Viser innlegg med etiketten Sverige. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sverige. Vis alle innlegg

mandag 20. mai 2013

bok: en usynlig av Pontus Ljunghill

Gode omtalar frå Bokbloggeir, Berit sin bokblogg, Tines blogg, Zeldajenta og Uriks og fleire aviser. Stemningsfulle skildringar. Godt konstruert plott. Spennande tidsperiode. Det er mykje som kan bli sagt om denne boka, og eg er einig med Geir, på bloggen bokbloggeir, som har fått eit sitat på omslaget til boka. Det finst berre eit terningkast til denne boka, og det er ein seksar.

Den fenga verkeleg umiddelbart, ikkje med ein actionfylt bilscene eller ein skyteepisode, men heller med eit intenst, psykisk spennande kapittel kor me får møte mordaren i første person. Mordaren i boka er verkeleg "en usynlig" slik som tittelen seier oss. John Stierna er hovudpersonen i boka og den etterforskaren som får ansvar for mordsaka. Ei åtte år gammal jente, Ingrid Bengtsson, blir funnen drepen i Djurgårdsverftet i Stockholm, og det er tilsynelatande ingen spor etter mordaren. Det er ikkje berre på åstaden det er få spor, men òg i Stockholm. Få personar, som har sett mordaren, hugsar han skikkeleg, og han forsvinner for godt i mengda til at dei forstår kven han er.

Tjuefem år seinare, to og ein halv dag før saka er forelda, sluttar John Stierna i politiyrket og reiser ut til Visby på Gotland. Viss nokon skulle lure, er Visby ein veldig fin by. Mest interessant er gamlebyen med ein bymur rundt heile staden. Det er brusteinsbelagte gater, smale gater, koselege butikkar og restaurantar. Ja, eg har vore der. Og eg har vore i Stockholm ved Djurgården og Vasaparken og ser sånn nokon lunde for meg parken og Visby. Derfor syntes eg det var ein interessant setting rundt det, og særleg i Visby. Vel framme på Gotland møter han ein journalist som skriv om gamle kjente saker. På ein hotellbar fortel han historia om etterforskinga rundt drapet på Ingrid.

Geir på Bokbloggeir kalla boka for "slow crime". Det er ei nokså passande skildring. Det er få actionfylte kapittel, men heller fleire etterforskings-kapittel, John-Stierna-privat-kapittel og kapittel kor me får lese om mordarens tankar. Det kan verke dødsens keisamt. Boka er på  godt over fem hundre sider, og du tenkjer kanskje at ei slik bok nesten  bli for stille og for lite actionfylt. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg likte ei så stilleståande bok som en usynlig, men eg har ikkje fått noko godt svar. Eg byrja vel på boka på onsdag og brukte dagane frå onsdag til søndag på å lese to hundre sider. Dei 350 siste las eg i går i nesten eitt sett. I byrjinga var det interessant nok, og eg vart for så vidt fenga. Og det var 17. mai og på laurdag bakte eg. Det er nok grunnane  til at eg ikkje kom lengre, og forfattaren kan det å skrive. Eg trur språket har ein stor del av æra for at boka kan fenge utan særleg mykje action. Kapittela er ikkje på mange sidene, og språket er relativt lettlest, men likevel rommar det veldig mykje,

Forfattaren har òg fått med mange spørsmål om livet i boka. Dei fleste kjem gjennom Stiernas kone Karoline. Kva augneblink er det me verkeleg lever for? Kva er kjærleik? Kva er det me bruker tid på? Òg mordaren får fram spørsmål som dette. Kan mobbing og dårleg start på livet vere ein grunn for å drepe? Kunne alt endt annleis, viss han hadde hatt andre foreldre? Samstundes er tida det foregår i interessant. Det er ein historisk krim, og ein blir kjent med Stockholm på den tida. Den politiske situasjonen, organiseringa av politiet og levemåten i Stockholm kjem fram i boka.
Det er veldig typisk krim med all etterforskinga som foregår i boka. Metodane er ikkje slik som i dag, men eg stiller likevel spørsmål om dei hadde all teknologien i 1928 som boka viser. Likevel har forfattaren skrive at ikkje all informasjon er heilt riktig, og det er trass i alt skjønnlitteratur. Hadde forfattaren vist til boka som meir sann enn det ho er, hadde det vore meir tvil hos meg. Når forfattaren sjølv seier at alt ikkje nødvendigvis er sant, taklar eg litt feilaktige opplysningar. Dette er nok ikkje boka for dei som synes vanleg krim er keisamt og ikkje liker det. Avhøyr og spørjerundar er det med.

Eg følte meg tilfredsstilt då eg var ferdig med boka. Alle trådane var samla til slutt, og ein meir spennande slutt har eg neppe opplevd. Den var både uvanleg og overraskande. Ei lita stund lurte eg på kva eg kom til å sitje igjen med, men det gjekk over då siste linje var lesen. Han haldt på spenninga til siste slutt. Det var ein avslutning som stod i sterk kontrast til Jo Nesbøs avslutning på gjenferd. Då sat eg igjen med ein tanke  hovudet mitt, og det var "Kva skjedde no?" Eg følte ikkje at alle trådar var samla, eg følte ikkje at eg hadde fått nok, og eg følte meg langt frå tilfredsstilt! Ljunghill har gjort det betre enn det Nesbø gjorde i gjenferd. Det kan vere at Nesbø-fans vil vere ueinig med meg, og kanskje dei vil seie at eg ikkje forstår heilt Harry Hole og forfattarskapet. Nei, eg forstår ikkje Nesbø-febaren, og personleg likte eg denne betre. 

søndag 17. mars 2013

bok: den femte årstiden av Mons Kallentoft

Om vondskap

Eg har laga ei mykje kortare innleiing til denne boka enn eg plar å gjere, fordi eg kunne ikkje få ned nokre fleire ord. Vondskap er det som skildrar handlingane i denne boka best. Markabert, vondt og fælt. Korleis klarar nokon å skrive noko slikt som dette? Når eg skriv denne omtalen, sit eg og høyrar på ABBA-musikk, for å ha noko litt lettare å forholde seg til. Det kan verke rart når de les vidare, men nokre gonger det vonde så absurd og fælt at du må ha noko anna òg å ha. I songen eg høyrer syng Amanda Seyfried frå Mamma Mia-filmen "I have a dream." Seinare syng ho "to help me through the reality". Det er nokre ord som passar perfekt i denne samanhengen. Hanlinga i boka konsentrerar seg rundt ei tema som både er tabu, men likevel veldig omstridt. I det siste har det vore mykje om det i media, ikkje fult så mykje frå Noreg, men frå India. Temaet er valdtekt, og hendingane i India gir eit litt anna perspektiv etter denne krimromanen. Det kjem nærare og verker endå meir grotesk. Der har det vore gruppevaldtektar på gruppevaldtekar (og nå seier eg ikkje at dette har noko med løysinga å gjere), og eg vart sjokka då eg høyrte at nokre menn hadde forgripe seg på ei jente på tre år! Dei er barbarar dei som gjer slikt. Dei er dyr!

Dette tenkjer òg hovudpersonen i boka til Kallentoft, Malin Fors. Dette er femte boka eg les om den ivrige, besette, tøffe, dyktige politietterforskaren. Ho har eit eige "image". Ho er ustoppeleg, men av og til kan det verke som at det likevel er umogleg. Men slik som ei kjent sykkelstjerne (Dag Otto) i Noreg seier: "Ingenting er umulig. Det umulige tar bare litt lengre tid." Dette trur eg er mottoet til Fors utan at ho veit det sjølv. På ein ferie saman med kjærasten møter ho ei kvinne som jobber på ein klinikk i Lund med personar som er veldig psykisk svake. Kvinna fortel henne om ei kvinne som er der som vart valdteken og etter det ikkje har sagt eit einaste ord. Malin tenkjer med ein gong på ei kvinne i Lindköping er i same situasjon, Maria Murvall. Ho vart valdteken og sit nå på ein klinikk heilt stum, til stades fysisk, men ikkje psykisk. Nysgjerrig som Malin er, vil ho finne ut kven som har gjort dette med jentene, og samstundes skjer det på nytt. Ein familie finn eit lik i Lindköping på ein vakker maidag. Malin ser straks ein samanheng mellom dette og dei to andre. Ho er besett av å finne ut kven som har gjort det, og det same er kollegane på mange måtar. Dei er alle sjokkert over kva eit menneske kan gjere, og spørsmålet om kor langt dei kan gå for å finne svar reiser seg. Gjer det noko kva middel dei tek i bruk for å kome til mål?

Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde "snakkar" til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste  blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.

Sommerdøden handla òg om valdtekt og var veldig spennande. Likevel er denne boka endå meir grotesk, set seg endå meir inn i denne vondskapen. Ei valdtekt er noko ei kvinne vil ta med seg resten av livet, viss ho overlever. Det set sine spor, slik er det berre. Ufrivillig sex er eit av dei største haldnignsproblema i samfunnet i dag. Ikkje haldninga til kvinna, men til mannen som utfører det. Menn utnyttar styrken sin på den mest groteske måten som finst, og det som skjer etterpå er forskjellig får person til person, men likevel vil det prege eit menneske. Kvinnene i denne boka har fått gjennomgå, og det same fekk kvinnene i sommerdøden. Kallentoft tar i desse krimbøkene opp eit sentralt tema i dagens samfunnsdebatt og stiller spørsmål som kanskje andre òg stiller seg, men som ikkje blir nemnt i media. Kan ein tilgi nokon som gjer eit anna menneske så vondt? Er dei verkeleg menneske? I ei slik sak, kan du gjere alt for å ta den som har teke det? Har du rett til å gjere alt for å straffe ein slik person? Og kva viss det hadde vore nære familiemedlem? Kva hadde me gjort då? Kor sterkt hadde hatet blitt? Mellom linjene finn med ubesvarte spørsmål som er aktuelle og sårbare tema.

Nå har spelelista gått over på SOS frå same film. Sjølv om det i ein annan samanheng vil seg sitere nokre linjer som har sett seg fast nå: "I tried to reach for you, but you have closed your mind" og "you seem so far away though you are standing near". Det er slik Malin føler det overfor Maria Murvall i den femte årstiden. Langt borte, men likevel så nær. Samstundes som Malin er besett og arbeidar på spreng for å finne den skuldige, er det andre som ikkje er like engasjert lengre. Sven Sjöman, ein som har leia etterforsking etter etterforsking med stort engasjemnt og ei stø hand verker nå uengasjert og umotivert. Skjebnane til kvinnen verker ikkje til å gå like hardt innpå han som dei andre. Likevel er dei andre kollegane tøffare enn nokonsinne. Börje, Johan, Zeke, Karim, Karin og Waldermar. Det er unntakstilstand på politistasjonen. Karin blandar seg plutseleg meir inn i etterforskinga, stiller spørsmål på linje med dei andre. Waldemar, som alltid har hatt omdiskuterte metodar, går endå fleire skritt lengre. Johan har gått frå usikker familiefar til sikker ekspert på data. Börje er Waldermars mindre valdelege konpanjong. Zeke er Malins, hennar høgre hand, bremse og pådrivar. Alt blir forandra i denne boka, sjølv om mykje er det same gamle.

Plottet i boka er genialt, kven har gjort dette med jentene. Språket suger ein til seg like sterkt som i dei andre bøkene. Det er frramleis poetisk, men minst like lett forstålege som elles. Eg trur det er eit språk du enten liker eller ikkje liker. I tillegg har forfattaren brukt gjenntaking og linjedeling som sterke verkemiddel. Det høyres mest ut som ein diktanalyse, men det er heller poetisk språk sett inn i ein samanheng der det blir ein kontrast til handlinga. Kallentoft gjer som vanleg ein strålande jobb. Han er tydeleg og klar, og me kan òg lure på om det ligg eit snev av samfunskritikk under språket. Spark til overklassa og dei rike og måten samfunnet er. Eit lite spark til kor lett det er å nå det ein vil om ein har nok pengar.

Malin Fors kavar med nok eit mysterium med nesten usynlege spor. "Slipping through my fingers" er ord som kjem tilbake til meg frå songen med same namn, denne gongen framført av Meryl Streep i filmen Mamma Mia.

lørdag 16. mars 2013

Bok: midtvinterblod av Mons Kallentoft

Eg synes eigentleg at krim er noko av det som er vanskelegast å omtale, for du skal ikkje røpe for mykje, men likevel gjere det spennande. På omslaget til boka, som er forholdsvis avskrekkande viss du ikkje har eit nært forhold til krim frå før av, står det: "...aldri kjedelig. Ikke et sekund." Dette skreiv Ambjørnsen om boka i VG. Eg er einig, men skal utdjupe endå meir enn det.

Dette er første boka Kallentoft laga om politietterforskar Malin Fors. Ho vart gitt ut for fem år sidan. Sjølv om eg har lese fleire krimbøker av Kallentoft om Marlin Fors før og kjenner alle karakterane ut og inn, følte eg ikkje at presentasjonane var keisame og at det føltes rart å lese denne boka nå. På same måte som alltid blir karakterane skildra gjennom gjerningar, ord og kva livssituasjon dei er i. Eg hadde heller ikkje peiling på kva som var svaret på krimgåta i boka, for Kallentoft har skrive ein krimserie kor svaret på sist krimgåte ikkje har noko med den neste å gjere. Alt var nytt og spennande.

I denne boka får Malin Fors og Zacharias "Zeke" Martinsson ei uvanleg drapssak på bordet. Ein kald vintermorgon kjører ein mann mot Lindköping. Han har vore hos elskerinna og har valt ein annan veg heim enn vanleg sidan det er natt. Eit nokså uventa syn møter han: Eit lik av ein svær mann som heng i ei grein på eit tre. Det blir Malin, Zeke og dei andre i polititiet som skal oppklare saka. Først peiker bevisa mot Åsatrusamfunnet og vinterritualet Midtvintersblot. Har det noko med dette å gjere eller er det noko anna som er årsaka til at ein mann har blitt hengt opp i eit tre.

Mordgåtene til Kallentoft verker alltid veldig godt gjennomtenkte. Det er umogleg å finne svaret på gåta utan å lese vidare. Kallentoft haler ut handlinga og lar svara vente på seg, utan at det trekker ut så lenge at ein vil legge frå seg boka. Eit anna verkemiddel er skrivemåten. Linjedeling, korte setningar, poetisk språk, men likevel fult forståeleg er eit kjenneteikn på denne forfattaren. Ein blir teken med inn i ei verd som er både realistisk, men likevel vond å forstå seg på. Nokre hendingar og svar gjer at ein kjenner at medkjensle og sympati blir vekka, samstundes som at det skjærer ein i hjartet å høyre kva nokon kan finne på å gjere for å skyve vekk minner og fortrenge sanninga. Det er forholdsvis få karakterar som er med, i forhold til i andre krimromanar. Kallentoft plar ikkje å skrive om store spel der landet eller byen er truga. Det plar å vere ei gåte som gjer at han må skildre menneske og liva deira på ein heilt annan måte andre andre krimforfattarar. Det kan vere som veldig typisk, norsk politikrim, men det skiljar seg ut på den måten at krimgåtene på mange måtar er annleis.

Denne boka er ikkje veldig annleis frå dei andre, men krimgåta er alltid ny. Du har ikkje ei kjensle av at du har else det før. Karakterane er skildra på ein måte som gjer at du tenkjer du kunne ha møtt dei "in real life". Malin Fors er som vanleg ein spanande karakter. Ho stiller mange spørsmål som me òg kan kome på å stille oss. Spørsmål rundt kjærleiken til ei mor, rundt tenåringslivet, rundt kor fort eit barn veks til, rundt kjærleik og rundt krimgåta. Ho er ikkje ei kompromisslaus, kjenslelaus dame, men heller ei hardtarbeidande, sympatisk, tøff mor som er veldig glad i dottera, men bruker litt for mykje tid på jobben. Noko av grunnen til den altoppslukande interessa ho viser i bøkene er at ho tilsynelatande ikkje får fred før ho har oppklart kva som skjedde. Ho føler på eit ansvar ovanfor personen som er kidnappa eller drepen, noko som gir endå meir driv i boka.

Kollegane hennar er òg personar du kan møte "in real life". Som eg skreiv pregar livssituasjonen og gjerningane dei. Zeke er gift, har ein son som speler på is-hockeylaget, men er langt meir interessert i jobben og korøvingane enn å gå på sonen sine is-hockeykampar, uansett kor bra han gjer det. Börje er gift med ei kone med MS, har ein stor kjærleik til hundar og liker å vere på skytebanen for å få "lufta seg". Johan Jackobsen er ein firebarnsfar som er delt mellom jobben og familien. Karin Johanisson er den dyktige kriminalteknikaren som er gift, pliktoppfyllande og den som blir rakka mest ned på på stasjonen. Sven Sjöman er den stødige på politistasjonen, og Karim Akhbar er den PR-kåte, som gjerne stiller opp i lokalavsia som talsmann for politiet. Etter kvart som ein les bøkene veit ein på mange måtar kva dei gjer, men kan på andre måtar bli heilt totalt overraska over nokre karakterar.

Denne omtalen vart ikkje så mykje om sjølve boka, men kanskje meir generelt om serien. Om boka kan eg seie at var eit genialt plott, og minst like god som dei andre! Heilt i slutten vil eg dele nokre tankevekkande setningar frå side 403 i midtvinterblod:
Hva skjer når man lyver for barna sine? Når man gjør dem noe vondt? Slukner en stjerne på himmelen, da?

tirsdag 11. desember 2012

ellevte desember: bokomtale - nattefokk av Johan Theorin

I slutten av november og i byrjinga av desember bestemte eg meg for å feriere litt på Öland, eller kanskje bli med til Öland via ei av bøkene til Theorin. Nattefokk var akkurat som skumringstimen, fantastisk spennande og til å få mareritt av.

Hovudpersonen i nattefokk er Joakim Westin. Saman med kone og barn har han flutta til garden Åludden på Öland, og planane for den gamle garden er mange. Likevel går nesten aldri planar slik du vil, og aller minst i bøker. Spenninga i boka heilt frå første side, og Theorins vage hinting om at noko skal skje, gjer at her forstår ein at noko skal gå gale. Ein dag når Joakim reiser til Stockhold for å hente eit gammalt arvestyke skjer det utenkelege. Politiet slår på tråden.
"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnne til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.

Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp og oppfostrast utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida får med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.

Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvesagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Paralellt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som at låste dører plutseleg er opne og hemmelege rom er ingredienser i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.

Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaften, møtes alle personane i boka i eit blodig samanstøt.

Theorin sine bøker gjer at ein sit go tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromarar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk er bra. Akkurat der minner han meg litt om J. K. Rowling. Rowling skriv om eit fantasiunivers, når ho skriv om Galtvort og Harry Potter. Likevel får ho oss til å kjennes oss igjen i karakterane, som det at dei  har mykje lekser, er forelska, har venner og uvenner og har problem med familie og lærarar. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanefor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likvel kjenner ein oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".

Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterier og har mange historeir å kome med om det meste. 

onsdag 10. oktober 2012

haustkrim: Høstoffer av Mons Kallentoft

I den fine anledning haustferie (i alle fall for meg) er det vel på sin plass å anbefale litt krim, eller kva? I vår las eg dei tre siste bøkene i serien til Kallentoft, og eg må bare seie at han er min favorittkimforfattar, utanom Gillian Flynn. Hans spesielle skrivemåte tar meg ikkje bare inn i boka, men òg med på alle eventyra og all spenninga.

Malin Fors er som vanlig hovudpersonen, men det er ikkje bare henne me følgjer gjennom bøkene. Me følgjer òg dei andre i politihuset og vitna i saka, i tillegg til familien til Malin. I denne boka er det ein godseigar, Jerry, som blir funne i Volgrava ved sitt eige gods, og Malin prøver å finne ut meir om mannen og om forholdet hans til dei tidlgiare eigarane. Kven har myrda han?

Eg må bare seie at desse bøkene held deg på pinebenken. Nokre synes skrivestilen til forfattaren er litt for spesiell, men eg har alltid synes at skrivestilen er noko av det beste. Språket er fengande og det er gode skildringar og ei mengd spennande hendingar. I tillegg er det ikkje bare krim og mysterier, men òg mykje om Malin Fors' privatliv.

lørdag 30. juni 2012

bøker: "havfruen" og "fyrvokteren," begge av Camilla Läckberg

Det er lenge sidan eg las desse, og derfor blir det bare to små innlegg.


havfruen av Camilla Läckberg

Christian har nettopp gitt ut si første bok, havfruen, og lanseringsfesten står for døra. Men midt i festen får Christian eit trusselbrev, eit i ei lang rekke sidan han byrja å skrive boka. Dette, saman med at hans beste kamerat og tobarnsfaren Magnus nettopp har blitt funne drepen, etter å ha vore borte i tre månadar, får Tanumshede politi til å byrje å lure. Men for å finne svaret på mysteriet, må dei leite bakover i tida.

Boka var nervepirrande, og skrekkelig spennande. Likevel var det noko som mangla, og eg visste kven som var skyldig allereie før boka var halvvegs. Ho var god, men ikkje i nærleiken av ulykkesfuglen, steinhuggeren og englemakersken. 

For å finne ut meir om boka kan du gå her, på Gyldendals nettsider. 

fyrvokteren av Camilla Läckberg

Ein mann blir funnen myrda i sin eigen bolig, og ingen har sett noko. Det einaste politiet veit er at han var ut på øya Gråskär, for å besøke ein gammal barndomskjærast, rett før han blei skoten. Kva har skjedd? Er det barndomskjærasten som har myrda han, eller er det personar frå fortida som har kome tilbake? Og kva er grunnen til at ingen veit særlig mykje om han?

Fyrvokteren kjeda meg skikkelig, og grunnen var kanskje at då eg byrja å lese, var eg grådig lei Läckberg, men for å ha lese alle åtte, måtte eg lese denne òg. Den fenga ingenting før slutten, og eg syntes ikkje komplottet denne gongen var interessant nok. Sorry, Läckberg. Denne gongen var det ikkje meg du appelerte til.

For å finne ut meir om boka kan du gå her på Gyldendals nettsider. 

søndag 10. juni 2012

bok: predikanten av Camilla Läckberg


En liten gutt sniker seg en sommermorgen ut for å leke ridder i en kløft i Fjällbacka. Leken tar brått slutt da han får øye på en død kvinne. Begravet på stedet der kvinnen blir funnet, oppdager politiet skjelettene av ytterligere to kvinner. De to forsvant sporløst i 1979. For Patrick Hedström og kollegene hans i Tanumshede politidistrikt er det en vanskelig sak. Johannes Hult, sønn av en kjent frikirkepastor, kalt Predikanten, ble mistenkt for de gamle drapene, men døde uten å tilstå. Står politiet overfor en ukjent drapsmann som dreper igjen etter et opphold på mer enn tjue år? Eller dreier det seg om en sinnssyk morder som søker inspirasjon i de gamle drapene? Var Johannes Hult så uskyldig som han hevdet? Camilla Läckberg (f. 1974 i Fjällbacka) debuterte som krimforfatter i 2003 og har siden skrevet seks romaner om Erica Falck og Patrik Hedström. To av disse, Predikanten(2005) og Steinhuggeren (2006) er blitt nominert til Årets bästa svenska deckare. Camilla Läckberg bøker er solgt i over to millioner eksemplarer bare i Sverige og er filmet av svensk TV.
Dette er ei bok eg har høyrt mykje skryt om, og den nådde opp til forventningane, men ikkje høgare. Sjølv synes eg at både ulykkesfuglen og englemakersken har vore betre enn denne.

Erica Falck og Patrik Hedström er tilbake igjen, Erica høggravid og lei av å vere heime, og Patrik travelt opptatt på jobb. Og sidan det er sommar kjem det òg gjester til huset deira for å nyte Fjällbacka "in summer," noko som kan vere både slitsamt og kjedelig.

Heldigvis dreier ikkje heile boka seg om dette. Nå var eg så dum at eg byrja på fyrvokteren på skulen her ein dag, for eg gløymte å ta med meg predikanten, og derfor rota bøkene seg litt saman, men det gjekk fint, og eg fekk nok fullt utbytte for denne boka.

Ei laaaaaaaaaang stund trudde eg eg visste kven som var mordaren. Trudde. Dessverre var eg ikkje like god til å gjette denne gongen som dei andre gongene, men i havfruen veit eg kanskje kven det er.

Uansett, litt liten omtale, men eg er så dårlig på å skrive omtalar av krim at det er heilt fælt. Du kan ikkje røpe for mykje, men så må du pirra lesarane, og den balansegangen er VANSKELIG!

torsdag 7. juni 2012

bok: tyskerungen av Camilla Läckberg

Hvorfor har Erica Falcks mor tatt vare på en tysk medalje fra andre verdenskrig? Erica finner medaljen i en gammel kiste på loftet sammen med morens dagbøker og en liten barnegenser med flekker av blod. Spørsmålet gjør henne urolig, og til slutt oppsøker hun en pensjonert historielærer som har spesialisert seg på nazismen, for å få vite mer. Men mannen svarer unnvikende og oppfører seg underlig. Ikke lenge etter blir han funnet død, drept av et kraftig slag mot hodet. Da Erica til slutt bestemmer seg for å lese dagbøkene, oppdager hun at moren kjente mannen, og at de to en gang hadde felles venner. Kan hennes møte med mannen ha satt i gang et hendelsesforløp som førte til drap? I Tyskerungen er det Erica Falcks egne familiehemmeligheter som avsløres, samtidig som politiet på Tanumshede politistasjon må prøve å klare seg uten Ericas makker Patrik Hedström, som har pappapermisjon.Camilla Läckberg (f. 1974 i Fjällbacka) debuterte som krimforfatter i 2003 og har siden skrevet fem romaner om Erica Falck og Patrik Hedström. To av disse, Predikanten(2005) og Steinhuggeren (2006), er blitt nominert til Årets bästa svenska deckare. Camilla Läckbergs bøker er solgt i over to millioner eksemplarer bare i Sverige og er filmet av svensk TV.
tekst og bilete frå Gyldendal.no

Eg skal innrømme at eg syntes denne boka var SKIKKELIG treig i byrjinga. Det skjedde liksom ikkje så mykje. Men heldigvis tok ho seg opp, og det blei ei fin leseoppleving til slutt, om kanskje ikkje så god som dei andre bøkene av Läckberg, så god.

Det at det denne gongen er nærare til hovudpersonane gjorde det litt meir spesielt, for då forstår du veldig godt grunnen for å finne ut av det. Likevel var det ikkje det mest spennande mysteriet. For å skryte litt (igjen) fann eg ut før polititet kven det var, eller eg hadde mine mistankar, og dei blei bekrefta i slutten.

Nå må eg ikkje seie kven eg mistenkte, men la meg seie at etter å ha lese ein del bøker av denne forfattaren har eg forstått kven det var mange gonger. Likevel greier eg aldri å forstår heilt kvar som har skjedd, sjølv om eg veit kven som har gjort det. Veldig bra skrivemåte av Läckberg som røpar nok til at me kanskje kan finne gjerningsmannen, men ikkje nok til å vite alt. Du sit med undrande spørsmål om boka. Kva skjedde eigentlig? Kvifor skulle han/ho gjere det? Det er bra!

Som sagt boka var ikkje så god som dei andre av Läckberg, men likevel bra. Eg har ein stor kjærleik til svensk krim etter at eg las Kallentoft i mars og april, og nå har byrja på Läckberg og Theorin. Läckberg har løfta heile interessen betraktelig, og til hausten skal eg byrje på Marklund sine bøker, bare for eg elsker Läckberg sine bøker.

Tyskerungen har absolutt ikkje fått meg til å miste interessa for Läckberg. Tvert i mot. Nå sit eg og les predikanten og etterpå skal eg til på havfruen og boka som kjem etter den.

Så, ei god bok, men ikkje like god som dei andre av Läckberg.



tirsdag 29. mai 2012

LäCKBERG SPESIAL: OMTALE AV TRE KRIMBØER AV LäCKBERG

Dette er då eit "Läckberg spesial-innlegg" der eg presenterer tre av Läckbergs krimbøker. To av dei er i serien om Patrik Hedström, og den siste er om Martin Molin, ein liten pocketutgåve som er veldig Agatha Christie og bare på litt over 150 sider. Eg tar det etter kva bok eg las først og fram til den eg gjorde ferdig i dag. Seinare vil det òg komme innlegg om smaragdgrønn av Kerstin Gier.

snøstorm og mandelduft 



En snau uke før jul samles familien Liljecrona til slektstreff på øya Valö utenfor Fjällbacka, og Martin Molin ved Tanumshede politistasjon må følge med sin venninne Lisette Liljecrona. De er samlet på oppfordring av familieoverhodet Ruben, som styrer slekten med jernhånd.
Men forbindelse til fastlandet blir brutt av en kraftig snøstorm, og da Ruben faller død om under middagen, tvinges Martin som politimann til å gripe inn. Han konstaterer raskt at Ruben er blitt drept, og at alt tyder på at noen har forgiftet ham. Ettersom de er isolert på øya, må den skyldige være å finne i familien. Men hvem?
Kortromanen Snøstorm og mandelduft er et lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd.


tekst og bilete frå Gyldendal.

Ja, boka er kanskje i ekte Agatha Christie-ånd, utan at eg kan uttale meg om det, sidan eg aldri har lese noko av henne, men andre seier det at høyres veldig Agatha Christie ut. Etter det eg har høyrt om henne synes eg òg det. Boka er langt i frå like velskriven som dei andre, men det er jo forståelig med tanke på andtal sider. Kanskje det går an å legge på eit lite antal med det, for så å skrive betre, men lengre. Litt over 150 sider er rett og slett litt for lite, sjølv om det bare utspelar seg over nokre får dagar. Komplottet og mysteriet var betre. Der synes eg ho fiksa det, og til tider var det veldig spennande. Läckberg kan krim.

Martin Molin er med kjærasten Lisebette til øya, og sjølvsagt kjem det ein snøstorm. Ikkje akkurat veldig gøy kan me vel seie, men slik er det. Samstundes døyr det ein person, overhovdet i familien Rune. Han skal ha vore grisk og ha hatt for høge forventningar og ambisjonar til barn og barnebarn.

Andre som er samla er Lisebettes foreldre, bror, onkel, tante og søskenbarn. Alle har kvar sin personligdom, og med det kvar sin måte å takle ting på. Nokre taklar det betre enn andre.

Eg sa i omtalen av englemakersken at personane var alt for stereotype. Det er dei i alle fall her. Eg synes at dei var dårlig laga, og heile skildringane var bare teite. Var du dum, var du skikkelig dum. Var du snill, ja, så var du snill. I tillegg var det veldig klisjé av og til, og ho kunne brukt mange av sidene med unyttige opplysningar til å gjere boka betre. I tillegg var løysninga sånn rask utveg som var alt for enkel. Heile avslutninga blei feil i boka. Sorry, Camilla Läckberg, dette var skuffande. (men den er kort, så det går ikkje meir enn eit par timar å lese ut, så det er lov å prøve)

ulykkesfuglen


Marit Kaspersen rørte aldri alkohol. Likevel har hun en promille på 6,1 da hun blir funnet død i bilen sin etter en utforkjøring. Hun har også noen uforklarlige blåmerker og rester av tape rundt munnen. Patrik Hedström og kollegene hans på Tanumshede politistasjon oppdager etter hvert at det har vært liknende tilfeller andre steder i Sverige, og skjønner at de står overfor en morder som får det til å se ut som om offeret har omkommet på grunn av rattfyll. En avrevet side fra eventyret om Hans og Grete er alltid etterlatt i nærheten av den drepte. Like etter Marits død blir en av deltakerne i reality-serien Fucking Tanum, som spilles inn i Fjällbacka, funnet myrdet i en søppelcontainer. Har denne saken noen sammenheng med de andre drapene?


tekst og  bilete frå  Gyldendal

Denne fenga heilt i frå byrjinga. Innleiinga, med handling i frå ein stad som me ikkje visste noko om, var veldig Kallentoft i skrivestil, men samstundes veldig Läckberg. Kjempeflott. I tillegg kan ho det med å byrje ei bok med ulykka som skjer og ikkje med noko heilt anna. Det gjer at du slepp å tenke på om det snart skal skje noko i boka.

Hanna er den nye arbeidaren på politistasjonen i Tanumshede. Etter litt påpeik frå øverste hald har Mellberg endelig ansatt ei jente for å vege opp litt på kjønnsfordelinga. Allereie før ein time på stasjonen har gått er ho og Patrik ute og ser på ei bilulukke. Som det står over, Marit Kaspersen er offeret og kraftig berusa, sjølv ho aldri har rørt alkohol. I tillegg til dette er det andre merkelige skadar på kroppen hennar.

Avhøyra byrjer og Patrik, Martin, Hanna og alle dei andre må byrje å nøste opp trådane i mysteriet. Samstundes kjem bryllupet til Patrik og forfattaren Erica Falck nærare, og Patrik jobbar stadig. Blir dei ferdige i tide?

Unektelig spennande og veldig velskriven. Det var tydelig at boka var populær og tydelig lesen mange gonger. Den var brun og hadde eit preg av å vere lesen ekstremt mange gonger, noko som er veldig forståelig. Eg elsker heile komplottet og alt. Og i tillegg, litt skryt til meg sjølve, eg fann ut før politiet kven det var, haha, ikkje på grunn av dårlig skriving, men fordi eg alltid tenkar nøye gjennom det. Mange andre les og ser kva som skjer, eg må tenke òg når eg les krim, og av og til treff eg det som er korrekt.

Denne boka er heilt klart ei av dei beste i mai.

steinhuggeren



En hummerfisker finner liket av ei lita jente i en av teinene sine. Politiet tror først at det dreier seg om et ulykkestilfelle. Men obduksjonen av syv år gamle Sara viser at hun har ferskvann i lungene. Noen har tatt livet av henne og siden kastet henne på havet. Og noen må ha fôret henne – med aske?
For Sara har aske i munn, mage og lunger. To andre barn utsettes senere for forsøk på askemating. Asken har en lang og makaber historie og er nøkkelen til mysteriet. Drapet har en forbindelse med Agnes Stjernkvist. Hennes historie begynner i Strömstad på 1920-tallet og får tragiske følger i nåtid. Det er en historie om hvor langt man kan være villig til å gå for å få det man ønsker seg.



tekst og bilete frå Gyldendal

Nettopp ferdig med denne triste, men nervepirrande boka. Tenkt å drepe eit barn på den måten! Det er rett og lett heilt bortanfor min forstand at nokon kan gjere noko slikt. Patrik og dei andre i politiet får denne gongen ei veldig vanskelig nøtt. Her er ikkje personane så stereotype lenger heller. Det gler meg stort at dei ikkje er det.

