lørdag 19. januar 2013

bok: skyggedød av Anne Holt

Krimforfattar Anne Holt har med denne boka skrive si siste bok om kriminalpsykolog Inger Johanne Vik. Tidligare har ho skrive fire bøker om henne og denne femte må vere eit verdig punktum. Sjølv har eg aldri lese bøkene til Holt før, men det gav meirsmak. 

22. juli 2011 reiser kriminalpsykolog Inger Johanne ut til Ellen og Jon Mohrs villa. Den åtte år gamle sonen Sander har omkomme i det som alt tyder på er ei ulukke. Ulukka skjedde i ei gardintrapp, og alt ser ut til å vere slik det skal. Ei lita stund. Den unge politimannen Henrik Holme mistenker at det er noko meir enn bare ei ulukke og set i gang ei etterforsking av hendinga. Han er lei av trafikkbøter og sinte traffikantar og vil helst jobbe med 22. juli-saka, men han ser ein sjanse til å overbevise om at han er verdig politiuniformen når han får saka til Sander på bordet. Han avhøyrer innblanda personar, lagar mapper med opplysningar om alle og alt og undersøker den minste detalj. Likevel er det ikkje let å gjere alt riktig.

Inger Johanne Vik har eigentleg ferie og har mykje å tenkje på både privat og i forhold til Sander. Tragedien rundt 22. juli kjem òg oppi det heile. Ho har bestemt seg for å nyte ferien og at barna er i Frankrike, men ho greier ikkje å halde seg borte. Ellen og Inger Johanne har tidligare gått i klasse saman på vidaregåande, og Inger Johanne har sett Sander i selskap hjå Ellen og Jon. Sander sleit med at han var rastlaus og han hadde AD/HD. Jon Mohr er hovudmistenkt, og nesten alle er sikre på at han var skuld i at Sander er død. På denne måten er boka spennande, men eg har ei aning om at slik som eg, er det mange som kanskje ser heilt frå byrjinga av kva som har skjedd, og personleg syntes eg løysinga på saka var lite overraskande, men det får ein vurdere sjølve.

Boka var fri for gramatikk feil og andre språklege feil, noko som eg ser på som veldig positivt, men dei fleste bøker som ikkje er omsetje plar vere betre på slik etter mi meining. Anne Holt skriv fengande, og sjølv om bøkene er langt frå å vere like valdelege og spennande som Nesbøs bøker, er det god krim og kanskje ikkje typisk norsk krim, noko som er eit pluss. Eg trur dei fleste vil blir ganske overraska over kva som skjer heilt til slutt siste sida, og eg berre seier det, ikkje smugkikk, for då kan heile opplevinga bli øydelagd. Stikk og kjøp denne boka. God på veldig mange måtar, men dessverre nokså lett å sjå kva som har skjedd.

3 kommentarer:

  1. Jeg har tenkt å lese denne, men jeg sliter litt med bøker som har barn som offer. Det gjør alt så mye sårere.

    SvarSlett
  2. Ser at vi har ganske like meninger om denne boken!! Lettlest og velskrevet med et dessverre meget aktuelt tema. Men slutten, nei den likte jeg ikke! ;)

    SvarSlett
  3. Jeg likte denne boka godt, og den har et viktig tema. Boka er ikke sånn typisk krim-spennende, men måtte allikevel lese videre for å se hva som hadde skjedd. Likte ikke helt slutten, den synes jeg var litt dum og uventa.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten