Viser innlegg med etiketten Spania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spania. Vis alle innlegg

søndag 28. juli 2013

Bok: Barsakh av Simon Stranger

Etter eit litt ublidt førstemøte med boka, for eit par år sidan, har eg no prøvd å gjere det bra igjen, ved å Barsakh. Denne gongen fullførte eg det, og eg er no god ven med Strangers skrivestil og karakterane i boka hans. Neste møte med forfattar Stranger blir Verdensredderne, og han har blitt kjent for bøker som innheld både god bodskap, moral og kjærleik. Er det nokre bøker ungdommar bør lese, er det desse!
 byrje på

Eg byrja innlegget med å skrive om mitt venskap med boka og Strangers skrivstil, og det er nettopp venskap boka er om. Det er om eit uvanleg venskap i ein situasjon mange ikkje ville vore i. For kva gjer du viss ein båt flyktningar kjem til synes medan du er i Syden på Gran Canaria? Kva gjer du med ein gut som har flykta frå heimlandet sitt, for å få det betre i eit anna land? Kva gjer du, viss det nesten er ulovleg å hjelpe menneske som han? Emilie i boka kjem oppi ein slik situasjon, når ho møter Samuel, som har kome med båt frå Afrika, for å få ei betre framtid. Sjølv sliter Emilie med "spiseforstyrrelse" (Kva er det på nynorsk? Skriv det på bokmål eg, sjølv om det nesten gjer vondt i hjarta!) og vil ikkje ete skikkeleg.

Ungdommar i dag trenger bøker som fortel om slikt som dette. Om ungdommar i dag er sjølvopptekne eller ikkje, kven veit? Vil berre seie at me er forskjellige, men eg trur denne boka vil appellere mest til dei som liker å "bry seg" om litt større spørsmål enn billig sprit. Kanskje ei bok for alle som er med i eit ungdomsparti eller aktiv i ein annan organisasjon som har noko med dette å gjere? Stranger bruker eit språk som ungdommar vil like, utan at han prøver å nytte ungdomsspråk likevel. Det er få ord som brukes i daglegtale av ungdommar, men språket er langt frå tungt og vanskeleg. Det er målretta mot aldersgruppa. På den andre sida kan alle lese denne boka. Det er ei bok eg trur mange vaksne òg gjerne ville ha syntes var interessant. Stranger har brukt kjelder, og dei to avsnitta i slutten av boka syntes eg var flotte. Der skreiv han kor mange flytkningar som reiser frå Afrika i båt i året, og kor mange ungdommar i Noreg som slit med "spiseforstyrrelsar." Ikkje berre har han laga ei underhaldane og spennande bok, men òg ei bok med eit anna fokus enn mange andre ungdomsromanar.

Boka er ikkje på mange sidene, noko mange ungdommar vil glede seg over. Det er akkurat som om talet 150 får dei til å miste pusten og nesten få hjarteinfart. Kanskje til og med talet hundre, for dei som synes det er heilt uoverkommeleg. Ja, eg har respekt for dei der ute med skrive- og lesevanskar og dysleksi, men dei som ikkje har det kan mange gonger få ei betre innstilling spør du meg. Det er alt for mange ungdommar der ute som burer seg inne framfor TVen og trur at TV-seriar, med tonnevis med klisjéar, er meir underhaldande enn bøker som dette. Dessverre. For dette er ei bok eg ville ha gitt alle ungdommar. Hadde eg vore bibliotekar på eit skulebibliotek hadde eg anbefalt lærarar å lese boka høgt i samfunnsfagen, under temaet migrasjon i tiande klasse. Utdrag frå boka på tentamenar kunne òg vore noko, viss ungdommar skulle ha skrive ein tekst ut frå eit utdrag. Mange utdrag plar desseverre å vere så som så.

Jaja, no er eg verken lærar eller bibliotekar, men det er ei bok ungdommar bør få med seg og som er aktuell. Eg kan ikkje greie å slutte å tenkje på at kanskje akkurat no er det nokon som sit i ein båt mellom Afrika og Europa, for å få eit betre liv, men så berre blir sendt rett tilbake, og kanskje til og med behandla på ein respektlaus måte! Eg greier ikkje å slutte å tenkje på at det er ei skeiv fordeling mellom landa, når ein ser forskjellane mellom Emilie og Samuel. Den eine kan ikkje få i seg nok mat, medan den andre ikkje vil ha mat i det heile. I tillegg gav boka meg inspirasjon. Eg kom til å tenkje på at det er nokon der ute som ikkje vil utrydde fattigdom. Og det er dei som driv med menneskehandel. Dei tener på at fattige vil bort frå der dei bur, for å få eit betre liv. Dei veit om Pull and Push. Dra og skyv. Det er noko på staden der dei vil som dreg dei dit, og noko der dei bur som skyv dei ein annan stad. Arbeidsløyse kan vere ein Push-faktor, og stort behov for fleire arbeidarar ein Pull-faktor. Menneskehandlarar veit dette, og tener dermed på å få dei over til staden der dei vil. Ved å kjempe mot fattigdom og få eit betre system i u-landa, kjemper ein òg mot menneskehandel! (Mine tankar etter å ha lese boka) Det er ei bok eg heilt klart vil anbefale vidare, og som inspirerer og sett tankane i sving!

onsdag 26. juni 2013

bok: Vinter i Madrid av C. J. Sansom

C. J. Sansom er i år aktuell med skygge over London, men for nokre år sidan (2007) kom òg Vinter i Madrid ut, ei ekstremt spennande og velskriven bok. På Forlaget Press si nettside står det at C. J. Sansom er tilbake i storform i Skygge over London, og ja, han var i veldig god form då han skreiv Vinter i Madrid for nokre år sidan. Vinter i Madrid er ein historisk roman frå tida etter den spanske borgarkrigen. Som mange av dykk veit elskar eg historie. Helst den delen av historia som me ikkje lærer om på skulen, og eg har aldri lært veldig mykje om den spanske borgarkrigen eller Spanias rolle under andre verdskrig.

Det er fire viktige nøkkelpersonar i denne boka. Den første er Harry Brett er spion for den engelske ambasaden i Madrid. Hans hovudrolle er å finne ut kva ein gammal skulekamerat, Sandy Forsyth, planlegg, for det er tydeleg at Forsyth har planar som ikkje er heilt i Englands interesse. Og den andre nøkkelpersoonen er Forsyth, ein vellukka engelsk mann som bur i Madrid. Han har tette band til blant anna Fransisco Franco og andre viktige personar i Spania og Madrid. Hans kjærast, Barbare Clare, utgjer seg for å vere kona hans og er den tredje nøkkelpersonen i boka. Ho leitar etter den tidlegare kjærasten Bernie Piper, som er ein gammal skulekamerat av Forsyth og Brett og tilfeldigvis den mannen Forsyth mislikte mest på Rookwood (skulen). Ho møtte Brett, då han kom ned i 1937, for å leite etter nettopp Piper, som vart meldt sakna, antatt død, då han kjempa for kommunistane under borgarkrigen. Som de forstår er det mykje rot her. Tre gamle elevar frå ein typisk engelsk "sosseskule" og ei kvinne som har tette band til dei to som hata kvarandre mest. Er det duka for drama? Ja!

Bernie Piper hata alltid Rookwood, for han meinte at slike skular skapte klasseskilje. Han er ein ihuga kommunist som mislikerkyrkja og alt som heiter sosiale skiljer. Han reiser ned til Spania for å støtte republikken. Harry Brett såg opp til lærarane på Rookwood og var ein mønsterelev. Han var ven med Piper, som kom inn berre på grunn av eit stipend, men deler ikkje dei politiske meiningane hans. Han er òg vend med Pipers "fiende", Sandy Forsyth, og prøver å påverka han til å velje den rette vegen i livet, samstundes som han vil vere ven med han. Forsyth på si side er meir oppteken av å gjere oppgjer mot biskopfaren og ha det gøy, og sjølvsagt tene pengar. Han missliker òg skulen, men det skapar ikkje noko venskap mellom han og Piper derimot. Han går i den retninga som kan gi han mest pengar og den beste sosiale statusen. Barbara er den som blir vikla inn i dette dramaet, og i tillegg kjemper dei alle ein kamp mot seg sjølv. Nokre av dei må òg kjempe mot høgare, politiske krefter i dåtidas Madrid, noko som berre gir ekstra spenning i boka.

Viss du framleis leiter etter god somarlektyre, er Vinter i Madrid til å anbefale. Det er ei bok alle bør få med seg ein gong. Ikkje berre er det historiske perspektivet veldig interessant, men skildringane til Sansom er heilt framifrå. Han kan det han gjer, og du sit igjen med ei kjensle av at du kunne gjenkjent stadene og personane etter å ha lese boka. Det er ikkje ofte du får den kjensla. I tillegg let han lesaren sjå den svake sida av karakterane. Til dømes er Brett ein spion med ein stor dose dårleg samvit for å måtte lure ein gammal ven. Han er ikkje heilt eigna kan du trygt seie. I tillegg er han litt pysete og vil helst ikkje skape konfliktar. Som person vil ikkje dette seie at han har dårlege sider, men i forhold til jobben han har fått, er det dårlege sider. Sandy er pengegrisk. Han kunne gjort alt berre han fekk ein god slump med pengar for det. Barbara har dårleg sjølvtilit, og Piper blind for andre sine meiningar, nesten uansett kva.

Då eg las boka, tenkte eg mange gonger at det kan bli ein heilt super film. Eg skulle gladeleg ha sett den på kino kor tid som helst. Eg såg alt for meg så klart, korleis det burde vore. Den har eit stort potensiale på det området, og med Channing Tatum eller Liam Hemsworth som Harry Brett hadde det vore perfekt, og kanskje endå meir perfekt med ein av dei som Piper. Men det er ikkje film eg skal snakke om. Sansom er ein dyktig forfattar som eg skal lese meir av. Språket flyt veldig fint. I byrjinga tvilte eg litt på dette med språket, men det er fengande. Av og til gløymer forfattaren "show - don't tell"-prinsippet, men det kunne vore mykje verre. Det er ei bok som er verdt å lese (det har eg sagt nokre gonger), og Spania i 1940 er skikkeleg skummelt!

søndag 22. april 2012

bok: the first wife av Emily Barr

Lily, a young woman left alone in the world on the death of her grandparents, finds purpose when she befriends Harry Summers, a grieving widower, whose wife Sarah recently took her own life in Barcelona. The pair fall in love and Lily finally finds the security she has never had. But Lily's life takes a darker turn when she realises there may be more to Sarah's death than meets the eye. Anxious to find the truth before she marries her beloved Harry, Lily sets off to Barcelona in search of answers. What she discovers is more shocking than she could ever have imagined...
Lily har akkurat mista besteforeldra sine, og det er her det startar. Ho sit i bestemoras gravferd og har verken slekt eller venner igjen å vende seg til. Ho er utan jobb og utan utdanning. I tillegg viser det seg at salet av huset til besteforeldra heller ikkje gir henne mykje att og ho må finne på noko for å få det til å gå rundt.

Ho finn seg ein familie å bu hjå mot at ho er med og hjelper dei med noko av det som trengs. Det er her ho finn ut at ho vil prøve seg som vaskehjelp og etter å ha søkt jobb får ho treff. Huset ho vaskar i er det rike paret Harry og Sarah Summers sitt.  I huset deira draumer Lily seg bort og føler seg vel. Likevel går det lang tid før ho i det heile møter paret. Dei verker som eit lykkelig par med pengar og kjærleik nok. Heilt til beskjeden om at Sarah har drepe seg sjølv, første juledag. Ikkje før etter hennar død og etter eit lengre forhold til Harry Summers blir Lily skikkelig kjent med dei. Og her stemmer ikkje det hun ikke vet har hun ikke vondt av. 


Boka var heilt grei. Det var både spenning og romantikk og intriger, og i tillegg blei eg forelska i Cornwall. Skikkelig. Emily Barr er kjempeflink til å besrive stadar og personar så du nesten føler at du er der og ser alt som skjer. Eg såg ofte for meg Firenze av ein eller annan grunn då eg las. Eg veit ikkje kvifor i det heile tatt, likevel var det med på å vekke magien.

Å lese denne boka på engelsk er ikkje vanskelig og eg hadde ikkje problem med å forstå språket eller måten ting blei sagt på. Om eg ikkje fekk med meg kvart einaste ord, så var det lett å få med seg samanhengen.

Anbefales!

søndag 18. mars 2012

bok: syersken fra Madrid Maria Duenas


Samtidig som Sira Quiroga, den unge datteren til en syerske fra Madrid, forelsker seg hodestups i den karismatiske forretningsmannen Ramiro Arribas, blir hun kontaktet av faren, som hun aldri har møtt. Den aldrende Gonzalo Alvarado viser seg å være både rik og gavmild – og med ett er Sira en formuende kvinne, med en mann hun elsker.
Men da den samvittighetsløse Ramiro etterlater henne alene og pengelens i Tanger, er det slutt på hellet til Sira. Snart er hun tvunget til å ta opp sitt gamle yrke som syerske, for å få endene til å møtes. I mellomtiden har den spanske borgerkrigen brutt ut, og den flittige Sira får stadig nye kunder. Blant dem er Rosalinda Fox, en verdensvant engelsk kvinne med mange kontakter, og det tar ikke lang tid før Sira lever et risikabelt dobbeltliv, som syerske og britisk spion – i et Europa som vakler på randen av verdenskrig.
Tekst og bilete frå Gyldendal
Dette er historia om Sira med ei mor som er syerske i Madrid. Sira er ei dame som eg likte heilt i begynnelsen, sjølv om ikkje alle slutningar er gode slutningar. Å reise i frå sin første kjærleik for Ramiro var aldri noko eg hadde gjort, men Ramiro beskrives jo som ein som kan kunsten å sjarmere og å love vekk. På baksideteksten beskrives denne mannen som savittighetslaus, og det er vil eg seie er ei passande beskriving. Han gjer ikkje bare gode ting for Sira, og å etterlate henne i Tanger Marokko må vere ein av dei verste tinga han kunne ha gjort. Dette synes eg var ein av dei meste spennande delane av boka. For kva gjer Sira nå ho er gravid, blakk og utan husrom? Ho begynner å sy igjen, og historia i frå å vere utan nokon ting til å ha ein stad og sy og stoff å sy i, er overraskande spennande. Denne prosessen får deg til å sitje med hjartet i halsen, for det er ikkje bare pengar som skal til her. 
Rosalinda, som Sira treff etter å ha opna systova, er ei smilande og koselig dame, men det viser seg at ho har sine løyndommar. Vanlig kundebehandling strekker seg til å bli eit vennskapelig forhold og Sira får  open veg inn til høgkommisæren Beigbeder via den nye veninna si. Først er ikkje vennskapet meir enn alle andre vennskap, og Rosalinda hjelper Sira både i familiesaker og er ein god kunde. 
Etter kvart går Sira i frå å vere ei vanlig dame til og bli ein engelsk spion. Ho reiser tilbake til Madrid og lever eit farlig dobbeltliv i den spanske hovudstaden, og det er både spennande og kjekt å følge henne gjennnom alle desse fasane. 
Eg likte boka, sjølv om det av og til var litt tunge setningar og rare beskrivingar. Av og til gjekk det litt fort fram, men andre gonger alt for seint. Likevel kunne denne boka å halde på spenninga. Av og til då Sira møtte personar i boka, må du lese ei halv til ei side før du veit kven det er. I frå personen kjem til døra og boka avslører kven som kjem inn døra følger ei lang stund der tankane spinner og mange gonger tenkte eg: "Er det.... Er det ho/han? Nei, men det kan vere. Og om det her ho/han, kva gjer ho/han her? Det same er med nokon av handlingane. Av og til kom hovudpersonen på noko, men kva der er får du ikkje vite før handlinga skjer. Det er sånn det blir laga spenning av og boka greide å fenge ved hjelp av sånne verkemiddel. 
Forfattaren av boka heiter Maria Duenas 

María Dueñas (født i Spania i 1964) har en doktorgrad i engelsk fra Universitetet i Murcia. Hun har undervist ved nord-amerikanske universiteter og har et langt faglitterært forfatterskap bak seg. Syersken fra Madrid er henne første roman og er blitt oversatt til over 30 språk. Hun skriver for tiden på sin andre roman.
Kjelde: Gyldendal






lørdag 14. januar 2012

bok: hjemkomsten av Victoria Hislop


Under Alhambras majestetiske tårn kan man høre gjenlyden av musikk og hemmeligheter i Granadas brostenslagte gater. Sonia Cameron er ikke opptatt av byens historie - hun er der for å danse. Men i en stille kafé trekker en tilfeldig samtale og en samling gamle fotografier henne inn i en dramatisk fortelling fra den spanske borgerkrigen. 
Sytti år tidligere huset kafeen familien Ramirez. I 1936 splintret Francos hær landets skjøre fred, og i hjertet av Granada blir familien vitne til de fryktelige virkningene av konflikten. Splittet av politikk og tragedie må de alle velge side - og kjempe en personlig kamp mens Spania rives i biter foran øynene på dem.
Om det er nokon som ahr vore klistra til denne boka, er det meg. Minst like god som Øya, og Victoria Hislop tar oss nok ein gong med til ein litt mindre stad enn London eller Roma eller, sidan denne boka foregår i Spania, Madrid. Einaste gongen me blir tatt med til Madrid i denne boka, er det ikkje den same staden som nå. Tvert i mot.

Sonia er eigentlig veldig lei livet heime og den stive og alkoholiserte mannen heime. Saman med veninna, som vil feire fødselsdagen skikkelig, reiser ho til Granada for å få ein pause og drive med det som har blitt ein av hennar største hobbyar: dansing. Men i Granada er det ikkje bare dans som opptar henne, men historia om borgarkrigen.

Det er i frå mellomkrigstida, og det er familien Ramirez me følger. Her blir me ført til fleire stader i Spania, blant anna til Madrid, som republikanarane slit for å halde vekke i fascistane. Å leve under borgarkrig må vere vanskelig tenker eg. Landet kriger i mot kvarandre, og du veit ikkje ein gong om du kan stole på tidligare vener eller naboane dine. I familien Ramirez er sosialistpartiet det dei fleste liker, noko som fører til mykje vanskelig. (har eg lov til å seie så mykje utan å røpe alt?)

Uamsett, dette er ei bok med fantastiske skildringar, og me blir godt kjent med hovudpersonane. Historiske romanar har ein tendens til bli veldig spennande og veldig fengande. Dette er òg ei ny "bølge" eg har kasta meg på. Eg synes at dei har så mykje meir enn vanlige ungdomsromanar, og det har i alle fall denne. Viss ikkje Victoria Hislop har blitt ein favoritt hjå folk etter øya og hjemkomsten, må dette vere ein sjangar dei ikkje liker, for ho meistar han.

Det er litt meir banning i denne boka enn i øya, men ikkje overkant i det heile, og det er noko anna som er negativt med ungdomsromanar. Folk trur at for å få ungdommen fenga MÅ det vere ungdomsspråk eller banning i bøkene. Her er det ikkje slik, og eg trur kanskje at det er ein overgang mellom barn og vaksen der det er mykje banning, men her er det eit anna publikum, som veit at det går ann å seie ting på andre måtar.

For å skrive ei bok som denne, må forfattaren ha gjort grundig research, og måten ho beskriv Granada på er på ein måte der me får ei kjensle av at ho har vore der. Denne boka har gått rett opp på lista blant favorittar hjå meg, og det har òg forfattaren.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...