onsdag 27. februar 2013

Mitt tematips #5: "Verdens herligste romanfigur"

Kvar onsdag er det duka for "mitt tematips" på bloggen til Geir. Formålet med dette er å hente fra gamle bokomtalar som kan ikkje alle har lese, for at andre skal få lese dei og få gode lesetips.

Då eg var på Rhodos i oktober tok eg med meg ei bok eg kjøpte etter å ha lese ein positiv omtale på Anettes bokboble og som eg kjøpte heilt spontant der eg jobbar. Eg var litt usikker på korleis boka ville bli, så derfor las eg ei verre og mindre velskriven bok først, som eg trudde skulle vere veldig bra, nemleg tråden av Victoria Hislop. Men det viste seg etter kort tid at extremely loud & incredibly close av Jonathan Safran Foer var veldig mykje betre enn tråden, og i tillegg hadde boka verdas herligaste hovudperson, nemleg Oskar.

Omtalen min av boka handla mest om hovudpersonen.

Hadde det vore normalt for ei seksten år gammal jente å vere forelska i ein niåring hadde eg vore det etter å ha treft hovudpersonen i boka til Jonathan Safran Foer. Oscar er svært sjarmerande og litt veslevaksen. 11. september 2001 mista han faren sin då tvillingtårna blei eit terrormål. Etter det har Oscar gått rundt i "heavy boots" som er ei omskriving av å ha dystre tankar.

Litt lenger nede i omtalen skreiv eg:
Ein Humlesnurr i miniatyr rett og slett!
Viss de vil lese omtalen trykker de her.

Eg må berre seie at det var eit vanskeleg val å velje kven eg ville at skulle vere "verdens herligste romanfigur", for det er så mange. Tankane streifa òg Eliza Makepeace i den glemte hagen av Kate Morton, Anne Shirley i Anne of Green Gables av Lucy Maud Montgommery, Tom sawyer i Tom Sawyer av Mark Twain og fleire andre, men Oskar kan ingen toppe eller tangere altså. Han er og forblir helten min, sjølv om han er sju år yngre!!

søndag 24. februar 2013

Lines Lesesirkel - 1001 bøker: storm i juni av Irène Némirovsky

Det finst mange historiske romanar der ute som skildrar krigen, men ingen som storm i juni av Irène Némirovsky. Det er ikkje på grunn av litterær kvalitet eg seier dette, men på grunn av årstalet og tida boka vart skriven i. Storm i juni skulle eigentleg vere større enn denne boka. Det var meininga at det skulle vere ei krigsskildring i fleire delar, men forfattaren vart teken til fange før ho fekk skrive meir enn stormi juni og Dolce. Berre få dagar før ein av dei store skandalane  Frankrike, Vel d' Hiv, vart Némirovsky brakt til Auschwitz der ho døydde. Mens ho levde, skreiv ho fleire historier, blant anna historier der ho var kritiske til penger og makt og sin eigen religion.

Storm i juni, eller Suite Francaise, er skrive under krigen, men på ein annan måte enn dagens litteratur frå førtitalet. Mens historiske romanar til vanleg tek for seg historiske hendingar og legg vekt på tilstandane, legg storm i juni, mest vekt på dei enkelte menneska og situasjonen deira. Det er ikkje eit verk fylt med årstal, krigshendingar og hat retta mot tyskarane. I første del skildrar Némirovsky flukta frå Paris då bomber regna over byen. I dolce skildrar ho livet i ein liten by i Frankrike der tyskarane er plasserte. Kvar av delane er ikkje veldig store og tunge i seg sjølv, men saman er dei på over fire hundre sider, og det gjelder å ha tunge rett i munnen for å hugse karakterar, stader og tidlegare hendingar.

Me skulle tru, at sidan Némirovsky sjølv var jøde, ville bøkene hennar spegle antisemittismen og den sosialdarwinistiske haldninga mange hadde på den tida. Dei svakaste skulle utryddast, og blant dei var jødane. Det er ikkje noko bittert hat mot verken "der Führer", tyskarane generelt eller andre antisemittistar i boka. Tvert i mot blir tyskarane framstilt som enkeltmenneske med kjensler og sakn, slik som dei òg var. I andre del av boka får me eit nærare innblikk i livet til tyskarane i Frankrike. Nokre av dei kjem me nært innpå, og her har Némirovsky vist kor forandra mykje av historia har blitt. I mange historiske bøker verker det som at tyskarane, alle som ein, var barbarar, og det var nok mange òg som var fryktlause og fæle, men den menneskelege skikkelsen mange av dei får i denne boka viser at historiebøker viser ikkje fram alle sider av andre verdskrig. Franksmennene blir heller ikkje framstilt som englar med glorie på hovudet, men både fiendtlege og standhaftige. Ingen har fått glorier og englevinger, men ingen har fått djevelhorn heller, sjølv om Némirovsky kanskje har laga ei litt meir personleg framstilling av det enn slik det eigentleg var. (ikkje heilt sikker på, berre tenkjer at det må vere vanskeleg å ikkje blande eigne kjensler i noko så stort som ein verdskrig)

Det er ikkje mykje som driv boka vidare. Eg var ikkje veldig entusiastisk i byrjinga, og boka var ikkje full av litterære verkemiddel. Ho var det ho var: Ei skildring. Skildringer er meir opptekne av å løfte fram sanninga og få eit realistisk bilete av det framfor litterære verkemiddel som får lesaren til å ville lese vidare. Eg var ikkje usikker på korleis det gjekk med personane. Ingen svar lot vente på seg, noko som i lengda var veldig keisamt, men òg ein interessant måte å skrive på. Det er sjeldan eg les slike bøker, og forandring plar fryde. Språket vekker ikkje kjensler til live, og ho har ingen detaljerte krigshendingar. Eg syntes kanskje synd på nokon, var glad på vegne av nokon, men eg sat aldri med lommetørklet i handa, og eg lo meg heller ikkje forderva. Alt var for lite personleg til det, og på det planet liker eg betre bøker som Saras nøkkel av T. Rosnay som får deg til å ville skrike, hyle og bli sint på ein gong, men du veit at det ikkje hjelper uansett kor mykje du vil. Boka fekk meg ikkje til å føle meg hjelpeslaus i forhold til hovudpersonane, som eg ofte har ein stor trang til å ville hjelpe vidare.

Boka bar preg av at forfattaren ikkje visste korleis det ville gå. Karakterane var usikre på framtida, og Némirovsky fekk aldri sett noko skikkeleg punktum for alt. Dette viser kor lite sikkert alt var då. Som oftast har historiske romanar ei "oppsummering" på slutten kor dei har eit kapittel om "etter krigen" eller fortel kven som overlevde, kven som vart tekne. Dette er noko eg alltid har irritert meg over i bøker som det. Sjølv om forfattaren kanskje ikkje har innsett det, ligg det mykje i linjene "viss me berre hadde gjort slik for 70 år sidan, hadde det gått betre". Dette er ikkje ei bok som er ut til å ville forandre historia. Den vil ha fram eit både realistisk og personleg bilete av korleis det var. Romanar som blir skrive i dag synes eg svekkar seg sjølve på det punktet at dei MÅ fortelje korleis alt gjekk, og den opne slutten saknar eg, spesielt i krigsromanar.

Némirovsky er ei stor litterær stemme, men kanskje ikkje heilt etter min smak.

Boka blei lesen i samanheng med Lines Lesesirkel -1001 bøker. Line har òg laga ein meir fyldig omtale med meir sitat og sikkert fleire teoretiske punkt enn det min har, så eg anbefaler de å lese hennar òg.

tirsdag 12. februar 2013

strøtankar: Kven vs. kvifor (gjerningsmann vs. motiv)

Kva er det store formålet med ein krim? Alle som elsker den klassiske krimmen vil seie at det er å finne ut kven som har gjort noko. Kven har begått ugjerninga? Dette er det spørsmålet dei fleste av oss liker å sitje igjen med. Likevel synes eg eit til spørsmål er så vel så viktig for at boka skal bli bra: kvifor?

Ei av Läckbergs forutsigbare bøker.
Har problemstillinga noko med det å gjere?
I nesten all krim, Läckberg, Kallentoft, Nesbø, Remen og Holt, er kven det store spørsmålet. Er det ein av dei næraste, er det nokon pengegriske mennekse? Kven har drepe, kidnappa eller lurt? Dette er ei problemstlling nærast alle krimforfattarar, og til og med andre forfattarar tyr til når dei skriv. Problemstillinga er enkel. Ei rekkje trådar førar fram til svaret, og ofte er det òg eit svar, og ikkje alltid uventa. Dei fleste legg her opp til at ein av karakerane som du ikkje skulle tru har gjort noko, gjorde det. Det er sjeldan at dei karakterane som verkar verst i byrjinga har gjort det i slutten. Det skjer berre i Nancy Drew. Hjernen min går alltid for fullt under slike bøker, og dessverre gjettar eg ofte riktig. Mange meiner at Läckbergs bøker er uforutsigbare, men dei er rett og slett veldig forutsigbare, i alle fall dei første, og nøtta er ikkje vankskeleg, trass i alle middel ho tar i bruk for å skjule det.

Problemstillinga kven har gjort det?  er så klassisk at i alle fall eg synes at det byrjar å bli kjedeleg å lese slike bøker. All krim er "vanleg" i forhold til det beste. Nesten all krim går ut på det same. Hovudpersonen er politi eller journalist og er aktiv i yrke og prøver å grave fram noko. Somme gonger er det fleire hovudpersonar, og då er det eit fleirtal i yrkesgruppene politi, forfattar og journalist. Mange har ei autoral framstilling i tredje person og skrivemåten er ordinær. Forfattarane er opptekne av å sleppe litt og litt av sanninga fram gjennom fleire karakterar.

Krimbøker med ny retning.
Ei problemstilling eg ofte saknar er kvifor gjorde nokon dette? Nå seier eg ikkje at dei går bort frå dette. Tvert i mot, dei prøver å finne ein grunn for at ein av karakterane i boka skulle ha drept ein annan. Likevel er det ikkje hovudfokusk i mesteparten av krimbøkene som blir utgitt i dag. Viss dette hadde vore hovudfokus i fleire bøker enn det det er i dag, hadde krimsjangeren blitt nyare. Den klassiske påskekrimmen skal ikkje forsvinne sjølvsagt. Det kan vere bra å setje seg ned med noko klassisk òg av og til, slik som Läckberg. Det eg er ute etter er meir variasjon. Gillian Flynn, ein forfattar eg har rost opp i skyene før, har gjort noko stort. Ho skriv krim med hovudfokuset kvifor i staden for kven. Karakterane er ikkje berre journalistar med eit objektivt syn på saka og som er litt nygsjerrige. Nei, hovudpersonane er ofte direkte råka, sjølv om dei høyrer til ei yrkesgruppe som er ordinær i krimsjangeren. Det psykologiske er meir framtredande. Framtillinga er ikkje nødvendigvis i tredje person sånn som i mange andre krinbøker. Her er det karakterane som er viktig, det er deira tankar og motivet til den som har gjort noko som er det viktige.

Nå etterlyser eg ikkje akkurat krim som er lik Flynns, men kanskje ein form for krim som er litt nyskapande og som skil seg meir ut frå mengda enn mykje anna. Nye yrkesgrupper, ei anna tilnærming og andre løysningar. Kvifor ikkje? Ny tenkning kan vere svært sunt, sjølv i litterær samanheng. Nå seier eg ikkje at berre kvifor kan vere problemstillinga som er i hovudfokus. Nokon som tek utfordringa på kor eller kva?

søndag 10. februar 2013

bok: flink pike av Gillian Flynn

Kan ein enkel, amerikansk journalist frå USA skrive ein fengande og heilt forferdelig uforutsigbar roman som kan få ein kvar lesar til å grøsse? Ja. 

Nick og Amy var eit nesten heilt vanleg ektepar, og frå utsida kan det sjå ut som om det meste er på stell. Etter å ha vore gift i eitt par år mister begge jobbane i New York og må flytte til Cathage i Missouri, Nicks heimstad. Sjette juli 2012 er Nicks og Amys femte bryllupsdag, men når Nick kjem heim frå jobben i baren er ikkje Amy i huset. Alt ser ut til at nokon har bortført kona hans, og av gammal vane mistenker nesten alle ektemannen.

Boka er skriven frå ein autoral synsvinkel, men likevel i første person. Både Amy og Nick får fortelje, og annankvart kapittel er frå Nicks synsvinkel og annankvart frå Amys. Dette gjer at perspektivet på alt blir betre og det er lettare å følgje fleire side av historia. Dette er eit genialt trekk frå forfattaren si side, for det gjer at denne boka, som mange vil seie er ein krim, skil seg ut frå andre bøker i sin sjanger. Det er få bøker kor lesaren får eit så godt innblikk i alt som skjer, men likevel er kjempespent på neste trekk.Sanninga lar vente på seg, men ulikt andre krimbøker er det ikkje berre gjerningsmannen som er fokuset, men òg motivet, noko som gir alt eit meir psykologisk preg.

Suksessfylte forfattarar har mange gonger ein tendens til å kopiere den største suksessboka og gjerne debutromanen. Victoria Hislop og Kate Morton er gode eksempel på dette. Du kan nesten alltid vite på førehand korleis bøkene er bygga opp. Ofte er det ei autoral framstilling i Hislops bøker. Det byrjar med ei historie frå nåtida der nokre fortel ei historie frå fortida om ei historisk hending, og hovudpersonen får alltid eit nytt perspektiv på livet. Kate Mortons bøker går mange gonger likedan, men likevel med meir frå nåtida. Her kjem alltid historia frå fortida fram gjennom vitne, brev og rykte. Noko av det som kanskje har gitt Flynn mest suksess er det at ho gjer det motsette. Kvar bok er som ny. Handlinga er uforutsigbar og ingen av bøkene er ein kopi av den forrige. Likevel kjenner ein igjen dei geniale særtrekka med gjennkjennelege personar og svart humor. Det er veldig lite som er sett på spissen i desse bøkene, og hovudpersonane er ikkje heltar eller skurkar. Alle er vanlege personar i miljø som ein kan kjenne seg igjen i på mange måtar, men som likevel er langt frå normalen. Om personane er normale kan ein òg diskutere. Ingen personar er like, og karakterane i Flynns bøker er like ulike som personar i den verkelege verda. Me kan kjenne dei igjen, sjølv om dei kanskje ikkje gjer det me vil sjå på som normalt. Me kjenner igjen typane, men det er overraskande trekk med alle, og psykologien og karakterane er noko av det mest intense og spennande i Flynns forfattarskap.

Men, kan den svarte humoren bli for svart? Kan det bli for grovt? Er dette på grensa? Eg elsker bøkene på grunn av alt det overraskande og intense. Dei er uvanlege, men ein kjærkomen forandring i ei rekke av bøker som har mange av dei same trekka. Flynn burde få sin eigen sjanger kalla opp etter seg. Krim er ikkje eit ord som er dekkande nok, for det er så mykje krim som er dårleg og rett og slett så forutsigbar at det blir kjedeleg. Humoren er ikkje for svart. Den passar bra, men det er likevel veldig avgrensa og aldri overdrive. Karakterane blir ikkje for utruverdige. Det meste er perfekt. Eg skal innrømme at då eg opna boka vart eg veldig overraska aller først, fordi det verka litt utypisk Flynn, men dette er Flynn i stor dose. Historiene bit seg fast, du blir ikkje kvitt dei. Dei er ikkje berre behagelege. Kven som helst kan byrje å grøsse når dei les og ser kor dette går hen. Av og til kan det verke som om heile slutten skal bli eit antiklimaks og femti sider utan store hendingar. Nei, det er spenning og intensitet fram til siste slutt du finn i desse bøkene.

Flink pike er så ulikt alt anna ho kan få blitt. Eg las ein stad at dei fleste forfattarane som er populære i Noreg er meir kjente her enn i heimlandet og at få er nasjonale bestselgjarar. Her er Flynn eit unntak. Ho er ikkje bare eit norsk fenomen som haustar skryt i Noreg. Ho er eit amerikansk òg, og flink pike skal ha vore årets krimsensasjon i USA. Gillian Flynn, ho kan ingen slå!

Boka er eit leseeksemplar frå Font forlag

onsdag 6. februar 2013

mitt tematips #2: Heia Sverige!

Mitt tematips er funne opp av Geir på bloggen bokbloggeir.com. Formålet med dette er å få vise fram gløymte omtalar eller omtalar som andre kanskje har gått glipp av. I dag er temaet heia Sverige, og som alltid, kva bok skal eg velje i dag?

Svenskane er kjent for dei gode krimbøkene, og eg er ein av dei personane som elsker svensk krim, og min absolutte favorittforfattar er Mons Kallentoft. Den første boka eg las av han, vårlik, var den klart beste i serien til nå. I omtalen skreiv eg at boka var spennande, men hjarteskjærande og at ho får deg til å tenkje.

I mens skjer det skjebnesvangre, det som forandrar våren i byen. Ei tragedie på torget, rett ved minibanken. Ei mor og to døtre har blitt drepne. Kven var angrepet retta mot? Banken, familien eller var det for å skremme? Kven gjorde det? Islamistar? Høyreekstremistar? Nokre som var i mot banken?

Her er omtalen

tirsdag 5. februar 2013

oppsummering av lesemånaden januar

Eg har ikkje oppsummert på lenge nå og tenkte at det nå var det på tide å gjere det. Dette blir første oppsummering i 2013 og det er lesemånaden januar som står for tur. Fram til eg finn på ein annan måte gjer eg det slik som dette.

Bøker lese i januar
the casual vacancy av J. K. Rowling
gjenferd av Jo Nesbø
den største straffen av Robert Wilson
skyggedød av Anne Holt
et ekko av skyld av Charlotte Link

Nå les eg
Eg les boka på norsk, flink pike, og er fram til nå veldig fornøgd.

Dette gler eg meg til å lese
Teresa Birnas bortgang av Victoria Bø

storm i juni av Irène Nèmirovsky (Lines lesesirkel)


lørdag 2. februar 2013

once upon a time blir to år

I dag, laurdag andre februar 2013 blir once upon a time to år. To år! Tenkt at eg har blogga om bøker så lenge. Det er rart å tenke på synes eg, for eg synes det var i går at eg byrja å tenkje tanken, men nå er det snart to år. Likevel, eg merkar veldig på at det er lang tid sidan eg starta bloggen, for det har skjedd merkbare endringar her.

Innlegg mine har blitt meir fyldige, meir saklege og og meir om sjølve handlinga og boka enn bare mine meiningar. Dei første innlegga er rett og slett ingenting i forhold til dei eg skriv nå, synes eg sjølve då. Eg les bøker med eit litt meir kritisk blikk, men har òg lagt meir merke til kva som er verkeleg er bra. I tillegg har eg prøvd å halde meg på bakken når eg skal skryte av ei bok og ikkje bare rose henne opp i skyene, fordi eg har likte henne. Det har vel kome meir grungjevningar dei siste åra. I tillegg har eg blitt veldig inspirert til å lese og skrive om bøker. Eg har funne ut kva som er "min litteratur", og det har blitt mykje til at eg les mest av det eg liker, samstundes som eg prøver å lese litt andre bøker for òg for å variere.

I løpet av 2012 fann eg ut at godt skriven krim var mi greie. I tillegg har psykologiske thrillarar og thrillarar fått ein stor plass hjå meg. Historiske romanar er òg gøy å lese, men det må vere noko litt ekstra, for det er så mange historiske romanar nå snart at nokre er for vanlege til at eg liker dei. Eg liker den gløymte historia eller den historia eg ikkje har høyrt om før som sett nytt lys på hendingar. Eg har òg lese færre ungdomsbøker dei siste åra og lurer svært på kva eg las før eg byrja å lese litteratur for vaksne. (Karen Kingsbury? Ja.) Ungdomsbøker er òg bra, og dette året skal eg ta til på sammen skal vi holde himmelen blant anna. For å variere litt.

Designet på bloggen har òg endra seg. I frå å vere mørkt, litt forvirrande og forstyrrande har det blitt litt lysare og kanskje litt finare (synes eg sjølve).

Ja, dette var vel ei lita oppsummering av bloggen gjennom dei to siste åra. Eg merker at eg trives veldig som bokbloggar. Det er kjempegøy, og det skal bli fleire år. Har ikkje planar om å slutte på lang tid. 

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...