onsdag 11. september 2013

Politikk & slikt

De som er vener med meg på facebook blir nok ikkje veldig overraska, når eg seier kva parti eg held med. No har det vore politisk val i Noreg, som ALLE må ha fått med seg med mindre dei har vore heilt i koma eller trur Paradise Hotel-nyheiter er det einaste ein skal følge med på her i livet. Eg er endå ung (og dum?) og er så stolt over partiet mitt at eg kan gjerne skrive eit lite innlegg om det, rett og slett fordi det er eit arbeid eg er veldig stolt over å vere med på, i alle fall fram til FrP kjem i regjering. Då er eg berre glad for at eg ikkje sit på ei trone på toppen i ei tåkesky.

Kristeleg folkeparti er mitt parti! Der var det sagt, og viss eg ikkje tek heilt feil er rundt 95% av dei 77% som stemde under dette valet usamde med meg, men det er jo difor at Høgre og Framstegspartiet finst: valfridom (tørr spøk, for alle som ikkje forsod den) Heldigvis slepp alle i Noreg å stemma på Høgre, og hadde alle gjort det hadde eg i dag låge i senga sjukemeldt av meg sjølv!

KrF (kvar gong eg skriv det forkorta høyrer eg berre Hareides stemme inni meg: KåArrEfff) er som dei fleste veit eit gult sentrumsparti, og planen til mange var nok at den blå himmelen trengte ei stor gul sol, men slik vart det ikkje. Ein kan jo så vidt skimte sola gjennom dei grøne blada, det skuggar.

Grunnen til at eg er med i KrF er fordi dei har dei beste verdiane spør du meg. Mottoet til KrFU er jo "Større drøm enn billig bensin", og der er eg òg. Eg har litt større draumar enn det. For det første liker eg at menneskeverdet står i fokus, og det er grunnlaget for all politikken til KrF. Alle menneske har lik verdi, om det er mor, foster eller den personen som tok valet om abort. Om det er rusmisbrukaren, Kjell Inge Røkke eller tiåringen som ikkje har råd til å gå i bursdag. Alle har lik verdi, fordi me er alle unike.

For det andre er det det partiet eg er mest einig med. Det er ting eg er einige med dei andre òg i, men ikkje så mykje som KrF. Eigentleg trur eg ikkje at eg skal snakke så mykje om kvifor eg er med i KrF og engasjerer meg der, men det har med trua på verdien av menneskelivet frå byrjing til slutt å gjere, og i tillegg at KrF har ein politikk der "the basic" ikkje går an å forandre.

KrFU har gitt meg så utruleg mykje. Eg vart medlem i april for eit og eit halvt år sidan, og noko av det første eg gjorde var å kontakte lokallaget, fordi eg var villig til å engasjere meg. Første møte var i september same året, då eg høyrte på eit foredrag mot vindmøller og me vart skjønt einige (nesten) om at vindmøller er ein positiv ting, særleg på Jæren. April året etter ringte leiaren meg og spurte om eg tilfeldigvis kunne tenkt meg å stille som kanditat til lokallagsstyre. Eg reiste til årsmøte med små forhåpningar om å kanskje kome inn, og eg såg på det som det STORE målet akkurat då å komme inn i lokallaget. Eg vart første vara, og eg reiste heim glad og lukkeleg for å ha fått ei rolle der eg hadde møteplikt til styremøtene. Då var det STOR stas. Året som kom var veldig variert, men bestod av mange styremøte og mykje gøy, og eg må berre seie at det er ikkje keisamt å vere med å engasjere seg, men givande, interessant, gøy og utruleg morosamt.

Mars dette året, den STORE dagen då eg kom på fast plas i lokallagsstyret og var skikkeleg gira, og jammen meg har me fått gjort litt òg. Eg digger det styret altså, og eg sit utruleg stor pris på å få vere med. I tillegg var eg på eitt par konferansar og møtte mine likemenn- og kvinner. Eg trudde at eg hadde nådd toppen av fjellet då eg hadde kome så langt og var fast bestemt på å bere slå meg til ro der, men så kom det ein telefon frå Rogaland KrFU. Kunne eg kanskje tenkje meg å stille som kanditat til fylkesstyret? Nja, skal tenkje litt på det. Kanskje det. Hadde sikkert vore veldig interessant. Ja, kanskje eg skal seie ja til å stille. Det er jo berre å stille som kanditat. Kjem sikkert ikkje inn. Ja, eg gjer det. Nokre dagar seinare har eg fast plass i Rogaland KrFU.

Eg seier ikkje dette for å skryte, for eg føler ikkje at eg har gjort så utruleg mykje meir for å få desse plassane enn å engasjert meg. Politikk er noko eg legg energi i, og i tilegg gir det meg energi. Det er eit stort pluss. Det må eg berre seie!

Mine hjartesaker forresten

  • miljø og bistand
  • asylpolitikk
  • nei til sorteringssamfunn
  • bertre vilkår for studentar
  • ruspolitikk

1 kommentar:

  1. Kampen mot sorteringssamfunnet, Ruspolitikk (spes. alkohol) og Asylpolitikk (spes. asylbarna) er hjertesaker for meg også:)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...