Viser innlegg med etiketten solskinsmål. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten solskinsmål. Vis alle innlegg

fredag 14. juni 2013

boksommaren 2013: kontrafaktisk, kriminell og gresk

Anita på bloggen Anitas blogg har laga eit blogghopp, kor bokblogarane skal fortelje om kva dei skal lese i somar. Det blir eit lite rotete innlegg dette, men det får berre vere.
Kva skal eg lese i sommar? Somme gonger liker å lese bøker frå den staden eg skal til på ferie, som då me reiste til Hellas i fjor og eg las tråden av Victoria Hislop, men slike planar har eg ikkje byrja å tenkje på enno. Ferieplanane får de først vite, når det ikkje er planar lengre, men minner. Ja, de får smørje dykk med tålmod, og det er ikkje ferie enno. Uansett, sommar betyr god tid til å lese, og eg skal nytte denne gode tida veldig godt. Eg har nettopp funne nokre bøker som eg  lese, både på grunn av det historiske perspektive og på grunn plottet og handlinga. Kontrafaktiske bøker. Eg veit ikkje om de har høyrt om det, men det er bøker som tek opp tema om.
"Et kontrafaktisk spørsmål er å spørre hvordan historien ville utviklet seg dersom en historisk hendelse hadde gått annerledes."
Dette skriv Wikipedia om kontrafaktisk historie. Det har kome ut tre bøker på nokre veker no som tek
opp dette. Den som etter omtalane skal vere best, vil eg helst halde meg borte frå, fordi dei andre høyrtes meir interesante ut og faktisk er meir realistiske. De har kanskje høyrt om Cappelen Damms Han er her igjen av Timur Vermes.
"Våren 2011 våkner Hitler opp i Berlin"
Dette er første linje i baksideteksten på boka, og de kan jo berre tenkje dykk kva boka handlar om. Eg har imidlertid ikkje tenkt å lese boka, fordi det er det mest urealistiske plottet av dei tre plotta i dei tre ny bøkene. (rotete setning...)
Dei to andre bøkene heiter skygge over London av C. J. Sansom og plan D av Simon Urban. Dei tek opp langt viktige spørsmål som er meir skremmande og veldig realistiske. Kva viss England hadde forhandla med Tyskland under krigen? Neville Chamberlaine, statsminister i Storbritannia før Winston Churchill, var faktisk villig til å gjere dette. Ein veit aldri kva som kunne skjedd, viss England hadde gitt etter.

Året er 1952, tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløy og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regime: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et konstant press.
Dette er første avsnitt i baksideteksten til boka. Det er skremmande å tenkje på at dette kunne vore realiteten, hadde det ikkje vore Churchill. De kan tenkje at dei kanskje hadde gjort motstand, då dei såg korleis det utvikla seg, men kva viss det hadde vore forseint? Boka er utgitt på Forlaget Press, som òg har gitt ut nevnte plan D. Forfattaren bak boka har òg skrive vinter i Madrid som allereie er reservert på biblioteket, og eg gler meg til å lese, sidan det er nok ein historisk roman frå den spanske borgarkrigen. Historie er fantastisk og eit av faga å sjå fram til på VG2 og VG3 (saman med sosiologi, rettslære og internasjonal engelsk sjølvsagt)

Plan D er ei bok som ligg litt lengre fram i tid, men òg den handlar om Tyskland. Kva viss DDR framleis var til og Tyskland var delt? Det tek denne boka opp, og ja, kankje meir urealistisk enn skygge over London, men langt meir realistisk enn han er tilbake igjen. November neste år er det tjuefem år sidan Berlinmuren falt. Eg opplevde heldigvis aldri den kalde krigen og DDR og Berlinmuren, men samstundes er det - i eit historisk perspektiv - veldig nytt og veldig interessant.

Hva om DDR likevel ikke hadde gått under? Hva om den tyske gjenforeningen aldri hadde skjedd? Vi er i Øst-Berlin, året er 2011. Muren står fortsatt, Egon Krenz har klamret seg til makten i 22 år, men nå står DDR eller den Tyske Demokratisk Republikk på randen av sammenbrudd. Pengene staten har tjent på gassdistribusjonen østfra er blitt slukt av systemet, og et grått og skittent Berlin er i ferd med å knele under forurensningen fra millioner av den nye statsproduserte bilmodellen Phobos. Sosialismens siste håp er de planlagte økonomiske forhandlingene med Vest-Tysklands kansler Oskar Lafontaine. 
Eg kjenner eg gler meg som eit lite barn til å opne desse bøkene her. Det skal bli så interessant, og eg håpar forfattarane kan skrive! Eg trenger ikkje dei morosamme referansane frå han er tilbake igjen berre eg får eit interessant perspektiv på dei to andre tinga som kunne ha skjedd. Eg skal til Tyskland, Polen og Tsjekkia med VG2 i september, og då skal me blant anna innom Birkenau, Auschwitz og det berømte STASI-fengselet i Berlin. God oppladning dette? Ja!

