torsdag 15. november 2012

mine julegåvetips jula 2012

Alle har vel nokre formeiningar om kva dei synes bør liggje under årets mest berømte tre. Klede, bøker, CDar, bøker, filmar, bøker eller bøker, bare for å nevne noko. Lista over kva eg ønsker meg blir mindre kvart år, og det er slutt på den tida då eg hadde fire tettskrivne A5-sider med julegåveønske. Det som likevel blir større er lista over bøker eg ønsker meg. Mens eg byrjar å få nok av andre ting, er det alltid nokre nye bøker der ute som det kan vere fint å få under treet. Eg liker verkeleg harde pakkar. Dei kan vere litt bøyelige eller litt mindre harde òg, sidan pocketbøker gir ei like god oppleving som innbundne.

Eigentlig hadde eg ikkje tenkt å poste dette innlegget før 1. desember, men fann ut at det var litt naivt, fordi dei fleste har byrja å kjøpe julegåvene til familie og venner nå. Eg har ikkje det, og nøyaktig laurdag første desember skal eg byrje å handle julegåver - i Kristiansand. Eg nektar òg å smake julebrus før advent, for det øydelegg verkeleg stemninga når eg må drikka julebrus før advent. Men nå må eg ikkje tatle meg heilt bort. Eg trur eg startar med julegåvetips som eg vil anbefale å gi bort til jul.

Jo Nesbø er ein forfattar med eit verkeleg talent for skriving, og nå snakkar eg ikkje berre om Harry Hole-bøkene eller hodejegerne. Dei er sikkert òg gode, noko eg dessverre ikkje kan uttale meg om sidan eg aldri har lese bøkene hans. Det eg vil fram til er dei fantastiske barnebøkene hans om doktor Proktor. Doktor Proktor slår absolutt alt av galne professorar. Han bur midt i ei gate i Oslo der han lagar verdas største karamellpudding og elles finn opp mykje sprøtt og rart. Med seg på laget har han Lise og Bulle, nabobarna, og me kan vel seie at dei saman kan lage dei mest sprøe ting. Boka ovanfor her, doktor Proktors tidsbadekar, er til nå den boka eg har likt best om desse sprø folka. Det var òg den første boka eg las om dei, og ingen barnebok har fascinert meg meir eller fått meg til å le meir. Eg har lese den første boka, doktor Proktors prumpepulver òg, men kanskje det med promp ikkje er så morosamt som eit badekar med ei som såpe som gjer det kaptabel til å reise tilbake i tid. For å ikkje gløyme naseklypene då. Eg vil ikkje seie kva dei er til, men det er i alle fall morosamt. Den tredje boka heiter Doktor Proktor og verdens undergang kanskje. Eg har lese halve, og kan så langt seie at boka handlar om månekamelonar. Nesbø har nå kome ut med den siste boka i serien: Doktor Proktor og det store gullrøveriet. Bøkene passar vel for begge kjønn frå åtte år og til du er så gammal at du ikkje orkar å le lenger.

Elles til barn kan eg anbefale Svein og Rotta-bøker eller bøkene til Maria Parr. Du har òg seriar som skammar-serien, Katriona-serien og Eragon-serien for alle som liker fantasy.

Når det gjelder ungdom har eg eigentlig ikkje lese så mange bøker i år, men eg har ei bok eg har lese som det har blitt laga film av, ein film som i tillegg er veldig populær.
Eg snakkar sjølvsagt om boka the last song av Nicholas Sparks, som i tillegg har kome på norsk nå med den vidunderlege tittelen toner fra et piano. Sjølv las eg boka på engelsk, og det gjekk veldig bra. For dei som ikkje liker å lese engelsk eller ikkje føler seg stødige nok eller må sitje med ordboka på sida av vil eg kanskje anbefale den norske utgåve. Eg har aldri lese boka på norsk sjølve, men på engelsk var ho svært god. Boka var på kino mai 2010 og mange ungdommar har allereise sett filmen, noko som kanskje gjer at dei vil like å lese boka. Ronnie er ei opprørsk tenåringsjente som ufrivillig har reist til faren sin for å vere der på sommaren. Ho har eit anstrengt forhold til han på grunn av at han flytte frå dei for nokre år sidan. Er ein sommar og eit forhatt piano (forhatt frå Ronnie si side) nok til å føre dei saman. Og kva med Will, den kjekke guten som speler volleyball. Eg veit ikkje om Cappelen Damm sel boka som ungdomsbok eller som vaksenbok, men for ei jente som går på ungdomsskulen eller vidaregåande trur eg dette kan vere ein fin presang.

Eg vil òg minne alle om boka a walk to remember som òg har blitt filmatisesrt. Eg las ho i mai, og eg trur at mange ungdommar i dag liker å lese bøker dei kjenner igjen frå filmar.

For dei som vil lese noko nytt og ikkje filmatisert vil eg anbefale to bøker, hver dag av David Levithan og tretten gode grunner  av Jay Asher. Sterke ungdomsromanar med flotte bodskap som passar for både jente og gut. Sjølvsagt må dei like litt alvorelege ting, og for dei som ikkje er like alvorlege og treng meir spenning og fantasy er kanskje serien om dødslekene av Suzanne Collins eller serien som startar med boka sirkelen noko å gi bort. Eg har ikkje lese bøkene sjølve, men etter det eg har høyrt er kanskje dette noko å gi bort. Andre ungdomsromanar er rubinrød, safirblå, smaragdgrønn av Kerstin Gier(dei kjem i den rekkjefølgen i ein serie på tre i trilogien om Gwendolyn og Gideon. Anbefales!), perfekt kjemi, grenseløs kjærlighet, brennende kjærlighet av Simone Elkeles(kjem òg i den rekkjefølgen, kanskje mest for jenter), hvis jeg blir av Gayle Foreman og sjølvsagt dei vanlege seriane som Twlight og andre seriar.

For vaksne har eg tusenvis av bøker eg kunne anbefalt og derfor trekk eg fram ei bok her og så legg eg inn ei liste over bøker og forfattarar under det opprinnelege innlegget, så viss du trykker på les meir, får du opp resten av lista.


Denne boka er kanskje først og fremst for damer med ein ekstra sans for historiske romanar, men eg trur òg at damer som ikkje liker historiske romanar kan byrje å like denne. Boka er veldig poetisk skriven og hovudkarakterane er mystiske. Boka handlar om hovudtrekk om ei dame ved namn Margaret Lea seier ja til å skrive ein biografi for den gåtefulle forfattaren Vida Winters. Nesten ingen veit noko om frøken Winters og livet hennar, og etter mange år skal Margaret Lea få lov til å nøste opp i den mystiske fortida til forfattaren. Ingen bør nemne denne boka mens eg er der, for å byrjar eg bare å snakke om gods, løyndommar og ein fantastisk, poetisk skrivemåte som skildrar alt og alle på ein mystisk, men likevel dekkande måte. Eg kunne ha snakka i timevis om den trettende fortellingen, men skal nå nøye meg med å skrive det eg har skrive til nå. Vil du vite meir kan du lese min veldig dårlege omtale frå i sommar her eller lese på Gyldendal sine nettsider.

Sjølv har eg mange bøker på ønskelista dette året, men boka som står høgast på lista må vere J. K. Rowlings nye roman the casual vacancy.
Line på Lines bibliotek skreiv ein veldig god omtale av boka eg synes de alle bør lese. Eg kjenner eg verkeleg gler meg til å lese denne boka. Eg er jo ein av dei som har blitt bitt av Harry Potter-basillen, og då seier det seg nesten sjølve at eg vil lese the casual vacancy òg.
Andre bøker eg kunnte har tenkt meg er

  • den femte årstiden av Mons Kallentoft
  • the secret keeper av Kate Morton
  • gone girl av Gillian Flynn
  • skyggedød av Anne Holt
  • gjenferd av Jo Nesbø (må jo sjekke ut krimmen òg og ikkje bare Doktor Proktor :D)
Elles seier jo alltid ja takk til bøker av eit eller anna slag.

Ei anna fin gåve som ikkje er noko bok, men likevel veldig fin er Torstein Sødals CD. Eg vil bare seie det, for på den er det nokre heilt fantastiske julesongar, og den CDen er grunnen til at eg i år sit og speler Kimer, I klokker på piano. Det er òg den finaste songen og eg vil ha den med som ei fin avrunding på dette innlegget.




Fleire julegåvetips for vaksne

krim

  • sommerdød, vårlik og/eller høstoffer av Mons Kallentoft
  • Englemakersken, steinhuggeren og/eller ulykkesfuglen (Englemakersken er bare i innbunden versjon, men den aboslutt beste. Steinhuggeren og ulykkesfuglen kan du få kjøpt i ei og same bok)
  • på direkten av Anne Cecilie Remen
  • skumringstimen av Johan Theorin (Theorin har gitt ut tre andre bøker òg som sikkert er minst like gode, men eg har ikkje kome lenger endå. Dei andre bøkene heiter nattefokk, blodleie og Santa Psyko)
historiske romanar
  • den trettende fortellingen av Diane Setterfield (les meir over, min hovudanbefaling!)
  • øya av Victoria Hislop
  • den glemte hagen av Kate Morton
  • Saras nøkkel av Tatiana De Rosnay
  • Botticellis hemmelighet av Marina Fiorato
  • barnepiken av Kathryn Stockett
  • tilbake til Tall Oaks av Kathleen Grissom
  • jenta på klippen og orkideens hemmelighet av Lucinda Riley
  • søstrene Boleyn av Philippa Gregory
  • den usynlige broen av Julie Orringer
Psykologiske thrillarar
  • før jeg sovner av S. J. Watson
  • åpne sår og mørke rom av Gillian Flynn (anbefales på det sterkaste for dei som er klare for litt markabre ting, psykologisk spenning og litt krim!!)
biografiar
  • krystallslottet av Jeannette Walls
  • hun ville jo ikke dø - historien om Ragnhild av Siren Henschien (kanskje ikkje heilt den perfekte julegåve, men veldig bra og vekkande bok)
andre bøker
et sted i nærheten av Ceceli Ahern, Mokka av Tatiana de Rosnay, det blå rommet av Susan Henderson, Maya av Isabelle Allende, reisen hjem av Lori Lansens, stryk meg over håret av Agnes L. Matre.


6 kommentarer:

  1. Fin liste:-) Jeg ønsker meg også The Casual Vacancy og en haug med andre bøker. Jeg synes det er så kjekt å få praktugaver av bøker, ofte klassikere. De er fine å ha i bokhyllen og om jeg ikke vil lese dem akkurat nå så vil de være like aktuelle om noen år. Jeg må innrømme at jeg ikke har lest bøkene jeg fikk i fjor og heller ikke alle fra året før, så egentlig burde jeg ikke få noen bøker, men ønsker meg det selvfølgelig likevel. Jeg får sette av juleferien til de jeg får i år da.

    Jeg har mange tantebarn i alle aldre å kjøpe bøker til og prøver å finne ut hvilke bøker som passer. Kanskje Rubinrød er noe for en jente på 12?

    SvarSlett
    Svar
    1. Av og til ventar eg litt for lenge med å lese bøker som ikkje høyres interessante ut. Har aldri fått bøker bare for å ha dei ståande. Eg har ikkje nok plass :P Viss eg ikkje les dei, byttar eg dei, men kanskje eg vurderer å ønske meg Harry Potter bøker bare for å ha heile serien komplett. :) Rubinrød er veldig bra, men eg trur det er lurt å tenke på kor mange bøker tolvåringen les før ein tenkjer på rubinrød til ein tolvåring, rett og slett fordi noko av dramaet som foregår rundt er typisk tenåringsdrama. :) Likevel, gode bøker som ein tolvåring som har lese mykje frå før av eller som er interessert i slikt ville likt å lese :)

      Slett
  2. Utrolig fin liste :) Fine tips :D

    På voksen litteratur er eg ikkje så erfaren pt. men er enig i ungdomsbok delen :) Fine tips :) hehe

    Huff.. må snart ut og kjøpe julegaver :P
    Kanskje jeg må se litt nermere på dine tips da :)

    SvarSlett
    Svar
    1. bare å brukte tupsa, det er det lista er her for :) Eg må seie at hos meg er det litt omvendt, var litt usikker på ungdomslitteraturen :) Men det er utrulig mykje bra der, men litt for mykje fantasy etter min smak

      Slett
  3. Flott liste, Mai Lene. Mye spennende å se igjennom og kankje sette opp på egen liste. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg plukka ut dei bøkenee eg hadde hatt lyst til å finne under treet viss eg ikkje allereie hadde lese dei :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...