torsdag 29. desember 2011

lesemål 2012

2011 er snart over, og for min del har det gått fort i svingane, og eg har ikkje fått lese så mykje som eg har hatt lyst til. Eit mål for det nye året er å ikkje bry meg om antall bøker, men gode bøker!! Det betyr at eg heller skal leite etter gode bøker som eg kan suge til meg og verkeleg nyte, i staden for å lese fort og prøve å kome unna med bøkene eg har tenkt å lese. Eg har ikkje noko spesielt antall bøker eg vil lese, men dette året har det blitt 91 bøker, kanskje det blir 92. Eg kan kanskje ha eit mål om å lese hundre bøker i 2012.

Mine lesemål for 2012:

engelske klassikarar
Eg har som mål å få lese litt Charles Dickens som store forventninger og vår felles venn. Jane Austen har eg aldri vore borti før, men eg har tenkt å lese ei av hennar bøker i det minste. Kanskje òg ei bok av Agatha Christie. Får sjå korleis eg liker det.

psykologiske thrillarar
Dette er ein ny "sjangar" eg har byrja å lese nå i 2011. Både mus (Gordon Reece) og forførende onskap (Rebecca James) var kjempegode, og vidare kjem dette til å bli ein sjanger eg skal lese. Blir spennande å sjå kva bøker det blir. Eg har tenkt å lese før jeg sovner (S J Watson). Den skal vere veldig god.

Lese alle bøkene på ønskelista
Eg har ei ønskeliste på bloggen som eg har tenkt å få lese i 2012. Det er bøker eg har veldig lyst til å lese, og nokre har  eg venta på sidan SOMMARFERIEN!! Bestilte dei på biblioteket då, men har ikkje sett noko til dei. Får smøre meg med tålmod (sjølv om den eine står det kvar gong eg er innom, at det er 2-3 vekers ventetid på.) Ønskelista

Lese fleire romanar berekna på  vaksne
Endelig har eg byrja å lese bøker som er meir for vaksne òg. Og det har eg ikkje angra på. Saras nøkkel, bumerang, reisen hjem, Maya og midt i mellom var fantastiske bøker som eg ikkje greidde å legge i meg. I nattbordskuffa har eg liggande hotellet på hjørnet av bitter og søt.  Det er ei bok eg håpar på å få lese i tillegg til den usynlige broen, huset du elsket, de hvite emglene, et sted i nærheten og den hvite dronningen. 


Halde fram med å lese ungdomsromanar
Eg skal halde fram med å lese ungdomsromanar òg, men eg skal slutte å lese Karen Kingsbury. Eg veit ikkje heilot kva ungdomsromanar eg kjem til å lese utanom at blodrød vei står høgt på lista.


Skrive om boks med ein gong eg har lese ei
Det får bli eit bra mål, sidan det er ikkje alltid eg gjer det, og det er nokre bøker dette året eg ikkje har fått skrive om, men det er eit mål eg skal prøve å følge, utanom når eg er på ferie.

vere med på "urfordringar"
Eg skal blit flinkare til å vere med på ting som tematrio, smakebit på ein søndag, boktema hos Anette, It's Monday! What are you reading? I tillegg skal eg prøve å kome i gang med å tipse om forfattarar igjen. Den første forfattaren i 2011 blir Tatiana de Rosnay, og det skal òg kome nokre meiningsmålingar. så stay tuned i 2012.

Mai Lene

Bok: reisen hjem av Lori Lansens

"Det finnes bøker som kryper inn i sjela di - under huden på deg. REISEN HJEM er en slik bok! Avslutningen er fantastisk - og meget overraskende. Jeg ble helt satt ut! Dette er Lori Lansens beste roman." LIV GLADE - BOKINSPIRATOR NORLI.
5-årige Sharla blir forlatt av sin hvite mor og plasert hos naboen, den svarte ensomme kvinnen Addy Shadd. Addy er 70 år og har dårlig helse, men et varmt hjerte, og hun blir som en bestemor for Sharla.  I tilbakeblikk blir vi kjent med Addys dramastiske liv. Som gravid 15-åring blir hun beskyldt for å ha forårsaket brorens død, og jaget ut av den lille byen Rusholme. På sin lange reise bort fra hjemmet opplever Addy stor kjærlighet og avgrunnsdypt svik, inderlig lykke og grenseløs tragedie. Og hele tiden hvisker en stemme i henne at hun skal vende tilbake - reise hjem. Når Sharla kommer inn i Addys liv, kan denne reisen endelig begynne. 
 REISEN HJEM er en sterk og rørende romanom den forløsende kraften i kjærlighet og minner, og om to ulike mennesker som forvandler hverandres liv for alltid.
Romanen er en internasjonal bestselger som er utgitt i 12 land og nominert til flere literaturpriser. Whoopi Goldberg har kjøpt filmrettighetene. 
Ei fantastisk, nydelig, bra, spennande, overveldande, fengande, super, flott og rørande bok. 


Addy verkar som ei varm og snill dame. Ho er ein hovudperson me bare MÅ like sjølv om ho røyker og har hatt eit hardt liv. Likevel er ho veldig einsam når Sharla kjem for å bu hjå henne. Ho bare ikkje veit det sjølv. Sharla er den forlatte litle jenta som du synes veldig synd på, men som etter Addys beskriving verken er fin å sjå til eller har bra ordbruk. Men etter bare ei lita stund ser det ut til at dei blir veldig gode vener.

Ei flott leseoppleving som eg anbefaler alle der ute som er leseglade og likte saras nøkkel. Ei spesiell og veldig god bok som har aldri har lese maken til. Den er i same forteljar stil som saras nøkkel, men handlinga er eit heilt anna, og det er den eg liker best i tillegg til forteljarstilen. Lori Lansens er ein forfattar eg skal lese meir av.

Noko av det beste med handlinga var tilbakeblikka på Addy sitt tidligare liv. Det var ikkje bare lett, og det var mange triste episodar, men òg mange morosamme og fine stunder. Ei bok de bør lese alle saman.