Kriminell sommar håpar eg ikkje på "in real life". Vil helst behalde både lommeboka og livet, og eg vil òg halde meg borte frå kriminalitet sjølv, utanom kriminalromanar. Det må til. Evig skal døden vera av Kroken & Kolden skal lesast etter at eg las døden kjem med bussen, som fekk ein veldig positiv omtale av meg. Eg må òg få med meg forsvinningspunktet av Val McDermid, som verkeg veldig interessant. 
Det er alle foreldres mareritt. Stephanie Harker skal gjennom sikkerhetskontrollen på O’Hare flyplass i Chicago da hun blir tatt til side fordi hun har utløst metalldetektoren. Fem år gamle Jimmy venter på henne utenfor, og Stephanie ser en uniformert offiser føre ham bort. Hun får panikk, og sikkerhetsvaktene legger henne i bakken. Da Stephanie kommer til orde, er Jimmy sporløst borte. Stephanies nære vennskap med reality-TV-stjernen Scarlett Higgins ser ut til å ligge i bunnen for en fortelling om død, svindel og hvor langt en forelder kan strekke seg for å beskytte sitt barn.
Barn som forsvinn er noko av det tristaste og vondaste ein krim kan handle om, men det er òg nervepirrande og spennande, og eg håpar Val McDermid kan det ho gjer! Og eg tvilar ikkje på det. Utanom desse kriminalromanane har eg nokre uleste i bokhylla som berre står og ventar. Blant anna ei bok av Elizabeth George og nokre litt eldre kriminalromanar. Eg skal òg prøve meg på ein til roman av Nesbø, for eg kan ikkje berre gjere eit forsøk. To må til på forfattarar som han, og eg likte trass i alt Doktor Prokor, sjølv om det er langt frå det same.

Det at sommaren skal bli gresk er ingen hint om kor ferien går. Nei, men bøkene skal vere litt meir greske. Eg elskar bøker som foregår i Hellas, ikkje berre plottet, men òg staden. Kvar gong eg ser ei bok som har handling der nede, med eit interessant tema, eg lese boka. Blant anna har eg nå fått tak i Louis de Bernières bok fugler uten vinger på biblioteket. Eg likte veldig godt kaptein Corellis mandolin, som eg fekk lyst til å lese då eg oppdaga kor handlinga føregjekk, og nå håpar eg at denne boka er like god.

"Fugler uten vinger" tar leseren til tiden etter forrige århundreskifte. Det store ottomanske riket er i ferd med å bryte sammen, og den tyrkiske nasjonen dannes gjennom kriger og folkeforflytninger. Mot dette bakteppet skaper Louis de Bernières en stor og bevegende fortelling om vanlige menneskers liv i en liten landsby ved kysten av Anatolia. I Eskibaçhe bor kristne og muslimer, tyrkere, grekere og armenere side ved side som naboer, venner og kjærester. Livet går sin naturlige gang – helt til de store begivenhetene slår inn og forandrer alt.
Tida det hanldlar om og historia er noko av det eg liker best å lese om. Det er slikt du ikkje lærer i historietimane. Det er slikt du må  lese deg til sjølv, og skjønnlitteratur er den beste måten å få det inn på. Og omslaget er vakkert, eksotisk, mørkt og litt trugande. Du får ei kjensle av at freden som personane på bilete opplever vil ta slutt. Jaja, nok om det. Eg skal uansett lese om Hellas. Sofia av Sigrid Merethe Hanssen, som eg òg har nevnt her i nynorskinnlegget mitt.

Utanom dette har eg ikkje dei STORE planane, men eg håpar på å få lest det vi kan stå for av Geir Lippestad, lavendelhagen av Lucinda Riley, hemmeligheter av Kate Morton, Sienas datter av Marina Fiorato, gi aldri opp av Heidi Løke, vinter i Madrid av C. J. Sansom, til fyret av Viriginia Wolf og drep ikke en sangfugl av Lee Harper. Kanskje òg fotsatt savnet  av Chevy Stevens.

Eg hadde visst store planar...

...likevel...

Og viss nokre lurar, ja, eg flytta innlegget lenger opp på bloggen, så fugler uten vinger er allereie omtalt. Litt rot, men tenkte det var meir praktisk. Gløym ikkje giveawayen min, som det er linka til øverst på sida!

torsdag 31. mai 2012

oppsumering mai og Solskinsmål 2012 (og siste frist på giveawayen min)


Bøker leste i mai
Elleve leste
- Little Bee by Chris Cleave
- på direkten av Anne Cecilie Remen
- skumringstimen av Johan Theorin
- Amish-predikantens datter av Bewerly Lewis
- a walk to remember av Nicholas Sparks
- englemakersken av Camilla Läckberg
- smaragdgrønn av Kerstin Gier
- snøstorm og mandelduft av Camilla Läckberg
- ulykkesfuglen av Camilla Läckberg
- steinhuggeren av Camilla Läckberg
- isprinsessen av Camilla Läckberg

Kjønn 
I nokre av bøkene er det fleire hovudpersonar, og i mange av bøkene er det dei same. Likevel tel eg med i frå kvar einaste bok. 

8 menn/12 damer - som vanlig er det heilt tilfeldig, men denne gongen er den næraste eg har kome likestilling. Har sikker mykje med Patrik i Camilla Läckbergs bøker å gjere. Han er tross alt hovudperson i fire av bøkene eg har lese. 

Land etter forfattar
Storbritania: Chris Cleave
USA: Beverly Lewis, Nicholas Sparks
Tyskland: Kerstin Gier
Sverige: Camilla Läckberg, Johan Theorin
Noreg: Anne Cecilie Remen

Land forfattarane tok meg med til
Nigeria, Storbritania, USA, Sverige og Noreg.

Favorittperson:
Erica Falck, Little Bee eller Jamie Sullivan

Bøker eg ikkje fekk lese
Ingen avbrot i mai, fantastisk! Lenge sidan det skjedde. 

Mål vidare
Dei står rett nedanfor her, i tillegg til at du kan gå på sida som heiter solskinsmål 2012 for å sjå kva mål eg har. Btw, giveawayen, siste frist i dag til å melde seg på.  Som sagt før, de kan vinne sjelekisten av Ann Rosman eller vente på Robert Capa av Susana Fortes. 

Nedanfor her er mine solskinsmål

Ha det fint!



ps. alle nådde solskinsmål kjem opp i margen til høgre på bloggen rett under siste tre leste bøker. 


Nå er det sommar igjen, og dette året har eg òg tenkt å ha nokre solskinsmål. Eg merka det var gøy i fjor å gjere det, og så veit eg kva eg vil lese. Dette året er det dette eg skal lese.

klasikkarar 
stolthet og fordom, Jane Austen
vår felles venn, Charles Dickens

ungdomsromanar
brennende hjerter, Simone Elkeles


fantasy
flukten, Ally Condie
skyggelandet, Alyson Noël

krim
åpne sår, Gillian Flynn
kong Salomos Sverd, Espen Holm
mørkets ansikt, Jaran Dammann
isprinsesen, Camilla Läckberg
predikanten, Camilla Läckberg
tyskerungen, Camilla Läckberg
havfruen, Camilla Läckberg
fyrvokteren, Camilla Läckberg. 
nattefokk, Johan Theorin
engelsk
the last song, Nicholas Sparks
slide, Jill Hathaway


historisk roman
jenta på klippen, Lucinda Riley



torsdag 18. august 2011

oppsumering solskinsmål 1

Kvardagen vender tilbake og sommaren er over nok ein gong. Og det same er fristen for å ha fullført solskinsmåla mine. Eg har prøvd å kome i gjennom alt og har vel nesten greidd det.

Tenkte å ha ein liten oppsumering av beste bøker, kva eg greidde og kva eg ikkje greidde i to delar fordi viss ikkje tar det laaaaaaang tid.

Ungdomsromanar
På ungdomsromanar blei det mykje ombytte fordi nokre av bøkene fekk eg ikkje tak i på bibliteket eller nokon plass, men dei har blitt erstatta av kanskje endå fleire bøker.

Ungdomsromanar eg las ferdig i sommar
tilgivelse av Karen Kingsbury











funnet av Karen Kingsbury











Mias mirakel av Karen Kingsbury











 Sarahs sang av Karen Kingsbury











Cassias valg av Ally Condie











Forførende ondskap av Rebecca James











Mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo











juli av Tania Kjeldset











tilfeldig engel av Kari Sverdrup























Ungdomsromanar eg ikkje las ferdig i sommar
Hannahs håp av Karen Kingsbury












Beste ungdomsroman
Beste ungdomaroman er vanskelig. Eg syntes det var så mange gode ungdomsromanar denne sommaren, men eg vil ikkje seie nokre av Kingsbury sine sjølv om dei òg var gode. Eg trur det må vere Forførande ondskap av Rebecca James eg likte best. Den var på ein måte skummel, litt morosam, kjekk og spennande på same tid. Det er på ein måte ein thriller, men det er ikkje fantasy heller. Det handlar vel meir om å manipulere og lure. Anbefales på det sterkaste til alle!













