søndag 15. september 2013

"I cannot live without books" (Thomas Jefferson) Ikkje eg heller, mr. past-President

Berre eg seier ordet ferie er det vel nokre tusen menneske i Noreg som tenkjer tusen forskjellige tankar berre ved å høyre ordet. Fjellturar, Syden, fri, male huset, grusomt, varmt, uendeleg, positivt, negativt, hyttetur, fritid, og eg tenkjer ofte: Ferie, då kan eg lese alle bøkene eg ikkje får tid til å lese andre delar av året. Er det nokre som er einige med meg. Eg var på ferie i Sør-Frankrike i somar, ein ferie eg ikkje kjem til å gløyme med det første, og eg hadde med meg eit par bøker, då eg reiste. 
  • Riley, Lucinda: The Light Behind the Window
  • McDermid, Val: The Vanishing Point
  • Lippestad, Geir: Det vi kan stå for
  • Dickens, Charles: Great Expectations
Av ein eller annan (merkeleg?) grunn vart sistnemnte aldri lesen. Og av ein eller annan (veldig god?) grunn er det alltid bokhandlar på store flyplassar, og då passa det godt at me skulle mellomlande sju timar i Amsterdam, som er ein av dei største flyplassane i Europa, og i tillegg ein veldig stilleg flyplass. Tida på flyplassen i Amsterdam er udokumentert, eg har ikkje bilete, men eg har ein ting frå flyplassen i det minste:
Omtale
Eg måtte kjøpe ei bok på flyplassen, sidan bokhandelen først var der, og eg valte ein nokså kjend forfattar. Eg lurte eit lite sekund på om eg skulle kjøpe med meg Nesbøs Politi på nederlandsk berre for å lære meg språket. Den norske versjonen har eg jo trass i alt sjølv. Tulla, så nerd er eg ikkje. 
Slik vart det til at eg kjøpte denne boka i staden for boka av Charles Dickens, som nok skal lese ein gong uansett. 

For alle dei som lurer på kva innlegget skulle handle om var det eigentleg tips til feriebøker. Ikkje nødvendigvis: "Les denne på ferie", men kanskje heller: "Tenk slik, når du veljer ut bøker". Mine anbefalingar er veldig subjektive, då. Dette er det eg tenkjer om bøker på ferie, og ikkje nødvendigvis kva andre ville seie. 
  1. Første råd: Vel ei bok du trur du kan ha lyst til å lese. Det var der feilen med Dickens var. Eg hadde eigentleg ikkje veldig lyst til å ligge på solsenga i Frankrike og lese Great Expectations av Dickens, medan dei andre bada i bassenget eller las mindre nerdete litteratur. Eg har prøvd å komme meg gjennom før, og eg trur eg kan seie at det hadde freista meir å bade heile dagen enn å lese Dickens akkurat då. Det er ofte slik at keisame bøker blir nedprioritert, når det er anna å halde på med. Til dømes, bading, iseting, coladrikking og kortspel. 
  2. Andre råd: Ikkje sats på at du les like mange bøker i veka som vanleg.  Mange les fleire på ferie. Ta meg til dømes. Gjennsomsnitleg les eg ei bok i veka (dette året). Då eg var i Frankrike las eg ut tre på ei veke og byrja på den fjerde før veka var omme. To av dei var engelske, ei norsk, og den eg byrja på var engelsk, og den las eg ut på flyplassen på veg heim. Ikkje ta med for lite, viss du liker å lese. Det er eit stort feilgrep. 
  3. Tredje råd: Ikkje kjøp bøker på sal til fire euro i ein litt slitt, gammal og liten bokhandel. Desse bøkene plar ofte å vere av litt laber litterær kvalitet. Det er å underdrive. Altså sjølvsagt, det kjem an på forfattaren. Er det ein forfattar du veit er bra, så er det jo greitt. Er det ein forfattar du aldri har høyrt om, og sannsynlegvis aldrihadde høyrt var det ikkje for at boka var til fire euro, då du stakk hovudet inn bokhandelen, då er det ikkje vits i. Men gjer som du vil. Plutseleg er det ein forfattar som blir like berømt som J. K. Rowling, og så sit du der og fekk ikkje kjøpt debutboka frå 1979 til fire euro... Men det hender nok ikkje. 
  4. Fjerde råd: Viss du skal reise mykje kollektivt, sats på lydbøker. Dette er eit råd eg skal prøve å følgje opp på onsdag. Kvifor? Det får du vite seinare i innlegget, men det er absolutt smart. Dei fleste råda eg har lista opp ovanfor gjelder for sydenferiar. For storbyferiar, må ein følgje litt andre reglar. Dei plar ofte å vare litt kortare, vere meir intenseive, og i staden for å bu på eit tiltalande "all inclusive"-hotell, er det å vere mest borte frå hotellet som gjerlder. Lydbøker er ein genial ting. Særleg på lange bilturar, togturarar og bussturar. Ein slepper å ha med seg mursteinar og kan heller berre ha med ein (discman, skulle eg til å seie, men det vart litt feil) digiplayer. Evt finne på andre kreative måtar. Ein discman er ikkje å anbefale i 2013. For det første måe ein ha med seg alle CD-ane på tur, og for det andre ser det veldig rart ut å sitje på Underground i London i 2013-klede med ein discman i fanget og veska full av CD-ar. Jo då, gjerne for meg. Dei er greie når dei funkar, men i tillegg til alt CD-styret er dei fleste discmans ikkje ladbare, så du må ha med deg batteri i veska heile tida. Då hadde eg heller valt ei bok. 
  5. Femte råd: Viss du ikkje liker lydbøker, kan du alltids ta med deg ein kindle, ipad eller eit anna lesebrett for å lese, når du sit på Underground (T-bane, Subway, Untergrund), tog, buss, busway, trikk eller anna framkomstmiddel. Ikkje i bil. Det enklaste er ofte det beste. 
Så grunnen til at Mai Lene plutseleg er i feriemodus. Nøyaktig 01:00  på onsdag sit eg på bussen til Oslo, før me skal reise med Kiel-ferga mellom Oslo og Kiel for å reise på skultur til Tyskland, Tsjekkia og Polen. Eg veit ikkje heilt kva bøker eg planlegg å ta med meg, for det er ikkje gjort rede for endå publisering, men i og med at det blir mykje bussing skal eg nok låne med litt lydbøker frå biblioteket. Turen går forresten vidare til Berlin/Frankfurt etter at me har ete frukost på Kiel-ferga. På turen bort skal me innom Sachsenhausen og Ravensbruck. Så reiser me vidare til Krakow. Der blir det besøk til diverse berømte konsentrasjonsleirar (Auschwitz og Birkenau), saltgruvene og litt utforsking av Krakow reknar eg med, før me skal vidare til Praha, og så tilbake til min favorittby: Berlin. Men de får alle detaljar, når eg har kome tilbake. 

Mest sannsynleg lånar eg med meg Harry Potter på engelsk eller noko slikt.

2 kommentarer:

  1. Åh, det høyrest ut som ein spennande tur du skal på! Er det "Hvite busser"?

    Eg kjøpte faktisk lesebrett for to og eit halvt år sidan, etter ein ferietur med mykje transfer-kluss, kor eg endte opp med å gå og bære på innbunden utgåve av Jonathan Franzens Freedom i handbaggasjen i 28 timar, fire flyplassar, tre fly... Det er veldig praktisk til ferie- og reisebruk. Elles kjenner eg godt dilemmaet ditt. Eg vil helst ha med meg eit bibliotek på ferie.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ein skuletur som Tryggheim reiser på kvart år :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten