt om hovudpersonen?

Eg synes det er litt koselig og søtt på ein måte med litt låge personar (som meg) så ho er 1.60 (ikkje at det er så veldig lågt). Ho har raudt hår (matchar temparementet), har alkoholisert mor og kjærasten til mora òg er slik så ho har ikkje hatt veldig god oppvekst dessverre. Ho har gått på Tryggheim ungdomsskule etter ønske frå mormora som òg betalte skulegangen. Når denne forteljinga byrjar er ho på veg til å bli seksten i november (16. november for å vere nøyaktikg) Ho går ikkje på skule fordi det er krevjande heime. Som interesser liker ho LESING (då kan ho kome til ei verd der verken mora, kjærasten til mora eller alt det andre er), baking og piano. I tillegg bur faren i Milano og han er absolutt ikkje som mora. Dette har ei viktig rolle seinare.

På sørlandet har ho ei mormor (morfaren er død) og mormora hjelper ho mykje. Ho har òg ein onkel som nettopp har skilt seg for tredje gong i ein alder av tjueni år. Han er litlebror til mora. Tanta (søstera til mora) er meir lik mormora og bur i nabohuset til mormora så Sara har to kusiner og ein fetter som er mange år mindre. (Mora til Sara fekk henne då ho var seksten med sin dåverande kjærast) Eigentlig er livet til Sara veldig rotete og korleis løysninga blir røper eg ikkje nå, men det kan vere eg gjer det seinare ved å skrive meir.

GIVEAWAY HJÅ FLUKTEN FRA VIRKELIGHETEN!! =)

STOR giveaway hjå Flukten fra virkeligheten i andledning bloggens treårsdag. Det deles ut tjue bøker (!!!!) og litt anna "bokdilldall." Bli med då vel. Lykke til. Mai Lene

tirsdag 11. oktober 2011

kunst

Eg lovte å legge ut nokre av dei bileta Frida og Jakob såg i ærlighetsminuttet som eg likte. Har alltid vore veldig kunstinteressert.






































Massacios Trinity. Synes dette bilde er kjempestilig. Skulle nesten tru at det ikkje var eit bilde, men eit alter. Eg er nesten klar for å gå rett inn i den bogen og bort til korset og Jesus, men eg må minne meg sjølv ganske ofte på at dette er ikkje eit alter, men eit måleri og det går ikkje ann å gå opp trappene og inn.

























Kunsnaren bak dette bildet heiter Rafael. Dette er det mest kjente korsfestingsmotivet til Rafael om ikkje det einaste. (er ikkje så god på research alltid dessverre) I tillegg måla han mange andre fine bilde (synes eg) og han har mange sterke motiv i frå bibelen.

Madonna av Rafael (måtte bare ha med eit til, ein av mine absolutte favorittar av kunstnarane i frå renesansen)





















Og så skulle eg eigentlig ha hatt eit nydelig, men dystert bilde av Tizian, men det er ikkje å finne. Har ikkje tittelen på det heller så...

























Veldig dystert måleri av Velázquez. Jesus er heilt aleine på og bak korset er det heilt mørkt, men bildet har på ein måte noko litt fredfullt og nesten flott i seg. (haha, skulle trudd eg var 40 år eldre sånn som eg skriv nå)

Og så eit til bilde eg absoutt ikkje greier å finne, men som eg liker. Eit flott av Rubens. Eg trur (eller er nesten sikker) at bilde er i frå Barokken. Kanskje i frå rokokkoen. Alle bildene av Rubens er veldig voldsomme og eg synes av og til at det blir litt for mykje.

























Ein av mine absolutte favorittar utanom Rafael og nokre andre; Casper David Friedrich. Malar mykje med lyset (og det er kanskje derfor eg likar han så godt. Liker Monet og Manet som òg brukte lyset) Dette bilete er ikkje som så mange andre korsfestingsmotiv, men det er på ein måte fredelig og viss du søkjer på bileta til Casper David Friedrich finn du andre liknande motiv. Men eg har ikkje tid til å ta alle dei nå.

















Dagens titusenkronersspørsmål: Kven har måla dette måleriet?

For dei som liker kunst (og har sett på ein av Noregs mest kjende kunstnarar) var det vel ganske greit og sjå kven som har måla det. Edvard Munch hadde sin stil og eg liker det. Første gongen eg såg bilete tenkte eg at dette var ikkje fint. Syntes at det såg ut som eit samansurium av fargar og at heile korsfestinga blei for liten, men nå liker eg det. Det er på ein måte litt "blått," men eg synes det er eit av Munchs finaste bilder nå.

























Ser me på andre bilete av Dalí ser me at det her bilde er veldig normalt og nærare verkelegheita kanskje og ikkje like surrealistisk som alt det andre. Eg synes ikkje at så mange andre av Dalís bilder er så fine, men dette gir meg nesten eit svimlande kjensle heile måten det er måla på og korleis du ser motivet på.

























Kanskje litt uvanlig bilde, men veldig fint synes eg. Me ser liksom bare konturane av korset og lyset igjen har ei viktig rolle i måleriet.

Ja, det var vel det. Mine favorittar i frå boka. Viss du ser under Lese meir finn du dei bileta eg synes var rarast om ikkje akkurat stygge.




mandag 10. oktober 2011

It´s Monday! What are you reading? #16

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


Read last week
- ærlighetsminuttet by Bjørn Sortland
- The Bible


Finished last week
- Ærlighetsminuttet by Bjørn Sortland (actually I finished this book today before I wrote this)


Read now
- Harry Potter and the deathly hallows by J K Rowing (looking foward to read English again. I love that language)
- The Bible


Going to read
- Fram og til bake er dobbelt så langt by Kari Sverdrup


I haven´t read much the last time. Today I had a few books and I have to get better. 


Mai Lene

bok: ærlighetsminuttet av Bjørn Sortland


Frida har ein alvorlig augesjukdom og vil sjå verda før alt blir mørkt, Ho reiser ned til Firenze, kunsthovudstad i Europa, der ho treff Jakob. Han lærer ho og sjå med nye auge på kunsten.

Fantastisk fantastisk fantastisk. Andre gong eg les boka og eg blir absolutt aldri lei. Formuleringar, skrivemåte! WOW!! Når eg skal byrje og skrive for alvor har eg verkeleg noko og sjå opp til.

Innleiinga går rett på sak og er så og seie ei av dei beste eg veit om. Rett på noko av det boka handlar mest om og så blir det betre og betre. Eg er ikkje så alt for glad i innleiingar som liksom dryg og alt blir k j e d e l i g allereie i byrjinga fordi forfattaren ikkje kjem til saka før i kapittel 5. Dette er langt i frå slik.

Hovuddelen er så god at eg sat klistra til boka (sjølv om det er 2. gong eg les boka) og alt i frå historia om Jakob og Frida til kunsten til alt Frida tenkjer på er kjempebra skrive og boka anbefales verkeleg. Eg las ho for første gong i fjor då eg var på ferie i Berlin og når du har så mykje og gjer på i ein storby skal det noko til og lese ei bok på 548 sider ut på fem dagar, men det gjorde eg og det har ikkje bare med og gjere at eg er ein lesehest. Og etterpå rosa eg boka så mykje at både mor og far las ho. Hehe, kanskje dei ikkje var like betatt, men eg trur meg er einige om at det er ei bra bok.

Avslutninga kan eg vel ikkje seie så mykje om utan at det liksom ikkje sluttar heilt der boka sluttar. Eg kan neste dikte litt vidare sjølv. Det er det eg kan seie utan å avsløre for mykje om alt.

Omslaget er fint og passar til boka og heile handlinga. Det er litt sånn me får sett på hovudpersonen Frida i denne boka. Litt forskremt av og til, kanskje litt dårlig sjølvtilit, men eg blei verkeleg glad i hovudpersonen og i boka stiller dei spørsmål som me sjølv kanskje av og til stiller oss.

Boka reflekterer mykje over kristen tru, Jesus, oppstoda og kunst. Det er bra og skrive så ope om noko som mange har ei meining om. Hovudpersonane Frida og Jakob snakker mykje om temaet og bibelforteljingar knytta fint inn i romanen.

Nå når eg har lese boka for andre gong er eg klar for å flytte den lenger opp på topp 10-lista mi, Den sida  som heiter på topp er ikkje oppdatert, men får eg tid ein eller annan gong i livet skal eg få ordna på den.

Mai Lene

ps. I boka hadde dei bilete av alle bilda eller kunstverka som dei såg på turen sin. Skal legge ut dei kunstverka eg likte best av dei. Og viss de vil lese meir om forfattaren så gå her. (bla nedover på sida forbi Anette Münch)

søndag 9. oktober 2011

Ein smakebit på ein søndag #15

ÆRLIGHETSMINUTTET AV BJØRN SORTLAND
- Kanskje vi snakkes igjen, sier Jakob og reiser seg. Både han og jeg vet at det bare er slikt tull mann må si.
- Ciao, sier han og legger serviette forsiktig på bordet.
-Ciao, sier jeg.
Han løfter ene øyenbrynet igjen. Og går. Jeg blir utrolig overrasket over hvor tom en baguettbar faktisk kan blir når en gutt som løfter det ene øyenbrynet har gått. Nei kanskje ikke bare en gutt.
Eg heiter Jakob foresten.




