mandag 29. august 2011

Om eg ikkje fekk bok til bursdagen har eg i alle fall fått nok pengar til å kjøpe bøker for. I tillegg fekk eg DVDen Sarahs nøkkel av Karina så nå vil eg prøve å sjå om eg får sett den i kveld etter lekser og mat og alt det andre eg skal. Det er koselig å ha fødselsdag når heile kantina syng for deg og du ikkje har tellinga på kor mange gratulasjonar du har fått.

I dag har eg òg fått lånt Nelias natt og grenseløs kjærlighet, to av bøkene som har stått øverst på leselista mi kjempelenge. =) Kanskje eg skal byrje på ei av dei i kveld? Men nå må eg gå. Eg må gjere lekser og ete Karinas kjempegode pannekaker. (kanskje med blåbær og is?)

 Mai Lene


lørdag 27. august 2011

Bok: Hannahs håp av Karen Kingsbury

Dennne boka av Karen Kingsbury er det bare å seie tommelen ned til. Kanskje den verste eg har lese av ho. Det skal liksom foregå i vore dagar, MEN alle brukar "de" ig "sir" og andre stive og litt formelle ting. Og i tillegg sit eg igjen med ei kjensle av å ikkje ha fått vite så mykje om personane sidan alt verka så kort og at Karen Kingsbury bare måte bli ferdig og derfor så skjedde alt oå slutten veldig fort liksom.

Boka anbefales ikkje. Nå forstår eg ikkje kvofr eg gjekk eile sommaren og venta på DENNE boka. Ikkje noko å lese for meg. Kanskje andre liker den, men for meg blei den for tam i forhold til andre ting eg har lese. 

Mai Lene

torsdag 25. august 2011

klar for noko nytt

Nå er eg endelig ferdig med leksene for i dag og har tid til å blogge litt. For tida held eg på med to bøker, men eg rett for at den eine går i vasken når eg har byrja på den andre, for endelig fekk eg tak i Hannahs håp av Karen Kingsbury og nå har eg fått byrja på den. Kanskje ikkje verdas beste, men grei nok.

Eg har hatt for vane å skrive ned bøker eg finn på bokhandlar på notatet på mobilen, men då den gamle mobilen min blei full av kjøttkakesaus på TMF (ikkje spør!!) så "døydde" den saman med notatet om alle bøkene eg hadde tenkt å lese i haust så eg lurte på om nokon hadde nokre gode boktips for meg. Hadde vore kjempekjekt med litt nye boktips som er litt kjekke nå som me snart har kome til hausten. Eg er veldig obs på å seie at det er ikkje haust før etter 29. august for då kan eg seie at eg har bursdag på sommaren. =)

Men har de nokre tips så kom med dei. Eg er svolten på nytt lesestoff.


Mai Lene

søndag 21. august 2011

Smakebit på ein søndag #13

Nå har eg hatt ein "pause" eller ikkje heilt, men eg har ikkje hatt lyst til å blogge og alt har gått i eit, men eg trur det må vere ein god start med ein smakebit igjen også håpar eg at eg skal kome inni det igjen. (nå har skukekvardagen byrja så ikkje få for store forhåpningar)

Eg har ikkje kome så langt i boka eg held på med, med den handlar om bøker. Eg les for tida Blekkhjerte av Cornelia Funke. Forresten så elsker eg orda som står på toppen av boka; "Ut av verden, inn i fantasien." Det er verkeleg ei god skildring på det å lese bøker. I alle fall gode bøker som du nesten ikkje greier å legge i frå deg, men over til smakebiten.

Regnet lå som et slør over mørket, og  den fremmede var knapt med enn en skygge. Meggie så ansiktet hans lyse i natten. Håret lå klistret til den våte pannen. Regnet dryppet ned, men han brydde seg ikke om det. Han bare sto der uten å røre seg, med armene over brystet, han prøvde vel å varme se litt på den måten. Slik sto han å stirret bortover mot huset deres. 








Kva er "Ein smakebit på ein søndag?"
1. Du finn boka du les i og velg ut eit avsnitt som ikkje røper for mykje, men som kanskje skaper litt nysgjerrighet.
2. Du deler avsnittet med lesarane av bloggen.
3. Du legg igjen linken hjå Ladybug. Ho samlar på alle smakebitane.

Kanskje du òg vil vere med?
Mai Lene

torsdag 18. august 2011

oppsumering solskinsmål 1

Kvardagen vender tilbake og sommaren er over nok ein gong. Og det same er fristen for å ha fullført solskinsmåla mine. Eg har prøvd å kome i gjennom alt og har vel nesten greidd det.

Tenkte å ha ein liten oppsumering av beste bøker, kva eg greidde og kva eg ikkje greidde i to delar fordi viss ikkje tar det laaaaaaang tid.

Ungdomsromanar
På ungdomsromanar blei det mykje ombytte fordi nokre av bøkene fekk eg ikkje tak i på bibliteket eller nokon plass, men dei har blitt erstatta av kanskje endå fleire bøker.

Ungdomsromanar eg las ferdig i sommar
tilgivelse av Karen Kingsbury











funnet av Karen Kingsbury











Mias mirakel av Karen Kingsbury











 Sarahs sang av Karen Kingsbury











Cassias valg av Ally Condie











Forførende ondskap av Rebecca James











Mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo











juli av Tania Kjeldset











tilfeldig engel av Kari Sverdrup























Ungdomsromanar eg ikkje las ferdig i sommar
Hannahs håp av Karen Kingsbury












Beste ungdomsroman
Beste ungdomaroman er vanskelig. Eg syntes det var så mange gode ungdomsromanar denne sommaren, men eg vil ikkje seie nokre av Kingsbury sine sjølv om dei òg var gode. Eg trur det må vere Forførande ondskap av Rebecca James eg likte best. Den var på ein måte skummel, litt morosam, kjekk og spennande på same tid. Det er på ein måte ein thriller, men det er ikkje fantasy heller. Det handlar vel meir om å manipulere og lure. Anbefales på det sterkaste til alle!













Mai Lene

onsdag 10. august 2011

mandag 8. august 2011

teltferie utan lesing

Hei, eg er tilbake igjen etter sommarferiens høgdepunkt: TMF på Åpta. Fytti, så kjekt eg har hatt det. Og alle dei eg traff. Kan ikkje ramse opp ein gong alle eg blei kjent med! Men det som er er at det blei ingen lesing på ferien. Me sov i telt og det var bekmørkt kvar kveld og travlet kvar morgon og på dagen. Eg hadde det så morosant at eg ikkje ofra lesinga ein tanke. Det innrømmer eg. Og nå har eg skrivekløe og har ikkje veldig lyst til å blogge. Eg veit ikkje kvifor, men me får sjå kor ofte det blir, men i mellomtida så andbefaler eg ein sang som heiter I have found av Ungfila. (spotify)! Kjempegod. Me sang den på leiren.

Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...