tirsdag 28. august 2012

bok: barnepiken av Kathryn Stockett


Cappelen Damm 2010
nesten 500 sider
the help
Barnepiken beskriver forholdet mellom sorte hushjelper og dere hvite fruer i Sørstatene på første halvdel av 60-tallet. Vi befinner oss i den lille byen Jackson i Mississippi, og møter tre svært forskjellige kvinner som finner hverandre i sin felles utfordring av grenser. 22-årige gamle Skeeter er en ung, hvit kvinne som ifølge hennes mor har ett viktig oppdrag; å finne seg en mann og gifte seg. Selv har hun helt andre planer.Hun ser hvordan de svarte hushjelpene behandles av sine hvite oppdragsgivere og bestemmer seg for å skrive ned historiene deres. Hennes to allierte er Aibileen, hushjelp og barnepike hos Skeeters venninne, og Aibileens venninne, Minny. Det er et risikofylt prosjekt for alle parter, fordi det utfordrer grensene som definerer tilværelsen deres.Barnepiken er en tidløs og universell historie som får deg til riste på hodet i vantro, men også le høyt. Romanen er rørende, trist, morsom og lærerik – en bok som både varmer og skjærer deg i hjertet på en gang.
 Nå er det lenge sidan sist eg har skrive ein omtale av ei bok på bloggen, så det var på tide. Eg vart nettopp ferdig med barnepiken av Kathryn Stockett, og nå er eg skikkelig glad for at eg til slutt byrja å lese boka.I månadsvis har eg fått spørsmål av folk: "Har du lese barnepiken av Kathryn Stockett?" og eg har, flaut nok, alltid måtta seie "nei, dessverre." Men ikkje nå lenger.Nå er eg ferdig med boka, og er skikkelig glad for at eg til slutt las henne òg, for ho var skrekkelig bra.

Synsvinkelen vekslar mellom tre personar, Aibileen, som er svart og jobber som hushjelp hjå Leefolt-familien, Minny som òg er hushjelp, men hjå Celia Foot, og miss Skeeter som er kvit og ugift (til moras store skuffelse) Dei første femti sidene er mykje om livssituasjonen til desse tre kvinnene. I tillegg går det mykje tid med til å beskrive andre viktitige karakterar, som miss Hilly.

Boka er fengande heilt frå byrjinga av, og det tek ikkje lang tid å kome å seg inn i handlinga og det boka er om. Aibileen er den første personen me får møte. Hennar skildringar frå huset til Leefolt-familien er det opprørande å lese om, ikkje bare på grunnav av korleis dei behandlar henne, men òg på grunn av måten miss Lefolt behandlar dottera på to år, Mae Mobley. Mae Mobley løftar historia, med sine små kommentarar og den usikre haldninga. Ho er med på å vise korleis Aibileen jobbar, og ho krydrar boka.

Minny er den direkte. Ho seier ting rett ut, og for det har ho fått mykje kjeft, og mange arbeidsstadar er tapte. Ho blir arbeidslaus i løpet av dei første femti sidene, og Aibileen greier så vidt å skaffe henne ein plass hjå Celia Foot, ei jålete dame med flerie dumme idear enn hår på hovudet.

Miss Skeeter er oppgitt over miss Hillys forslag om eigne doar til huhjelpa i tillegg til mora sine stadig hint om at ho snart må få seg ein ektemann. I tllegg har ho fått seg ein lite tiltrekkande jobb i ei avis, mens det ho eigentlig vil er å bli forfattar.

Boka har eit preg som nesten ingen anna bok har, noko heilt spesielt som gjer at ho er ein favoritt hjå mange. Eg har høyrt at filmen ikkje skal vere like bra, og det trur eg kan vere sant, for å lage film etter ei bok som dette er vanskelig, særleg sidan boka er så bra.

Det er få skrivefeil og personane er ikkje stereotype i det heile. Klisjear finnes det ikkje, og boka er rett og slett ei perle du bør få med deg.

2 kommentarer:

  1. Flott anmeldelse!:) Gleder meg også til å lese denne en dag, er en av de som sier "nei, den har jeg ikke lest enda". Så på tide å får gjort noe med det:) Likte filmen jeg da, veldig morsom!:) Men jeg tror også boken er bedre:)

    SvarSlett
  2. En flott omtale. Jeg har heller ikke fått lest denne boken, og hadde tenkt å se filmen i helgen. Men jeg kom ikke så langt heller :-)
    Den står på skal lese listen min, så en dag...

    Ønsker deg en fin leseuke!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten