tirsdag 8. oktober 2013

Kva skal til for at eg skal like ei bok?

Jon Fosse, ein av dei nominerte forfattarane.
(Foto: Tom A. Kolstad)
No er hausten her. Mørketida, tida når blada skiftar farge frå grønt til oransje og til slutt fell av, tida når det regnar og er grått, tida når alle TV-seriar startar opp igjen og ein snart må byrje å fyre i peisen, men berre snart, tida når ein kan unne seg kakao om kveldane og ein sakte, men sikkert, byttar ut somarklede med vinterklede og jakkane i gangen går frå å vere tynne allvêrsjakkar til tjukke allvêrsjakkar som er vasstette og vindtette. Det er òg tida når verda sit og ventar i spenning på kven som vinn Nobelprisane. Nokre vinnarar er allereie offentleggjorte, medan andre må ein vente på. Nobeprisen i litteratur er rett om hjørnet, og det er mange spennande namn på lista. Blant anna har vår eigen Jon Fosse blitt med, og den verdsberømte forfattaren Huraki Murakami, som har skrive ei bok i Lines lesesirkel dette året (Kafka på stranden) er nominerte til å vinne prisen. Det seier seg kanskje sjølve at du skal vere ein mektig god forfattar, for å vinne Nobels litteraturpris.

Personen som vinn skriv seg inn i litteraturhistoria på ein heilt ny måte. I tillegg får han eller ho verkeleg verifisert at dei skriv god litteratur. Dei som nominerer og vurderer litteraturen som er nominert er ikkje amatørar teke inn frå gata. Dei er ekspertar som har erfaring med kva som er god litteratur og kva som ikkje er god litteratur. Dei må verkeleg legge til side sine eigne lyster, fordommar og interesser, når dei skal vurdere kva forfattar som skal vinne litteraturprisen. Dette skal ikkje gå på deira leseopplevingar og oppfatningar av forfattaren, men kvaliteten på litteraturen. Det er det store med Nobels fredspris. Det er den største litteraturprisen ein forfattar kan vinne.

Dette med litteraturprisar har fått meg til å tenkje på kva som gjer at eg liker ei bok. Eg er ikkje ein av desse ekspertane som kan vurdere ei bok uavhengig av mine eigne interesser, rett og slett fordi eg ikkje har den rette utdanninga eller kompentansen. Eg prøver så langt eg kan å vurdere kvaliteten ut frå mi eiga lesaroppleving. Likevel har eg, som alle andre, nokre krav for kva bøker eg synes gode, kva bøker som bør få ei ekstra stjerne i boka.

Eit av dei første kriteria mine er karakterane. Karakterane må vere truverdige. Dette gjelder ikkje berre hovudpersonen/hovudpersonane, men òg andre karakterar. Ein skal kunne tru på hobbyane og interessene deira, familieforholda, tankane, egenskapane, kva dei kan og ikkje kan, kva kjensler dei har og kva dei driv med. Hovudpersonen skal vere ein person ein kan identifisere seg med som skal ha eit liv ein sjølv kan sjå på som truverdig. Det same skal birollane. Ikkje minst er relasjonane mellom karakterane viktig og kontrastane. Ingen trur på at hovudpersonen, som helt, har berre gode sider, og ein må la anti-helten eller motstandarden til hovudpersonen om du vil,  ha gode sider òg, og denne personen må på eit vis tileigne seg forståing for det han eller ho gjer. Det må vere grunnar for vala til hovudpersonane. Dette har litt med relasjonar å gjere. Kva forhold har hovudpersonen og mostandarden. Kjenner dei  kvarandre frå før av, eller er dei heilt nye for kvarandre? Er det noko likt mellom dei? Ein har òg relasjonane mellom dei andre karakterane og hovudpersonen og mellom dei andre karakterane og mostandarden. Hovudpersonen har kanskje ein kjærast eller får kanskje ein kjærast. Er det då truverdig at desse uansett kva er glad i kvarandre, at forholdet deira alltid går på skinner og at ingen gjer noko gale mot den andre? Dette er Twilight-plottet, og eg vil seie at slike relasjonar ikkje er truverdige, fordi alle forhold har sine konfliktar, nokre små og nokre store. Dette er berre nokre døme på truverd. Identifikasjon er det viktigaste for meg trur eg, noko som nødvendigvis ikkje betyr at hovudpersonen skal vere ein kopi av lesaren, men heller ha gjennkjennelege trekk.

Å ikkje forklare heile meininga i hel er òg ein viktig faktor for at eg skal kunne like ei bok. Er det rom Hemmeligheter, og ho hadde ein stor tendens til å overforklare alt.
Ikkje forklar kvar minste ting!
for å tenkje sjølve? Er det rom for eiga tolking? Det er ufatteleg viktig at forfattaren ikkje overforklarer alt. Eg las dei eit par hundre sider i Mortons nye bok,
Dei la armane om kvarandre og gråt. Ho la hovudet inn mot skuldra til ? og prøvde å skyve vekk tankane om at dei kanskje aldri kom til å møtast igjen. Dei kom til å sakne kvarandre, og ingen ville nokon gong gløyme den andre personen. 

Dette er ikkje eit utdrag frå ei bok, men ein eksempeltekst eg laga sjølv no. Nokon som synes at heile denne teksten er nødvendig? Den er ikkje det. Berre første del trenger å vere med for at ein skal forstå at desse to personane kjem til å sakne kvarandre. I tillegg trenger ikkje alt å komme i denne scenen, men utover boka kan ein vise at desse personane kjem til å sakne kvarandre og at dei aldri vil gløyme kvarandre, utan å overforklare alt. Det gjer det berre keisamt, og lesaren får ikkje brukt hjernen sin til å tenkje og reflektere.

