tirsdag 14. mai 2013

bok: den mørke porten av Lars Mæhle

Mai plar å vere ein månad kor eg les masse krim. Eg liker krim veldig godt, men blir av og til litt lei den vanlege krimen. Den mørke porten er ein av dei bøkene som er litt utanom det vanlege. For det første er boka skriven på mitt hovudmål, nynorsk, og det skapar god flyt i språket. For det andre er det ein psykolog som er hovudperson, og det er heller ikkje veldig vanleg. Ina Grieg har blitt spurt om å bistå i ei etterforsking av eit drap som liknar drapet på den tidlegare elskaren hennar, Karsten Scheel. Ho er, som psykolog, ein menneskekjennar, og politiet meiner dei vil få god bruk for det i saka.

Boka byrjar med eit kapittel kor me følgjer drapsofferet opp til staden kor han blir drepen. Mæhle har teke i bruk ei forteljarform kor lesaren veit litt meir enn hovudpersonen, men mykje mindre enn forfattaren.Me kan ha ei aning, men me veit aldri så mykje at det er heilt opplagt alt saman, sjølv om dei som les mykje krim sansynlegvis vil gjennomskode plottet og forstå mykje av det som har foregått. Eg er ein av dei, men eg syntes det var herleg forutsigbart, ikkje keisamt forutsigbart. Det var mange overraskande kapittel og vendingar i boka, så sjølv om nokre vil sjå på det som keisamt forutsigbart, trur eg boka kan falle i smak likevel.

God flyt i språket nemnte eg over her. Sjølvsagt, det er jo nynorsk. Nei då, det er ikkje berre derfor. Flyten i språket er ikkje berre avhengig av målform, men òg skrivestil. Nokre forfattarar bruker korte setningar, nokos om gjer at du ofte stoppar meir opp og det ikkje flyt like lett, sjølv om mange meistrar denne forteljingsforma. Andre bruker lengre setningar og meir komma og mindre linjedeling. Det gjer med ein gong litt meir flyt i språket. Det er få delsetningar som står aleine i Mæhles bok, altså slike som i norsk grammatikk ikkje vil vere komplette setningar, men berre små delar av ei setning. Eg sakna ikkje desse setningane, for eg har eit inntrykk av at alike setningar førekjem oftare i nynorskbøker. Til dømes har Kolden & Kroken i døden kjem med bussen nytta seg av slike setningar, utan at det svekkar boka av den grunn.

Ein annan grunn til å like boka er hovudpersonen. Ina er ein hovudperson som med ein gong kan minne om Malin Fors i Kallentofts krimbøker. Sjølv om Ina ikkje er politi, leitar ho på mange måtar etter det stabile og greier ikkje å slå seg til ro. Ho har to born, men strevar med at ho føler ho ikkje elskar dei slik som ho burde. Ho har òg ein sambuar som er i overmåte snill, noko som både irriterar henne, men gjer henne taksam. Sjølv er ho rotlaus (etter mi meining). Eg får, som lesar, kjensla av at ho leitar litt etter seg sjølve, og ho er ikkje sett på spissen. Ho røyker, bannar, fortel om fleire tidlegare korte forhold og er ein person me kanskje ikkje ville følt sympati med hadde det ikkje vore for at ho var hovudpersonen i boka og me visste grunnen til alt ho gjorde. Ho er òg tøff, noko hobbyen, kickboksing, viser.

Lars Mæhle følger på mange måtar dei tipsa Scarlett Thomas skriv om i si bok monkeys with typewriters. Karakterane i ei bok skal truverdige, og veldig viktig, dei skal ha eit motiv. Ho skriv i boka si at alle, til og med skurken skal ha eit motiv lesaren kan forstå. Til dømes ein skurk som slit veldig, kan ha som mål å bli rik. Motivet til skurken skal vere dette, og lesaren kan på ein måte forstår at ein skurk, som kanskje har ei kone og fem born, og er fattig har lyst til å betre livet sitt. Det ein ikkje forstår er metodane. Dette verkemiddelet har Lars Mæhle brukt i boka. Ein kan så godt forstå motivet, og det reiser ikkje spørsmål om kvifor skurken ville gjere noko, men kvifor den gjorde det på den måten. Eg vil ikkje seie noko meir, men det er sterke tema knytt til motiv i boka.

Alt i alt ein veldig bra krim. For mange kan det vere lett å forstå kven det er, eller kanskje boka rett og slett blir for lite actionfylt for Nesbøs fans, men eg syntes at alt var heilt perfekt. Hadde kanskje sakna ein litt meir actionfylt slutt, for høgdepunktet kom ikkje heilt til slutt, men heller nokre par ti sider før det, men det er ein liten detalj. Avslutninga er til å leve med for meg, men kanskje ikkje forandre som liker krim veldig godt

6 kommentarer:

  1. God omtal! Synes dette virker som en spennende bok verdt å lese.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :) Ja, det er ei veldig spennande bok!

      Slett
  2. Eg har lese novellesamlinga Korea av same forfattar og eg likte ho veldig godt. Nå er eg vanlegvis ikkje så veldig glad i krim, men sidan du ikkje anbefaler boka for folk som vanlegvis liker krim og sidan eg allereie liker forfattaren, vurderer eg å lese denne likvel. I alle fall sidan ho er på nynorsk. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur dette er ei bok for fleire enn berre dei som liker krim, men ho har sjølvsagt mange krimtrekk ved seg, men eg vil tru at dei grepa Mæhle har teke, som gjer krimen litt uvanleg, er grep som kan lokke til seg dei som ikkje liker krim òg :)

      Slett
  3. Jeg er straks ferdig med en annen bok av forfatteren, og det har gitt meg lyst på mer Mæhle. Det går ikke så mye i krim hos meg, men det hender jeg har mine krimperioder. Da skal jeg forsøke å få med meg Den mørke porten. Fin omtale du har skrevet av boken, Mai Lene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg òg har lyst til å lese meir av forfattaren, og eg vurderer å lese ungdomsboka hans "f*** off, I love you" for den har fått mykje skryt. Eg òg har nokre periodar der eg les krim nesten konstant, men plutseleg les eg ei bok av ein forfattar som ikkje har meistra det, og så vil eg lese noko anna. Og tusen takk for skryt :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...