fredag 11. mai 2012

Mai Lene på kjøkkenet - morosamme ting

Viss de vil ha litt underhaldning, bør de lese dette. Viss eg skal få folk til å le, er det med ein gong kjøkkenkunnskapane mine eg dreg fram. For å seie det på den måten, dei er ikkje heilt på topp. Not at all.
For å trekkje fram ei historie.

Seinast for ti eller femten minutt sidan skjedde det siste. Ganske morosamt. Eg byrja å lage oreokake rundt tre i dag. Og eg har ikkje kome lenger enn til det andre laget endå. Hehe. Til vanlig så lager me oreokake rett på fatet, så  det gjorde eg i dag òg. Eg la alle dei knuste oreokjeksa på fatet som vanlig, etter å ha blanda dei i smør. Det var akkurat som om dei ikkje ville forme seg skikkelig som den botnen eg pleier å lage, så eg blei litt usikker og tenke eg skulle vente til mor kom heim. Så laga eg då ostekremen til oreokaka, noko som tek si tid, og tenke at mor kjem nok heim i løpet av den tida der, men nei. (kø på apoteket, langt i frå mor sin feil) Etter eg var ferdig med kremen då ringte eg og spurte om hjelp til den her botnen. Jo, då fekk eg vite at eg hadde gløymt den runde forma rundt. Sånn rundform. Følte det var noko eg ikkje hugsa på, men kva? Så var det rundforma eg hadde gløymt. Hehe

Viss du ikkje kan læ av dæg sjølv, går du glipp av møje lått!
(Viss du ikkje kan le av deg sjølv, går du glipp av mykje morosamt)
Dette er då eit ordtak eller sitat i frå ein på Jæren som eg ikkje hugsar namnet på. Kanskje det er ukjent? Hugsar ikkje, men det har i alle fall sett seg fast. =)

Viss oreokaka blir ferdig, er ho meint til å sjå slik ut. =)

1 kommentar:

  1. Hi hi, syns jeg ser for meg uttrykket ditt når du oppdager hva du har gjort :) Hvis det er noen trøst kunne jeg fort ha funnet på å gjøre akkurat det samme :) I morgen skal jeg lage 2 stykker av samme kake til konfirmasjon på søndag. Skal huske å dobbeltsjekke underveis så jeg gjør det rett ;) God helg og klem fra Anette :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...