søndag 27. januar 2013

bok: et ekko av skyld av Charlotte Link

I forrige veke gjorde eg meg ferdig med boka eit ekko av skyld av Charlotte Link. Boka er gitt ut på eit forlag som inntil laurdag for tre veker sidan var totalt ukjent for meg, nemleg Bastion forlag, Bare for å ha litt orden i systemet vil eg seie, fordi førebels har eg ikkje fått linka bilete tilbake til forlaget si nettside, fordi det ser ut som om den nettsida har blitt hacka av nokon, at bilete av omslaget er lånt frå forlaget som har nettadressa bastion.no Omtale blir det uansett, om kanskje litt seinare enn planlagt.

Boka høyrtes veldig interessant ut då eg sto og las bakpå på Kvadrat, og for så vidt var det ei bra bok òg. Alt byrjar med ei historie om ei jente på veg til gudsteneste for å treffe den kjekke barne- og ungdomsarbeidaren i kyrkjelyden. Rachel er som vanleg spent, men på vegen møter ho ein ukjent mann, og tre veker seinare er ho borte vekk. Ikkje bare Rachel forsvinn, men òg ei to eller tre år gammal jente som heiter Sarah.
"Hun kunne selvfølgelig ikke være langt unna. Hun hadde våknet, blitt redd fordi mamma ikke var der og løp nå et eller annet sted i nærmeste omkrets." 
(side 22)

Dette er mora til Sarah, Liz sine tankar etter å ha vore borte frå dottera i førti minutt, for å kjøpe mat, for så å komme tilbake og ikkje finne dottera på teppet. Forholdet mellom vesle Sarah og mora kan ikkje seiast å ha vore nært, for Liz var relativt ung då Sarah kom til verda, uønska, og Liz ser på henne som ein klamp om foten. Dagen då mor og dotter var på stranda var dagen då Liz skulle miste dottera for alltid. Nokre få dagar etter hendinga blir det funne eit lik av ei jente på to eller tre år ved vatnet, og liket blir indentifisert som Sarah. Jenta har blitt valdteken for så å bli drepen. Nokre få veker seinare blir òg Rachel funne død og valdteken få dagar etter at ho forsvann. Denne delen av historia er fortalt på ein likegyldig måte utan å røre ved lesaren, noko som gjer at denne delen av boka er dårleg og alt for objektiv i forhold til hendingane. Likevel er det ikkje dette boka handlar om.

Virginia Quentin er ei dame i trettiåra, gift med ein framgangsrik mann og mor til ei jente på sju år, Kim. Første gongen lesaren får bli kjent med Virignia i boka er på øya Skye i Storbriannia. Saman med mann og barn har ho vore der i sommarmånadane. Dei har òg hatt ei kvinne, Livia, til å hjelpe seg litt. Livia og mannen Nathan har nettopp starta på ei jordomsegling etter å ha solgt alt dei eigde, for så å kjøpe ein båt for pengane. Nathan ser på det som eit liv i fridom og ein sjanse til å skrive ein bestseljar. Livia ser meir på det som ei utfordring. Motsetningane i ekteskapet er veldig synleg i boka, og det blir heller ikkje betre når Livias verste forutsetningar slår til og båten blir treft av eit svært lasteskip rett etter å ha segla frå Skye og Nathan og Livia står att med ingenting. Virginia Quentin er snart klar til å hjelpe paret med klede og pengar, trass i mannen Frederics protestar. Ho let dei til og med låne sommarhuset på Skye mens dei reiser ned til Norfolk.

Lite veit ho då om kva som skal skje dei neste vekene. Kort tid etter at Virginia har kome ned til Norfolk og Frederic har reist til London kjem Nathan for eit langt opphald. Livia har blitt lagt inn på grunn av sjokk og Nathan ser sitt snitt til å bruke gjestfridommen til Virginia litt til. Ho blir først varsam, men etter kvart viser det seg at Nathan klarer å lokke fram ein del av henne som få har sett før. Virginia er elles veldig mørk til sins og liker det store huset i Norfolk med høge tre som skuggar for sola. Løyndommane ho ber på har ho så vidt nemnt for Frederic, og den som klarer å få dei fram er Nathan. Han blir nøkkelen til det eg, som lesar, vil kalle eit uansvarleg liv. Heilt på måfå reiser ho opp til Skye saman med han, i staden for å møte Frederic i London som avtalt. Kim blir sett igjen hjå forvalterparet på eigendommen i Norfolk.

På omslaget til boka står det at boka er ein kriminalroman, noko som det er bra forlaget opplysar om, for eg hadde aldri funne det ut sjølve. Dette vil eg seie vitnar om dårleg sjangermedvit. Trass i små kapittel der me får høyre om ei til jente om held på å bli lokka med av mordaren og valdtektsmannen er det få kapittel som handlar om dette. Heile boka er eigentleg ei bok om utruskap og ny kjærleik og ein affære. Første del av boka og dei siste hundre til femti sidene er dei som kan likne på ein kriminalroman. Virginia skal etter det som står bak på omslaget byrje si eiga etterforsking, men ho gjer ikkje mykje. Framstillinga i boka er autoral, noko som gjer at me får vite meir om fleire. Det er fleire auge å sjå historia gjennom, men kva hjelper det når visse kapittel bare er kjedeleg fyll som eg ikkje forstår at nokon har tatt vekk frå boka? I tillegg hjelper berre denne framstillinga til den objektiviteten eg nemnte i byrjinga som gjorde boka lite rørande og ein treng ikkje vere redd for å grine ut auga.

Likevel, litt skryt skal boka ha. Ho er godt fortalt, og til tider er det gode verkemiddel som driv henne framover og som gjer at boka fengar lesaren litt meir. Det var vel eigentleg forlaget som avslørte litt for mykje på omslaget med baksideteksten og skrudde forvetningane litt høgt opp. Baksideteksten fortel om avslutninga av boka og byrjinga, men ikkje om noko av det som tok mest plass, nemleg Nathans og Virginias tur til Skye. Boka er berre nok eit døme på ein kjærleiksroman, og elles vil eg seie at arbeidet frå forlaget si side, og sjølvsagt dei som publiserte boka i Tyskland òg, er dårleg. Omsetjaren har ikkje gjort verdas mest jobb, og adjektivbøyinga gjer at eg gremmes. Det heiter ikkje forskjelligste så langt eg veit. Dei fleste adjektiv med meir enn ei staving har ikkje endingar som -ere eller -ste, men det blir brukt ord som meir eller mest for å foklare. Retting: mest forskjellige! Ville òg ha skrive "det mest nødvendige" i staden for "det nødvendigste" på baksida. Elles er det litt andre grammatikkfeil som går igjen (kommafeil blant anna).

Boka kunne ha hatt veldig mykje, men hadde dessverre veldig lite. Mykje av det vil eg skulde på forlag som skrur forventingane høgt opp og i tillegg har valt heilt feil sjanger til boka. Forfattaren har gjort ein heilt grei jobb. Boka framkallar ikkje kjensler, og kjærleikshistoria er veldig klisjéaktig og forutsigbar, men grunnlaget og plottet er bra. Kjærleikshistoria kunne blitt fjerna og det kunne vore tatt inn andre verkemiddel som gjorde boka til ein thriller og kanskje til og med ein psykologisk thriller. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten