Viser innlegg med etiketten mons kallentoft. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mons kallentoft. Vis alle innlegg

søndag 17. mars 2013

bok: den femte årstiden av Mons Kallentoft

Om vondskap

Eg har laga ei mykje kortare innleiing til denne boka enn eg plar å gjere, fordi eg kunne ikkje få ned nokre fleire ord. Vondskap er det som skildrar handlingane i denne boka best. Markabert, vondt og fælt. Korleis klarar nokon å skrive noko slikt som dette? Når eg skriv denne omtalen, sit eg og høyrar på ABBA-musikk, for å ha noko litt lettare å forholde seg til. Det kan verke rart når de les vidare, men nokre gonger det vonde så absurd og fælt at du må ha noko anna òg å ha. I songen eg høyrer syng Amanda Seyfried frå Mamma Mia-filmen "I have a dream." Seinare syng ho "to help me through the reality". Det er nokre ord som passar perfekt i denne samanhengen. Hanlinga i boka konsentrerar seg rundt ei tema som både er tabu, men likevel veldig omstridt. I det siste har det vore mykje om det i media, ikkje fult så mykje frå Noreg, men frå India. Temaet er valdtekt, og hendingane i India gir eit litt anna perspektiv etter denne krimromanen. Det kjem nærare og verker endå meir grotesk. Der har det vore gruppevaldtektar på gruppevaldtekar (og nå seier eg ikkje at dette har noko med løysinga å gjere), og eg vart sjokka då eg høyrte at nokre menn hadde forgripe seg på ei jente på tre år! Dei er barbarar dei som gjer slikt. Dei er dyr!

Dette tenkjer òg hovudpersonen i boka til Kallentoft, Malin Fors. Dette er femte boka eg les om den ivrige, besette, tøffe, dyktige politietterforskaren. Ho har eit eige "image". Ho er ustoppeleg, men av og til kan det verke som at det likevel er umogleg. Men slik som ei kjent sykkelstjerne (Dag Otto) i Noreg seier: "Ingenting er umulig. Det umulige tar bare litt lengre tid." Dette trur eg er mottoet til Fors utan at ho veit det sjølv. På ein ferie saman med kjærasten møter ho ei kvinne som jobber på ein klinikk i Lund med personar som er veldig psykisk svake. Kvinna fortel henne om ei kvinne som er der som vart valdteken og etter det ikkje har sagt eit einaste ord. Malin tenkjer med ein gong på ei kvinne i Lindköping er i same situasjon, Maria Murvall. Ho vart valdteken og sit nå på ein klinikk heilt stum, til stades fysisk, men ikkje psykisk. Nysgjerrig som Malin er, vil ho finne ut kven som har gjort dette med jentene, og samstundes skjer det på nytt. Ein familie finn eit lik i Lindköping på ein vakker maidag. Malin ser straks ein samanheng mellom dette og dei to andre. Ho er besett av å finne ut kven som har gjort det, og det same er kollegane på mange måtar. Dei er alle sjokkert over kva eit menneske kan gjere, og spørsmålet om kor langt dei kan gå for å finne svar reiser seg. Gjer det noko kva middel dei tek i bruk for å kome til mål?

Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde "snakkar" til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste  blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.

Sommerdøden handla òg om valdtekt og var veldig spennande. Likevel er denne boka endå meir grotesk, set seg endå meir inn i denne vondskapen. Ei valdtekt er noko ei kvinne vil ta med seg resten av livet, viss ho overlever. Det set sine spor, slik er det berre. Ufrivillig sex er eit av dei største haldnignsproblema i samfunnet i dag. Ikkje haldninga til kvinna, men til mannen som utfører det. Menn utnyttar styrken sin på den mest groteske måten som finst, og det som skjer etterpå er forskjellig får person til person, men likevel vil det prege eit menneske. Kvinnene i denne boka har fått gjennomgå, og det same fekk kvinnene i sommerdøden. Kallentoft tar i desse krimbøkene opp eit sentralt tema i dagens samfunnsdebatt og stiller spørsmål som kanskje andre òg stiller seg, men som ikkje blir nemnt i media. Kan ein tilgi nokon som gjer eit anna menneske så vondt? Er dei verkeleg menneske? I ei slik sak, kan du gjere alt for å ta den som har teke det? Har du rett til å gjere alt for å straffe ein slik person? Og kva viss det hadde vore nære familiemedlem? Kva hadde me gjort då? Kor sterkt hadde hatet blitt? Mellom linjene finn med ubesvarte spørsmål som er aktuelle og sårbare tema.

