søndag 30. oktober 2011

fornøgd igjen =)

Hugsar de at eg la ut litt i frå noko eg skreiv tidligare. Eg har bestemt meg for å legge ut første kapittelet. Bare som ein liten smakebit. Viss de vil sjå på det eg skreiv sist, kan det trykke her. 

Her er meir av kapittel ein. Gler meg til å sjå korleis det heile blir (og vite kva andre synes om det eg skriv)


 Eg krøller knea opp under meg og kvilar haka på dei.

Hadde eg bare hatt ein einaste skikkelig god ven, ein einaste ven, hadde eg kanskje ikkje vore her. Då hadde eg hatt ein anna stad å søke tilflukt. Hadde eg bare ikkje hatt denne mora hadde eg aldri vore her. Hadde ho alltid vore edru, hatt fast jobb, ein annan kjærast og hadde eg hatt søsken hadde eg ikkje vore her. Av og til tar eg meg sjølv i å skulde på pappa for alt det som skjer nå. Tenkjer at det er hans feil som bare flytta, og ikkje ville ha noko med mor og gjere meir. Med meg, men mor svikta han. Milano verka visst meir freistande enn å vere igjen å passe på dottera si. Eg kjenner sinnet stige opp i meg. Faren min er ein dust. Reise i frå meg sånn som dette. Bare la meg vere igjen med mor og busette seg i Milano kor han kan sjå på ei kyrkje med 135 spir og handle i ei innebygd shoppinggate. Eg har bare vore i Milano og besøkt han ein gong, og det var saman med mormor. Han var nesten aldri heime då me var der på grunn av jobben, og i tillegg hadde han ei stiv, litt for vakker «dronning» til kone og saman hadde dei fem små prinsesser og prinsar som snakka italiensk og budde i eit digert slott.
Trur aldri eg såg verken far, Giuseppina eller dei fem kronjuvelane deira (eller dritungane som eg
nokså ironisk kallar dei) bli skitne ein einaste gong. Jålete er ordet. Alt med dei er jålete. Til og med namna. Giuseppina, må vere verdas mest jålete namn. Og i tillegg bur dei i eit hus du kan gå deg vill i, og har ei rekkje fisefine naboar som stirar på føtene dine om du går rundt i gata deira med tennissko. Eg er alt for alminneleg til å passe inn. Ikkje fin nok. Ikkje smart nok. IKKJE GOD NOK! Orda ringer i hjernen min. Eg er ikkje god nok for far min ein gong. Far min, advokaten, gift med ei jåledame som eg ikkje kan fordra.

Eg høyrar ein bil som tutar utanfor. Mormor! Ho er her! Eg tenker ikkje på noko anna enn at eg vil ut å møte henne. Vere med henne. Snakke med henne og få gode råd. Eg riv med meg bagen min og spring ut. Eg veit ikkje kvifor, men plutselig er auga mine heilt tåkete og våte. Eg er så kjempe, kjempe, kjempeglad for å sjå henne. Eg treng henne og dei gode klemmane hennar, og bollane og den tyrkiske eple-teen. Det smell i døra inn til venterommet som eg har slengt igjen, og eg spring bortover asfalten. Eg treng henne så mykje at eg ikkje kan seie det. På hjørnet spring eg litt saktare. Ja, det var hennar bil som tuta. Ho har gått ut og står og ventar på meg. Ho er vakker slår det meg. Overraskande vakker til å vere over femti. Håret har så vidt byrja å gråne, ho er rankt og flott. Har opplevd meir enn nokon eg kjenner. Ei dotter som er alkoholikar. Ein son på tjuesju som nettopp har skilt seg for andre gong. Ei anna dotter som har hatt to spontanabortar dei siste tre åra. Det er akkurat som om ho bak det vakre andletet har ein løyndom. Eller kanskje ikkje ein løyndom. Eg veit ikkje heilt. Bare noko som er litt skjult som ho ikkje fortel til kven som helst. Eg veit ikkje heilt kvifor eg kjem på alt dette nå. Kanskje fordi eg har lengta etter ho, og bare vil sjå ekstra nøye på henne når eg først møter henne.

Beina mine har stoppa heilt opp. Eg verken spring eller går mot henne lenger. Det er ho som kjem mot meg ,med korte steg og ei alvorlig mine. Armane hennar strekk seg ut og ho drar meg inntil seg. Det er så godt å endelig ha armane rundt den nette, litle kroppen hennar. Ho er mykje kortare enn meg, men minst like slank. Ho klemmer meg inntil seg. Eg føler meg skikkelig heime i armane hennar. 

Dette er eit av bileta av huset eg fann då eg skulle sjå etter eit hus som passa til faren og stemora til Sara, og det er vel litt jentete og litt prinsesseaktig med veldig rosa? (for å sjå innlegget om huset eg fann, gå her)

Og her skal ein av gutane bu. Du kan vel tryggt seie at det var sånn eg såg for meg romma til jentene og gutane, utanom at eg skal "lage dei om" (med ord) så dei blir endå større! Dette skal vere rommet til den yngste sonen til Giuseppina og Robert (faren til Sara) som heiter Marco. 

Kva synes de?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten