mandag 24. september 2012

bok: hver dag av David Levithan

Tenk deg at kvar einaste dag vaknar du opp i ein ny kropp. Du har ein ny familie. Du har nye venner. Du har nytt hus. Du er eit nytt kjønn, har nye kjæledyr, har ny personligdom og er i ein heilt ny situasjon. Det er livet til A. A er verken jente eller gut, ikkje feit og ikkje tynn, har ikkje kontrollerande foreldre, men heller ikkje det motsette.

Tenk deg òg at du lever etter nokre reglar som du prøver å overhalde så godt du kan, så ein dag er det ein person som får deg til å kaste alle reglane bort. Å ikkje bli for knytta, ikkje rote til ein annan sitt liv, bare leve livet til den personen du er, er reglar som ikkje tellar lenger, for A har møtt Rhiannon.

Ein dag vaknar A opp i Justins kropp. A liker ikkje Justin, ikkje bare på grunn av røyking, sjølvgod stil og ein haug med andre negative ting. Justin er tydeligvis ein dårlig kjærast, og måten Rhiannon oppfører seg på, får A til å kjenne ein gryande misbiligelse mot  kroppen og personen han er.Etter dagen som Justin er A ein annan person. Og dagen etterpå der ein annan igjen. Kor tid får han måte Rhiannon igjen, jenta som behaldt ein alt for stor del av han?

Med ei blanding av poesi og enkle setningar fortel Levithan ei heilt ny historie til ein hovudperson ein ikkje har sett maken til. Kva A er, er eigenlit umogleg å svare på. Sjølve har eg tatt me i å skrive "han" mange gonger i dette innlegget. Sidan A er forelska i ei jente, er det lett å tenke på A som ein gut, men A er jo ikkje noko spesielt kjønn, og det er spesielt med denne boka.

Forfattaren har laga liva til dei A flyttar inn i veldig på spissen. Dei er stereotype, og på ein måte tenker eg at han får dei mest spesielle typane flest gonger. Det er plutselig uvanlig mange spesielle folk i den same staten i USA. Homofile, mentalt sjuke, overvektige, jenter med uvanlig pen kropp,... De skjønner sikkert teikninga. Sjølv synes eg dette var negativt og gjorde boka litt meindre truverdig. Ikkje at ho var så veldig truverdig med ein hovudperson som flyttar rundt slik, men utanom det kunne ho vore truverdig på andre måtar.

Noko anna eg ikkje likte var dei stadige epostsamtalane dei første. Det er jo mi meining då, kanskje mest fordi eg er den romantikkaren som synes brev er det beste i ei bok. Likevel forstår eg at dette er ein måte å føre handlinga vidare på og vekke spenning, for epostane i boka er ikkje bare vanlige epostar om kvardagen. Her har dei ei djupare meining enn som så. Og epost går jo raskare, og A har ikkje tid til å sende brev og vente ei veke med å få svar.

Språklig var boka veldig bra. Skrifta var stor, og derfor gjekk det ikkje lang tid å lese boka. Den tar deg med inn i ei forteljing som du aldri har lese før. Ho er rik på tankar rundt livet, andre som person og det å vere nokon du ikkje er. Personane er satt litt på spissen, men elles syntes eg boka var veldig fin og lærerik.

Boka er eit leseeksemplar frå Gyldendal
Mai Lene

2 kommentarer:

  1. Dette hørtes utrolig innvikla ut. Vet ikke helt om jeg vil lese boka, men interessant å lese din vurdering. Er det en ungdomsbok?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ei ungdomsbok. Utrurlig flott å lese!!

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten