søndag 25. november 2012

bok: Kaptein Corellis mandolin av Louis de Bernières

Greske øyer, krig, kjærleik, italienarar og ein mandolin er i all hovudsakt det denne boka dreiar seg om. Det kan høyrast vanvittig kjedeleg ut, men personleg syntes eg denne boka var svært spennande. Pelagia er kanskje ikkje den jenta eg identifiserer meg mest med, men det er ein gripande karakter med sterk vilje.

Ute blant dei greske øyene er det ei lita øy som heiter Kefallinia. I følge Store Norske Leksikon er det den største blant dei Joniske øyene, og byen Argostolion er hovudbyen. Doktor Iannis, ein av bokas hovudpersonar skildrar øya slik:
Kefallinia er en fabrikk som produserer spebarn til eksport. Det er flere kefalliniere utenlands eller på sjøen enn det er hjemme. Det finnes ingen lokal virksomhet som holder familiene samlet, det er ikke noe dyrkbar jord, det er for lite fisk i havet. Mennene reiser utenlands og vender tilbake hit for å dø, derfor er dette en øy med barn, enslige kvinner, prester og oldinger. Det eneste gode ved dette er at bare de vakreste kvinnene finner seg maker blant de få mennene som er igjen, slik at det naturlige utvalg har ført til  av vi har de vakreste kvinnene i hele Hellas, kanskje i helle middelhavsområdet. Det beklagelige er at vi har vakre og begavede kvinner som gifter seg med de mest groteske og upassende menn, som ikke duger til noe og aldri kommer til å gjøre det, og så har vi noen triste og uskjønne kvinner som ingen vil ha, som er født til å leve som enker uten noensinne å ha hatt en mann.
Doktor Iannis er ein av dei viktigaste personane i denne boka. Legen leger sjukdommar på både dyr og menneske, utan å eigentleg ha kompetanse. Likevel er han like god som nokon. I tillegg til å vere lege prøver han å skrive historia om øya Kefallinia, og det er frå dette sitatet over er frå. Han er direkte, er for aristokrati og ligge å gå på kafeniaen for å diskutere politikk med vennane sine Kokolios og Stamatis. Pelagia, dottera hans, irriterer seg mest over at faren tisser i urtebedet, og utanom det driv ho det heime. Oppveksten var utan mor, men med ein far som tok seg godt av henne.

Ein kan vel trygt seie at øya levde veldig sorglaust i mange år, og var heldige i og med at krigen ikkje nådde dei spesielt tidleg. Pelagia blir gjort kur til av ein fiskar og innbyggjarane er på nokre område bestevener, mens på andre områder er dei politiske fiendar og kan krangle så fillene fyker. Borti Italia er Il Duce (Mussolini) i full gang med planane for å invandere Hellas, og eit heile to kapittel er via til denne "store" herskaren. Eitt er med Mussolini i første person og eitt er skrive "til ære"for Mussolini på ironisk vis. Med den italienske historia og kapittla om deira inntog i Hellas er òg historia om Carlo. Carlo er ein mann som er langt over gjennomsnittet stor, rett og slett ein kjempe, som føler at han ber på den største synd i verda og elles er ein mann full med samvit.
Jeg, Carlo Piero, Guerico, skriver disse ord i den hensikt at de skal bli funnet etter min død, når verken forrakt eller tap av ære kan forfølge eller skjemme meg. Forholdene gjør det umulig å stå fram med denne beskjennelse av min natur før jeg har trukket minne siste åndedrag, og inntil det øyeblikk er jeg dømt til å bære en maske en ublid skjebne har påtvunget meg.(...) Jeg har ikke fortalt det til noen lege heller. Jeg vet på forhånd at han ville kalle meg en avviker, hevde at jeg på en eller annen besynderlig måte er forelsket i meg selv, at jeg er syk og kan helbredes, at det er min mors skyld, at jeg er feminin enda jeg er sterk som en okse og fullt i stand til å løfte min egen vekt over hodet, at jeg må gifte meg og leve som en normal mann, at jeg har et valg.
Kanskje dei fleste har forstått kva som foregår her. Carlo er den typen som har fått fleire medaljar for å redde enn for å drepe, og ein av dei han kjempa for å redde var Fransisco, bestevennen og mannen han elska. Etter eit ublidt møte med Hellas og greske soldatar blir han sendt til Kefallinia saman med fleire andre soldatar fulle av samvit. Blant dei er Antonio Corello, ein mann som går rundt og bêr på ein mandolin og har laga eit kor eller orkester han kallar La Scala. La Scala, orkesteret som er starta med og for italienarar, har òg sitt eige reglement.
1) Alle som innkalles til aminnelig musikalsk eksersis er forpliktet til å spille et instrument (skje, stålhjelm, kam osv.)
2) Enhver som gjentatte ganger mislykkes med å nå høye toner skal kastreres, hvorpå testiklene doneres til et veldedig formål
(...)
4) Alle tilhengere av Wagner vil straks bli skutt, uten rettegang og uten ankerett
5) Beruselse er obligatorisk bare ved anledninger da det ikke er kaptein Antonio Corelli som betaler for drikkevarene
Tilbake til alvor: Pelagia er saman med fiskaren Mandras, som dessverre reiser for å kjempe i krigen, for å kunne vere verd ei medgift og at doktor Iannis vil sjå på han med andre auge. I mens kjem Corelli og italienarane, og Corelli må flytte inn i huset til doktoren. Dei italienske gutane er både morosamme, glade i å feste, musikalske og rampete. Dei gjer ingen større skade på øya, og det ser ut som at Corelli stort sett bryr seg om fotball, mandolin, La Scala og etterkvart Pelagia. Etterkvart kjem òg tyskarane til øya, og ein løytnant Günter Weber stifter kjenskap med "fascistane". Han får òg vere med i La Scala som punktert trettitoendelspause.

Spenninga spissar seg til, og krigen herjar i Europa, i tillegg til å kome nærare idyllen på den greske øya. Fleire tyskarar kjem til og ELAS (kommunistar) herjar rundt i landet og bryr seg meir med å slå EDES (greske, politiske motstandarar) enn å jage tyskarane på flykt. Carlo, Pelagia, doktor Iannis og Corelli held likevel fast på håpet til sluttten.

Boka var utruleg godt skriven. Språket var veldig lite avansert, og det var få stavefeil slik eg kunne sjå. Mykje humor, men likevel alvor som heng over handligna, og sjølv kjente eg at eg likte Carlo. Ikkje på grunn av avsnittet over, men eg likte han for at han hadde fått fleire medaljar for å redde liv enn å ta liv. Han var òg glad i barn, modig, sterk, men med ein stor dose samvit. Kefallinia var ei øy til å forelske seg i, og den historiske sida av boka var interessant og stemte med det eg hadde høyrt. Tenk på all den researchen som må til for å skrive ei slik bok! Forfattaren har skapa ein stor klassikar spør du meg. Synsvinkelen skifta, og det var ulik kven som fortalte. Kva person dei fortalte frå var òg variert, men det er på ingen måte noko som forvirar eller blir uklart. Det var eit godt verkemiddel i og med at forfattaren har meistra det. Då eg las eit siste farvel av Carol Ann Lee, oppsummerte eg denne skiftinga av synsvinklar slik:
Det andre er det at alt for mykje bytte i frå tredje person og tilbake til første person og så tilbake igjen gir meg heilt fnatt. Det er ein ting at først når hovudpersonen Alex fortel, så fortel han i fortid og i første person som i "eg var." Men då passar det ikkje at neste gong det blir fortalt i fortid, så fortel han i tredje person igjen om akkurat same person.
Luis de Bernières meistra det, det gjorde ikkje Carol Ann Lee. Det vart ein naturleg del av kaptein Corellis mandolin, og det tok lang tid før eg oppdaga det i det heile, noko eg heilt klart ville oppdaga i andre bøker mykje før. Nå kan eg ikkje seie kva andre synes om dette, men sjølv synes eg ikkje det gjorde noko.Skal eg seie noko anna må det vere at det boka var meint til å handle om skjedde om lag halvvegs, og i lang tid sat eg å venta, men likevel skjedde det så mykje at det vart ikkje kjedeleg. Forfattaren greier å fenge lesarane og legg igjen nokre trådar og hint om hendinga som kjem seinare. At boka er utgjeven i 1995 og er litt gammal gjorde ikkje noko for meg, og Pax forlag har òg gitt ut boka i ny utgåve.

2 kommentarer:

  1. Åh den boken høres veldig spennende ut:) fikk lyst til å lese den:) Takk for tips:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Den er kjempespennande og anbefales på det varmaste, Elin : )

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...