Nå har spelelista gått over på SOS frå same film. Sjølv om det i ein annan samanheng vil seg sitere nokre linjer som har sett seg fast nå: "I tried to reach for you, but you have closed your mind" og "you seem so far away though you are standing near". Det er slik Malin føler det overfor Maria Murvall i den femte årstiden. Langt borte, men likevel så nær. Samstundes som Malin er besett og arbeidar på spreng for å finne den skuldige, er det andre som ikkje er like engasjert lengre. Sven Sjöman, ein som har leia etterforsking etter etterforsking med stort engasjemnt og ei stø hand verker nå uengasjert og umotivert. Skjebnane til kvinnen verker ikkje til å gå like hardt innpå han som dei andre. Likevel er dei andre kollegane tøffare enn nokonsinne. Börje, Johan, Zeke, Karim, Karin og Waldermar. Det er unntakstilstand på politistasjonen. Karin blandar seg plutseleg meir inn i etterforskinga, stiller spørsmål på linje med dei andre. Waldemar, som alltid har hatt omdiskuterte metodar, går endå fleire skritt lengre. Johan har gått frå usikker familiefar til sikker ekspert på data. Börje er Waldermars mindre valdelege konpanjong. Zeke er Malins, hennar høgre hand, bremse og pådrivar. Alt blir forandra i denne boka, sjølv om mykje er det same gamle.

Plottet i boka er genialt, kven har gjort dette med jentene. Språket suger ein til seg like sterkt som i dei andre bøkene. Det er frramleis poetisk, men minst like lett forstålege som elles. Eg trur det er eit språk du enten liker eller ikkje liker. I tillegg har forfattaren brukt gjenntaking og linjedeling som sterke verkemiddel. Det høyres mest ut som ein diktanalyse, men det er heller poetisk språk sett inn i ein samanheng der det blir ein kontrast til handlinga. Kallentoft gjer som vanleg ein strålande jobb. Han er tydeleg og klar, og me kan òg lure på om det ligg eit snev av samfunskritikk under språket. Spark til overklassa og dei rike og måten samfunnet er. Eit lite spark til kor lett det er å nå det ein vil om ein har nok pengar.

Malin Fors kavar med nok eit mysterium med nesten usynlege spor. "Slipping through my fingers" er ord som kjem tilbake til meg frå songen med same namn, denne gongen framført av Meryl Streep i filmen Mamma Mia.

lørdag 16. mars 2013

Bok: midtvinterblod av Mons Kallentoft

Eg synes eigentleg at krim er noko av det som er vanskelegast å omtale, for du skal ikkje røpe for mykje, men likevel gjere det spennande. På omslaget til boka, som er forholdsvis avskrekkande viss du ikkje har eit nært forhold til krim frå før av, står det: "...aldri kjedelig. Ikke et sekund." Dette skreiv Ambjørnsen om boka i VG. Eg er einig, men skal utdjupe endå meir enn det.

Dette er første boka Kallentoft laga om politietterforskar Malin Fors. Ho vart gitt ut for fem år sidan. Sjølv om eg har lese fleire krimbøker av Kallentoft om Marlin Fors før og kjenner alle karakterane ut og inn, følte eg ikkje at presentasjonane var keisame og at det føltes rart å lese denne boka nå. På same måte som alltid blir karakterane skildra gjennom gjerningar, ord og kva livssituasjon dei er i. Eg hadde heller ikkje peiling på kva som var svaret på krimgåta i boka, for Kallentoft har skrive ein krimserie kor svaret på sist krimgåte ikkje har noko med den neste å gjere. Alt var nytt og spennande.

I denne boka får Malin Fors og Zacharias "Zeke" Martinsson ei uvanleg drapssak på bordet. Ein kald vintermorgon kjører ein mann mot Lindköping. Han har vore hos elskerinna og har valt ein annan veg heim enn vanleg sidan det er natt. Eit nokså uventa syn møter han: Eit lik av ein svær mann som heng i ei grein på eit tre. Det blir Malin, Zeke og dei andre i polititiet som skal oppklare saka. Først peiker bevisa mot Åsatrusamfunnet og vinterritualet Midtvintersblot. Har det noko med dette å gjere eller er det noko anna som er årsaka til at ein mann har blitt hengt opp i eit tre.

Mordgåtene til Kallentoft verker alltid veldig godt gjennomtenkte. Det er umogleg å finne svaret på gåta utan å lese vidare. Kallentoft haler ut handlinga og lar svara vente på seg, utan at det trekker ut så lenge at ein vil legge frå seg boka. Eit anna verkemiddel er skrivemåten. Linjedeling, korte setningar, poetisk språk, men likevel fult forståeleg er eit kjenneteikn på denne forfattaren. Ein blir teken med inn i ei verd som er både realistisk, men likevel vond å forstå seg på. Nokre hendingar og svar gjer at ein kjenner at medkjensle og sympati blir vekka, samstundes som at det skjærer ein i hjartet å høyre kva nokon kan finne på å gjere for å skyve vekk minner og fortrenge sanninga. Det er forholdsvis få karakterar som er med, i forhold til i andre krimromanar. Kallentoft plar ikkje å skrive om store spel der landet eller byen er truga. Det plar å vere ei gåte som gjer at han må skildre menneske og liva deira på ein heilt annan måte andre andre krimforfattarar. Det kan vere som veldig typisk, norsk politikrim, men det skiljar seg ut på den måten at krimgåtene på mange måtar er annleis.

Denne boka er ikkje veldig annleis frå dei andre, men krimgåta er alltid ny. Du har ikkje ei kjensle av at du har else det før. Karakterane er skildra på ein måte som gjer at du tenkjer du kunne ha møtt dei "in real life". Malin Fors er som vanleg ein spanande karakter. Ho stiller mange spørsmål som me òg kan kome på å stille oss. Spørsmål rundt kjærleiken til ei mor, rundt tenåringslivet, rundt kor fort eit barn veks til, rundt kjærleik og rundt krimgåta. Ho er ikkje ei kompromisslaus, kjenslelaus dame, men heller ei hardtarbeidande, sympatisk, tøff mor som er veldig glad i dottera, men bruker litt for mykje tid på jobben. Noko av grunnen til den altoppslukande interessa ho viser i bøkene er at ho tilsynelatande ikkje får fred før ho har oppklart kva som skjedde. Ho føler på eit ansvar ovanfor personen som er kidnappa eller drepen, noko som gir endå meir driv i boka.

Kollegane hennar er òg personar du kan møte "in real life". Som eg skreiv pregar livssituasjonen og gjerningane dei. Zeke er gift, har ein son som speler på is-hockeylaget, men er langt meir interessert i jobben og korøvingane enn å gå på sonen sine is-hockeykampar, uansett kor bra han gjer det. Börje er gift med ei kone med MS, har ein stor kjærleik til hundar og liker å vere på skytebanen for å få "lufta seg". Johan Jackobsen er ein firebarnsfar som er delt mellom jobben og familien. Karin Johanisson er den dyktige kriminalteknikaren som er gift, pliktoppfyllande og den som blir rakka mest ned på på stasjonen. Sven Sjöman er den stødige på politistasjonen, og Karim Akhbar er den PR-kåte, som gjerne stiller opp i lokalavsia som talsmann for politiet. Etter kvart som ein les bøkene veit ein på mange måtar kva dei gjer, men kan på andre måtar bli heilt totalt overraska over nokre karakterar.

Denne omtalen vart ikkje så mykje om sjølve boka, men kanskje meir generelt om serien. Om boka kan eg seie at var eit genialt plott, og minst like god som dei andre! Heilt i slutten vil eg dele nokre tankevekkande setningar frå side 403 i midtvinterblod:
Hva skjer når man lyver for barna sine? Når man gjør dem noe vondt? Slukner en stjerne på himmelen, da?

onsdag 10. oktober 2012

haustkrim: Høstoffer av Mons Kallentoft

I den fine anledning haustferie (i alle fall for meg) er det vel på sin plass å anbefale litt krim, eller kva? I vår las eg dei tre siste bøkene i serien til Kallentoft, og eg må bare seie at han er min favorittkimforfattar, utanom Gillian Flynn. Hans spesielle skrivemåte tar meg ikkje bare inn i boka, men òg med på alle eventyra og all spenninga.

Malin Fors er som vanlig hovudpersonen, men det er ikkje bare henne me følgjer gjennom bøkene. Me følgjer òg dei andre i politihuset og vitna i saka, i tillegg til familien til Malin. I denne boka er det ein godseigar, Jerry, som blir funne i Volgrava ved sitt eige gods, og Malin prøver å finne ut meir om mannen og om forholdet hans til dei tidlgiare eigarane. Kven har myrda han?

Eg må bare seie at desse bøkene held deg på pinebenken. Nokre synes skrivestilen til forfattaren er litt for spesiell, men eg har alltid synes at skrivestilen er noko av det beste. Språket er fengande og det er gode skildringar og ei mengd spennande hendingar. I tillegg er det ikkje bare krim og mysterier, men òg mykje om Malin Fors' privatliv.

mandag 30. april 2012

bok: høstoffe av Mons Kallentoft

Lese god krim? Prøv høstoffer 


Regnet øser ned over slottet Skogså utenfor Linköping; de tunge dråpene slår over jordene og hamrer mot kroppen som flyter i vollgraven. Det er den nye eieren av slottet som har endt sine dager der - den hensynsløse advokaten Jerry Petersson. Kriminaletterforsker Malin Fors mistenker raskt de tidligere eierne, den høyadelige familien Fågelsjö som neppe har solgt unna slektens arnested til jyplingen Petersson med glede. Men hvem var egentlig Jerry Petersson bak alle pengene, de dyre dressene og kunsten? Dette er tredje del i Mons Kallentofts serie om drapsetterforsker Malin Fors ved politiet i Linköping. Serien ble innledet med den kritikerroste boken Midtvinterblod, som kom på norsk i 2008 - og oppfølgeren Sommerdøden, som lå mange uker på bestselgerlisten sommeren 2009.
 Tekst og bilete frå cdon.no 

Malin er tilbake igjen etter bok nummer to, sommerdøden, men i ein litt meir "skrøpelig" utgåve. Alkoholproblem og psykiske problem er bare noko av det som pregar livet hennar i denne boka. Samstundes kjem saka med Jerry Petersson kjem opp. Ho trengs i politiet, og hennar skarpe hjerne blir utnytta på ein god måte i arbeidet med å fakke gjerningsmannen.

Alle midler blir tatt i bruk for å ta gjerningsmannen, og Malin, Zeke og politikolegane jobbar iherdig for å løyse mysteriet. Kven vinner til slut?

Som dei andre bøkene i Mons Kallentoft sin serie var denne god, spennande og nervepirrande. Du blir ofte nysgjerrig på kven og kva og kvifor. Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor har det skjedd? Og, i likskap med sommerdøden og vårlik er det ein god måte å skrive på som gjer at me vil lese vidare og me lurer på kva som skjer. Mange synes kanskje at skrivemåten er litt rar i Kallentofts bøker, mene synes det er mange bra tankar som kjem fram, og hovudpersonane er ikkje bare tøffe, ufeilbarlige personar som gjer det dei får beskjed om. Dei "snille" har svake sider og dei "dumme" sterke sider. Det er ikkje nokon svart-kvitt-maling i bøkene til Kallentoft.

Det einaste eg skikkelig reagerer på er framstillinga av forhold. Alle menn er utru, politimenn med småbarn sliter og gamle, røykande politimenn, som det er mykje negativt med elles, er sextrakaserande på jobben. Sjølvsagt har alle desse òg sine gode sider, men det er litt for mange samlivsbrot og litt for mykje utruskap til at det kan vere sant.

Viss du liker krim med litt tankar og spenning som ikkje er i overkant til at det ikkje er å tru, prøv høstoffer og dei andre bøkene i Kallentofts årstidsserie.

Den femte boka i serien kjem sannsynligvis i løpet av 2012 og har tittelen den femte årstiden, naturlig nok vil eg seie.

fredag 30. mars 2012

krim å lese i påsken: vårlik av Mons Kallentoft

Ny spennande, men hjarteskjærande krim av Mons Kallentoft. Den får deg til å tenke. 


Vårsolen skinner over Linköping og de vinterbleke menneskene som har våget seg til uteserveringene rundt torget. Svalene kretser over dem, fargerike tulipaner lyser fra bedene og en mor med to små barn går mot minibanken. Men plutselig rives idyllen i filler av en kraftig eksplosjon. Etterforsker Malin Fors er på vei til et syn hun aldri kommer til å glemme. Knust glass og ødelagte blomster overalt. En liten barnesko. En due som pikker i noe rødt i den øredøvende stillheten.
I byrjinga av denne boka møter me mora og dei to små barna som går mot minibanken. Det er vår og våren er plar vere det som vitnar om noko nytt og noko med liv, men dessverre blir det ikkje slik dette året. Malins mor er død, ho står ved grava saman med faren og dottera Tove og prøver å føle savn eller lengsel eller kva som helst som binder henne til mora. Likevel greier ho det ikkje, og ho forbinder bare masse arbeid og ting som må ordnast med dødsfallet. Slik som faren har ho ei kjensle av skyld for den lettelsen ho føler på seg nå som mora er død.

I mens skjer det skjebnesvangre, det som forandrar våren i byen. Ei tragedie på torget, rett ved minibanken. Ei mor og to døtre har blitt drepne. Kven var angrepet retta mot? Banken, familien eller var det for å skremme? Kven gjorde det? Islamistar? Høyreekstremistar? Nokre som var i mot banken?

Politiet i Linköping er inne i ein ny periode med konfliktar, løgner og nye mord. Dei koplar inn Tryggleikspolitiet (Sikkerhetspolitiet på bokmål), men samarbeidet går ikkje heilt slik som det burde. Media er ville etter nytt og borgarane i Linköping tårer så vidt å gå ut. Svenska bankar blir stengde på grunn av eit mogleg trusselbilete og på sjukehuset ligg mora og kjemper for livet.

Malin må nok ein gong prøve å lytte til stemmene som leiar henne på riktig veg, og nok ein gong gjer ho alt for å finne ut av det. Samstundes tar hennar privatliv nye vendingar og frykta for å miste Tove heng som ei grå sky over henne.

Greier Malin og politiet å finne mordarane og kva skjedde? Les boka så får du sjå.

Eg er veldig nøgd. Synes ikkje det var fullt så mykje diskriminering i denne boka som i sommerdøden. Boka startar ikkje med at hovudpersonen blir full (takk og pris) og den startar ikkje med ei sex-scene. Rett og slett ein mykje betre start. Hendingane i boka er sjølvsagt heilt forferdelige og denne er på ein måte mykje mørkare enn den andre med alle løgnene og løyndommane. Bokstavelig talt òg med undergrunden i Stockholm og arestasjonar om natta. Spenninga held seg oppe til siste setning og det er ekte krim.

Språket i boka er bra utanom alle banneorda. Har forfattaren dårlig ordforråd? Synes det burde gå an å uttrykke seg på andre måtar, men deg var ikkje veldig overraska, sjølv om det verka som om banneordforrådet til forfattaren har eksplodert.

Viss du vil lese ein god krim så anbefales vårlik på det sterkaste. Og særleg i påsken, for med den tittelen bør boka passe for denne årstida.

Oppsumering: Litt for mykje banning og stygt språk, men ein vaskeekte krim!!

søndag 25. mars 2012

krim å lese i påsken: sommerdøden av Mons Kallentoft

Hei, nå har eg tenkt, og det eg har tenkt på er at eg skal lese krim inn mot påske og når det er påske og litt etter påske, så eg kan anbefale dykk litt. Så alle bøker som er krim blir merka krim å lese i påsken i staden for bok.


Det er den varmeste sommeren noensinne. Linköping dirrer i heten, og i skogene omkring rager skogbranner. Tidlig en morgen blir en fjorten år gammel jente funnet naken og voldtatt i byens største park. Jenta selv husker ingenting, og etterforsker Malin Fors og kollegaen Zeke må spinne mye ut av de få ledetrådene de har. Hvordan havnet jenta i parken, og hvem er overgriperen? Malin, som har en datter på samme alder som offeret, kjenner at saken går mer enn vanlig innpå henne. Samtidig nlir en annen jente meldt savnet, og kort tid etterpå gjør noen en grusom oppdagelse på en strand like utenfor byen. 
Dette er andre bok i Mons Kallentofts serie om drapsetterforsker Malin Fors ved politiet i Linköping. Serien blei innledet med den kritikerroste boken Midtvintersblod, som kom på norsk i 2008. Sommerdøden er en rystende fortelling om overgrep, fortvilet kjærlighet og hat. 
Dette er første gongen eg har lese krim for vaksne, sånn skikkelig krim, men eg skal innrømme at eg litke det, ja rett og slett elska det. I byrjinga av boka forhaldt eg meg litt tvilande til kor fengande det ville bli, men det blei ei flott oppleving, sjølv om ikkje alt var heilt på topp alltid.

Historia har ei dårlig byrjing som eg syntes var litt vel rar måte å presentere hovudpersonen på. Alt begynner med at etterforskar Malin Fors er på baren og tenker på dattera Tove og eks-mannen Janne som er i Bali i Asia. Ho blir full og blir med ein journalist ho kjenner i frå før, Daniel trur eg, med heim. Når eg skal skrive bøker, skal eg ikkje begynne boka med ein full person og ein sex-scene. Litt kritisk til det der.

Det går litt tid før heile boka kjem i gang med jenta som er valdtatt, men ikkje så mykje at du kjeder deg. Og scena der jenta blir funnen er spennande. Det må vere eit sjokk å bli valdtatt på den måten, og seinast i dag var det på dagsrevyen at over 50% jenter er edru og normalt kledd når dei blir valdtatt. Det kan skje alle. Eg tenkte mykje på jentene som har blitt valdtatt i Oslo dette året då eg las boka nå. Eg synes at det var ei veldig sterk scene sidan jenta i boka var eit år yngre enn meg og heilt vanlig, men veldig sjokka etter hendinga, og som det står bak på boka, ho hugsa ingenting.

Eg synes det var litt vel mykje diskriminering av både lesbiske og utanlandske menn med namn i frå muslimske land. Det var litt sex-fiksert, men eg syntes etterforskinga og alt det andre var ekstremt bra for det om. Håpte sjølvsagt på at mange av tinga dei antok som i følge meg er diskriminering ikkje førte til noko, men eg vil ikkje seie om eg blei letta eller ikkje, for då avslører eg for mykje.

Det var ein del groteske ting, men ikkje sånn at eg ikkje greidde å lese om det. Heldigvis. Eg har nå vårlik, den fjerde boka i serien, oppe på loftet og har planar om å lese boka veka som kjem nå. Elsker bare krim, det er ein fin sjanger.

Noko som var litt negativt var banninga. Det var litt i overkant av det eg liker, men ikkje overraskande mykje, for eg er alltid litt forberedt på det når eg les svenske bøker. Føler det er litt meir banning av dei av ein eller annan grunn, så eg kan ikkje seie eg blei forundra over det stygge språket, som òg var veldig direkte.

Samla sett var det ei fantastisk bra bok utanom dei få tinga eg ikkje likte så godt.
For å lese meir om boka kan de sjå kva foralget har skrive her.

Eg må seie at det å lese krim rundt påske gir ei heilt uvanlig stemning. Det er første gongen eg har forstått det der med påskekrimmen, og eg har tenkt å lese litt etter påske òg. Einaste boka eg absolutt aldri kjem til å lese nå er lobotomisten. Eg trur ikkje eg er tøff nok, men det finnes ein haug med andre bøker.

Kva bøker skal du lese nå rundt påske?





søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...