søndag 10. februar 2013

bok: flink pike av Gillian Flynn

Kan ein enkel, amerikansk journalist frå USA skrive ein fengande og heilt forferdelig uforutsigbar roman som kan få ein kvar lesar til å grøsse? Ja. 

Nick og Amy var eit nesten heilt vanleg ektepar, og frå utsida kan det sjå ut som om det meste er på stell. Etter å ha vore gift i eitt par år mister begge jobbane i New York og må flytte til Cathage i Missouri, Nicks heimstad. Sjette juli 2012 er Nicks og Amys femte bryllupsdag, men når Nick kjem heim frå jobben i baren er ikkje Amy i huset. Alt ser ut til at nokon har bortført kona hans, og av gammal vane mistenker nesten alle ektemannen.

Boka er skriven frå ein autoral synsvinkel, men likevel i første person. Både Amy og Nick får fortelje, og annankvart kapittel er frå Nicks synsvinkel og annankvart frå Amys. Dette gjer at perspektivet på alt blir betre og det er lettare å følgje fleire side av historia. Dette er eit genialt trekk frå forfattaren si side, for det gjer at denne boka, som mange vil seie er ein krim, skil seg ut frå andre bøker i sin sjanger. Det er få bøker kor lesaren får eit så godt innblikk i alt som skjer, men likevel er kjempespent på neste trekk.Sanninga lar vente på seg, men ulikt andre krimbøker er det ikkje berre gjerningsmannen som er fokuset, men òg motivet, noko som gir alt eit meir psykologisk preg.

Suksessfylte forfattarar har mange gonger ein tendens til å kopiere den største suksessboka og gjerne debutromanen. Victoria Hislop og Kate Morton er gode eksempel på dette. Du kan nesten alltid vite på førehand korleis bøkene er bygga opp. Ofte er det ei autoral framstilling i Hislops bøker. Det byrjar med ei historie frå nåtida der nokre fortel ei historie frå fortida om ei historisk hending, og hovudpersonen får alltid eit nytt perspektiv på livet. Kate Mortons bøker går mange gonger likedan, men likevel med meir frå nåtida. Her kjem alltid historia frå fortida fram gjennom vitne, brev og rykte. Noko av det som kanskje har gitt Flynn mest suksess er det at ho gjer det motsette. Kvar bok er som ny. Handlinga er uforutsigbar og ingen av bøkene er ein kopi av den forrige. Likevel kjenner ein igjen dei geniale særtrekka med gjennkjennelege personar og svart humor. Det er veldig lite som er sett på spissen i desse bøkene, og hovudpersonane er ikkje heltar eller skurkar. Alle er vanlege personar i miljø som ein kan kjenne seg igjen i på mange måtar, men som likevel er langt frå normalen. Om personane er normale kan ein òg diskutere. Ingen personar er like, og karakterane i Flynns bøker er like ulike som personar i den verkelege verda. Me kan kjenne dei igjen, sjølv om dei kanskje ikkje gjer det me vil sjå på som normalt. Me kjenner igjen typane, men det er overraskande trekk med alle, og psykologien og karakterane er noko av det mest intense og spennande i Flynns forfattarskap.

Men, kan den svarte humoren bli for svart? Kan det bli for grovt? Er dette på grensa? Eg elsker bøkene på grunn av alt det overraskande og intense. Dei er uvanlege, men ein kjærkomen forandring i ei rekke av bøker som har mange av dei same trekka. Flynn burde få sin eigen sjanger kalla opp etter seg. Krim er ikkje eit ord som er dekkande nok, for det er så mykje krim som er dårleg og rett og slett så forutsigbar at det blir kjedeleg. Humoren er ikkje for svart. Den passar bra, men det er likevel veldig avgrensa og aldri overdrive. Karakterane blir ikkje for utruverdige. Det meste er perfekt. Eg skal innrømme at då eg opna boka vart eg veldig overraska aller først, fordi det verka litt utypisk Flynn, men dette er Flynn i stor dose. Historiene bit seg fast, du blir ikkje kvitt dei. Dei er ikkje berre behagelege. Kven som helst kan byrje å grøsse når dei les og ser kor dette går hen. Av og til kan det verke som om heile slutten skal bli eit antiklimaks og femti sider utan store hendingar. Nei, det er spenning og intensitet fram til siste slutt du finn i desse bøkene.

Flink pike er så ulikt alt anna ho kan få blitt. Eg las ein stad at dei fleste forfattarane som er populære i Noreg er meir kjente her enn i heimlandet og at få er nasjonale bestselgjarar. Her er Flynn eit unntak. Ho er ikkje bare eit norsk fenomen som haustar skryt i Noreg. Ho er eit amerikansk òg, og flink pike skal ha vore årets krimsensasjon i USA. Gillian Flynn, ho kan ingen slå!

Boka er eit leseeksemplar frå Font forlag

1 kommentar:

  1. Å som jeg gleder meg til denne boka.:) Likte de to forrige veldig godt.:)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten