søndag 7. april 2013

bok: det syvende barnet av Erik Valeur

Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger: Liker eg det syvende barnet? Er det ei bok eg kan abefale vidare? Som bokbloggar sit ein av og til og berre leitar etter feil i bøker, særleg i bøker på over åtte hundre sider. Ein ser etter det som berre er med for å ha det der, det som eigentleg ikkje trengs, men som forfattaren har spedd på med. Ein ser etter skrivefeila eller eit lite brot i skrivestilen. Ein ser etter lekasjar og stader der forfattaren skriv noko heilt anna enn for hundre sider sidan. Kva så når ein ikkje finn dette?

Året er 1961, året som blir mest vektlagt i Valeurs debut om Kongslund barneheim, ein barneheim i Danmark det i følge denne boka er knytt store mysterie til. Eg elsker jo krim, og då særleg nyskapande krim som skil seg ut og greier å lage eit anna dilemma enn berre ein drepen person utan mordar. Takk og pris klarte Valeur dette, og sjølv om eg har likt å lese Läckberg og Kallentoft, vil eg seie at Valeur verkeleg scorar høgt hjå meg berre ved å tenkje nytt! For sjølve plottet dreier seg ikkje berre om kven som har drepe personen på stranda i nærleiken av barneheimen Kongslund, men saka rundt alle adopsjonane og barna som var på Kongslund i 1961. For på den tida var det sju barn på Kongslund. Forstanderinna på Kongslund, frøken Ladegaard, òg kalla Magna, gjer alt som står i hennar makt for å finne familiar til barna som er passande, men dette året skjer det noko som forandrar alt for barneheimen. Det har i lang tid gått rykte om at mange av barna på barneheimen har fedre som er høgt oppe i samfunnet og at mødrene har blitt tvungne til å adoptere bort barna for alles beste. Magna er dyktig og gjer alt så diskret som mogleg - utan spor.

Det er mange synsvinklar i boka, men ein utmerkar seg. Magna har ei pleiedatter som ho har namngitt Inger Marie Ladegaard, men som berre blir kalla Marie. Sjølve historia blir fortalt frå hennar synsvinkel i første person mykje av tida, samstundes som det er med ein allvitande forteljar som fortel om dei andre karakterane i tredje person. Ein får tilgang på kjenslene til dei fleste, men løyndommane kjem ikkje på samlande band. Utover i boka blir kvar av karakterane si historie så smått om sen fortalt, men ein må vente på avsløringar av den store karakteren. Det største med boka er kanskje måten forfattaren har fortalt historia frå Maries synsvinkel. Ein trur at ein kjenner Marie heilt, men likevel er det ho som sit inne med flest løyndommar og mest som er skjult frå lesaren, utan at ein merker det. Eller, me merkar at ho veit ein del, men ikkje så mykje som det til slutt kjem fram. Det at ho som utleverer mest til lesaren gjennom ein første persons synsvinkel kan halde inne så mykje, det er eit grep få forfattarar meistrar. Valeur har meistra det, og eg er mektig imponert. Dette må vere Danmarks beste debut på lang tid.

Valeur har ikkje berre skrive ei god bok, men ei banebrytande. Han skriv på ein måte og har bygga opp boka på ein måte me sjeldan ser i denne sjangeren. Han tårer å vere utradisjonell heilt til den siste sida, og likevel skriv han så bra at han får prisen for Nordens beste krim. Det er det få debutar som klarer. Mange utradisjonelle krimdebutar skal vere svært gode for å kunne vinne ein pris i det heile teke. For å gjere noko utradisjonels skal du nesten ha eit langt forfattarskap av gode bøker bak deg som kan demme opp for den nye boka, viss ho skulle bli godt motteke, men det er ikkje tilfellet med Valeur.

Samstundes som boka handler om adopsjon og ein barneheim, handlar ho òg om andre meir djupe spørsmål. Identitet, familie, universet, Gud. Eg syntes kanskje identitet var det mest interessante. Identitet er veldig "in" å snakke om i dagens samfunn. Kven er du? Kjendisar bryr seg om identitet og seier ofte "Eg er berre meg sjølv". For ungdommar er det tøft å lage sin eigen identitet samstundes som dei prøver å gli inn i mengda. Likevel er det ikkje berre slik identiet det er snakk om, men eit identiteten til eit adopsjonsbarn. For dei som ikkje får vite at dei er adoptert, veit dei kven dei er? Er dei seg sjølv? Bør dei få vite sanninga og finne ut kven dei eigentleg er og har adopsjon noko så helst med den du blir å gjere. Marie Ladegaard i boka er for at alle adopterte barn skal få vite kven dei er. Ho skuldar foreldra for å vere løgnarar som ikkje fortel noko. For henne er opphavet noko av det viktigaste, kanskje for det ho ikkje veit noko om sitt eige opphav. For å vere litt personleg kan eg seie at svaret er både ja og nei. Ja, eit adoptivbarn bør få vite så tidleg som mogleg at det er adoptert. Å utsetje det er noko av det dummaste ein person kan gjere. Det beste er kanskje å berre la det vekse opp og vite frå første stund at det er adoptert. Eg trur at då kan forholdet til mor og far bli betre enn viss barnet får vite det på attenårsdagen til dømes. Eg trur òg at identiteten din har noko med foreldre å gjere. Foreldre påverkar barna sine på mange måtar. Meiningane deira til dømes kan òg påverke meiningane til barna. Likevel er det forholdet til adoptivforeldra som er viktigast. "Av same kjøt og blod" trur eg ikkje har så ekstremt mykje å seie. I alle fall ikkje viss du er instilt på at det ikkje har noko å seie. Vektlegg du det veldig vil du automatisk føle meir avstand enn viss du innstiller deg på at ikkje gjer noko.

Nei, over til noko anna. Samla sett ein knakande god debut. Litt treigt i byrjinga av og til, men det vart litt oppstykka med skule og jobb inni mellom, men det er heilt klart ei av dei beste bøkene eg har lese. Storleiken har ikkje noko å seie. Det eg nemnte i byrjinga om delar av boka som ikkje hadde noko med resten å gjere, nja, dei finst kanskje. Mange historier er ikkje nødvendige for oppklaringa av saka, men likevel spennande og interessante. Dei lærer oss å kjenne menneska som Valeur og Marie i godt samarbeid skildrar. Meininga har er der. Det er ikkje meinngslaust, og som de sikkert har forstått er svaret på mitt første spørsmål ja. Ja, eg likte boka utrurleg godt.

Tusen takk til Schibsted forlag for leseeksemplar. Skal bli teke godt i vare på i all framtid ;)

Boka er eit leseeksemplar frå Schibsted forlag.

4 kommentarer:

  1. Flott omtale av ei bok jeg er veldig nyskjerrig på.:)

    SvarSlett
  2. Glimrende omtale, Mai Lene! Jeg ser at du likte romanen hakket mer enn meg, selv om jeg også likte den godt. Men det er det som gjør lesing og bokblogging så gøy og spennende - det å lese om de ulike opplevelsene av samme bok:-). God søndagskveld!

    SvarSlett
  3. Phu, den hørtes veldig tung ut, jeg er nok mer fan av lettleste bøker :)

    SvarSlett
  4. En virkelig fin omtale! Denne står på hylla mi og, men jeg synes den er så tykk at jeg har strevd med å plukke den opp :-) En meget dårlig unnskyldning, så den skal bli lest :-)
    Ønsker deg en fin dag!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten