fredag 24. juni 2011

Pottermore

For nokre dagar sidan blei det oppretta ei side med namnet pottermore. Det er visst nok J. K. Rowling som har hatt lyst til å lage denne nettsida  og i går blei løyndommen bak avslørt! Eg har ikkje fått så veldig mykje med meg, men går du inn på nettsida til bokelskerinnen så finn du ut meir. 

Mai Lene

torsdag 23. juni 2011

Boktema hos Anette A-Å #N #O #P




Anette har bedt oss om å legge ut favorittbøkene våre for kvar av bokstavane i alfabetet. Denne gongen er det N, O og P som står for tur. Etterpå linker du innlegget til Anette sin blogg. (veldig viktig)

Som eg har skrive før så juksar eg denne veka på grunn av ferie dei neste. Og to av bøkene denne gongen er i frå topp 10 lista mi, så då må eg nesten skrive om dei. 

N
På N er det ei av dei første bøkene eg las i år: Nelias gåte. 
http://bokverdami.blogspot.com/2011/02/nelias-gate-ei-anna-verd.html



Boka er svært god og følger du linken kan du sjå kva eg skreiv om ho.

O
På O er det ikkje den beste boka i verda, men det er den einaste eg kjem på som eg faktisk har lese på O, men det skal ikkje mykje til for å ta over plassen til denne boka. Boka heiter OL-drømmer og handlar om DL (Darla Laura) som drøymer om å kome til OL og å få sin eigen hest.
Dessverre fann eg ikkje noko bilete av boka.

P
På P er det ingen tvil hjå meg. Det er heilt klart Perfekt kjemi av Simone Elkeles.

http://bokverdami.blogspot.com/2011/06/kjemien-har-ordna-det.html
Følg linken for å sjå kva eg skreiv om boka. 
Det var vel desse bøkene eg hadde på dei bokstavane. Blei kanskje litt rotete innlegg. 
Mai Lene





Bok: Matched, Cassias valg av Ally Condie

Cassia stoler på systemet i verda ho bur i. Funksjonærane bestemmer alt og ingen har så mange val utanom å følge deira reglar. Alt i frå arbeid, klede, mat, kor tid du skal døy og kven du skal elske blir bestemt av funksjonærane. 
Kvar person blir matcha med den dei passar best saman med og Cassia er heldig med matchen sin: hennar beste ven. 
Samfunnet som fungerar bra på alle områder vil aldri innrømme at dei har gjort feil og i byrjinga så stoler Cassia på samfunnet. Heilt til den dagen ho finn ut at ho er forelska i ein annan enn matchen sin. Ein samfunnet har bestemt ho aldri kan få. 

Boka var svært god. Du føler at du blir dratt med med ein gong du opnar boka og byrjar å lese. Den er kjempegodt skriven og eg liker å lese om den typen framtid. Alt i frå forteljinga til matchbanketten til det litt meir morosame som at dei har fottur som ein aktivitet dei må melde seg på er så bra skrive at bare får lyst til å lese meir meir meir. Du sit heile tida og venter på spenningsscena og har ikkje lyst til å legge i frå deg boka når du les. Omslaget var perfekt. Det viser heile poenget i historia synes eg med at ho er fanga i ei boble (?) ho ikkje kjem seg ut av.
Boka anbefales. Mai Lene

tirsdag 21. juni 2011

Lydbok: Harry Potter og de vises stein av J. K. Rowling (lese av Torstein Bugge Høverstad)


Harry Potter er eit år når han blir lagt igjen utanfor huset til tanten og onkelen og då veit han ikkje at dei neste ti åra skal han leve på løgner om at han er ein heilt vanlig gut og at foreldra døydde i ei bilulukke. Nei, han veit ikkje ein gong at han er ein trollmann. Ikkje før Gygrid kjem og då byrjar hans magiske eventyr som trollmann på Galtvort skukle for hekserie og trolldom. 
Bli med Harry og vennene hans og finn meir ut om den sure eliksirlæraren, Nikolas Flammel og Nussi. 

Boka er veldig bra og når den blir lese på lydbok sånn som dette er det nesten som å kome inn i magiens verd. J. K. Rowling er ein super forfattar og sidan femte klasse har Harry Potter bare vore best. Når då i tillegg Torstein Bugge Høverstad kjem inn og les denne fortryllande historia så blir det endå betre. 

Boka anbefales både som lydbok og vanlig bok!

Eg har òg høyrt veldig mykje bra om han som les bøkene på engelsk og ein gong skal eg høyre ei på engelsk òg, men eg har framleis ei på norsk som eg skal få høyrt og det er Harry Potter og halvblodsprinsen. Eg gler meg allereie. 

Dette blir trulig den siste boka eg skriv om før eg skal på ferie, men når eg kjem tilbake håpar eg på å ha fått mange nye bøker å skrive om. På torsdag så kjem eg til å jukse litt med Boktema hos Anette A-Å og ta heilt i frå N-P fordi eg ikkje får gjort dei seinare. Det blir liksom ein liten spesial då. Eg har òg hatt min siste It`s Monday! What are you reading og Smakebit på en søndag på veldig lenge. Boktema hos Anette blir antagelig vis det siste eg kjem til å legge ut!

Mai Lene

mandag 20. juni 2011

It`s Monday! What are you reading? #11

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


This have been a good week and I am very satisfied with my reading. 


Books I read last week
- fame by Karen Kingsbury
- forgiven by Karen Kingsbury
- found by Karen Kingsbury
- Sarah`s song by Karen Kingsbury
- Maggie`s miracle by Karen Kingsbury
- Hevnen er søt by Roald Dahl
- Harry Potter and the philosopher`s stone by J. K. Rowling (audio read by Torstein Bugge Høverstad)
- The Bible
I read/listened to all the books in Norwegian


Books I finished last week
- Fame by Karen Kingsbury
- forgiven by Karen Kingsbury
- found by Karen Kingsbury
- Sarahs song by Karen Kingsbury
- Maggies miracle by Karen Kingsbury


Books I read now
- Harry Potter and the philosopher`s stone by J. K. Rowling (audion read by Torstein Bugge Høverstad)
- Hevnen er søt by Roald Dahl
- The Bible 


Books I am going to read
- Hannah`s hope by Karen Kingsbury
- Harry Potter and the half blood prince by J. K. Rowling (audio read by Torstein Bugge Høverstad)
- beautiful malice by Rebecca James
- Gideon`s gift by Karen Kingsbury
- matched by Ally Condie
- The Bible
(all the books in Norwegian except from Gideon`s gift and maybe Hannah`s hope by Karen Kingsbury)


søndag 19. juni 2011

bok: Mias mirakel av Kari Kingsbury


Marion Wright var tretten år då foreldra skilte lag. Etter det har ho nesten ikkje trudd på kjærleiken i det heile. Untaket Kade som ho møtte sommaren etter skilsmissen som viste henne kva ekte kjærleik er, men etter den sommaren har ho ikkje sett noko til han. Nokre år seinare går ho inn i eit fohold der komfort er noko av det viktigaste. Nå er ho enke saman med sonen sin Jordan og ho har ingen tru på ekte kjærleik. 
Casey Cummins driv sin eigen kafè på Manhatten  sørger framleis over kona som døydde for to år sidan. Nå blir han støttekontakt for Marions son, Jordan Wright. 
Livet tar ein annan vending både for Marion, Jordan og Casey. 

Boka er svært god og eg likte måten den var skriven på, men alt gjekk liksom litt for fort synes eg, men elles var den god. Eg kan ikkje seie anna enn at Kingsbury er fantastisk god til å skrive og eg elsker forteljingane hennar som òg har ein meining bak seg og ikkje bare tull og vås som mange andre. Boka anbefales og du kjem ikkje til å angre på at du byrja på denne boka. 
Mai Lene

forandra

Solskinsmåla mine blei litt forandre fordi det var så lang ventetid på nokre av bøkene mine. Det blir 4 mindre Karen Kingsbury - bøker, men fleire av bøkene eg fann i går på Libris skal eg prøve å få tak i. Og eg har framleis to lydbøker. Ha ein god lesesøndag! 
Mai Lene 

Smakebit på ein søndag #11

VERTINNEN, HEVENER ER SØT - TRETTEN MAKABRE FORTELLINGER AV ROALD DAHL
"Vent litt," sa han, "vent lite grann. Mullholland ... Christopher Mulholland ... var ikke det navnet på den skolegutten fra Eton som var på fottur vestpå, og som plutselig..."
"Melk?" spurte hund. "Og sukker?"




Bli med på "Smakebit på ein søndag" du òg
- opne boka du les i nå
- del eit lite stykke med lesarane av bloggen din (vær forsiktig, ikkje avlør for mykje. Det kan øydelegge for dei som vil lese boka etterpå)
- Legg igjen linken til innlegget hjå Ladybug, ho samlar på alle smakebitane.

Bok: Sarahs sang av Karen Kingsbury


Kvart år tolv dagar før julafta tar Sarah Lindeman fram juledekorasjonane sine og eit plastikkjuletre. Kvart år gjennoplever ho historia som skjedde i 1941 og kvart år syng ho sangen sin Sarahs sang. 
Med dette året står ein av pleiarane utanfor døra og høyrer på når Sarah nynner sangen. Sarah sitt ønske om at sangen og historia skal forandre nokon ser endelig ut til å gp i oppfyllelse. 

Dette er ei sterk bok om kjærleik og bodskapet i kjærleiken. Sarahs sang har eit sterkt bodskap om og Karen Kingsbury har igjen greidd å få fram ei kjensle av at me er me i historia og at det ikkje bare er personane der som treng bodskapet, men òg dei som les boka. Boka anbefales. Du vil garantert ikkje angre på at du byrja på denne boka her. 
Mai Lene 

lørdag 18. juni 2011

"Vindaugsshopping" på Libris

I dag var eg og familien min på "Sandnesugå" i Sandnes og eg var blant anna inne på Libris. Kan ikkje morstå ein bokhandel når eg er ute på tur, men på grunn av min tomme lommebok kjøpte eg meg ikkje nokre bøker, men eg fann nokre som eg skal lese når hausten kjem igjen. 

Forførende ondskap, Rebecca James













Grenseløs kjærlighet, Simone Elkeles













Blå måne og skyggelandet av Alyson Noël 












Monsterhavet av Rick Riordan











Cassias Valg av Ally Condi











Theodor Boone, Advokatspire av John Grisham











Då eg var på bokhandelen i dag såg eg òg boka Safirblå og då eg opna den såg eg at inni sto både Ladybugs, Anettes og Bokelskerinnens bokanmelding av Rubinrød i boka. Det var kjempestas og sjå anmeldingar i frå tre av bloggane eg følger i den boka. Eg har endå ikkje lese nokre av bøkene, men kanskje ein dag...
Mai Lene

ps. Me kjøpte valp i dag. Får den i midten av juli.  

bok: funnet av Karen Kingsbury

Dayne og Katy er endelig saman igjen for å planlegge rettsaka når Dayne får dårlig nytt. Han er klar for å bryte alle band til Katy Hart og prøve å elske Kelly Parker. Katy reiser heim til Bloomington heilt knust over vendinga dette har tatt. 
Baxter - familien har endelig eit etterlengta familietreff, og John har endelig funne den førstefødte sonen, men kan han fortelje om det til barna sine. Og kva skjer når tornadoar rammar Bloomington og Ashley Baxter får veer og må føde mitdt i? 

Boka er veldig bra. Ho har dei vanlige "Kingsbury - trekka" og handlar om alt det viktige i livet som mange av dei andre bøkene til Kingsbury. Ho tar oss med inn i Baxter - familien, Dayne og Katy si verd og på grunn av måten det er skrive på kjenner du deg nærare personane og historia. Mykje av historia er realistisk og me kan kjenne oss igjen i kjensler og andre ting som kjem i fram i denne fantastisk boka av Karen Kingsbury. Ho greier å fenge oss som leser på ein heilt spesiell måte og det overraskar ikkje meg at ho er ein av dei mestselgande forfattarane I USA. 

Mai Lene

fredag 17. juni 2011

bok: tilgivelse av Karen Kingsbury



Mai Lene om boka: 
Ein mann som lever eit litt uvanlig liv borte i Hollywood og ei jente i småbyen som skal prøve å finne saman på tross av forskjellig tru, livsstilar osv. Under Daynes filminnspeling i Bloomington blir han og Katy endå meir betatt av kvarandre, men det er for mykje som skiller dei. 
John Baxter held fram med søket etter sin førstefødte son, men det er vanskelig å skjule løyndommen hans lenger og for å ære Elisabeth bestemmer han seg for å byrje å leite etter han. 
KriBUT opplever eit stort tap og Katy må gjere alt for at borna skal klare å tilgi. 
Dette er i fin boka om å ikkje la hatet vinne. Den anbefales. 
Mai Lene

God sommar

Nå har eg endelig sommarferie og kan byrje for fullt med lesemåla mine. Endelig. Eg håpar på å kome langt nå i juni, men det er ikkje godt å seie korleis det går. 

Nå sit eg og litlesystera mi Karina og ser på Harry Potter og mysteriekammeret på DVD. 
Vil bare vise nokre scenar i frå den filmen. 



God sommar folkens. 
Mai Lene 

torsdag 16. juni 2011

Boktema hos Anette A-Å #M



Anette har bedt oss om å legge ut favorittbøkene våre for kvar av bokstavane i alfabetet. Denne gongen er det M som står for tur. Etterpå linker du innlegget til Anette sin blogg. (veldig viktig)

Eg har sikkert lese mange gode bøker på M, men eg veit ikkje kva for ei som er den beste. Enten så er det Mirakel av Renate Nedregård eller så er det Minner av Karen Kingsbury. 
Begge er gode bøker som eg liker å lese og gjerne vil lese om igjen. 
Mai Lene

tirsdag 14. juni 2011

Solskinsmål 2011

Nå er det klart for noko som eg bestemte meg for å kalle for Solskinsmål. Det er altså alle lesemåla mine sommaren 2011, men sidan eg elsker sommar og solskin ville eg ikkje kalle det noko så kjedelig som lesemål sommaren 2011, så då blei det altså til solskinsmål. 
Eg har ein liten oversikt over kva eg vil lese. Nokre ungdomsromanar og litt noveller kanskje og litt fantasy. Her er dei. 

ungdomsromanar
Tilgivelse, KAREN KINGSBURY
funnet, KAREN KINGSBURY
Mias mirakel, KAREN KINGSBURY
Gunnhilds gave, KAREN KINGSBURY
Sarahs sang, KAREN KINGSBURY
Cassias, ALLY CONDIE
Hannahs håp, KAREN KINGSBURY

Fantasy
Harry Potter og de vises stein (lydbok), J K ROWLING
Harry Potter og halvblodesprinsen J K ROWLING
Nelias natt, GRO FYKSE
blå måne, Alyson Noël

Krim
Forførende ondskap, REBECCA JAMES
Theodore Boone: Advokatspire, JOHN GRISHAM

Noveller
Alle novellene i Hevnen er søt - tretten makabre fortellinger av Roald Dahl. 

Eg håpar på å greie i gjennom alt, men eg har ein tendens til å setje meg litt for høge mål. 
Mai Lene

Oppsumering halvår 2011

Nå er eg klar for ei oppsumering i frå januar 2011 og til og med juni nå. Fann ut at eg snart måtte gjere det og sidan eg veit klart beste boka i juni allerie så er det bare å byrje med å oppsumere litt. 

januar 2011
Min beste lesemånad i 2011 var januar og då las eg ti bøker. Det verkar kanskje litt lite, men for meg synes eg det er bra å ha kome seg gjennom alle dei. Eg hadde som mål å gjennomføre ti bøker i januar og var godt fornøgd då eg kvelden før 1. februar avslutta den siste boka mi. 
Den beste boka i januar var Nelias Gåte av Gro Fykse. Som ein god nummer to kjem då På kongelig befaling av Charlie Higson og etter den boka har eg fått heilt dilla på Unge Bond. 


februar 2011
I februar blei det bare sju bøker og eg var lite fornøgd då månaden var over, men eg forstod dei neste månadane at det var kanskje ikkje meir å fovente, for etter januar har eg ikkje lese meir enn 7-8 bøker per månad. 
Denne månaden var det Harry Potter and the Goblet of fire som var den beste, men av dei nye som eg ikkje hadde lese før var det kanskje Kokainkongen av Robert Mucharmore eller Silverfinmysteriet av Charlie Higson som var dei beste. 




mars 2011
I mars var det veldig dårlig med bøker og eg las ut mi første heile boka då me hadde kome halvegs. Første halvdelen av månaden las eg ingenting. Det er nesten flaut å innrømme det. Det var ein veldig bra månad og eg greier ikkje å plukke ut ei boka som var den beste den månaden der. Gå inn på bøker 2011 for å sjå kva bøker det var. 

april 2011
I april var det bare sju bøker, men det er ingen tvil om kvifor ei som var den beste. Det var heilt klart Verten av Stepehnie Meyer som er den beste eg har lese noko gong og ligg øverst på topp 10 lista mi. Tredje opptak av Karen Kingsbury var òg ei god bok. 



mai 2011
Denne månaden var det ikkje bra, mendet var konfirmasjon og 17. mai og fødselsdagar og muntlig tentamen og alt anna oppå kvarandre. Her var det ikkje så mange bøker å velje mellom, men eg har ei som likte veldig godt og det var Saras Nøkkel av Tatiana de Rosnay. Eg likte veldig godt å lese den boka og måten den var bygd opp på. 

Juni 2011
Eg kan ikkje forutsjå kor mange bøker det blir denne månaden, men den beste var i alle fall Perfekt kjemi av Simone Elkeles. Likte den veldig godt. Eg satsar på å få lese ti bøker eller fleire denne månaden Eg er allreie godt i gang med fem  og me har nesten kome halvegs i juni så ingen ting er umogleg. 


Føler at eg har hatt eit godt leseår til å ha hatt det så travlelt som eg har. 
Mai Lene

mandag 13. juni 2011

It`s Monday! What are you reading? #10


This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


I am not very happy and I haven`t read very much bust It has been better than the last weeks I can`t say anything more than: This has really been a Karen Kingsbury-week


Books I read last week
- remember by Karen Kingsbury
- return by Karen Kingsbury              
- fame by Karen Kingsbury
- The Bible
All the books in Norwegian

Books I finished last week
- remember by Karen Kingsbury
- return by Karen Kingsbury
- fame by Karen Kingsbury

Books I read now
- Hurrican gold (in Norwegian)
- The Bible

Books I am going to read
More Karen KIngsbury I think and a Harry Potter book (audio) I kneed  the Harry Potter book for my holiday. Then I am going to drive a lot, and I don`t want it to be boring.

Mai Lene 

Bøker: Hjemkomsten av Karen Kingsbury og Gary Smalley og berømmselse av Karen Kingsbury

Ja, eg skal innrømme at eg har fått dilla på Karen Kingsbury og her er litt om kva eg synes om dei to siste bøkene eg har lese av ho. (legg ikkje inn annan info i dag) 

Luke Baxter, heile familiens gullgut, har gått vekk i frå alt som betyr noko for han. Han har fått sambuar og har byrja på utdanning som borgarrettsadvokat. Forholdet til familien er ikkje lenger det same og i alle fall ikkje forholdet til sin tidligare kjærast Reagen, som utan at han veit det, er gravid med hans første son. 

Boka er veldig god, det er godt bodskap i ho, men ho er ikkje alltid like godt skriven, men den anbefales 






Berømmelse av Karen Kingsbury er ei flott bok som er gost skriven. Dayne Matthews er heile Hollywoods(og USAs) hjerteknusar, men likevel føler han på eg at noko mangler og med den stadie tilstraumninga av Paparazziar så er det vanskelig å leve eit normalt liv. I tillegg så tenker han på familien i Bloomington og jenta som kna vere aktuell for å spele i hans neste film. 


Kathy Hart er godt i gang med KriBUT (kristent barne og ungdomsteater) i Bloomington når ho blir kalla inn for å prøvespele til ei hovudrolle i ein film med Dayne Matthews. Ho prøver å følge Guds vilje og sjå kor det fører henne. 

John Baxter tenker framleis på løftet han gidde til Elisabeth rett før ho døydde om å finne deira førstefødde, og når Ashley finn ein boks med brev på rommet hans, byrjar han for avor å tenke tanken om å finne han. 
Boka er veldig god og anbefales
Mai Lene.

fredag 10. juni 2011

Ei novelle for meg

Då me for nokre månadar sidan fekk i oppgåve å skrive ei novelle på skulen var eg først veldig usikker på kva eg skulle skrive om, men det eg visste var at det skulle ikkje vere ei "hjerte-smerte-novelle" som så mange andre skriv. 
Ei novelle som vertinnen av Roald Dahl er noko for meg. Den er spennande og har eit anna tema enn romantikk, skilsmisser og knuste hjerter. 

Eg trur ikkje eg nokon gong har lese meir enn overskrifta, ingressen og eit par setningar i vekeblad-novellene. I alle saman går det same igjen. Eit hjerte er knust og korleis skal det bli bra igjen? Det er derfor eg liker Roald Dahls novelle så godt. Den er ei utanom dei novellene me les i dag. Ikkje missforstå meg, eg forstår at nokon kan synes det er interresant med noveller som dei i Hjemmet og Familien. 
Men tilbake til novella eg skreiv på skulen. Som sagt ville eg skrive ei novelle som var unik. Då valde eg å skrive ei i frå krigen om ei jente som heiter Ingeborg og jobbar i ei illegal avis. På kontoret hennar den dagen dette foregår sit det òg ein mann som ho ikkje har sett før. Ken er han? og Kva vil han? er dei store spørsmåla gjennom heile novella. Eg er veldig fornøgd med ho og at et ikkje er ei novelle om romantikk. 
I tillegg skreiv ein av mine klassekameratar ei veldig god og morsam novelle. Ho handla om ein mann som jobba i statoil og mangla dame så han la ut arrangemangsinvitasjon på facebook og prøvde å få seg dame. Det var ei ny vending i ei novelle som eg likte. Sjølv om ho handla om romantikk handla ho òg om meir og det var ein meir moderne vinkling enn i andre. 
Nå i det siste har eg leika litt med tanken om å skrive fleire noveller og då vil eg halde fram med noveller  frå krigen og andre slike hendingar. Eg vil blandt anna skrive om 11. september 2001, Vel d`Hiv i Frankrike i 1942 og mange andre slike. Kanskje det vil bli ei ny vinkling? 
Mai Lene 

Boktema hos Anette A-Å#L


Denne veka er eg visst litt seinare ute enn vanlig, men Boktema hos Anette kan eg bare ikkje gå glipp av. Anette: Det er kjempekjekt å vere med. Bra av deg å starte dette! 
Anette har denne  gongen bedt oss om å legge ut favorittbøkene våre for kvar av bokstavane i alfabetet. Denne gongen er det L som står for tur. Etterpå linker du innlegget til Anette sin blogg. (veldig viktig)

Denne gongen måtte eg heilt opp til rommet og sjå i bokhylla for å kome på ei bok, men etter eit blikk i den første hylle og på den store Narnia - boka mi med alle sju bøkene i ei kom eg på det. Nå er det jo så sjølvsagt. 
Mi favorittbok på L er Løven, heksa og klesskapet C S Lewis. 
Har ikkje tid til noko utdjuping av boka akkurat nå fordi me skal ete. 
God helg. 
Mai Lene

onsdag 8. juni 2011

bok: minner av Karen Kingsbury og Garey Smalley




Meg om boka
Denne boka har eit godt bodkskap, men er ikkje så godt skriven. Ting går litt for fort og det er av og til litt for opplagt, men eg liker den. Det handler for det meste om Ashley Baxter som slit med dårlig sjølvtilit etter sitt opphald i Paris og nå trur ho at ingen kan elske ho. Til og med ikkje Gud. Det er ei svært gripande bok og dei fortel òg om ulukka 11. spetember 2001 i New York og dei andre søskna i Baxterfamilen: Luke, Eirin, Kari og Brooke. 
Boka var god. 
Mai Lene

tirsdag 7. juni 2011

Tid for å teste ut

Nå er eg så klar for i morgon. Då skal eg endelig på min etterlengta jobb i Stavanger Aftenblad. Me har jobbveke denne veka og eg har til nå bare vore heima, intervjua litt andre som har vore i jobbveke og gleda meg til eg skal byrje i arbeidet mitt. Eg gler meg kjempemykje til å finne ut korleis det er å jobbe i ei avis.
I tillegg skal eg danse i Storstova i morgon (kinoet og teateret på Bryne). Det blir kjekt. Då er det Hå Kulturskule som eg skal vere med og så skal me ha med oss Unge Spor. Det blir kjekt. 

Det blir kjekt å danse i Storstova igjen. Showet er med sangar i dei åra me i Hå Kulturskule vart fødde. I frå vår gruppe er det flest som er fødde i 1996 og då skal me danse til Backstreet boys - sangen We`ve got it goning on. Til slutt skal både Hå Kulturskule og Unge Spor danse til What a feeling, ein sang i frå 1983, som er det året danselæraren vår er født. 
Gler meg sjukt.
Mai Lene

søndag 5. juni 2011

smakebit på en søndag # 10

Det blir mykje nå for tida om den boka eg las sist gong, men det er for det at eg rett og slett er på ferie og bare 1 av 3 bøker var gode.
PERFEKT KJEMI
Jeg løper mens frykten skyller over meg. Jeg kjenner igjen jakka mi etter som jeg kommer nærmere. Det er som å se min egen død.
Jeg kneler og snur sakte kroppen rundt.
Paco.


Bli med på ein smakebit på ein søndag du òg
- open boka du les nå
- finn nokre setningar du kan dele med lesarane på bloggen din (vær forsiktig, ikkje avlør for mykje, det kan øydelegg for dei som vil lese boka seinare)
- Legg igjen linken til innlegget hjå Ladybug Ho samlar saman alle smakebitane

Mai Lene

lørdag 4. juni 2011

Skyhøge forventningar

Eg merkar at når eg har lese ei bok som er den nest beste eg har lese i heile mitt liv så har eg høge forventningar til nestebok etterpå. Eg prøvde å byrje på nokre andre, men på den første visste eg ikkje at det var ei slik fantasy-bok som eg trudde. Du trur at boka bare handlar om ein ting og at i byrjinga så veit ikkje hovudpersonen noko om ei fantgfasiverd fordi det er så dårligbaksidetekst. Når då hovupersonen snakkar om å byrje å sjå spøkelser og du ikkje veit om det er ekte eller ikkje at ho ser dei, så tenker du bare: "Uff for ei dritbok."
Den neste boka starta litt betre, men var bare for overdriven og urelaistisk. Nå du har lese dei to beste bøkene du veit om på eit år så har du skyhøge forventningar. Eg skal innrømme at eg hadde takkla ei dårligare, men når dei er heilt drit (sånn sagt rett ut) så er det vanskelig å lese dei etter ei veldig bra.

Mai Lene 

fredag 3. juni 2011

bok: perfekt kjemi av Simone Elkeles


Mai Lene om boka:
Denne boka gjekk rett inn i topp ti lista mi. Den er svært god og er ikkje den der Det-einaste-som-kan-skilje-oss-nå-er-at-han-er-ein-vampyr-type bok. Dette er ekte saker. Brittany er den perfekte jenta som er leiar for chearledarane og har den perfekte kjærasten mens Alex er ein såkalla bad boy i frå andre sida av byen som slit med å halde saman familien.
Heile sisteåret på high school ser ut til å vere øydelagt for Brittany når ho finn ut at ho må sitje på sida av Alex. Heile den perfekte fasaden hennar er i ferd med å smuldre vekk rundt henne. Samtidig veddar Alex om at han kjem til å greie å foføre den perfekte jenta. Men etterkvart finn Alex ut at Brittany er ikkje bare design-klede og perfekt. Han finn ut ting som gjer veddemålet til noko mykje meir.

Sitat i frå boka:
Å Herregud. Alex ... labpartneren min. Hele det siste året? Aldri i livet, ikke søren, det er bare IKKE greit.

Boka anbefales på det sterkaste! Les denne!
Mai Lene

Boktema hos Anette, A-Å #K

Anettes boktema har no eit tema der du legg inn dine favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på K, og link innlegget ditt til bloggen til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Mi favorittbok K er ei veldig fin bok av Bjørn Sortland som heiter Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?


Mai Lene

torsdag 2. juni 2011

bok: vitne av Immaculèe Ilibagiza


Eg om boka
I 1994 var det folkemord i Rwanda of fiendskapen mellom hutuar og tutsiar toppa seg. Immaculèe og sju andre kvinner sat innelåst på eit bad på 1,5x1 meter i areal. Nå i ettertid har ho forttalt historia til oss og det har ho gjort på strålande vis. I denne boka fortel ho om korleis Gud hjalp henne og tilgi dei som drepte familien hennar og vennene hennar. 
Boka anefales. 

Hør hva jeg måtte gjennom, kunne jeg skryte til vennene mine. Jeg satt et helt døgn fanget på et lite bad sammen med fem fremmede. For en helt jeg er! 

Utdrag i frå boka

Kanskje du vil lese boka? 
Mai Lene 

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...