Viser innlegg med etiketten gyldendal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gyldendal. Vis alle innlegg

lørdag 4. mai 2013

bok: verten av Stephenie Meyer

Stephenie Meyer er (dessverre) mest kjent for bøkene sine om Bella Swan og Edward Cullen og kampen mellom "perfekte" blodsugarar og varulvar. Dessverre har eg skrive over her, og det meiner eg òg, for er det ei bok Stephenie Meyer burde vere kjent for er det verten. Dette er den andre omtalen av boka eg skriv på bloggen. Den forrige skreiv eg for to år sidan, men nå har eg lese boka på nytt og vil lage ein litt meir grundig og kanskje betre omtale.

I all hovudsak handlar boka om sjelar frå det ytre rom som innvanderer jorda. Dei har vore på fleire planetar før, og nå har dei teke ein ny. Ein av sjelane er Vandrer. Ho har aldri slått seg ned på ein planet tidlegare og får problem på jorda med at vertskroppen, som høyrer til Melanie Stryder, stritter i mot. Dette merkar lesaren både ved skildringar, dialogar mellom andre sjelar og den indre dialogen som foregår mellom Vandrer og Melanie. Melanie gjer alt for å skjule dei ho har kjær for Vandrer, men ho meistrer det ikkje heilt. Likevle, det ho meisterer, er å få Vandrer til å komme over på "hennar side". Dette er òg grunnen til at Jegeren, som dei kallar henne, ikkje greier å finne dei, når Vandrer legg ut på vandring i ørkenen for å finne Melanies litlebror og kjærast.

Boka er ei veldig typisk science fiction-bok, men har likevel meir enn berre ei oppdikta framtid og nokre sterke fiendtlege sjelar med. Wikipedia definerer Science Fiction som
"en sjangerbetegnelse for bøker, filmer, tegneserier og teater som skildrer en tenkt framtid eller verden med fantastisk teknikk og spennende vitenskapelige fenomener."

Dette passar ganske godt til boka, utanom at det vitenskapelege ikkje tek den største delen, men heller historia og plottet bak. Trass i dette kan me sjå det vitenskapelege i Meyers skildring av andre planetar. Dette vil ikkje seie at planetane som blir skildra i boka finst, men heller at ein dag i framtida vil me kanskje ha så mykje kunnskap om planetane at me veit nesten alt om dei. I tillegg er samfunnet på jorda veldig endra etter at sjelane har overtatt. Dei vel å behalde vertane sine liv, bu i husa og kanskje til og med bu med ektefellen. Det som er forskjellig er prinsippet med pengar. Ingen får løn for arbeidet dei gjer. Vandrer er ein av dei sjelane som har vore flest stader og har bytta vertskropp flest gonger, og derfor underviser ho andre sjelar på universitetet i byen ho bur. Det er ikkje ein jobb, men eit kall i følgje henne sjølv. Dei trenger heller ikkje å betale i butikkane, men kan ta med seg det som er mest nødvendig, og ved å gjere ei teneste for samfunnet gjennom kallet deira, kan dei få alt dei treng for å leve. Om dette samfunnet nokon gong blir ein realietet, kan ingen vite, men det er nokså usannsynleg at det nokon gong vil bli slik. Likevel er prinsippet interessant, og det set tankane til lesaren i gang.
Det vanskelige, det jeg virkelig mislikte - ikke det at jeg noen gang ville fortelle Kyle det, ettersom han alltid var så kjapp til å trekke mine motiver i tvil - var at vi tok så mye uten å gi noe i retur. I San Diego hadde det aldri plagd meg å handle. Der tok jeg det jeg trengte, verken mer eller mindre. Så tilbrakte jeg dagen på universitetet med å gi samfunnet noe i retur gjennom å dele kunnskapen min med andre. Det var ikke et Kall som slet meg ut, men jeg tok det alvorlig. Jeg tok min del av de mindre attraktive pliktene. Jeg stilte opp når det var min tur til å samle søppel og vaske gatene. Det gjorde vi alle.
verten side 512

Mange eg har snakka me har prøvd å lese verten, men har ikkje forstått byrjinga, noko eg forstår. Det er ikkje lett å halde fram, og eg forstod ingenting verken første eller andre gongen eg prøvde, sjølv om andre gongen las eg vidare, og til og med no syntes eg det var vanskeleg å verkeleg forstå innleiinga, men eg har ikkje lese boka på lenge heller då. Likevel, kjem du over den første kneika på eitt eller to kapittel går resten av seg sjølv. Historia river deg med seg. Jegeren blir både Melanies, Vandrers og lesaren sin største fiende frå første augeblink. Ho er farleg og gjer alt for å få kloa i dei menneska Melanie prøver å verne mot Jegeren og dei andre sjelane. Desse menneske er no i ørkenen, saman med leiaren, Melanies onkel Jebb, og der er dei godt skjult for eventuelle farar. Saman prøver Melanie og Vandrer å nå fram til staden, i same kropp. Dei har gått frå hate kvarandre til å utstå kvarandre.

Nokre andre spørsmål boka gir lesaren er om utsjånad har noko å seie for kven ein elskar. Kan Vandrer bli elska, sjølv om ho er ein lite sølvorm bak i hovudet til Melanie, eller er det Vandrer i Melanies kropp dei elskar? Slike spørsmål er aktuelle i dagens samfunn kor utsjånad og kropp gir status, uansett kvar kjendisar prøver å gjere uttrykk for. Det hjelper ikkje at Tone Damli står fram i media og seier at det er kven du er som betyr noko, når ho òg kan gå ut og seie korleis ho har fått den kroppen ho har fått. Det er ikkje berre Damli Aaberge som er slik, men dei fleste kjendisar som har fått bein og gå på og er meir kroppsfikserte enn godt er. Ved å gi Vandrer og dei andre sjelane akkurat namnet sjel, gjer Meyer eit godt grep. Sjel seier noko om kva som er inni ein person, kven personen er, og ikkje korleis han ser ut. Vertskroppen har ikkje noko å seie for korleis sjelane opptrer. Dette er kanskje det beste ved heile boka. Skilje mellom veremåte og kroppen er forskjellige, og sjølv om Melanie lever inni vertskroppen saman med Vandrer kjem dette tydeleg fram på alle måtar.

Boka er fortalt i første person av Vandrer med Melanie som ivrig lyttar til alle tankar. Lesaren blir vitne til dei indre samtalane mellom verten og eigaren av vertskroppen, utan dette svekker boka og gjer det irriterande, men heller styrkar boka. Det er ingen allvitande forteljar her, noko som er med på å byggje opp rundt Vandrers tankar og dårleg sjølvtillit, for ho er usikker på korleis menneska ser på henne. Det er få personar som er sett på spissen. Veldig få, synes eg. Det finst både dårlege og gode sider med alle i boka, og det gir eit perspektiv på alt. Me ser på menneska frå Vandrers synsvinkel, og ho ser på dei som vonde beist og har først fordommar mot dei. Boka reiser mange spørsmål med veremåten vår og kva val me ville tatt i nokre situasjonar. Drepe nokon andre for å redde oss sjølve, eller la vere og drepe for å spare personen og heller sjå korleis det går?

Når eg les denne boka, kan eg ikkje forstå at Meyer har skrive Twilight-bøkene, for dei er direkte lavmåls i forhold.

torsdag 17. januar 2013

bok: den største straffen av Robert Wilson

Robert Wilson er kjent for seriane sine om Javier Falcon og Bruce Medway. Den største straffen markerte i 2012 byrjinga på endå ein serie, denne gongen om Charles Brox. Mange kjenner nok forfattaren for suksessen med et lite drap i Lisboa og den blinde mannen i Sevilla. Etter å ha skrive denne thrillaren frå London synes eg ikkje det bare er desse to bøkene som fortener å bli tatt fram når namnet til Wilson blir nemnt.