Mai Lene

torsdag 14. juli 2011

Bok: The short second life of Bree Tanner av Stephenie Meyer


Boka var på engelsk så det var litt vanskelig å få med seg alt, men eg gjenfortel så godt eg kan.
Bree er ein nyfødd vampyr og styres av av tørsten. Og Riley. Riley er leiar for nesten tjue nyfødde vampyrar, men det er ikkje han som har skapt dei. han bestem over dei og lærar dei om det å vere vampyr, men Bree forstår snart at det er ikkje alt han seier som er sant!

Boka var sånn passe og eg likte innleiinga dårlig. Bree verkar som ein litt sur tenåring som skulle ut og jakte med sine "medvampyrar" og likte ikkje "gjengen" ho blei sendt ut saman med. Derfor stikk ho av med ein annan nyfødt vampyr som heiter Diego og var dei dannar ein BFF-klubb eller Ninjaklubb. Det verkar meir som noko sånt tåpelig ungdomssnakk akkurat der.

Midtdelen var heilt grei, men det verka av og til som om ho bare halte ut tida litt for å lage historia litt lenger. Riley var ikkje like skremmande i denne boka som i filmen eller boka. Eller han verka meir skremmande der og eg trudde dei andre skullle vere veldig undertrykka og at han gjekk rundt konstant sur og farlig, men nei, han var som ein Gud mange av dei tilbad og det stemde ikkje med den beskrivinga me har fått før.
Alle som har sett slutten av filmen eller lese slutten av Formørkelsen veit kva som skjer på slutten, men eg sakna ekte Meyer - skriving her. Eg hadde ikkje lyst til å setje meg ned å grine fordi det gjekk sånn og eg kjente ingen sympati for hovudpersonen gjennom denne boka.

Eg elsker omslaget og det timeglaset som er på det. Det seier mykje om boka., Elsker omslaget, boka sånn passe, manglar Meyer - effektar er vel kort oppsumert.

Eg  har lese Twilight - serien og syntes bøkene var gode, men dette var ingenting i nærleiken av kva Meyer skapte før.

Andre bloggarar som har skrive om boka

Mai Lene

onsdag 13. juli 2011

Bok: forførende ondskap av Rebecca James


Kathrine har flytta heimanifrå til tanta for å kome på avstand frå tragedien som skjedde med litlesystera. På den nye skulen treff ho Alice som er både populær og livlig og etterkvart byrjar dei to å bli gode vener og med Robbie på laget ser det ut til å bli eit fint team. Men etterkvart finn Kathrine ut at Alice har òg nokre mørke sider som at ho liker ikkje å bli tilsidesatt og ho er òg til tider stygg mot "kjærasten" Robbie.

Innleiinga var kjempebra og eg måtte bare sjå kor dette enda. Det var kjempekjekt å lese det og det er der me først høyrer om Alice. Eg liker så godt måten forfattaren fortel på og det kjem fram så mykje overraskande.

Midtdfelen var fantastisk skriven og eg trudde eg visste alt som skjedde og at det var heilt opplagt og så skjedde det noko heilt anna. Det gav spenning til boka. Eg forstår ikkje kvifor eg nølte med å lese denne boka. Det einaste som var litt dumt var at eg synes ikkje det kom fram nok kjensler i "slutten av midtdelen." Det var ein trist del, men forfattaren fekk meg ikkje til å bli skikkelig lei meg, og det var ikkje så kjekt når slutten sikkert skulle veldig trist.

Avslutninga var òg her ei der eg kunne tenkje litt vidare sjølv og eg håpar aldri det kjem ein oppfølgar til denne boka fordi då kan eg ikkje dikte vidare sjølv.

Omslaget av boka var veldig bra og første gongen då eg såg boka på Libris blei auga mine dratt mot akkurat denne boka på grunn av omslaget.
Boka anbefales alle som liker litt spenning, thriller og ein veldig god ungdomsroman. Denne boka havna rett opp på topp10-lista mi.

Mai Lene

tirsdag 12. juli 2011

bok: tilfeldig engel av Kari Sverdrup


Faren til Anna er vekk. Ho veit at ho kjem aldri til å sjå han igjen. Verda hennar reisar saman. Ho og mora og litlebroren flyttar og prøver å byrje på nytt ein annan plass. Ho møter mange nye som Regine og Janna, merkelige Ella, Markus i frå skulen og Georg som bur i nabohuset. Og ho møter den tilfeldige engelen som kjem på ein Harley heilt uventa.

Boka er bra. Eg likte ikkje så godt det heilt første i boka. Eg veit ikkje heilt kvifor eg ikkje likte det så godt. Det er vanskelig å begurnne det, men det som kom etterpå likte eg. Det var ei skikkelig bra ungdomsboka med ei god byrjing som kjem høgt opp.

Midtdelen har ikkje veldig mykje spenning, men det er kjekt å lese om og her gjer forfattaren mange av dei små tinga spennande og det er ein typisk ungdomsroman sånn som eg liker. Eg synes midtdelen var veldig bra skriven og eg likte handlingsgangen og det skjedde uventa ting.

