søndag 16. september 2012

Kva er ein god bokbloggar?

Først og fremst: Bokbloggartreffet i går var supert, og det å kunne kople eit ansikt til bloggarane var supert. Syntes at det å møte dykk var heilt fantastisk, så er det sagt.

I "etterkant" av treffet i går, klokka 16:00, var det duka for debatt om bokbloggarar si rolle i dag, for å gjere titelen på debatten litt lettare. Me kan ikkje seie at debatten raste akkurat, fordi dei verka forholdsvis einige. Det er i ettertid debattane har rast rumdt forbi på bloggane, men ikkje om det debattane eigenlig var om.

Mykje av det som vart sagt i går kjente eg var litt provoserande. Nå er det absolutt ikkje slik at eg skal legge blogginga på hylla etter i går, tvert i mot, men mykje av det under debatten går i retning av at : "Ikkje alle som bloggar er like flinke som dei trur dei er" Å seie at eg følte meg truffen er kanskje litt sant. Likevel følte eg ikkje det var nokon direkte anklager.

Det blei snakka veldig mykje om at mange bokbloggar, inernasjonalt og nasjonalt, er dårlige. Likevel blei det aldri nemnt noko spesifikt. Dårlig kan vere så mykje. Det kan vere bare dårlig, dårlig i forhold til eller at bare noko på bloggen er dårlig. Eg vil seie at å sitje der og seie at "Det finnes mange dårlige bokbloggar" er litt over kanten.

Alle som bloggar om bøker har sin eigen måte. Me er amatørar, me får ikkje betalt for å blogge og me har vår eigen skrivestil. Det kan vere at dei første vekene og månadane med blogging er litt falmande for å finne ut korleis du vil gjere det, men alle har til sjuande og sist sin eigen stil. Å sitje og seie at mange bloggar er dårlige og at det er mange som gjer feil var ein ubegrunna, unyttig påstand. Eg er sikker på at eg ikkje var aleine om å sitje i salen og tenke: "Synes dei min er dårlig?"

Å blogge handlar om å utvikle seg. Du utvilkar deg etter kvat som tida går. Alle skriv på ein eigen måte. Eg skriv nynorsk, prøver å skrive litt nærare bokmål på bloggen enn det eg hadde gjort i ein vnalig skuletekst, utan at det går over streken. Eg skriv på den måten eg liker, og eg skriv slik er vil. Det er eg sikkert ikkje aleine om. Me kan ikkje velje korleis me vil skrive etter korkleis andre skriv. Det går ikkje.Me må skive på den måten me kan og føler oss komfortable med.

Alle som har sett debatten som har føregått både på nett og på bokbloggartreffet: Ikkje tenk at "min blogg er ikkje god nok, for det er den, bare det er DU  som skriv og ikkje nokon andre. Det er viktig.

Noko eg er delvis einig med folk i, er at det blir blogga om mange dårlige bøker, men kan vere eg synes ei bok ikkje er god. mens andre synes det. Derfor er det feil å seie at me bloggar om dårlig litteratur, for det er deira meining og ikkje den som bloggar positivt om det.

At me bloggar om bøker som kanskje ikkje hadde fått så mykje merksemd elles, blei på ein måte framstilla negativt i går i debattem, men eg synes det er bra. Alle forfattarar har rett til å bli sett, og kanskje det faktisk er ei god bok som ikkje så mange har oppdaga.
Fifty shades of grey kan eg vere einig med dei i at har kome litt for mykje fram på nettet, til å vere ei slik bok, men eg har sett både negative og postivite omtalar om boka, og det å setje oss i ein bås som dei som liker denne boka blir òg feil. Det er akkurat som med andre bøker, me har delte meiningar og skriv ulike omtalar.

Likevel var eg fullstendig einig med dei i ein ting, og det er på eit område der eg har stort forbetringspotensiale. Nemlig det med kommentarar, å ikkje bare skrive "fin omtale" eller "Eg har ikkje lese boka, men den står i hylla." Litt betre tilbakemeiningar kan vere betre. litt meir utfyllande. Seie kva du syntes var bra i ein omtale eller eventuelt seie "Det syntes eg du kunne gjort på ein annan måte." Sjølvsagt må me ikkje angripe personar og bare skrive negative kommentarar til dei heile tida, men det å kanskje skrive litt meir utfyllande omtalar kan vere ganske gildt. Stille litt spørsmål om boka du lurer på osv.

Det å kunne debattere slik som dette i bokbloggarsamfunnet er sunt. Få litt temperatur, bare det ikkje går utover det nokon synes eg greit. Debatten i går halt seg på mange måtar innanfor grensene utan nokre ubegrunna påstandar. Dei som sat i panelet var flinke, og bloggarane der er flinke. Likevel synes eg at det å av og til tenke litt gjennom det ein seier kan vere lurt for at andre ikkje skal misforstå.

 

17 kommentarer:

  1. Hei, jeg er helt enig i at det kan bli litt søkt å sitte å si at det er mange dårlige blogger der ute. Da er det bedre å dele tips til hva som gjør en blogg bra. Jeg fikk ikke vært med på debatten, så jeg skal ikke mene så mye om det. Det var iallefall hyggelig å treffe deg i går. Så kan du ta med deg at jeg syntes du har en fin blogg og at du skriver godt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Gøy å treffe deg òg :) Og det å dele tips til kva som er ein god blogg er sjølvsagt kjempebra, bare me ikkje legg opp retningslinjer for korleis ein bokblogg MÅ vere! Og takk for ros :)

      Slett
  2. En ting er helt sikkert; jeg er fullstendig enig med deg - og panelet i går - i at vi bør bli flinkere til å gi hverandre konstruktive tilbakemeldinger og kanskje også tørre å starte en diskusjon om bøkene vi skriver om. Det er bare sunt for oss alle - for alle har godt av innspill, inspirasjon og tanker fra andre:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Konstruktive kommentarar er heilt klart sunt, så lenge det ikkje går utover personen eller korleis ein person er. Likevel kan tips til å bli betre vere noko som står høgt på lista hjå folk, viss det betyr at dei kan bli betre.

      Slett
  3. Er enig i deg i det du skriver. Nå var ikke jeg på treffet og fikk ikke hørt debatten som var der. Jeg syntes det er ok å dele tips med hverandre, når det er sagt så er det opp til hver enkelt blogger å bestemme selv hvordan en skal blogge. Jeg syntes at du har en fin blogg slik den er.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for ros. Å dele tips med kvarandre er bare lurt som du skriv her, bare det ikkje går ut på at "sånn skal du skrive," og slik har vel heller ikkje nokon sagt det.

      Slett
  4. Hei, Mai Lene! Så kjekt det var å treffe deg. Mykje klokt du skriv her. Bokbloggane er ulike, og språk og omtale har ulik kvalitet. Men når det er sagt; kva er god og kva er mindre god kvalitet på ein blogg? Ingen har vel eigentleg definisjonsmakt til det, per i dag. Det eg tykkjer er bra er at terskelen er låg - her kan mange komme til, skrive og meine. Og ein kan som du seier, lære og utvikle seg. Både å tore å ta ordet og meine noko, og å øve seg på å skrive, er viktig!

    Helsing Mette på Mettemor møter massene

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å treffe deg òg. :) Eg òg synes at ein låg terskel er bra. Det du skriv her er eg heilt einig med deg i!

      Slett
  5. Dette var et godt innlegg, og jeg synes du sier veldig mye bra her. Jeg personlig liker din blogg veldig godt, og jeg synes du skriver gode og reflekterte innlegg. "Det blå rommet" er et eksempel.

    Jeg synes også det er bra at vi kan være med å løfte fra ulike typer bøker, og hva som er bra og dårlig litteratur mener jeg at det ikke er noen enkel fasit på. Jeg er heller av den oppfatning at det finnes bøker med ulike misjoner. Av og til vil man ha klassikere, av og til noe annet - ikke alt trenger å være dypt og inngående. En bok må vurderes ut fra den sjangeren den befinner seg i - først da kan man si noe om den treffer eller ikke.

    Jeg tenker også at jeg skal bli flinkere på å gi mer utfyllende kommentarer. Jeg skriver ofte "Fint innlegg" fordi jeg selvsagt mener det, men også som et slags fotefar for å vise at jeg har lest og likt et innlegg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har heilt rett når det gjelder dårlige/gode bøker, og ein må sjølvsagt sjå det i samanheng med sjangeren. Eg prøvde å få det litt fram i innlegget, men eg veit ikkje kor godt fram det kom...

      Slett
    2. Jeg synes du fikk det godt fram :)

      Slett
  6. Men er det ikke bedre med et "fint innlegg!" når man mener det, enn ikke å skrive noe i det hele tatt?
    Jeg har forresten oppdaget bloggen din i løpet av denne helgen, og digger den. Fanklubb opprettet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jo, sjølvsagt er det det, men det kan vere ganske gøy med ufyllande kommentarane òg.

      Slett
  7. Kloke ord fra mange kanter i kjølvannet av gårsdagens treff. Debatt til side, jeg koser meg nå med alle bloggene jeg til nå ikke har vært klar over, inkludert din.
    (hilsen Ingalill, som satt ved din høyre side -)

    Viktig: vi må ikke alle være så blyge (eller beskjedne som Line skrev i sitt debattinlegg) at vi automatisk går utifra at hvis det er snakk om 'dårlige' blogger - gjelder det MEG.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det har du rett i, og det kan jo få alle sine auge opp for kva potensiale dei har til å bli betre til å blogge. Det er jo bare bra å bli betre, men på ein måte har alle sin eigen stil.

      Slett
  8. Godt innlegg! Eg oppdaga bloggen din først nå, og legg han til i lista over dei eg følgjer med på. Kjekt med fleire nynorskbloggarar.

    Du, eg synest det du skriv er veldig viktig. Samtidig trur eg det er veldig viktig at vi våger å diskutere kvalitet og kva vi står for og kor vi vil med bloggane våre. Poenget er neppe å få folk til å tenke at sin blogg ikkje er god nok, men å få folk til å reflektere og begrunne den aktiviteten dei driv med.

    Eg har kritisert folk som gir bøker terningkast utan å begrunne dei, og det kjem eg til å fortsette med. Ikkje for at folk skal tenke "eg er ein dårleg bloggar", men fordi eg synest det blir uinteressant å lese at denne boka er ein trear eller ein seksar, dersom det ikkje er utdjupa og presisert kva som gjer boka god eller dårleg. Og eg synest det er viktig at vi fortel lesarane korfor vi liker ei bok, ikkje bare om eller at vi gjer det. Eg synest og det er viktig at det er rom for å komme med slike synspunkt.

    Eg synest det er minst like viktig at vi kan snakke om slike ting, utan at folk går heim og tenker "var det meg ho snakka om?" .

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, og sjølvsagt skal ein utvikle seg og prøve å få bloggen sin best mogleg. Eg merkar sjølve at eg har gjort det og at det i byrjinga var vanskelig med "god" kvalitet. Diskusjon er alltid bra som du får fram, men eg har høyrt at mange i det siste har mista litt lysten til å blogge etter det som har føregått på internett og under debatten på laurdag.

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...