Det tredje punktet er spenning. Alle tenkjer nok at spenning er viktig, og det er det òg. Heilt klart må ei bok ha litt meir i seg enn berre gjenforteljing og dialogar. No trenger det ikkje vere spenning i form av biljakt, kidnapping, drap og Harry Potter mot Voldemort. Det kan vere ein konflikt mellom personar til dømes. Uansett kva spennig det er, er det viktig, og lesaren må oppleve det spennande. I ei bok for vaksne vil ingen lesar finne det spennande om boka handla om Kari som prøvde å finne igjen sauen Fritjof, med mindre det var noko meir med sauen Fritjof og det var knytt opp mot noko større. Barn på tre år ville kanskje ha oppfatta dette som spenning. Det er òg viktig at det er spennande frå første kapittel. Ein skal ikkje sitje etter utallege kapittel og lure på kva som eigentleg er meininga med boka, kva som plottet og kva som skal vere spennande. Då har forfattaren feila ein plass, og lesaren kan ikkje lastast for å legge frå seg boka.

Dette er kanskje nokre av dei viktigaste punkta for meg, og det finst andre òg. Det viktigaste av alt er kanskje at alt dette stemmer saman, og ei bok kan ha så mykje spenning ho berre vil, men det hjelper ikkje om det alt er overforklart og karakterane ikkje er truverdige. Det er trass i alt heile boka som er viktig. I tillegg ser ein alltid etter det litle ekstra. Er dette ei heilt ordinær bok som alle kunne ha skrive, eller har forfattaren lagt til "det lille ekstra", som gjer at lesaren verkeleg vil synes at dette er ei god bok?

Det er framleis haust, når eg avlsuttar dette innlegget, det er framleis ei tid kor mørkret smett fram og ein må byrje å tenkje på å halde varmen, men det er òg ei tid kor ein kan krølle seg saman i hjørnet av sofane med ei god bok og berre kose seg, kanskje saman med ein kopp varm drikke og eit tjukt pledd, og sjølvsagt er det tida kor ein snart får vite kven som har fått tommel opp frå ekspertane. Kven vinn Nobels litteraturpris i år?

7 kommentarer:

  1. Bra innlegg! Du har virkelig fått fram dine krav til ei god bok. Og for det meste er jeg så enig. Jeg skriver omtaler om bøker jeg leser helt ut fra MINE meninger, da jeg ikke føler meg kompetent til å legge ut på litteraturkritiske områder. Men bloggen min er mi dagbok over hva jeg leser, og hvis noen vil dele med meg, er det flott. Skal bli spennende å se hvem som får den store prisen neste gang.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heller ikkje utdanna innanfor området, men har prøvd å lære meg litt litterære uttrykk og nokre krav ein kan sjå om boka har :) Eg òg synes det skal bli spennande å sjå kven som får Nobels litteraturpris :)

      Slett
  2. Fint innlegg! Blir spennende å se hvem som vinner. Mye bra du har skrevet, om hva du mener en god bok burde inneholde. Mye enig med deg der, både med karakterene må være interessante og spenningen må være der.Kos deg masse videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg òg er spent på kven som vinn. Det blir spennande å sjå om det blir norsk i dag :)

      Slett
  3. Så bra innlegg :) Må si meg enig i det du skriver. For meg er det også viktig at historien griper meg, eller rører ved meg. De aller beste bøkene er de rører ved noe i følelseslivet mitt. Og jeg kan godt se at det som har et godt litterært preg likevel ikke treffer meg. Så god bok for meg kan også være det som ikke er på topp kvalitetsmessig. På samme måte som musikk av høy kvalitet ikke nødvendigvis er min smak.
    god bokhøst til deg!
    Pia

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heiit klart eit pluss at boka er gripande, men eg trur at det kjem med forteljinga, viss forfattaren får til det andre grunnleggjande. Eg er heller ikkje der at eg sit og berre les kvalitetslitteratur, og eg kan synes at bøker som ikkje er av toppkvalitet er gode, men eg prøver å vurdere ut frå korleis kvaliteten er, når eg skriv omtalar.

      Slett
  4. Veldig godt innlegg! Som eg skreiv på facebook, så skreiv eg ein lang kommentar tidlegare, som eg ikkje fekk til å poste og så blei det bare ikkje til at eg kom tilbake.

    Eg er veldig einig i at det er ein del ting ein kan sjå på som objektive krav til kvalitet, sjølv om smaken alltid vil vere subjektiv. Innimellom blir eg rørt og bevega av bøker eg objektivt sett ikkje kan forklare begeistringa mi for, andre gonger kan eg sjå at bøker har mange objektive kvalitetar, men dei vekker ikkje leseglede og engasjement hos meg likevel. Eg tenker at leseglede er ein av mange kvalitetar med ei bok.

    Det du skriv om at ting heng saman og at forfattaren/forteljaren overlater ein del til lesaren og at eg trur på karakterane er veldig sentrale kriterier for meg og. Eg las nettopp ei bok kor hovudpersonen ikkje hugsa kva ho hadde gjort tidlegare same dag og då kan historia vere så rørande ho bare vil. Eg treng og å bli engasjert, anten i form av spenning, i form av språk eller i form av at boka aktiviserer meg, og slik sett synest eg eksempelet ditt er veldig godt. Den tyske filosofen Hans-Georg Gadamer snakker om eit aktivt og eit passivt blikk, når han snakker om kunst og det synest eg er overførbart til det du skriv i eksempelet ditt, om kor vidt teksten overlater noko til lesaren eller ikkje. Eg liker i alle fall best bøker kor eg kan vere ein aktiv lesar. Og eg trur det er det viktigaste kriteriet for min del.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten