Viser innlegg med etiketten oppsumering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppsumering. Vis alle innlegg

tirsdag 1. oktober 2013

Mai Lenes nye bok: Korleis ete variert mat på ferie - ei bok om McDonalds og schnitzel

Ikkje ta tittelen seriøst, den er veldig ironisk meint. Slik som eg skreiv før eg reiste på tur, skulle eg altså på skuletur med masse sterke opplevingar og vere på busstur og shoppe. No har eg vore på tur, så det er difor det ikkje har vore nokre hjernedøde innlegg dei siste vekene, og heller ingen bøker er leste. Det er litt trist, men eg hadde ikkje behov for bøker, sidan eg opplevde veldig mykje. I dette innlegget tar eg ikkje for meg konsentrasjonsleirane og minnestadane etter andre verdskrig, rett og slett fordi det vil eg spare til neste innlegg. Eg tenkte å lage eit lita liste med høgdepunkta bortsett frå leirane, med litt bilete og slikt. Stasi-fengselet kjem kanskje for seg sjølv, eller kanskje aldri.

Gå rundt i Kraków - Kraków er ein heilt fantatisk by, ein av dei finaste europeiske byane eg har vore i, når du ser bort frå Firenze og Berlin. Den ligg på linje med dei, rett og slett fordi det er ein veldig roleg, oversiktleg by, som ikkje er veldig stor. Det gjore jo litt at me budde i sentrum av Kraków. I tillegg likte eg marknadsplassen Rynek Glowny der Mariakyrkja og marknadshallen var. Eg og ei veninne gjekk rundt siste ettermiddagen i Krakow og gjekk på marknad, kjøpte marshmellows med mjølkesjokolade rundt, ho kjøpte seg tøfler og eg posta eitt av fire kort. Ooops, hadde ikkje kontantar og postkontoret hadde ikkje kortterminal, så tre av fire får ikkje postkorta, men slik er det, når avsendaren er litt distré.
Utsikta frå balkongen på hotell Wyspianski



Kyrja på Rynek Growny

Fontenta på Rynek Growny
Sightseeing i Berlin - Visste du at folk, som jobbar i det som tidlegare var Aust-Berlin, berre tener 85% for same jobben, som dei som jobbar i tidlegare Vest-Berlin har? Visste du at Noreg slo Tyskland i bronsefinalen i fotball-VM i Tyskland 1936? Visste du at muren var dobbel? Både i Sachsenhausen og i Berlin hadde me ein same guiden, som var veldig flink, hadde god kontakt med oss og la inn pausar slik at me kunne tenke. Og ho kunne utruleg mykje. Plutseleg byrjar ho å snakke om fotball-VM i Tyskland, som det har vore nokre av, og ho kunne mykje om det òg.
Bernauer Strasse som var delt i to. Denne merkar kor noko av muren gjekk. 
(Gedenktstätte des Mauer)

Bernauer Strasse


Den doble muren

Den doble muren

Berlin - byen i mitt hjarte!

Meg framfor ein del av muren. I slutten fjerna dei piggtrådane
øvst på muren og laga ein rundt kant slik at, viss nokon prøvde å rømme
sklei hendene, då dei tok øvst på muren. Muren vart breiare, høgare og meir sikker
for kvart år som gjekk. 

Minnestad for Holocaust. Det ligger nokså midt i Berlin ikkje langt
frå Brandenburger Tor, og den skulle vise det håplause.
Mange jødar, sigøynarar og homofile frå konsentrasjonsleirar
gjekk kvar dag gjennom befolka område i stripete klede, utan
at nokon regerte eller såg. Dei høge "søylene" er eit bilete
på dette. 

Minnesstad for Holocaust i bydelen Mitte i Berlin. 
3. Shopping i Kraków - Korleis er det å bu berre fem minutt frå Galeria Krakówska, det store kjøpesenteret i Kraków. Ein kan trygt seie at det vart ein del handling av det. New Yorker, Reserved, Pull and Bear og fleire andre butikkar med billige og fine klede. Det vart ein del tjukke gensrar og jakkar til vintaren. I tillegg kjøpte eg ei bukse, eitt par tskjorter og ei treningstrøye. Ingen bøker dessverre.
Shopping shopping shopping. Ute i ny genser og alt
og med posane i handa. 
Ete på restaurantar - Sjølv om overskrifta er litt negativ til sjølve maten eg har ete på tur, er det å ete på restaurantar veldig kos, sjølv om det er schnitzel eller McDonalds-mat. Det er ikkje berre på grunn av maten eg liker restaurantar, men på grunn av atmosfæren og det å kunne setje seg ned å snakke med andre. På den eine restauranten i Polen var det til og med folklore, polsk folkedans, noko som var veldig spennande og gøy å vere med på. Det gjorde heile middagen meir spennande! Me åt òg på hotella mange gonger i tillegg til Hard Rock Café siste kveld i Kraków og pizzarestaurant i Berlin. Og så gjekk det jo litt i Starbucks. McDonalds-mat fire gonger på rad er berre når nauda er stor, og sidan McDonalds finst overalt! Den beste middagen var forresten på Kiel-ferja, for der fekk eg laks. Pizzaen i Berlin og burgaren på Route 66 var heller ikkje galen. I Polen fekk me òg fantastisk mange gode supper til forrett.
Maten på hotellet i Kraków

Maten på Hotel Fero kor me var på Folklore

Eg på restaurant Bohema i Kraków

Starbucks under byvandringa i Praha. Have a nice day,
Mai Lene

Frappucino med sjokoalde utan kaffi. Med kaffi er jo
ekstra godt
Køyre i buss - Det høyres utruleg kjedeleg ut å køyre lenge i buss, sove og i tillegg gjere det ti dagar på rad. Men det er veldig sosialt, og i tillegg var det veldig gode vegar i Tyskland og Polen og Tsjekkia, og då gjekk det jo veldig fint! I tillegg kan eg byrje å forske på sovestillingar i buss. Det finst utruleg mange spesielle sovestillingar. Me måtte òg stoppe ein del fine stadar på vegen, som Olomuc i Tsjekkia og Dresden i Tyskland.
Stoppet vårt i Olomuc. Nei, det er ikkje meint til å
vere skjult reklame for busselskapet

"Vår Frues Kirke" i Dresden. Søker de på kyrkja på
google i tillegg til 2. verdenskrig, ser de korleis ho
såg ut etter at Dresden vart bomba

Alt som ikkje er svart vart bomba vekk under
2. verdeskrig

Dresden Academy of Arts. Alt det svarte er etter brannar 
som oppstod, når amerikanarane bomba Dresden
under 2. verdskrig
Bortsett frå dette var det veldig gøy å shoppe i Berlin, og eg hadde jo vore i Kurfürstendam før. Det som var litt dumt var at dei hadde sett opp eit stort, stygt stilas rundt Kaiser Wilhelm Gedächtniskirche. Men må kyrkja restaurerast, så må den restaurerast. I det minste kjente eg meg igjen og det er ikkje så verst. Praha var òg ein veldig spesiell by, og første kvelden var veldig morosam, sidan me sto og fjolla og lo på Karlsbrua. Den vart opna år 1357 9. 7. 5:31. Det er deg eg hugsar frå den guida turen vår i Praha. I tillegg til at det skulle blåse ein heilt del oppe på borga. I verste fall var det eit lite vindpust. Det blåste ingenting der oppe. Var så varmt at eg måtte ta av meg jakka.
Karlsbrua om natta

Praque by night

Oppe på borga

Utsikta frå borga over ambasadeområdet

Utsikta frå borga

Praha om dagen - utsikt frå Karlsbrua

Bogen over Karlsbrua. Karlsbrua var lenge stengt for
jødar med mindre dei betalte. Og det var i mellomaldaren

Karlsbrua om dagen

Ein fyr eg ikkje hugsar kven var. Nokon som følgte godt
med under guidinga i Praha her ja...

Slik vil eg ha foreldra mine til å måle huset vårt. Nokon andre?

Den astronomiske klokka, eller gaukuret som nokre kjenner det som


Kaufhaus des Westen, KaDeWe

Det stygge tilaset rundt den gamle kyrkja

Måtte ha med Merzedes-skiltet på sida av
kyrkja

Ampfelmann
Det beste med heile turen var folka eg reiste med. Jenta eg sat på sida av på bussen, jentene som sat framfor oss på bussen, leiarane på bussen, venene som eg var ute og åt med, lærarane som arrangerte det, dei eg var med under gudstenesta i sjømannskyrkja fredag kveld, personen som bar handleposen min, då eg gjekk rundt og halta og alle andre folk som var med på turen. Det har gjort eit usletteleg inntrykk, og det hadde aldri vore det same å shoppe, ete på restaurantar, vere på sightseeing i Berlin, gå rundt i Kraków og gjordt alt det andre med desse personane!

onsdag 10. juli 2013

Oppsummering første halvår 2013

Tid for ei lita oppsummering av mi lesing det første halvåret i 2013. Eg gløymer alltid å oppsummere siste halvår kvart år, men får i det minste oppretthalde dette med første halvår då. Eg gjer det ulikt frå år til, og får prøve endå ein ny vri dette året.

Mine tre favorittbøker første halvår
Ikkje i rekkjefølgje. Det går ikkje an å rangere dei frå ein til tre. Eg veit berre at dei var dei tre beste.

The Casual Vacancy av J. K. Rowling
Flink pike av Gillian Flynn
En usynlig av Pontus Ljunhill
Dette er utaom Verten av Stephenie Meyer, som eg ikkje tek med, fordi eg las den boka for to år sidan òg. Desse tre er utanom den boka. The Casual Vacancy var ein storslått roman. På goodreads står det
"A big novel about a small town"
Eg seier meg heilt einig i det. Rowling kan ikkje berre skrive om Harry Potter. Ho kan òg skrive om meir "seriøse" og triste ting, noko me forsåvidt òg ser i Harry Potter-bøkene, men endå meir i denne boka. Flink pike gjekk eg rundt å venta lenge på, fordi eg elskar Gillian Flynn og bøkene hennar. Boka svarte heilt klart til forventningane. En usynlig er ein av dei beste svenske kriminalromanane eg har lese, rett og slett fordi den skiljer seg ut frå mengda. 

Min favorittkarakter frå første halvår
Krystal Weedon. Heilt klart. Eg har skrive det før, og eg skriv det igjen. Det er noko sårt over henne, og sjølv om ho er skikkeleg ute og køyrer kjenner eg at eg sympatiserer med henne og beundrar henne for den store oppgåve ho tek på seg med litlebroren. Ho trår feil og har "valt" feil retning i livet, men likevel gjer ho alt for å behalde litlebroren sin. Krystal Weedon er ein sentral karakter i Rowlings roman The Casual Vacancy.

Beste omtalar første halvår
Etter mi meining er dette dei tre beste omtalane mine dette halvåret. Dei er heller ikkje rangert frå ein til tre. Trykker de på bileta kjem de til omtalen.
Den femte årstiden av Mons Kallentoft
The Casual Vacancy av J. K. Rowling
Plan D av Simon Urban
Mest interessante stad er
Pagford frå denne boka.
Mest interessante stad første halvår
Når du les bøker, blir du teken med til mange interessante stader gjennom bøkene. Den meste the Casual Vacancy. Den oppdikta småbyen er lett å kjenne igjen frå korleis den verkelege verda kan vere. Rowling har skapt ein ny kor du kjenner ikkje typane som bur der og atmosfæren. Skilje mellom dei velståande og dei ikkje fullt så velståande er stort, slik som det er i mange byar i utlandet, og eg syntes det byen var interessant på grunn av forskjellane mellom karakterane og dei skiljene som var mellom stadane i byen.
interessante staden eg vart teken med til, vil eg seie, er Pagford, frå Rowlings bok

Mest interessante tidsepoke
er andre verskrig i Madrid
og Spania under Franco.
Mest interessante tidsepoke første halvår
Den meste interesante tidsepoken var i C. J. Sansoms bok Vinter i Madrid, fordi det fortalte om Spania under andre verdskrig og Fransisco Franco. Det at det foregår i Spania har sjølvsagt mykje å seie, men dette saman med kva tid det er i frå gjer at tida blir veldig interessant synes eg. Det er ikkje ofte du les bøker som dette, og det å lese om Francos "flørting" med tyskarane er spennande. Spania var nøytral under andre verskrig, men dei var trass i alt fascistiske.

Takk til alle som har følgt bloggen min og kommentert på innlegg og omtalar osv. Eg set pris på det! 

torsdag 4. juli 2013

Sjølvevaluering: Elleve ting eg kan bli betre på

Sjølvevaluering er alltid ei morosam greie. Dei som skal evaluere seg sjølv kan vere skikkeleg dårlege av og til. Eg er av og til svært dårleg på sjølvevaluering, men eg skal prøve å vere 100% ærleg med meg sjølv og dykk. Eg hadde tenkt å dele det, for då blir det litt meir press enn viss eg berre skriv ei liste eg lagrar på Mac'en og så gløymer.

Her er mi liste:
Dette er ein av omtalane eg har reflektert mest i,
ogsom eg liker best. Gjerne fleire slike frå mi side

1. Skrive betre og meir grundige omtalar
Nokre omtalar er veldig korte i forhold til de kunne vore. Det einaste som er med dei er eit handlingsreferat. Dei beste omtalane eg har laga er dei lengste, for der er det fleire refleksjonar. Nokre blir superkorte, og eit mål kan vere å skrive omtalar, når eg føler for det, og ikkje fordi eg må. Å føle at ein lage ein omtale gjer ikkje at omtalen blir betre. Tvert om. Nokre bøker har eg berre droppa å lage omtalar av.

2. Vere flinkare til å utdjupe og reflektere
Dette går litt under den forrige, men det går òg på å vere meir subjektiv og ikkje berre skrive om meg og at eg syntes det var fengande. Skrive endå meir om kvifor det er bra språk og kvifor eg vart fenga. Av og til trur eg at eg skriv for mykje om kjensla ein får av å lese boka og ikkje dei litterære kvalitetane boka har, eventuelt dei kvalitetane boka ikkje har. Refleksjon er òg viktig, slik som eg gjorde i omtalen min av Den femte årstiden av Mons Kallentoft. Bilete på sida av her er frå den otmalen, og viss de trykker på det kan de lese meir (og skrifta blir større)

3. Sjå betre over innlegga mine før eg legg dei ut
Dette er ikkje alltid heilt oppdatert
Av og til i ettertid, når eg les eldre innlegg, ser eg mange skrivefeil, fordi eg har gløymt å sjå over. Kommafeil, nynorskfeil og tastefeil går veldig igjen, og eg plar av og til å bli flau over meg sjølv, når eg les tidlegare innlegg. Somme gonger lurer eg på korleis folk kan forstå det eg har skrive.

4. Bli betre til å oppdatere
Av og til kan det gå ei æve frå eg har lese ei bok og omtalt henne, til eg legg det ut i mergen og på sida over bøker eg har lese. Nokre gonger gløymer eg å oppdatere kva bok eg les, sjølv om eg har skrive innlegg om den forrige boka eg las, og eg har òg gløymt å oppdatere i mergen kor mange pengar det blir gitt til den veldedige organisasjonen eg støttar. For kvar bok eg les, går det fem kroner til ein veldedig organisasjon. Eg har dessverre ikkje funne ut kvifor ein endå, men truleg ein kristen. Kanskje Åpne Dører, Kirkens Nødhjelp eller noko slikt.