Robert Wilson har ein stor styrke når det gjelder skildringar av miljø og karakterar. Det er truverdig, det er fargerikt og det er ikkje bare dei mest velståande eller dei som har kome verst ut av det som er med i boka. Her tar han med karakterar frå alle klassar. Det er personar som er fattige kjeltringar og det er personar som er nokre av Indias og Asias rikaste menn. Det er òg her plottet kjem inn. Frank D'Cruz har dei seinare åra haldt til i Bombay med den andre kona si, Sharmila og fleire barn. Alyshia, halvt britisk og halvt indisk, har òg vore på besøk hjå faren i villaen, men etter ei stund flyttar ho tilbake til London utan å gjere det kjent kva som fekk  henne til å rømme. Vel tilbake i London er forholdet mellom Alyshia og den britiske mora, Isabell Marks dårleg, og det skal snart vise seg at Alyshia ikkje bare har fortalt sanninga.

Fredag 09. mars har Alyshia vore ute og festa saman med venner og kollegaar, men utpå kvelden blir ho full og praier ein drosje med ein litt annleis sjåfør enn vanleg. Når det kjem fram at Alyshie D'Cruz er kidnappa, gjennom ein telefon til mora Isabell Marks, er dei ikkje seine om å få inn nokon som kan hjelpe. Kidnappingskonsulent Charles Boxer blir sett på saka, men ikkje utan at politiet blir varlsa, noko som kan bli farleg. Saman med ekskona Mercy som assistent prøver å han å avdekke kva som har skjedd med dottera til Frank D'Cruz. Boxer framstår som maskulin, tøff og flink frå første stund. Han er driven i det han driv med, og måten me blir kjent med han på er gjennom ei hending som skildrar mannen meir enn ord kunne gjort. Han har problem med forholdet til den 17 år gamle dottera, Amy, og dei to skulle saman ha vore på ferie i Portugal då ho ombestemte seg i siste liten. Derfor passar det fint for han å ta kidnappingssaka til Alyshia, som den eksperten han er.

Det skal vise seg at det er ikkje berre vanlege kidnapparar som krev lauspengar dei har å gjere med her. Faktisk er det ingen som krev pengar i det heile. Kidnappinga er ein del av eit større spel, og derfor er det katastrofalt når skurkane Skin og Dan, som har vore delaktige i det som har skjedd, bestemmer seg for å ta over kidnappinga for å tene penger og få Alyshia bort frå marerittet. Dei vil få ein rask slutt på det, tene pengar og stikke etterpå. Gjennom heile boka greier Wilson å halde på lesaren. Boka er ein ekte thriller. Han er god på å knyte saman personar ein aldri skulle trudd hadde hatt noko med kvarandre å gjere, men likevel kan det bli mange namn. Dagbladet sa det så passande som dette: "Ikke minst er han god på karaktertegninger. Men han risikerer også å falle for sitt eget talent. Bokas største svakhet er at den inneholder så mange navn på mennesker, organisasjoner, gjenger og allianser at det blir vanskelig for leseren å holde oversikten." Det er her han taper litt, og det er vanskeleg å halde følgje gjennom heile boka. Likevel forstår ein slutten og greier å forstå kva som skjer og sortere dei ulike karakterane når forteljinga er ferdig.

tirsdag 11. desember 2012

ellevte desember: bokomtale - nattefokk av Johan Theorin

I slutten av november og i byrjinga av desember bestemte eg meg for å feriere litt på Öland, eller kanskje bli med til Öland via ei av bøkene til Theorin. Nattefokk var akkurat som skumringstimen, fantastisk spennande og til å få mareritt av.

Hovudpersonen i nattefokk er Joakim Westin. Saman med kone og barn har han flutta til garden Åludden på Öland, og planane for den gamle garden er mange. Likevel går nesten aldri planar slik du vil, og aller minst i bøker. Spenninga i boka heilt frå første side, og Theorins vage hinting om at noko skal skje, gjer at her forstår ein at noko skal gå gale. Ein dag når Joakim reiser til Stockhold for å hente eit gammalt arvestyke skjer det utenkelege. Politiet slår på tråden.
"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnne til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.

Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp og oppfostrast utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida får med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.

Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvesagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Paralellt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som at låste dører plutseleg er opne og hemmelege rom er ingredienser i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.

Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaften, møtes alle personane i boka i eit blodig samanstøt.

Theorin sine bøker gjer at ein sit go tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromarar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk er bra. Akkurat der minner han meg litt om J. K. Rowling. Rowling skriv om eit fantasiunivers, når ho skriv om Galtvort og Harry Potter. Likevel får ho oss til å kjennes oss igjen i karakterane, som det at dei  har mykje lekser, er forelska, har venner og uvenner og har problem med familie og lærarar. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanefor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likvel kjenner ein oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".

Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterier og har mange historeir å kome med om det meste. 

lørdag 20. oktober 2012

bok: ekstremt høyt & utrolig nært av Jonathan Safran Foer

Hadde det vore normalt for ei seksten år gammal jente å vere forelska i ein niåring hadde eg vore det etter å ha treft hovudpersonen i boka til Jonathan Safran Foer. Oscar er svært sjarmerande og litt veslevaksen. 11. september 2001 mista han faren sin då tvillingtårna blei eit terrormål. Etter det har Oscar gått rundt i "heavy boots" som er ei omskriving av å ha dystre tankar.

Oscar bur i New York, ein av verdas største byar. Då blir det også eit problem for han når han finn ein nøkkel som passar i ein av dei over 162 000 000 låsane som finnes i New York. Nøkkelen fann han i ein blå vase som ein gong tilhøyrte faren. Han veit ikkje kva nøkkelen er til, men eit hint har han: Namnet "Black." Han bestemmer seg for å oppsøke alle som har Black til etternamn i New York, i alt 472 personar.

Paralelt med historia om Oscar får me lese breva frå bestefaren til Oscar, Thomas, til faren til Oscar, Thomas. Med lengsel og anger blir historia til Thomas senior fortalt. Her står det om bestemora til Oscar, om søstera til bestemora, om Thomas senior og liva deira. Bestemora til Oscar bur rett ovanfor, og ho har òg skrive brev, men til barnebarnet. I hennar brev får me høyre om det vankselige forholdet til bestefaren til Oscar, om følelsane hennar og ein del meir som eg ikkje vil røpe.

Aldri har eg lese ein så trist og samstundes sjarmerande roman som det denne boka er. Oscar må vere den mest oppfinnsamme, litterære karakteren eg nokon gong har høyrt om. Han skildrar seg sjølve som ateist og det store førebilete er Stephen Hawking.Fleire gonger i løpet av boka får me lese det same svaret som kjem til Oscar etter han har sendt brev til Hawking:
Thank you for your letter. Because of the large
volume of mail I receive, I am unable to write
personal reposnses. Nevertheless, know that I
read and save every letter, with the hope of one
day being able to give each the proper answer it
deserves. Until that day,
Most sincerely,
Stephen Hawking
Eg tenkte fleire gonger: "At du ikkje gir opp å skrive til han når du får dette svaret kvar einaste gong", men sidan det var Oscar, min nye store helt, forstod eg det på ein måte likevel. Han kan så mykje rare fakta om elefantar, søvn og alt slagas anna rart. I tillegg er han ein oppfinnar, eller amatør-oppfinnar, for kvar kveld når han legg seg byrjar han å finne opp ting inni hjernen sin. Kvifor ikkje ha skyskraparar der dei rørte seg i staden for heisen? Kvifor ikkje ha skilt på ambulansen som blenka: "It's not major" eller "It's major"?

Oscar har òg sitt eige visittkort (viss du har tenkt å lese boka og ikkje vil få alle dei sjarmerande tinga servert i dette innlegget, bør du bla forbi) som han deler ut til alle dei 472 personane med etternamnet Black.
OSCAR SCHELL
INVENTOR, JEWELRY DESIGNER, JEWELRY FABRI-
CATOR, AMATEUR ENTOMOLOGIST, FRANCOPHILE,
VEGAN, ORIGAMIST, PACIFIST, PERCUSSIONIST,
AMATEUR ASTRONOMER, COMPUTER CONSULTANT,
AMATEUR ARCHEOLOGIST, COLLECTOR OF: rare
coins, butterflies that died natural deaths, miniature cacti,
Beatles memorabilia, semiprecious stones, and other things.
EMAIL: OSKAR_SCHELL@HOTMAIL.COM
HOME PHONE: PRIVATE/ CELL PHONE: PRIVATE
FAX MACHINE: i DON'T HAVE A FAX MACHINE YET
Ein Humlesnurr i miniatyr rett og slett! Språket i boka var òg bra, så langt som eg såg i alle fall. Eg las boka på engelsk og anbefaler dykk å gjere det, for originalspråket av boka var fantasisk bra. Skildringane var ikkje overdådige og overstrødde med adjektiv, og derfor nærare perfekte. Og personane var ikkje stereotype. Takk for det! Dette er ei bok du bare kan setje deg ned og kose deg med.

Nå blei dette innlegget i stor grad eit innlegg om Oscar, og det blei kanskje litt feil, for mora og bestemora (og bestefaren) er veldig sentrale karakterar i boka som Oscar får tryggleik frå. Han har mange fobiar i forhold til høge bygningar, undergrunnsbanar og folk med turban. Av naturlige grunnar pregar dette boka, saman med at han saknar faren veldig mykje og fort blir lei seg. Likevel, boka er verkeleg sjarmerande.

mandag 24. september 2012

bok: hver dag av David Levithan

Tenk deg at kvar einaste dag vaknar du opp i ein ny kropp. Du har ein ny familie. Du har nye venner. Du har nytt hus. Du er eit nytt kjønn, har nye kjæledyr, har ny personligdom og er i ein heilt ny situasjon. Det er livet til A. A er verken jente eller gut, ikkje feit og ikkje tynn, har ikkje kontrollerande foreldre, men heller ikkje det motsette.

Tenk deg òg at du lever etter nokre reglar som du prøver å overhalde så godt du kan, så ein dag er det ein person som får deg til å kaste alle reglane bort. Å ikkje bli for knytta, ikkje rote til ein annan sitt liv, bare leve livet til den personen du er, er reglar som ikkje tellar lenger, for A har møtt Rhiannon.

Ein dag vaknar A opp i Justins kropp. A liker ikkje Justin, ikkje bare på grunn av røyking, sjølvgod stil og ein haug med andre negative ting. Justin er tydeligvis ein dårlig kjærast, og måten Rhiannon oppfører seg på, får A til å kjenne ein gryande misbiligelse mot  kroppen og personen han er.Etter dagen som Justin er A ein annan person. Og dagen etterpå der ein annan igjen. Kor tid får han måte Rhiannon igjen, jenta som behaldt ein alt for stor del av han?

Med ei blanding av poesi og enkle setningar fortel Levithan ei heilt ny historie til ein hovudperson ein ikkje har sett maken til. Kva A er, er eigenlit umogleg å svare på. Sjølve har eg tatt me i å skrive "han" mange gonger i dette innlegget. Sidan A er forelska i ei jente, er det lett å tenke på A som ein gut, men A er jo ikkje noko spesielt kjønn, og det er spesielt med denne boka.

Forfattaren har laga liva til dei A flyttar inn i veldig på spissen. Dei er stereotype, og på ein måte tenker eg at han får dei mest spesielle typane flest gonger. Det er plutselig uvanlig mange spesielle folk i den same staten i USA. Homofile, mentalt sjuke, overvektige, jenter med uvanlig pen kropp,... De skjønner sikkert teikninga. Sjølv synes eg dette var negativt og gjorde boka litt meindre truverdig. Ikkje at ho var så veldig truverdig med ein hovudperson som flyttar rundt slik, men utanom det kunne ho vore truverdig på andre måtar.

Noko anna eg ikkje likte var dei stadige epostsamtalane dei første. Det er jo mi meining då, kanskje mest fordi eg er den romantikkaren som synes brev er det beste i ei bok. Likevel forstår eg at dette er ein måte å føre handlinga vidare på og vekke spenning, for epostane i boka er ikkje bare vanlige epostar om kvardagen. Her har dei ei djupare meining enn som så. Og epost går jo raskare, og A har ikkje tid til å sende brev og vente ei veke med å få svar.

Språklig var boka veldig bra. Skrifta var stor, og derfor gjekk det ikkje lang tid å lese boka. Den tar deg med inn i ei forteljing som du aldri har lese før. Ho er rik på tankar rundt livet, andre som person og det å vere nokon du ikkje er. Personane er satt litt på spissen, men elles syntes eg boka var veldig fin og lærerik.

Boka er eit leseeksemplar frå Gyldendal
Mai Lene

mandag 20. august 2012

bok: arven av Katherine Webb

Gyldendal forlag 2011
496 sider
The Legacy


En mørk og kald vinterdag like etter bestemorens død, vender Erica Calcott og hennes søster Beth tilbake til Storton Manor, et stort og imponerende gods hvor de tilbrakte idylliske somre som barn. Da Erica begynner å rydde i bestemorens eiendeler, blir hun overstrømmet av minner om barndommen og om sin fetter, Henry. Henry forsvant sporløst fra godset mange år tidligere, og uvissheten om hva som skjedde den skjebnesvangre dagen, har splittet familien og ført til uvennskap og dype konflikter. Ikke minst er Beth fremdeles dypt preget av forsvinningen.
Erica bestemmer seg for å finne ut hva som skjedde med Henry, slik at fortiden en gang for alle kan bli stedt til hvile og Beth kan finne ro. Og gradvis, etter hvert som Erica klarer å rekonstruere det som har skjedd, trer en ukjent familiehistorie frem. En historie som strekker seg tilbake til århundreskiftets Amerika, til møtet med en vakker ung pike fra overklassen, hennes dramatiske kjærlighetshistorie og voldsomme offer. Og etter hvert som fortiden flettes inn i nåtiden, innser Erica og Beth at de må akseptere familiens mørke hemmeligheter og voldsomme svik − og ikke minst arven de bærer − skal de komme videre med sine egne liv.
Katherine Webbs debutroman er en uforglemmelig, handlingsmettet og dramatisk historie som vil bite seg fast lenge etter at siste side er lest.
Eg var veldig spent før eg byrja på boka, for eg har lese så utrulig mange gode historiske romanar, men har tidligare høyrt litt negative ting om denne boka. På sett og vis kan eg forstå dei som klaga òg, for ho var ganske treig i byrjinga trass i at handlinga byrja med ein gong. Det postive var jo at ho tok seg opp etter 50 sider i staden for 150.

Boka foregår både i nåtida (på 2000-talet) og i fortida (frå 1902 og framover). Hovudpersonen i nåtida er Erica Calcott som saman med søstera Beth har vendt tilbake til bestemora, Meredith, sitt hus, som har ei lang historie med fleire mørke sider. Familien til Erica og Beth har tilhøyrt overklasse i fleire tiår, heilt sidan Caroline, Ericas oldemor, kom  til England. Ganske langt uti boka bruker Erica nokre ord for å beskrive seg sjølv og søstera, både kort og utfyllande.
"Cacottene tilhører overklassen(...)"
"Tilhørte overklassen. Du kan ikke akkurat si det om Beth og meg - jeg er en fattig skolelærer, herregud, og Beth er en alenemor som må arbeide for å klare seg."
I tillegg til mysteriet i forteljinga, slit Beth med depresjon, og ho kjemper for å behalde ansvaret for sonen Eddie. Å vere tilbake i huset, Storton Manor, gjer henne dårlig, og minner frå då ho og Erica var barn kjem tilbake til dei. Erica prøver å hugse tilbake til den dagen då fettaren Henry blei borte, Beth vil ikkje hugse. I arbeidet med å rydde opp i huset, finn Erica gamle bilete og brev.
Bare ett annet foto fanger min oppmerksomhet. Det er gammelt og slitt i kantene, motivet er synlig under et hav av fuktskader og falmethet. En ung kvinne, kanskje tidlig i tyveårene, i en høyhalset kjole, håret festet strengt bakover; med et barn i kniplingskjole på fanget, toppen et halvt år gammelt. En mørkhåret baby med uklart ansikt, spøkelsesaktig, som om den vred på seg akkurat i det bildet ble tatt. Kvinnen er Caroline. Jeg kjenner henne igjen fra andre bilder i huset, selv om hun er yngre på dette bildet enn de andre. Jeg snur bildet og leser det utviskede stemplet på baksiden: Gilbert Beaufort & Son, New York City, og skrevet for hånd, med blekk som nesten er forsvunnet, 1904.
Men Caroline giftet seg ikke med Henry Calcott, min oldefar. før i 1905, og de mistet en datter før Meredith ble født i 1911. Jeg rynker pannen, holder bildet opp mot lyset og forsøker å se etter andre spor. Carolone stirrer rolig tilbake på meg og holder en beskyttende hånd rundt barnet. Hvor ble det av dette barnet. Hvordan falt det ut av slektstreet vårt?
Det her mysteriet ligg, og det er det dei prøver å nøste opp i. Samstundes som me følgjer Erica og Beth i nåtida, følgjer me òg Caroline i byrjinga av 1900-talet, som nygift med ein kvegbonde og barnlaus. Etter fleire store selskap i New York, høgt oppe i samfunnet, er det vanskelig å tilpasse seg det nye og enkle livet. 

Der boka sviktar litt for meg, er her, med Caroline. Dei røper alt for mykje på dette punktet. Eg liker på ein måte når ein finn ut litt om fortida gjennom at personane i nåtida finn det ut først, og så fører oss tilbake. Her ligg alltid lesaren litt, eller alt for mykje, framfor til at det blir veldig spennande. Det var det som øydela i det du ikke ser òg, om kanskje ikkje fult så mykje.

Det som trekker denne oppe er dei langt frå stereotype personane. Me blir kjent med alle sider av ein person, ikkje bare dei dårlige eller dei gode. Caroline og Beth er to gode eksempel på dette. Caroline høyres ut som ei vakker jente og ein god person det hadde vore morosamt å bli kjent med, i den tida på kvegfarmen. Seinare blir ho beskriven som alt anna enn morosam å vere med, og dette humørsjuke beistet høyres ikkje like tiltalande ut.
Beth har depresjon, ho kan vere mutt og tverr, men samstundes er ho verdas beste mor til Eddie, og ho kan bli skikkelig ivrig, når ho først sett i gang med noko. 

Boka er på nesten 500 sider, men det går overraskande fort å lese henne, både på grunn av passe store bokstavar og eit lett språk. Litt skrivefeil her og der, som eg hadde skikkelig lyst til å rette på ei lita stund, men det kjem seg. Det at boka, frå nåtida, blir fortalt i første person gjer alle tilbakeblikka på barndommen til Erica og Beth veldig einsformig, men samstundes interessant. Me saknar ikkje Beth sin synsvinkel i boka på nokon måte, sjølv om eg skulle ønske at forfattaren hadde vore ås modig at Beth hadde fortalt i staden for Erica. Det hadde blitt langt vanskeligare å skrive, men òg langt meir spennande.

Boka var herlig urealistisk! Veit ikkje om de forstår heilt kva eg meiner, men då får det spørje...

torsdag 16. august 2012

lydbok: det du ikke ser av Katherine Webb - lese av Bodil Vidnes-Kopperud


Har høyrt første lydbok dette året, og det seier at det er veldig sjeldan at eg høyrer på lydbøker. Likevel er eg nå klar for å høyre på fleire. Det du ikke ser blei høyrt ferdig på tysdag, og her er omtalen:
England 1911. Presten Albert Canning og hans naive hustru Hester deler en pasjon for spiritisme og lever et lykkelig liv i en søvnig landsby i Berkshire. Men idyllen blir brutt av to nykommere til landsbyen: Først kommer Cat, den nye tjenestejenta, en fri sjel som blir reddet ut av fengsel av det vennlige ekteparet. Mens hun forsøker å finne en utvei til å rømme, finner hun seg vel til rette i landsbyens hemmelige underverden. 
Robin Durrant ankommer, en ledende ekspert på det okkulte, nysgjerrig på rykter om at overnaturlige vesener holder til i myrene rundt landsbyen. Robins magnetiske sjarm og store karisma gjør at han snart blir en ettertraktet mann – som fascinerer flere.Gjennom en lang, varm sommer blir atmosfæren stadig sterkere ladet av ambisjoner, kjærlighet og sjalusi – en blanding så kraftfull at den til slutt ender i mord.
Plottet i seg sjølv er spennanda og bra laga, og boka byggjer på ei godt planlagd historie der alt er mogleg. Første personen me møter i boka er Hester Canning som me blir kjent med gjennom brevet hennar til søstera Amelia. Det er gjennom dette brevet me for første gong blir kjent med Hester, om hennar ekteskapelige "problem" og om hennar planar. I brevet gir ho uttrykk for at ho har tenkt å ta til seg ein av "Herrens bortkomne sjeler," nemlig Cat som kjem til prestegarden som tjenstejente. Hesters naive haldning i forhold til andre og hennar trang til å vere barmhjartig mot alle, er noko av det første som kjem til uttrykk.
Det andre er kanskje kjærleiken hennar til mannen Albert (Bertie) som ho formelig tilber. Han er lyset i livet hennar, den ho elsker over alt anna. Likevel har dei sine problem, og til og med Hester veit ikkje kva det er som får Albert til å halde avstand frå kvart minste kyss og kvar minste omfamning.

Nøyaktig hundre år seinare, 2011, finn nokre akeologar i Belgia ein ukjent soldat. Han har ikkje noko som kan tilseie kven han er, og det er ingenting som hintar til nasjonalitet eller familie, utanom to brev dei finn på han. Journalisten Leah kjem for å sjå på liket av mannen, på ordre frå eks-kjærasten, og motvillig går ho med på å finne ut kven han er. Jakta startar i England på prestegarden kor Hester og Albert budde. Det skal vise seg at alt går tilbake til sommaren 1911 då Robin Durrant og Cat Morley ankom.

Albert, pastoren og Hesters mann, blir besett av å finne naturånder, og med god hjelp frå filosofen Robin Durrant, gjer dei to alt for å bevise naturåndenes eksistens.
Cat er ein tidligare fengselsfugl som har sine problem, men er likevel veldig sjølvstendig. Saman lagar Hester, Albert, Cat og Robin ei amper stemning på prestegarden, noko som til slutt ender i mord.

Som sagt plottet var bra, og eg likte skrivemåten. Det grunnlegjande var kjempebra, og eg kjeda meg ikkje mykje. Av og til var det litt lite som skjedde, noko som resulterte i at eg ikkje alltid var like oppmersam. Det eg ikkje likte var måten dei røpa hendingar på. Webb greidde å halde på spenninga når det gjaldt historia til personane, og det kom fram mange overraskande løyndommar. Likevel liker eg avslutningar der dei skriv nesten kva som skjer, men ein manglar alltid den EINE tingen som skal til for å vite kva som eigentlig skjedde. Her blei alt fortalt rett fram. Det var litt skuffande og kjedelig. Likevel var det så godt fortalt at eg ikkje blei ekstremt skuffa.


mandag 23. juli 2012

bok: Karitas av Kristín Marja Baldursdóttir

Dette var første gongen eg las ei bok med handling i frå Island. På sett og vis var ikkje boka skuffande i måten ho var skriven på, og ho var mange gonger svært fengande. Men ho var  ikkje det ho gav seg ut for å vere, og for at de skal få mitt intrykk av handlinga og kva den handla om, tenkte eg at for å sjå baksideteksten, må de trykke "lese meir?", for eg blei i alle fall skuffa over innhaldet i forhold til den, derfor skal det fåvere valfritt. 

Karitas er ei islandsk jente, som elsker å male og teikne. Boka byrjar med at ho, dei fem søskna hennar og mora flyttar til Aukereyry (trur eg det heiter), for at ho og dei andre barna skal få seg ei utdanning. Men førebels er det bare brørne som får gå på skule. Ho og søskna må jobbe med sild eller vere heime og passe på. 

Likevel opnar det seg snart moglegheiter, og fleire av søskna får reise vekk på skule eller ta høgare utdanning. Men ikkje Karitas. Ikkje før ei fornem dame i Aukereyri gir henne tilbod om å betale for at ho skal få gå på kunstskule i København. Og med desse lovnadane reiser ho, og etter nokre år kjem ho tilbake som fult utdanna kunstnar. Karitas er viss på at som kunstnar kan ho ikkje få seg familie, men det er likevle det som skjer, for når ho kjem tilbake forelskar ho seg i fiskaren Sigmar og blir gravid. Må ho velje mellom familien og kunsten?

Det eg ikkje likte, var at i motsetning til andre bøker fortalte baksideteksten siste halvdelen av boka, i staden for første, så det var første halvdelen som var overraskande. Dette resulterte òg i at eg syntes boka kom svært seint i gang. 

Det eg var mest skuffa over, var mangelen på noko om då ho var og studerte i København. Boka hoppa rett over alle dei åra, som omfatta ganske mange i hennar liv. 

Ho var langt i frå å vere den beste boka eg las dette året, og eg trur ikkje at det var boka for meg. Det var som ein litt for lang serieroman. 

Omslaget var uansett fint og fekk meg til å ville lese boka. Men eg trur ikkje eg kjem til å lese dei neste bøkene i serien, trass i fine omslag. 

mandag 2. juli 2012

bok: den trettende fortellingen av Diane Setterfield

Carl recommends The Thirteenth Tale by Diane Setterfield
Ingen vet hvem den gåtefulle forfatteren Vida Winter er. Hun har brukt hele sitt liv på å dikte historier om seg selv. Den grufulle sannheten tåler ikke dagens lys. Nå, gammel og syk, ønsker hun å lette på mysteriets slør.

Den unge Margaret Lea takker ja til å skrive biografien hennes. Historien hun avdekker, handler om utemmet villskap og galskap, forbudt kjærlighet, brå død og usynlige bånd. Men hva er sannhet, og hva er diktning? Og hva er mysteriet om den trettende fortellingen?

Den trettende fortellingen byr på klassisk fortellerkunst – i slektskap med Dickens så vel som Brontë-søstrenes romaner.
Kan ikkje forstå at eg ikkje har oppdaga denne boka tidligare. Margaret Lea og Vida Winter er verkeleg to personar eg likte å bli kjent med. Dei er begge veldig mystiske og løyndomsfulle. Då eg var ferdig med boka, og hadde lese siste side, kom eg fram til at eigentlig visste eg ikkje særleg mykje om utsjånaden til Margaret Lea, men for ein gongs skuld iriterte eg meg ikkje, for det var lagt opp slik.


Boka er skriven på ein heilt fantastisk måte, og bare ein driven forfattar kan skrive på denne måten. Skildringane til Vida Winter av fortida er storslagne, og eg levde meg skikkelig inn i det ho fortalte Margaret Lea. Historia til Vida Winter er skikkelig fascinerande, og strukturen i boka kunne ikkje vore betre. 


Beste historiske romanen, beste boka eg nokon sinne har lese. Ho hoppar forbi Harry Potter, verten, jenteloven, perfekt kjemi og alle bøkene eg har lese. Omslaget er nydelig og mystisk, og kven ville ikkje ha plukka opp denne, viss dei hadde sett ho i ein bokhandel. 


Eg får meg ikkje til å skrive meir, for eg vil ikkje røpe for mykje. Det einaste eg kan seie, er at eg anbefaler dykk alle å lese denne! 


lørdag 30. juni 2012

bøker: "havfruen" og "fyrvokteren," begge av Camilla Läckberg

Det er lenge sidan eg las desse, og derfor blir det bare to små innlegg.


havfruen av Camilla Läckberg

Christian har nettopp gitt ut si første bok, havfruen, og lanseringsfesten står for døra. Men midt i festen får Christian eit trusselbrev, eit i ei lang rekke sidan han byrja å skrive boka. Dette, saman med at hans beste kamerat og tobarnsfaren Magnus nettopp har blitt funne drepen, etter å ha vore borte i tre månadar, får Tanumshede politi til å byrje å lure. Men for å finne svaret på mysteriet, må dei leite bakover i tida.

Boka var nervepirrande, og skrekkelig spennande. Likevel var det noko som mangla, og eg visste kven som var skyldig allereie før boka var halvvegs. Ho var god, men ikkje i nærleiken av ulykkesfuglen, steinhuggeren og englemakersken. 

For å finne ut meir om boka kan du gå her, på Gyldendals nettsider. 

fyrvokteren av Camilla Läckberg

Ein mann blir funnen myrda i sin eigen bolig, og ingen har sett noko. Det einaste politiet veit er at han var ut på øya Gråskär, for å besøke ein gammal barndomskjærast, rett før han blei skoten. Kva har skjedd? Er det barndomskjærasten som har myrda han, eller er det personar frå fortida som har kome tilbake? Og kva er grunnen til at ingen veit særlig mykje om han?

Fyrvokteren kjeda meg skikkelig, og grunnen var kanskje at då eg byrja å lese, var eg grådig lei Läckberg, men for å ha lese alle åtte, måtte eg lese denne òg. Den fenga ingenting før slutten, og eg syntes ikkje komplottet denne gongen var interessant nok. Sorry, Läckberg. Denne gongen var det ikkje meg du appelerte til.

For å finne ut meir om boka kan du gå her på Gyldendals nettsider. 

søndag 10. juni 2012

bok: predikanten av Camilla Läckberg


En liten gutt sniker seg en sommermorgen ut for å leke ridder i en kløft i Fjällbacka. Leken tar brått slutt da han får øye på en død kvinne. Begravet på stedet der kvinnen blir funnet, oppdager politiet skjelettene av ytterligere to kvinner. De to forsvant sporløst i 1979. For Patrick Hedström og kollegene hans i Tanumshede politidistrikt er det en vanskelig sak. Johannes Hult, sønn av en kjent frikirkepastor, kalt Predikanten, ble mistenkt for de gamle drapene, men døde uten å tilstå. Står politiet overfor en ukjent drapsmann som dreper igjen etter et opphold på mer enn tjue år? Eller dreier det seg om en sinnssyk morder som søker inspirasjon i de gamle drapene? Var Johannes Hult så uskyldig som han hevdet? Camilla Läckberg (f. 1974 i Fjällbacka) debuterte som krimforfatter i 2003 og har siden skrevet seks romaner om Erica Falck og Patrik Hedström. To av disse, Predikanten(2005) og Steinhuggeren (2006) er blitt nominert til Årets bästa svenska deckare. Camilla Läckberg bøker er solgt i over to millioner eksemplarer bare i Sverige og er filmet av svensk TV.
Dette er ei bok eg har høyrt mykje skryt om, og den nådde opp til forventningane, men ikkje høgare. Sjølv synes eg at både ulykkesfuglen og englemakersken har vore betre enn denne.

Erica Falck og Patrik Hedström er tilbake igjen, Erica høggravid og lei av å vere heime, og Patrik travelt opptatt på jobb. Og sidan det er sommar kjem det òg gjester til huset deira for å nyte Fjällbacka "in summer," noko som kan vere både slitsamt og kjedelig.

Heldigvis dreier ikkje heile boka seg om dette. Nå var eg så dum at eg byrja på fyrvokteren på skulen her ein dag, for eg gløymte å ta med meg predikanten, og derfor rota bøkene seg litt saman, men det gjekk fint, og eg fekk nok fullt utbytte for denne boka.

Ei laaaaaaaaaang stund trudde eg eg visste kven som var mordaren. Trudde. Dessverre var eg ikkje like god til å gjette denne gongen som dei andre gongene, men i havfruen veit eg kanskje kven det er.

Uansett, litt liten omtale, men eg er så dårlig på å skrive omtalar av krim at det er heilt fælt. Du kan ikkje røpe for mykje, men så må du pirra lesarane, og den balansegangen er VANSKELIG!

torsdag 7. juni 2012

bok: tyskerungen av Camilla Läckberg

Hvorfor har Erica Falcks mor tatt vare på en tysk medalje fra andre verdenskrig? Erica finner medaljen i en gammel kiste på loftet sammen med morens dagbøker og en liten barnegenser med flekker av blod. Spørsmålet gjør henne urolig, og til slutt oppsøker hun en pensjonert historielærer som har spesialisert seg på nazismen, for å få vite mer. Men mannen svarer unnvikende og oppfører seg underlig. Ikke lenge etter blir han funnet død, drept av et kraftig slag mot hodet. Da Erica til slutt bestemmer seg for å lese dagbøkene, oppdager hun at moren kjente mannen, og at de to en gang hadde felles venner. Kan hennes møte med mannen ha satt i gang et hendelsesforløp som førte til drap? I Tyskerungen er det Erica Falcks egne familiehemmeligheter som avsløres, samtidig som politiet på Tanumshede politistasjon må prøve å klare seg uten Ericas makker Patrik Hedström, som har pappapermisjon.Camilla Läckberg (f. 1974 i Fjällbacka) debuterte som krimforfatter i 2003 og har siden skrevet fem romaner om Erica Falck og Patrik Hedström. To av disse, Predikanten(2005) og Steinhuggeren (2006), er blitt nominert til Årets bästa svenska deckare. Camilla Läckbergs bøker er solgt i over to millioner eksemplarer bare i Sverige og er filmet av svensk TV.
tekst og bilete frå Gyldendal.no

Eg skal innrømme at eg syntes denne boka var SKIKKELIG treig i byrjinga. Det skjedde liksom ikkje så mykje. Men heldigvis tok ho seg opp, og det blei ei fin leseoppleving til slutt, om kanskje ikkje så god som dei andre bøkene av Läckberg, så god.

Det at det denne gongen er nærare til hovudpersonane gjorde det litt meir spesielt, for då forstår du veldig godt grunnen for å finne ut av det. Likevel var det ikkje det mest spennande mysteriet. For å skryte litt (igjen) fann eg ut før polititet kven det var, eller eg hadde mine mistankar, og dei blei bekrefta i slutten.

Nå må eg ikkje seie kven eg mistenkte, men la meg seie at etter å ha lese ein del bøker av denne forfattaren har eg forstått kven det var mange gonger. Likevel greier eg aldri å forstår heilt kvar som har skjedd, sjølv om eg veit kven som har gjort det. Veldig bra skrivemåte av Läckberg som røpar nok til at me kanskje kan finne gjerningsmannen, men ikkje nok til å vite alt. Du sit med undrande spørsmål om boka. Kva skjedde eigentlig? Kvifor skulle han/ho gjere det? Det er bra!

Som sagt boka var ikkje så god som dei andre av Läckberg, men likevel bra. Eg har ein stor kjærleik til svensk krim etter at eg las Kallentoft i mars og april, og nå har byrja på Läckberg og Theorin. Läckberg har løfta heile interessen betraktelig, og til hausten skal eg byrje på Marklund sine bøker, bare for eg elsker Läckberg sine bøker.

Tyskerungen har absolutt ikkje fått meg til å miste interessa for Läckberg. Tvert i mot. Nå sit eg og les predikanten og etterpå skal eg til på havfruen og boka som kjem etter den.

Så, ei god bok, men ikkje like god som dei andre av Läckberg.



onsdag 30. mai 2012

bok: smaragdgrønn av Kerstin Gier

Nå er den etterlengta oppfølgaren her, og den skuffar ikkje!



Hva gjør man når man får knust hjertet sitt? Riktig, man ringer til bestevenninnen, spiser sjokolade og velter seg i ulykken i ukevis. Bare dumt at Gwendolyn, som er tidsreisende mot sin vilje, trenger energien sin til helt andre ting. Til å overleve, for eksempel. For trådene som den tvilsomme greven av Saint Germain har spunnet i fortiden, drar seg også i nåtiden sammen til et farlig nett. For å komme på sporet av hemmeligheten må Gwen – om hun har aldri så mye kjærlighetssorg -- ikke bare danse menuett sammen med Gideon på et storslått ball på 1700-tallet, men også kaste seg hodekulls ut i eventyret.Smaragdgrønn er en herlig og etterlengtet avslutning på bestselgende trilogi.Kjærlighet til alle tider-- bøker å forelske seg i!
Heile boka byrjer der safirblå slapp. Gwendolyn er såra over at Gideon som har hevda at han maniopulerte henne til å forelske seg i han. Såra er faktisk mildt sagt ei underdriving. Ho er heilt knust og sender meldingar og ringer til veninna Leslie. Sjølv har Giedon sagt at han framleis vil vere vennen hennar, sjølv om han ikkje er forelska i henne slik som han har hevda tidligare. Vil vennskapet mellom dei overleve og er Gwendolyn villig til å tilgi?

I tillegg så er det eit stort problem at Gideon og Gwendolyn skal på ball hjå greven saman, og Gwenny har framleis ikkje greidd å tilgi han for måten han har oppført seg på. På toppen av alt er ho stuptrøyt, og i tillegg har ho nattlige besøk hjå ein person i fortida ho er veldig tett knytta til. Kan han gi henne svar?

Charlotte er òg eit stort problem. Ho går stadig rundt i huset og snokar og prøver å finne løyndommen til Gwenny og personen frå fortida. Korleis skal Gwenny greise seg gjennom alle tidsreisene, bevare løyndommen sin og i tillegg vere vaken nok til å vere observant?

Lucy og Paul, Gwennys kusine og mannen, er framleis viktige nøkkelpersonar, og begge hevdar framleis at ringen ikkje bør bli slutta og at kronologen ikkje bør innehalde alles blod. Skal Gwenny, Gideon og dei andre voktarane tru på dei? Er det kanskje greven, som hevdar at når ringen er slutta kan dei få eit middel til å kurere alle sjukdommar, som har rett? Kven skal dei stole på?

Stadig fleire puslebetar kjem opp for dagen, men er dei mange nok til å danne seg eit klart bilete av kva som skjer? Samstundes som Gideon og Gwenny er travelt opptattt med konfliktar i fortida skjer det nye oppdagingar i samtida som er meir personlig for Gwenny enn noko ho hadde drøymt om.

Å starte opp rett etter den forrige boka er ein genistrek, og ein av grunnane til at eg byrja på denne boka var sjølvsagt at eg ikkje fekk ein skikkelig slutt i den forrige. Likevel var det vanskelig å setje seg inn i boka igjen, for det er tross alt over eit halvt år sidan eg las dei to forrige, men det var lett å setje seg inn i handlinga og personane igjen. Måtte bare ha litt tid på meg.

Xemerius gir bare krydder til boka. I byrjinga av safirblå syntes eg han bare var iriterande, men no kan eg ikkje tenke meg serien utan ein demon som svever rundt Gwenny. I tillegg er dei personlige problema ikkje for storre, og dei tek ikkje for stor plass, så den verkelege handlinga kjem godt fram. Eg var litt nervøs før eg byrja på om dei personlige problema blei så framtredande at det andre ikkje vart synlig nok, men det var ein fin balansegang i boka.

Som dei andre er denne boka fengane og velskriven. Komplottet er kjempebra lagt opp. Eg som elles ikkje er veldig  begeristra for fantasy har elska denne triologien om Gwenny og Gideon og Charlotte og Leslie og Lucy og Paul og Greven og voktarane. Storarta. Kjærlighet til alle tider - ein serie som til og med ikkje-fantasy-elskande personar kan bli fenga av!!

Sist, nydelig omslag. Den norske utgåva har eit betre enn den tyske som har dette:

Eg synes i alle fall dette. Dette ser meir ut som ei tragisk kjærleikshistorie. Det omslaget som er på den norske ser mystisk ut og er på ein heilt annan måte valt ut i frå handlinga.

Omtalen min av rubinrød er her, og omtalen av safirblå er her.
Viss du vil legge boka til goodreads-lista di kan du gå her, og vil du legge den til bokelskerlista kan du gå her.

Her kan du lese ein smakebit Bokelserinnen hadde i frå boka.



tirsdag 29. mai 2012

LäCKBERG SPESIAL: OMTALE AV TRE KRIMBØER AV LäCKBERG

Dette er då eit "Läckberg spesial-innlegg" der eg presenterer tre av Läckbergs krimbøker. To av dei er i serien om Patrik Hedström, og den siste er om Martin Molin, ein liten pocketutgåve som er veldig Agatha Christie og bare på litt over 150 sider. Eg tar det etter kva bok eg las først og fram til den eg gjorde ferdig i dag. Seinare vil det òg komme innlegg om smaragdgrønn av Kerstin Gier.

snøstorm og mandelduft 



En snau uke før jul samles familien Liljecrona til slektstreff på øya Valö utenfor Fjällbacka, og Martin Molin ved Tanumshede politistasjon må følge med sin venninne Lisette Liljecrona. De er samlet på oppfordring av familieoverhodet Ruben, som styrer slekten med jernhånd.
Men forbindelse til fastlandet blir brutt av en kraftig snøstorm, og da Ruben faller død om under middagen, tvinges Martin som politimann til å gripe inn. Han konstaterer raskt at Ruben er blitt drept, og at alt tyder på at noen har forgiftet ham. Ettersom de er isolert på øya, må den skyldige være å finne i familien. Men hvem?
Kortromanen Snøstorm og mandelduft er et lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd.


tekst og bilete frå Gyldendal.

Ja, boka er kanskje i ekte Agatha Christie-ånd, utan at eg kan uttale meg om det, sidan eg aldri har lese noko av henne, men andre seier det at høyres veldig Agatha Christie ut. Etter det eg har høyrt om henne synes eg òg det. Boka er langt i frå like velskriven som dei andre, men det er jo forståelig med tanke på andtal sider. Kanskje det går an å legge på eit lite antal med det, for så å skrive betre, men lengre. Litt over 150 sider er rett og slett litt for lite, sjølv om det bare utspelar seg over nokre får dagar. Komplottet og mysteriet var betre. Der synes eg ho fiksa det, og til tider var det veldig spennande. Läckberg kan krim.

Martin Molin er med kjærasten Lisebette til øya, og sjølvsagt kjem det ein snøstorm. Ikkje akkurat veldig gøy kan me vel seie, men slik er det. Samstundes døyr det ein person, overhovdet i familien Rune. Han skal ha vore grisk og ha hatt for høge forventningar og ambisjonar til barn og barnebarn.

Andre som er samla er Lisebettes foreldre, bror, onkel, tante og søskenbarn. Alle har kvar sin personligdom, og med det kvar sin måte å takle ting på. Nokre taklar det betre enn andre.

Eg sa i omtalen av englemakersken at personane var alt for stereotype. Det er dei i alle fall her. Eg synes at dei var dårlig laga, og heile skildringane var bare teite. Var du dum, var du skikkelig dum. Var du snill, ja, så var du snill. I tillegg var det veldig klisjé av og til, og ho kunne brukt mange av sidene med unyttige opplysningar til å gjere boka betre. I tillegg var løysninga sånn rask utveg som var alt for enkel. Heile avslutninga blei feil i boka. Sorry, Camilla Läckberg, dette var skuffande. (men den er kort, så det går ikkje meir enn eit par timar å lese ut, så det er lov å prøve)

ulykkesfuglen


Marit Kaspersen rørte aldri alkohol. Likevel har hun en promille på 6,1 da hun blir funnet død i bilen sin etter en utforkjøring. Hun har også noen uforklarlige blåmerker og rester av tape rundt munnen. Patrik Hedström og kollegene hans på Tanumshede politistasjon oppdager etter hvert at det har vært liknende tilfeller andre steder i Sverige, og skjønner at de står overfor en morder som får det til å se ut som om offeret har omkommet på grunn av rattfyll. En avrevet side fra eventyret om Hans og Grete er alltid etterlatt i nærheten av den drepte. Like etter Marits død blir en av deltakerne i reality-serien Fucking Tanum, som spilles inn i Fjällbacka, funnet myrdet i en søppelcontainer. Har denne saken noen sammenheng med de andre drapene?


tekst og  bilete frå  Gyldendal

Denne fenga heilt i frå byrjinga. Innleiinga, med handling i frå ein stad som me ikkje visste noko om, var veldig Kallentoft i skrivestil, men samstundes veldig Läckberg. Kjempeflott. I tillegg kan ho det med å byrje ei bok med ulykka som skjer og ikkje med noko heilt anna. Det gjer at du slepp å tenke på om det snart skal skje noko i boka.

Hanna er den nye arbeidaren på politistasjonen i Tanumshede. Etter litt påpeik frå øverste hald har Mellberg endelig ansatt ei jente for å vege opp litt på kjønnsfordelinga. Allereie før ein time på stasjonen har gått er ho og Patrik ute og ser på ei bilulukke. Som det står over, Marit Kaspersen er offeret og kraftig berusa, sjølv ho aldri har rørt alkohol. I tillegg til dette er det andre merkelige skadar på kroppen hennar.

Avhøyra byrjer og Patrik, Martin, Hanna og alle dei andre må byrje å nøste opp trådane i mysteriet. Samstundes kjem bryllupet til Patrik og forfattaren Erica Falck nærare, og Patrik jobbar stadig. Blir dei ferdige i tide?

Unektelig spennande og veldig velskriven. Det var tydelig at boka var populær og tydelig lesen mange gonger. Den var brun og hadde eit preg av å vere lesen ekstremt mange gonger, noko som er veldig forståelig. Eg elsker heile komplottet og alt. Og i tillegg, litt skryt til meg sjølve, eg fann ut før politiet kven det var, haha, ikkje på grunn av dårlig skriving, men fordi eg alltid tenkar nøye gjennom det. Mange andre les og ser kva som skjer, eg må tenke òg når eg les krim, og av og til treff eg det som er korrekt.

Denne boka er heilt klart ei av dei beste i mai.

steinhuggeren



En hummerfisker finner liket av ei lita jente i en av teinene sine. Politiet tror først at det dreier seg om et ulykkestilfelle. Men obduksjonen av syv år gamle Sara viser at hun har ferskvann i lungene. Noen har tatt livet av henne og siden kastet henne på havet. Og noen må ha fôret henne – med aske?
For Sara har aske i munn, mage og lunger. To andre barn utsettes senere for forsøk på askemating. Asken har en lang og makaber historie og er nøkkelen til mysteriet. Drapet har en forbindelse med Agnes Stjernkvist. Hennes historie begynner i Strömstad på 1920-tallet og får tragiske følger i nåtid. Det er en historie om hvor langt man kan være villig til å gå for å få det man ønsker seg.



tekst og bilete frå Gyldendal

Nettopp ferdig med denne triste, men nervepirrande boka. Tenkt å drepe eit barn på den måten! Det er rett og lett heilt bortanfor min forstand at nokon kan gjere noko slikt. Patrik og dei andre i politiet får denne gongen ei veldig vanskelig nøtt. Her er ikkje personane så stereotype lenger heller. Det gler meg stort at dei ikkje er det.

Paralelt med historia om Sara og politietterforskinga får me òg høyre om Agnes og Steinhuggaren Anders som levde på 20-talet. Det er historie om kjærleik og å vere grådig. Det skal snart vise seg at denne historia har noko å seie for nåtida.

Eg har sagt det før, skrekkelig vanskelig å skrive omtale av krim. Håper eg ikkje røper noko for dykk, så derfor skriv eg heller noko om kor god denne boka var. Den var kanon, med unntak av løysinga. Det eg tippa på at var rett denne gongen var dessverre ikkje rett. Det merkeligaste i heile boka er ein nabofeide midt opp i alt det andre. Det synes eg er veldig morosamt, men samstundes litt sånn: "FÅ GANG PÅ ETTERFORSKINGA!!" Det gjer at alt blir endå meir nervepirrande. Gled dykk til å lese denne, om de ikkje allereie har gjort det då.

Nå er dette innlegget slutt, og eg avsluttar med songar i frå Eurovision. Sverige vann, og eg er superglad, for eg heia nemlig på Loreen. Nydelig sang!! I tilegg hadde Island ein veldig fin.



tirsdag 22. mai 2012

bok: englemakersken av Camilla Läckberg

ei utrulig velskriven bok av ein flott krimforfattar

Påsken 1974. En familie forsvinner sporløst fra øya Valö utenfor Fjällbacka. Middagsbordet er sirlig dekket, men alle, bortsett fra ettåringen Ebba, er borte. Er de ofre for en forbrytelse, eller har de forsvunnet frivillig?
Gåten blir aldri løst.
Mange år senere kommer Ebba tilbake til øya og huset der hennes far med jernhånd har ledet en internatskole. Hun og mannen hennes, Mårten, har nettopp mistet sin tre år gamle sønn, og i et forsøk på å komme over sorgen har de bestemt seg for å pusse opp det gamle huset og starte en liten Bed and Breakfast.
Men nesten før de får etablert seg, er det noen som forsøker å tenne på huset. Og da de begynner å fjerne gulvplankene i spisestuen, finner de størknet blod under...
Tekst og bilete frå Gyldendal.no  


I 30 grader og steikande sol har eg sete ute (på Jæren!!!!!!) i dag og lese englemakersken av Camilla Läckberg. Utrurlig bra bok som har halt bilkket mitt nagla fast til sidene konstant. Det var nedtur då eg måtte legge frå meg boka då det var middag. Likevel, på tross av at eg av og til ufrivillig måtte legge frå meg boka, fordi eg tok på meg solbrillene, (og ikkje greier å lese utan mine andre briller), så blei eg ferdig. 


Ein forfattar som Erica som hovudkarakter var verkeleg noko som gjorde at eg blei fenga. Eg synes forfattarar, politi of journalistar er dei mest spennande hovudpersonane i ein krim, og i denne boka gav Läckberg meg alt. Her var alle yrker med. 


Det er skikkelig vanskelig å skrive omtale av krim, for det er vanskelig å ikkje røpe noko, men eg kan seie at det var både fengane, spennade og overraskande. Patrik, Erica, Ebba, Mårten og Anna var personar det var kjekt å "bli kjent med." Sjølv om boka skildrar forferdelige tragediar, så er det òg dosar av ordinært familieliv, og litt mindre ordinært familieliv. Litt stereotype personar kanskje, og kanskje litt svart-kvitt og klisjé, eit litt negativt punkt, men er det ikkje slik det skal vere då? 


Eg forstår ikkje kvifor dei største krimforfattarane kjem i frå Sverige (sjølv om me har Jo Nesbø og Anne Cecilie Remen). Kallentoft, Theorin og Läckberg. Det neste eg skal ta til med er Kerstin Gier, men så blir det meir Läckberg, Theorin og Kallentoft, og kanskje litt andre forfattarar òg.


Nå skal eg kose meg med smaragdgrønn resten av kvelden og håpar at den siste boka i serien er minst like bra som dei andre. 


lørdag 12. mai 2012

bok: skumringstimen av Johan Theorin

Nervepirrande!



Og først nå får guttens mor Julia Davidsson høre om Nils Kant, som en gang satte skrekk i folk på øya. Han forsvant lenge før Julias sønn. Likevel hevder flere at de har sett Nils Kant – at han iblant vandrer omkring på det ölandske alvaret i skumringstimen.
Hva skjedde egentlig den tåkefylte høstdagen for tjue år siden? På mesterlig vis ruller Johan Theorin opp en historie der fortiden kaster skygger over nåtiden.
Då er det ei lita stund sidan sist bokomtale, men slik får det bare bli i desse tider. Uansett har eg hatt ei veldig spennande og nervepirrande leseoppleving.


Heile komplottet og settinga i boka verka spennande på meg, då eg las om boka første gong. Eg var ho så heldig å vinne denne boka og nattefokk hjå Elida på my first, my last my everything. Å lese denne boka var i alle fall suksess, sjølv om det har gått litt ekstra lang tid.

Eg lurer på kva det er med svenske krimromanar som gjer dei så gode? Mons Kallentoft, Johan Theorin og Camill Läckberg, dei tre store. Og endå fleire som eg ikkje kjem på, men som òg er i frå Sverige. Lisa Marklun skriv vel òg krim.

Tilbake til boka, så spennande og nervepirrande bok opplever me sjeldan. Eg kjente det langt inne. Det er noko eige med bøker som dette, og når dei i tillegg tar med litt "spøkelser" og gamle historier i frå Öland i forteljinga (sjølvsagt oppdikta), så blir det ekstra bra.

Eg likte absolutt alt med denne boka. Strukturen, den autorale forteljarvinkelen og hoppa tilbake i tid. Det er slikt som fengar og gjer ein god krim til nettopp det, ein god krim. Om du ikkje har prøvd Theorin sine bøker tidligare, så anbefales det å gjere det nå.

Både Gerlof og Julia var gilde personar å bli kjent med. Litt spesielle kanskje, og mange av personane verka som folk som tok ting i sine eigne hender. Veldig lite samfunn der alle kjenner alle, men likevel ikkje kjenner kvarandre sånn kjempegodt. (Veit ikkje om de forstår kva eg meiner)

Eg sit igjen med både gode og litt småtriste kjensler etter ei slik bok. Den hadde både ei god og ei dårlig side, og den dårlige sida likte eg absolutt ikkje. Litt sur blir eg alltid når ting ikkje går som eg har tenkt, men likevel kan eg ikkje alltid få viljen min.

Noko av det beste var at han brukte verkemiddelet med ein nesten altvitande lesar. Altså at me visste alltid litt meir enn personane i boka. Då er det spennande å vente på kor tid og korleis noko skjer, når me veit at det kjem.

Til slutt min vanlige reklame: giveawayen min her! De kan vinne enten vente på Robert Capa eller sjelekista. Det er sponsa av Bazar forlag. 

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...