Slutten var òg bra og dette er ein sånn slutt der nokre ting bir løyst mens andre ting forblir ubesvart. Det liker eg.

Omslaget er bra og passar til titteln etter mi meining. Veldig kult med ei englevinge med bilete i.

Boka anbefales både for ungdom og vaksne.
Mai Lene

mandag 11. juli 2011

Bok: mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo


Amanda er forelska i David, men korleis får ho han til å bli interresert og kva skjer med hjartet når ein er forelska? David er bare den kjekkaste guten Amanda veit om og ho synes han er både kjekk og snill. Men er han forelska i henne? 

Boka var svært bra. Både byrjinga midten og slutten. Byrjinga byrjar med sånn typiske ungdomsgreier og sjalusi. Hovudpersonen er sjalu på si beste veninne for korleis ho tar seg ut og alt det der og er sjølvsagt usikker på om David kjem til å like veninna best. 

Midtdelen er litt sånn at han av og til går litt for dort i svingane, men han er òg litt langtrukken somme tider og du sit liksom og ventar og ventar og ventar. Det skjer veldig mykje, men ikkje sånn at du ikkje har problemer med å henge med. På "slutten av midtdelen" måtte eg nesten ta til tårene og bøker som får meg til å grine kjem høgt opp på lista. 

Avslutninga var òg veldig bra. Akkurat som på forrige bok må du tenke deg litt til korleis dette går vidare. 

Omslaget var svært bra og fargen lilla har mykje å seie i denne boka og hjartet har òg det, så eg liker det veldig godt og viss eg hadde sett denne boka i ein butikk hadde eg tatt ho opp for å sjå kva den handla om. Baksideteksten er noko heilt anna. Eg synes det blir for kort på ein måte. 

Boka anbefales å lese for både vaksne og ungdommar. 

Mai Lene 

Bok: juli av Tania Kjeldset


Det er sommar og Elin er igjen på Schrøderøya saman med Sara og Mikkel og alle dei andre. Kato er òg der, Han sat på sida av Elin på bussen. Han er på sommarferie i campingvogna saman med mora: Henry. Ho ingen skal vite om. Dette er boka om sommaren då Elin møtte Kato.

Innleiinga var god og du får eit lite tilbakeblikk på sommaren før den sommaren det blir fortalt om her. Det er med og gir noko av handlinga i resten av boka ein liten piff og har noko med venskapet til Sara og Elin å gjere.

Midten var svært bra og sjølv om det ikkje er nokre sånne scenar som du finn i kriminalromanar så sit du likevel klistra til boka. Den er skriven på ein måte som gjer at du bare vil lese meir meir meir. Av og til går det kanskje litt fort i svingane, men det er sånn som det kanskje pleier å gjere i bøker.

Slutten var ein sånn ein som eg liker. Den var kjempebra og det er nesten sånn at du kan dikte litt vidare sjølv. Det er jo litt spennande og faktisk kunne tenke seg til det sjølv synes eg då.

Boka er bra skriven og eg liker måten den er oppbygd på. Me følger både Kato og Elin og får vite kva dei begge tenker. Me får litt innblikk i korleis somrar kan vere for folk. Nokre ser på sommaren som den perfekte ferien mens andre har nesten ikkje ferie.

Omslaget er bra og viser tilbake til den sommarekjensla du får av å lese denne boka.
Anbefales
Mai Lene

søndag 10. juli 2011

bok: blå måne av Alyson Noël

Nå byrjar eg med å skrive om bøkene eg las på ferie og eg byrjar med den dårligaste først, då blir det litt spenning med kva som var den beste boka osv. Here we go!

Denne boka er som de sikkert veit oppfølgjaren til Ever - for alltid av Alyson Noël. Ever er klar for å gå inn i sin rolle som udødeleg og vere med sin store kjærleik - som òg er udødeleg - Damen. Men ein mystiks sjukdom trugar Damen og gjer at han gløymer ting. Samtidig så får Ever sjansen til å få tilbake familien sin som blei ramma av ei bilulukke, men då må ho velge bort Damen og kan ikkje lenger hjelpe han med sjukdommen. I sin søken etter ein medisin til han reiser ho til Summerland og ho må leite i Damens fortid.

Eg synes at denne boka var ein dårlig oppfølgjar og er ikkje særlig begeistra for serien. Den er ein dårlig twilight - serie og eg har ingen behov for å lese den vidare.
Byrjinga i boka var faktisk veldig god og eg tenkte at boka kom sikkert til å bli interresant viss den haldt på sånn. Det var svært interresant å lese om Evers nye forhold til tanta og korleis tanta ser på det at Ever veks mange centimeter om dagen. Det er nesten så du byrjar å leve deg inn i forteljinga og eg syntes byrjinga var bra.

Midtdelen var òg for så vidt bra. Sjukdommen til Damen blir jo verre og Ever gjer alt for han og alt det der. Reiser til og med til Summerland for å redde han. Det eg ikkje forstår er kvifor det bakpå boka står at det å leite i Damen si fortid var vanskelig og at det var ei fryktelig hisetorie. Alt ho avdekka der hadde ho visst i frå før av, så det var jo egenlig ikkje så merkelig det ho fann ut.

Så kjem me til slutten. Den øydela alt, og då eg sat og tenkte på boka etterpå fann eg ut at slutten var ikkje noko eg greidde å forstå. Den var rett og slett å kjedelig og dårlig at bare på grunn av den vil eg ikkje lese resten av serien.

Boka var bra skriven, men av og til blir det for fantasktisk synes eg alt dette Alyson Noël skriv. Ja, eg liker twilight, men eg liker ikkje denne serien. Damen er er ei dårlig etterlikning av Edward Cullen og eg synes Edward Cullen er ein mykje kjekkare gut å lese om.

Omslaget på boka var bra, det likte eg. Det passa med handlinga i boka og viser litt det mystiske rundt alt dette.

Mai Lene

lørdag 9. juli 2011

Tilbake igjen

Ja, nå har eg hatt ein lengre bloggpause som de sikkert har merka, og nå, endelig, er eg tilbake i frå ein lengre ferie i Sverige og på Gotland, Stockholm og Norrköping. Tida på Gotland var bare såååååååååååå herlig. Godt over tjue grader kvar dag og ei fin tid til å slappe av. Det må vere Sveriges svar på Syden og eg har ikkje hatt ein så avslappande ferie på mange år. Det gjekk i badeland og sommarland og andre ting. Me budde nemlig i Kneippbyn sommar - og vattenland. Der er jo det fine "krokeslottet" (eg kallar det det) som Pippi - filmane blei spelt inn i. På tysdag i sist veke var det ei fin forestilling der.

Det var kjempekoselig. Og så over til den fine turen til Stockholm. Me var så heldig å kome til slottet rett før ei omvisning og det var veldig interresant. Eg hadde for eksempel ikkje trudd at kongen og dronninga kledde på seg med pumblikum påp 16 eller 1700-talet, men utrulig nok gjorde dei det. Dronninga fødte til og med med publikum, Dei som stod rundt kunne vere heldige viss dei gidde dronninga og kongen eit klesplagg som dei seinare tok på seg. Men viss du trur dette er alt så tar du feil. Visste du for eksempel at kongen åt med publikum. Det var bare kongefamilien som åt mens alle tenarar og adelsmenn osv stod rundt og såg på. Og ikkje tru at dette var middag med desert. Tre kvarter med bordet er kanskje vanlig viss det ikkje er litt finare, men tru det eller ei. Kongefamilien sat seks timar med bordet og åt ein trettitoorettars middag. Og alle andre på slottet måtte STÅ rundt kongen heile tida og bra SJÅ på.
Dette slottet er o eit skikkelig slott. Norge sitt slott blir jo bare eit hus i forhold til dette, men det har vel sine grunnar. To dagar seinare var det Drotningholm slott, men det skriv eg meir om seinare.
I Norrköping var me i Kolmården dyrepark og der var det både safari og delfinshow og fullt i andre kule ting. Safaien var faktisk ei vogn som svevde høgt over bakken. Det var godt å ta bilete og du fekk deg dyra på nært hald. Du kan sveve to meter over løver og sjå brunbjørn, sjiraffar, sebraar og strutsar. Det var skikkelig kjekt. I tillegg har dei DET kule delfinshowet som var knalltøfft. Også hadde dei snølopard, tigrar, ulvar, kamelar og du kunne faktisk ri på kamelane. Det var skikkelig morosamt.

Men så over til lesestoff.
Eg las ut fem bøker på fire dagar på Gotland. Eller var det tre. Dei felste av dei var skkkelig gode, men etterpå fekk eg ikkje ei ny bok før i Norrköping som eg så vidt har byrja på. Men til saman i juni blei det atten bøker!!!!!!!!!!!!!! Tre lydbøker og femten vanlige bøker.
Nå er eg fornøgd. Følg med framover så ser du omtalen av bøkene.
Mai Lene

tirsdag 21. juni 2011

Lydbok: Harry Potter og de vises stein av J. K. Rowling (lese av Torstein Bugge Høverstad)


Harry Potter er eit år når han blir lagt igjen utanfor huset til tanten og onkelen og då veit han ikkje at dei neste ti åra skal han leve på løgner om at han er ein heilt vanlig gut og at foreldra døydde i ei bilulukke. Nei, han veit ikkje ein gong at han er ein trollmann. Ikkje før Gygrid kjem og då byrjar hans magiske eventyr som trollmann på Galtvort skukle for hekserie og trolldom. 
Bli med Harry og vennene hans og finn meir ut om den sure eliksirlæraren, Nikolas Flammel og Nussi. 

Boka er veldig bra og når den blir lese på lydbok sånn som dette er det nesten som å kome inn i magiens verd. J. K. Rowling er ein super forfattar og sidan femte klasse har Harry Potter bare vore best. Når då i tillegg Torstein Bugge Høverstad kjem inn og les denne fortryllande historia så blir det endå betre. 

Boka anbefales både som lydbok og vanlig bok!

Eg har òg høyrt veldig mykje bra om han som les bøkene på engelsk og ein gong skal eg høyre ei på engelsk òg, men eg har framleis ei på norsk som eg skal få høyrt og det er Harry Potter og halvblodsprinsen. Eg gler meg allereie. 

Dette blir trulig den siste boka eg skriv om før eg skal på ferie, men når eg kjem tilbake håpar eg på å ha fått mange nye bøker å skrive om. På torsdag så kjem eg til å jukse litt med Boktema hos Anette A-Å og ta heilt i frå N-P fordi eg ikkje får gjort dei seinare. Det blir liksom ein liten spesial då. Eg har òg hatt min siste It`s Monday! What are you reading og Smakebit på en søndag på veldig lenge. Boktema hos Anette blir antagelig vis det siste eg kjem til å legge ut!

Mai Lene

mandag 20. juni 2011

It`s Monday! What are you reading? #11

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


This have been a good week and I am very satisfied with my reading. 


Books I read last week
- fame by Karen Kingsbury
- forgiven by Karen Kingsbury
- found by Karen Kingsbury
- Sarah`s song by Karen Kingsbury
- Maggie`s miracle by Karen Kingsbury
- Hevnen er søt by Roald Dahl
- Harry Potter and the philosopher`s stone by J. K. Rowling (audio read by Torstein Bugge Høverstad)
- The Bible
I read/listened to all the books in Norwegian


Books I finished last week
- Fame by Karen Kingsbury
- forgiven by Karen Kingsbury
- found by Karen Kingsbury
- Sarahs song by Karen Kingsbury
- Maggies miracle by Karen Kingsbury


Books I read now
- Harry Potter and the philosopher`s stone by J. K. Rowling (audion read by Torstein Bugge Høverstad)
- Hevnen er søt by Roald Dahl
- The Bible 


Books I am going to read
- Hannah`s hope by Karen Kingsbury
- Harry Potter and the half blood prince by J. K. Rowling (audio read by Torstein Bugge Høverstad)
- beautiful malice by Rebecca James
- Gideon`s gift by Karen Kingsbury
- matched by Ally Condie
- The Bible
(all the books in Norwegian except from Gideon`s gift and maybe Hannah`s hope by Karen Kingsbury)


søndag 19. juni 2011

bok: Mias mirakel av Kari Kingsbury


Marion Wright var tretten år då foreldra skilte lag. Etter det har ho nesten ikkje trudd på kjærleiken i det heile. Untaket Kade som ho møtte sommaren etter skilsmissen som viste henne kva ekte kjærleik er, men etter den sommaren har ho ikkje sett noko til han. Nokre år seinare går ho inn i eit fohold der komfort er noko av det viktigaste. Nå er ho enke saman med sonen sin Jordan og ho har ingen tru på ekte kjærleik. 
Casey Cummins driv sin eigen kafè på Manhatten  sørger framleis over kona som døydde for to år sidan. Nå blir han støttekontakt for Marions son, Jordan Wright. 
Livet tar ein annan vending både for Marion, Jordan og Casey. 

Boka er svært god og eg likte måten den var skriven på, men alt gjekk liksom litt for fort synes eg, men elles var den god. Eg kan ikkje seie anna enn at Kingsbury er fantastisk god til å skrive og eg elsker forteljingane hennar som òg har ein meining bak seg og ikkje bare tull og vås som mange andre. Boka anbefales og du kjem ikkje til å angre på at du byrja på denne boka. 
Mai Lene

forandra

Solskinsmåla mine blei litt forandre fordi det var så lang ventetid på nokre av bøkene mine. Det blir 4 mindre Karen Kingsbury - bøker, men fleire av bøkene eg fann i går på Libris skal eg prøve å få tak i. Og eg har framleis to lydbøker. Ha ein god lesesøndag! 
Mai Lene 

Smakebit på ein søndag #11

VERTINNEN, HEVENER ER SØT - TRETTEN MAKABRE FORTELLINGER AV ROALD DAHL
"Vent litt," sa han, "vent lite grann. Mullholland ... Christopher Mulholland ... var ikke det navnet på den skolegutten fra Eton som var på fottur vestpå, og som plutselig..."
"Melk?" spurte hund. "Og sukker?"




Bli med på "Smakebit på ein søndag" du òg
- opne boka du les i nå
- del eit lite stykke med lesarane av bloggen din (vær forsiktig, ikkje avlør for mykje. Det kan øydelegge for dei som vil lese boka etterpå)
- Legg igjen linken til innlegget hjå Ladybug, ho samlar på alle smakebitane.

Bok: Sarahs sang av Karen Kingsbury


Kvart år tolv dagar før julafta tar Sarah Lindeman fram juledekorasjonane sine og eit plastikkjuletre. Kvart år gjennoplever ho historia som skjedde i 1941 og kvart år syng ho sangen sin Sarahs sang. 
Med dette året står ein av pleiarane utanfor døra og høyrer på når Sarah nynner sangen. Sarah sitt ønske om at sangen og historia skal forandre nokon ser endelig ut til å gp i oppfyllelse. 

Dette er ei sterk bok om kjærleik og bodskapet i kjærleiken. Sarahs sang har eit sterkt bodskap om og Karen Kingsbury har igjen greidd å få fram ei kjensle av at me er me i historia og at det ikkje bare er personane der som treng bodskapet, men òg dei som les boka. Boka anbefales. Du vil garantert ikkje angre på at du byrja på denne boka her. 
Mai Lene 

lørdag 18. juni 2011

bok: funnet av Karen Kingsbury

Dayne og Katy er endelig saman igjen for å planlegge rettsaka når Dayne får dårlig nytt. Han er klar for å bryte alle band til Katy Hart og prøve å elske Kelly Parker. Katy reiser heim til Bloomington heilt knust over vendinga dette har tatt. 
Baxter - familien har endelig eit etterlengta familietreff, og John har endelig funne den førstefødte sonen, men kan han fortelje om det til barna sine. Og kva skjer når tornadoar rammar Bloomington og Ashley Baxter får veer og må føde mitdt i? 

Boka er veldig bra. Ho har dei vanlige "Kingsbury - trekka" og handlar om alt det viktige i livet som mange av dei andre bøkene til Kingsbury. Ho tar oss med inn i Baxter - familien, Dayne og Katy si verd og på grunn av måten det er skrive på kjenner du deg nærare personane og historia. Mykje av historia er realistisk og me kan kjenne oss igjen i kjensler og andre ting som kjem i fram i denne fantastisk boka av Karen Kingsbury. Ho greier å fenge oss som leser på ein heilt spesiell måte og det overraskar ikkje meg at ho er ein av dei mestselgande forfattarane I USA. 

Mai Lene

fredag 17. juni 2011

bok: tilgivelse av Karen Kingsbury



Mai Lene om boka: 
Ein mann som lever eit litt uvanlig liv borte i Hollywood og ei jente i småbyen som skal prøve å finne saman på tross av forskjellig tru, livsstilar osv. Under Daynes filminnspeling i Bloomington blir han og Katy endå meir betatt av kvarandre, men det er for mykje som skiller dei. 
John Baxter held fram med søket etter sin førstefødte son, men det er vanskelig å skjule løyndommen hans lenger og for å ære Elisabeth bestemmer han seg for å byrje å leite etter han. 
KriBUT opplever eit stort tap og Katy må gjere alt for at borna skal klare å tilgi. 
Dette er i fin boka om å ikkje la hatet vinne. Den anbefales. 
Mai Lene

tirsdag 14. juni 2011

Solskinsmål 2011

Nå er det klart for noko som eg bestemte meg for å kalle for Solskinsmål. Det er altså alle lesemåla mine sommaren 2011, men sidan eg elsker sommar og solskin ville eg ikkje kalle det noko så kjedelig som lesemål sommaren 2011, så då blei det altså til solskinsmål. 
Eg har ein liten oversikt over kva eg vil lese. Nokre ungdomsromanar og litt noveller kanskje og litt fantasy. Her er dei. 

ungdomsromanar
Tilgivelse, KAREN KINGSBURY
funnet, KAREN KINGSBURY
Mias mirakel, KAREN KINGSBURY
Gunnhilds gave, KAREN KINGSBURY
Sarahs sang, KAREN KINGSBURY
Cassias, ALLY CONDIE
Hannahs håp, KAREN KINGSBURY

Fantasy
Harry Potter og de vises stein (lydbok), J K ROWLING
Harry Potter og halvblodesprinsen J K ROWLING
Nelias natt, GRO FYKSE
blå måne, Alyson Noël

Krim
Forførende ondskap, REBECCA JAMES
Theodore Boone: Advokatspire, JOHN GRISHAM

Noveller
Alle novellene i Hevnen er søt - tretten makabre fortellinger av Roald Dahl. 

Eg håpar på å greie i gjennom alt, men eg har ein tendens til å setje meg litt for høge mål. 
Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...