lørdag 19. februar 2011

På bibllioteket i Cambrigde

DET FORSVUNNE MANUSKRIPTET AV INGEBORG DYBVIG
Det forsvunne manuskriptet er andre boka i serien om Clara og godt skrive. Likevel var den kanskje litt barnslig og passa ikkje meg heilt, men den går an å lese. Clara og faren reiser på besøk til slektningar i Cambrigde er handlinga og der blir faren mistenkt for tjuveri!

fredag 18. februar 2011

Cola

KOKAINKONGEN AV ROBERT MUCHAMORE

I byrjinga tenkte eg: "Kor kjedelig blir det ikkje å lese seg gjennom denne boka?" Men slik blei det ikkje. Ikkje på langt nær så dårllig som Den siste magikker som var dødsens kjedelig, men det var ikkje denne. I slutten kunne eg ikkje legge i frå meg boka om CHERUB-agentane som jakta på Kokainkongen Keith Moore: Dei er med på å selge Cola (Kokain) og prøver å løyse opp floka av Kokainlangarar! Bare prøv så ser du at denne boka er verdt å lese!

tirsdag 15. februar 2011

Ekkel og god bok

Eg avslutta ikkje Harry Potter and the half-blodd prince og byrja heller på Silverfinmysteriet av Charlie Higson.
SILVERFIN MYSTERIET AV CHARLIE HIGSON
(inngår i Unge bond-serien)
Eg kjenner nå at eg byrjar å bli litt tent på desse unge Bond bøkene og nå er eg ferdig med den andre etter nyttår. Det er den første i serien og hanldar om løyndommen til den skrekkelige Lord Hellebore. Den anbefales!

onsdag 9. februar 2011

oh oh oh its magic

DEN SISTE MAGIKER AV SIGBJØRN MOSTUE
Sjølv om dette er byrjinga på ein serie så bryr eg meg ikkje om kva som skjer vidare i bøkene. Denne var rett og slett veldig kjedelig og uinterresant for meg. Blei liksom ikkje heilt oppslukt og inni den verda sånn som med mange andre bøker. Eg forstår sjølvsagt kvifor folk skryt så mykje av den, men det var liksom ikkje heilt mi bok!
Men kort fortalt handlar denne om Simen som treff verdas site magiker og byrjar å studere magi!

tirsdag 8. februar 2011

Nokre timar i Nagijala

THE BROTHERST LIONHEART AV ASTRID LINDGREN
I går var eg innom fleire bøker og blandt anna då ein av Astrid Lindgren sine klasikkarar, bare denne gongen på engelsk. Det var stort å vere tilbake i Nagijala med Jonatan, Kavring, Sofia, Hubert og Mattias, men det er likevel mange spørmsål du kan stille deg når du les boka.
Alle dei som allereie er i Nagijala, har dei òg døyd før dei kom der eller bare var dei der?
Skal alle desse personane og stadene symbolisere noko?
Og kvifor vil dei til Nangilima når dei stygge òg er døde og kanskje har kome der? Det er ting me ikkje får svar på i boka! Det er òg mange ting som er med i boka, men ikkje i filmen! Som til dømes at Hubert døyr, også at Katla blir drept av ein annan drage i Karmafossen. Heller ikkje dama som bur utanfor Klungerdalen er med i filmen. Eg skal innrømme at det er første gong eg har lest heile boka ferdig. Sjølv om sikkert mange har lest denne før vil eg fortelje litt om kva det handlar om:
Brødrene Jonatan og Karl (Kavring) døyr begge i byrjinga av boka. Då kjem dei til Nangijala der det er leibåla og eventyra si tid, men ikkje alle eventyra er like gode. Tengil er den som herskar i landet og saman med den grusomme dragen Katla sprer han frykt og uro. Han har stengt igjen heile Klungerdalen ved å bygge ein mur rundt og bare duene kan ta seg over den høge muren!

mandag 7. februar 2011

Mysterium i New York


EN NØKKEL, EN GÅTE OG FIRE BREV AV REBECCA STEAD
Det tok litt tid å kome inn i denne boka fordi det tok litt tid før eg kom til hovudpoenget med boka, noko som gjer at den ikkje ligg på topp 10 lista over beste bøker! Men etter kvart så kom eg inn i det og syntes det var ei svært spennande bok om venene Miranda og Sal i New York. Her er det mest krim, men òg litt fantasy! Den anbefales til alle!

