lørdag 16. mars 2013

Bok: midtvinterblod av Mons Kallentoft

Eg synes eigentleg at krim er noko av det som er vanskelegast å omtale, for du skal ikkje røpe for mykje, men likevel gjere det spennande. På omslaget til boka, som er forholdsvis avskrekkande viss du ikkje har eit nært forhold til krim frå før av, står det: "...aldri kjedelig. Ikke et sekund." Dette skreiv Ambjørnsen om boka i VG. Eg er einig, men skal utdjupe endå meir enn det.

Dette er første boka Kallentoft laga om politietterforskar Malin Fors. Ho vart gitt ut for fem år sidan. Sjølv om eg har lese fleire krimbøker av Kallentoft om Marlin Fors før og kjenner alle karakterane ut og inn, følte eg ikkje at presentasjonane var keisame og at det føltes rart å lese denne boka nå. På same måte som alltid blir karakterane skildra gjennom gjerningar, ord og kva livssituasjon dei er i. Eg hadde heller ikkje peiling på kva som var svaret på krimgåta i boka, for Kallentoft har skrive ein krimserie kor svaret på sist krimgåte ikkje har noko med den neste å gjere. Alt var nytt og spennande.

I denne boka får Malin Fors og Zacharias "Zeke" Martinsson ei uvanleg drapssak på bordet. Ein kald vintermorgon kjører ein mann mot Lindköping. Han har vore hos elskerinna og har valt ein annan veg heim enn vanleg sidan det er natt. Eit nokså uventa syn møter han: Eit lik av ein svær mann som heng i ei grein på eit tre. Det blir Malin, Zeke og dei andre i polititiet som skal oppklare saka. Først peiker bevisa mot Åsatrusamfunnet og vinterritualet Midtvintersblot. Har det noko med dette å gjere eller er det noko anna som er årsaka til at ein mann har blitt hengt opp i eit tre.

Mordgåtene til Kallentoft verker alltid veldig godt gjennomtenkte. Det er umogleg å finne svaret på gåta utan å lese vidare. Kallentoft haler ut handlinga og lar svara vente på seg, utan at det trekker ut så lenge at ein vil legge frå seg boka. Eit anna verkemiddel er skrivemåten. Linjedeling, korte setningar, poetisk språk, men likevel fult forståeleg er eit kjenneteikn på denne forfattaren. Ein blir teken med inn i ei verd som er både realistisk, men likevel vond å forstå seg på. Nokre hendingar og svar gjer at ein kjenner at medkjensle og sympati blir vekka, samstundes som at det skjærer ein i hjartet å høyre kva nokon kan finne på å gjere for å skyve vekk minner og fortrenge sanninga. Det er forholdsvis få karakterar som er med, i forhold til i andre krimromanar. Kallentoft plar ikkje å skrive om store spel der landet eller byen er truga. Det plar å vere ei gåte som gjer at han må skildre menneske og liva deira på ein heilt annan måte andre andre krimforfattarar. Det kan vere som veldig typisk, norsk politikrim, men det skiljar seg ut på den måten at krimgåtene på mange måtar er annleis.

Denne boka er ikkje veldig annleis frå dei andre, men krimgåta er alltid ny. Du har ikkje ei kjensle av at du har else det før. Karakterane er skildra på ein måte som gjer at du tenkjer du kunne ha møtt dei "in real life". Malin Fors er som vanleg ein spanande karakter. Ho stiller mange spørsmål som me òg kan kome på å stille oss. Spørsmål rundt kjærleiken til ei mor, rundt tenåringslivet, rundt kor fort eit barn veks til, rundt kjærleik og rundt krimgåta. Ho er ikkje ei kompromisslaus, kjenslelaus dame, men heller ei hardtarbeidande, sympatisk, tøff mor som er veldig glad i dottera, men bruker litt for mykje tid på jobben. Noko av grunnen til den altoppslukande interessa ho viser i bøkene er at ho tilsynelatande ikkje får fred før ho har oppklart kva som skjedde. Ho føler på eit ansvar ovanfor personen som er kidnappa eller drepen, noko som gir endå meir driv i boka.

Kollegane hennar er òg personar du kan møte "in real life". Som eg skreiv pregar livssituasjonen og gjerningane dei. Zeke er gift, har ein son som speler på is-hockeylaget, men er langt meir interessert i jobben og korøvingane enn å gå på sonen sine is-hockeykampar, uansett kor bra han gjer det. Börje er gift med ei kone med MS, har ein stor kjærleik til hundar og liker å vere på skytebanen for å få "lufta seg". Johan Jackobsen er ein firebarnsfar som er delt mellom jobben og familien. Karin Johanisson er den dyktige kriminalteknikaren som er gift, pliktoppfyllande og den som blir rakka mest ned på på stasjonen. Sven Sjöman er den stødige på politistasjonen, og Karim Akhbar er den PR-kåte, som gjerne stiller opp i lokalavsia som talsmann for politiet. Etter kvart som ein les bøkene veit ein på mange måtar kva dei gjer, men kan på andre måtar bli heilt totalt overraska over nokre karakterar.

Denne omtalen vart ikkje så mykje om sjølve boka, men kanskje meir generelt om serien. Om boka kan eg seie at var eit genialt plott, og minst like god som dei andre! Heilt i slutten vil eg dele nokre tankevekkande setningar frå side 403 i midtvinterblod:
Hva skjer når man lyver for barna sine? Når man gjør dem noe vondt? Slukner en stjerne på himmelen, da?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten