Siste boka eg blogga om før pausen var det syvende barnet, som eg likte veldig godt. Etter den fullførte eg ikkje ei einaste bok før laurdag sist veke, og då vart eg ferdig med verten av Stephenie Meyer. To bøker lese i april, det er dårleg, dårleg, dårleg...
Einaste grunnen eigentleg til at eg skriv dette innlegget er for å gi eit lite hint om at nå prøver eg å komme tilbake. Litt stress med skule akkurat no, men likevel mange gode langhelger så eg kan lese i, så det blir koooooooos! Eg har blant anna oppdatert "om meg"-sida, viss nokon følte for å bli endå betre kjent med meg. Eigentleg var det vel no eg skulle pusse opp heile bloggen berre for å markere at eg er tilbake, i tillegg til å vere litt nyskapande, men sorry, eg er nøgd med bloggen slik han er.
Likevel, for dei som ikkje har fått det med seg, har eg eiga facebookside for bloggen som de kan like, viss de vil. De søker berre på Once Upon a Time - ein bokblogg
Inntil neste innlegg,
ha det fint, og ha ein fin mai månad!
Fint at du er her att. Vi treng ei pause ein gang i blant. Det blir vel mindre blogging med meg når vårearbeidet i hagen startar, og ferietid med besøk og reising kjem igang.
SvarSlettVelkommen tilbake:)
SvarSlettFint. Vi venter i spenning! Men det er bra med noen pauser innimellom.
SvarSlettBra å høre du har det bra.. Og at du er på bedring vei osv.. Tror vi alle kjenner til de tidene hvor man ikke helt orker blogge..
SvarSlettEr der sånn halvt sjølv også..
Lykke til :) Og nyt livet ;)