Mai Lene

mandag 26. desember 2011

Bok: Mus av Gordon Reece

Fekk tid til å lese litt i jula likevel. På julaften fekk eg to nye bøker: reisen hjem av Lori Lansens og ei til bok som eg ikkje hugsar namnet på, men ho verka som ei som er litt i Karen Kingsbury - stilen. Eg får sjå korleis ho her. Omtale kjem det nok.

Men over til mus av Gordon Reece

Om boka

Ett sted går det en grense - selv for dem som er vant til å finne seg i alt. Denne rystende psykologiske thrilleren etterlater leseren med spørsmålet: Hva ville DU gjort viss du nådde denne grensen?
Shelley, kjære, sa mama. Ikke vær redd. Han vil bare ha penger. Hvis vi gjør dom hsm dirt, vil han gå og la oss være i fred. 
Jeg trodde ikke på henne, og kunne skjønne på de skjelvende hendene og den uvante stemmen hennes at hun ikke trodde det selv heller. Når en kattgår inn i et musehull, etterlater den ikke musene uten å ha skadetdem. Jeg visste hvordan dette kom til å ende. 
Shelley og moren omtaler seg selv som mus - alltid fredssommelige, pliktoppfyllende, usikre på seg selv. Forsiktige som mus og gode som gull hele livet, og alt de har oppnådd med det, er å bli herset med av alt og alle. Men det finnes en grense selv for mus. Og en dag er den grensen nådd. 
Mi meining
Dette er ikkje noko bok om ein helt. Tvert i mot. Shelley, som det handlar om, er eit mobbeoffer, tyngst i klassen, og ho har gått med sjølvmordstaknar. Det å då flytte ut til Honeysuckle Cottage og få heimeundervisning hjelper på for henne. I alle fall for ei lita stund, heilt til fødselsdagen. Eg vil ikkje røpe så mykje i frå der og ut i boka, utanom at eg synes at dei er veldig savitslause, både Shelley og mora. (utdraget i frå fødselsdagen står på baksideteksten som eg har skrive over her)

Shelley er på mange måtar ei grei jente å bli kjent med, men det er ikkje mykje morosamt i boka. Alle bøker skal ikkje vere humorristiske, og det er ikkje hovudtrekka for ein psykologisk thriller, så det var ikkje så veldig sakna heller.

Skildringane var gode, og eg likte måten personane blei presentert på. Honeysuckle Cottage høyres ut som eit nydelig hus, men eg trur ikkje eg hadde greidd å flytte så avsides frå alt og alle, men det har vel sine fordelar i handlinga her.

Eg pleier å seie at Gyldendal ofte har kvaltitetstempel på boka. Viss boka er merka med Gyldendal, er det for meg nesten kvalitetsstempla, og det er denne boka òg. Veldig spennande. Kanskje ikkje heilt den skrivestilen eg liker best, men elles er boka bra. Det var noko meir eg ikkje likte som eg ikkje greier å setje heilt ord på. Veit ikkje om eg veit sjølv kva det er, men det var noko som ikkje var heilt min smak, så det er ikkje den beste boka eg har lese heller.

Maria på Marias bokblogg har òg aøgt omtale av boka.
Omtalen


fredag 23. desember 2011

Bok: Maya av Isabel Allende

Amerikanske Maya Vidal vokser opp i California i en fargerik og utradisjonell familie. Mayas distré og kreative, men likevel kjærlige familie består av den chilenske bestermoren og eks-taxisjåføren Nidia Vidal, eller bare Nini, og av mannen til Nini, den afroamerikanske professoren Paul Ditson II, eller bare Popo.
Maya er 19 år, opprørsk, sta og selvstendig, kanskje fordi de voksne er så eksentriske. Nini tror på eventyr og astrologi og Popo mest på stjernetåker og svarte hull. Da den innspirerende og skøyeraktige Popo dør, mister begge damene fotfestet. Nini går i svart, og Maya havner på skråplane, blant dårlige og løvløse venner. I Las Vegas er hun sunket så dypt i søla at det bare fins én vei opp, og den staker Nini ut, 
Maya blir sendt sørover, til Chile, ut på landet til den magiske, fargerike og idylliske øya Chiloué, og til Manuel, en karismatisk, klok venn av Nini.
Her venter det henne mange eventyr, en vakker og komplisert familiehistorie, og nye fantastiske muligheter. Maya møter kjærlighet, kunnskap og store doser av det Isabel Allende er aller flinkest til å formidle: mennesklig frodighet og varme og lett urovekkende hendelser. For også i landsbyidyllen fins det svarte hull...
En moderne , ung og spennende roman med røtter i Isabel Allende særegne, magiske literære univers. 
 Nå, KVELDEN FØR KVELDEN, (!) har eg avslutta den siste boka før julaften. Maya er ei fin bok å lese, og kvifor ikkje rundt jul?  Eg har aldri lese noko av Isabell Allende før, av den grunn at eg ikkje har høyrt om forfattaren før, og at eg liker vaksne bøker meir enn før.

Boka har vore fengande, og meir enn ein gong i dag har dei andre vore litt sure når eg bare sit med boka og så vidt gidder å bidra med noko. Å lese om øya ho blir sendt til er spennande og det er koselige, men merkelige folk. Boka byrjar med at ho blir sendt til Chile til den øya, men me blir fleire og fleire gonger sendt tilbake i tid og til det som skjedde før ho kom til Chiloué. Alt i frå då Nini møtter Popo og til det harde livet til Maya i Las Vegas. Skal ikkje gå så mykje inn på kva som skjedde rett før ho kom på øya, for då røpar eg for mykje, men det var verdt å vente på at det skulle kome. I tillegg prøver ho å avdekke løyndommen om Manuel sine mareritt om natte.

Denne boka er ikkje akkurat for dei som tåler lite, men det er litt morosame ting òg i boka. Skrivinga, skildringar og alt er kanonbra, og det viser at Allende er ein driven forfattar. Dei som les bloggen min fast veit kanskje at eg ikkje akkurat deler ut stjerner, poeng, terningkast eller karakter til bøker, men skulle eg gitt det til denne måtte det vore 4,5 stjerner av 5 moglege. Litt missfornøgd med byrjinga. Litt for mykje skildringar, og eg liker ikkje så godt den der "hei-mitt-namn-er-ola-og-dette-er-kari-tonen" der dei presenterer ein og ein som om du skulle presentere deg personlige, rekke handa ut og trekke nokon opp på sida av seg og presentere denne òg, men ho fekk til mykje interessant rundt kvar person og særlig rundt den eksentriske og veldig spesielle bestemora som eg lo mykje av.

Nå skal eg slappe av med kvelden før kvelden. Og så vil eg seie GOD JUL OG GODT NYTTÅR! I morgon blir det ikkje mykje lesing, men meir  TV.

torsdag 22. desember 2011

Boktema hos Anette - All I want for Christmas

Denne veka er boktemaet hjå Anette all I want for Christmas. Eg har allereie lagt ut ei liste over kva eg bøker eg ønsker meg til  jul. Den finn de her. Men eg liker alltid å finne nye bøker, og i går var eg innom bazar forlag sine nettsider og såg nokre nye bøker eg kunne tenke meg, i tillegg til ei eg såg på Libris sine nettsider. Tenkte eg skulle ta tre av dei i dag då.

den usynlige broen av Julie Orringer
Eg har byrja å interessere meg meir for "voksenbøker" nå i det siste etter at eg byrja å lese Tatiana de Rosnay sine bøker. Eg har reservert denne boka på biblioteket, men det er fem månadars ventetid på boka. Eg "fann" boka då eg svarte på ein julekalendar.

Den skal visst nok vere veldig god, men eg tårer ikkje å skrive kva den handlar om sidan eg ikkje har lese ho, men her kan de sjå kva Gyldendal seier om boka. 



før jeg sovner av S J Watson

Eg synes at psykologiske thrillarar er veldig spennande, og denne verkar spennande. Omslaget er spennande (og liknar på omslaget til verten) og Bazar sin omtale gjer meg veldig nysgjerrig på boka. 









et sted i nærhetne av Cecelia Ahren
Denne boka òg verkar interessant og hadde eg funne ho litt før, hadde eg garantert ønska meg den til jul, men men...
Reservert ho på biblioteket. 

Her er omtalet. Denne òg er utgitt på Bazar. 


tirsdag 20. desember 2011

Bok: A Christmas carol av Charles Dickens

This is the famous story of Scrooge, a rich businessman of London during the last century. With old age, Scrooge has become mean and spiteful. Until he receives a visit from the ghost of his dead friend, Marley. Marley's ghost sends three other ghosts to show Scrooge the importance of kindness and generosity. And so, for the first time in years, Scrooge enjoys a happy Christmas. 
Dette er ei julehistorie som dei fleste av oss har lese og sett på film. Denne gongen las eg ho på engelsk. Eg har gjort det før òg, men denne gongen var det ein annan utgåve som var litt lenger og litt meir utfyllande enn den me fekk på skulen på 9-10 sider.

I denne historia møter me Ebenezer Scrooge, ein forretningsmann som er rik på pengar, men ikkje på vener. Han er ikkje den som deler ut pengar til fattige eller som gir for mykje løn til arbeidaren sin. Tvert i mot er han gnien og gjerrig og lite kjent for generøsitet. Dette forandrar seg ikkje før han får besøk av spøkelset til Jackob Marley, den avdøde kompanjongen og venen hans. Marley viser han den lenka han bygde på mens han levde, ei lenke som består av regnskapsbøker, pengeskrin og gull. Marley advarer Scrooge mot å halde fram som han gjer. Han sender tre spøkelse for å besøker Scrooge. eit i frå fortidas jul, nåverande jul og den framtidige jula. Som de sikkert veit, forandrar Scrooge seg etter desse besøka og blir desto snillar og meir gavmild enn mange andre.

Det er ei kjempeflott historie som verkeleg får fram litt julestemning. Det er koselig lesestoff, og eg synes at Scrooge eigentlig verker veldig hyggjeleg. I alle fall i slutten. Det er første gongen eg har lese ei så utfyllande historie av denne forteljinga. Las på engelsk og det var flott å kunne lese den på originalspråket. Absolutt ikkje vanskelig å lese, tvert i mot var ho lettlest, og det var fine ilustrasjonar til.

Som mange av dykk veit finnes det mange filmar basert på denne boka. For å anbefale ein (som speles av på DVDspelaren vår akkurat nå) så må det vere den med George C Scott i hovudrolla som Scrooge.














Veldig kjekk film. Utanom den skal den der Jim Carrey har den eine stemma vere bra, og så er Disney sin versjon veldig bra. Dei einaste eg har sett som eg ikkje liker må vere BBC sin versjon. Kjedelig og veldig dårlige effektar. Og så likte eg ikkje at heile den scena i frå då han besøkte skulen sin var teikna i staden for å vere ein ekste stad. Eg har òg sett ein som var sånn passe. Det var ein musikal med alt for mykje musikk. Kvar gong du trudde ein song var ferdig, haldt dei fram med å reptere den minst tjue gonger til.



















Kjeda meg gjennom heile filmen og var veldig lei av sang etterpå. Men eg må gå. Kveldsmat. =)

Mai Lene

mandag 19. desember 2011

Smakebit

Sidan flukten i fra virkeligheten  har tatt juleferie, var det ikkje nokon smakebit i går, men i dag skal eg dele ein smakebit i frå verdas mest kjente bok: Bibelen.

Det eg skal dele med dykk står i Jesaja 9,6

For eit barn er oss fødd,
          ein son er oss gjeven.
          Herreveldet er lagt på hans skulder.
          Han har fått namnet
          Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
          Evig far, Fredsfyrste.



Veldig fint bibelvers. Seier mykje om jula. Til nå må det vere den finaste smakebiten eg har delt emd dykk synes eg. 


Ha ei fin veke fram mot jul. 



søndag 18. desember 2011

Bok/biografi: Anne Franks dagbok

Dette er ikkje boka eg las. Den
på bilete er nyare. 
Ja, då er eg endelig ferdig med Anne Franks dagbok, ie utgåve i frå 1995 trur eg.

Om boka/biografien
Ingen skildring av en jødisk families skjebne under den andre verdenskrig har vel nådd ut til så mange mennesker som Anne Franks dagbok. Den unge pikens beretninger om de to årene hun og hennes nærmeste levde i dekning  for nazisme, er blitt en klassiker. I denne nye utgaven er det tatt med stoff som ble utelatt i den første utgaven. Dagboken er blitt omtrent en fjerdedel tykkere og gir et er nyansert og dypere innblikk i Anne Franks verden. På tross av de dramatiske omstendighetene får vi et nørt bilde av en vanlig tenåring, hennes tanker og følelser, drømmer og lengsler - og forventninger til fremtiden. 
Mi meining
Dette er andre gongen eg les Anne Franks dagbok, den originale utgåva der dei ikkje har tatt noko vekk. Første gong eg las ho gjekk eg i femte klasse, men eg følte at eg fekk med meg litt meir nå. Boka er eigentlig veldig interessant dei første 100-200 sidene, men dei siste 200-300 kan bli litt kjedelige til slutt. Du blir litt lei av å bare høyre om dei same personane heile tida og kva som skjer og kranglar osv. Men når det er sagt, det er ikkje Anne sin feil at det ikkje var noko anna å skrive om. Det var livet hennar i dei to åra. Det går ikkje an å skrive om denne boka som ei vanlig bok.  Nokre av reglane, kranglane osv var veldig morosamme å lese om òg. Det var òg morosamt å lese om hobbyane til Anne, særlig siste del av lista over hobbyar, for dei kjende eg meg veldig igjen i. Òg det at ho ville bli forfattar var gjennkjennelig.
Eg har plukka ut nokre utdrag eg vil dele med dykk i frå boka. Det første er nokre maskinskrivne reglar laga av van Daan. (I røynda heite han van Pels til etternamn) Dei kjem her:
REGLER OG RETNINGSLINJER FOR BAKBYGNINGEN
Spesielt opprettet for det midlertidige huslyet for jøder og likesinnede.
Åpent hele året.
Vakre, rolige, skogfrie omgivelser i hjertet av Amsterdam. Ingen naboer. Nås med trikklinje 13 og 17, for dem som bor lenger borte - også med bil eller sykkel. I visse tilfeller da tyskerne ikke tillater at dette transportmiddelet blir benyttet, kan det også nås til fots.  Møblerte og umøblerte boliger og rom står hele tiden til disposisjon, med eller uten pensjon. 
Husleie: gratis. 
Mat: fetttfri.
Rennende vann på badet (dessverre uten badekar) og på enkelte inner - og yttervegger. Deilige ovner.
(...)
Egen radiostasjon med direkte forbindelse til London, New York, Tel-Aviv og mange andre stasjoner. Dette aparatet står til rådighet for alle beboere fra klokka atten og det er ingen forbudte stasjoner under forutsetning av at man unntaksvis får høre på tyske sendere, f. eks bl. klassisk musikk. Det er på det strengeste forbudt å høre på tyske nyheter (likegyldig hvor de blir sendt fra) og spre dem. 
 (...)
Fritid: faller inntil videre ut, vent på nærmere ordre. 
(...)
Sang: Utesluttende lavt etter klokkar 18.
(...)
Tok ikkje emd alle reglane nå, fordi det var fryktelig mange. Dei er jo tiltak for  at det skal vere god sikkerhet, men det første med beskrivelse av området, fekk meg til å le. Hobbyane til Anne var òg interessante å lese om. Dei var veldig like mine.
Og så er det filmstjerner og familiebilder. Dessuten er jeg helt besatt av lesing og bøker, eg interesserer meg for kunsthistorie og forfattere, diktete og malere. Kanskje kommer musikere i tillegg senere. Jeg har viss motvilje mot algebra, geometri og regning. Jeg liker alle andre skolefag, særlig historie.
Bortsett i frå at eg ville ha tatt med dans, er det vel eigentlig veldig liket, men eg hadde nok ikkje lese så mykje om det som ho gjer. Algebraen og geometrien er eg einig med ho i.

Noko det er veldig leit å lese om, er  Anne sitt forhold til foreldra. Særlig til mora. Det er ikkje spesielt bra. I byrjinga er heller ikkje forholdet til søstera særlig bra, men det blir bedre etter kvart. Forholdet til faren er nært i byrjinga, men kjølnar veldig etterkvart. Alle i bakbygningen har ein omgjengelig tone, men dei kranglar oftare og oftare. (Noko eg forstår sidan dei er avsperra i frå alle andre.) For å gi ein viss oversikt til dei som ikkje har lese boka eller har gløymt mykje, skal eg fortelje litt om dei det handlar om.

Først og fremst er det Anne Frank eller Anne Mary Frank som ho heiter. Ho har akkurat blitt tretten det året dei må i dekning, og det er ho som er forfattar av boka. Søstera hennar heiter Margot og er nokre år eldre. Foreldra deira er Edith og Otto Frank. Otto Frank blir òg kallar Pim. Då Anne skreiv om dei, heite ho sjølv Anne, Margot heite Betty, Pim heitte Frederik og morfa heitte Nora. Til etternamn heite dei Robin. Dette blei seinare endra til å bli det dei eigentlig heite.

Den andre familien som låg i dekning med dei heiter i bøkene van Daan til etternanm, men eigentlig heite dei van Pels til etternamn. Familien på tre bestod av Auguste van Pels (Petronella van Daan i boka) som òg blir kalla fruen, Herman van Pels (Hans van Daan), òg kalla herren og til slutt Peter van Pels. I boka eg las har Peter same fornamn, sjølv om Anne kalla han Alfred.

Den siste som låg i dekning med dei blir i boka kalla Albert Dussel, men heitte eigentlig Fritz Pfeffer. Han blir beskriven som den mest plagsomme i bakbygningen og den minst pålitelige.

Elles er det hjelparane Bep, Miep, Jan, Kleiman og Kugler som er veldig framtredande. Dei står med dei "ekta" namna i bøkene. Då den utgåva eg las blei gitt ut i 1995, var Miep og Jan dei einaste som framleis levde av hjelparane. Resten døydde nokre tiår etter krigen.

Denne biografien er både spennande og nervepirrande. Du veit korleis det vil gå, og derfor er det trist å høyre om framtidsplanar, etter krigen osv, men det kan vere ganske morosamt òg. Til vanlig les eg ikkje biografiar, men ei dagbok som denne er eit unntak.

Langt innlegg, men sånn er det å skrive om bøker som dette.

torsdag 15. desember 2011

Boktema hos Anette - denne boka les eg akkurat nå

Tid for nytt boktema hjå Anette. Denne gongen er temaet denne boka les eg akkurat nå. 


Som de kanskje har sett tidligare dreiv eg på med Anne Franks dagbok, og det gjer eg framleis. Går litt
t r e i g t, men det er desember og i tillegg strikkar eg og skriv litt osv. Også er det juleforberedelsar sjølvsagt. Mykje vasking neste veke på meg, sidan eg får ferie i morgon. Men litt om Anne Franks dagbok.


Det er jo ikkje ei skjønnliterær bok, så det blir ikkje nokon omtale av den på same måten som dei andre. Anne Frank var jo ikkje forfattar, og dette var skrive for at ho skulle lese det sjølv, men det er enormt godt skrive, og eg synes det er interessant å lese om når dei ligg i dekning i Nederland. Sjølv om det er trist å vite korleis det til slutt gjekk, er det morosamt å lese om mange av episodane i "bakgården." Dette er ei bok for alle som er kjekk å lese. Eg les ikkje boka det er bilete av under her, men ei litt eldre som eg ikkje fann bilete av.


mandag 12. desember 2011

It`s Monday! What are you reading? #21

Nok ei veke har gått utan at eg har lese særlig mykje.

Las sist veke
  • heksesot av Kari Sverdrup
  • Anne franks dagbok
  • julemysteriet av Jostein Gaarder
  • Bibelen
Av desse las eg bare ferdig heksesot, som var ei veldig god bok. (Gå her for å sjå kva eg skreiv om boka) Anne Franks dagbok les eg for andre gong i mitt liv, men eg trur eg vil å få meir ut av boka nå enn det eg gjorde. Det er jo ikkje ei skjønnliterær bok, men det er like spennande og skrive på ein god måte. 

Les no
  • Anne Franks dagbok
  • framtidslandet
  • bibelen
  • Julemysteriet av Jostein Gaarder

Det er ikkje denne utgåva eg les, men ei eldre usensurert. Godt lesestoff, men litt uhyggjeleg å vite at dei kjem til å  bli fanga og drepne seinare. I tilegg er det uhyggjeleg at dette har skjedd. 

Det eg nå har tenkt å lese er Maya av Isabell Alende og Mus av Gordon Reece. Gler meg til ei fin lesejul nå. 


Beste bøker 2011 og bøker eg vil lese i 2012


2011 har vore eit spennande leseår der eg har prøvd meg på veldig mykje nytt. Bloggen får meg til å prøve ting eg ikkje ville prøvd før sånn at eg har noko å skrive om etterpå. I tillegg har veldig mange av bøkene vore ekstremt gode og godt skrive, og eg har meir til overs enn enkeltbøker enn det eg hadde før. (men liker seriar mindre)

Harry Potter-bøkene er framleis langt oppe på lista mi, men sidan det for meg er sjølvsagt tar eg andre bøker som eg har lese i år og som var nye for meg.


  1. Verten av Stephenie Meyer
  2. Bumerang av Tatiana de Rosnay
  3. Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay
  4. Midt i mellom av Jean Kwok
  5. forførende ondskap av Rebecca James
  6. Matched: Cassias valg av Ally Condie
  7. Perfekt kjemi av Simone Elkeles
  8. Safirblå av Kerstin Gier
  9. Rubinrød av Kerstin Gier
  10. Nelias natt av Gro Fykse
Ja, her er då mine favorittar i frå dette året. Det var andre bøker eg tenkte på òg som heksesot og tilfeldig engel, men det blei desse. Likte dei veldig godt og eg gler meg til å ta fatt på eit nytt leseår i 2012. 


Då er det desse bøkene eg kunne tenkt meg å lese:


Crossed av Ally Condie (etter ei storslått førstebok gler eg meg til denne)
Huset du elsket av Tatiana de Rosnay (Hekta på Tatiana de Rosnay)
Blodrød vei av Moira Young
Hallo, elsk meg da av Johanna Thydell
De hvite englene av Julia Gregson
Bare ikke deg av Kathrine von Bredow
Uglies av Scott Westerfeld
Pretties av Scott Westerfeld
Reisen hjem av Lori Lansens
Maya av Isabel Allende


lørdag 10. desember 2011

Bok: heksesot av Kari Sverdrup

Hei hei, tid for ny bokmelding. Har gleda meg til å skrive om denne boka. Dessverre leverte eg boka på biblioteket i dag, så de får ikkje baksideteksten, men mine forsøk på å gjenngi handlinga i boka.

Denner boka er etter det som står bakpå "en frittstående oppfølger til tilfeldig engel," men denne boka er om Ella, jenta Anna blir venn med i føste boka. Ella har nettopp flytta til Tvedt (eler er det Tveidt) saman med mora. Der møter ho både Georg (som er veldig hyggjeleg) og nokre jenter i klassen som er mindre hyggjelege. Ella trur på heksers makt og å stenge ute folk og å skyve dei vekk. På den nye staden har ho ingen veninner, og ho lengter sårt etter ei. Når Anna flytter inn i eit hus ikkje langt i frå, blir livet til Ella forandra.

Heksesot er ikkje akkurat ein oppfølgar til tilfeldig engel vil eg seie. Den er meir den same historia i frå ein annan vinkel. Historia byrjar og slutter på same stad som Anna sin i sist bok. Historiane deira møtes midtveis i begge bøkene, og det er spennande å ikkje bare høyre historia i frå Anna sin vinkel.

Ella er ein veldig spennande person å bli kjent med, sjølv om eg ikkje synes så mykje om dei kreftene ho trur på. I likhet med mange andre personar i bøkene (og Anna) blir Ella mobba heilt i frå første veke på den nye skulen. Ho er ikkje akkurat nokon helt. Heller ei heilt vanlig jente. Eg synes det er bra at Kari Sverdrup (og mange andre forfattarar) gjer hovudpersonane sine menneskelige og sårbare. Då føles dei nærare enn dei "heltane" som er perfekte og greier alt. Eg las ein gong at hovudpersonar ikkje blir truverdige viss alt bare er bra. Ella er absolutt ikkje ei jente som har det perfekt. I tilegg til å bli mobba, har ho òg hjerteproblem og mange operasjonar bak seg.

Boka er veldig godt skriven, og måten ho er skriven på gjer meg veldig opphengt i boka. Språket er bra, og det er få banneord. Dette er ei bok eg trur dei fleste vil like.

Noko som var litt negativt var at alt gjekk så fort fram. I løpet av boka følger me henne i frå ho byrjer i 8. (etter jul trur eg) til oktober når ho går i 10. På den tida føler eg at ting går veldig fort. Det er akkurat som om du ikkje føler at du blir lenge nok i den tida det skjer noko spennande.

fredag 9. desember 2011

atte...atte...atte...atte JAAAAAAAAAAAA

Tentamen er overstått. Gjekk betre enn frykta då eg sat der inne. Greidde å tulle alt litt til rundt fotosyntesen, men det henta eg inn. Visste eigentlig veldig godt at H2O ikkje er avfallsttoff, men oksgen, og eg visste òg at glukose ikkje blir brukt i fotosyntesen, men i celleandring. Fekk henta det inn igjen. PUH.  Nå sit eg trygt og godt innpå Tryggheim sitt skulebibliotek og er fornøgd med karakteren. Blei litt redd for at eg hadde blanda for mykje samfunnsfag inn i det, men... Det hadde eg ikkje.


Dessverre ligg boka eg held på med bak ei låst dør. =(. Får bare vente til mor kjem og låser opp.

I mens kan eg jo gå rundt litt på dette fine biblioteket me har fått på Tryggheim.

Webkamera så det blei skeivt, men her er altså møblene
i biblioteket. Veldig fine. 

"Nye bøker-stativ" 

...og fine ny bokhyller. Me gusta


De er kanskje overraska over at eg viser fram eit heilt "vanlig" skulebibliotek, men faktum er at me er veldig stolte over det. I fjor og forifjor var biblioteket nedi bomberommet på eit internat, og der var det var i tillegg litt avsides og låg ikkje i sentrum av skulen i alle fall.

Men over til noko anna. Mi bokmelding av heksesot av Kari Sverdrup kjem snart. I tillegg kjem eit innlegg om mine bokfavorittar dette året. Så hald fram med å lese bloggen min. 




onsdag 7. desember 2011

naturfag og tentamen

Heisan! Blir ikkje innlegg før etter fredag fordi eg har fått vite kva eg skal ha i muntlig tentamen på fredag. Faget blei naturfag og eg skal ha om temaet "Seksualitet, glede og ansvar." Før me fekk vite kva me kom opp i, sa eg: "Eg kan kan kome opp i alt utanom naturfag." Så blei det naturfag då... But I have to go. Øving...

Krysser fingrane då og håpar på at dette går bra


mandag 5. desember 2011

Bok: Utfor av Sunniva Relling Berg

Om boka:  
Det var som om heile havet landa på frontruta. Vindaugsviskarane kvein mot glaset. Dei gjekk raskt, veiva som tynne armar. Mamma stirra ut av vindauget, den stipla lina, det vesle stykket frontlyktene rådde over.
No var vi der Her. Ytsteøya, ytst mot havet. Ei veke att, så byrja eg i niande. I det siste hadde mamma gjenntatt "ny skule, nye moglegheiter" som eit mantra, som om flyttinga ville bli ei løysing.
Saman med foreldra flyttar frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya. 
Ho møter nabogute Jonas, og dei utviklar ein venskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om. 
Mi meining:
Boka var heilt grei etter mi meining. Litt stilleståande kanskje, men for dei som liker bøker som er sånn så er denne veldig bra. Sjølv har eg kome over det stadiet å lese om jenter eller gutar i niande som er forelska eller som kjem opp i ei konflikt. Til vanlig plar det ikkje skje så mykje synes eg. Hadde eg lese denne boka i åttande klasse, hadde eg nok syntes den hadde vore betre, men nå liker eg betre bøker som Bumerang og midt i mellom som handlar om noko meir.

For all del ikkje missforstå meg, sjølv om eg ikkje likte boka var den godt skriven og eit fengande tema. Eg syntes ikkje heilt den hadde noko spenning dei første hundre sidene, men det var likevel mykje som skjedde rundt Lea som var ny på øya. Skal ho velge Mads, Arne og Mia eller skal ho velge Jonas. Og viss ho ikkje er med Mia, skal ho då vere med dei andre jentene i klassen?

Lea er ei jente som før har blitt mobba på skulen. Ho har briller (TØFT! Det har eg òg) og ho les fysikkbøker og er eit mattegeni. Eg syntes ikkje det var kjempekjekt å lese om eit mattegeni sidan eg blei litt lei av nokre av mattestykka, og då ho rettar på læraren i boka, forstår eg ikkje kva ho rettar på han for. I min hjerne var det galne svaret rett, og det at faren då seier at ho måtte rette på læraren som hadde eit SÅ feil svar, fekk meg til å føle meg dum som hadde skrive det same sjølv. Utanom dette var Lea ei veldig okay jente å bli kjent med. Ho er litt einstøing synes eg nok og gjer ikkje all verda for å få nye vener, men det var spennande å følge henne.

Konflikta i boka var jo kvifor dei andre ikkje likte Jonas, men eg syntes ikkje den gjekk så godt fram som den burde, og det var for det meste dei siste femti sidene som hadde mest om dette. Sjølv om Jonas blir plaga gjennom heile boka, synes eg ikkje at det som kom fram på slutten viser så godt igjen.

Samla sett var boka bra. Liker jo at ho er skriven på nynorsk, men det var ikkje heilt boka for meg, men for dei som liker sånne bøker, vil nok denne passe, og ho er bra skriven.


It´s Monday! What are you reading #20

Dette er noko eg prøver å ha nesten kvar veke, men det er litt vanskelig. Det er ein måte å organisere lesinga på, kva eg har lese, les, har lest ferdig og skal lese serinare.

Ja, måndag igjen. Ei ny veke har gått og eg har fått lese bitte litt.








Kva eg las sist veke

  • Nødinngang av Charlotte Glaser Munch
  • Julemysteriet av Jostein Gaarder
  • Utfor av Sunniva Relling Berg
  • Heksesot av Kari Sverdrup
  • Bibelen 
  • A christmas carol av Charles Dickens (las ho i dag til morgonen i engelsktimen)
Av desse bøkene blei eg ferdig med nødinngang, utfor og a Christmas carol. Alle tre var heilt greie. Likte aller best a christmas carol, men utfor var òg god. Nødinngang var veldig skuffande. 

Boka eg les no heiter Heksesot og er av Kari Sverdrup. Det er ein frittståande etterfølgar etter tilfeldig engel som eg las i juni dette året. Boka verkar veldig god, men det er ein annan hovudperson i denne boka, men det gjer ikkje noko. Synes til nå at denne var betre enn Tilfeldig engel. 

Ei av dei andre bøkene eg planlegg å lese denne veka er Minus meg av Ingelin Røssland og kanskje ei til bok, men det får me sjå. Driv òg på med ei til novelle eller historie i engelsk som heiter Papa Panovs special christmas. Juleforteljingar er alltid koselig.

Julegåvetips


Hei, Mari på bloggen flukten fra virkeligheten har nå ein super idè om å dele julegåvetips (bøker) med lesarane. Jula nærmar seg jo med stormskritt og adventskalendarane har byrja. Nå er det tid for å dra opp lommeboka for å kjøpe julegåver.
Bøkene eg anbefaler er som oftast ikkje julebøker (sjølv om det er jul), for då kan dei lese dei heile året. Det er heller ikkje alle som er like nye, men mesteparten av dei får de nok tak i på butikken. Eg har heller ikkje så mange tips for dei i frå 0-6 år eller til godt vaksne sidan eg sjølv bare er femten år.

Til dei minste












Kaos i Betlehem
Ei kjempefin julebok for dei aller minste som det er fint å lese til dei. Flott julegåve med kjempefine ilustrasjonar. Boka er skriven av Michal Hudak. Boka er i frå 2001. Trykker du her kan du få kjøpt ho. Ho er dessverre så gammal at du må bestille på nett.


I boka følger du sauen Krølle som er med og ser på Jesusbarnet og som opplever englekoret på marka osv. Du høyrer òg om alle kyrne, sauene og geitene og sauegjetaren, geitegjetaren og kugjetaren.

jul i stallen

Dette er ei bok av Astrid Lindgren om Jesu fødsel. Ikkje like morosam og livlig som kaos i Betlehem, men er kjekk og det er fine ilustrasjonar. (men mindre deteljert) Dette er eigentlig bare juleevangeliet i ei god barnebok. Viss du trykker på biletet kjem du til ei nettside der dei sel boka.




Snekker Andersen og julenissen


Gammalt nytt, men denne boka er den same som blir vist på barneTV på julaften. Sikkert å finne i ein bokhandel eller nettbutikk.









Stian-bøker
Stian-bøkene var litlesystera mi sine yndlingsbøker då ho gjekk i barnehagen. Eg òg likte bøkene, og dei er lettleste og det er fine ilustrasjonar. Veldig morosamme om Stian og mor hans.

Bøker i serien:
Stian hos frisøren
Stian på stranda
Stians nye lue

Bøkene er skrivne av Lena Landström og er på nynorsk

til barn 7-12 år














Doktor Proktor-bøkene
Dette er nokre veldig morsosame bøker som eg vil anbefale til både gutar og jenter. Her heime har me kost oss med dei.
Titlane i serien er

  1. Doktor Proktors prumpepulver
  2. Doktor Proktors tidsbadekar
  3. Doktor Proktor og verdens undergang kanskje
Det gjer eigentlig ikkje så veldig mykje kva bok du kjøper og kva bok som blir lese først og sist, men den aller første er altså Doktor Proktors prumpepulver. Det er Jo Nesbø som har skrive desse bøkene og dei er proppfulle av humor og handlar om den galne proffesoren Doktor Proktor og hans litle ven Lise og deira bitte litle ven Bulle. Saman redder dei verda.

Vaffelhjarte 
Morosamm bok av Maria Parr. Det er sikkert mange barn som har sett serien om Lena og Trille som har gått på barne-TV den siste tida. Dette er boka serien er basert på, og ho er fantastisk skrive. Trille og Lena søker etter pappa, leker Noahs sjark og gjer masse galne ting med farfar. Samstundes er det alvor i boka, og det er ei bok som eg likte kjempegodt på den aldaren. Ei bok som òg egner seg veldig godt som høgtlesing. 




Tonje Glimmerdal
Endå ei fantastisk bok av Maria Parr. Det er eigentlig ei bok i frå påsken, men den passar godt til å lese året rundt. Tonje er ei livlig jente, og det einaste barnet som er att i Glimmerdal. Ho er litt lik Lena i Vaffelhjarte og boka byr på mange morosamme opplevingar, men litt fleire alvorlige enn i vaffelhjarte. Maria Parr sine bøker er smarte bøker å gi til barn. 




kunstdetektivene
Før du kjøper desse bøkene til nokon, er det lurt å vite kor mange bøker i serien personen har i frå før av. Dei står nemlig i samanheng alle saman. Det er tolv bøker som handler om David og familien hans som reiser rundt, og for kvar ny plass, er det noko mystisk som skjer. Eg har dessverre ikkje noko bilete av alle bøkene samla, men den der er bilete av her (Istanbul-mysteiet) er den siste som er utgitt i serien. 
Tidligare bøker står under biletet. 
Bøkene eg er skrive av Bjørn Sortland, og i motsetning til mange andre bøker av han, er dei på bokmål. Bøkene er fint ilustrerte, og barna lærer òg mykje om stadane familien reiser til. 



  1. Venezia-mysteriet
  2. Luxor-mysteriet
  3. Ankor-mysteriet
  4. New York-mysteriet
  5. Sidney-mysteriet
  6. Oslo-mysteriet
  7. London-mysteriet
  8. Paris-mysteriet
  9. Barcelona-mysteriet
  10. Bergen-mysteriet
  11. Stavanger-mysteriet
  12. Istanbul-mysteriet
Svein og rotta-bøker
Svein og Rotta-bøkene er nokre morosamme bøker om Svein og rotta Halvorsen som saman finn på mykje rart. Den første boka (kloakktur med Svein og Rotta)blei utgitt i 1996 og etter det har det kome ei årlig. Den boka det er bilete av her heiter Svein og rotta feirer jul på landet. Alle bøkene har morosame ilustrasjonar av Per Dybvig (som òg har ilustrert Doktor Proktor-bøkene) Bøkene er skrivne av Marit Nicholaysen. Det er òg morosamt å høyre dei på lydbok lese av Terje Strømdal. 

For 10-12 år













Urchin-bøkene

Urchinbøkene av M. I. McAlister er favoritt hjå mange. Her er det personifiserte dyr som ekorn, otarar, pinnsvin og mulvarpar. Det handlar om krig og fred og mange blir betatt av dyra. Det er fem bøker i serien og det anbefales å lese dei etter kvarandra. For mange høyres det nok barnslig ut med personifiserte dyr, men her er det ikkje Mikke Mus og Langbein. Desse bøkene handlar om langt større ting. 

Bøker i serien
Urchin av de dansende stjerner
Urchin og hjertesteinen
Urchin og Tåkemantels arving
Urchin og ravnekrigen
Urchin og flodbølgen

Skammarserien

Ein serie som er laga av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl og som er både spennande og kjekk å lese. Fantasy på nynorsk. Anbefales å lese første boka først sidan alt heng saman. 

Bøker i serien
Skammarens dotter
Skammarteiknet
Slangens gåve
Skammarkrigen


Katriona-serien

 Skriven av same forfattar som skammarserien. Dette er òg fantasy og det anbefales å lese dei i rekkefølge.

Sølvhesten
Hermelinen
Isfuglen


Det blei mange seriar nå, men då eg var på den aldaren las eg mest aldri enkeltståande bøker, og mange av bøkene for 10-12 åringar er seriar.

Til ungdom

Skal prøve å begrense meg her til litt mindre bøker enn dei eg liker. Viss ikkje kan det her bli langt.


Her kan de trykke på bileta for å få meir informasjon. Eg skriv nokre stikkord under bileta.




fantasy, romantikk, spenning og mystikk














mystikk, fantasy og romantikk.
"framtid" og spenning















romantikk, spenning,
om forskjellar















ungdomsroman, fengande,
spenning, mystikk,
romantikk















Desse bøkene er nokre av mine favorittbøker og dei anbefales på det sterkaste. Det blei litt kort med dei stikkorda sånn eg skriv litt til om dei.
Verten av Stephenie MeyerFor alle dei som liker fantasy. Ikkje akkurat som Twilight, men veldig god. Handlar om ei jente som har fått kroppen sin innvandert av ein såkalla sjel, men denne jenta er for sterk til at sjela greier det. Her er det både romantikk og mystikk og mykje spenning.
Matched, Cassias valg av Ally Condie: Veldig spennande bok om Cassia som bur i samfunnet. Her er det funksjonærane som bestemmer kva dei skal ha på seg, kven dei skal elske og kor tid dei skal dø. Så kva skjer då når Cassia byrjar å gjere motstand?
perfekt kjemi av Simone Elkeles: Ei bok om romantikk og det å elske nokon som er på eit anna "nivå" enn deg. Her er det om løyndommar og hemmelige kjærastar og gjengmedlem.
forførende ondskap av Rebecca James: Ei god bok om å bli manipulert og å setje tiliten til feil person. Kathrine bur hjå tanta etter at litlesystera blei myrda på drastisk vis. Der møter ho Alice som tydleligvis har noko meir i tankane enn bare vennskap.

Til mor
Ting byrja å bli litt tull med layouten, så det blir ikkje fleire bilete i innlegget, men eg legg heller igjen linkar på titlane.
Bumerang av Tatiana de Rosnay: Ei veldig god bok som både meg og mor har lese. Det er ekte vare!
Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay: Ei bok som seinare har blitt filmatisert. Handlar om krigen og kva som skjedde i Paris i 1942 under Vel d´Hiv.
Midt i mellom av Jean Kwok: Om å emigrere frå Hong Kong til USA, tilpasse seg og å vere fattig blandt rike


Til far
Eg har ikkje så mange tips her, og eg har ikkje lese boka sjølv, men eg kan i alle fall tipse om noko
Himmelarkivet er av same forfattar som før jeg brenner ned, begge bøkene er nok fine julegåver. Forfattaren heiter Gaute Heivoll.




søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...