Some days at Hogwarth

Nokre dagar på Galtvort med Harry Potter&co er alltid kjekt! Denne gongen blei eg dradd inn i Tretrollmansturneringa!
HARRY POTTER AND THE GOBLET OF FIRE
Harry Potter er nok ein gong tilbake på Galtvort, og denne gongen kjem det nye utfordingar som er vanskeligare enn nokon gong før. Den anbefales på det sterkaste og er heilt klart ein av dei beste bøkene i serien!

søndag 6. februar 2011

Smakebit på ein søndag nr 1

Ein søndag på Galtvort er alltid spennande og denne gongen foregår det heile på engelsk Harry Potter and the goblet of fire (Harry Potter og ildbegeret).

"If?" whisperd the first voice. "If? If you follow the plan Wormtail, the Ministry need never know that anyone else disapeard. You will do it quietly and without fuss; I only wish that I could do it myself, but in, my present condition... come, Wormtail, one more obstacle removed and our path to Harry Potter is clear. I am not asking you to do it alone. By that time, my faithfull servant will hve joined us-"

Bli med på "ein smakebit på søndag" du òg!

  • opne boka du les
  • Finn nokre setningar du kan dele med lesarane dine (ikkje finn eit avsnitt som røper for mykje
  • gå inn på Ladybug og legg inn ein link til innlegget ditt!

fredag 4. februar 2011

Gi opp

Eg trur ikkje eg kan ha som mål å få høyrt ferdig lydboka Harry Potter and the deathly hallows! Eg har rett og slett ikkje tid i tillegg til 3 andre engelske bøker denne månaden. Det blir litt vanskelig. Eg får sjå på slutten av februar!
Mai Lene

torsdag 3. februar 2011

Lesemål feburar 2011


Kvar månad har eg nokre lesemål. Her kjem dei for denne månaden
Harry Potter and the goblet of fire, J K Rowling
Harry Potter and the halfblood prince, J K Rowling
En nøkkel, en gåte og fire brev, Rebecca Stead
Harry Potter and the deathly hallows, J K Rowling (audio)
The brothers lionheart, Astrid Lindgren
Den siste magiker, Sigbjørn Mostue
Har du nokre lesemål for februar?
Tips: Sett deg eit mål om å til dømes lese ei bok av den og den fortattaren eller kanskje innanfor den og den sjangaren. Månadens forfattar for meg deene månaden er Astrid Lindgren, og då skal eg lese brødrene løvehjerte på engelsk!

bok: fengsla av Hilde K. Kvalvaag


Denne boka ligg ikkje på topp 10 lista mi (sjå blogg), men er ikkje langt unna. Den var akkurat som eg hadde forventa. Eg kan vel ikkje seie eg var fengsla i frå første sida, men det var ikkje lenge før eg bare måtte lesa vidare. Først var det litt vanskelig og ta inn over seg heile handlinga, men det gjekk etter kvart. Kanskje det har litt med måten denne boka er skrive på. Men kort fortalt handlar dette om ei jente som får besøk av kusina si, og nesten alt blir forandra. Boka anbefalest!

onsdag 2. februar 2011

Kongelig og konge bok

PÅ KONGELIG BEFALING AV CHARLIE HIGSON
(inngår i serien om unge Bond)
Denne boka var eg litt i tvil på om eg skulle lese før eg tok til med den. Eg har aldri visst kva James Bond var og var litt kristisk. Trudde bare det var ein slask som gjekk rundt og løyste mysterier. Så feil kan me ta. Unge James Bond er ein eg vil lese meir om. Intelligent, rask, snartenkt er bare nokre av orda som beskriver han. I denne boka kjenner du at at du nesten skjelv i heile kroppen. For etter eit komplott mot kongen som James stoppar så kan han ikkje leger vere på skolen og må rømme til Austerrike. er deg å lese denne boka.

bok: nelias gåte av Gro Fykse

Å lese denne boka var som å bli tatt med til ei heilt anna verd! Ei vanlig jente som Nelia kan plutselig ikkje gå på skolen og møter folk ho aldri har møt før i sitt liv, men som kjenner ho nesten ut og inn. Skummelt. Du kjenner liksom at du synes skikkelig synd på jenta. For kven skal ho stole på? Linus eller Seth? Eller kanskje endå meir på Kin, Linus bror? Denne anbefales på det sterkaste

Min leseblogg

Heia alle lesarane mine. Eg håpar de alle vil finne bloggen min interresant å lese og at de synes de får mange nyttige tips her til kva de kan lese. Dette vil hovudsakeleg vere ein leseblogg der eg skriv om bøker og lesing og liknande ting.
Eg som skriv her heiter Mai Lene og er 14 år. Bøker er noko av det beste som finnes er mui meining, men det er ikkje alltid eg får tid til å lese like mykje fordi eg har så mykje eg gjer på fritida mi! Viss de er noko de lurer, vil gi meg tips til bøker, vil kommentere eller har ei meinig om det eg skriv så er det bare å trykke på kommentarskjemaet nedanfor innlegga! Håpar de vil like denne bloggen! Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...