Sofia av Sigrid Merethe Hanssen er ei av dei nye bøkene på nynorsk |
bokbloggarpris! Og ikkje berre det, bokbloggarprisen skal fokusere på norsk, ny litteratur, noko eg merkar at trengs på mange måtar. Personleg er eg dårleg på å lese norsk litteratur, og særleg ny litteratur. Eg les mykje nordisk, og helst svensk, men dessverre veldig lite norsk. Bøkene skal òg vere utgjevne i 2013, sidan prisen skal delast ut neste år. Prisen har gjort at eg nå har mange norske bøker på lista, og ein ting eg gjerne vil, er å oppfordre andre til å lese ny nynorsk litteratur.
Lars Mæhle har hausta både ros og kritikk for den nye boka si den mørke porten |
Gode formuleringar, skildringar og variasjon er særs viktig, og noko som både bøker på nynorsk og bokmål har i rikt monn.
Sunniva Relling Berg har skrive ny ungdomsroman som blir utgitt ette året. |
kanskje les minst ei bok på nynorsk dette året? Som bokbloggarar har ein i dag stor påverknad, fordi mange les det me skriv. Dei fleste av oss er heller ikkje utdanna litteraturkritikarar og har ingen profesjonell bakgrunn. Ved å skrive om nynorskbøker og lese dei, vil andre kunne sjå at vanlege folk kan lese nynorsk dei òg. Det ikkje berre eit sært, gammaldags språk som ingen bruker lenger. Eg bruker det mykje.
Berre for å få fram meininga med innlegget kan eg prøve å skrive alt veldig kortfatta i dette avsnittet. Ingen trenger å skrive nynorsk i verken omtalar eller noko slikt. Ingen MÅ lese ei nynorsk bok, og ingen MÅ nominere ei nynorskbok til bokbloggarprisen. Det eg prøver å oppfordre til er auka blest om nynorskbøker som er utgitt nyleg.
Viss de lurer på kor de finn bøker på nynorsk, er samlaget.no forlaget å besøke. Eg les den mørke porten av Lars Mæhle no, og skal òg lese ein til nynorskkrim snart. Elles er det mange bøker utgjevne på Samlaget dette året som verkar interessante!
Jeg vil gjerne slå et slag for nynorsken og skal ta oppfordringen din:-) Jeg tenker i grunn lite over om en bok er på bokmål eller nynorsk når jeg plukker den opp. Om den er på sistnevnte vil det egentlig være til en fordel da jeg ofte synes det er bedre flyt i språket.
SvarSlettJeg tror virkelig det er et holdningsspørsmål dette. Jeg kan ikke forstå at det skal være så vanskelig for mange å lese nynorsk (med mindre man har dysleksi eller andre lesevansker). Og dette kommer fra en som hadde to hele karakterer i forskjell på eksamen i målformene. Elevene i vgs er livredde for bøker på nynorsk, så jeg pleier i grunn ikke å si noe hvis jeg anbefaler en som er det.
Så bra at du tek oppfordringa mi! Eg blir kjempeglad av slikt :) Når det gjelder språket er det veldig vanskeleg, synes eg, så seie om det er flytande eller ikkje, uansett om eg veit kva målform det er eller ikkje. Skrivemåten har mykje å seie. Og ja, det er eit spørsmål om haldning. Kjenner mange som nesten ryggar baklengs berre dei høyrer ordet nynorsk!!
SlettJeg er helt med på dette. Jeg leser mer en en nynorskbok i året. Jeg leser nynorsk fordi det ofte er mer poetisk, men også fordi det er en del veldig bra forfattere som skriver på nynorsk som feks Carl Frode Tiller, Rønnaug Kleiva, Lars Amund Vaage, Jan Roar Leikvoll. Jeg har også lest Sofia og ei krimbok av Kolden & Kroken utgitt på Samlaget. Du finner flere omtaler av nynorskbøker på bloggen min.:)
SvarSlettDet er kjempemange flinke forfattarar som skriv nynorsk. Krimboka av Kolden og Kroken er ei av dei neste bøkene eg kjem til å lese, og eg gler meg veldig. Likevel, Sofia er ei bok eg gler meg spesielt til,både på grunn av språk, handling og staden kor boka finn stad :)
SlettStrålende initiativ, Mai Lene! Det er så utrolig positivt hvis Bokbloggerprisen kan bidra til at folk blir mer bevisste på hva de leser av norsk litteratur, og kanskje til og med endrer holdninger underveis.
SvarSlettJeg var blant dem som ble totalt allergisk mot nynorsk på grunn av nynorsktvangen i skolen. Dessverre tror jeg at pugging av nynorsk grammatikk og kravet om å lære seg å skrive korrekt nynorsk ødelegger mye av gleden man kan få av å lese på nynorsk. I alle fall har jeg merket at jeg setter mye større pris på å lese nynorsk nå når det ikke lenger er et krav om at jeg selv må kunne skrive på nynorsk. Nå kan jeg tillate meg å bare glede meg over de som virkelig behersker målformen og føler seg hjemme i den. Etter hvert har det blitt sånn at jeg ikke lenger tenker over hvorvidt folk skriver på bokmål eller nynorsk, og jeg liker å lese begge målformene. Med andre ord tror jeg fint man kan overkomme nynorskskrekken hvis man bare gir det en sjanse.
Jeg vet ennå ikke hva jeg skal lese av norske utgivelser fra 2013, men pleier å lese minst én bok i året på nynorsk. Det er ikke stort, men så leser jeg strengt tatt ikke spesielt mye norsk litteratur. Jeg har uansett bøker stående av bl.a. Aina Basso, Carl Frode Tiller, Kjartan Fløgstad og Ragnar Hovland, og jeg skal lese minst en av dem i år. Det blir bra!
Det hadde vore kjempebra viss bokbloggarprisen kunne endre haldningar undervegs. Det er slik som du skriv her at nynorsk på skulen, for dei som ikkje har hatt det heile tida, sikkert kan vere eit ork. Eg er VELDIG for sidemål, for då får me ta vare på dette nydelege språket. Likevel trur eg dei beste måtane å lære det på er å oppmuntre elevane til å lese nynorsk litteratur og kanskje samlese bøker i klassa. Då får dei oppleve språket på ein heilt annan måte. Grammatikk er vel og bra, og ein må pugge mykje for å lære noko nytt, men når det gjelder språk trur eg mykje kan bli gjort ved å lære av å lese :) Det er gøy at du skal lese bøker av nynorskforfattarar i år du òg. Ragnar Hovland har eg høyrt mykje bra av, men dessverre aldri lese :)
SlettEit viktig innspel, Mai Lene. Som nynorskbrukar er eg veldig enig med deg. Kvar einaste dag ser eg eksempel i media på hets og mistydingar når det gjeld nynorsk.
SvarSlettFor meg er det viktig at nynorsk vert brukt i alle samanhengar, ikkje berre til poesi og høgprosa. Difor kunne eg tenkt meg at t.d. Dagbladet og VG hadde hatt innlegg/innslag på nynorsk. Det går fint an at ei avis eller ein nettstad brukar begge målformene. Sjå berre på Bergens Tidende.
Nynorsk krim er det ikkje så mykje av, men det eg har lese av dette, har vore veldig bra. Rune Timberlid er favoritten min, men eg har òg stor sans for Kolden & Kroken, samt Kolbjørn Hauge sine bøker. Lars Mæhle har eg ikkje lest noko av enno, men eg har Den mørke porten ståande på vent i hylla.
Eg er einig med deg. Nynorsk burde blir brukt meir. Nokre avsier har kanskje ein reportasje eller to berre for å vise at dei "bruker" det, og andre gjer alt for å unngå å bruke det. Eit av dikta som blei brukte i fjor under minnemarkeringa for 22. juli var på nynorsk, men Dagbladet omsette det til bokmål då dei skulle publisere det. Slikt blir eg skikkeleg sint at. Ikkje berre burde litteraturen på nynorsk vere meir tilgjengeleg, men media burde byrje å bruke det meir òg.
SlettSlikt er uhøyrt! Takk for at du fortel om dette og tek det opp som tema, Mai Lene! Eg les gjerne nynorsk... og skriv det òg, av og til.
SlettSå bra Synne! Og takk for koseleg kommentar. Tenkte at det var eit bra tema å ta opp :)
SlettKjempebra, Mai Lene! Jeg skal også henge meg med på oppfordringen din. Jeg leste en del på nynorsk tidligere, men det er blitt altfor lite av det de siste årene. Jeg trenger virkelig et spark bak :-)
SvarSlettSå bra at du henger deg på! :) Det liker eg :)
SlettSå fint at du setter fokus på dette,Mai Lene!:) Selv er jeg ikke flink til å lese eller skrive nynorsk til tross for at jeg er delvis stril. Jeg plukker ikke bevisst vekk nynorske bøker, tror det er mer tilfeldig at det ikke blir lest så mye(fint lite) men jeg tar utfordringen din og to av disse bøkene står allerede klar i hyllen min.
SvarSlettSå bra at du tek utfordringa. Eit problem er jo at det er så få nynorskbøker å få tak i, for det er så få folk som kjøper dei dessverre. Dei ryggar baklengs berre dei ser ordet "eg" eller at det er Samlaget som har gitt ut boka. :) Eg trur kanskje medvit er det viktaste. Faktisk prøve å finne dei bøkene på nynors, for det er enormt mykje bra litteratur på nynorsk :)
SlettKult.. Lykke til :)
SvarSlettSjølv har eg plan om å få lest Song for Eirabu i sommer :)
Den boka har eg høyrt om, men eg er dessverre ikkje så glad i fantasy :( Men tusen takk! :)
SlettGodt initiativ, Mai Lene! Eg høyrer vel til den sjeldne rasen som svært sjeldan legg merke til kva målform eg les. Eg har akkurat lese Kjøkenbenkrealisme av Olaug Nilssen og det var først då eg skulle skrive bloggomtalen eg la merke til at boka var på nynorsk. Eg veit jo at Olaug Nilssen skriv på nynorsk og eg veit og at eg fekk boka frå Samlaget. Men eg tenkjer stort sett ikkje over om eg les bokmål eller nynorsk. Likevel, eg skal forsøke å ta oppmodinga di på alvor og lese minst ei nynorskbok gitt ut i 2013 (og forhåpentelegvis vil ho vere så god at ho kan nominerast til bokbloggarprisen). Foreløpig veit eg at eg har ei bok av Aina Basso og ei bok av Rønnaug Kleiva liggjande som eg vil lese. Dei er dessverre frå 2012, begge to.
SvarSlettDet er ikkje alltid eg legg merke til det heller, men eg har vore dårleg på å lese nynorske bøker og har tenkt å fokusere meir på det no. Det er derfor eg skreiv dette innlegget. Fint at du tek oppmodinga på alvor. Eg liker det! Ei bok, som eg dessverre ikkje har liggande, men som skal lesast, er Sofia, som eg nemnte over. Den er utgjeven dette året :)
SlettHei Mai Lene, dette er en fin utfordring og jeg er i gang. Boken jeg nå skal plukke frem er Is-slottet av Tarjei Vesaas. En gammel bok, så den kan ikke nevnes til Bokbloggerprisen, men det er på nynorsk.
SvarSlettGro :)
Så bra! Har sjølv aldri lese noko av Vesaas, men høyrt om boka! Takk for koseleg kommentar, Gro :)
SlettKjempebra initiativ! Jeg leser gjerne nynorsk, og neste bok ut blir nok Song for Eirabu :)
SvarSlettSå bra at du òg les nynorsk. Har dessverre ikkje tenkt å lese "song for Eirabu", for eg er ikkje veldig glad i fantasy, men eg har høyrt mykje bra om boka :)
SlettSelv liker jeg den sjangeren veldig godt, og språket i den boken skal visst være fantastisk godt. Men jeg skal titte innom samlaget for tips.
Slett