Dei siste veken har det vore mange debattar rundt bokbloggin, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.
Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er "stå-framfor-klassen-og-presenter-deg."
Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda.
Kva mor oppfører seg slik? Kva inspektør oppfører seg slik? Det er veldig sjeldan, eller aldri, at slikt skjer "in real life", og difor synes eg at Johansen har laga for mange stereotypiar i boka om Charlotte. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett. Slik sett er det ei bok eg trur norsklærarar kunne ha brukt i klassa, for så å diskutere bodskap, karakterar og handling etterpå. Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Heilt ærleg likte eg ikkje henne veldig godt, sjølv om me fåt vite om dei negative og positive sidene hennar. Eg òg ville nok ha tenkt at ho var ei typisk byjente hadde eg møtt henne, og hadde me blitt kjent er det tvilsamt at me hadde vore nære vener. Likevel unnskylder ikkje det dei andre karakterane i denne boka, men det at Charlotte både er eit mobbeoffter og ein mobbar - over nettet - gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.

Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (...) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er detsom kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (...) Jeg mumler "hallå" og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare "hei"?Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker - og filmar - og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette veltar heile inntrykket deira av henne og hennar intrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestening og mobbing, og slik held det fram resten av boka òg. Boka er velskriven, og eg trur ho vil nå ut til mange ungdommar, særleg jenter, som har blitt mobba, baksnakka eller har dårleg sjølvtilit. Sjølvsagt til dei som ikkje har slike problem òg, men det er i alle fall ei viktig målgruppe som kan kjenne seg igjen i boka.
- Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn.
- Ja begynner jeg. Stemmer min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. - Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan...
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. - Eh...
- Vi kommer også fra Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene.
Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda.
Hva er det med folk (les: J) som virker så overlegne og selvsikre at alle tror de er penere enn det de er? De (les: J) kan se så random ut som bare det, men fordi de (les forstsatt: J) har masse cash som de kjøper venner med, og folk som dilter etter seg, ser alle på dem ikke bare som en leder, men som en smellvakker leder. Dette er egentlig ren hjernevask, men jeg vet at det er no som skjer overalt.J, som Charlotte skriv om i dette blogginnlegget, er Josefine, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verker veldig stereotyp. Gjennom heile boka er Josefine den same, utan å vise svake tegn, noko eg synes er urealistisk, og i tillegg veldig lite spennande. Det å gjere henne litt mindre stereotyp, og gi henne nokre sider som gjer at lesaren synes synd på henne eller kan sjå litt meir positivt på henne, kunne ha trekt opp boka.
Endelig er jeg framme, setter meg på den ledige stolen og sender et lite smil mot nabopulten. Idet jeg trekker stolen inntil pulten, skyver Josefine sin pult et par centimeter vekk fra min, snur seg demonstrativt vekk og fester blikket på noe tilsynelatende veldig interessant utenfor vinduet.Første skuledag i ny klasse, og me aner allereie kva type Josefine er, og betre er ikkje mora - inspetøren - som òg er ein stereotypi.
Inspektøren snur seg med det samme jeg setter foten på det nederste trappetrinnet. Hun stirrer olmt mot meg. Snurper munnen sammen som om hun har tenkt å spytte. Jeg gjør meg så liten jeg klarer. Presser meg mellom de voksne mens jeg mumler:
- Unnskyld.
- Unnskyld ha. Det bør du virkelig si, tordner inspektøren. - Komme her og skvise ut Josefine.
- Hva? Jeg stopper opp og snur meg med en hånd på dørhåntaket.
- Ikke nok med at du tok rollen hennes. Inspektøren peker mot Kari som sakte kommer mot oss. - Nå er du jammen i gang med å stjele bestevennene hennes også!
Kva mor oppfører seg slik? Kva inspektør oppfører seg slik? Det er veldig sjeldan, eller aldri, at slikt skjer "in real life", og difor synes eg at Johansen har laga for mange stereotypiar i boka om Charlotte. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett. Slik sett er det ei bok eg trur norsklærarar kunne ha brukt i klassa, for så å diskutere bodskap, karakterar og handling etterpå. Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Heilt ærleg likte eg ikkje henne veldig godt, sjølv om me fåt vite om dei negative og positive sidene hennar. Eg òg ville nok ha tenkt at ho var ei typisk byjente hadde eg møtt henne, og hadde me blitt kjent er det tvilsamt at me hadde vore nære vener. Likevel unnskylder ikkje det dei andre karakterane i denne boka, men det at Charlotte både er eit mobbeoffter og ein mobbar - over nettet - gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.
Dette var ikke min favoritt bok:) Likte ikke hovedpersonen og da sleit jeg litt med å like resten. Men jeg er enig med deg at den tar opp ett viktig tema og det er mobbing. Tror da mange vil like denne boken. Liker også hvordan den er satt opp. Det gjør den jo litt spesiell og at den skiller seg ut fra andre bøker:) Fin anmeldelse! Ha en herlig mandag!:)
SvarSlettDu skriv så gode omtaler, Mai Lene! Du begrunner og vurderer grundig, eg synest det er veldig interessant å lese. Eg blir fort irritert når personane er for stereotype, likevel høyrest det ut som ei artig bok, på grunn av tematikken. Og så kjenner eg at norsklæraren i meg humrer litt over den kommentaren.
SvarSlett