Viser innlegg med etiketten mitt tematips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mitt tematips. Vis alle innlegg

onsdag 3. april 2013

mitt tematips #10: et klapp på skuldra

Kvar onsdag har Geir på bokbloggeir.com ein fast spalte som han kallar "mitt tematips". Formålet er å få gløymte eller usette omtalar fram i lyset. I dag skal me gå ut frå temaet: "et klapp på skuldra". Me skal altså finne eit innlegg på ein annan blogg som me synes er bra og linke tilbake til det. Eg har hatt så mykje å velje i, for det er så mange fantastiske bloggar der ute og så mange fantastiske innlegg!
Likevel er det nokre som har fått meg til å lese nye bøker som kanskje har blitt ein favoritt eller som rørte meg skikkeleg. Andre har skrive omtalar av bøker som eg har lese og som har sett ord på viktige poeng i boka.

Eit av vala mine i dag har falt på Anettes omtale av boka ekstremt høyt og utrolig nært. Etter det innlegget var det berre å springe på butikken og kjøpe boka!

Eit utdrag frå omtalen til Anette:
Boken er skrevet på en utrolig spesiell måte og fikk meg til å tenke på "Boktyven" av Markus Zusak. Ved første øyekast ser boken ut som et sammensurium av tekst, tegninger og bilder, men etterhvert som man leser skjønner man at hver minste detalj har en mening. Jeg må innrømme at jeg et par ganger ikke skjønte noen ting av det jeg leste, men lenger ute i boken kom setningene som gjorde alt forståelig. Fantastisk!!
Anette på Anettes bokboble 17.09.2012

Dette er nokre av setningane eg synes er med på å skildre denn heilt fantastiske boka. Etter å ha lese omtalen til Anette MÅTTE eg berre kjøpe ho. Oskar, som er hovudperson, har vore med i innlegget mitt om den herligaste romankarakteren i eit av tematipsa mine, og dette er òg ein av grunnane for å velje denne omtalen. Å oppdage dennne karakteren har vore heilt spesielt, og slik som eg har sagt før: Hadde eg vore åtte år hadde eg vore forelska i denne guten. Alt han finn på og alt han kan! Sjarmerande, men likevel alvorleg.

Det andre innlegget eg vil trekke fram, er eit som de sikkert har lese før, men som likevel var viktig for at eg las akkurat denne boka.

Line på Lines bibliotek var den som verkeleg fekk meg til å ville sjå kva som skjulte seg bak omslaget på the casual vacancy.

Eit lite utdrag frå omtalen:

The Casual Vacancy er – som tittelen lover – en politisk roman. Rowling har lært mye av både Jane Austen og Charles Dickens, og hun kombinerer elegant og vittig satire med grim, usensurert sosialrealisme når hun viser hvordan klasseskiller fungerer i praksis, og hvordan fattigdom reproduserer seg selv og sprer seg i et samfunn. Den Austen-inspirerte satiren appellerer til leserens intellekt og kritiske sans. Den Dickens-liknende sosialrealismen henvender seg til leserens følelser, og da først og fremst barmhjertigheten. En moderne variant av “Please sir, I want some more.”
Omtalen er bra frå ende til annan. Line har skrive kjempemange supre omtalar som har gitt meg lyst til å lese bøkene eller som forstår at denne boka treng eg ikkje byrje på ein gong. Den bloggen er verdt eit besøk!!

For å sjå fleire anbefalingar om boktomtalar kan de gå her

torsdag 28. mars 2013

Mitt tematips #9: "en god påskekrim"

Satus Skjærtorsdag 2013: glad for å ha ferie! Likevel har eg hatt dårleg tid til å skrive på bloggen dei siste dagane Eg har jobba mellom seks og åtte timar kvar dag sidan laurdag (utanom Palmesøndag), og sjølv om det berre er ein (enkel?) butikkjobb, kan det vere nok i seg sjølv. Særleg sidan me har ein halvtime med pause og butikken er på Kvadrat. Ikkje missforstå meg, det er kjempegøy å anbefale bøker og pakke inn gåver, men du får ikkje tid til så mykje elles i tillegg til litt lang reiseveg tilbake frå jobb. Men det har vore gøy, det har det. All jobbinga har resultert i at det ikkje blei skrive noko i går, for kvar onsdag har Geir på bloggen bokbloggeir.com ei spalte på bloggen han kallar for mitt teamtips. Det går ut på at me skal tipse om omtalar bøker som andre ikkje har sett eller gått glipp av. Samstundes får me mange nye boktips, noko som er veldig positivt, sjølv om stabelen med uleste bøker plutseleg kan vekse frå fem til ti.

Denne veka er temaet "en god påskekrim." Eg har lese så mykje krim det siste at det er nestne det einaste som står i hovudet på meg. Held for tida på med det syvende barnet av Erik Valeur, men har ikkje kome så veldig langt sidan eg les boka paralellt med monkeys with typewriters. Påskekrimen eg skal tipse om nå er ei bok eg las nå i mars for nokre veker sidan, nemleg den femte årstiden av Mons Kallentoft. Boka var enormt bra. Kallentoft er min favorittforfattar og eg byrja på å lese serien i fjor før påske (riktignok bok #2 og bok #4 først, og så bok #3 i mai), så haldt eg fram dette året. Den femte årstiden er kanskje den beste boka bortsett frå sommerdøden spør du meg. Eit lite utdrag frå omtalen:
Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde "snakkar" til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste  blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.
Dessverre har eg ikkje fått kommentert så mykje i det siste, og eg er dessverre alt for dårleg til akkurat det! Eg skal prøve å bli betre til å kommentar hod dykk og svare på alle dei fine kommentarane de legg inn på denne bloggen!

Ha ei fin påskeveke vidare!

onsdag 13. mars 2013

mitt tematips #7: "Born in the USA"

Onsdagen kom igjen denne veka òg, som alltid, og med onsdagen kjem òg "mitt tematips" som er ei spalte Geir på bloggen bokbloggeir.com legg ut kvar onsdag. Formålet med dette er å oppdage tidligare omtalar på andre bloggar som ein kanskje har gått glipp av eller ikkje har sett skikkeleg på. I dag er temaet "born in the USA".


Rett før eg la ut dette innlegget publiserte eg ein omtale av ei bok med forfattar frå USA, og sidan eg ville ha med ein omtale frå dette året denne gongen, og ikkje villa ha med Gillian Flynn, valte eg Tiffany Baker som har skrive saltsøstrene.

Baker er ein amerikansk (SURPRISE!) forfattar som bur utanfor San Fransisco saman med mannen og dei tre barna og ein hund. The Gilly Salt Sisters vart utgitt på engelsk på Grand Central Publishing i mars 2012 og kom på norsk på Cappelen Damm litt seinare same året. Seinare har Baker òg gitt ut The Little Giant of Aberdeen County. 

Her er eit lite utdrag frå omtalen min:
Claire og Jo er forskjellige på alle måter. Alt frå utsjånad til personlegdom viser eit søskenpar som ingen skulle trudd var søsken. I den oppdikta i byen Prospect i Cape Cod er mykje av livet til innbyggjarane påverka av saltet og Gilly-familien på salt-marsken. På saltmarsken er det berre kvinnene som har overlevd, aldri mennene eller gutane, og staden er driven av kvinner. Då Jo og Claire var små hende det ei tragisk ulukke med eit familiemedlem som verken Jo eller mora kan gløymme. I nåtida i boka er mora dø og Jo driv saltfarmen aleine etter at Claire har brote opp. 
Forresten, nokon som skal lese krim i påsken? Ikkje svar i kommentarfeltet, men heller i meiningsmålinga mi til høgre for dette innlegget her. Heilt anonymt :)

onsdag 6. mars 2013

Mitt tematips #6: "En sekser på terningen"

Tematips er ei spalte som Geir på bloggen Bokbloggeir.com legg ut kvar onsdag. Formålet med tematipset er å få fram i lyset gamle bokomtalar som andre har gått glipp av eller ikkje har fått lese. I dag skal me finne ein omtale ut frå temaet "en sekser på terningen". Sjølv om eg ikkje gir terningkast eller score eller stjerner til bøkene, synes eg det var eit spennande tematips. I dag er omtalen av ei gammal barnebok frå då eg var lita!


Denne boka heiter bestefar var eit kirsebærtre og er skriven av forfattaren Angela Nanetti. Ho er ein dyktig forfattar med eit språk som er tankevekkande, men òg lett forståeleg for målgruppa: Nemleg barna. Boka handlar om Tonio som har fire besteforeldre, to på landet og to i byen, og Tonio har besteforeldra på landet som favorittar. Men kva skjer når bestemor på landet døyr og bestefar byrjar å oppføre seg rart? Og kva med bestefars grønnsakshage og kirsebærtreet Felix som er kalla opp etter mamma Felicia?

Her er eit lite utdrag frå omtalen:
Besteforeldra i byen er ikkje særleg begeistra for bestefar på landet, og det merkar lesaren veldig tidleg. Dei kallar han, inndirekte, uansvarleg og uregjerleg, og Tonio forstår kva dei synes om han. Derfor er det duka for konfliktar mellom Tonio og besteforeldra i byen, mamma og besteforeldra, mamma og Floppy og aller verst mamma og pappa. Hendingane som foregår rundt denne tida gjer saka bare endå verre. Bestefar Ottaviano sit ute ei heil natt for å varme knoppane på Felix, og dermed får han òg lungebetennelse. Korleis skal det gå med han, og kvar skal han bu? Mamma meiner at bestefar ikkje klarer å bu aleine på garden.
Eg kunne valt veldig mange bøker ut frå dette temaet, men eg valte denne gode og forholdsvis ukjende boka for at fleire skal oppdage ei fin, nynorsk bok for barn som ikkje bare er tull. Det er heller ikkje ei leseløve, og ho skiljar seg ut på mange område. Likevel, les boka med barna dykkar viss de vurderer å anbefale henne vidare. Nokre delar er litt vanskelege. 

onsdag 27. februar 2013

Mitt tematips #5: "Verdens herligste romanfigur"

Kvar onsdag er det duka for "mitt tematips" på bloggen til Geir. Formålet med dette er å hente fra gamle bokomtalar som kan ikkje alle har lese, for at andre skal få lese dei og få gode lesetips.

Då eg var på Rhodos i oktober tok eg med meg ei bok eg kjøpte etter å ha lese ein positiv omtale på Anettes bokboble og som eg kjøpte heilt spontant der eg jobbar. Eg var litt usikker på korleis boka ville bli, så derfor las eg ei verre og mindre velskriven bok først, som eg trudde skulle vere veldig bra, nemleg tråden av Victoria Hislop. Men det viste seg etter kort tid at extremely loud & incredibly close av Jonathan Safran Foer var veldig mykje betre enn tråden, og i tillegg hadde boka verdas herligaste hovudperson, nemleg Oskar.

Omtalen min av boka handla mest om hovudpersonen.

Hadde det vore normalt for ei seksten år gammal jente å vere forelska i ein niåring hadde eg vore det etter å ha treft hovudpersonen i boka til Jonathan Safran Foer. Oscar er svært sjarmerande og litt veslevaksen. 11. september 2001 mista han faren sin då tvillingtårna blei eit terrormål. Etter det har Oscar gått rundt i "heavy boots" som er ei omskriving av å ha dystre tankar.

Litt lenger nede i omtalen skreiv eg:
Ein Humlesnurr i miniatyr rett og slett!
Viss de vil lese omtalen trykker de her.

Eg må berre seie at det var eit vanskeleg val å velje kven eg ville at skulle vere "verdens herligste romanfigur", for det er så mange. Tankane streifa òg Eliza Makepeace i den glemte hagen av Kate Morton, Anne Shirley i Anne of Green Gables av Lucy Maud Montgommery, Tom sawyer i Tom Sawyer av Mark Twain og fleire andre, men Oskar kan ingen toppe eller tangere altså. Han er og forblir helten min, sjølv om han er sju år yngre!!

onsdag 6. februar 2013

mitt tematips #2: Heia Sverige!

Mitt tematips er funne opp av Geir på bloggen bokbloggeir.com. Formålet med dette er å få vise fram gløymte omtalar eller omtalar som andre kanskje har gått glipp av. I dag er temaet heia Sverige, og som alltid, kva bok skal eg velje i dag?

Svenskane er kjent for dei gode krimbøkene, og eg er ein av dei personane som elsker svensk krim, og min absolutte favorittforfattar er Mons Kallentoft. Den første boka eg las av han, vårlik, var den klart beste i serien til nå. I omtalen skreiv eg at boka var spennande, men hjarteskjærande og at ho får deg til å tenkje.

I mens skjer det skjebnesvangre, det som forandrar våren i byen. Ei tragedie på torget, rett ved minibanken. Ei mor og to døtre har blitt drepne. Kven var angrepet retta mot? Banken, familien eller var det for å skremme? Kven gjorde det? Islamistar? Høyreekstremistar? Nokre som var i mot banken?

Her er omtalen

onsdag 30. januar 2013

MItt tematips #1: ein fin feel good-roman


Geir på bloggen http://bokbloggeir.com/   har starta eit nytt boktema som går igjen kvar onsdag. Formålet med temaet er å få fram gamle, men gode, lesarane kanskje har gått glipp av. I dag er temaet ein fin feel good-roman. Eit lite fakta om meg: Eg les nesten aldri feel good-romanar.

Eg har tenkt på det lenge kva eg skal skrive om, og eg har kome fram til ei bok som eg syntes var nokså koseleg, sjølv om det var meir enn bare feel-good. Boka er skriven av Cecelia Ahern og heiter et sted i nærheten. Omtalen min av boka er her. Det er kanskje ikkje verdas beste omtale, og eg må seie at eg har blitt litt betre sidan den tid og har slutta å kopiere teksten frå forlaget si side. For å gi dykk ein smakebit av omtalen har eg lagt litt inn i dette innlegget. 

Å finne på ei historie som dette må er veldig kreativt, og eg klør meg ofte i hovudet over alle dei parlause sokkane som ligg på rommet mitt, og kor lånekortet mitt til biblioteket er. Det tok litt tid før folk ikkje spurte etter lånekort, men automatisk skreiv inn namnet mitt. Uansett, eg er ikkje den som leiter heller, men eg tvilar på at det havnar i Her som staden med dei forsvunne tinga heiter. Og sjølv etterforskar eg ikkje heile huset for å finne ein sokk, sånn som Sandy.
Kva er ditt tematips i dag? 

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...