Paralelt med historia om Sara og politietterforskinga får me òg høyre om Agnes og Steinhuggaren Anders som levde på 20-talet. Det er historie om kjærleik og å vere grådig. Det skal snart vise seg at denne historia har noko å seie for nåtida.

Eg har sagt det før, skrekkelig vanskelig å skrive omtale av krim. Håper eg ikkje røper noko for dykk, så derfor skriv eg heller noko om kor god denne boka var. Den var kanon, med unntak av løysinga. Det eg tippa på at var rett denne gongen var dessverre ikkje rett. Det merkeligaste i heile boka er ein nabofeide midt opp i alt det andre. Det synes eg er veldig morosamt, men samstundes litt sånn: "FÅ GANG PÅ ETTERFORSKINGA!!" Det gjer at alt blir endå meir nervepirrande. Gled dykk til å lese denne, om de ikkje allereie har gjort det då.

Nå er dette innlegget slutt, og eg avsluttar med songar i frå Eurovision. Sverige vann, og eg er superglad, for eg heia nemlig på Loreen. Nydelig sang!! I tilegg hadde Island ein veldig fin.



tirsdag 22. mai 2012

bok: englemakersken av Camilla Läckberg

ei utrulig velskriven bok av ein flott krimforfattar

Påsken 1974. En familie forsvinner sporløst fra øya Valö utenfor Fjällbacka. Middagsbordet er sirlig dekket, men alle, bortsett fra ettåringen Ebba, er borte. Er de ofre for en forbrytelse, eller har de forsvunnet frivillig?
Gåten blir aldri løst.
Mange år senere kommer Ebba tilbake til øya og huset der hennes far med jernhånd har ledet en internatskole. Hun og mannen hennes, Mårten, har nettopp mistet sin tre år gamle sønn, og i et forsøk på å komme over sorgen har de bestemt seg for å pusse opp det gamle huset og starte en liten Bed and Breakfast.
Men nesten før de får etablert seg, er det noen som forsøker å tenne på huset. Og da de begynner å fjerne gulvplankene i spisestuen, finner de størknet blod under...
Tekst og bilete frå Gyldendal.no  


I 30 grader og steikande sol har eg sete ute (på Jæren!!!!!!) i dag og lese englemakersken av Camilla Läckberg. Utrurlig bra bok som har halt bilkket mitt nagla fast til sidene konstant. Det var nedtur då eg måtte legge frå meg boka då det var middag. Likevel, på tross av at eg av og til ufrivillig måtte legge frå meg boka, fordi eg tok på meg solbrillene, (og ikkje greier å lese utan mine andre briller), så blei eg ferdig. 


Ein forfattar som Erica som hovudkarakter var verkeleg noko som gjorde at eg blei fenga. Eg synes forfattarar, politi of journalistar er dei mest spennande hovudpersonane i ein krim, og i denne boka gav Läckberg meg alt. Her var alle yrker med. 


Det er skikkelig vanskelig å skrive omtale av krim, for det er vanskelig å ikkje røpe noko, men eg kan seie at det var både fengane, spennade og overraskande. Patrik, Erica, Ebba, Mårten og Anna var personar det var kjekt å "bli kjent med." Sjølv om boka skildrar forferdelige tragediar, så er det òg dosar av ordinært familieliv, og litt mindre ordinært familieliv. Litt stereotype personar kanskje, og kanskje litt svart-kvitt og klisjé, eit litt negativt punkt, men er det ikkje slik det skal vere då? 


Eg forstår ikkje kvifor dei største krimforfattarane kjem i frå Sverige (sjølv om me har Jo Nesbø og Anne Cecilie Remen). Kallentoft, Theorin og Läckberg. Det neste eg skal ta til med er Kerstin Gier, men så blir det meir Läckberg, Theorin og Kallentoft, og kanskje litt andre forfattarar òg.


Nå skal eg kose meg med smaragdgrønn resten av kvelden og håpar at den siste boka i serien er minst like bra som dei andre. 


lørdag 12. mai 2012

bok: skumringstimen av Johan Theorin

Nervepirrande!



Og først nå får guttens mor Julia Davidsson høre om Nils Kant, som en gang satte skrekk i folk på øya. Han forsvant lenge før Julias sønn. Likevel hevder flere at de har sett Nils Kant – at han iblant vandrer omkring på det ölandske alvaret i skumringstimen.
Hva skjedde egentlig den tåkefylte høstdagen for tjue år siden? På mesterlig vis ruller Johan Theorin opp en historie der fortiden kaster skygger over nåtiden.
Då er det ei lita stund sidan sist bokomtale, men slik får det bare bli i desse tider. Uansett har eg hatt ei veldig spennande og nervepirrande leseoppleving.


Heile komplottet og settinga i boka verka spennande på meg, då eg las om boka første gong. Eg var ho så heldig å vinne denne boka og nattefokk hjå Elida på my first, my last my everything. Å lese denne boka var i alle fall suksess, sjølv om det har gått litt ekstra lang tid.

Eg lurer på kva det er med svenske krimromanar som gjer dei så gode? Mons Kallentoft, Johan Theorin og Camill Läckberg, dei tre store. Og endå fleire som eg ikkje kjem på, men som òg er i frå Sverige. Lisa Marklun skriv vel òg krim.

Tilbake til boka, så spennande og nervepirrande bok opplever me sjeldan. Eg kjente det langt inne. Det er noko eige med bøker som dette, og når dei i tillegg tar med litt "spøkelser" og gamle historier i frå Öland i forteljinga (sjølvsagt oppdikta), så blir det ekstra bra.

Eg likte absolutt alt med denne boka. Strukturen, den autorale forteljarvinkelen og hoppa tilbake i tid. Det er slikt som fengar og gjer ein god krim til nettopp det, ein god krim. Om du ikkje har prøvd Theorin sine bøker tidligare, så anbefales det å gjere det nå.

Både Gerlof og Julia var gilde personar å bli kjent med. Litt spesielle kanskje, og mange av personane verka som folk som tok ting i sine eigne hender. Veldig lite samfunn der alle kjenner alle, men likevel ikkje kjenner kvarandre sånn kjempegodt. (Veit ikkje om de forstår kva eg meiner)

Eg sit igjen med både gode og litt småtriste kjensler etter ei slik bok. Den hadde både ei god og ei dårlig side, og den dårlige sida likte eg absolutt ikkje. Litt sur blir eg alltid når ting ikkje går som eg har tenkt, men likevel kan eg ikkje alltid få viljen min.

Noko av det beste var at han brukte verkemiddelet med ein nesten altvitande lesar. Altså at me visste alltid litt meir enn personane i boka. Då er det spennande å vente på kor tid og korleis noko skjer, når me veit at det kjem.

Til slutt min vanlige reklame: giveawayen min her! De kan vinne enten vente på Robert Capa eller sjelekista. Det er sponsa av Bazar forlag. 

mandag 30. april 2012

bok: høstoffe av Mons Kallentoft

Lese god krim? Prøv høstoffer 


Regnet øser ned over slottet Skogså utenfor Linköping; de tunge dråpene slår over jordene og hamrer mot kroppen som flyter i vollgraven. Det er den nye eieren av slottet som har endt sine dager der - den hensynsløse advokaten Jerry Petersson. Kriminaletterforsker Malin Fors mistenker raskt de tidligere eierne, den høyadelige familien Fågelsjö som neppe har solgt unna slektens arnested til jyplingen Petersson med glede. Men hvem var egentlig Jerry Petersson bak alle pengene, de dyre dressene og kunsten? Dette er tredje del i Mons Kallentofts serie om drapsetterforsker Malin Fors ved politiet i Linköping. Serien ble innledet med den kritikerroste boken Midtvinterblod, som kom på norsk i 2008 - og oppfølgeren Sommerdøden, som lå mange uker på bestselgerlisten sommeren 2009.
 Tekst og bilete frå cdon.no 

Malin er tilbake igjen etter bok nummer to, sommerdøden, men i ein litt meir "skrøpelig" utgåve. Alkoholproblem og psykiske problem er bare noko av det som pregar livet hennar i denne boka. Samstundes kjem saka med Jerry Petersson kjem opp. Ho trengs i politiet, og hennar skarpe hjerne blir utnytta på ein god måte i arbeidet med å fakke gjerningsmannen.

Alle midler blir tatt i bruk for å ta gjerningsmannen, og Malin, Zeke og politikolegane jobbar iherdig for å løyse mysteriet. Kven vinner til slut?

Som dei andre bøkene i Mons Kallentoft sin serie var denne god, spennande og nervepirrande. Du blir ofte nysgjerrig på kven og kva og kvifor. Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor har det skjedd? Og, i likskap med sommerdøden og vårlik er det ein god måte å skrive på som gjer at me vil lese vidare og me lurer på kva som skjer. Mange synes kanskje at skrivemåten er litt rar i Kallentofts bøker, mene synes det er mange bra tankar som kjem fram, og hovudpersonane er ikkje bare tøffe, ufeilbarlige personar som gjer det dei får beskjed om. Dei "snille" har svake sider og dei "dumme" sterke sider. Det er ikkje nokon svart-kvitt-maling i bøkene til Kallentoft.

Det einaste eg skikkelig reagerer på er framstillinga av forhold. Alle menn er utru, politimenn med småbarn sliter og gamle, røykande politimenn, som det er mykje negativt med elles, er sextrakaserande på jobben. Sjølvsagt har alle desse òg sine gode sider, men det er litt for mange samlivsbrot og litt for mykje utruskap til at det kan vere sant.

Viss du liker krim med litt tankar og spenning som ikkje er i overkant til at det ikkje er å tru, prøv høstoffer og dei andre bøkene i Kallentofts årstidsserie.

Den femte boka i serien kjem sannsynligvis i løpet av 2012 og har tittelen den femte årstiden, naturlig nok vil eg seie.

fredag 30. mars 2012

krim å lese i påsken: vårlik av Mons Kallentoft

Ny spennande, men hjarteskjærande krim av Mons Kallentoft. Den får deg til å tenke. 


Vårsolen skinner over Linköping og de vinterbleke menneskene som har våget seg til uteserveringene rundt torget. Svalene kretser over dem, fargerike tulipaner lyser fra bedene og en mor med to små barn går mot minibanken. Men plutselig rives idyllen i filler av en kraftig eksplosjon. Etterforsker Malin Fors er på vei til et syn hun aldri kommer til å glemme. Knust glass og ødelagte blomster overalt. En liten barnesko. En due som pikker i noe rødt i den øredøvende stillheten.
I byrjinga av denne boka møter me mora og dei to små barna som går mot minibanken. Det er vår og våren er plar vere det som vitnar om noko nytt og noko med liv, men dessverre blir det ikkje slik dette året. Malins mor er død, ho står ved grava saman med faren og dottera Tove og prøver å føle savn eller lengsel eller kva som helst som binder henne til mora. Likevel greier ho det ikkje, og ho forbinder bare masse arbeid og ting som må ordnast med dødsfallet. Slik som faren har ho ei kjensle av skyld for den lettelsen ho føler på seg nå som mora er død.

I mens skjer det skjebnesvangre, det som forandrar våren i byen. Ei tragedie på torget, rett ved minibanken. Ei mor og to døtre har blitt drepne. Kven var angrepet retta mot? Banken, familien eller var det for å skremme? Kven gjorde det? Islamistar? Høyreekstremistar? Nokre som var i mot banken?

Politiet i Linköping er inne i ein ny periode med konfliktar, løgner og nye mord. Dei koplar inn Tryggleikspolitiet (Sikkerhetspolitiet på bokmål), men samarbeidet går ikkje heilt slik som det burde. Media er ville etter nytt og borgarane i Linköping tårer så vidt å gå ut. Svenska bankar blir stengde på grunn av eit mogleg trusselbilete og på sjukehuset ligg mora og kjemper for livet.

Malin må nok ein gong prøve å lytte til stemmene som leiar henne på riktig veg, og nok ein gong gjer ho alt for å finne ut av det. Samstundes tar hennar privatliv nye vendingar og frykta for å miste Tove heng som ei grå sky over henne.

Greier Malin og politiet å finne mordarane og kva skjedde? Les boka så får du sjå.

Eg er veldig nøgd. Synes ikkje det var fullt så mykje diskriminering i denne boka som i sommerdøden. Boka startar ikkje med at hovudpersonen blir full (takk og pris) og den startar ikkje med ei sex-scene. Rett og slett ein mykje betre start. Hendingane i boka er sjølvsagt heilt forferdelige og denne er på ein måte mykje mørkare enn den andre med alle løgnene og løyndommane. Bokstavelig talt òg med undergrunden i Stockholm og arestasjonar om natta. Spenninga held seg oppe til siste setning og det er ekte krim.

Språket i boka er bra utanom alle banneorda. Har forfattaren dårlig ordforråd? Synes det burde gå an å uttrykke seg på andre måtar, men deg var ikkje veldig overraska, sjølv om det verka som om banneordforrådet til forfattaren har eksplodert.

Viss du vil lese ein god krim så anbefales vårlik på det sterkaste. Og særleg i påsken, for med den tittelen bør boka passe for denne årstida.

Oppsumering: Litt for mykje banning og stygt språk, men ein vaskeekte krim!!

søndag 25. mars 2012

krim å lese i påsken: sommerdøden av Mons Kallentoft

Hei, nå har eg tenkt, og det eg har tenkt på er at eg skal lese krim inn mot påske og når det er påske og litt etter påske, så eg kan anbefale dykk litt. Så alle bøker som er krim blir merka krim å lese i påsken i staden for bok.


Det er den varmeste sommeren noensinne. Linköping dirrer i heten, og i skogene omkring rager skogbranner. Tidlig en morgen blir en fjorten år gammel jente funnet naken og voldtatt i byens største park. Jenta selv husker ingenting, og etterforsker Malin Fors og kollegaen Zeke må spinne mye ut av de få ledetrådene de har. Hvordan havnet jenta i parken, og hvem er overgriperen? Malin, som har en datter på samme alder som offeret, kjenner at saken går mer enn vanlig innpå henne. Samtidig nlir en annen jente meldt savnet, og kort tid etterpå gjør noen en grusom oppdagelse på en strand like utenfor byen. 
Dette er andre bok i Mons Kallentofts serie om drapsetterforsker Malin Fors ved politiet i Linköping. Serien blei innledet med den kritikerroste boken Midtvintersblod, som kom på norsk i 2008. Sommerdøden er en rystende fortelling om overgrep, fortvilet kjærlighet og hat. 
Dette er første gongen eg har lese krim for vaksne, sånn skikkelig krim, men eg skal innrømme at eg litke det, ja rett og slett elska det. I byrjinga av boka forhaldt eg meg litt tvilande til kor fengande det ville bli, men det blei ei flott oppleving, sjølv om ikkje alt var heilt på topp alltid.

Historia har ei dårlig byrjing som eg syntes var litt vel rar måte å presentere hovudpersonen på. Alt begynner med at etterforskar Malin Fors er på baren og tenker på dattera Tove og eks-mannen Janne som er i Bali i Asia. Ho blir full og blir med ein journalist ho kjenner i frå før, Daniel trur eg, med heim. Når eg skal skrive bøker, skal eg ikkje begynne boka med ein full person og ein sex-scene. Litt kritisk til det der.

Det går litt tid før heile boka kjem i gang med jenta som er valdtatt, men ikkje så mykje at du kjeder deg. Og scena der jenta blir funnen er spennande. Det må vere eit sjokk å bli valdtatt på den måten, og seinast i dag var det på dagsrevyen at over 50% jenter er edru og normalt kledd når dei blir valdtatt. Det kan skje alle. Eg tenkte mykje på jentene som har blitt valdtatt i Oslo dette året då eg las boka nå. Eg synes at det var ei veldig sterk scene sidan jenta i boka var eit år yngre enn meg og heilt vanlig, men veldig sjokka etter hendinga, og som det står bak på boka, ho hugsa ingenting.

Eg synes det var litt vel mykje diskriminering av både lesbiske og utanlandske menn med namn i frå muslimske land. Det var litt sex-fiksert, men eg syntes etterforskinga og alt det andre var ekstremt bra for det om. Håpte sjølvsagt på at mange av tinga dei antok som i følge meg er diskriminering ikkje førte til noko, men eg vil ikkje seie om eg blei letta eller ikkje, for då avslører eg for mykje.

Det var ein del groteske ting, men ikkje sånn at eg ikkje greidde å lese om det. Heldigvis. Eg har nå vårlik, den fjerde boka i serien, oppe på loftet og har planar om å lese boka veka som kjem nå. Elsker bare krim, det er ein fin sjanger.

Noko som var litt negativt var banninga. Det var litt i overkant av det eg liker, men ikkje overraskande mykje, for eg er alltid litt forberedt på det når eg les svenske bøker. Føler det er litt meir banning av dei av ein eller annan grunn, så eg kan ikkje seie eg blei forundra over det stygge språket, som òg var veldig direkte.

Samla sett var det ei fantastisk bra bok utanom dei få tinga eg ikkje likte så godt.
For å lese meir om boka kan de sjå kva foralget har skrive her.

Eg må seie at det å lese krim rundt påske gir ei heilt uvanlig stemning. Det er første gongen eg har forstått det der med påskekrimmen, og eg har tenkt å lese litt etter påske òg. Einaste boka eg absolutt aldri kjem til å lese nå er lobotomisten. Eg trur ikkje eg er tøff nok, men det finnes ein haug med andre bøker.

Kva bøker skal du lese nå rundt påske?





fredag 24. februar 2012

bøker/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls og hallo elsk meg da av Johanna Thydell

Dette blir dobbeltomtale av dei to siste bøkene eg las og ikkje like omfattande som dei andre, men det er nå så. Eg er i slapp-av-modus og dei blir derfor kortare.

1. bok/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls
Sjølvbiografiske romanar er ikkje det eg har lese mest av opp i gjennom åra, men eg har tidligare lese Anne Franks dagbok og midt i mellom av Jean Kwok som var dels sjølvbiografisk. Begge dei bøkene likte eg, og derfor fallt eg òg for denne eksentriske, vakre og triste boka om Jeannette Walls sin barndom med ein fyllik til far og ein maler/lærar (viss ho gadd å undervise) som mor. Dei var i alt fire søsken, tre søstre (Lori, Jeannette og Maureen) + ein bror. (Brian) I boka får me ta del i deira kvardag og me får høyre om alle gongen dei flytta i frå plass til plass, faren snakka om å bygge krystallslottet, om bestemor Smith og besteforeldrene Walls, om framtidsplanar som ikkje var sikre, om foreldre som var anneleis og forskjellige, om ein far som ville finne gull, om ei søster som levde livet hjå naboane, om ei anna søster som laga plakatar får å få nok pengar til å flykte. Rett og slett om nokre foreldre som var glad i borna (etter det dei sa) men like fullt forsømte dei og svikta dei. Boka var litt treig i byrjinga, men elles var ho spennande og eg sat KLISTRA til boka i heile går kveld.
Spennande leseoppleving!!


2. Bok: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell
Den andre boka er ei bok eg hadde venta leeeeenge på på biblioteket og hadde gleda meg til. Derfor er det ikkje så gøy når leseopplevinga ikkje blir topp hundre og kjempebra, men bare sånn passe.
Nora skal vere ei heilt vanlig 17 år gammal svensk jente, men med dårlig sjølvtilit og ei rar veninne. Sjølv synes eg at denne veninna til Nora (Lisa) overdriver veldig i frå starten av og mykje i boka blir litt plastikk og sånn generelt ungdomsroman, som at foreldre gjer deg flaue, den populære er smart, fin, flink, har god sjølvtilit osv. Det blei alt for likt alle andre ungdomsromanar, nesten klisjé. Og så skal det vere så kult, noko dei trur alle ungdommar liker som at det ikkjer er bror men brodern, og foreldre er ikkje lenger foreldre men F'sa. Og du kliner med folk du eigentlig bare ser på som venner, du kliner med folk før dykk blir saman, utan å etterpå vite om de er saman.
Det er sånn eg opplever i boka, som i tillegg har eit stort banneordforråd, og viss me hadde tatt vekk alle banneorda i denne boka med kvit lakk for å dekke over, hadde det vore lite igjen. Trist! Likevel var boka bra og eg såg at det var ein god skrivestil, ei god handing og ei fin bok får folk som liker det sånn: Klissete, sutrete, stakkar-meg-eg-er-verst-typen-bok. For dei som liker klagande 17-åringar som ikkje ser ut til å ha kome ut av fjortissperioden endå.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...