søndag 2. september 2012

"La oss ikke jage etter lykken med slik fart at vi glemmer å være lykkelige"

Første ting eg må fortelje dykk: I DAG SLUTTAR GIVEAWAYEN, AKKURAT NÅ!

Dette er kanskje det mest personlige innlegget som nokon gong kjem til å bli skriven på bloggen min, utan at det betyr at alle løyndommar og tankar skal bli vist for resten av verda. Det betyr at eg skyldar alle ei forklaring om kvifor eg nesten aldri bloggar lenger og lagar omtalar osv.

Som sikkert dei fleste har fått med seg dei siste vekene, har eg nettopp byrja på vgs, og det har vore fantastisk gøy, og eg går i ein super klasse. Det er mange kjekke folk, og eg er eit skritt vidare. Likevel er det noko med haust og skulestart som gjer at du plutselig blir mykje meir trøyt og har null energi. Me svevar, og så detter me ned igjen. Etter ein lang og god sommarferie blir det stritt med skulestart igjen. I sommar og i vår slukte eg mange bøker ved å lese på kvelden eller i helgene, men nå orkar eg ikkje. På kveldane går eg rett opp på rommet, les eit lite avsnitt i bibelen og sovnar. Eg orkar ikkje å lese før eg går til sengs heller, eller så har eg ikkje tid, fordi eg er på styremøte eller på ungdomslaget eller noko anna. Eller så har eg lekser å gjere.

I helgene er eg heilt kaputt! Ei veke på skulen tappar deg verkeleg for all energi, og i tillegg til skulestart har eg nå starta med dans, piano, styremøte her og der, Hå Krfu og vore med på eit arrangement inne i Stavanger. På toget har eg ofte høyrt på lydbok, men eg får ikkje mykje tid. Det er skikkelig kjedelig å vere sliten all the time. Og tidligare i sommar kunne eg sove til ti i helgene, stå opp og slappe av, og så vere opp leeeeeeenge. Det går ikkje lenger.

Derfor har eg ikkje fått lese ut boka eg har haldt på med heile veka, og eg har heller ikkje høyrt på lydboka, lese i Alice i Wonderland, deltat i smakebit på ein søndag, framtidige favorittar og boktema hos Anette. Eg har rett og slett ikkje overskot nok. Eg skriv dette innlegget for å seie at omtalar kan det bli smått av, og det same med lesing. Veka som kjem nå er tettpakka med program.

Måndag: Skule til 13:20, lekser, rydde rommet (og rommet er bomba)
Tysdag: Skule til 15:00, lekser, piano
Onsdag: skule til 13:20, lekser, dans, møte med søndagsskulen
Torsdag: skule til 14:10 lekser, rydde rommet
Fredag: skule til 14: 10 og eventuelle lekser og slappe av
Laurdag: jobbing frå 11:00-23:00 Selskap
Søndag: sove, slappe av, lade opp

Kanskje verkar det ikkje mykje, men etter at du har gjort alt dette er du stuptrøyt. Eg lovar deg. Og helgene framover er tettpakka. Jobb, bokfestival, jobb, jobb, jobb og haustferie. Puh.

Og så til hovudpoenget. Eg blir glad viss eg når målet mitt om 96 bøker dette året, men førebels er eg fire bøker bak og orkar ikkje å gjere noko med det. Eg har forventningar til meg sjølv, men eg trur eg bør ha litt færre. Eg trur at eg skal bli glad kvar gong eg les ei ny bok, og eg trur at eg skal lese bøker i ein fart eg orkar og ikkje tenke på "goodreads" og mål for 2012 osv.

Derfor blir det litt stille på bloggen. Orkar eg å lage eit innlegg gjer eg det, men viss eg ikkje orkar gjer eg det ikkje. Om det blir meir enn eit innlegg i veka kan eg ikkje seie, og førebels tvilar eg på at det blir så mange. Som det står i overskrifta: "La oss ikke jage etter lykken med slik fart at vi glemmer å være lykkelige." Eg vil vere så lykkelig som mogleg her og nå og ikkje jage etter den lykka det hadde vore å ha lese 96 bøker på eit år. Då ville eg vore lykkelig i ein augeblink, men ikkje mens eg dreiv på, for eg vil lese for å ha det gøy, ikkje for nå noko. Sjølv om det er gøy å lese mange bøker, er det ikkje gøy å lese så mange at du blir heilt utsliten mens du held på.


2 kommentarer:

  1. Kloke ord, Mai Lene. Les når du orker, blogg når du føler for det. Ikke glem å nyte tiden, selv om det er slitsomt. Ha en super uke. Bloggklem fra meg.

    SvarSlett
  2. Lesing skal være lystbetont, og blogging også. I perioder leser jeg mye og andre ganger prioriterer jeg andre ting. De fleste har hektiske hverdager. Er nok lurt å justere forventniger til seg selv av og til :) Lykke til med alle dine gjøremål :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...