5. Svare på kommentarar
Eg har vore skikkeleg dårleg på å svare dykk på kommentarar. Nokre gonger har eg for dårleg tid, men det tek ikkje utruleg lang tid å svare dykk på kommentarane. Det gjer det ikkje, og det bør eg bli betre på.

6. Kor kjem bøkene frå?
Eg bør bli betre til å skrive i bokomtalane mine kor eg har fått boka, og særleg viss det er eit leseeksemplar eg sjølv har hatt lyst til å omtale, for då fortener forlaget ein stor takk! Det er kanskje òg ein ide å skrive om boka er lånt, kjøpt eller tilsendt.

7. Skrive meir om forfattarane
Av og til, når eg skriver innlegg, har eg ingenting med om forfattaren. Eg veit ikkje kor mykje de bryr dykk om å lese om forfattaren, men det er i alle fall ein måte å vise fram personen bak boka på, fordi forfattaren har gjort ein stor jobb med boka. Berre det å bli utgitt på eit forlag er ein stor bragd, og det er mange kvart år som ikkje får gitt ut sine bøker. Forfattarane fortener merksemd for bøkene sine, om det så er negativt eller positivt.

8. Kommentere på dykkar bloggar
Av og til gløymer eg heilt å kommentere på dykkar bloggar. Eg blar nedover lista på blogger.com, ser eit innlegg, les det, men kommenterer ingenting. Det er mange gode omtalar der ute eg har lese, men som eg ikkje har kommentert i det heile teke. Unnskyld, eg skal prøve å bli betre. Det er så mange som fortener fleire kommentarar frå meg.

9. Linke til andre bloggar
Mange gonger, når eg har lese ei bok, er det andre òg som har blogga eller omtalt boka. Deira omtalar fortener å bli lesne, og difor kan det jo kanskje vere ein god idé å linke til deira omtalar, slik at andre får lese forskjellige meiningar om boka, og ikkje berre mi. Her har eg ein stor jobb å gjere, og særleg sidan de av og til linkar til mine. Takk for det, eg har sett det nokre gonger, og eg bør bli like god til det.

10. Utvide lesehorisonten
Eg har fått ein sterk motstand mot fantasyromanar, visse ungdomsromanar, science fiction og mange andre. Eg trur det er på tide å utvide horisonten litt. Eg har tenkt å lese litt fleire ungdomsromanar dette året, og særleg sidan eg har lese så få dei siste åra. Det har noko med at eg har oppdaga vaksenliteraturen, og då blir det nedprioritert, i tillegg til at mykje ungdomslitteratur er veldig lik. Eg har av og til litt fordommar mot ungdomslitteraturen, fordi eg trur alt er så likt. Kanskje eg bør byrje å utforske meir her og ikkje berre avvise alt det?

11. Oppdatere Facebooksida meir
Det skulle eigentleg vere ei tipunktsliste dette her, men når du skriv, finn du plutseleg på endå meir. Som til dømes facebooksida. Oppdatere den kan kanskje vere ein idé. Eg har prøvd, men av og til gløymer eg meg heilt av og plutseleg har eg gløymt å linke til fem innlegg på rad på bloggen. Eg har blitt betre, men det er framleis ikkje heilt bra. Facebooksida heiter forresten "Once Upon A Time - ein bokblogg"

tirsdag 5. februar 2013

oppsummering av lesemånaden januar

Eg har ikkje oppsummert på lenge nå og tenkte at det nå var det på tide å gjere det. Dette blir første oppsummering i 2013 og det er lesemånaden januar som står for tur. Fram til eg finn på ein annan måte gjer eg det slik som dette.

Bøker lese i januar
the casual vacancy av J. K. Rowling
gjenferd av Jo Nesbø
den største straffen av Robert Wilson
skyggedød av Anne Holt
et ekko av skyld av Charlotte Link

Nå les eg
Eg les boka på norsk, flink pike, og er fram til nå veldig fornøgd.

Dette gler eg meg til å lese
Teresa Birnas bortgang av Victoria Bø

storm i juni av Irène Nèmirovsky (Lines lesesirkel)


søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...