Bli med på ein smakebit på ein søndag du òg




Bli med på ein smakebit på ein søndag du
1 Finn eit avsnitt i boka som ikkje røpar for mykje.
2 Del avsnittet med lesarane av bloggen din
3 Legg igjen linken hjå ladybug. Ho samlar på alle smakebitane.


tirsdag 4. oktober 2011

ting eg ikkje får til på bloggen

Eg er så sjalu på dei som får til fine design og fine underskrifter og alt slagt dill dall på bloggen sin. Eg har kjempelenge hatt lyst til å få sånn fin underskrift med namnet mitt på innlegga i staden for å bare skrive namnet. Så viss det er nokon som bare vil hinte litt frampå om korleis eg gjer det så vil eg bli kjempeglad for å få vite det. Eg er ikkje så veldig god på tekniske ting og design osv og håpar at de kan hjelpe meg.

Mai Lene


Bok: hvis jeg blir av Gayle Forman


Mia har mange val. Val som er vanskelige og ikkje fullt så vanskelige. Val som kan forandre heile livet hennar. Alt står ope heilt til den dagen då bilen til familien kolliderer. Nå har ho bare eit val igjen.

Innleiinga var veldig bra. Beskrivingar av personar og stader som liksom passa heilt inn der ho var. Ikkje noko først mamma og så pappa og så litlebror for å ta alle dei også held me fram med resten av personane. Innleiinga fekk deg lyst til å bli kjend med personane vidare. Og i tillegg var den ikkje evig lang før hovuddelen kom og det skjedde alt det som boka gjekk ut i frå.

Hovuddelen starta vel eigentlig der bilen kolliderer. Eg elsker å lese bøker der ting skjer litt i frå byrjinga og ikkje i frå side 100 og utover. Heile hovddelen funka fint med tilbakeblikk på kva som hadde skjedd tidligare i livet samstundes som me var der ho var heile boka. Var ho tilbake i nåtida var me der. Var ho i "fortida" var ho der. Det er bra og kunne presse inn så mykje info om personar, stader osv på litt under 200 sider utan at det blir for mykje.

STORT PLUSS for omslag. Eg elsker det. Det er sånn eg ser for meg hovudpersonen på ein måte og eg synes at det på ein måte beskrivar boka. Teksten på baksida får ein verkeleg lyst til å lese boka.

Litt minus for at det var ei stund eg ikkje hang heilt med og for at den blei litt lang på ein måte. Visse opplysningar kunne eg greidd meg utan og på slutten ville eg liksom kome til avslutninga fordi eg følte eg ikkje trong å vite så mykje meir som hadde skjedd før bilulukka. Då var det mest spennande i nåtida.

Viss du vil ha ein god ungdomsroman vil eg anbefale denne.



mandag 3. oktober 2011

Bok: safirblå av Kerstin Gier


Gwendolyn er ikkje den som gir fort opp sjølv ikkje når ho er bedt på ball og soarè hjå greven og må lære alt ho skal gjere og seie (og ikkje gjere og seie) på 1700-talet. Og i tillegg har ho problem med kjærleiken. Når den utkåra er den uppnåelige Gideon er det ikkje alltid like lett.

Fantastisk. Byrjar rett på frå der det slutta akkurat sånn eg liker det. Har ikkje så god til til å lage eit innlegg nå, men eg skal ramse opp litt.

Innleiinga var bra. Rett på og alt haldt fram med å vere veldig bra og spennade. Var klistra til boka i slutten. Anbefales!

Mai Lene

It´s Monday! What are you reading?


This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


Long time ago since I wrote about this, but I now I am going to try to start again. 


Read last week 
- The Bible
- Safirblå (Saphirblau) by Kerstin Gier
- If I stay by Gayle Forman
- Ærlighetsminuttet by Bjørn Sortland


(all the books in Norwegian)


Books I finished last week
- If I stay by Gayle Forman
- Safirblå by Kerstin Gier


Books I read
- The Bible
- Ærlighetsminuttet by Bjørn Sortland


Books I am going to read
- Gideon´s gift by Karen Kingsbury
- Harry Potter and the deathly hallows by J. K. Rowling
- The Bible


Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...