tirsdag 12. november 2013

Synet til ei ungdomsjente på ungdomsromanar

Sidan eg reknar med at eg no ikkje kjem til å lese fleire ungdomsromanar før 2013 er slutt, tenkte eg å skrive eit lite innlegg om dei eg har lese i år. Eg har til saman lese åtte ungdomsromanar i 2013, men tek ikkje med Verten i dette innlegget, sidan den boka òg går under sjangeren Science Fiction. Resten er veldig aktuelle i innlegget mitt. Hovudpoenget med å skrive eit innlegg om trenden i norske ungdomsromanar, er å få fram mitt syn på dei. Eg er i målgruppa, sjølv om eg er i overkant interessert i bøker og allereie har lese mykje litteratur som er rekna på vaksne.

Det er noko som går igjen i mange av ungdomsromane. Ein skulle kanskje tru at dei var litt unike og at forfattarane prøvde å komme fram til det som verkeleg skiljar seg ut. Eg sit igjen med eit inntrykk av at dei tenkjer veldig likt og at det er bra ein har ungdomsromanar innanfor sjangaren fantasy, for det skapar då i alle fall litt mangfald.

Ungdomsromanane eg har lese dette året, og som eg går ut frå når eg skriv dette innlegget er:

  • Berg, Sunniva Relling: Beina i gitaren
  • Johansen, Eldrid: Charliblogg
  • Lier, Stein Morten: Roookie
  • Mæhle, Lars: Fuck off I love you
  • Munch, Charlotte Glaser: Alt jeg vil er å kysse deg
  • Stranger, Simon: Barsakh
  • Stranger, Simon: Verdensredderne

Det første som kjenneteiknar alle desse er at det skjer i det verkelege i livet. Det er gjenkjennelege hendingar og situasjonar og handlar om kvardagen til norske ungdommar. Kjenslene og meiningane som er med, går òg igjen i samfunnet. Det er litt reality-preg over alt, berre av betre kvalitet. Ingen av bøkene går under gruppa fantasy, og kanskje er det difor vanskeleg å få ungdommar til å lese bøkene òg? Det skal mykje til å leve seg skikkeleg inn i nokre av desse bøkene, og det er vanskeleg å flykte frå røynda i Noreg og over til noko anna. Det kjennest mest som om ein følgjer etter ein person i den same verda som ein lever i sjølv. Høyres litt negativt ut, men det er ikkje berre negativt. Det er noko eg vil kalle eit sjangertrekk.

Noko anna som går igjen er at alle bøkene utanom Charliblogg er på under tohundre sider. Det er korte kapittel og alt er skrive i første person. Ofte kan kapitla berre gå over ei halv side med delsetningar, utan at det skjer veldig mykje. Forfattarane pressar veldig mykje handling inn på få sider og endå færre kapittel. Dette gjer at språket til tider er veldig "tett" og handlinga går fort fram, utan at lesaren er heilt klar for det som kjem. Mange gonger er det berre små bruddstykke frå liva til hovudpersonen. Det er akkurat som om forfattaren somme gonger har for få sider i forhold til tidsspennet. Sjølv om ein ikkje skal overforklare og sjølv om ein skal gi rom for refleksjon, trur eg det nokre gonger kan vere sunt å putte inn fleire ord og setningar og litt meir utfylland, eventuelt korte ned på tidsspennet i romanen. Eg merkar nokre gonger at eg synes det blir alt for kort.

Noko dei likevel skal ha stor ære for, er å setje viktige saker på dagsordenen. Simom Stranger til dømes har skrive om saker som menneskehandel, båtflyktningar, spisevegring og slavearbeid. Gjennom to romanar om Emilie, får ein meir kunnskap om forskjellige tema som ein ikkje alltid ser nyheiter om på Dagsrevyen. Personleg likte eg best Barsakh om Samuel som flykta i båt frå Afrika til Kanariøyene, for å få eit nytt og betre liv i Europa. Emilie er på Ferie på Gran Carnaria med familien og møter Samuel etter at han har vore fleire døgn i ein liten båt saman med mange andre flyktningar. Dette har me sett at er eit aktuelt tema, og det gir kunnskap til ungdommar om jamnaldrande i verda, som lever eit liv i stor kontrast til vårt. Noko anna eg kan rose Stranger for er kontrastane han legg inn i boka. Samuel er svolten og vil ha så mykje mat som mogleg, medan Emilie har spisevegring. Når han spør kvifor ho et så lite, forstår ein kor absurd det er at me slit med at folk et for mykje eller for lite, når me har god tilgang på mat, medan i andre delar av verda må dei ta det dei får.

Sunniva Relling Berg rører òg eit viktig tema i Beina i gitaren. Kva er det som betyr noko? Er alt likegyldig? Dette er tankar mange ungdommar kanskje tenkjer på, at alt er det same, ingenting betyr noko. Gjennom Bo, ei opprørsk tenåringsjente, får me sjå på desse tankane. Mæhle har skrive om gruppepress og Johansen om mobbing og blogging. På denne måten når dei inn til ungdommar som kan kjennes seg igjen i det. Stein Morten Lier har med facebook og sosiale media i si bok, som kanskje er meir for ungdomstrinnet enn for dei som er litt eldre. Den er veldig enkel, men handlar likevel om ein "pedo" (som dei så fint kallar i det i boka) som gjennom Facebook går kontakt med offer, helst jenter. Munch er kanskje den personen med den mest overfladiske boka, sjølv om ho er borti temaet flytting frå heimstaden og foreldrekonflikt. Likevel er forelsking ikkje veldig djupt, men eg trur boka kan vere underhaldande for dei som vil lese litt "lett" litteratur, men refleksjonar er det lite av. Dette gjelder òg den første ungdomsboka hennar Nødinngang, som berre omfatta nattklubb, sex, gutar og forelsking.

Men så er det desse klisjeane. Det er alltid eit mareritt å flytte! ALLTID er det mobbarar på den nye plassen. Familien er plagsom. Og det at ALLE blir forelska. Særleg i Charliblogg er det klisj\ear. Stå framfor den nye klassen å presentere seg og seie noko dumt som dei nye klassekameratane ler av. Mora er heilt forferdeleg og diskuterer ikkje ein gong om det er nødvendig å flytte på seg. Dei nye klassekameratane mobbar Charli. Ho har ingen venner. Dette går framleis igjen, sjølv om eg merkar at det er overraskande lite klisjèar i dei andre bøkene. Eg hadde trudd at det var endå flere karakterar som var sett på spissen og at det var endå fleire hendingar som ALLTID er med i ungdomsromanar. Der var det ikkje. Stereotypiane er ofte som blåst bort, sjølv om dei har vore veldig tilstadeverande i ungdomsromanar eg har lese tidlegare.

Generelt sett vil eg tru at ungdomsromanar blir meir reflekterane, sjølv om alltid vil vere meir "light" lesestoff for ungdommar, som berre handlar om forelsking. Eg trur det er ein positiv trend, men dei her smale bøkene som absolutt ikkje må vere lengre enn 200 sider har eg ikkje mykje til overs for. Det er utruleg tett av og til, og eg skulle ønske at ikkje alle forfattarar ville føye seg inn i denne rekka av ungdomsromanar. Viss dei ikkje er slik, er dei fantasy-romanar for ungdommar, eller kriminalromanar for ungdommar. I tillegg vil eg ha endå færre klisjéar. Eg vil dei skal tåre endå meir i forhold til å vere nyskpanande!

Heilt til slutt: Alle desse er norske ungdomsromanar, og det er mange gode omsette òg, men dei har eg lese få av det siste året. I tillegg har dei norske ein del like trekk, når ein ser på dei

2 kommentarer:

  1. De eneste av disse bøkene jeg selv har lest er Alt jeg vil er å kysse deg. Jeg leser ungdomsromaner, men jeg føler jeg har vokst over det stadiet for lenge siden så når jeg først leser ungdomsromaner er den helst med en stor dæsj fantasi. Liker fantasi bøker for unge lesere, alltid spennende :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Man skulle jo tro at i en alder av 24 år ville man vokse fra fantasi sjangeren også, men jeg vil for alltid være glad i den tror jeg :P

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...